Prop. 78 S (2013–2014)

Samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 254/2014 om eit fleirårig forbrukarprogram for 2014–2020 (Forbrukarprogrammet 2014–2020)

Til innhaldsliste

4 Konstitusjonelle tilhøve

Fordi den norske deltakinga inneber økonomiske utgifter som skal finansierast over fleire år, må Stortinget gje samtykke til deltakinga i avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS/EFTA-statane formelt å delta i ordninga så snøgt som råd i 2014, ber Regjeringa om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda i EØS-komiteen blir teken. Det vil dermed ikkje vere nødvendig for Noreg å ta atterhald om konstitusjonelle prosedyrar ved avgjerda i EØS-komiteen.

Det er ikkje venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerd i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda ikkje i det alt vesentlege er i samsvar med utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka bli lagt fram for Stortinget på nytt.