Prop. 103 L (2013–2014)

Endringar i utlendingsloven (politiattest ved tilsetjing i mottak)

Til innhaldsliste

6 Synet til høyringsinstansane

6.1 Tilvising til politiregisterlova

Alle høyringsinstansane som har uttalt seg i høyringa, er i hovudsak positive til at ein harmoniserer regelverket ved ei tilvising til politiregisterlova.

UDI peikar på at ordet «politiattest» i forslag til ny § 97 første ledd andre punktum er uklar, og kan bli tolka som eit krav til vanleg politiattest.

6.2 Kva forhold som skal gå fram av barneomsorgsattesten

Riksadvokaten og Politiets tryggingsteneste støttar utvidinga av straffeboda som skal gå fram av barneomsorgsattesten.

6.3 Kven skal leggje fram barneomsorgsattest

Amnesty International og Redd Barna meiner det er både viktig og riktig at fleire personar må leggje fram barneomsorgsattest ved at ordlyden endrast frå «kan» til «skal» i utlendingslova § 97 første ledd andre punktum.

Riksadvokaten forstår forslaget slik at kravet til politiattest skal gjelde uavhengig av om personane skal ha kontakt med mindreårige. Dette meiner Riksadvokaten bryt med systemet for barneomsorgsattestar og ordinære politiattestar i politiregisterlova §§ 39 og 40, og løysinga krev særskild grunngjeving. Riksadvokaten meiner utlendingslova § 97 bør vise til ordinære politiattestar i § 40 som eit utgangspunkt, og til regelen om barneomsorgsattestar i § 39 i dei tilfella der vedkomande vil få direkte kontakt med mindreårige som oppheld seg i mottak.

Utlendingslova § 97 nyttar omgrepet «statlige mottak» når ho avgrensar kven som skal leggje fram politiattest. Norsk senter for menneskerettar viser til at omgrepet kan tolkast snevert, sidan mange mottak blir drivne av private og ber departementet sjå på formuleringa på ny.

Barneombodet meiner forslaget er tvitydig, sidan ein krev politiattest frå dei som utfører oppgåver «for utlendingsmyndighetene» og meiner ein må endre teksten slik at dette gjeld uavhengig av kven som står bak. Redd Barna er òg kritisk til at departementet avgrensar personane til dei som «utfører oppgaver for utlendingsmyndighetene».

UDI etterlyser ei klarare grense for kva for oppdrag og situasjonar som krev barneomsorgsattest. Til dømes kan tolkeoppdrag vere kortvarige, og det vil ofte vere vaksne til stades saman med dei mindreårige. Ved akutte situasjonar trengst det tolk på kort varsel utan tid til å innhente politiattest, noko som ikkje er mogleg med dei nye reglane. UDI peikar på at barneomsorgsattest først og fremst er viktig der den mindreårige er aleine med den som utfører oppgåva, og der kontakten varer over tid, slik at dei utviklar ein relasjon.

Barneombodet ber departementet vurdere personar som dei ikkje kan sjå er omfatta av føresegna, til dømes bebuarar som deltek i drifta av barnebasar eller andre organiserte tiltak for barn og unge i mottak og frivillige som arrangerer aktivitetar for barn og unge i mottak. Redd Barna nemner òg at personar som jamleg er på mottak og difor kjem i kontakt med barna, bør bli omfatta av kravet til politiattest. Vidare spesifiserer Redd Barna at ved tvilstilfelle om ein skal krevje politiattest, bør omsynet til å verne barn mot risikopersonar vege tyngst.

UDI tolkar forslaget slik at ein kan gå ut frå at kommunale skular og idrettslag med fleire syrgjer for å innhente og kontrollere barneomsorgsattest sjølve, slik at mottaka ikkje treng å gjere dette. Når det gjeld fritidstilbod som er opne for alle, til dømes kunstundervisning og friundervisning, forstår UDI det slik at dette ikkje er omfatta av utlendingslova § 97, sidan dette ikkje er oppgåver som er utført for utlendingsmyndigheitene, sjølv om mindreårige nyttar seg av tilboda.

Både Norsk senter for menneskerettar, Likestillings- og diskrimineringsombodet og Amnesty International meiner kravet til politiattest også bør gjelde tilsette som skal ha direkte kontakt med kvinner, sidan dei òg er ei særskilt sårbar gruppe.

Vidare ber Driftsoperatørforum departementet vurdere om tilsvarande krav som i barnevernlova § 6-10 bør gjelde for tilrettelagde avdelingar i mottak, sidan gruppa som bur der, er spesielt sårbar.

6.4 Konsekvensar av merknader i attesten

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Driftsoperatørforum, Redd Barna og til dels Advokatforeningen meiner krava til politiattesten for personar som skal arbeide med einslege, mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år som bur på statlege mottak utan omsorgspersonar, bør vere strengare. Dette av di det er meir naturleg å samanlikne situasjonen deira med barn som bur på omsorgssenter for mindreårige, der krava til politiattesten er strengare, jf. barnevernlova § 6-10.

Redd Barna og Advokatforeningen støttar forslaget om at merknad om seksuallovbrot mot mindreårige alltid gjer yrkesforbod, men Redd Barna er kritisk til at departementet ikkje foreslår eit meir omfattande yrkesforbod i tråd med barnevernlova. I tillegg vil Redd Barna at grove valdshandlingar gjev yrkesforbod etter omsynet til vern og tillit.

Både Riksadvokaten og NHO er skeptiske til at konsekvensane av at merknader i politiattesten som ikkje gjeld seksuelle lovbrot, skal bli avgjort med skjønn. NHO fryktar merknader om lovbrota i attesten vil føre til at vedkomande ikkje blir tilsett, sidan bedriftene ikkje ynskjer å ta risikoen. Derimot er Politiets tryggingsteneste, Vergeforeningen Følgesvennen og Advokatforeningen positive til ei skjønnsvurdering. Vergeforeningen Følgesvennen grunngjev dette med at det hindrar automatisk utestenging frå denne type arbeid, og Advokatforeningen framhevar at sjølv om ein regel der alle merknader automatisk stengjer ute ein person frå stillinga er ein føreseieleg og lett praktiserbar regel som styrkar barn sitt vern, må omsynet til rehabilitering vege tyngst. Politiets tryggingsteneste ber òg departementet vurdere om fråsegn frå politiet, Politiets tryggingsteneste eller eventuelt andre burde kunne bli vektlagt i ei slik vurdering. Til dømes kan det vere tale om at dei kan ha informasjon om at vedkomande er involvert i flyktningspionasje, men kor ei domfelling ligg unna i tid.