Prop. 19 L (2014–2015)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (skolebyte i mobbesaker)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar av framlegga

Bærum kommune kommenterer at retten til skoleskyss kan tre inn ved eit skolebyte, men at dei økonomiske konsekvensane vil bli minimale for kommunane. Departementet vil understreke at framlegget til presisering ikkje endrar gjeldande rett og derfor ikkje vil føre til auka utgifter. Formålet med presiseringa er at føresegna, i tråd med gjeldande rett, skal nyttast når det er nødvendig.

Lovframlegga fører verken med seg nye plikter eller rettar. Framlegget går ut på å presisere gjeldande rett og vil derfor ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar for kommunane og dei private skolane.