Prop. 84 S (2013–2014)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

2 Nytt eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt for godkjenning (kapittel 1761)

2.1 Ørland – nytt skvadronsbygg F-35

Stortinget har gjennom handsaminga av Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012), vedteke at hovudbasen for Forsvaret sine nye kampfly skal lokaliserast og etablerast ved Ørland hovudflystasjon.

Som oppfylging av Stortinget sitt vedtak fekk Forsvarsbygg i oppdrag å etablere den nye hovudbasen for F-35 på Ørland. Forsvarsbygg har etablert samarbeid med Ørland kommune, Bjugn kommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Fylkesmannen i Sør-Trøndelag, landbruksnæringa og grunneigargrupperingar for å etablere gode løysingar både for Forsvaret og lokalsamfunnet. Forsvarsbygg sendte fram forslag til reguleringsplan med tilhøyrande konsekvensutgreiingar for den nye kampflybasen på Ørland til Ørland kommune i januar 2014. Reguleringsplanen er no til handsaming i kommunen og eit endeleg reguleringsvedtak kan tidlegast kome i november 2014.

Skvadronsbygget er det første byggjeprosjektet i etableringa av den nye hovudbasen for F-35 på Ørland. Bygget må stå ferdig allereie våren 2016 for mottak av dei første fire simulatorane for F-35 som vert leverte gjennom kampflyanskaffinga.

Skvadronsbygget vil innehalde ein administrasjonsdel med kontor, møterom og garderobar for to F-35-skvadronar, simulatorskvadronen og vedlikehaldsskvadronen. I tillegg skal skvadronsbygget gi plass for ei simulatoreining med åtte F-35-simulatorar og fasilitetar for planlegging av operasjonar, trening og øving for F-35-skvadronane med tilhøyrande brief-/debriefrom og tekniske rom. Å lokalisere dei operative kapasitetane saman med simulatorfasilitetane og vedlikehaldsfasilitetane vil sikre maksimal utnytting av tilgjengelege ressursar. Forsvarsdepartementet planlegg difor at vedlikehaldshangarane for F-35 vert bygde i nærleiken av det nye skvadronsbygget. Kort avstand mellom dei operative avdelingane og trenings- og vedlikehaldskapasiteten vil gje ein effektiv flytimeproduksjon og sikre god operativ kapasitet for kampflyvåpenet.

Prosjektet for etablering av eit nytt skvadronsbygg for F-35 på Ørland er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 619 mill. kroner.

Byggjeprosjektet for etablering av nytt skvadronsbygg for F-35 på Ørland har eit grensesnitt mot fleire andre investeringsprosjekt på den nye kampflybasen. Skvadronsbygget vil verte tilrettelagt for samankopling med det planlagte vedlikehaldsbygget for F-35. Vidare er det naudsynt med eit prosjekt for etablering av utomhus infrastruktur og tilkopling til eksisterande infrastruktursystem ved Ørland hovudflystasjon. I tillegg er det behov for eit materiellprosjekt for anskaffing av møblar, IKT-utstyr, lager- og verkstadmateriell. For desse byggje- og innreiingsprosjekta vil det verte utarbeidd eigne forprosjekt, der enkelte prosjekt vil verte godkjende innanfor Forsvarsdepartementet si fullmakt til å godkjenne prosjekt.

Forsvarsdepartementet vil kome attende til Stortinget for godkjenning av fleire nye byggjeprosjekt for den nye kampflybasen på Ørland.