Meld. St. 3 (2013–2014)

Statsrekneskapen 2013

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.

Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Statens eigedelar auka med 1 251,0 mrd. kroner i 2013, frå 5 151,9 mrd. kroner til 6 402,9 mrd. kroner. Mykje av endringa kjem av auka verdi i Statens pensjonsfond utland (kontogruppe 61). Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto nedgang på 3,1 mrd. kroner i 2013, frå 720,4 mrd. kroner til 717,3 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 1 254,0 mrd. kroner frå 4 431,5 mrd. kroner til 5 685,5 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtala i notane nedanfor.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.12

31.12.13

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

130 783

89 464

-41 318

61. Spesielle fond og forsikringar

2

4 076 106

5 308 109

1 232 004

62. Verdipapir

3

276 828

225 949

-50 879

63. Utlån og uteståande krav

4

386 878

444 920

58 042

64. Ordinære fond

5

54 790

77 309

22 518

65. Forskot

6

377

-248

-625

66. Kapital i statsbankane

7

659

659

0

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

196 797

212 698

15 901

69. Eigenbehaldning statspapir

9

45 323

59 995

14 672

70.–72. Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar

10

-2 309

-4 124

-1 815

77. Overkurs/underkurs statspapir

11

-7 270

-8 137

-868

78. Kurs- og tryggingselement knytte til obligasjonar med førerett

12

-7 042

-3 716

3 326

Sum eigedelar

5 151 920

6 402 877

1 250 957

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

13

617 245

604 045

-13 200

81. Kontolån frå ordinære fond

14

63 918

85 694

21 776

82. Verksemder med særskilde fullmakter

15

13 000

14 377

1 377

84. Deposita og avsetjingar

16

12 771

-1 015

-13 786

87. Overførte unytta løyvingar

17

13 481

14 247

766

Sum gjeld

720 416

717 349

-3 067

99. Avslutningskonto (eigenkapital)

18

4 431 504

5 685 528

1 254 024

Sum gjeld og eigenkapital

5 151 920

6 402 877

1 250 957

1) Det kan vera avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vera i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten var 41,3 mrd. kroner lågare ved utgangen av 2013 enn ved utgangen av 2012. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 1 232,0 mrd. kroner. Dette kjem for det meste av ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond utland (SPU) på 1 207,9 mrd. kroner. Statens pensjonsfond Noreg (SPN) hadde ein auke på 22,6 mrd. kroner. Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Pensjonsfondet er nærare omtala i kapittel 3. Bokført verdi for Norfund auka med om lag 1,5 mrd. kroner i 2013.

Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder, minka med netto 50,9 mrd. kroner. Dette kjem for det meste av ein nedgang på 52,3 mrd. kroner i obligasjonar med førerett (OMF). Statens kjøp av aksjar i Cermaq ASA førte til ein auke på 1 562 mill. kroner. Tilbakekjøp av aksjar for Telenor ASA førte til ein nedgang på 234 mill. kroner. Nedsetjing av aksjekapital i Mesta AS førte til ein nedgang på 65 mill. kroner. Avvikling av Raufoss ASA førte til ein nedgang på 75 mill. kroner. Tilførsle av ny eigenkapital i Baneservice AS førte til ein auke på 30 mill. kroner. Tilførsle av eigenkapital i Siva SF førte til ein auke på 250 mill. kroner. Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversikt over statens aksjeinteresser.

Note 4. Netto utlån og uteståande krav auka med 58,0 mrd. kroner. Av dette er 11,7 mrd. kroner netto auka utlån frå Statens Lånekasse for utdanning og 7,2 mrd. kroner frå Husbanken. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse auka med 25,4 mrd. kroner. Innovasjon Noregs ordinære lån og distriktsretta låneordning auka netto med 0,7 mrd. kroner. Investeringslåna til helseføretaka auka med 1,2 mrd. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka vart redusert med 1,05 mrd. kroner. Utlån frå Eksportkreditt AS auka netto med 14,5 mrd. kroner. Utlåna til Teknologisenter for CO2-handtering på Mongstad (TCM DA) hadde ein netto nedgang på 0,9 mrd. kroner.

Note 5. Ordinære fond auka med 22,5 mrd. kroner. Infrastrukturfondet under Samferdselsdepartementet vart etablert med 10,0 mrd. kroner. Lånekassas konverteringsfond auka med 3,5 mrd. kroner. Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering (Grunnfondet) auka med 10,2 mrd. kroner i 2013. Innskotskapitalen i Investinor AS auka med 0,5 mrd. kroner. Ludvig Holbergs minnefond under Kunnskapsdepartementet vart avvikla i 2013 og minka med 0,2 mrd. kroner. Norsk kulturminnefond under Miljøverndepartementet minka med 1,5 mrd. kroner, og Finansmarknadsfondet under Finansdepartementet minka med 0,2 mrd. kroner, ettersom desse fonda vart avvikla i 2013.

Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 14. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Unnatak frå hovudregelen er Tøyenfondet og Observatoriefondet, som berre er aktiverte i 64-gruppa og ikkje i 81-gruppa. Stiftinga Unifor forvaltar dei finansielle eigedelane til desse to fonda etter avtale med Universitet i Oslo, og midlane er ikkje plasserte i Noregs Bank. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).

Note 6. Forskot minka netto med 625 mill. kroner. Forskot i Statens vegvesen og Jernbaneverket minka med høvesvis 627 mill. kroner og 5 mill. kroner, medan forskot på rammetilskot til kommunar auka med 6 mill. kroner.

Note 7. Det var inga endring i samla kapital i statsbankane i 2013.

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med 15,9 mrd. kroner. Kapitalen i SDØE auka med 13,1 mrd. kroner, medan kapitalen i Statsbygg auka med 2,9 mrd. kroner. Kapitalen i SPK Forvaltningsbedrift minka med 80 mill. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3.

Note 9. Eigenbehaldning av statspapir auka med 14,7 mrd. kroner. Statsobligasjonar auka med 14,4 mrd. kroner, medan statskassevekslar auka med 0,3 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemders mellomvære med statskassa minka med 1,8 mrd. kroner, frå -2,3 mrd. kroner i 2012 til -4,1 mrd. kroner i 2013, slik at verksemdene har 4,1 mrd. kroner til gode per 31.12.2013. Tilbakeføring av 1,05 mrd. kroner av driftskredittramma til helseføretaka er inntektsført på kapittel 3732 Regionale helseføretak, post 86 Driftskredittar, sjølv om overføringa ved ein feil ikkje vart gjort før årsskiftet 2013/2014. Beløpet inngår difor i HOD sitt mellomvære med statskassa og reduserer deira tilgodehavande per. 31.12.2013. NAV sitt tilgodehavande i statskassa har auka med om lag 0,6 mrd. kroner som følgje av ei omlegging i rekneskapsføringa knytt til revurderte stønader, sjå note til tabell 3.9 i vedlegg 3.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gjeve Finansdepartementet fullmakt til å postera differansar og uoppklåra saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter. Det vart i 2013 postert netto 14,3 mill. kroner til debet konto for forskyving i balansen og til kredit kontogruppe 70/71. Dette gjeld desse verksemdene (tal i kroner):

Skatterekneskapen (FIN)1)

-12 011 659,00

Domstoladministrasjonen (JD)1)

-1 797 481,65

Toll- og avgiftsdirektoratet (FIN)

-520 350,00

Samla

-14 329 490,65

1) Prop. 149 S (2012–2013), Innst. 470 S (2012–2013).

Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2013 bokført med -8,1 mrd. kroner. Dette er ei endring på knapt 0,9 mrd. kroner frå -7,3 mrd. kroner året før.

Note 12. Kurs- og tryggingselement (konto 780001) er knytte til ordninga med obligasjonar med førerett (OMF), og er per 31.12.2013 bokførte med -3,7 mrd. kroner i statens kapitalrekneskap. Dette er ei endring på 3,3 mrd. kroner frå -7,0 mrd. året før. Sjå òg kontogruppe 62 og note 3 ovanfor.

Note 13. Statsgjelda minka med 13,2 mrd. kroner. Statskassevekslar (medrekna vekslar i samband med OMF-ordninga) gjekk ned med 35,5 mrd. kroner. Kortsiktige kontolån auka med 7,8 mrd. kroner, medan faste lån opptekne innanlands auka med 14,5 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2013 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 14. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponera fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond, jf. note 5. Kontogruppe 81 auka med 21,8 mrd. kroner. Infrastrukturfondet under Samferdselsdepartementet vart skipa med 10,0 mrd. kroner. Avsetjinga i utviklingsfond under Utanriksdepartementet minka med nær 3,8 mrd. kroner. Desse fonda inngår ikkje i kontogruppe 64. Lånekassas konverteringsfond auka med 3,5 mrd. kroner. Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering (Grunnfondet) auka med 10,2 mrd. kroner i 2013. Innskotskapitalen i Investinor AS auka med 0,5 mrd. kroner. Ludvig Holbergs minnefond under Kunnskapsdepartementet vart avvikla i 2013 og minka med 0,2 mrd. Norsk kulturminnefond under Miljøverndepartementet minka med 1,5 mrd. kroner, og Finansmarkedsfondet under Finansdepartementet minka med 0,2 mrd. kroner ettersom desse fonda vart avvikla i 2013. Sjå detaljar i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Note 15. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføra utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med knapt 1,4 mrd. kroner. Midlane utgjer 14,4 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3.

Note 16. Deposita og avsetjingar minka med 13,8 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland minka med 13,4 mrd. kroner. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) minka med 223 mill. kroner, medan samla avsetjing i Statens vegvesen og Jernbaneverket minka med 179 mill. kroner. Avsetjingar under Olje- og energidepartementet for Enova SF og Gassnova auka med 2,3 mill. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) auka med 0,9 mill. kroner. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 17. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2013 til 2014 utgjer til saman 14,2 mrd. kroner, som er 766 mill. kroner meir enn overført løyving frå 2012 til 2013.

Note 18. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2013 auka med 1 254,0 mrd. kroner, frå 4 431,5 mrd. kroner til 5 685,5 mrd. kroner. Brutto endring i statens eigedelar og gjeld går fram av tabell 4.1 og note 1–17 ovanfor. Netto endring i konto for forskyving i balansen, som syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, går fram av tabellen nedanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

Endring i eigenkapitalen over konto for forskyving i balansen (mill. kroner):

Brutto finansieringsbehov, jf. kap. 5999

-136 089

Netto lånetransaksjonar (post 90–99)

136 975

99. Overskot før lånetransaksjonar

885

87. Auka avsetjing av overførte midlar

-766

61. Auka verdi Statens pensjonsfond

1 230 529

Andre endringar:

23 376

61. Auka verdi Norfund

564

62. Nettovinst vedipapir

2 758

63. Netto endring investeringslån til helseføretaka (post 0732,82–83 / 3732,85)

1 894

63. Lån administrerte av Norfund

-6

63. Lån statleg eksportfinansieringordning

-16

63. Netto avdrag lån TCM (post 1833,72 / 4833,86)

-903

63. Tilbakeført driftskredittramme, helseføretaka (post 3732,86)

-1 050

64. Inneståande fond, ikkje ført 90-post

3 825

65. Endring i avsetjing av forskot under Statens vegvesen

-627

68. Auke i fast kapital i forvaltningsverksemdene

15 901

70.–72. Korrigering av mellomvære etter fullmakt

-14

80. Statsgjelda, mellomrekning som følgje av feil tidspunkt for tilbakeføring av driftskredittramme, sjå note 10

1 050

Sum

1 254 024

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2013 renteinntekter på 15,0 mrd. kroner og renteutgifter på 12,3 mrd. kroner. Netto renteinntekter vart dermed 2,8 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2012 til 2013 gjekk renteutgiftene ned med 0,6 mrd. kroner, medan renteinntektene gjekk ned med 1,7 mrd. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2011

2012

2013

1. Renteinntekter i alt

19 127

16 782

15 041

Renter frå statsbankane og statsføretaka

8 079

7 795

8 370

Renter av kapital i statens forretningsverksemd

63

74

85

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette:

10 984

8 913

6 585

renter av innskot og andre krav

9 207

6 992

4 281

renter av lån til helseføretaka

498

464

430

renter av lån til aksjeselskap

262

267

282

renter frå folketrygda

1

1

2

renter av overgangsordningar for CIRR-kvalifiserte lån2)

-16

0

0

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

1 031

1 189

1 589

2. Renteutgifter i alt1)

17 220

12 848

12 256

Av innanlandsk statsgjeld

17 207

12 819

12 186

Av utanlandsk statsgjeld

0

0

0

Av investeringslån, helseføretak f.o.m. 2008

13

29

71

Netto renteinntekter/renteutgifter (-)

1 906

3 934

2 784

1) Renteutgifter for statsgjelda omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81.

2) Renter frå overgangsordningar skipa i 2011 under NHD, jf. Innst. 138 S (2011-2012). Frå 2012 er renter frå eksportfinansieringsordninga lagde inn i renter frå statsbankane.

Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er på 8,4 mrd. kroner. Av dette er 3,5 mrd. kroner frå Husbanken, 3,6 mrd. kroner frå Lånekassa, 987 mill. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 270 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 21 mill. kroner frå SIVA.

Renteinntekter av innskot og andre krav på 4,3 mrd. kroner er førte på kapittel 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er 2,4 mrd. kroner renteinntekter av byteavtalar, 1,6 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir og 0,1 mill. kroner renteinntekter av foliokontoen i Noregs Bank.

Opptrekksrenter for investeringslån til helseføretaka frå og med 2008 på kapittel 0732 Regionale helseføretak vart 70,5 mill. kroner. Renteutgiftene på 12,2 mrd. kroner under kapittel 1650 Statsgjelda er mellom anna 1,8 mrd. kroner i renteutgifter på byteordninga, 14,5 mrd. kroner i renteutgifter på obligasjons- og vekselgjeld, 1,6 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og 182,9 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassera overskotslikviditet som kontolån til staten. Dessutan er det netto inntektsført 3,1 mrd. kroner på rentebyteavtaler og 2,9 mrd. kroner i overkurs/underkurs.

Stortinget gav 24. oktober 2008 Finansdepartementet fullmakt til utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med førerett innanfor ei samla ramme på 350 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 5 (2008–2009) og Innst. S. nr. 12 (2008–2009) Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett. Det er i 2013 bokført 2,4 mrd. kroner i vederlag under ordninga (jf. kapittel 5605, post 85) og 1,8 mrd. kroner i utgifter (bokført som del av kapittel 1650, post 89). I kapitalrekneskapen per 31.12.2013 er mottekne obligasjonar med førerett bokførte på eigedelssida med til saman 81,0 mrd. kroner i kontogruppe 6250. Statskassevekslar knytte til ordninga er bokførte på gjeldssida med 77,9 mrd. kroner i kontogruppe 8055. Kurs- og tryggingselement er bokført som gjeld med 3,7 mrd. kroner i kontogruppe 78.

Per 31.12.2013 var statsgjelda 604,0 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden og staten som netto kravshavar står i Prop. 1 S Tillegg 3 (2012–2013) Endring av Prop. 1 S (2012–2013) om statsbudsjettet 2013 (Fullmakt til å ta opp statslån o.a., og saldering av statsbudsjettet 2013).

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føra til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine overfor långjevarar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2012 og 2013. Per 31.12.2013 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 156,0 mrd. kroner. Dette er 11,0 mrd. kroner meir enn i 2012. Under Nærings- og handelsdepartementet auka ansvaret i 2013 med 6,7 mrd. kroner, og det meste gjeld den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» under GIEK. Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet auka med 2,4 mrd. kroner. Garanti for grunnkapitalen i Den nordiske investeringsbanken under Finansdepartementet auka med 1,9 mrd. kroner. Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2013 var på 58,5 mill. kroner. Under den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» er det utbetalt 57,7 mill. kroner på grunn av tap.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane.

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12. (tal i mill. kroner)

Garantiansvar per 31.12.2012

Utbetalt ved tap i 2013

Garantiansvar per 31.12.2013

Utanriksdepartementet

17 686,4

20 091,6

Arbeidsdepartementet

233,9

237,6

Helse- og omsorgsdepartementet

4,6

3,7

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

3,3

2,8

Nærings- og handelsdepartementet

106 316,0

57,7

113 025,8

Fiskeri- og kystdepartementet

240,1

0,9

219,1

Samferdselsdepartementet1)

6 922,8

6 910,0

Finansdepartementet

13 559,9

15 483,7

Sum

144 967,0

58,5

155 974,3

1) Garantiansvaret per 31.12.2012 vart rapportert 870 mill. kroner for lågt. Sjå tabell 4.1 Garantiansvar i vedlegg 4.

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalda eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Eit unnatak er Statens pensjonsfond og Norfund, som nyttar marknadsverdi.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemders mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.9. Brutto finansieringsbehov går fram av kapittel 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga. Netto endring i konto for forskyving i balansen syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, jf. note 18 i kapittel 4.1.

Til forsida