Prop. 108 S (2009-2010)

Utviding og finansiering av Bergensprogrammet

Til innhaldsliste

5 Endringar i bompengeordninga

Dagens bompengetakstar er 15 kr for lette kjøretøy og 30 kr for tunge kjøretøy, og dei har ikkje vore prisregulerte sidan dei blei innførte i 2004. I april 2006 blei maksimal rabatt redusert frå 50 til 40 pst., jf. St.prp. nr. 75 (2004-2005). Ved forskotsbetaling er rabattane høvesvis 30 og 40 pst. Det er innkrevjing kvar dag heile døgnet. Kjøretøy med abonnement blir belasta med maksimalt ei passering kvar time og maksimalt 50 passeringar kvar månad. Brikkebruken er 85 pst.

I St.prp. nr. 75 var det eit mål å auka den gjennomsnittlege inntekta pr. passering frå 8 kr til 9 kr (2005-prisnivå). Dette har ikkje skjedd. Gjennomsnittleg inntekt pr. passering i 2009 (brutto bompengeinntekter dividert med årsdøgntrafikken) er 7,40 kr. Dette er om lag halvparten av taksten for lette kjøretøy utan rabatt. Dei årlege netto bompengeinntektene er om lag 350 mill. kr.

I forslaget til revidert bompengeordning er det lagt opp til to endringar:

  • Innkrevjingsperioden blir forlenga med 10 år.

  • Passeringstaket blir endra frå 50 til 60 passeringar i løpet av ein kalendermånad.

Vidareføring av bompengeordninga i 10 år vil gi rom for å finansiera parallell utbygging av andre etappe av Bybanen og Ringveg vest, bygging av Skansentunnelen og satsing på tiltak innafor programområda. Endringa i taket på passeringar pr. månad frå 50 til 60 vil føra til ein mindre auke i inntektene.

I kommunen og fylkeskommunen sine vedtak er det vidare lagt til grunn at det skal vurderast om maksimalrabattane skal reduserast etter drøftingar med Statens vegvesen Vegdirektoratet/sentrale vegmyndigheiter. Statens vegvesen har vist til at maksimal rabatt i Oslo er 20 pst., og dette er også planlagt i Trondheim. Statens vegvesen ser det som ein fordel at det er like rabattar i dei store byane og har drøfta ei eventuell endring med Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. Samferdselsdepartementet viser til at etter hovudregelen for nye bompengeringar i by, skal det vera flat rabatt, avgrensa til brikkebrukarar. Denne regelen skal nyttast ved framtidige endringar av rabattsystemet i Bergen.

Samferdselsdepartementet har slutta seg til ei tilråding frå Statens vegvesen Vegdirektoratet om at kundar med Autopass-avtale oppnår 10 pst. rabatt hos andre bompengeselskap enn «eige» selskap. Dette vil legga til rette for auka brikkebruk slik at dei administrative kostnadene kan reduserast. Ordninga vil i første omgang gjelda for nye prosjekt, men alle bompengeselskapa er bedt om å vurdera dei økonomiske konsekvensane og ta stilling til om dei ønskjer å innføra ordninga. Det vil vera naturleg at denne rabatten blir innført i samband med nytt takst- og rabattsystem i Bergen.

Det er rekna med at den samla effekten av å redusera maksimalrabatten til 20 pst. og eventuelt innføra 10 pst. for kundar i andre bompengeselskap vil auka gjennomsnittleg inntekt pr. passering frå om lag 7,40 kr til i underkant av 9 kr og dei årlege netto bompengeinntektene med 70 - 80 mill. kr. Forslag til nytt takst- og rabattsystem skal sendast på høyring til Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune før Statens vegvesen gjer sitt endelege takstvedtak. I påvente av nye lokale vedtak er ikkje desse endringane lagt inn i denne proposisjonen.

Etter opninga av første etappe av Ringveg vest vil det bli etablert ein ny bomstasjon på den nye vegen ved Dolvik. Denne kjem i tillegg til dei eksisterande 13 bomstasjonane.