Prop. 108 S (2009-2010)

Utviding og finansiering av Bergensprogrammet

Til innhaldsliste

4 Omtale av utbygginga

Figur 4.1 viser eit kart over Bergen der dei største prosjekta er med.

Figur 4.1 Bybane og Ringvegvest

Figur 4.1 Bybane og Ringvegvest

Kjelde: Statens vegvesen

Bybanen

Prosjektet skal utgjera hovudstamma i kollektivtransportsystemet i sørkorridoren i Bergen. Bybanen blir bygd med dobbeltspor og skal gå frå Kaigaten i sentrum til Nesttun og vidare til Rådal og Bergen lufthamn Flesland. Heile strekninga er om lag 20 km lang.

Første etappe omfattar den om lag 10 km lange strekninga frå sentrum til Nesttun. Andre etappe omfattar den om lag 3,6 km lange strekningen frå Nesttun til Rådal (ved Lagunen kjøpesenter). I tillegg skal det gjennomførast tiltak på eksisterande vegnett med m.a. trafikksikringstiltak og bygging av gang- og sykkelvegar. Tredje etappe omfattar strekninga frå Rådal til Flesland.

Ved den lokale behandlinga peika kommunen på at ei meir omfattande løysing for terminalen ved Rådal vil auka kostnadene. I tillegg er prosjekteringskostnadene auka. Dette er tatt inn i prosjektet. Det er føresett at meirverdiavgift blir betalt, men med refusjon på vel 70 mill. kr, jf. kap. 2. Kostnadstala nedanfor er, som for andre etappe av Ringveg vest, inkludert meirverdiavgift.

Etter ekstern kvalitetssikring og etter utvidinga av prosjektet, legg Samferdselsdepartementet til grunn ei styringsramme for andre etappe på 1 490 mill. 2009-kr og ei kostnadsramme på 1 580 mill. 2009-kr. Omrekna til 2010-prisnivå er styringsramma 1 530 mill. kr og kostnadsramma 1 620 mill. kr.

Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for andre etappe av prosjektet er rekna til - 790 mill. kr. Netto nytte over kostnad (NN/K) er rekna til - 0,6.

Ringveg vest

Prosjektet Ringveg vest omfattar bygging av om lag 10 km ny firefelts veg mellom rv 580 Flyplassvegen ved Birkeland i sør og Vestre Innfartsåre ved Liavatnet i nord. Av dette er om lag 8 km tunnel. Det vil bli fem kryss på strekninga, og det skal gjerast tiltak på eksisterande vegnett.

Første etappe omfattar den om lag 2,5 km lange strekninga Dolvik - Sandeide, av dette om lag 2,2 km i tunnel, samt utbetring av Ytrebygdsvegen mellom Kokstadkrysset og Birkelandskrysset. Andre etappe omfattar den om lag 4,3 km lange strekninga Sandeide - Liavatnet i tunnel. Nytt toplanskryss ved Liavatnet, ramper i tunnel mot Sandeide og rundkjøring ved kollektivterminal på Sandeide inngår i andre etappe. Tredje etappe omfattar strekninga mellom Flyplassvegen og Dolvik.

Etter ekstern kvalitetssikring legg Samferdselsdepartementet til grunn ei styringsramme for andre etappe på 1 490 mill. 2009-kr og ei kostnadsramme på 1 770 mill. 2009-kr. Omrekna til 2010-prisnivå er styringsramma 1 530 mill. kr og kostnadsramma 1 810 mill. kr. Dette er i tråd med kvalitetssikraren si tilråding.

Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for andre etappe av prosjektet er rekna til - 200 mill. kr. Netto nytte over kostnad (NN/K) er rekna til - 0,1.

Tiltak innafor programområda

Tiltak innafor programområda omfattar i hovudsak mindre tiltak langs eksisterande vegar, miljøtiltak i sentrum, gang- og sykkelvegar og mindre kollektiv- og trafikksikringstiltak. I tillegg kjem midlar til planlegging av nye prosjekt/tiltak.

I perioden 2010-2025 er det lagt til grunn ei gjennomsnittleg årleg ramme på 154 mill. 2010-kr til tiltak innafor programområda, til saman 2 460 mill. 2010-kr. Med unntak av planar om utviding av Busstasjonen i Bergen som også er omtalt i kap. 7, er ikkje tiltaka nærare spesifiserte enno, men i fylkeskommunen sitt handlingsprogram for fylkesvegnettet i perioden 2010-2013 (19) er det for første fireårsperiode vist ei fordeling mellom dei ulike tiltaka. Det er lagt til grunn at 17 pst. av midlane skal gå til planlegging, 26. pst. til kollektivtrafikktiltak, 17 pst. til trafikksikringstiltak, 29 pst. til bygging av gang- og sykkelvegar og 11 pst. til tiltak i Bergen sentrum/miljøtiltak.

Det er lagt opp til at dei konkrete prioriteringane vil skje i samband med seinare revisjonar av handlingsprogrammet, årsbudsjett og årlege byggeprogram.

Skansentunnelen

Prosjektet går ut på å bygga ein tofelts tunnel frå Bergen sentrum til området nord for Bryggen. Hovudmålet med prosjektet er å avlasta sentrum for biltrafikk, først og fremst over Torget og Bryggen. Prosjektet skal også redusera konfliktane i forhold til kulturminne, kulturmiljø og mjuke trafikantar. Skansentunnelen er såleis eit miljø- og byutviklingstiltak og ikkje eit ordinært vegprosjekt. Det er utarbeidd konsekvensutgreiing og forslag til kommunedelplan. Konsekvensutgreiinga er godkjent av Statens vegvesen Vegdirektoratet, men Bergen kommune har ikkje fatta vedtak om kommunedelplan, jf. St.prp. nr. 75 (2004-2005). Statens vegvesen har tilrådd at Skansentunnelen blir bygd etter alternativet «bytunnel». I St.prp. nr. 76 (2001-2002) var førebels kostnadsoverslag 440 mill. 2005-kr for alternativet med tunnel mellom Christies gate og Bontelabo. Kostnadene er usikre, og i finansieringsplanen er det førebels lagt til grunn om lag 500 mill. kr til prosjektet i perioden 2015-2025.