Prop. 78 S (2013–2014)

Samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 254/2014 om eit fleirårig forbrukarprogram for 2014–2020 (Forbrukarprogrammet 2014–2020)

Til innhaldsliste

7 Vurdering og tilråding

Utviklinga på forbrukarområdet går i retning av ei stadig større internasjonalisering. Norske forbrukarar er aktive i den europeiske marknaden, både gjennom reiser og netthandel. For norske næringsdrivande er den europeiske marknaden svært viktig. Viktige delar av det norske forbrukarregelverket er basert på EU-reglar. Det er i norsk interesse å medverke til utviklinga av internasjonalt og europeisk samarbeid.

Frå norsk side har ein teke aktivt del under forbrukarprogrammet 2007–2013, og knytt norske fagmiljø som Forbrukarombodet, Forbrukarrådet og Statens Institutt for Forbruksforsking til EU sitt arbeid. Deltakinga til Forbrukarombodet i EU-nettverket for handheving av forbrukarregelverk (CPC) er eit døme. Eit anna døme er Forbruker Europa, som er det norske kontoret i ECC-Net (dei europeiske forbrukarsentra). Det blir samfinansiert av Noreg og Kommisjonen.

Deltaking i felles marknadstilsynsaksjonar i EØS-marknaden gjev norske produkttryggleiksorgan høve til å vere med å utvikle beste tilsynspraksis. I tillegg får norske organ tilgang til testresultat for langt fleire produkt enn dei sjølve har høve til å kontrollere. Fellestilsyn medverkar òg til lik tolking og handheving av produkttryggleiksregelverket, som igjen medverkar til forbrukartillit og like konkurransevilkår for aktørane på marknaden. Til dømes har Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap gode røynsler med deltaking i fellesaksjonar under forbrukarprogrammet for perioden 2007–2013.

Dei to databasane for kosmetikk vert nytta jamleg av Mattilsynet, og er viktige i samanheng med tilsynet som vert utført på kosmetiske produkt i Noreg.

Deltakinga i det gjeldande programmet er utan tvil ein positiv og viktig del av den norske forbrukarpolitikken. Denne gjev, gjennom sine aktivitetar, høve til å påverke regelverk og tiltak, i tillegg til god informasjon. Deltaking i tiltak som handhevingsnettverket (Forbrukarombodet) og ECC-nettverket (Forbrukar Europa) fører til eit betre vern for norske forbrukarar. Ved at norske marknadstilhøve inngår i studiar av marknader og forbrukarproblem, vil norske forhold vere ein del av kunnskapsgrunnlaget når forbrukarpolitikken til EU skal utformast.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet tilrår at Noreg deltek i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 254/2014 om Forbrukarprogrammet 2014–2020. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.