Prop. 84 S (2013–2014)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

4 Nytt materiellprosjekt for godkjenning (kapittel 1760)

4.1 Oppgradering av luftvernsystem til Fridtjof Nansen-klassen fregattar

Stortinget vart i Prop. 1 S (2013–2014) informert om eit nyoppretta prosjekt som skal sørgje for at Fridtjof Nansen-klasse fregattane vert utrusta med eit relevant luftvernsystem ved at sjølvforsvarsmissila vert gjort i stand til å nedkjempe kjende truslar både i notid og i eit framtidsperspektiv.

Forsvaret sine fregattar bidreg til å ivareta Forsvaret sine oppgåver i fred, krise og krig. Fregattane har eit vidt spekter av sensorar og våpen, og skal vere nyttige i heile breidda av maritime operasjoner, både nasjonalt og internasjonalt. Fartya sine våpensystem og sjølvforsvar må difor vere moderne og effektive for å kunne brukast til å løyse sitt breie spekter av oppgåver. Det integrerte våpensystemet med sjølvforsvar mot lufttruslar som vart vald ved anskaffinga av fregattane, var vel kjent og henta frå eksisterande design som vart brukt i den amerikanske marinen sine AEGIS-farty. Dette førde til redusert grad av utvikling og svært låg risiko for prosjektgjennomføringa, noko som var avgjerande ved val av våpensystem og sjølvforsvarsmissil på fregattane.

Krava til eksisterande sjølvforsvarsmissil, Evolved SeaSparrow Missile (ESSM), vart utvikla på 1990-talet. Missilet vart designa til å ha ei initiell levetid på 15 år. Framtidige nye og endra truslar gjer at det er behov for oppdateringar og vidareutvikling av luftvernmissilsystemet.

Føremålet med prosjektet er å sørgje for at Fridtjof Nansen-klassen har eit luftvernmissil som møter dette operative behovet. Det omfattar kapasitet til å gi fregattane sjølvforsvar både mot dagens truslar og dei våpentruslane som kan ventast i åra framover. Likeeins skal fregattane framleis ha evne til å virke saman med allierte marinestyrkar, slik at dei kan samhandle for å oppnå større operativ evne. Systemet skal kunne vere operativt tilgjengeleg og teknologisk relevant og slik sikre vår evne til å innfri våre nasjonale oppgåver og internasjonale plikter. Prosjektet skal vidare sørgje for tilgang på reservedelar og sørgje for å oppnå mest mogeleg teknologisk utbytte og sparing ved oppdateringar av luftvernsystemet gjennom samarbeidsprosjekt med andre nasjonar.

Det er vurdert to alternative tekniske løysingar i tillegg til å behalde den eksisterande løysinga. Dei to løysingane er 1) Å oppgradere eksisterande missil bygd i USA og 2) Å skaffe eit europeisk missil og integrere det i AEGIS-våpensystemet. Løysinga som er vald, ut i frå yting, kostnad og tidsperspektiv, er å oppgradere dei eksisterande missila (ESSM) i eit samarbeid med andre nasjonar innanfor NATO SEASPARROW-prosjektet.

Noreg deltok i etableringa av NATO SEASPARROW-prosjektet frå seint på 1960-talet. Den daglige drifta vert gjort av NATO SEASPARROW Project Office (NSPO), der Noreg er fast representert. Gjennom dette samarbeidet vert nye generasjonar missil utvikla og produserte.

Samarbeidet omfattar også eit vedlikehalds- og støtteapparat som sikrar at dei 12 medlemsnasjonane har velfungerande sjølvforsvarssystem på overflatefartya sine. Den tilrådde løysinga inneber at Noreg deltek i utviklinga av Evolved Seasparrow Missile Block 2 (ESSM Block 2) og deretter anskaffar dette missilet.

For å gi størst grad av sjølvforsvar mot eit spekter av truslar, vert også fleire av Forsvaret sine eksisterande ESSM Block 1 levetidsforlenga. Dette gir ein missilbehaldning med to konfigurasjonar som Forsvaret kan nytte på best mogeleg taktisk måte. Våpensystemet (AEGIS) vert oppgradert for å handtere kjende truslar og ESSM Block 2.

Tidsplanen som er lagt til grunn, er at prosjektet startar opp i 2014 og at det kan terminerast i 2026.

Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomført i samsvar med statens kvalitetssikringsregime. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma. Den tilrådde kostnadsramma (post 45) for prosjektet er 1 849 mill. kroner, medrekna ei avsetting for usikkerheit. Gjennomføringskostnadene (post 01) for prosjektet er estimert til 30 mill. kroner.