Prop. 18 L (2014–2015)

Lov om forsvunne personar og lov om endringar i arvelova (avvikling av arveretten for staten til fordel for frivillig verksemd)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Ei ny lov om forsvunne personar (jf. punkt 3) vil ikkje ha nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.

I § 11 tredje ledd er det foreslått at hovudregelen om at saksøkjaren betaler sakskostnadene, blir snudd, sjå merknadane til føresegna. Sakskostnadene skal etter forslaget som hovudregel dekkast av staten, men med høve til dekning i den forsvunne sine midlar der retten bestemmer det. Dette inneber ikkje nemneverdige endringar frå korleis gjeldande rett er praktisert.

For forsikringsselskapa inneber lovforslaget § 20 at deira høve til å krevje attendeført utbetalt forsikringssum er noko endra til gunst for mottakaren, sjå nærare merknadane til § 20. Dette gjeld venteleg mindre enn ei sak per tiår.

Ein administrativ skilnad frå gjeldande lov er at det etter lovforslaget § 5 er fylkesmannen som peikar ut verje der fylkesmannen finn dette nødvendig. Etter gjeldande lov og utvalet sitt lovforslag ligg denne oppgåva til tingretten. Endringa inneber noko mindre arbeid for tingretten og nokre fleire saker for fylkesmannen. Fylkesmannen har allereie som oppgåve å oppnemne verjer etter verjemålslova, slik at saker om verjeoppnemning etter lova om forsvunne personar truleg vil vere lite merkbar. Venteleg vil det gjelde under ti saker per år.

Departementet legg til grunn at ein generell reduksjon av fristane for å krevje orskurd om at ein person skal reknast for å vere død, kan føre til ein mellombels auke av saker dei første åra etter at fristane er sette ned.

I punkt 4 i proposisjonen foreslår departementet å avvikle arveretten for staten. Staten er arving i relativt få dødsbu per år. Summen av arv til staten varierer frå år til år, og det kan vere store skilnader frå eit år til eit anna. Dei siste seks åra er det inntektsført følgjande beløp på kontoen for arv til staten:

År

Beløp

2013

6 515 163

2012

23 604 561

2011

16 209 877

2010

2 627 693

2009

8 271 909

2008

2 784 167

Tala frå tidligare år gir grunn til å tru at forslaget vil medføre om lag ti millionar kroner i snitt per år i tapte inntekter for staten, og at eit tilsvarande beløp vil auke inntektene for frivillige organisasjonar. Ein tar sikte på ei ordning der rekneskapsførte inntekter frå «herrelaus» arv i år t, i år t+1 skal leggjast inn i statsbudsjettet for år t+2. Om ein fråverande arving melder eit krav på arv innan fristen for forelding av kravet, vil dette bli trekt frå ved den neste fordelinga.

Ved å kanalisere verdiane gjennom eit eksisterande administrativt apparat vil ein halde kostnadene til administrasjon låge. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner har godt opparbeidd kompetanse i å fordele verdiar til ulike formål.

Lova vil ikkje bli sett i kraft før det er dekning i budsjettet for det.

Til forsida