Prop. 18 L (2014–2015)

Lov om forsvunne personar og lov om endringar i arvelova (avvikling av arveretten for staten til fordel for frivillig verksemd)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte paragrafane

6.1 Forslag til lov om forsvunne personar

Til § 1

Paragrafen regulerer det saklege verkeområdet til lova og svarer til utvalsforslaget § 1. Paragrafen er ny. Den er foreslått av pedagogiske omsyn og har ikkje i seg sjølv rettsleg verknad. Det er ikkje tatt sikte på å endre gjeldande rett.

Lova gjeld frå ein person forsvinn og fram til det er tatt stilling til den forsvunne sin status ved at han eller ho blir rekna for å vere død. Lova gir også reglar om forvalting av formuen til den forsvunne personen. I tillegg gir lova reglar om attendeføring av formue og utbetalingar dersom personen likevel viser seg å vere i live.

Reglane i noverande lov om forsvunne personer mv. kapittel seks om fråværande arvingar er ikkje vidareført i lova her, sjå punkt 3.7. Departementet foreslår å plassere desse reglene i arvelova som nytt kapittel XIII A.

Til § 2

Paragrafen svarer med nokre endringar til utvalsforslaget § 2 og § 10 om jurisdiksjon og lovval. Den byggjer delvis på gjeldande § 6. Første og andre ledd inneheld reglar om når norske domstolar er kompetente til å handsame ei sak om forsvunne personar. Tredje ledd regulerar spørsmålet om lovval. Sjå punkt 3.6 om vurderingane av desse spørsmåla.

Hovudregelen om jurisdiksjon følgjer av første ledd. Norske styresmakter har kompetanse til å handsame ei sak om ein forsvunnen person om personen hadde vanleg bustad i Noreg da han eller ho forsvann.

Kor ein person har sin vanlege bustad, må ein avgjere etter ei konkret og samla vurdering av ulike omstende. Omgrepet svarer til det internasjonalt kjente omgrepet «habitual residence». Det avgjerande er kor personen faktisk bur «til vanleg». I tillegg må ein stille eit visst krav til lengda på opphaldet. Ikkje eit kvart mellombels opphald i eit land fører til at personen har fått vanleg bustad der. Eit studieopphald eller eit opphald på grunn av arbeid på inntil eit år vil til dømes neppe vere nok til å seie at personen har vanleg bustad i det aktuelle landet. Eit mellombels opphald i eit anna land fører heller ikkje til at ein ikkje lenger kan reknast for å ha vanleg bustad der ein først budde. Som eit utgangspunkt vil den vanlege bustaden vere der personen etter ei samla vurdering har sentrum for livsinteressene sine. For at ein person skal reknast for å ha sin vanlege bustad i Noreg, må det liggje føre ein stabil tilknyting til landet.

At den forsvunne personen berre hadde opphald i Noreg, vil etter ordlyden ikkje vere tilstrekkeleg til å reise sak om dødsorskurd her. Men om den forsvunne hadde sin siste opphaldsstad i Noreg, vil domstolane truleg likevel fortsatt gå ut frå at han eller ho også hadde sin siste vanlege bustad her, med mindre retten veit positivt at han eller ho hadde vanleg bustad i eit anna land.

Andre ledd første punktum svarer til utvalsforslaget § 10 andre ledd og gjeldande lov § 6 andre ledd første punktum. Omgrepet «vanleg bustad» er tatt inn som ein konsekvens av departementet sitt forslag til første ledd. Føresegna gjeld saker både etter § 8 og § 9, sjå punkt 3.6.7 om dette.

Føresegna skal forstås med den presiseringa at ikkje ein kvar formue er tilstrekkeleg til at det kan reisast sak i Noreg. Det er eit krav at den forsvunne har ein slik formue at det er naturleg å la saka gå for norske domstolar. Fast eigedom eller bankinnskot av ein viss størrelse vil vere tilstrekkeleg, mens ikkje-realregistrerbart lausøyre eller mindre pengebeløp ofte ikkje vil vere det. Omsynet til å kunne kome fram til praktikable løysingar og mogelegheit til å sikre den forsvunne sin formue i Noreg jamvel om han ikkje var bosett her, vil vege tungt. I eit grensetilfelle vil ein kunne hente rettleiing i andre ledd andre punktum, der ein skal gjere ei vurdering av om saka har ei slik tilknyting til Noreg at det er naturleg å handsame ho her, eller om det er meir hensiktsmessig at ho blir handsama i ein annan stat.

Som det går fram av merknaden til § 4, er det ikkje ei plikt til å melde ein person forsvunnen etter § 4 hvis han eller ho ikkje har vanleg bustad i Noreg. Om ei sak skal reisast her etter alternativet om formue i riket, må det likevel vere ein føresetnad at tingretten òg får melding om forsvinninga, slik at reglane i lova kapittel 2 kan takast i bruk.

Andre ledd andre punktum svarer med nokre endringar til utvalsforslaget § 10 tredje ledd første punktum og er ny i forhold til gjeldande lov. Også denne føresegna gjeld saker både etter § 8 og § 9, sjå punkt 3.6.7.

Om saka er knytt til Noreg på ein slik måte at det er rimeleg at saka blir handsama her, må vurderast konkret. Føremålet med føresegna er særleg å unngå tilfelle der det blir umogeleg å avklare rettsstillinga for ein forsvunnen person på grunn av skilnader i norsk og utanlandsk rett. Som eksempel nemner utvalet i NOU 2007: 16 på side 280 eit tilfelle der norske domstolar ikkje ville kunne handsame saka fordi den forsvunne personen ikkje var busett her i landet, medan styresmaktene i staten der han eller ho bur, ikkje vil kunne handsame saka fordi personen er norsk statsborgar. Eit anna døme kan vere at ein utanlandsk person forsvinn i utlandet og har familie som bur i Noreg. Departementet viser til NOU 2007: 16 side 175 der utvalet uttaler:

«Utvalget kjenner til at det har oppstått spørsmål om dette i praksis. Det kan være tale om mennesker som flytter til Norge, mens deres ektefelle, barn, foreldre mv. blir værende igjen i hjemlandet. Hvis noen av disse menneskene forsvinner i hjemlandet, kan det tenkes at landet ikke har utviklet en rettslig regulering av hvordan forsvinningen skal håndteres, eller at det ikke er andre pårørende eller berørte i landet som kan eller vil føre en sak om forsvinningen. Dette kan ha stor betydning for den som har flyttet til Norge, for eksempel slik at vedkommende ikke kan gifte seg på nytt med mindre ektefellen bekreftes å være død. Utvalget mener at det i visse slike tilfeller kan være grunn til å tillate at sak om forsvinningen reises i Norge.»

Dei norske domstolane bør ikkje avgjere ei sak etter § 2 andre ledd andre punktum i tilfelle der styresmaktene i ein annan stat har betre føresetnader for å opplyse saka og treffe ei riktig avgjerd. Departementet sluttar seg til utsegna frå Skiftelovutvalet om at det er «først når det viser seg at sak ikke vil bli reist i et annet land at sak kan tas til behandling her», jf. NOU 2007: 16 side 280.

Tredje ledd inneheld ein regel om lovval. Gjeldande lov har ikkje ei slik føresegn. Tredje ledd slår fast at saker om forsvunne personar som høyrer under norsk avgjerdsmakt, skal avgjerast etter norsk rett. Dette gjeld ikkje berre der den forsvunne har vanleg bustad i riket (jf. første ledd), men også der saka skal handsamast i Noreg fordi personen har formue her eller har ei slik tilknyting til riket at det er rimeleg at saka blir reist her (jf. andre ledd). Regelen om lovval gjeld også før sak er reist, til dømes i tilknyting til meldinga om forsvinninga eller forvalting av formuen til den forsvunne personen.

Til § 3

Paragrafen inneheld reglar om internrettsleg verneting. Sjå punkt 3.6 for meir generelle vurderingar.

Første ledd inneheld hovudregelen om verneting. Ei sak om at ein person skal reknast for å vere død, skal reisast for tingretten der den forsvunne hadde sitt allmenne verneting, jf. lov 17. juni 2005 nr. 90 om mekling og rettergang i sivile tvister § 4-4. Føresegna svarer til utvalsforslaget § 10 første ledd andre punktum og gjeldande lov § 6 første ledd andre punktum.

Andre ledd inneheld reglar om verneting i dei sakene som blir handsama i Noreg etter § 2 andre ledd første punktum (formue i landet). Føresegna er ny samanlikna med gjeldande lov og utvalsforslaget. Dei sakene som blir handsama i Noreg etter § 2 andre ledd første punktum, skal reisast i Oslo rettskrins. Om formuen heilt eller delvis består av fast eigedom, skal saka likevel reisast i den rettskrinsen der eigedomen ligg. Om det skulle vere eit tilfelle der den faste eigedomen ligg i fleire rettskrinsar, eller om formuen består av fleire faste eigedomar som ligg i ulike rettskrinsar, kan saka reisast i ein av dei etter prinsippet som ligg til grunn for tvistelova § 4-5 første ledd. Dette er truleg ikkje særleg praktisk.

Tredje ledd inneheld reglar om verneting i dei sakene som blir handsama i Noreg etter § 2 andre ledd andre punktum. Føresegna er ny samanlikna med gjeldande lov og svarer til utvalsforslaget § 10 tredje ledd andre punktum. Desse sakene skal etter tredje ledd reisast i Oslo rettskrins.

Til § 4

Denne paragrafen svarer med nokre endringar til Skiftelovutvalet sitt lovforslag § 3. Den byggjer vidare på gjeldande lov § 2 første ledd. Paragrafen inneheld reglar om kven som har plikt til å melde frå om ei forsvinning, og kven som skal ha meldinga.

Første punktum vidarefører ordninga med at tingretten skal ta imot meldingar om forsvinning. Meldeplikta gjeld berre når den forsvunne personen hadde vanleg bustad i Noreg, sjå merknaden til § 2 første ledd. Om personen berre var i landet for ei stund, er det inga plikt til å melde frå til norske styresmakter. I det motsette tilfellet, der den forsvunne personen var busett her, men ved forsvinninga hadde opphald i eit anna land, gjeld det på den andre sida ei plikt til å melde frå om forsvinninga.

Plikta til å melde frå om forsvinninga er etter ordlyden lagt til ein noko større krins enn i gjeldande lov. Plikta ligg etter ordlyden til ektemaken, sambuaren, slektningane og offentleg myndigheit. Omgrepet «sambuar» er nytt i lova og skal bli forstått på same vis som etter arvelova § 28 a. Omgrepet «slektningar» omfattar dei personane som er nemnde i arvelova §§ 1 til 3. Fjernare slektningar har rett, men ikkje plikt, til å melde frå om forsvinninga, jf. andre punktum. Omgrepet «offentleg myndigheit» omfattar ei rekkje offentlege instansar. Departementet legg til grunn at det som oftast vil vere politiet, kommunen ved sine helsemessige eller sosiale verksemder og NAV som har informasjon som gir grunnlag for å melde frå om ei forsvinning.

Den meldepliktige bør melde frå om forsvinninga så snart det er grunn til det. Det avhenger av forholda i den konkrete saka om fråveret har vart så lenge eller er av ein slik karakter at det er naturleg å rekne personen som forsvunnen, jf. også omtalen av gjeldande § 2 i Ot.prp. nr. 23 (1960–61) side 14 og side 20.

Tingretten har plikt til å handsame slike meldingar på ein forsvarleg måte og treffe dei avgjerder som følgjer av lova, sjå særleg lovframlegget § 5 første ledd. Jamvel om det ikkje kjem fram av lovframlegget, må tingretten likevel kunne sjå bort frå meldingar som verkar sjikanøse eller som er eit misbruk av føresegna, jf. også NOU 2007: 16 side 277.

Jamvel om det er oppstilt ei plikt til å melde frå om ei forsvinning, er det etter gjeldande rett lagt til grunn at brot på plikta ikkje fører med seg straffansvar. Skiftelovutvalet foreslår heller ikkje å innføre reglar om straffansvar, jf. NOU 2007: 16 side 176. Departementet sluttar seg til denne vurderinga og legg til grunn at lovframlegget skal bli forstått på den same måten.

I andre punktum er det foreslått at også andre som kjenner til forsvinninga, kan melde frå om forsvinninga. Ein nabo, ven eller kollega kan til dømes vere i ein slik posisjon. Desse kan melde frå om forsvinninga etter lovframlegget slik at meldinga får dei same verknadene som ei melding etter første punktum. Dette er truleg løysinga også etter gjeldande lov, jamvel om det ikkje er sagt direkte i lova, sjå NOU 2007: 16 side 277.

Til § 5

Denne paragrafen svarer med enkelte endringar til § 4 i lovforslaget frå Skiftelovutvalet. Den byggjer med nokre endringar på gjeldande § 2 andre ledd.

Paragrafen inneheld reglar om oppnemning av verje. Føremålet er å etablere ei forsvarleg ordning for å ivareta den forsvunne sine interesser.

Etter første ledd skal tingretten melde frå til fylkesmannen om forsvinninga. Fylkesmannen skal ha meldinga i eigenskap av å vere lokal verjemålsmyndigheit. Det er normalt fylkesmannen i det fylket den forsvunne personen var busett, som skal ha meldinga. Det er dei alminnelege reglane i vergemålsloven som gjeld med omsyn til kven som er rett fylkesmann, jf. fjerde ledd. I tilfelle der tingretten straks treff avgjerd om at personen skal reknast for å vere død etter § 8, skal fylkesmannen ikkje ha melding. I eit slikt tilfelle skal dødsbuet i staden bli skifta.

Etter andre ledd første punktum skal fylkesmannen peike ut ei verje om fylkesmannen finn det naudsynt med verje for å sikre interessene til den forsvunne. Det vil vere opp til fylkesmannen å vurdere nytten av å peike ut ei verje i den konkrete saka. Det følgjer av andre punktum at om personen hadde sambuar eller ektemake eller ein fullmektig, bør fylkesmannen treffe vedtak om at ektemaken, sambuaren eller fullmektigen skal vareta den forsvunne sine interesser om personen er eigna til dette. Eit døme på at personen ikkje er eigna, er om det er mistanke om at den forsvunne har blitt offer for ei kriminell handling, og partnaren ikkje er utanfor mistanke. Eit meir daglegdags døme er om den forsvunne hadde særkullsbarn, og partnaren og barna difor har ulike interesser i forvaltinga. Fylkesmannen kan også fastsetje at ektemaken eller sambuaren og ein fullmektig kan ivareta interessene saman.

Det følgjer av tredje ledd første punktum at fylkesmannen skal fastsetje eventuell godtgjering til verja. Om det er ektemaken, sambuaren, foreldra eller barna til den forsvunne personen som er verje, vil det normalt ikkje vere grunn til å fastsetje godtgjering for oppdraget som verje, jf. vergemålsloven § 30 første ledd andre punktum. Når det gjeld storleiken på godtgjeringa, er det naturleg å følgje reglane om godtgjering for verjer etter vergemålsloven § 30, jf. § 5 fjerde ledd i lovforslaget. Det følgjer av andre punktum at godtgjeringa m.m. skal dekkjast av den forsvunne sine eigedelar. Om det ikkje er tilstrekkelege verdiar til å dekkje godgjeringa til verja, bør verjemålet bli avvikla og ein bør overlate forvaltinga av dei restarande verdiane til dei næraste pårørande eller arvingane.

Lov 26. mars 2010 nr. 9 om vergemål gjeld tilsvarande så langt den passar, jf. fjerde ledd. Det er i denne samanhengen særleg reglane om utpeiking av verje, utforming av mandat, godtgjering, oppfølging, tilsyn og rettleiing som er aktuelle å ta i bruk så langt dei passar.

Til § 6

Paragrafen svarer med nokre endringar til § 5 i Skiftelovutvalet sitt lovforslag og § 3 i gjeldande lov. Føresegna har reglar om korleis eigedelane etter den forsvunne personen skal bli forvalta.

Det følgjer av første ledd at eigedelane til den forsvunne personen skal forvaltast likeins med eigedelane til personar under verjemål. Dei nærare reglane for forvaltinga følgjer av lov 26. mars 2010 nr. 9 om vergemål, sjå særleg kapittel 6 og 7 i lova med forskrifter. Nokre av reglane vil ikkje vere aktuelle som følgje av at personen er forsvunnen, sjå til dømes vergemålsloven § 48 andre ledd om samtykke. Reglane for forvaltinga er eit stykke på veg forskjellige etter kven som er peika ut som verje. Når ektemaken eller sambuaren er verje, gjeld reglane i vergemålsloven § 44, jf. vergemålsforskrifta § 23.

Når andre er peika ut som verje, gjeld vergemålsloven kapittel 7 så langt den passar. Er ein person forsvunnen, vil det normalt ikkje vere grunn til at verja skal forvalte finansielle eigedeler som kan gjerast om til kontante middel etter vergemålsloven § 50, jf. også heimelen i § 49 første ledd tredje punktum til å ta heile den finansielle formuen til forvalting.

I andre ledd er det foreslått ein regel som gir verja plikt til å rådføre seg med arvingane i samband med viktige avgjerder. Ein kan ikkje vite sikkert om den forsvunne personen er i live eller er død. Ein orskurd om at personen skal reknast som død, inneber likevel at ein held det for mest sannsynleg at personen er død. Dette gjer det naturleg at verja i desse sakene tar arvingane med på råd i «viktige avgjerder». Føresegna nemner sal av fast eigedom og større utbetalingar, men er ikkje avgrense til dette. Verja må her gjere ei konkret vurdering av om disposisjonen er av ein slik art at arvingane normalt vil kunne ha meiningar.

Om arvingane er usamde og gir ulike råd, vil det vere opp til verja å treffe den avgjerda om forvaltinga som han eller ho meiner gir best forvalting av formuen. Verja bør ved tvil samrå seg med fylkesmannen i saka, jf. vergemålsloven § 47 andre ledd.

Plikta til å ta arvingane med på råd gjeld berre der det let seg gjere. Om ein arving er fråverande, ikkje svarer når verja tar kontakt, eller om saka hastar, vil det ikkje alltid vere mogeleg for verja å rådføre seg med arvingen.

Til § 7

Føresegna svarer med enkelte endringar til lovforslaget til Skiftelovutvalet § 6 og er ny i forhold til gjeldande lov. Paragrafen opnar i enkelte høve for ei avgrensa utdeling frå den forsvunne sine eigedelar når den forsvunne ikkje straks kan erklærast død, sjå nærare punkt 3.4.

Det vil vere opp til fylkesmannen å treffe avgjerd om ei avgrensa utdeling. Ei utdeling no vil redusere framtidig arv og vil også kunne påverke den endelege fordelinga av eigedelane etter den forsvunne. Departementet legg til grunn at det særleg vil vere aktuelt med ei slik avgrensa utdeling kort tid etter forsvinninga når dei etterlatne ikkje har hatt tilstrekkeleg med tid til å tilpasse seg ein ny situasjon. Normalordninga etter § 6 er at midla skal forvaltast samla fram til dei eventuelt blir delte ut som arv etter reglane i kapittel 4 i lova.

Etter framlegget kan utdeling for det første skje der underhaldsplikta overfor ektemaken etter ekteskapsloven § 38 blir forsømt som følgje av forsvinninga. Det same gjeld når fostringsplikta overfor barn etter barnelova kapittel 8 blir forsømt.

Det følgjer av framlegget at utdeling også kan skje der «ei slik utbetaling trengst av andre grunnar». Dette alternativet er meint å skulle omfatte til dømes faktisk underhald i tilfelle der det ikkje er lovfesta underhaldsplikt. Dette kan særleg vere aktuelt for sambuarar der den forsvunne hadde forsørgja sambuaren fram til forsvinninga. Eit anna døme kan vere der den forsvunne deler bankkonto med ein annan, men der det berre er den forsvunne som har rett til å disponere over kontoen. Framlegget frå departementet er meint å omfatte nokre fleire tilfelle enn framlegget frå utvalet som kravde at utdelinga skulle vere «strengt nødvendig».

Fylkesmannen bør i samband med avgjerda ta stilling til om utdelinga skal skje som eit eingongsbeløp eller som laupande utdelingar.

Til § 8

§ 8 byggjer på lovforslaget i utgreiinga § 7 og gjeldande lov § 1.

Paragrafen har reglar om når det utan vidare og straks kan treffast avgjerd om at ein person skal reknast for å vere død, jamvel om personen er forsvunnen og det difor ikkje ligg føre ein dødsattest. Sjå punkt 3.3 om vurderingane som ligg til grunn for føresegna.

Det følgjer av første ledd at det er tingretten som skal ta stilling til om ein straks kan treffe avgjerd om at den forsvunne personen skal reknast for å vere død. Ordlyden stengjer ikkje for at oppgåva kan leggjast til andre sideordna organ der ein har delt myndigheit i første instans, jf. ordninga i Oslo. Dette svarer til gjeldande rett.

Vilkåret for å treffe ei slik avgjerd straks er at personen er forsvunnen under slike omstende at det er «ikkje er grunn til å tvile på» at han er død. Det er ikkje tatt sikte på nokon realitetsendring samanlikna med gjeldande lov.

Formuleringa skal ikkje bli forstått som eit krav om absolutt sikkerheit. Eit slikt krav ville sjeldan vere mogeleg å oppfylle i og med at føresetnaden for at lova skal gjelde, er at personen ikkje kan finnast i live eller død, jf. NOU 2007: 16 side 176. Det sentrale ved retten si vurdering vil vere under kva for omstende den forsvunne har blitt borte. Oppgåva for retten blir difor å gå gjennom bevis for å klargjere desse omstenda. Ei totalvurdering av alle forholda i saka vil avgjere om ein er sikker nok. Det kan ikkje stillast krav om at den forsvunne må vere utsatt for ei ulukke eller liknande omstende, sjå til dømes Gulating lagmannsrett LG-2012-196192.

Retten bør etter departementet sitt syn forkaste eit krav etter § 8 om det etter ei samla vurdering av bevisa i saka ligg føre fornuftig og rimeleg tvil om den forsvunne personen er død. På den andre sida vil ikkje ein reint teoretisk tvil vere til hinder for å ta kravet til følgje.

Andre ledd er nytt og gir reglar om framgangsmåten ved framsetjing av krav om at retten treff avgjerd om at personen skal reknast som død. Andre ledd første punktum gjer greie for den personkrinsen som kan be om ei slik avgjerd. Det følgjer av andre ledd andre punktum at kravet må vere skriftleg. Dette er etter det departementet forstår, i samsvar med gjeldande praksis. Ei avgjerd om at ein person skal reknast som død, får store konsekvensar. Regelen om at kravet skal vere skriftleg, kan bidra til at retten får tilstrekkelege og etterrettelege opplysingar om saka. Ordninga er meint å vere enkel, og det er difor ikkje gjort framlegg om andre krav til framgangsmåten. Det er likevel ein fordel om kravet inneheld opplysingar til dømes om kva saka gjeld, omstenda rundt forsvinninga og kven som ber om avgjerda. Dokumentasjon frå politiet vil ofte vere lagt ved som bevis.

Det følgjer av tredje ledd at retten treff avgjerda ved orskurd, jf. tvisteloven § 19-1 andre ledd bokstav e. Det er også tatt inn ei tilvising til at føresegnene i tvisteloven gjeld så langt dei høver for retten si handsaming av saka. Mange av føresegnene i tvisteloven vil ikkje passe i og med at føresegnene gjeld tvistar mellom to partar. Nokre av føresegnene bør derimot gjelde heilt eller delvis, slik som mellom anna dei generelle føresegnene i kapittel 11 og føresegnene i del V om bevis.

Dødsdagen skal fastsetjast etter reglane i § 13.

Det gjeld ingen frist for å fremje eit krav etter § 8.

Til § 9

Paragrafen byggjer på §§ 8 og 12 i lovforslaget frå Skiftelovutvalet og på gjeldande lov § 4 og § 8 andre ledd.

Paragrafen inneheld mellom anna reglar om når ein kan reise sak om at ein person skal reknast for å vere død, i andre tilfelle enn dei som er omfatta av § 8. Er det ikkje grunn til å tvile på at personen er død, kan ein reise sak etter § 8. Er det større uvisse, gjeld reglane i § 9. Sjå punkt 3.3 om vurderingane som ligg til grunn for føresegna.

Første ledd er nytt i forhold til gjeldande lov. Etter første ledd kan ei sak om orskurd etter § 8 reisast eitt år etter at ein sist visste at den forsvunne var i live. Utgangspunktet er det tidspunktet ein sikkert kan seie at den forsvunne var i live.

Vilkåret er vidare at personen forsvann under slike omstende at det «er høgst sannsynleg» at personen er død. Formuleringa erstattar «overveiende sannsynlig» i gjeldande lov utan at det er tatt sikte på realitetsendringar.

Det følgjer av andre ledd at ein kan reise sak «straks» dersom den forsvunne er død ved «ein naturkatastrofe, ei annan stor ulukke, stridshandling eller ei anna ytre hending som skapte stor livsfare», og der det av den grunn er «høgst sannsynleg» at personen er død. Kravet til sannsyn er det same som etter første ledd.

Tredje ledd svarer til gjeldande § 4 første punktum, men med kortare ventetid før ein kan reise sak. For forsvinningar som ikkje fell inn under første og andre ledd, er det foreslått at ventetida skal vere fem år. Alternativet gjeld der ein ikkje er kjend med at personen er forsvunnen under slike omstende at det i høg grad er sannsynleg at personen er død, med der personen likevel har vore borte i minst fem år utan at han eller ho har blitt funne i live eller som død.

Ei avgjerd i sak etter § 8 skal etter departementet sitt lovforslag treffast ved orskurd, jf. fjerde ledd. Dei alminnelege reglane i tvisteloven gjeld så langt dei høver, sjå merknaden til § 8 tredje ledd. Dødsdagen skal fastsetjast etter reglane i § 13.

Til § 10

Føresegna svarer med enkelte språklege endringar til lovforslaget frå Skiftelovutvalet § 9. Føresegna erstattar gjeldande § 5 og § 7 første ledd første punktum. Bakgrunnen for forslaget er omtalt i punkt 3.3.

Det følgjer av første punktum at sak om dødsorskurd etter § 9 skal reisast ved at eit «krav» blir sett fram for tingretten. Dette inneber at dei pårørande ikkje lenger skal reise sak ved stemning og saksøkje den forsvunne.

Kravet skal ein setje fram skriftleg. Det bør innehalde informasjon om kva saka gjeld, og kven det skriv seg frå. Dersom det ikkje byr på nemneverdige problem, bør den eller dei som står bak kravet, også underskrive det. Dette er i samsvar med gjeldande praksis. Det er tingretten som avgjer om kravet inneheld dei nødvendige opplysingane.

I andre punktum er det foreslått reglar om kven som kan setje fram eit krav om dødsorskurd. Når det gjeld innhaldet i omgrepet «sambuar», viser departementet til merknaden til § 4.

Det følgjer av tredje punktum at også andre som kan vise til at dei verkeleg treng ein dødsorskurd, kan reise sak, men da berre etter § 9 første og tredje ledd. Det er berre ektemaken, sambuaren og arvingane som kan krevje orskurd «straks». Dette har bakgrunn i omsynet til dei nærståande. Det vil til dømes vere lite rimeleg om ein person med eit uteståande krav mot den forsvunne, utan ventetid kan krevje dødsorskurd, før ektemaken, sambuaren eller arvingane ønskjer dette.

Føresegna i tredje punktum omfattar både fysiske og juridiske personar.

Til § 11

Denne paragrafen svarer til § 11 i lovforslaget frå Skiftelovutvalet. Den vidarefører delvis gjeldande lov § 7.

Paragrafen inneheld reglar om sakshandsaming. Reglane gjeld for sak om dødsorskurd etter § 9.

Etter første leddførste punktum skal den forsvunne kallast inn etter reglane i lov 13. august 1915 nr. 5 om domstolene § 181 med eit varsel på minst tre månader. Det følgjer av andre punktum at innkallinga skal oppmode kven som helst om å gje opplysingar om den forsvunne. Målet er å sikre at saka blir godt opplyst slik at retten kan ta stilling til saka på eit best mogeleg grunnlag. I tillegg til dette har retten ei sjølvstendig plikt til å sørgje for å skaffe opplysingar som kan sikre ei korrekt avgjerd, jf. tredje punktum. Etter gjeldande lov § 7 andre ledd kan påtalemakta opptre i saka for å vareta offentlege interesser. Praksis frå tingrettane tyder på at påtalemakta, bortsett frå i samband med framlegging av bevismateriale, ikkje har hatt noka reell rolle i saker om forsvinning. Det er difor foreslått å ikkje vidareføre denne føresegna, sjå NOU 2007: 16 side 178. Det er ingenting i vegen for at domstolane av eige tiltak kallar inn påtalemakta i ei sak som allereie er reist, jf. retten si sjølvstendige plikt til å opplyse saka etter tredje punktum.

Verja eller fullmektigen til den forsvunne skal etter andre leddførste punktum ha melding om innkallinga av den forsvunne personen. Det følgjer av andre punktum at dei som kan fremje krav etter § 10, skal få ei særskilt melding. Plikta til å gi melding etter andre punktum gjeld berre der det let seg gjere.

I tredje ledd følgjer departementet opp framlegget frå utvalet om at staten som hovudregel skal dekkje sakskostnadene, sjå grunngjevinga i NOU 2007: 16. Unntaket frå denne hovudregelen kan vere aktuelt til dømes om den forsvunne har skuld i den situasjonen som har oppstått, om han har eit særleg stort bu, eller om den forsvunne let vere å melde frå enda om han veit at han er meldt forsvunnen.

Til § 12

Føresegna svarer til § 13 i lovforslaget frå Skiftelovutvalet. Føresegna byggjer på gjeldande § 9, men er endra mellom anna som følgje av tvisteloven.

Paragrafen inneheld reglar om anke og gjenopning av saker om forsvinning. Føresegna er gitt ei enklare utforming i departementet sitt lovforslag ved at andre punktum i lovforslaget frå utvalet er tatt inn i første punktum. Det er i departementet sitt forslag sagt direkte at verje eller fullmektig etter § 5 har rett til å anke eller krevje saka opna på nytt.

Dersom ein orskurd blir oppheva som følgje av anke eller saka blir opna på nytt, manglar også rettsgrunnlaget for eit skifte som er gjennomført i tillit til orskurden. Arvingane må da betale attende det dei har mottatt, og ein må oppnemne verje etter reglane i lova for å fortsetje forvaltinga av formuen.

Til § 13

Paragrafen inneheld reglar om fastsetjing av dødsdagen og svarer utan realitetsendringar til § 14 i lovforslaget frå Skiftelovutvalet. Den fører vidare gjeldande § 8 andre ledd og § 1 tredje ledd, utan anna enn språklege og systematiske endringar.

Ein orskurd om død etter § 8 eller § 9 skal etter § 13 nemne den dagen den forsvunne skal reknast for å vere død (dødsdagen). Dødsdagen skal som hovudregel vere den dagen det er «mest truleg» at den forsvunne døydde. Slike opplysingar vil regelmessig vere til stades når den forsvunne er blitt borte under omstende som skapte alvorleg livsfare. Der det ikkje lar seg gjere å fastsetje ein slik dag, skal den forsvunne reknast for å vere død den siste dagen i den månaden ein tidlegast kunne reise sak etter § 9. Sjå § 9 og merknadane til denne paragrafen.

Til § 14

Paragrafen svarer til § 15 i lovforslaget frå Skiftelovutvalet og gjeldande § 10. Paragrafen inneheld reglar om verknaden av ei rettskraftig avgjerd, jf. tvisteloven § 19-14 første ledd. Føresegna er omtalt i punkt 3.4.

Til § 15

§ 15 gjeld handsaminga av skiftet av den forsvunne sitt bu på grunnlag av ein orskurd om død. Paragrafen byggjer på § 16 i lovforslaget frå Skiftelovutvalet og § 11 i gjeldande lov.

Det følgjer av første ledd første punktum at ein skal handsame buet til den forsvunne som om den forsvunne var død på dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13. Regelen inneber at det er tidspunktet som følgjer av lovframlegget § 13, som avgjer tidspunktet for arvefallet og kven som er arving etter den forsvunne. Andre punktum er praktisk viktig og sikrar at fristane i skiftelova først tar til å gå frå den dagen da orskurden blei endeleg. Dette gjeld til dømes skiftelova § 83 nr. 1 om fristen på 60 dagar for å krevje å få sitte i uskifta bu.

Andre ledd vidarefører gjeldande lov § 11 andre ledd. Leddet gjeld berre for orskurd etter § 9. Regelen gjer unntak for små formuar.

Til § 16

Denne paragrafen svarer til § 17 i lovforslaget frå Skiftelovutvalet og erstattar gjeldande § 13. Paragrafen inneber at buet til den forsvunne skal skiftast når det er gått fem år sidan sist ein visste at den forsvunne levde. Regelen sikrar at forvaltinga av eigedelane etter den forsvunne blir avslutta jamvel om ingen av arvingane tar initiativ til dette.

Til § 17

Paragrafen svarer til lovforslaget i utgreiinga § 18. Den fører vidare gjeldande lov § 17. Paragrafen inneheld reglar om verknadene for eit ekteskap av ein orskurd om død. Sjå til samanlikning § 14. Føresegna er omtalt i punkt 3.4.

Til § 18

Paragrafen svarer med nokre endringar til § 19 i lovforslaget frå Skiftelovutvalet. Den byggjer på gjeldande lov § 14 første ledd. Føresegna er omtalt i punkt 3.5.

Første ledd første punktum vidarefører gjeldande lov § 14 første punktum og set ein frist på 20 år etter dødsdagen (jf. § 13) for den forsvunne til å krevje attendeføring av formuen om han eller ho kjem til rette. Andre punktum er nytt og set ein frist på ti år dersom det viser seg at forsvinninga er frivillig.

Av andre ledd går det fram at dei rette arvingane innan ti år rekna frå dødsdagen kan krevje arven delt på nytt om det blir godtgjort at den forsvunne døydde på eit anna tidspunkt enn det som er lagt til grunn ved skiftet av buet.

Til § 19

§ 19 svarer til § 20 i lovforslaget frå Skiftelovutvalet og gjeldande § 14 andre og tredje ledd. Paragrafen har reglar om kva som skal førast attende av den forsvunne sine eigedelar om han kjem til rette. Føresegna er omtalt i punkt 3.5.

Første ledd svarer til gjeldande § 14 andre ledd. Departementet viser til omtalen av den gjeldande føresegna i Ot.prp. nr. 23 (1960–61) side 29–30:

«Hvis de mottatte gjenstander er i behold på arvingens hånd kan de kreves tilbake selv om de i mellomtiden er steget i verdi. På den annen side antas det å følge av alminnelige rettsgrunnsetninger at arvingen ikke plikter å betale erstatning fordi om gjenstandens verdi er forringet ved slit eller elde eller ved prisfall. Tilbakesøkningskravet antas å være av tinglig art slik at midlene – i den utstrekning de kan individualiseres – kan kreves utlevert fra arvingens konkursbo. Man har ikke funnet det nødvendig å gi uttrykk for disse prinsipper i lovteksten. […] Derimot har man fastsett enkelte regler om adgangen til å kreve erstatning hos arvingen. Reglene bygger på det syn at arvingens ansvar bør være lempelig. Han har fått midlene i henhold til en dødsformodningsdom som er avsagt på grunnlag av opplysninger som retten har funnet tilstrekkelige. Meningen med en slik dom må være at arvingen både kan og bør disponere som eier. Han bør derfor ha fordelen av transaksjoner som han har foretatt med gevinst, mens det på den annen side ikke alltid ville være rimelig om han skulle erstatte verdiforringelse eller forbruk.
Hovedregelen er at arvingen skal erstatte gjenstandene etter den verdi de hadde da de ble avhendet eller forbrukt, dog således at erstatningen aldri kan settes høyere enn verdien av tilsvarende gjenstander i det øyeblikk kravet gjøres gjeldande. Fra denne regel kan det imidlertid gjøres unntak hvor det etter arvingens kår eller forholdene ellers ville være ubillig om han skulle svare fullt ut. I disse tilfelle kan ansvaret falle bort eller settes ned på grunnlag av en fri skjønnsmessig bedømmelse. Er det mottatte gått tapt uten arvingens skyld, er han i alle tilfelle fri for ansvar. At arvingen heller ikke plikter å erstatte gjenstander som er avhendet, men som den hjemvendte får utlevert fra erververen, har man ikke funnet det nødvendig å gi uttrykk for.»

Andre ledd svarer til gjeldande § 14 tredje ledd og skal bli forstått på same måte.

Tredje ledd er nytt. Etter denne føresegna har ein mottakar plikt til å levere det mottatte attende om han ikkje var i god tru på tidspunktet for ervervet.

Til § 20

Paragrafen gjeld i kva mon ein har plikt til å betale attende utbetalt forsikringssum når den forsvunne kjem attende eller det viser seg at den forsvunne døydde på eit anna tidspunkt enn det ein først la til grunn. Paragrafen svarer til § 21 i lovforslaget frå Skiftelovutvalet. Den erstattar gjeldande § 15. Reglane om plikt til attendebetaling av utbetalt forsikringssum er omtalt i punkt 3.5.

Hovudregelen er at ein ikkje har plikt å betale forsikringssummen attende. Forsikringsselskapet kan likevel få forsikringssummen attende dersom det er «klårt urimeleg» at den som har mottatt summen, skal få behalde han. Etter departementet sitt syn kan det som regel uansett vere grunn til å la mottakaren behalde mottatte laupande ytingar for den tida den forsvunne har vore borte, eller den delen av eit utbetalt eingongsbeløp som står i eit visst forhold til den tida som har gått.

Til § 21

Føresegna vidarefører gjeldande lov § 16 og svarer til § 22 i framlegget frå Skiftelovutvalet, sjå punkt 3.5.

Til § 22

Føresegna er ny samanlikna med gjeldande lov. Utvalet har ikkje foreslått ei slik føresegn. Grunngjevinga for føresegna går fram av punkt 3.5.

Til § 23

Det går fram av første ledd at Kongen kan fastsetje når lova skal gjelde frå.

I andre leddførste punktum går det fram at lova skal gjelde for avgjerder som blir trefte etter iverksetjinga av lova, jamvel om forsvinninga skjedde før. Regelen inneber at lova vil gjelde også om forsvinninga er meldt før iverksetjinga av lova. Regelen sikrar at dei fleste sakene kan bli løyst etter dei nye reglane. I andre punktum er det presisert at ei ordning med forvalting av den forsvunne sin formue etter 1961-lova skal fortsetje å gjelde etter at den nye lova er i kraft. Om fylkesmannen ser grunn til det, kan fylkesmannen likevel treffe vedtak om forvaltinga med heimel i den nye lova. Fylkesmannen kan til dømes peike ut ei ny verje eller gi verja eit nytt mandat i samband med forvaltinga av formuen. I tredje punktum er det presisert at reglane om attendeføring også gjeld om den forsvunne kjem att etter iverksetjinga av lova.

Til § 24

Ei ny lov om forsvunne personar vil erstatte den noverande lova frå 1961. I nr. 1 foreslår departementet å oppheve lov 23. mars 1961 nr. 1 om forsvunne personer mv.

I nr. 2 foreslår departementet at §§ 18 til 20 i den noverande lova blir flytta til arvelova, sjå punkt 3.5. Departementet gjer samstundes framlegg om å ta med sambuarar i desse føresegnene som følgje av at sambuarar fekk rett til arv og uskifte ved endringslova 19. desember 2008 nr. 112.

Endringane i nr. 3 gjeld berre forslag om å endre ei tilvising til den nye lova om forsvunne personar.

Endringa i nr. 4 av rettsgebyrloven § 10 første ledd nr. 8 er ein konsekvens av forslaget om at avgjerder i saker etter § 9 skal treffast ved orskurd, sjå punkt 3.3.7.

6.2 Forslag til lov om endringar i arvelova (avvikling av arveretten for staten til fordel for frivillig verksemd)

Til § 46

Føresegna gjeld disponering av den avdøde sin netto formue i dei tilfella der det ikkje er arvingar etter lova og arvelataren ikkje har disponert over arven ved testament, sjå punkt 4.

Det følgjer av første ledd første punktum at den nettoformuen som den avdøde let etter seg, skal fordelast til frivillig verksemd til fordel for barn og unge. Dette formålet inkluderer verksemd retta mot barn og unge med nedsett funksjonsevne. Lova peikar ut det formålet som arven skal gå til, men ho tar ikkje stilling til kven verdiane meir konkret skal delast ut til, eller korleis dette skal gjerast. Dette vil bli regulert i forskrift, jf. andre punktum. Barne- og ungdomsorganisasjonane vil uansett ikkje få posisjon som arving i buet etter den avdøde eller posisjon som part i ein eventuell tvist om ei avgjerd etter andre ledd.

Det er presisert i første punktum at det er den nettoformuen som den avdøde let etter seg, som skal komme frivillig verksemd til gode. Denne presiseringa er i tråd med høyringsfråsegna frå Den Norske Advokatforening. Dette inneber at gjeld etter avdøde samt massekrav o.a. skal dekkjast på skiftet etter den avdøde på vanleg måte, jf. mellom anna skiftelova § 21. Også ei eventuell utdeling etter andre ledd kjem til fråtrekk. Det er soleis den positive nettoformuen som er igjen etter dette, som skal fordelast til frivillig verksemd.

Ordet «arvelatar» i gjeldande lov er erstatta med «avdøde», som ei følgje av at korkje staten eller dei frivillige organisasjonane er arvingar etter føresegna. Vidare er ordet «sambuar» føydd til. Endringa er ein konsekvens av føresegnene om den avgrensa retten til arv for sambuarar etter arvelova kapittel III A, jf. endringslov 19. desember 2008 nr. 112 om endringar i arveloven mv. (arv og uskifte for samboere).

Andre ledd første punktum gir departementet heimel til i særlege høve å bestemme at formuen heilt eller delvis skal gå til slektningar eller andre som har stått arvelataren nær. Departementet ser for seg at praktiseringa bør vere restriktiv. Eit tilfelle der utdeling kan vere aktuelt etter andre ledd, er der den avdøde har utforma eit testament utan å tilfredsstille formkrava, men der det klart går fram kva som var avdøde sin siste vilje. Eit anna tilfelle kan vere der det har vore eit nært forhold mellom den avdøde og ein annan person på grunn av regelmessig forsyting, felles hushald over tid eller ekstraordinær bistand.

Føresegna tar ikkje sikte på å innskrenke reglane om fråverande eller forsvunnen arving eller reglane om forelding av rett til å krevje arv, jf. arvelova § 75.

I andre ledd andre punktum er det heimel for at Kongen kan gi forskrift med nærare reglar om vedtak etter andre ledd første punktum. Føresegna fører i realiteten vidare heimelen i gjeldande § 47 tredje punktum om avkall.

Til § 47

Føresegna legg dei administrative oppgåvene i samband med skiftet til departementet, sjå punkt 4.

Det følgjer av første punktum at departementet i saker etter § 46 skal treffe dei avgjerdene under skiftet som elles høyrer under lotteigarane. Det er behov for ein slik regel samanlikna med gjeldande rett sidan ingen lenger har status som arving i desse bua. Føresegna inneber at departementet blir tilført den kompetansen ein arving elles ville ha hatt. Om det ikkje er andre arvingar, kan departementet etter føresegna treffe dei avgjerdene og ha dei rettane ein einearving, med status som lotteigar, har. For tida er det Kommunal- og moderniseringsdepartementet som er rett departement på dette området.

Der den avdøde let etter seg formue, men ikkje arvingar, vil tingretten måtte sørgje for at det blir opna offentleg skifte på vanleg måte. Det er retten som tar stilling til om det er sannsynleg at den avdøde ikkje har arvingar, og varslar departementet om dette. Departementet skal da ta dei avgjerdene som lotteigarane etter skiftelova elles skulle ta.

Departementet legg til grunn at alt avdøde let etter seg, normalt skal gjerast om til pengar. Unntak kan tenkjast. I samsvar med gjeldande lov går det fram av føresegna at departementet har kompetanse til å ta avgjerder om sal av fast eigedom og lausøyre. Det vil da framleis vere domstolen (bustyraren) som sørgjer for at eigedomen blir seld på beste måte innan rimeleg tid.

Det er tingretten (bustyraren) si oppgåve å sørgje for at både avdøde sin gjeld og andre massekrav blir dekte, jf. mellom anna skiftelova § 21. I andre punktum er departementet gitt i oppgåve å kontrollere at dette er gjort. Om avdøde hadde meiningar om gravlegging, gravstad og gravlegat, skal desse følgjast så langt som mogeleg. Dette gjeld òg om ønsket er å ikkje etterlate seg ein gravstad. Føresegna inneber inga endring i gjeldande føresegner om arveoppgjeret eller skifte av dødsbuet.

I tredje punktum er det gitt heimel for Kongen til å gi forskrift med nærare reglar om oppgåvene etter første og andre punktum.

Til forsida