Prop. 78 S (2013–2014)

Samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 254/2014 om eit fleirårig forbrukarprogram for 2014–2020 (Forbrukarprogrammet 2014–2020)

Til innhaldsliste

2 Generelt om Forbrukarprogrammet

Noreg deltek i og er inkludert i dei fleste aktivitetane under det tredje forbrukarprogrammet (2007–2013). Forbrukarombodet og andre handhevingsorgan deltek i det felleseuropeiske nettverket for handheving. Samarbeid over landegrensene er avgjerande til dømes der ein næringsdrivande driv med marknadsføring og sal til forbrukarar i andre europeiske land. Forbrukar Europa, som gjev råd og hjelp til norske og europeiske forbrukarar i grensekryssande forbrukarsaker, blir delfinansiert av programmet. I arbeidet sitt har Forbrukar Europa stor nytte av å samarbeide med dei europeiske søsterkontora. Noreg deltek også i studiar av marknader og forbrukarproblem, som dannar grunnlag for politikkutforming og prioriteringar.

Programmet finansierer òg felles marknadstilsynsaksjonar i EØS-marknaden som er knytte til tryggleiken til forbrukarprodukt etter direktiv 2001/95/EF. Det finansierer også aksjonar som skal betre tryggleiken ved forbrukartenester. Direktivet er gjennomført i norsk rett i lov av 6. juni 1976 nr. 79 om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrolloven).

Midlane i programmet finansierer vedlikehald og vidareutvikling av to databasar for kosmetikk. I den eine basen, Cosmetic Products Notification Portal (CPNP), blir ulike former for informasjon om kosmetiske produkt som vert selde på EØS-marknaden, registrert. I den andre basen, CosIng, blir ingrediensar i kosmetiske produkt registrerte. Noreg har tilgang til og brukar begge basane.

Alle desse aktivitetane vert førte vidare under Forbrukarprogrammet 2014–2020.

For Forbrukarprogrammet 2014–2020 er hovudregelen at tilskot til samarbeidsaktivitetar mellom Kommisjonen og medlemsstatane ikkje skal overstige 50 %. Det blir opna for finansiering med opptil 70 % for prosjekt som har «eksepsjonell nytteverdi», og for enkelte av dei nasjonale organa som skal vere del av det europeiske nettverket for europeiske forbrukarsenter. Organ på europeisk nivå som skal koordinere handheving av produkttryggleiksregelverket, kan få støtte med opptil 95 %.

Det skal framleis utarbeidast årlege arbeidsprogram. Desse inneheld særlege prioriteringar av tiltaksføremål, fordeling av det årlege budsjettet på ulike typar tiltak, tidsplan for utlysing av midlar, framlegg til fellestiltak mellom Kommisjonen og medlemsstatane, kriterium for å søkje om midlar, og ramme for den årlege tildelinga av midlar. Den rådgjevande komiteen som er knytt til programmet, skal handsame og uttale seg om arbeidsprogrammet og dei ulike framlegga som ligg i dette.

Noreg vil delta i komiteen med dei same rettane og pliktene som medlemsstatane, bortsett frå røysteretten.