Meld. St. 3 (2013–2014)

Statsrekneskapen 2013

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelda 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 5 200,2 mrd. kroner ved utgangen av 2013, ein auke på 1 230,5 mrd. kroner frå utgangen av 2012. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

2012

2013

Endring

SPU

3 824 516

5 032 397

1 207 881

SPN

145 122

167 770

22 648

Statens pensjonsfond

3 969 638

5 200 167

1 230 529

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2013 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Statoil ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarar til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskotet over tid svara til venta realavkastning av SPU, berekna til 4 prosent.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føra tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.

Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane til fondet spesifiserte.

Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein netto auke i verdiane i SPU på 1 207,9 mrd. kroner i 2013. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 345,2 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2013 vart det overført 117,3 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2013 ikkje finanstransaksjonar, jf. lov om Statens pensjonsfond § 3. Avkastninga av plasseringane til fondet var 980,1 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 125,3 mrd. kroner2 frå renter, utbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 99,1 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 464,2 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 291,4 mrd. kroner som følgje av svekt kronekurs i 2013. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 691,5 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Statoil ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2013 er netto avsetjing 227,8 mrd. kroner.3 Kontantoverføringane frå statskassa til fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Kontantoverføringar til SPU (tal i mill. kroner)

Månad

Overføring

Januar

20 800

Februar

20 800

Mars

20 800

April

19 700

Mai

19 500

Juni

19 200

Juli

19 200

August

19 100

September

20 200

Oktober

19 700

November

19 700

Desember

22 500

Sum kontantoverføringar til SPU 2013*)

241 200

– For lite overført til SPU i 2012

10 940

– Netto avsetjing til SPU i 2013

227 812

= For mykje overført til SPU i 2013

2 448

*) For 2013 vart det til saman overført 241,2 mrd. kroner til fondet. I 2012 vart det overført 10 940 mill. kroner for lite frå statskassa til fondet, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2012. Dei kontante overføringane i 2013 vart 2 448 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2012 skulle tilseie. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane til fondet året etter.

I Meld. St. 1 (2012–2013) varsla departementet endring av reglane for omvekting av SPU. Som ein del av endringane avvikla ein ordninga med delvis rebalansering. I tråd med dette endra Finansdepartementet i oktober 2012 mandatet for Noregs Banks forvaltning av SPU. Etter endringa påverkar kontantoverføringane ikkje lenger den prosentvise aksjedelen i den faktiske referanseindeks. Det vil mellom anna seia at den endeleg storleiken på kontantoverføringane til fondet vert fastsett av Finansdepartementet.4

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2013 er bokført til 5 032,4 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarar til marknadsverdien av fondet på 5 034,8 mrd. kroner og mellomrekninga på 2,4 mrd. kroner i favør av statskassa. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i eigedom. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet er nærare omtala i Meld. St. 19 (2013–2014) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2013.

Den 28. februar 2014 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarar til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2013. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.5 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 5 034,8 mrd. kroner ved utgangen av 2013. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 15,9 prosent for heile 2013 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 26,3 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 0,1 prosent og eigedomsinvesteringane 11,8 prosent.

Verdien av den norske krona svekte seg i 2013 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 291,4 mrd. kroner høgare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdera utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2013 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,07 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på om lag 0,7 mrd. kroner i 2013, mot 0,3 mrd. i 2012. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank 2 889 mill. kroner i 2013. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 5 i Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2013, og kostnadsutviklinga er nærare omtala i Meld. St. 19 (2013–2014).

Årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg til Meld. St. 19 (2013–2014).

Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1 (tal i mill. kroner)

Tekst

Notar

2012

2013

Statens pensjonsfond utland

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

395 483

345 151

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

0

0

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

-104 550

-117 340

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

290 933

227 812

Avkastning av plasseringane til fondet

4

225 669

980 069

Samla endring SPU

516 602

1 207 881

1 Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2012

2013

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

85 803

76 118

72

Særskatt på oljeinntekter

142 868

125 386

74

Arealavgift m.m.

1 781

1 700

Sum kap. 5507

230 452

203 204

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

2 251

3 293

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

4

-61

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

148 446

131 604

30

Avskrivingar

19 501

20 262

80

Renter av statens kapital

6 575

6 041

85

Renter på mellomvære

-22

-27

Sum kap. 5440

174 499

157 880

5685

85

Utbyte Statoil ASA

13 887

14 421

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

421 093

378 737

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

25 610

33 585

2442

Disponering av innrettingar på kontinentalsokkelen

21

Særskilde driftsutgifter

0

1

Sum utgifter til petroleumsverksemda

25 610

33 585

Sum netto kontantstraum

395 483

345 151

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

395 483

345 151

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

Det har ikkje vore finanstransaksjonar som påverkar resultatoppsettet for SPU i 2012 og 2013.

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2012

2013

5800

50

Overføring frå fondet

104 550

117 340

Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):

2012

2013

Renteinntekter av innskot i bankar

102

61

Renteinntekter av utlån knytte til attsalsavtalar

219

150

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar og andelar

349 779

681 788

– obligasjonar og andre renteberande verdipapir

98 337

5 897

– finansielle derivat

-269

1 590

– finansielle eigedelar eigedom

514

915

– investeringseigedommar

67

707

Resultat frå felleskontrollerte verksemder eigedom

-250

1 846

Rentekostnad på innlån knytte til attkjøpsavtalar

-130

-34

Andre renteinntekter og -kostnader

1

2

Skattekostnad1)

-864

-1 291

Andre kostnader

-80

-100

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta3)

447 426

691 530

Vinst/tap valuta

-219 559

287 771

Porteføljeresultat

227 867

979 301

Forvaltningskostnad

-2 193

-2 889

Periodens resultat

225 674

976 412

Valutakurseffekt ved omrekning av utanlandsk verksemd

-5

3 657

Totalresultat2)

225 669

980 069

1) Sjå note 4 Skattekostnad i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

2) Totalresultatet kjem fram etter omrekning av utanlandske verksemder til norske kroner på rapporteringstidspunktet. Omrekninga følgjer krava i IFRS / IAS 1 Presentasjon av finansrekneskap. Sjå note 1 i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

3) I note 3 til Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar i 2013 spesifisert slik (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Inntekt/kostnad

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Sum

Renteinntekter av innskot i bankar

61

61

Renteinntekter av utlån knytte til attsalsavtalar

150

150

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar og andelar

73 329

2 564

87 490

518 405

681 788

– obligasjonar og andre renteberande verdipapir

52 279

51

9 537

-55 969

5 897

– finansielle derivat

-232

2 070

-248

1 590

– finansielle eigedelar eigedom

99

816

915

– investeringseigedommar

502

205

707

– tilknytte selskap og felleskontrollerte verksemder

837

1 008

1 846

Rentekostnad innlån knytte til attkjøpsavtalar

-34

-34

Andre renteinntekter og rentekostnader

2

2

Skattekostnad

-1 291

-1 291

Andre kostnader

-100

-100

Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar

52 225

74 166

1 825

99 097

464 218

691 530

Summen av renteinntekter (52,2 mrd. kroner), aksjeutbyte (74,2 mrd. kroner) og andre nettoinntekter (1,8 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (2,9 mrd. kroner), utgjer 125,3 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12 (tal i mill. kroner)

Eigedelar

2012

2013

Mellomrekning med statskassa1)

10 940

0

Konto i Noregs Bank2)

3 813 576

5 034 846

Sum eigedelar

3 824 516

5 034 846

Gjeld og eigenkapital

Mellomrekning med statskassa1)

0

2 448

Eigenkapital

3 824 516

5 032 397

Sum gjeld og eigenkapital

3 824 516

5 034 846

1) Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til SPU i 2013 vart 2 448 mill. kroner lågare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet. Denne differansen utgjer per 31.12.2013 ein skyldnad for fondet mot statskassa, og vert innløyst med ein reduksjon i overføringa til fondet i 2014. Tilsvarande tal per 31.12.2012 var eit krav på 10 940 mill. kroner i fondets favør som vart innløyst med ein auke i overføringa i 2013.

2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12. (tal i mill. kroner):

Eigedelar

2012

2013

Finansielle eigedelar

Innskot i bankar

5 864

5 294

Utlån knytte til attsalsavtalar

61 440

89 189

Uoppgjorde handlar

1 677

1 125

Aksjar og andelar

2 212 951

2 972 317

Utlånte aksjar

115 041

161 150

Obligasjonar og andre renteberande verdipapir *)

1 428 687

1 804 457

Utlånte obligasjonar *)

23 820

75 806

Finansielle derivat **)

1 447

1 618

Finansielle eigedelar eigedom

4 841

7 426

Felleskontrollerte verksemder eigedom

7 431

32 261

Andre finansielle eigedelar

4 411

3 919

Sum finansielle eigedelar

3 867 610

5 154 560

Ikkje-finansielle eigedelar

Investeringseigedommar

9 777

11 267

Andre ikkje-finansielle eigedelar

5

8

Sum ikkje-finansielle eigedelar

9 782

11 275

Sum eigedelar

3 877 392

5 165 835

Gjeld og eigenkapital

Kortsiktige innlån

202

29

Innlån knytte til attkjøpsavtalar

19 013

69 147

Motteken kontantsikring

33 001

48 064

Uoppgjorde handlar

4 442

7 654

Finansielle derivat **)

2 600

2 357

Anna finansiell gjeld

2 365

849

Skuldig forvaltningskostnad

2 193

2 889

Sum finansiell gjeld

63 816

130 989

Eigenkapital SPU

3 813 576

5 034 846

Sum gjeld og eigenkapital

3 877 392

5 165 835

*) Her er det ei reklassifisering i rekneskapsrapporten til Noregs Bank, jamfør tala som vart framlagde i fjor. Fleire opplysingar står i note 1 i Norges Banks årsmelding om SPU for 2013.

**) Finansielle derivat: Endring i marknadsverdi av finansielle derivat er resultatført og er med i balansen. Slike posisjonar er spesifiserte i note til rekneskapen. Dei ulike derivata er nærare omtala i note 9 i Noregs Banks årsmelding om SPU for 2013. Delar av note 9 er òg presenterte nedanfor (tal i mill. kroner):

Finansielle derivat per 31.12.2013

Eksponering

 

Verkeleg verdi

Kjøpte

Selde

 

Eigedel

Gjeld

Nettoverdi

Valutahandlar

46 504

0

460

273

187

Børsnoterte futurekontraktar

8 964

26 214

147

1 033

-886

Rentebyteavtalar

2 226

16 430

574

699

-125

Kredittbyteavtalar

0

0

0

0

0

Aksjebyteavtalar

131

1 265

55

352

-297

Sum byteavtalar

2 357

17 695

629

1 051

-422

Opsjonar

382

0

382

0

382

Sum finansielle derivat

58 207

43 909

1 618

2 357

-739

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 5. mars 2014 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2013.

Eigenkapitalen i SPN var 167,8 mrd. kroner ved utgangen av 2013, jf. tabell 3.6 nedanfor. Balansen syner at den bokførte verdien av dei samla eigenkapitalplasseringane (aksjar m.m.) til fondet var 104,8 mrd. kroner. Bokført verdi av obligasjonar og andre renteberande papir var 64,0 mrd. kroner. Bokført verdi av finansielle derivat var 1,6 mrd. kroner og samla krav var på 0,6 mrd. kroner. SPN har òg 4,5 mrd. kroner i bankinnskot.6 Det er òg gjeld for motteken kontantsikring på 6,9 mrd. kroner. Resterande gjeldpostar i balansen er fyrst og fremst finansielle derivat og innlån knytt til attkjøpsavtalar.

I 2013 syner resultatet til SPN eit overskot på 22,7 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.7 Renteinntekter utgjorde 2,6 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 3,6 mrd. kroner. Verdipapirvinstane var på 16,9 mrd. kroner, med 17,4 mrd. kroner i vinst på eigenkapitalplasseringar, 1,1 mrd. kroner i vinst på renteplasseringar og 1,5 mrd. i tap på finansielle derivat. Netto andre inntekter var negative med 0,4 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 138,5 mill. kroner, som er drygt 0,09 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2013. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtala i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld St. 19 (2013–2014).

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2013. Avkastninga av fondet i 2013 var på 15,7 prosent. Avkastninga av plasseringane i norske renteinstrument var på 1,6 prosent, medan avkastninga av norske aksjar var på 21,6 prosent. Avkastninga av rente- og aksjeplasseringar i resten av Norden var på høvesvis 12,2 prosent og 39,7 prosent. Avkastninga av dei nordiske plasseringane er omrekna til norske kroner.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2013 revidert av revisjonsselskapet Ernst & Young, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2012

2013

Vinst og tap på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet:

– aksjar

8 203

17 405

– obligasjonar og andre renteberande papir

729

1 066

– finansielle derivat

1 072

-1 534

Renteinntekter

2 607

2 637

Aksjeutbyte

3 463

3 605

Andre porteføljeinntekter/-kostnader

-288

-357

Transaksjonskostnader

-20

-35

Porteføljeresultat

15 766

22 787

Forvaltningskostnader

-127

-139

Totalresultat SPN1)

15 639

22 648

1) Summen av renteinntekter (2 637 mill. kroner), aksjeutbyte (3 605 mill. kroner) og netto andre inntekter -357 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (139 mill. kroner), utgjer 5 746 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12 (tal i mill. kroner)

2012

2013

Eigedelar

Bankinnskot

8 759

4 518

Uoppgjorde handlar

58

13

Aksjar

81 617

96 074

Utlånte aksjar

8 821

8 705

Obligasjonar og andre renteberande papir

53 273

63 986

Finansielle derivat

2 395

1 577

Krav knytte til attkjøpsavtalar

0

574

Krav

0

36

Sum eigedelar

154 923

175 483

Gjeld og eigenkapital

Innlån knytt til attkjøpsavtalar

862

0

Motteken kontantsikring

8 218

6 871

Uoppgjorde handlar

35

41

Finansielle derivat

661

739

Skuldig forvaltningsgodtgjersle

24

38

Andre plikter og avsetjingar

1

24

Statens kapitalinnskot

Eigenkapital SPN

145 122

167 770

Sum gjeld og eigenkapital

154 923

175 483

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, på 125,3 mrd. kroner, inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

3.

Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til fondet for 2013 (227 812 mill. kroner) er netto kontantstraum (345 151,4 mill. kroner) med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (117 339,5 mill. kroner).

4.

Tidlegare overførte departementet ein overføringsportefølje av aksjar og obligasjonar der endelig storleik på dei månadlege kontantoverføringane varierte med variasjonane i marknaden i perioden etter at overføringa vart bestemt og fram til tidspunktet for overføringa.

5.

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i note 1 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.

6.

Aksje- og obligasjonsplasseringane er førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPU. I årsrapporten til Folketrygdfondet for 2013 omtalar styret verdien av høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen noko annleis enn i tabell 3.6 fordi dei òg har teke omsyn til bankinnskota for dei ulike porteføljeområda. Fleire opplysningar står i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, note 9 Porteføljeområde.

7.

Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.
Til forsida