St.meld. nr. 23 (2006-2007)

Kredittmeldinga 2006

Til innhaldsliste

2 Finansiell stabilitet

2.1 Innleiing

Finansiell stabilitet blir ofte brukt for å beskrive ein tilstand der det er velgrunna tillit til at føretaka i finanssektoren vil oppfylle dei pliktene dei har take på seg, slik at finansielle avtalar blir inngått på normale forretningsmessige vilkår. Ein har erfaring for at periodar med sterk vekst i gjeld og formuesprisar kan utfordre den finansielle stabiliteten.

Både nasjonale styresmakter og internasjonale organ er involverte i arbeidet med å sikre finansiell stabilitet, og internasjonalt samarbeid på området er blitt utvida. Det internasjonale valutafondet (IMF) er ein sentral aktør i det internasjonale arbeidet.

Styresmaktene sitt arbeid med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet har eit overordna ansvar for ein velfungerande finansmarknad og arbeider særleg med rammevilkåra. Kredittilsynet fører tilsyn med finansinstitusjonane og marknadsplassane. Noregs Bank og Kredittilsynet skal medverke til at det finansielle systemet er robust og effektivt. Noregs Bank og Kredittilsynet overvaker derfor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje utviklingstrekk som kan svekkje stabiliteten i det finansielle systemet. Kapittel 4.1.2.3 gir ein omtale av oppgjerssystemet i Noregs Bank. Samarbeidet mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank blei ytterlegare formalisert i 2006 ved at det blei skipa eit trepartsmøte mellom dei tre institusjonane. Det første møtet blei gjennomført 30. oktober 2006. Slike møte vil bli haldne kvart halvår. I møta vil utsiktene for finansiell stabilitet bli drøfta, samstundes som ein òg vil gå gjennom erfaringar frå kriseøvingar og drøfte samarbeidet ved behandling av eventuelle kriser.

I dette kapitlet omtalar vi først hovudtrekka i norsk og internasjonal økonomi, og strukturen i finansmarknadene med søkjelys på dei viktigaste finansinstitusjonane. Deretter blir utviklinga i finansmarknaden og resultata til finansinstitusjonane omtala.

Seinare i kapitlet omtalar vi ulike slag risiko i finansmarknaden, som marknadsrisiko, kredittrisiko, likviditetsrisiko og operasjonell risiko. Talmaterialet til kapitlet og bakgrunnsinformasjon frå kapitlet er i stor grad henta frå rapportar og publikasjonar frå Noregs Bank og Kredittilsynet. Ein omtale av dei norske Basel-II reglane (reglar om finansinstitusjonars kapitaldekning) og forbrukarrelaterte spørsmål er ført opp i temaboksar.

2.2 Den økonomiske situasjonen – hovudtrekk

Noreg har ein liten og open økonomi, og blir påverka av utviklinga i finansmarknadene internasjonalt. Når ein skal vurdere den finansielle stabiliteten i den norske finansmarknaden, bør ein gjere det i lys av utviklinga i konjunkturar og marknader. Resultata i finansinstitusjonane er prega av konjunkturane og utviklinga i ulike formuesprisar. I dette underkapitlet følgjer derfor ein kort gjennomgang av utviklinga i norsk og internasjonal økonomi som bakgrunn for etterfølgjande kapittel.

Det var høg vekst i norsk økonomi i 2006. Låge renter bidrog til betydeleg auke i etterspurnaden frå hushalda. Saman med høge oljeinvesteringar var auke i konsumet og høge bustadinvesteringar dei viktigaste drivkreftene bak oppgangen. Lønn­semda i fastlandsføretaka har også vore god, og kapasitetsutnyttinga er høg. God utvikling også i verdsøkonomien gav ytterlegare impulsar til fastlandsøkonomien. Arbeidsmarknaden stramma seg til gjennom året, med ein markert auke i sysselsetjinga og rask nedgang i arbeidsløysa. Stadig fleire bransjar melder om vanskar med å skaffe kvalifisert arbeidskraft.

Verdsøkonomien har dei siste åra vore inne i den sterkaste oppgangen sidan 1970-talet. I 2006 var BNP-veksten hos dei viktigaste handelspartnarane til Noreg heile 3,6 prosent. Den sterke veksten har vore driven av lågt rentenivå, auka globalisering og høg investeringsaktivitet i bedriftene. Framover vil renteaukar i fleire land og den svake bustadmarknaden i USA medverke til noko lågare vekstimpulsar. For Noregs viktigaste handelspartnarar er det venta at veksten minkar til snautt 3 prosent i 2007. Sjølv om det er venta noko svakare vekst i verdsøkonomien framover, synest utviklinga no å vere jamnare balansert. Svakare vekst i USA blir oppvegen av vekstratar godt over trend i euroområdet og framleis høg vekst i framveksande økonomiar. Samstundes er arbeidsmarknaden i ei rekkje land i klar forbetring, særleg i Europa. Dette vil venteleg føre til solid vekst i privat etterspurnad i desse landa framover.

Oljeprisen nådde ein topp på over 75 USD pr. fat i august i fjor, men har etter dette falle til mellom 55 og vel 60 USD pr. fat. Sjølv om oljeprisen var på eit historisk høgt nivå i 2006, var veksten i konsumprisane moderat. Høg kapasitetsutnytting har heller ikkje medverka til ein vesentleg oppgang i konsumprisane. Ei viktig årsak er meir import og konkurranse frå lågkostnadsland i Asia. Hos dei viktigaste handelspartnarane våre steig konsumprisane med nærmare 2 prosent i fjor. I Nasjonalbudsjettet 2007 blei det lagt til grunn ein vekst i konsumprisane hos handelspartnarane på om lag 2 prosent også i år.

BNP for Fastlands-Noreg blei i Nasjonalbudsjettet 2007 anslått til å auke med 2,9 prosent i 2007. Veksten ser dermed ut til å halde seg over trendvekst for fjerde året på rad. Framleis konsumauke i hushalda er venta å bidra positivt til den økonomiske veksten, sjølv om renta gradvis aukar. Lønns- og sysselsetjingsauke vil, saman med låg prisauke, trekkje realinntektsveksten til hushalda klart opp. God lønnsemd i fastlandsføretaka, gunstig ordresituasjon både i industrien og i byggje- og anleggsbransjen og sterk kredittvekst til føretaka peikar mot høg vekst i investeringane til fastlandsføretaka også i 2007. I motsett retning trekkjer forventningar om ei utflating i bustadinvesteringane.

Arbeidsmarknaden stramma seg klart til gjennom fjoråret. I Nasjonalbudsjettet 2007 la ein til grunn at sysselsetjinga vil auke med 1,3 prosent frå 2006 til 2007, svarande til 30 000 personar. Arbeidsløysa (AKU) blei anslått til 3¼ prosent av arbeidsstyrken. Utviklinga i arbeidsmarknaden har vore noko sterkare enn venta sidan framlegginga av Nasjonalbudsjettet. Sysselsetjinga har auka raskt, og arbeidsløysa (AKU) var ved utgangen av året nede i 2,8 prosent av arbeidsstyrken. Frå 2005 til 2006 auka sysselsetjinga med heile 72 000 personar. Det er den høgaste årlege veksten som er registrert på 20 år. Utviklinga på arbeidsmarknaden framover kjem i stor grad til å vere avhengig av kor store arbeidskraftsressursar det er mogleg å mobilisere. Stadig fleire næringar melder no om mangel på kvalifisert arbeidskraft.

Konsumprisane (KPI) auka i snitt med 2,3 prosent frå 2005 til 2006, mot 1,6 prosent året før. Elektrisitetsprisutviklinga åleine drog veksten i KPI opp med eitt prosentpoeng. Samstundes bidrog sterk prisvekst på drivstoff og mange tenester til konsumprisauken. Svak prisutvikling på blant anna klede drog i motsett retning. Justert for avgiftsendringar og utanom energivarer (KPI-JAE) auka prisane med 0,8 prosent frå 2005 til 2006. Mot slutten av året viste KPI-JAE ein tiltakande vekst. For 2007 blei det anslått ein vekst i KPI på 1¾ prosent og KPI-JAE på om lag 1½ prosent. Terminprisane på elektrisitet har falle etter at Nasjonalbudsjettet 2007 blei lagt fram. KPI-veksten synest no å bli lågare enn det ein tidlegare anslo for dette året.

Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera har førebels berekna årslønnsveksten frå 2005 til 2006 til 4,1 prosent for alle lønnstakarar under eitt. I Nasjonalbudsjettet 2007 blei det lagt til grunn ein årslønnsvekst på 3¾ prosent i den same perioden. Erfaringsmessig kan ein stram arbeidsmarknad gi aukande lønnsvekst. Høg arbeidsinnvandring har truleg dempa noko av presset på lønn­ingane så langt i konjunkturoppgangen. Framover forventar ein at lønnsveksten vil ta seg noko opp. Årslønnsveksten blei i Nasjonalbudsjettet 2007 anslått til 4,5 prosent i år.

2.3 Strukturen i den norske finansmarknaden

Samla forvaltningskapital i den norske finansmarknaden var 4 449 milliardar kroner ved utgangen av 2006. Samla forvaltningskapital auka med nærmare 19 prosent samanlikna med utgangen av 2005, då samla forvaltningskapital var 3 753 milliardar kroner. Dei største finansgruppene (DnB NOR, Storebrand, Sparebank 1 Gruppen, Terra Gruppen og Nordea) hadde ved utgangen av 2006 ein samla forvaltningskapital på 2 681 milliardar kroner, jf. tabell 2.1. Dette er ein auke på 20,8 prosent samanlikna med utgangen av 2005, då samla forvaltningskapital i dei største finansgruppene var 2 219 milliardar kroner. Desse finansgruppene utgjer ein stor del av finansmarknaden, og ved utgangen av 2006 utgjorde dei største finansgruppene sin marknadsdel innanfor bank og livsforsikring høvesvis 71,3 og 67,3 prosent. Eitt år tidlegare var marknadsdelen 68,9 prosent for bank og 68,6 prosent for livsforsikring.

Også utanlandske aktørar utgjer ein vesentleg del av den norske finansmarknaden. Utanlandske aktørar sin del av den norske finansmarknaden er særleg høg blant finansieringsselskap og innanfor skadeforsikring. Ved utgangen av 2006 hadde dei ein marknadsdel på høvesvis 65,9 og 42,6 prosent. Dette er tilsvarande tal som ved utgangen av 2005. Målt som del av forvaltningskapital hadde utanlandske bankar ein marknadsdel på 31,2 prosent ved utgangen av 2006, mot 31,0 prosent eitt år tidlegare.

Dei fem største kredittinstitusjonane i Noreg (DnB NOR Bank, Nordea Bank Norge, Fokus Bank, Handelsbanken og Sparebanken Rogaland) hadde ein samla del av kredittmarknaden på 54 prosent ved utgangen av 2006.

Det er fem større finansgrupperingar i den norske finansmarknaden. Den klart største er DnB NOR-konsernet. Andre store grupperingar er Sparebank 1-gruppen med 23 bankar og Terra-gruppen med 79 sparebankar. Fire nye sparebankar gjekk inn i Sparebank 1-gruppen i 2006. Sparebanken Hedmark er den største av dei fire bankane som gjekk inn i Sparebank 1-gruppen. Bankane i Sparebank 1-gruppen og Terra-gruppen er sjølvstendige bankar som ikkje kan samarbeide om prisar og vilkår som kan påverke konkurransen. Når ein skal måle konsentrasjon i bankmarknaden, er det derfor ikkje relevant å sjå på samarbeidsbankane som ein aktør.

Konsentrasjonen er høgare i forsikringsmarknaden enn i kredittmarknaden. Av dei ni livsforsikringsselskapa som driv tradisjonell livsforsikring i Noreg, har dei tre største (Vital Forsikring, KLP og Storebrand Livsforsikring) ein marknadsdel på heile 85 prosent. Dette er ein nedgang på 2,5 prosentpoeng samanlikna med utgangen av 2005.

I skadeforsikringsmarknaden har dei fire største selskapa (Gjensidige Forsikringsgruppen, If, Vesta Skadekonsern og Sparebank 1 Skadeforsikring) ein marknadsdel på 72 prosent målt i brutto premieinntekter. Dette er ein nedgang på eitt prosentpoeng samanlikna med utgangen av 2005.

Vesta Forsikring blir omdanna til filial i det nordiske Tryg Vesta-konsernet i 2007, etter godkjenning frå Finansdepartementet i desember 2006. Dette vil auke marknadsdelen til dei utanlandske filialane frå 28 til om lag 40 prosent, målt i brutto premieinntekter. Fokus Bank vil i 2007 bli omdanna til filial av Danske Bank etter godkjenning frå Finansdepartementet i desember 2006.

Mens sjølvstendige forretningsbankar i stor grad er kjøpte opp av andre bankar dei siste åra, er reduksjonen i talet på sparebankar i hovudsak eit resultat av fusjonar for å danne større og meir slagkraftige einingar. Interessa for oppkjøp av sparebankar har auka den siste tida. Sparebankane har i dag tre moglegheiter for å endre status: avvikling, fusjon med andre sparebankar eller omdanning til aksjesparebank. Det er til no berre Gjensidige NOR Sparebank som har nytta retten til å omdanne seg til aksjesparebank.

I sparebanknæringa har det mellom anna vore ein debatt dei siste to åra om den framtidige strukturutviklinga i næringa. Departementet meiner det er avgjerande at sparebankane har ein tilstrekkeleg fleksibilitet til å gjere strukturelle endringar som næringa sjølv finn nødvendige, samstundes med at ein slik fleksibilitet ikkje må bidra til å redusere sparebankane si samfunnsmessige rolle, eller rolla deira som viktig næringsaktør i distrikta. Departementet har derfor bedt Banklovkommisjonen om å greie ut og utarbeide utkast til reglar om strukturelle løysingar for sparebankar som tek omsyn til desse interessene. I samanheng med dette har departementet avslått to søknader om løyve til omdanning og sal av sparebank. Dei to avslaga er i hovudsak grunna i at sakene reiser prinsipielle spørsmål som bør greiast ut generelt før det blir teke endeleg stilling til enkeltsaker.

Tabell 2.1 Forvaltningskapital i finansgrupper i Noreg pr. 31.12.2006 – fordelt på bransjar

FK (mill.kr.)BankFinansieringsselskapKredittføretakVerdipapirfondLivsforsikringSkadeforsikringSum gruppe*
DnB NOR**1 065 04528 59227 62483 929222 52201 427 712
Nordea351 4679 17118 53326 76840 8340446 773
Sparebank1/Samarb. sparebankar*330 2037 83482243 55722 0427 450411 908
Storebrand34 3670036 617172 012490243 486
Terra-gruppen138 5409606 0274 51301 212151 252
Sum finansgrupper1 919 62246 55753 006195 384457 4109 1522 681 131
Total marked***2 693 434137 152453 587342 842679 822142 5104 449 407

* Sum gruppe er sum av forvaltningskapital i dei ulike bransjane og vil avvike frå konserna sine eigne konsernrekneskapar.

** Inkl. Nordlandsbanken og Vital Link.

*** I sum total marknad inngår filialar som utanlandske institusjonars har i Noreg. Utanlandske institusjonars grensekryssande verksemd i Noreg er ikkje inkludert.

Kjelde: Kredittilsynet

2.3.1 Enkeltbransjar

Bankar

Ved utgangen av 2006 var det 147 bankar i den norske finansmarknaden. Av dette var 124 sparebankar, 9 norskeigde forretningsbankar, 8 filialar av utanlandske bankar og 6 utanlandsk eigde dotterbankar. Samla forvaltningskapital i den norske bankmarknaden (inkludert utanlandske filialar og utanlandsk eigde dotterbankar i Noreg) var 2 693 milliardar kroner ved utgangen av 2006. Dette er ein auke på nærmare 21 prosent samanlikna med utgangen av 2005, då samla forvaltningskapital var 2 229 milliardar kroner. DnB NOR Bank er framleis den klart største banken i den norske bankmarknaden med ein marknadsdel på 39,5 prosent målt i prosent av forvaltningskapitalen ved utgangen av 2006. Til samanlikning hadde den nest største banken, Nordea Bank Norge, ein marknadsdel på 13,0 prosent av forvaltningskapitalen i same periode.

Filialar av utanlandske bankar hadde ein vekst i brutto utlån til kundar på 37 prosent i 2006, og utlån til næringslivskundar auka med heile 43 prosent. Til samanlikning hadde dei norskeigde bankane ein vekst i utlån til kundar på totalt 17 prosent i 2006. Også for norskeigde bankar var veksten i lån til innanlandske næringslivskundar høgast i 2006 med ein vekst på 23 prosent.

Livsforsikring

Samla forvaltningskapital i livsforsikringsselskapa (inkludert filialar og utanlandsk eigde dotterselskap) auka med 13,1 prosent i 2006, frå 601 milliardar kroner ved utgangen av 2005 til 680 milliardar kroner ved utløpet av 2006.

Utanlandsk eigde filialar og utanlandsk eigde dotterselskap hadde ein marknadsdel på høvesvis 1,0 og 6,5 prosent av den norske livsforsikringsmarknaden ved utgangen av 2006. Dette er tilsvarande tal som ved utgangen av 2005.

Skadeforsikring

Forvaltningskapitalen i skadeforsikringsselskapa (inkludert filialar og utanlandsk eigde dotterselskap) var 143 milliardar kroner ved utgangen av 2006. Dette er ein auke på om lag 8 milliardar kroner samanlikna med utgangen av 2005. Ved utgangen av 2006 var det 44 ordinære skadeforsikringsselskap i den norske marknaden, og eit stort tal utanlandske filialar. Gjensidige Forsikringsgruppen er det største skadeforsikringsselskapet i Noreg med ein marknadsdel på 27 prosent. Filialar av utanlandske skadeforsikringsselskap hadde ein marknadsdel på 27,9 prosent og dotterselskap av utanlandske selskap hadde ein marknadsdel på 14,7 prosent av den norske skademarknaden ved utgangen av 2006. Dette er tilsvarande tal som ved utgangen av 2005 då utanlandske filialar og utanlandske dotterselskap hadde høvesvis 29,1 og 15,1 prosent av den norske skademarknaden.

Kredittføretak

Samla forvaltningskapital i kredittføretaka auka til 454 milliardar kroner ved utgangen av 2006, frå 404 milliardar kroner ved utgangen av 2005. Det er totalt 12 kredittføretak i den norske finansmarknaden. Kommunalbanken og Eksportfinans/Kommunekreditt (som er eigd av Eksportfinans) har høgast marknadsdel med høvesvis 34 og 33 prosent målt i brutto utlån til kundar. Kommunalbanken og Eksportfinans/Kommunekreditt var òg dei største kredittføretaka ved utgangen av 2005. Då var marknadsdelen deira høvesvis 31 og 30 prosent. Dei to største kredittføretaka har samla auka marknadsdelen sin frå 61 prosent ved utgangen av 2005, til 67 prosent ved utgangen av 2006. Sparebank 1 Boligkreditt starta verksemd i juni 2006. DnB NOR Hypotek blei i oktober 2006 fusjonert inn i DnB NOR Bank, og resten av verksemda til kredittføretaket blei innlemma i banken si drift.

Finansieringsselskap

Samla forvaltningskapital i finansieringsselskapa var 137 milliardar kroner ved utgangen av 2006. Dette tilsvarer ein auke på 23,4 prosent samanlikna med eitt år tidlegare, då samla forvaltningskapital var 111 milliardar kroner.

Verdipapirfond

Samla forvaltningskapital i norskregistrerte verdipapirfond auka med heile 25,2 prosent i 2006, frå 274 milliardar kroner ved utgangen av 2005 til 343 milliardar kroner ved utgangen av 2006.

Tabell 2.2 Strukturen i den norske finansieringsmarknaden pr 31.12.2006

 BankFinansieringsselskapKreditt­føretakLivs­forsikringSkade­forsikring
 % av FK% av FK% av FK% av FK% av br. Premier
Finansgrupper71,333,911,767,310,2
Øvrige selskaper28,766,188,332,789,8
Total marked**100,0100,0100,0100,0100,0
herav utenlandsk eide filialar i Norge11,028,91,91,027,9
herav utenlandsk eide datterselskaper20,237,09,86,514,7

* Kredittføretak og finansieringsselskap

** Inkl. utanlandske institusjoners filialar i Norge

2.4 Utviklinga i den norske finansmarknaden

Bankane har hatt gode resultat dei siste åra, ei utvikling som heldt fram i 2006. Bankane hadde samla sett større tilbakeføringar av tidlegare tap enn dei hadde tap på utlån i 2006, slik at det netto blei ei inntektsføring i 2006. Bankane sine kostnader har falle i høve til gjennomsnittleg forvaltningskapital. Rentemarginane har falle, noko som kan skape utfordringar for innteninga i bank på noko lengre sikt. Bankane hadde framleis høg utlåning til hushald, samstundes som veksten i utlån til næringslivet har auka kraftig i 2006. Betring i utviklinga i verdipapirmarknaden i siste halvdel av 2006, etter ein kraftig korreksjon i mai, bidrog til at resultata i livsforsikringsselskapa tok seg opp mot slutten av året. Bufferkapitalen blei styrkt i 2006, og aksjar i høve til forvaltningskapitalen var på høgaste nivå sidan 2000.

Også for skadeforsikringsselskapa heldt dei gode resultata frå dei siste åra fram inn i 2006. Premieveksten var riktig nok lågare enn i 2005, men også veksten i erstatningskostnadene fell. Samstundes hadde selskapa gode netto finansinntekter. I Kredittmeldinga 2005 drøfta departementet konkurransesituasjonen i skadeforsikringsmarknaden, og konkluderte med at om lønnsemda held seg rundt nivået frå dei tre siste år, samsvarer dette ikkje med ein konklusjon om at konkurransen i skadeforsikringsmarknaden framleis er tilfredsstillande. Kredittilsynet skriv i rapporten Tilstanden i finansmarkedet 2006 at «(d)en svake veksten i premieinntekter kan indikere at premiene reelt sett gikk ned i forhold til verdien av forsikrede objekter, som for eksempel biler og boliger, slik at svak vekst er eit uttrykk for konkurranse i skadeforsikringsmarkedet». Departementet meiner likevel at det er grunn til å følgje utviklinga i skadeforsikringsmarknaden nøye også i åra som kjem.

2.4.1 Bankane

Bankane (ikkje inkludert filialar av utanlandske bankar) oppnådde eit resultat før skatt på 28,1 milliardar kroner i 2006, ein auke på 2,5 milliardar kroner samanlikna med 2005. Avkastninga på eigenkapitalen (etter skatt) auka frå 16,8 prosent i 2005 til 17 prosent i 2006. I høve til gjennomsnittleg forvalta kapital utgjorde resultatet 1,28 prosent ved utgangen av 2006, mot 1,37 prosent eitt år tidlegare. Bankane inntektsførte samla tap på utlån på 1,5 milliardar kroner i 2006, mot 1,2 milliardar i 2005. Gjennom kvart kvartal dei siste to åra har bankane hatt tilbakeføringar på tidlegare tap på utlån. Ein nyetablert bank hadde underskot i rekneskapen sin i 2006.

I omtalen blir det skilt mellom tre ulike bankgrupper: den største banken DnB NOR (inkludert Nordlandsbanken som heileigd dotterselskap), andre bankar med forvalta kapital over 10 milliardar kroner (omfattar tjue bankar), og bankar med forvalta kapital under 10 milliardar kroner (omfattar 117 bankar).

Mens DnB NOR Bank (inkludert Nordlandsbanken) hadde eit resultat før skatt på om lag same nivå som i 2005 i forhold til gjennomsnittleg forvalta kapital, blei resultat i dei to andre gruppene noko svekt i forhold til gjennomsnittleg forvalta kapital.

Tabell 2.3 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital

  DnB NOR Bank (inkl. NB)Andre bankar med FK over 10 mrd. kronerBankar med FK under 10 mrd. kroner
200620052006200520062005
Netto renteinntekter1,461,571,621,802,192,38
Andre inntekter0,911,090,790,830,700,72
- av dette netto kursgevinstar0,220,270,170,180,090,16
Andre kostnadar1,161,321,321,421,681,77
- av dette lønn og adm. kostnader0,931,071,071,161,311,40
Driftsresultat før tap1,221,331,091,201,211,33
Bokførte tap på utlån-0,04-0,01-0,12-0,150,040,05
Gevinst/tap på verdipapir lang sikt/nedskrivingar0,120,010,000,050,010,04
Resultat av ordinær drift før skatt1,371,361,221,391,191,32

Kjelde: Kredittilsynet

Avkastninga på gjennomsnittleg eigenkapital auka for alle grupper av bankar. DnB NOR (inkl. Nordlandsbanken) hadde ei avkastning på eigenkapitalen på 23 prosent, mot 21 prosent i 2005. Avkastninga på eigenkapitalen var 17 prosent i dei nest største bankane, og 10 prosent i dei minste.

Utlån til kundar hadde ein vekst på nær 18 prosent i 2006 for bankane under eitt. Dei største bankane hadde den høgaste veksten i utlån til kundar. I 2006 auka veksten til næringslivskundar betydeleg, mens veksten i utlån til personkundar har vore høg i fleire år. Trass i sterk vekst i innskot frå kundar, 16 prosent, bidrog den sterke veksten i utlån til fall i innskotsdekninga i prosent av utlån samanlikna med 2005.

Tabell 2.4 Balansepostar

31.12.2006DnB NOR (inkl. NB)Andre bankar med forvalta kapital over 10 mrd. kronerBankar ­med forvalta kapital under 10 mrd. kroner
  Mrd. kr.Vekst i prosentMrd. kr.Vekst i prosentMrd. kr.Vekst i prosent
Forvalta kapital1 06526,51 06818,226614,7
Brutto utlån til kundar73618,488617,923614,3
Innskot frå kundar46914,052117,516914,0

Kjelde: Kredittilsynet

Spesielt har den sterke veksten i utlån til næringslivskundar det siste året gitt lågare kjernekapitaldekning. Innhenting av ny kapital og tilbakehaldne resultat i bankane dei siste åra har likevel redusert fallet. Hovuddelen av bankane har ein solid kapitalbase som til no har gjort det mogleg å halde ved like den sterke kredittveksten utan at soliditeten har komme ned på eit kritisk lågt nivå. Den sterke utlånsveksten set likevel store krav til inntening og tilbakehald av delar av innteninga for å halde oppe soliditeten via drifta. Samla hadde bankane ei kjernekapitaldekning på 8,6 prosent (førebels tal) ved utgangen av 2006, mot 9,6 prosent ved utgangen av 2005.

2.4.2 Forsikringsselskap og pensjonskasser

Resultata til livsforsikringsselskapa betra seg i 2006, i hovudsak som følgje av den sterke oppgangen på aksjemarknaden. Dei lange rentene steig i 2006, noko som bidrog til å auke avkastninga på rentepapira. Resultat før tildeling til kundar og skatt var 20,1 milliardar kroner i 2006, mot 14,7 milliardar kroner i 2005. I prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital var det ein auke i resultat frå 2,7 prosent i 2005 til 3,2 prosent i 2006. Kursreguleringsfondet auka med 6,6 milliardar kroner i 2006. Dette gav eit verdijustert resultat på 26,7 milliardar kroner, ein auke på 3,8 milliardar kroner samanlikna med året før.

Den verdijusterte kapitalavkastninga, som tek omsyn til verdiendringar på finansielle omløpsmidlar, var 7,7 prosent i 2006, mot 8,1 prosent i 2005. Mens kapitalavkastninga viser avkastninga på selskapa sine finansielle eigedelar, omfattar dei bokførte resultata alle inntektene og kostnadselementa til selskapa.

Samanlikna med 2005 auka aksjedelen i balansen med 5,1 prosentpoeng til 26,4 prosent ved utgangen av 2006. Nær 60 prosent av aksjeportefølja er plasserte i utanlandske aksjemarknader.

Behaldninga av sertifikat og obligasjonar som blir haldne som omløpsmidlar, har vore stabil over lang tid, men blei redusert med nær fem prosentpoeng siste år til 25 prosent ved utgangen av 2006. Behaldninga av obligasjonar «haldne til forfall» utgjorde 27 prosent av forvalta kapital. Gjennomsnittleg rente på denne delen av porteføljen var 5,0 prosent. Nær tre fjerdedelar av denne porteføljen har forfall etter 2009. Gjennomsnittsrenta på denne delen av porteføljen er 4,7 prosent.

Bufferkapitalen gir uttrykk for selskapa si evne til å bere risiko, og er samansett av kjernekapital ut over kravet, tilleggsavsetninger på opp til eitt års rentegaranti og kursreguleringsfond. Bufferkapitalen har svinga noko gjennom 2006 og utgjorde 6,3 prosent av forvaltningskapitalen ved utgangen av andre kvartal 2006. På dette tidspunktet var bufferkapitalen svekt etter fallet i aksjemarknaden i mai. Samla hadde livsforsikringsselskapa ein bufferkapital på 53,4 milliardar kroner ved utgangen av 2006, ein auke på 10,3 milliardar kroner samanlikna med utgangen av 2005. Nivået på bufferkapitalen, målt i høve til forvalta kapital, var 8,2 prosent ved utgangen av 2006, det høgaste nivået sidan 1999. Livsforsikringsselskapa satt av 5,3 milliardar kroner i tilleggsavsetningar i 2006, mot 2,3 milliardar kroner i 2005. Auke i tilleggsavsetningar og kursreguleringsfond bidrog til å styrke bufferkapitalen til livsforsikringsselskapa i 2006.

Ved utgangen av 2006 hadde livselskapa i gjennomsnitt ei kapitaldekning på 11,6 prosent, og alle selskapa tilfredsstilte kapitaldekningskravet på 8 prosent. Ved utgangen av 2005 var kapitaldekninga 12,0 prosent. Den ansvarlege kapitalen i livsforsikringsselskapa auka både i absolutte tal og i prosent i 2006. Den ansvarlege kapitalen var 34 milliardar kroner ved utgangen av 2006, mot 29 milliardar kroner ved utgangen av 2005. I prosent av forvaltningskapitalen utgjorde den ansvarlege kapitalen 5,1 prosent ved utgangen av 2006, mot 4,9 prosent ved utgangen av 2005.

Tabell 2.5 Resultatpostar i livsforsikring. Millionar kroner og i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital

  20062005
  Mill. kroneri % av GFKMill. kroneri % av GFK
Premieinntekter71 19411,464 69011,9
Inntekter frå finansielle eignelutar80 44712,964 13511,8
Erstatningar44 4377,132 1085,9
Endringar i forsikringsavsetningar43 0256,946 0548,5
Forsikringsrelaterte kostnader og adm.kostnader6 8221,14 6610,9
Resultat før fordeling og skatt20 0693,214 7212,7
Endring i kursreguleringsfond6 6461,18 2041,5
Verdijustert resultat før fordeling og skatt26 7124,322 9244,2

Kjelde: Kredittilsynet

For dei 16 største private og 11 største kommunale pensjonskassene (som forvaltar 80 prosent av samla kapital til forvaltning i pensjonskassene) var den verdijusterte kapitalavkastninga i 2006 noko svakare enn i 2005. Fleire av dei store pensjonskassene har ein stor prosentdel aksjar i balansen. Samla verdijustert kapitalavkastning, som tek omsyn til verdiendringar på finansielle omløpsmidlar, var 11,2 prosent i 2006 mot 12,7 prosent i 2005. Til samanlikning hadde livsforsikringsselskapa ei verdijustert kapitalavkastning på 7,7 prosent. Dei private pensjonskassene har ein høgare prosentdel aksjar som del av forvalta kapital enn dei kommunale, og det gav ei kapitalavkastning på 12,5 prosent i dei private pensjonskassene, mot 7,9 prosent i dei kommunale pensjonskassene .

Dei private pensjonskassene auka aksjedelen i høve til forvalta kapital med 3,4 prosentpoeng i 2006, og hadde ved utgangen av året ein aksjedel på 37,3 prosent. Aksjedelen i dei kommunale pensjonskassene auka med 5,5 prosentpoeng i same periode til 25,5 prosent. For både kommunale og private pensjonskasser har det vore ein auke i delen utanlandske aksjar samanlikna med utgangen av 2005, og utanlandske aksjar utgjorde høvesvis 59 prosent og 54 prosent av aksjebehaldninga. Dette er om lag like stor prosentdel av utanlandske aksjar som det livsforsikringsselskapa har. Bufferkapitalen til pensjonskassene blei styrkt gjennom 2006, og utgjorde 17 prosent av samla forvalta kapital ved utgangen av året. Premiefond utgjorde 8 prosent av forvalta kapital på same tidspunkt.

Skadeforsikringsselskapa (41 selskap i utvalet) hadde i 2006 eit samla resultat av ordinær verksemd (resultat før ekstraordinære inntekter/kostnader og skatt) på 7,4 milliardar kroner, som svarer til 26,8 prosent av premieinntekter for eiga rekning. Dette er dei premieinntektene som blir behaldne av selskapet, dvs. opptente brutto premie­inntekt minus avgitte gjenforsikringspremiar. I 2005 hadde dei same selskapa eit resultat av ordinær verksemd på 6,2 milliardar kroner. For selskapa samla var det betring i lønnsemda i den forsikringsrelaterte verksemda. Dette, saman med betring i finansinntektene, auka resultat av ordinær verksemd. Det var spesielt betring i resultata i captive-selskapa som bidrog til denne utviklinga. Eit captive-selskap er eit selskap som berre for­sikrar eigarselskapet/-selskapa eller medlemmene i ein organisasjon. Av dei 41 selskapa i utvalet hadde fire selskap negativt resultat i 2006.

Skadeforsikringsmarknaden er dominert av dei fire største skadeforsikringsselskapa, If Skadeforsikring NUF, Gjensidige Forsikringsgruppen, Vesta Skadekonsern og SpareBank 1 Skadeforsikring. Den norske filialen av If er under tilsyn av den svenske Finansinspektionen, og har dermed ikkje ordinær rapporteringsplikt til Kredittilsynet. Dei tre største skadeforsikringsselskapa, når ein ser bort frå If Skadeforsikring, har hatt fleire år med betring i lønnsemda i den forsikringsrelaterte verksemda, men lønnsemda blei noko svekt i 2006. Skadeutbetalingane var noko høgare enn i 2006, og det var ein svak auke i både kostnader og premieinntekter. Auka finansinntekter vog ikkje heilt opp for nedgangen i det tekniske resultatet, slik at resultat av ordinær verksemd blei 5,1 milliardar kroner i 2006, mot 5,3 milliardar kroner i 2005.

For dei tre skadeforsikringskonserna (Gjensidige Forsikringsgruppen, Vesta Skadekonsern og SpareBank 1 Skadeforsikring) utgjorde den samla behaldninga av obligasjonar og sertifikat 41 prosent av forvalta kapital ved utgangen av 2006, ein nedgang på 4,5 prosentpoeng siste år, og 14 prosentpoeng dei to siste åra. Aksjedelen i høve til balansen har i same periode auka kraftig. Ved utgangen av 2004 utgjorde aksjedelen 4 prosent, han auka til 14 prosent ved utgangen av 2005, og ytterlegare til 16 prosent av forvalta kapital ved utgangen av 2006. Behaldninga obligasjonar «haldne til forfall» utgjer ein relativt mindre del av forvalta kapital enn i livsforsikringsselskapa, 10 prosent ved utgangen av 2006. Utanlandsdelen i behaldninga av aksjar har auka over lang tid, og var svært høg ved utgangen av året, 85 prosent. For rentepapira fall utanlandsdelen til 24 prosent siste år.

Alle konserna tilfredsstilte minstekrava til forsikringstekniske avsetningar ved utgangen av 2006. Totale forsikringstekniske avsetningar var 43,3 milliardar kroner, ein auke på 9,6 prosent i høve til utgangen av 2005. I same periode har dekningsprosenten (dei faktiske avsetningane i prosent av minstekrav) auka frå 109,0 prosent til 111,7 prosent. Den ansvarlege kapitalen i skadeforsikringsselskapa auka både i absolutte tal og i prosent av forvaltningskapitalen i 2006. Den ansvarlege kapitalen auka til 23 milliardar kroner ved utgangen av 2006, frå 16 milliardar kroner ved utgangen av 2005. Den ansvarlege kapitalen i prosent av forvaltningskapitalen var 22,3 prosent ved utgangen av 2006, mot 16,9 prosent ved utgangen av 2005.

Den samla ansvarlege kapitalen i dei tre skadeforsikringskonserna var 16,5 milliardar kroner ved utgangen av 2006, mot 10,6 milliardar ved utgangen av 2005. Den sterke auken reflekterer blant anna dei gode resultata i 2006.

Tabell 2.6 Resultatpostar for dei tre skadeforsikringskonserna samla. Millionar kroner og i prosent av premieinntekter for eiga rekning (f.e.r.)

  2006   2005  
  Mill. kronerProsentMill. kronerProsent
Premieinntekter f.e.r.23 30022 954
Pådregne skadar f.e.r.16 45970,615 47867,4
Forsikringsrelaterte driftskostnader f.e.r5 07421,84 93321,5
Teknisk resultat1 0764,61 5976,9
Netto finansinntekter4 04317,43 70816,2
Resultat av ordinær verksemd5 13822,15 30223,1

Teknisk resultat: skildrar resultat frå den forsikringstekniske verksemda, og gir eit uttrykk for resultatet før finansinntektene er rekna med.

Kjelde: Kredittilsynet

2.4.3 Finansieringsføretak

Finansieringsføretak omfattar finansieringsselskap og kredittføretak. Kredittføretak skriv ut obligasjonar, noko finansieringsselskapa ikkje gjer.

Finansieringsselskapa hadde eit resultat av ordinær verksemd på 1,6 milliardar kroner, tilsvarande 1,90 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2006. For finansieringsselskapa medverka noko lågare tap på utlån og auke i netto renteinntekter til betringa i resultat. Dei hadde samla ein vekst i utlån til kundar på 22,6 prosent, som var høgre enn veksten i bankane. Kjernekapitaldekninga var 9,4 prosent (førebels tal) ved utgangen av året, mot 10,0 prosent ved utgangen av 2005.

Kredittføretaka hadde eit resultat av ordinær verksemd på 1,1 milliardar kroner i 2006. Dette utgjorde 0,27 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Kredittføretaka hadde låge tap på utlån i 2006. Dei hadde ein vekst i utlån på 17 prosent. Korrigert for porteføljeoverføring mellom bank og kredittføretak var utlånsveksten 14,0 prosent. Samla hadde kredittføretaka ei kjernekapitaldekning på 9,5 prosent (førebels tal) ved utgangen av 2006, ein auke på 0,1 prosentpoeng samanlikna med utgangen av 2005.

2.4.4 Verdipapirhandel.

Ved utgangen av 2006 var det 85 verdipapirføretak med konsesjon frå Kredittilsynet. Av desse var 17 bankar. Verdipapirføretaka fekk til saman driftsinntekter på 16 657 millionar kroner i 2006. Dette er ein auke på 5 258 millionar kroner (46 prosent) frå 2005. Rapporteringa som Kredittilsynet mottek, inneheld ikkje kostnadstal for verdipapirføretak som er bank. Driftsresultat er følgjeleg berre kommenterte for verdipapirføretak som ikkje er bank. Verdipapirføretaka som ikkje er bank, fekk eit driftsresultat på 6 035 millionar kroner i 2006. Dette er ein auke på 2 438 millionar kroner (68 prosent) samanlikna med 2005. Drifts­inntektene for dei same institusjonane blei 12 034 millionar kroner i 2006, som er 4 663 millionar kroner (63 prosent) meir enn i 2005. Samstundes auka driftskostnadene med 59 prosent, frå 3 771 millionar kroner i 2005 til 5 999 millionar kroner i 2006.

Dei viktigaste inntektskjeldene for verdipapirføretaka som ikkje er bank, er mekling av eigenkapital- og gjeldsinstrument og emisjons- og rådgivingsverksemd. Inntektene frå emisjons- og rådgivingsverksemd blei 4 750 millionar kroner i 2006 for verdipapirføretaka som ikkje er bank. Dette er 2 211 millionar kroner (87 prosent) meir enn i 2005. Dei same føretaka fekk i 2006 inntekter frå mekling av eigenkapital- og gjeldsinstrument (sum kurtasjehandel og nettohandel) på 3 134 millionar kroner, noko som er ein auke på 1 024 millionar kroner (49 prosent) frå 2005. Inntektene frå aktiv forvaltning blei 1 026 millionar kroner i 2006 for verdipapirføretaka som ikkje er bank. Dette er ein auke på 181 millionar kroner (22 prosent) samanlikna med 2005.

For verdipapirføretaka som er bank, blei driftsinntektene til saman 4 624 millionar kroner i 2006. Dette er ein auke på 596 millionar kroner (15 prosent) samanlikna med 2005. Bankane sine inntekter frå investeringstenesteverksemda er i stor grad knytt til handel i gjelds­instrument og valuta (både underliggjande og derivat). Handel med andre finansielle instrument (medrekna valutaderivat) gav verdipapirføretaka som er bank, ein samla gevinst på 2 057 millionar kroner i 2006. Samanlikna med 2005 er dette ein auke på 540 millionar kroner (36 prosent). Andre inntekter frå investerings- og tilleggstenester (medrekna spothandel i valuta) blei 1 133 millionar kroner i 2006, noko som er om lag uendra frå 2005 (2 prosent). Inntektene frå emisjons- og rådgivingsverksemda til verdipapirføretak som er bank, auka med 358 millionar kroner (54 prosent) samanlikna med 2005, og blei på 1017 millionar kroner. Verdipapirføretaka som er bank, fekk i 2006 til saman eit netto tap på 374 millionar kroner frå eigenhandel («market making») i eigenkapital- og gjeldsinstrument. Dette er ei forverring på 414 millionar kroner frå 2005.

Forvaltningskapitalen i norskregistrerte verdipapirfond var 338 milliardar kroner ved utgangen av 2006, mot 271 milliardar kroner ved utgangen av 2005. Nettoteikninga i 2006 var positiv med 33 milliardar kroner, mens verdistigninga på investerte midlar i 2006 var 34 milliardar kroner. Ved utgangen av 2006 var det 2,26 millionar partseigarforhold i norskregistrerte verdipapirfond, som er ein auke på nær 150 000 i forhold til 2005. Ein einskild investor kan vere partseigar i fleire ulike verdipapirfond.

Det meste av auken i forvaltningskapital i 2006 var i aksjefond. Forvaltningskapitalen i aksjefonda auka med 60,3 milliardar kroner (41 prosent) i 2006. Av dette var 24,6 milliardar kroner nettoteikning, mens avkastninga på investert kapital var 35,7 milliardar kroner.

Driftsinntektene til forvaltningsselskapa var 3 973 millionar kroner i 2006. Dette er ein auke på 877 millionar kroner (28 prosent) samanlikna med 2005. Driftsresultatet til forvaltningsselskapa var 1 483 millionar kroner i 2006. Dette er ein auke på 331 millionar kroner (29 prosent) samanlikna med 2005.

Dei viktigaste inntektskjeldene for forvaltningsselskapa er godtgjering for forvaltning av fond og inntekter for aktiv forvaltning av investorars porteføljar. Forvaltningsselskapa fekk ei godtgjering for forvaltning av fond på 3 095 millionar kroner i 2006, som er ein auke på 565 millionar kroner (22 prosent) samanlikna med 2005. Forvaltningsselskapa sine inntekter frå aktiv forvaltning var 587 millionar kroner i 2006, som er 245 millionar kroner meir (72 prosent) enn i 2005. Ved utgangen av 2006 var 453,4 milliardar kroner til aktiv forvaltning hos forvaltningsselskapa, ein auke på 14,9 milliardar kroner (3 prosent) frå utgangen av 2005.

Boks 2.1 Nye kapitalkravsreglar – Basel II

Dei nye reglane for kapitaldekning gjeld frå og med 1. januar 2007, og er ein sentral del av regelverket som har som formål å styrkje stabiliteten i det finansielle systemet. Desse reglane gjennomfører EØS-reglar som svarer til EUs nye direktiv om kapitaldekning (EU-direktiva 2006/48/EF og 2006/49/EF, som blei vedtekne 14. juni 2006). Direktiva er såkalla minimumsdirektiv, og har vore utforma med utgangspunkt i Basel II-anbefalingane. Bakgrunnen for kapitaldekningskrav er at institusjonane skal ha ein buffer i form av ansvarleg kapital for å stå imot den risikoen for tap som dei påtek seg gjennom verksemda si. Den ansvarlege kapitalen tener som eit vern for innskytarar, forsikringskundar og andre kreditorar, kundar o.a. Soliditeten til finansinstitusjonane er viktig for stabiliteten i det finansielle systemet. Basel II og dei parallelle EU-direktiva bi­dreg til dette overordna målet både gjennom krav og insentiv til betre behandling av risiko.

Lovreglar om nye kapitalkrav, som Stortinget vedtok i juni 2006, fastset sentrale prinsipp og strukturen i dei nye kapitaldekningskrava. Blant anna går det fram av lovreglane at finansinstitusjonen sjølv kan velje blant tre ulike metodar for berekning av kapitalkrav (pilar 1), og at det blir opna for at institusjonane ved berekning av kapitaldekningskravet nyttar eigne interne risikostyringsmodellar. Det nærmare innhaldet i dei ulike metodane følgjer av kapitalkravsforskrifta, som blei fastsett 14. desember 2006. I tillegg til generelle minimumskrav til ansvarleg kapital (pilar 1) er det innført reglar om samla kapitalvurdering (pilar 2) og krav til offentleggjering av opplysningar om kapitaldekninga (pilar 3). For forsikringsselskap o.a. (pensjonskasser, innskottspensjonsføretak og holdingselskap i forsikringskonsern) blir dei opphavlege Basel I-reglane førte vidare, men med enkelte tilpassingar i forhold til dei nye kapitalkrava for bankar o.a.

Både kapitalkravsforskrifta og kapitaldekningsreglane for forsikringsselskap o.a. inneheld ei overgangsordning der institusjonane fram til utgangen av 2007 kan velje å berekne kapitalkravet etter dei tidlegare reglane. Dette føreset at ordninga blir nytta på same viset i heile konsernet. Kredittilsynet si kartlegging syner at berre få institusjonar ønskjer å nytte Basel II frå 2007.

Moglege effektar på kapitaldekninga

I Basel II vil kapitalkrav for bustadlån og lån til små og mellomstore bedrifter vere lågare enn i Basel I. Norske bankar har ein høg prosentdel av slike lån og får derfor relativt større reduksjon enn mange andre land. Berekningar syner at sparebankar som nyttar standardmetoden for kredittrisiko, kan få ein gjennomsnittleg reduksjon i kapitalkravet, inklusive kapitalkrava for marknadsrisiko og operasjonell risiko, på 10–12 prosent.

Det er venta at dei bankane som nyttar ein internrating-metode (IRB-metode), etter kvart vil få lågare krav til kapital for kredittrisiko enn institusjonar som nyttar standardmetoden. Det er venta at om lag to tredelar av dei norske bankaktiva vil bli haldne av bankar som nyttar IRB-metoden. Basert på bankane sine eigne berekningar kan samla kapitalkrav bli 35–45 prosent lågare enn under Basel I for bankar som nyttar denne metoden. Kredittilsynet har gitt løyve til at DnB NOR Bank ASA, Sparebanken Nord-Norge, SpareBank 1 SR-Bank, Sparebanken Midt-Norge og Sparebanken Vest nyttar grunnleggjande IRB-metode for denne berekninga. Ei overgangsføresegn som gjeld fram til 2010, avgrensar utsiktene for lågare minstekrav til kapital under pilar I i desse bankane i perioden 2007-2009. Den ansvarlege kapitalen skal minst utgjere 95 prosent av kapitalkravet under Basel I i 2007, 90 prosent i 2008 og 80 prosent i 2009. Det er truleg at for dei norske IRB-bankane vil desse golva vere det faktiske minimumskravet i perioden 2007–2009. Det er ikkje slike golv for bankar i standardmetoden.

Institusjonar som nyttar IRB-modellar til risikostyring, vil vere eksponerte for modellrisiko, dvs. risiko for at modellen er galen eller blir nytta på galen måte. Krava til validering (etterprøving) skal redusere modellrisiko, men både institusjonane og tilsynsstyresmakta må ta omsyn til at modellane dels er nye, og dels skal nyttast til nye formål. Institusjonane må under pilar 2 ta omsyn til risiko som ikkje er fullt ut reflektert i IRB-metoden. Korleis bankane faktisk vel å tilpasse kapitalnivået, er avhengig av korleis bankane vurderer risikoprofil og samla kapitalbehov. Kredittilsynet vil gå gjennom kapitalvurderinga i kvar enkelt institusjon og sjå til at institusjonane har ein forsvarleg eigenkapital.

Boks 2.2 Kredittilsynet sitt arbeid med samansette produkt

Kredittilsynet sette i 2006 ned ei arbeidsgruppe som har jobba med spørsmål knytte til informasjon gitt ved rådgiving og sal av samansette produkt, under dette aksjeindekserte obligasjonar, bankinnskot med aksjeavkastning og liknande produkt.

Undersøkingar som er utførte av Kredittilsynet, viste mellom anna at rådgivingsprosessen og retningslinjene for informasjon ved sal av desse produkta, gitt gjennom rundskriv 4/2004, ikkje blei tilfredsstillande følgde. Rådgivarar som med skjulte insentiv tilbaud samansette produkt framfor andre produkt, og mangelfull og misleiande informasjon om kostnader og reell avkastning relatert til produkta i teikningsmaterialet, var uheldige eksempel som undersøkingane avdekte. Arbeidsgruppa har gjennom 2006 arbeidd med nytt regelverk og retningslinjer for institusjonane som tilbyr samansette produkt.

Kredittilsynet fastsette 25. september 2006 forskrift om opplysningsplikt ved tilbod om kjøp av samansette produkt. Forskrifta trådde i kraft 1. januar 2007. Forskrifta, som regulerer finansinstitusjonars plikt til å gi opplysningar ved sal av samansette produkt, har heimel i finansieringsverksemdslova.

Kredittilsynet har òg utarbeidd eit rundskriv om informasjon og retningslinjer ved sal av samansette produkt, rundskriv 15/2006. Del I i rundskrivet er i stor grad likelydande med forskrifta og gjeld for verdipapirføretak og frittståande formidlarar av denne typen produkt som er omfatta av verdipapirhandellova. Del II i rundskrivet gjeld for institusjonane som er omfatta av del I rundskrivet, og institusjonane som er omfatta av forskrifta. Denne delen omhandlar retningslinjer for rådgivingsverksemd og dokumentasjon av denne i samband med sal av produkta.

Den nye forskrifta og rundskrivet skal bidra til å gi forbrukarar betre opplysningar om reell avkastning, risiko og kostnader ved investering i samansette produkt og rådgivarane sine insentiv for å tilby produkta.

Boks 2.3 Finansportalen.no

I juni 2006 kom Kredittilsynet i fellesskap med Forbrukarrådet og Forbrukarombodet med eit forslag til Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) og Finansdepartementet (FIN) om å etablere ein internettbasert informasjonsportal for finansielle produkt og tenester i statleg regi. Forslaget bygde på ein rapport frå ei felles arbeidsgruppe mellom dei tre verksemdene og blei følgt opp av Regjeringa i statsbudsjettet for 2007 med ei samla løyving til formålet på 6 millionar kroner. Portalen skal gjere det lettare å skaffe seg oversikt over tilbod, prisar, eigenskapar og risikoar ved finansielle produkt og tenester o.a., ved at informasjonen blir samla på ein stad og formidla på ein strukturert måte. Forslaget blei sendt på høyring frå BLD med frist 1. desember 2006. Alle høyringsinstansar støtta forslaget, og var dessutan gjennomgåande samde i framlegget til innhald.

I løpet av januar 2007 blei dei involverte departementa og dei tre forslagsstillarane samde om at Forbrukarrådet tek ansvaret for eit prosjekt for etableringa av portalen, mens BLD arbeider vidare med å finne ein permanent «eigarskapsmodell» for portalen. Kredittilsynet, Forbrukarombodet, Konkurransetilsynet, Finansnæringens Hovedorganisasjon, Sparebankforeningen – og eventuelle andre som Forbrukarrådet finn det naturleg å trekkje inn – skal inviterast til å delta i ei referansegruppe for prosjektet. Rammene for etableringsprosjektet er nedfelte i ein avtale mellom Barne- og likestillingsdepartementet og Forbrukarrådet datert 12. februar 2007.

Boks 2.4 Nettbanktryggleik

Kredittilsynet la i 2006 auka vekt på oppfølging av bankane sine nettbankløysingar. Pålogging til nettbank er i stor grad basert på to-faktor-autentisering. To-faktor-autentisering er ofte samansett av ein brukaridentifikasjon, ein PIN-kode som kunden sjølv har, og ein eingongskode som blir generert av ein kodekalkulator eller ein kortlesar, eller ein nummerserie som blir send til kunden på eit papirark. BankID er ei slik løysing, og det er denne løysinga banknæringa vil ta i bruk. Dei første bankane tok i bruk BankID allereie i 2005.

Etter Kredittilsynet sine vurderingar har alle bankane med nettbankløysingar i Noreg påloggingsmekanismar som fungerer godt. Utviklinga i seinare tid, med meir avanserte åtak mot nettbankløysingane, er likevel bekymringsfull, og det er derfor etablert direkte dialog med bankane og deira organisasjonar for raskt å finne fram til felles tiltak som kan hindre ei vidare uheldig utvikling på dette området.

Tryggleik ved bruk av nettbank handlar også om å sikre seg mot at nettbankkunden tastar feil. Etter oppmoding frå styresmaktene – i lys av avdekte tilfelle om overføring til feil konto – utarbeidde banknæringa i slutten av 2006 ei anbefaling til bankane om kontrollfunksjonar, mellom anna at kunden skal få feilmelding ved tasting av for mange siffer, og at det skal skiljast klart mellom kroner og øre. Bankanes gjennomføring av anbefalinga – som vil skje innan utgangen av mars 2007 – skal følgjas opp av Kredittilsynet. Regjeringa vurderer no om ein også treng endringar i finansavtalelova, mellom anna om ansvarsavgrensning for bankkundar.

Det er lite truleg at tap i samband med nettbank kan skape soliditetsproblem for finansinstitusjonane. Tiltak for auka tryggleik vil derfor særleg ha samanheng med omsynet til brukarane og deira tillit til systema. Utan tillit til systema vil bruken av nettbank bli lågare enn effektiviteten i denne betalingsforma tilseier.

Boks 2.5 Obligatorisk tenestepensjon

Lov om obligatorisk tenestepensjon blei sett i kraft 1. januar 2006. Lova fastset ei plikt for alle føretak som er omfatta av lova, til å etablere anten ei ytingsbasert føretakspensjonsordning etter føretakspensjonslova, eller ei innskotsbasert ordning etter innskotspensjonslova. Føretak som er omfatta av lova, skal ha etablert ei tenestepensjonsordning slik det er nemnt, innan utgangen av 2006, likevel slik at retten til opptening av alderspensjon skal gjelde frå og med 1. juli 2006.

I følgje FNH sine tal var det 618 000 arbeidstakarar i 66 000 bedrifter som fekk obligatorisk tenestepensjon i 2006. Tala viser nyteikningar og ikkje omdanningar frå ytingsbaserte ordningar til innskotsbaserte ordningar.

Innskotspensjonsordningane som er etablerte, er for ein stor del minimumsordningar med 2 prosent innskot for lønn mellom 1G og 12G, og innskotsfritak for uførleik. Svært få bedrifter har teikna supplerande risikodekningar som til dømes uførepensjon.

Kredittilsynet har myndigheit til å påleggje føretak som ikkje har pensjonsordning i samsvar med lov om obligatorisk tenestepensjon, å rette forholdet innan ein fastsett frist, med påfølgjande tvangsmulkt om pålegget ikkje blir følgt. I utgangspunktet skal Kredittilsynet ikkje drive oppsøkjande tilsyn for å kontrollere om pliktige føretak har etablert føretakspensjonsordning i samsvar med lova. Kredittilsynet må i hovudsak basere seg på innrapporteringar frå arbeidstakarar, revisorar og likningsmyndigheitene. Rekneskapspliktige føretak skal i note til årsrekneskapen opplyse om føretaket har plikt til å ha pensjonsordning, og om ordninga i så fall er i samsvar med krava i lova. Føretak som ikkje har rekneskapsplikt, skal gi tilsvarande opplysningar i næringsoppgåva. I terminoppgåva for arbeidsgivaravgift og forskotstrekk med frist 8. mars 2007 har arbeidsgivar for første gong plikt til å opplyse om føretaket har oppretta ei tenestepensjonsordning i samsvar med lova.

2.5 Nærmare om ulike risikoar i finansmarknaden og finansføretaka

Finansmarknaden og finansføretaka skal legge til rette for at samfunnet og brukarar av finansielle tenester kan allokere ressursar på ein effektiv og trygg måte. Solide finansinstitusjonar er ein premiss for velfungerande finansmarknader. Også andre forhold er viktige. Til dømes vil innsidehandel og annan marknadsmanipulasjon svekkje tilliten til finansmarknaden og svekkje finansmarknaden si evne til å finansiere lønnsame prosjekt og føretak. Derfor er det viktig å førebyggje denne typen kriminalitet gjennom høg oppdagingsrisiko og effektive sanksjonar. Dersom det finansielle systemet ikkje fungerer tilfredsstillande, kan tilgangen på kreditt og betalingsformidling bli forstyrra. Det kan få uønskte konsekvensar for produksjon, sysselsetjing og prisstiging.

Som ein del av det samla soliditetstilsynet er det dei siste åra lagt stor vekt på å førebyggje finansielle kriser for å skåne kundane og samfunnet for tap. Dei viktigaste typane risiko i finansmarknaden er marknadsrisiko, kredittrisiko, likviditetsrisiko og operasjonell risiko. Oppbygging av reservar som er tilpassa risikoen i kvar enkelt finansinstitusjon, har vore, og er, ei heilt sentral målsetjing. Det er heilt sentralt å understreka at dette er eit kjerneansvar for den einskilde finansinstitusjon. God risikostyring i kvar enkelt finansinstitusjon, kombinert med eit aktivt tilsyn frå Kredittilsynet, er avgjerande for å identifisere og overvake den risikoen som institusjonane utset seg for. Arbeidet Kredittilsynet og Noregs Bank gjer for å kartleggje utsiktene til finansiell stabilitet, kan gi viktige signal om når – og kor – faren for finansiell krise er størst.

2.5.1 Marknadsrisiko

Marknadsrisiko er risiko knytt til endringar i marknadsprisar på til dømes aksjar, lån og fast eigedom.

Aksjemarknaden hadde ei variert utvikling i 2006. I mai blei ein periode med oppgang avløyst av eit aksjekursfall. Mens dei internasjonale marknadene henta seg inn i løpet av hausten, kom ikkje hovudindeksen på Oslo Børs tilbake til toppnoteringa i mai før i midten av desember 2006. Hovudindeksen på Oslo Børs auka likevel med heile 32,4 prosent i 2006. Til samanlikning auka Morgan Stanleys verdsindeks med 13,6 prosent. Framleis høge råvareprisar, særleg for olje, kombinert med høgkonjunktur, kan forklare ein del av den særleg gunstige utviklinga på Oslo Børs. Oljeprisen varierte kraftig i 2006. Etter å ha nådd toppunktet på over 78 dollar fatet i august, som følgje av stor etterspørsel og krig i Midtausten, fall han til 58 dollar ved utgangen av 2006.

Noregs Bank auka styringsrenta med 1,25 prosentpoeng i løpet av 2006, frå 2,25 prosent til 3,5 prosent. Auken i styringsrenta er berre i mindre grad reflektert i auka rente på bustadlån. Rentemarginen, som er forskjellen mellom rentesatsar på utlån og innskot, var på 2,1 prosent ved utgangen av 2006. Rentemarginen er meir enn halvert dei siste ti åra, og er på det lågaste nivået sidan målingane starta i 1987. Grove berekningar viser at veksten i utlån auka nettorenteinntekter med 5,4 milliardar kroner, mens reduksjon i rentemarginar reduserte netto renteinntekter med 3,0 milliardar kroner. Det er lite truleg at dei låge tapa i bankane vil vare. Samstundes kan konkurransen i bankmarknaden gjere det vanskeleg for bankane å auke rentemarginane.

Fleire sentralbankar heva styringsrenta i 2006. I USA auka ho til 5,25 prosent, og den europeiske sentralbanken heva renta fem gonger i 2006 til 3,5 prosent.

Dei lange rentene (tiårs statsobligasjonar) i Noreg hadde ei ujamn utvikling i 2006. Totalt auka dei med 0,7 prosentpoeng i 2006, og dei var framleis låge, på 4,4 prosent, ved utgangen av året. Tilsvarande renter i euroområdet og USA var 4,0 og 4,7 prosent på same tidspunkt.

Blant finansinstitusjonane er det særleg forsikringsselskapa som tek marknadsrisiko. Livselskapa er eksponerte for marknadsrisiko gjennom store behaldningar av aksjar og rentepapir.

Aksjedelen i livsforsikringsselskapa har auka frå 2003. Ved utgangen av 2006 utgjorde aksjedelen 26,4 prosent av forvaltningskapitalen i livsforsik­ringsselskapa, nær 60 prosent i utanlandske aksjar. Aksjedelen i livsforsikringsselskap har auka med om lag 5 prosentpoeng samanlikna med utgangen av 2005. Betre utvikling i aksjemarknaden i siste halvdel av 2006, etter ein kraftig korreksjon i mai, bidrog til at resultata i livsforsikringsselskapa tok seg opp mot slutten av året. Det er – i tråd med det departementet har understreka fleire gonger – særs viktig at selskapa med god sikkerheitsmargin tilpassar seg risikoen i porteføljen sin (aktiva) slik at han står i et trygt forhold til soliditeten i selskapet. Dette er eit sentralt selskapsansvar.

Sertifikat og obligasjonar haldne som omløpsmidlar i livsforsikringsselskapa har vore stabile dei siste åra, men i løpet av 2006 blei delen av sertifikat og obligasjonar redusert med fem prosentpoeng til 25,1 prosent ved utgangen av 2006. Obligasjonar «haldne til forfall» utgjorde 27,3 prosent av forvalta kapital ved utgangen av 2006, mot 27,2 prosent ved utgangen av 2005.

Både Kredittilsynet og forsikringsselskapa bruker stresstestar for å måle selskapa si evne til å motstå uventa og ugunstige marknadsrørsler. Det er gjennomført tre ulike stresstestar, med utgangspunkt i selskapa sin bufferkapital pr. 31.12.2006. I slike stresstestar blir det lagt vekt på den kortsiktige verknaden av auka rentenivå gjennom kurstap på behaldningane. På lengre sikt vil auka rente isolert sett ha gunstig effekt på avkastninga på selskap sine aktiva. Men sjølv om forsikringsselskapa sin bufferkapital var høgare ved utgangen av 2006 enn ved utgangen av 2005, var også risikoen høgare. Ei samanlikning med stresstesten som blei gjennomført i 2005, viser at sjølv om bufferkapitalen er vesentleg høgare ved utgangen av 2006, fell han til om lag same nivå som i 2005 dersom dei ulike scenarioa i stresstesten skjer samtidig. Dette kjem av den auka aksjeeksponeringa i forsikringsselskap i 2006.

Finansdepartementet har bedt Kredittilsynet lage utkast til ny forskrift for stresstesting.

EU arbeider no med å utarbeide nye soliditetsreglar for forsikringsselskap (Solvens II). Bakgrunnen for dei nye reglane er at dei skal reflektere risikoen i forsikringsselskapa betre enn dagens solvensregelverk. Dei nye reglane vil tidlegast bli innførte i 2010.

2.5.2 Kredittrisiko

Kredittrisiko er risikoen for tap som følgje av at motpartar ikkje innfrir skyldnadene sine, for eksempel når ein låntakar ikkje betaler renter eller avdrag. Kredittrisiko seier noko om kor truleg det er at motparten ikkje vil innfri skyldnadene sine, og tapet institusjonen i så tilfelle vil pådra seg, når ein tek omsyn til verdien av den tryggleiken institusjonen har. Det er i hovudsak bankane som har kredittrisiko gjennom utlån til hushalda og ikkje-finansielle føretak.

Tolvmånadersveksten for innanlandsk kreditt (K2) var 14,6 prosent ved utgangen av 2006, mot 6,8 prosent ved utgangen av 2003. K2 er eit tilnærma mål for kor stor bruttogjeld publikum (hushald, ikkje-finansielle føretak og kommuneforvaltninga) har i norske kroner og utanlandsk valuta. Årsveksten i samla kreditt til publikum (K3) var 15,5 prosent ved utgangen av november 2006, når ein ser bort frå olje og sjøfart. K3 omfattar i tillegg til K2 også publikums utanlandsgjeld. Årsveksten for innanlandsk kreditt til hushalda, frå innanlandske kjelder, var på 12,5 prosent ved utgangen av 2006, og tilsvarande vekst for ikkje-finansielle føretak var heile 20,6 prosent.

Figur 2.1 Vekst i kreditt til hushald og ikkje-
 finansielle føretak

Figur 2.1 Vekst i kreditt til hushald og ikkje- finansielle føretak

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

2.5.2.1 Kredittrisiko ved lån til hushalda

Hushalda si gjeld har vakse raskt sidan 2000. Gjeldsveksten seier likevel i seg sjølv lite om hushalda si evne til å handtere gjelda. Gjelds- og rentebelastninga gir betre uttrykk for om hushalda har inntekt som står i forhold til gjelda. Gjeldsbelastninga er forholdet mellom gjeld og disponibel inntekt, mens rentebelastning er forholdet mellom renteutgifter og inntekt.

Figur 2.2 Hushalda si gjelds- og rentebelastning i prosent av disponibel
 inntekt

Figur 2.2 Hushalda si gjelds- og rentebelastning i prosent av disponibel inntekt

Lånegjeld i prosent av disponibel inntekt fråtrekt avkastning på forsikringskrav (likvid disponibel inntekt). Renteutgifter etter skatt i prosent av disponibel inntekt + renteutgifter.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank

Veksten i hushalda si gjeld har vore høgare enn veksten i disponibel inntekt sidan 1999. Samstundes er det ein låg del av hushalda som vel å binde renta på låna sine. Låg fastrentedel og høg gjeld i forhold til disponibel inntekt (gjeldsbelastning) inneber at norske hushald er meir sårbare ved uventa auke i renta enn hushald i land der fastrentedelen er høgare. Noregs Bank har berekna at hushalda si gjeld som del av disponibel inntekt utgjer drygt 190 prosent ved utgangen av 2006. Framskrivingar som er gjorde av Noregs Bank, viser at gjelda til hushalda mot slutten av 2009 vil bli meir enn 230 prosent av disponibel inntekt. Føresetnadene for framskrivingane er at økonomien utviklar seg som lagt til grunn i Inflasjonsrapport 3/2006. Gjennomsnittleg løpetid på nye bustadlån har auka noko dei siste åra, og lån med avdragsfrie periodar har blitt meir utbreidde. Dette har, saman med låge marknadsrenter, god vekst i inntekt og fallande arbeidsløyse, gjort det lettare for hushalda å betene lån. At det har blitt lettare for hushalda å betene lån, kan ha auka både etterspurnaden etter lån og finansinstitusjonane si vilje til å gi lån. Desse faktorane kan derfor ha medverka til den høge gjeldsveksten.

Prisveksten på brukte bustader har vore sterk sidan slutten av 2003. Det har ført til at kapitalbehovet har auka kraftig for hushald som skal kjøpe bustad for første gong. I januar 2007 var 12- månadersveksten i bustadprisane 19,4 prosent. Korrigert for den generelle prisauken var bustadprisane i februar 85 prosent høgare enn i det førre toppåret (1987) i bustadmarknaden. Det er ein fare for at prisoppgangen til dels speglar forventningar om framleis prisoppgang. Marknaden for næringseigedom var prega av ein betrakteleg auke i både sals- og leigeprisar i 2006.

Figur 2.3 Tolvmånadersvekst for vekst i 
 bustadprisane

Figur 2.3 Tolvmånadersvekst for vekst i bustadprisane

Kjelde: NEF, EFF, FINN.no og ECON

Dei siste åra har bankane introdusert låneprodukt som gjer det lettare å frigjere bustadkapital, såkalla rammelån med pant i bustad.

Veksten i lån utan pant i bustad er redusert sidan slutten av 2005. Ei årsak kan vere at hushalda i aukande grad tek opp rammelån med pant i bustad i staden for tradisjonelle forbrukslån.

Formuen til hushalda har auka vesentleg dei siste åra. I 2006 blei likevel spareraten klart redusert, og finanssparinga var negativ. Hushalda sine nettofinansinvesteringar reflekterer ei endring i hushalda si finanssparing. I løpet av dei tre første kvartala av 2006 fall hushalda sine nettofinansinvesteringar, og nettofinansinvesteringsraten var negativ. Reviderte tal for nasjonalrekneskapen viser at hushalda si sparing i 2005 utgjorde 8,9 prosent av disponibel inntekt. Dei siste åra har spareraten blitt påverka av at skattemotiverte aksjeutbytte er henta ut før innføring av skatt på utbytte til mottakar. Korrigert for dette utbyttet blir spareraten monaleg lågare i perioden 2002-2005. I det siste synest hushalda si sparing å ha minka merkbart, spareraten for dei tre første kvartala i 2006 var 2,2 prosent. Statistisk sentralbyrå sitt overslag for 2006 er 1,4 prosent av disponibel inntekt.

Figur 2.4 Hushalda sin sparerate og netto 
 finansinvesteringar som del av disponibel inntekt. Revisjon av tala
 skaper brot i seriane.

Figur 2.4 Hushalda sin sparerate og netto finansinvesteringar som del av disponibel inntekt. Revisjon av tala skaper brot i seriane.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Sjølv om hushalda samla sett har høg finansformue, held hushalda med høg gjeldsbelastning lite av den. Hushald med høg gjeldsbelastning kan derfor i liten grad trekkje på finansformuen om dei får betalingsproblem.

Kredittilsynet har sidan 1994 gjennomført undersøkingar av korleis bankane praktiserer utlån med pant i bustad. I undersøkinga 2006 gjekk ein gjennom 29 bankar, med ein marknadsdel på om lag 85 prosent, til saman nær 3000 lån med pant i bustad. I 2006-undersøkinga utgjorde lån som gjekk til refinansiering i overkant av halvparten av porteføljen, mens drygt kvart fjerde lån gjekk til kjøp av bustad. Kredittilsynet si undersøking om bustadlån for 2006 viser at om lag 42 prosent av nye lån hadde ein belåningsgrad (lånesum i forhold til bustaden sitt verdigrunnlag) på over 80 prosent. Dette er ein auke på 5 prosentpoeng samanlikna med undersøkinga i 2005. Nær 30 prosent av utlån til kjøp av bustad hadde ein belåningsgrad på over 100 prosent, dette er ein auke på 7 prosentpoeng samanlikna med året før. Inkluderer ein alle lån som gjekk over 80 prosent, var det ein auke frå 59 prosent i 2005 til 66 prosent i 2006.

Prosentdelen med høg gjeldsbelastning er størst i den yngste aldersgruppa (under 35 år). Mange i denne aldersgruppa har etablert seg i bustadmarknaden i ein periode med sterk prisvekst på bustader. For lån til kjøp av bustad viser Kredittilsynet si bustadlånundersøking at 77 prosent av låntakarane under 35 år lånte meir enn 80 prosent av verdien på bustaden, og 37 prosent lånte meir enn 100 prosent av verdien på bustaden.

Figur 2.5 Delar av lån innanfor ulike 
 belåningsgradar

Figur 2.5 Delar av lån innanfor ulike belåningsgradar

Kjelde: Kredittilsynet

2.5.2.2 Kredittrisiko ved lån til ikkje-finansielle føretak

Etter lågkonjunktur i dei ikkje-finansielle føretaka fram til midten av 2003 har produksjonen teke seg opp i Fastlands-Noreg. Konjunkturoppgangen har ført til ein sterk vekst i investeringane. Den kraftige auken i utlånsveksten til føretakssektoren i 2006 er prega av høgkonjunktur. Kredittveksten til ikkje-finansielle føretak frå innanlandske kjelder var 20,6 prosent på årsbasis i 2006. Ein del av prosjekta som no blir finansierte, kan føre til overkapasitet i næringslivet på eit par års sikt. For bankane er det derfor viktig at det blir gjort grundig kredittvurdering på næringslivsområdet.

Dei siste åra har gjeldsbelastninga i føretaka falle kraftig, både som følgje av høg lønnsemd og låg gjeldsvekst. Det låge rentenivået har ført til at også rentebelastninga har falle. Den høge gjeldsveksten i føretaka i 2006 bidreg truleg til høgare gjeldsbelastning, trass i høg lønnsemd. Framskrivingar som er utførte av Noregs Bank, viser at gjelds- og rentebelastninga i føretakssektoren vil stige framover dersom lønnsemda blir redusert og gjeldsveksten held fram med å vere høg.

Figur 2.6 Gjelds- og rentebelastning i føretak

Figur 2.6 Gjelds- og rentebelastning i føretak

Kjelde: Noregs Bank

Det har vore ein nedgang i talet på konkursar dei siste åra. I 2006 var det 14 prosent færre konkursar enn i 2005. I fjerde kvartal 2006 blei det likevel registrert fleire konkursar enn i fjerde kvartal 2005. Berekningar som er utførte av Moodys KMV kredittrisikomodell, viser ei gunstig utvikling i 2006. Modellen bereknar kor sannsynleg det er at dei drygt 4000 største norske selskapa skal misleghalde skyldnadene sine. Desse føretaka står for mesteparten av gjelda i føretakssektoren. Moodys modell viser at det har vore ein kraftig nedgang i kor truleg det er at føretaka skal misleghalde skyldnader sidan hausten 2002.

Figur 2.7 Kor truleg det er at norsk føretak vil 
 misleghalde skyldnader

Figur 2.7 Kor truleg det er at norsk føretak vil misleghalde skyldnader

Kjelde: Moodys KMV

Kredittilsynet har sidan 1998 årleg undersøkt bankane si eksponering mot utvalde næringar. Undersøkinga for 2006 omfatta shipping, verftsindustri, offshoreindustri, utvinning av olje og gass, fiske og fangst, oppdrettsnæringa, eigedomsdrift og bygg og anlegg. Utvalet består av dei elleve største bankane, og analysen er basert på bankane si eiga risikovurdering og klassifiseringar. For bankane i undersøkinga auka totale løyvde utlån med 24 prosent frå tredje kvartal 2005 til tredje kvartal 2006. Trekt volum auka i same periode med 27 prosent. Trekt volum er eit anslag på kor mykje låntakar nyttar av tilgjengelege lånerammer. Ein auke i trekt volum antydar at låntakarane i større grad enn tidlegare nyttar tilgjengelege lånerammer. Undersøkinga for 3. kvartal 2006 viser at det med unnatak for verftsindustri og bygg og anlegg, har vore ein nedgang i høgrisikodelen for alle næringar. Nedgangen var særleg stor for fiskeoppdrett. Eigedomdrift er den næringa der dei fleste bankane har dei største engasjementa sine. Utlåna bankane har løyvd til næringa, var 216 milliardar kroner ved utgangen av 3. kvartal 2006, ein oppgang på 25 prosent i forhold til 3. kvartal 2005.

I løpet av hausten 2006 gjennomførte Kredittilsynet ei samla risikovurdering av åtte større bankar. I samband med undersøkinga blei bedriftsmarknadsporteføljane til bankane analysert ved hjelp av konkurspredikasjonsmodellen til Noregs Bank, der alle aksjeselskap inngår. Modellen bereknar kor truleg det er at eit selskap går konkurs eitt år fram i tid.

Brutto forventa tap på bankgjeld i alle føretak, berekna med utgangspunkt i kor truleg det er at eit føretak går konkurs, gjekk ned frå 0,53 prosent i 2005 til 0,45 prosent i 2006. Bankanes forventa tap på utlån til føretak i 2006 varierte mellom 0,3 og 0,8 prosent. Tre av bankane hadde ein auke i kredittrisikoen i perioden. Analysen viser også at brutto forventa tap for dei nye føretakkundane til bankane gjennomgåande var høgare enn for bankens totalportefølje. Dei nye føretakkundane hadde i 2006 i gjennomsnitt forventa tap på 0,92 prosent.

Ifølgje undersøkinga var forventa tap høgast innanfor varehandel, bygg og anlegg, og dessutan fiske og fangst. For alle næringar var forventa tap uendra eller redusert frå 2005 til 2006.

2.5.3 Likviditetsrisiko

Likviditetsrisiko er risiko for at ein institusjon ikkje kan innfri skyldnadene sine ved forfall utan vesentlege meirkostnader. Det er ei følgje av ulik forfallsstruktur på eigedelar og skyldnader. I den grad ein banks utlån og andre mindre likvide eigedelar må finansierast med ein høg prosentdel kortsiktige innlån, inneber dette eit stadig sterkt behov for omfinansiering.

1. juli 2006 trådde nye likviditetsreglar i kraft for bankar, finansieringsføretak, forsikringsselskap og filialar av utanlandske finansinstitusjonar i Noreg. Dei nye reglane om likviditet opphevar det tidlegare kravet om at likvida til finansinstitusjonane skal tilsvare minst seks prosent av samla skyldnader. Det følgjer av det nye kravet at institusjonane til ein kvar tid skal ha tilstrekkeleg med likviditet til å dekkje plikter ved forfall, og at styret skal fastsetje retningslinjer som skal sikre at likviditetsstyringa blir forsvarleg.

Bankane sine innskot auka med 15 prosent i 2006, og det var særleg innskot frå næringslivet som var høge. Til samanlikning auka bankane sine innskot i 2005 med 12,1 prosent. Veksten i innskot var lågare enn veksten i utlån, som var 17,6 prosent ved utgangen av 2006. Dette medførte at innskotsdekninga fall frå 64 prosent ved utgangen av 2005 til 63 prosent ved utgangen av 2006.

Auka utlån og fallande innskotsdekning har ført til at bankane har større behov for alternativ finansiering. Den langsiktige finansieringa (kundeinnskot, obligasjonslån med meir enn eitt års løpetid og eigenkapital) har vore relativt stabil for bankane dei seinare åra. Kredittilsynet gjennomførte i 2006 ei undersøking av likviditetsrisikoen i sju av dei største bankane. I vurderinga av styring og kontroll med likviditetsrisiko i bankane er inntrykket at dette fungerer tilfredsstillande. Undersøkinga viser òg at det i fleire bankar er registrert ei forbetring i forhold til vurderinga av likviditetsrisikoen som blei utført i 2005.

Samla utanlandsfinansiering i bankane var ved utgangen av 2006 nær 470 milliardar kroner. Dette er ein auke på 92 milliardar kroner samanlikna med utanlandsfinansieringa ved utgangen av 2005. Det er særleg den kortsiktige finansieringa som kan vere ustabil. Det kan òg vere fare for at utanlandske aktørar – i større grad enn norske – kan kome til å reagere kollektivt på informasjon knytt til norsk økonomi eller den norske finansmarknaden.

2.5.4 Operasjonell risiko

Operasjonell risiko er risiko for tap som følgje av utilstrekkelege eller sviktande interne prosessar eller system, menneskelege feil eller eksterne hendingar. Operasjonell risiko omfattar juridisk risiko.

Kapitalkravsforskrifta pålegg institusjonane å berekne eit minstekrav til kapitaldekning for operasjonell risiko, som skal vere ein bufferkapital for å møte tap som skjer sjeldan, men som medfører store konsekvensar når dei skjer. Berekningsmåten er differensiert etter kor store og komplekse institusjonane er. Identifisering av framtidige hendingar og kvantifisering av uventa tap er ei utfordring for institusjonane.

For verdipapirføretaka er operasjonell risiko viktig. I 2006 undersøkte Kredittilsynet kva rolle verdipapirføretak hadde i samband med short-sal av aksjar i Opticom ASA. Det blei gitt kritikk av varierande grad til seks verdipapirføretak, for formidling av udekt short-sal av aksjar og for mang­lande interne kontrolltiltak for å kontrollere korleis lovreglane på området blei etterlevde. Kredittilsynet si vurdering er at betre interne rutinar og meir effektive interne kontrolltiltak i verdipapirføretaka ville ha redusert omgang og konsekvensar av udekt short-sal i Opticom- aksjen. Verdipapirføretaka er omfatta av dei nye kapitalkravsreglane, og krav til styring og kontroll med operasjonell risiko følgjer av det nye kapitalkravsregelverket.

Ein vesentleg del av operasjonell risiko er knytt til finansføretaks bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). Det er ei utfordring å sikre eiga styring og kontroll når distribusjon av produkt og tenester delvis skjer gjennom bilaterale samarbeidsopplegg, felles nasjonale opplegg og stor grad av utkontraktering til IT-leverandørar.

Det ser ut til at økonomisk kriminalitet som er retta mot finanssektoren, har auka. Det endrar risikobiletet og gjer det viktig å identifisere sårbare område.

Auka bruk av digitale distribusjonskanalar gjer òg at kundar i nokre høve utfører ein større del av arbeidet. Auka bruk av kundegenerert elektronisk system endra den operasjonelle risikoen i føretaka. Nettbanksystemet har i 2006 vore utsett for ulike typar angrep. Dette kan svekkje kundane sin tillit til tenestene og føre til økonomisk tap for bankane, sjå nærmare omtale i boks 2.4.

2.6 Avsluttande merknader

Finansinstitusjonane har hatt gode resultat dei siste åra. Bankane, finansieringsselskapa, kredittføretaka, skadeforsikringsselskapa, livsforsikringsselskapa, verdipapirføretaka og forvaltningsselskap for verdipapirfond hadde alle høgare resultat målt i absolutte tal i 2006 enn i 2005, som òg var eit godt år. God inntening, tilbakehald av delar av innteninga og innhenting av ny kapital har auka den ansvarlege kapitalen i finansinstitusjonane, og evna deira til å bere risiko er tilfredsstillande. Vekst i utlån frå bankane har likevel ført til ein reduksjon i kjernekapitaldekninga.

Den norske lånemarknaden er i endring. Innanlandsk kredittvekst til publikum (K2) har auka betrakteleg dei siste tre åra, frå 6,8 prosent ved utgangen av 2003 til 14,6 prosent ved utgangen av 2006. Veksten i hushalda si gjeld har vore høgare enn veksten i disponibel inntekt sidan 1999. Framskrivingar av hushalda si gjeldsgrad basert på referansebanen i Noregs Banks Inflasjonsrapport 3/06 tyder på at gjeldsbelastninga kan halde fram med å auke.

Som følgje av reduserte rentemarginar blei hushalda skjerma for dei fulle effektane av rentehevingane til Noregs Bank i 2006.

Rentemarginar, som er den prosentvise forskjell mellom rentesatsar på utlån og innskot, var på 2,1 prosent ved utgangen av 2006. Dette er det lågaste nivået sidan målingane av rentemarginar starta i 1987. Det kan vere mange årsaker til dette prosentvise fallet i sjølve rentemarginen.

Rentebelastninga til hushalda er framleis låg, men det er venta at marknadsrenta vil stige framover. Sjølv om hushalda samla sett har høg finansformue, held hushald med høg gjeldsbelastning lite av den. Hushald med høg gjeldsbelastning kan derfor i liten grad trekkje på finansformue om dei får betalingsproblem. Om eit hushald får problem med å handtere eit lån, kan det ofte vere ein utveg å avtale ein periode med avdragsfritak, eller forlengje nedbetalingstida på lånet. Den siste tida har ein sett tendensar til at fleire vel lengre nedbetalingstid og avdragsfrie periodar når lånet blir tatt opp. Utviklinga i lånemarknaden saman med auka uvisse om utviklinga i bustadprisane, gir grunnlag for å anta at det ikkje blir teke nok omsyn til at den økonomiske situasjonen til låntakaren kan endre seg. Det kan synas å vere behov for ei instramming i praksis når det gjeld utmåling av bustadlån. Kredittilsynet følgjer denne utviklinga nøye.

Bustadlån utgjer 51 prosent av dei samla utlåna til bankane. Bankane sine utlån fordelte på næringar ber preg av at økonomien er inne i ein høgkonjunktur med ein kraftig vekst i dei fleste næringar. Dei siste åra har gjeldsbelastninga i føretakssektoren falle kraftig. Det låge rentenivået har medverka til at rentebelastninga er blitt redusert. Den høge gjeldsveksten i føretaka i 2006 medverkar truleg til høgare gjeldsbelastning trass i høg lønnsemd. Framskrivingar som er utførte av Noregs Bank, viser at gjelds- og rentebelastninga i føretakssektoren vil stige framover dersom lønnsemda blir svekt og gjeldveksten held fram med å vere høg. Det har vore ein nedgang i talet på konkursar dei tre siste åra, og i 2006 var det 14 prosent færre enn i 2005. I fjerde kvartal 2006 blei det likevel registrert fleire konkursar enn i same periode året før.

Innskotsdekninga til bankane fall i 2006 som følgje av at veksten i bankane sine utlån har vore større enn veksten i innskota.

Livsforsikringsselskapa sine verdijusterte resultat betra seg frå 2005 til 2006, særleg som følgje av den sterke oppgangen i aksjemarknaden siste halvår. Sjølv om bufferkapitalen i livsforsikringsselskapa var høgare ved utgangen av 2006 enn året før, viser stresstestar som Kredittilsynet og livsforsik­ringsselskapa har utført, at risikoen i livselskapa er om lag den same i 2005 og 2006. Dette kjem av at aksjedelen i livsforsikringsselskapa har auka i 2006. At dei lange rentene steig noko i 2006, bidreg til å betre resultatutsiktene for livsforsikringsselskapa. Det er særs viktig at selskapa sjølve med god sikkerheitsmargin tilpassar risikoen i sin portefølje til den soliditet selskapet har.

Jamvel om det er trekk ved den økonomiske utviklinga som kan gi auka risiko, og då særleg den høge og stadig aukande gjeldsbelastninga til hushalda, blir utsiktene til finansiell stabilitet rekna som tilfredsstillande.

Til forsida