Prop. 78 S (2013–2014)

Samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 254/2014 om eit fleirårig forbrukarprogram for 2014–2020 (Forbrukarprogrammet 2014–2020)

Til innhaldsliste

5 Avgjerda i EØS-komiteen

EØS-komiteen tek sikte på å vedta ei endring av EØS-avtala, protokoll 31 om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane, slik at avtala omfattar Forbrukarprogrammet 2014–2020 i samsvar med dei prosedyrane som følgjer av artikkel 86 og 98 i avtala. Avgjerda vil innehalde ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga blir det vist til EØS-avtala, og spesielt til artikkel 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegg til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 254/2014 av 26. februar 2014 om eit fleirårig forbrukarprogram for 2014-2020 skal innlemmast i protokoll 31 artikkel 6 som nytt nr. 3b, at EFTA-statane skal bidra til finansieringa og delta fullt ut i komitear og andre organ som er knytte til handsaminga eller utviklinga av aktivitetane, og at Liechtenstein er unnateke frå å delta i og bidra med finansiering av dette programmet.

I artikkel 2 er det fastsett at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke meldingar om at alle forfatningsrettslege krav for å godkjenne avgjerda er oppfylte i samsvar med artikkel 103 nr. 1 i avtala. Avgjerda skal gjelde frå 1. januar 2014.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-delen av og EØS-tillegget til «Tidend forDen europeiske unionen».