Prop. 108 S (2009-2010)

Utviding og finansiering av Bergensprogrammet

Til innhaldsliste

8 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet viser til at Bergensregionen er ein av dei viktigaste økonomi-, kompetanse og innovasjonsregionane i landet, og regionen er viktig for verdiskaping på Vestlandet og i landet elles. Bergensområdet står framfor ein vesentleg vekst i folketal og trafikk. Innan 2025 er det venta over 70 000 fleire personar som gjennom arbeidsreiser og reiseaktivitetar i dagleglivet vil bidra til auka etterspurnad etter transport. Hovudutfordringa er å handtera veksten gjennom eit tilpassa, effektivt og miljøvennleg transportsystem. Gjeldande arealdel til kommuneplan blei vedtatt av bystyret i juni 2007 og omfattar perioden 2006-2017 (2025). I planen er det langsiktige strategiar for miljø- og transportløysingar. Planen er under revisjon. Gjennom det reviderte Bergensprogrammet slik det er presentert i denne proposisjonen blir det lagt til rette for vidare utvikling av eit samla transportsystem der kollektivtilbodet og tilbodet for fotgjengarar og syklistar vil vera viktige element. Bergen er omfatta av programmet «Framtidas byer» som er eit samarbeidsprogram mellom utvalde kommunar og staten for å utvikla byområde med lågast mogleg klimagassutslepp og godt bymiljø, med bakgrunn i klimautfordringane.

Bergen har store utfordringar knytt til framkomst og lokal luftkvalitet. For å bøta på desse utfordringane vil Samferdselsdepartementet sjå positivt på ei eventuell innføring av verkemiddel som køprising og tidsdifferensierte bompengetakstar. Innføring av denne type verkemiddel må imidlertid baserast på lokale initiativ. Samferdselsdepartementet vil støtta ein eventuell slik søknad frå Bergen.

Bybanen er eit viktig ledd i ein framtidsretta og miljøvenleg strategi for eit betre transportsystem i Bergen. I den grad Bergen oppfyller vilkåra for midlar frå Belønningsordninga kan desse midlane nyttast til delfinansiering av forlenging av Bybanen. Samferdselsdepartementet vil imidlertid stilla strenge krav til trafikkregulerande tiltak for tildeling av belønningsmidlar.

Samferdselsdepartementet viser vidare til at det blir arbeidd med ei konseptvalutgreiing for transportsystemet i Bergensområdet som omfattar 12 kommunar inkludert Bergen. Målet er å utarbeida eit grunnlag for å prioritera investeringar og verkemiddel innafor eit større geografisk område. Lokalt er det lagt opp til at eit slikt program skal vera avklart til behandlinga av Nasjonal transportplan for perioden 2014-2023. Bergensprogrammet har grenseflater opp mot denne utgreiinga. Konseptvalutgreiinga med etterfølgjande ekstern kvalitetssikring (KS1) vil blant anna inngå i grunnlaget for Nasjonal transportplan. Bergen bystyre har i sitt vedtak av 25. mai 2009, peika på at ein vidareføring av Bybanen til Sandsli/Kokstad/Flesland, samt Skansentunnelen og ringvegsystemet vil inngå i ei prioritering i Bergensregionprogrammet. Det skal og gjennomførast ein oppdatert trafikkanalyse. Departementet vil understreka at dersom eit eventuelt Bergensregionprogram med ei felles bompengeordning skal setjast i verk før Bergensprogrammet er avslutta, må dei økonomiske pliktene som står att bli ein premiss for den nye ordninga.

Forsøket med alternativ forvaltningsorganisering av transportsystemet i Bergen varte i fire år og blei avslutta i 2007. Bergen kommune har byggherreansvaret for første etappe av Bybanen. Frå 2010 blir forvaltningsreforma gjennomført, og Hordaland fylkeskommune får ansvaret for eit utvida fylkesvegnett. I tillegg har fylkeskommunen eit ansvar for kollektivtransporten i fylket, m.a. for Bybanen, inkludert byggherreansvaret frå og med andre etappe. Samferdselsdepartementet viser til at dei store riksvegprosjekta som vert gjennomførte i Bergensområdet ikkje inngår i det utvida Bergensprogrammet.

På grunn av stort låneopptak og usikre renteføresetnader er det vesentleg risiko i utbyggings- og finansieringsopplegget. Som det går fram av kvalitetssikringsrapporten, vil finansieringsplanen føra til ei gjeld på om lag 4 mrd. allereie i 2014, noko som inneber ein periode med gjeldsnedbetaling og lav byggeaktivitet fram til 2025. Departementet meiner derfor det er ein føresetnad at det vert etablert gode rutinar for styring og rapportering. Samferdselsdepartementet sluttar seg til forslaget frå Statens vegvesen om at eksisterande ordning for styring og rapportering i Bergensprogrammet bør takast opp til ny vurdering, bl.a. ut i frå den nye situasjonen der det ikkje er lagt til grunn statlege midlar. Departementet er også samd i vurderinga om at det er behov for å klargjera rutinane rundt prioriteringar og oppstart av nye prosjekt og tiltak i Bergensprogrammet. Det vil bli tatt initiativ til dialog med Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune om dette.

Ved den lokale behandlinga er det lagt til grunn at det skal vurderast å redusera maksimalrabattane. Samferdselsdepartementet er positiv til ei slik endring som vil gi betre økonomi i Bergensprogrammet. Departementet vil orientera Stortinget om saka når forslag til nytt takst- og rabattsystem har vore på høyring i Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune, og Statens vegvesen har fatta takstvedtak.