Prop. 84 S (2013–2014)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

5 Saker til informasjon

5.1 Landbasert, indirekte eldstøtte

Prosjektet vart vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 370 (2008–2009), jf. St.prp. nr. 70 (2008–2009). Prosjektet omfattar nyskaffing av 24 sjølvdrivne artilleriskyts med system for handtering av ammunisjon, logistikk og ei viss mengde presisjonsstyrd ammunisjon og røykammunisjon. Nyskaffinga var planlagt gjennomført i samarbeid med Sverige. Leveransane skulle vore avslutta i 2013.

Då Noreg og Sverige avgjorde å gjennomføre ei felles nyskaffing av artillerisystemet, kalla Archer, var det mellom anna med grunnlag i at systemet ville liggje langt framme teknologisk sett, og at Hæren difor skulle få auka si operative yteevne. Samstundes skulle ein kunne operere systemet med lågare innsats av ressursar.

I Prop. 1 S (2012–2013) og Prop. 1 S (2013–2014) orienterte Forsvarsdepartementet om at leveransane ville kome betydeleg seinare grunna tilhøve hjå leverandøren, mellom anna avvik i kvalitet og tekniske utfordringar med skyts og systema for handtering av ammunisjon.

Regjeringa konkluderte difor med at artillerisystemet ikkje ville fylle Forsvaret sitt behov innan den tida som var tilgjengeleg, og å trekkje seg ut av sin del av kontrakten med leverandøren som følgje av at vi ikkje hadde tillit til at han ville kunne greie å levere eit artillerisystem i tråd med kontrakten.

Artilleri er ein viktig operativ kapasitet for Forsvaret, og Stortinget har tidlegare vedteke at denne kapasiteten skal vere ein del av strukturen. Dette ligg fast, og Forsvarsdepartementet har difor byrja arbeidet med å finne alternativ til Archer.

Eksisterande artillerisystem av typen M109 har ei forventa levetid fram til 2020. Ei erstatning for M109-systemet må vere på plass innan denne tida. Kva for eit artilleri Hæren skal ha i framtida, vil fyrst bli klart etter ei grundig vurdering av mogelege alternativ. Ein prosess for å skaffe eit nytt artillerisystem er både tidkrevjande og omfattande. Det er difor naudsynt å få ei avklaring så snart som råd. Det er venta at ei avklaring om val av system vil kunne kome i 2014.

Regjeringa vil kome attende til Stortinget med informasjon om denne saka. Dersom det vert føreslege endringar i prosjektet som går ut over tidlegare fastsette omfang og kostnadsramme vil regjeringa leggje fram ei eige sak om dette.

Prosjektet si prisjusterte kostnadsramme (post 45) er 2 035 mill. kroner (2014).

5.2 Fleirnasjonalt samarbeid om tank- og transportfly

Regjeringa er oppteken av kostnadseffektive og gode løysingar for nyskaffing av materiell. Samarbeidsløysingar blir vurderte i alle prosjekt. Innafor området luft-til-luft drivstoffylling (lufttanking), deltar Noreg i eit prosjekt for mogleg fleirnasjonal framskaffing og drift av multirolle tank- og transportfly (MRTT). Initiativet er sett igang av European Defence Agency (EDA) under leiing av Nederland, med Noreg som ein sentral aktør. Prosjektet har som mål å auke kapasiteten til strategisk lufttransport og lufttanking. Samarbeid med private aktørar (OPP/OPS) har vore vurdert, men har av ulike grunnar vist seg utfordrande å gjennomføre. Nasjonane har difor, mellom anna for å redusere risiko i prosjektet, vald ikkje å gå vidare med dette alternativet.

Ein intensjonsavtale (Letter of Intent – LoI) om arbeidet med å utvikle ei felles løysing for framskaffing og drift av ein fleirnasjonal MRTT-flåte vart signert på EDA sitt styremøte for forsvarsministrane1 19. november 2012. Avtalen omtalar dei overordna rammene og retninga for det vidare arbeidet i prosjektet.

Lufttanking gjev auka operasjonstid og rekkjevidde til mellom anna kampfly. Noreg har stort sett leigd inn amerikanske eller nederlandske tankfly for at kampflygarane våre skal kunne gjennomføre naudsynt trening på lufttanking. Nederland er ein av pådrivarane i det EDA-støtta arbeidet, då dei nederlandske tankflya skal skiftast ut omkring 2020. USA har varsla redusert nærvere med militære styrkar i Europa, og dette gjeld også for tankfly.

Noreg kan difor få store utfordringar med å dekkje vårt behov for lufttanking i framtida. Vårt nasjonale behov er for lite til at ein eigen nasjonal kapasitet er berekraftig. I tillegg til kostnader til framskaffing og drift av flya, ville ein måtte byggje opp ein organisasjon for å operere dei. Utrekningar frå Nederland tyder på at ei slik eining vil ligge på om lag 140 personar, dersom oppgåver som til dømes brann, redning, rydding av snø mv. vert ivaretekne av andre einingar ved heimebasen. Etter planen skal ein bindande avtale mellom dei deltakande nasjonane (MoU) signerast i 2015 med påfølgande kontraktsinngåing. Flya er planlagt sette i drift frå 2020.

Gjennom ei fleirnasjonal løysing kan det sjå ut som at Noreg får dekt behova på ein kostnadseffektiv måte. Regjeringa vil peike på at det framleis er mykje arbeid att før eit utkast til ein avtale (MoU) er klar. Det er starta eit arbeid med å lage ei utgreiing for den nasjonale avgjerdsprosessen. Denne vil etter planen vere klar for ekstern kvalitetssikring i 2014.

Regjeringa planlegg å kome attende til Stortinget med saka i ein proposisjon i 2015.

5.3 Einskapshelikopter til Forsvaret

Prosjektet vart vedteke ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 7 (2000–2001) til St.prp. nr. 1 (2000–2001). Prosjektet omfattar levering av 14 NH90-helikopter til Kystvakta og fregattane. Helikoptra skulle ha vore leverte i perioden 2005–2008, men leveransane er svært forseinka.

Stortinget vart i Prop. 1 S (2013–2014) informert om status i dei planlagde leveransane av NH90 maritime helikopter. Status var då at Forsvaret skulle skal ta imot seks helikopter i ein såkalla Initial Operational Capability- (IOC-) konfigurasjon. Desse helikoptra gir ein initiell operativ kapasitet til Kystvakta. Helikoptra oppfyller ikkje alle krava i kontrakten, men tilfredsstiller krav knytte til trening, og start av ein initiell operativ og teknisk evaluering med sikte på ein begrensa operativ leveranse. Dei resterande åtte helikoptra skulle bli leverte i ein såkalla Full Operational Capability- (FOC-) konfigurasjon. Alle helikoptra skulle etter leveranseplanen vore levert i ein fullt operativ konfigurasjon innan utgangen av 2017.

Framleis er det store forseinkingar i leveransane av NH90 til Kystvakta og fregattane. Industrien har ikkje evna å levere i samsvar med krav og avtalar. Dette gjer at det er risiko for forseinkingar i dei komande leveransane.

Årsaka til forseinkingane kan i hovudsak knyttast til manglande kvalitetskontroll hjå industrien, noko som har resultert i mange feil og manglar på helikoptra. Det omfattande arbeidet med mottakskontroll har fått til fylgje at også arbeidet med design av den endelege versjonen har blitt forseinka. Planen for leveransar av NH90 i den endelege versjonen har såleis måtte justerast.

Forsvaret har per april 2014 teke imot totalt fire NH90 helikopter. Ytterligare to helikopter er planlagt levert i løpet av hausten. Forsvaret sine helikopterressursar er hardt pressa. I Prop. 1 S (2013–2014) vert det informert om at Luftforsvaret allereie har ein redusert evne til å støtte kystvaktfarty med Lynx helikopter, med bakgrunn i at desse nærmar seg slutten på teknisk levealder og difor vist seg svært krevjande å halde operative. Vidare er Lynx levetidsforlenga for å gje helikopterstøtte til Kystvakta i 2014 samstundes med at NH90 vert fasa inn. Det er viktig å få NH90 operativ så raskt som mogeleg. For å kraftsamla om NH90, er det naudsynt å avslutte bruken av Lynx tidlegast mogeleg.

Etter den justerte planen er det lagt opp til at ein frå tidleg i 2015 skal kunne nytte NH90 til avgrensa kystvaktsoperasjoner frå land og at ein frå sumaren 2015 skal operere helikoptra frå kystvaktfarty. Samstundes skal ein starte utprøvinga på fregattane.

Leveransane av den endelege versjonen med opp til fire helikopter i året vil gå føre seg i 2017–2020. Prosessen med å ferdigstille design og kvalifisere den endelege versjonen er i sluttfasen, men nokre krevjande område står att.

5.4 Klede og verneutstyr – teknisk justering av kostnadsramma

Prosjektet klede og verneutstyr vart godkjent gjennom Stortinget si handsaming av Innst. 7 S (2013–2014), jf. Prop. 1 S (2013–2014). Føremålet med prosjektet er å erstatte og utvikle vidare personleg klede- og verneutrusting til militært personell på alle nivå for bruk under relevante trenings- og operasjonsmiljø i inn- og utland. Ved ein feil vart prosjektet si kostnadsramme oppgjeve i 2013-kroneverdi til 700 mill. kroner inkludert avsetting for usikkerheit. I 2014-kroneverdi er prosjektet si prisjusterte kostnadsramme 715 mill. kroner (post 45). I tillegg kjem gjennomføringskostnader (post 01) på 16 mill. kroner.

Fotnotar

1.

Intensjonsavtala vart signert av følgjande nasjonar: Belgia, Frankrike, Hellas, Luxembourg, Nederland, Noreg, Polen, Portugal, Spania og Ungarn.