St.meld. nr. 23 (2006-2007)

Kredittmeldinga 2006

Til innhaldsliste

6 Verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF)

6.1 Innleiing

Det internasjonale valutafondet (International Monetary Fund, forkorta IMF) har 185 medlemsland og er ein sentral aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet. IMF er ein sjølvstyrande institusjon under FN-paraplyen. Samarbeidet med FN skjer i første rekkje gjennom Det økonomiske og sosiale rådet i FN (ECOSOC). IMF har eit hovudansvar for å fremje stabiliteten i det internasjonale pengesystemet og er eit forum for internasjonalt samarbeid om penge- og valutapolitiske spørsmål.

Verksemda til IMF er konsentrert om tre hovud­aktivitetar: førebygge kriser ved å overvake økonomien i medlemslanda, låne til land med betalingsbalanseproblem eller i krisesituasjonar, og å gi teknisk assistanse. Saman med Verdsbanken speler IMF ei viktig rolle i arbeidet for å lette gjeldsbetalingane for fattige land og setje dei i stand til betre å nedkjempe fattigdom.

6.2 Organiseringa av IMF, samarbeidet med FN og Verdsbanken, og ­nordisk-baltisk samordning

6.2.1 Organa i IMF

Det øvste organet i IMF er Guvernørrådet (Board of Governors). Det er sett saman av ein guvernør og ein vararepresentant for guvernøren frå kvart medlemsland. Sentralbanksjefen er norsk medlem i Guvernørrådet , mens departementsråden i Finansdepartementet (finansråden) er vararepresentant. Rådet har til vanleg møte ein gong i året, årsmøtet i IMF. Utanom dette gjer Guvernørrådet vedtak ved skriftleg røysting.

Eitstyre (Executive Board) på 24 medlemmer, såkalla eksekutivdirektørar, leier arbeidet til dagleg. Dei fem landa som har skote inn den største kapitalen i IMF, det vil seie USA, Japan, Tyskland, Frankrike og Storbritannia, peikar ut kvar sin representant til styret. Resten av styremedlemmene blir valde for toårsperiodar av andre medlemsland eller grupper av land (valkrinsar). Dei fem nordiske og dei tre baltiske landa utgjer ein valkrins. I 2006–2007 er styremedlemmen frå denne valkrinsen Tuomas Saarenheimo frå Finland. Den europeiske sentralbanken (ESB) har ein observatør i styret i IMF. (Observatøren har ikkje stemmerett, men har rett til å uttale seg i saker som gjeld euroområdet og verksemda til ESB.) Styret blir leidd av ein administrerande direktør (Managing Director), som sidan sommaren 2004 har vore Rodrigo de Rato.

Den internasjonale monetære og finansielle komitéen (International Monetary and Financial Committee, IMFC) har ein viktig funksjon som eit rådgivande organ for Guvernørrådet. Komiteen legg dei politiske føringane for verksemda til IMF. IMFC har medlemmer på minister- eller sentralbanksjefnivå, som anten representerer eitt land eller ein valkrins av land. I 2006–2007 er den finske finansministeren medlem i IMFC for den nordisk-baltiske valkrinsen.

IMFC kjem saman to gonger kvart år (vår og haust) og gir råd om den generelle økonomiske strategien til IMF og kva for økonomiske tema institusjonen skal konsentrere seg om. Viktige spørsmål er korleis ein skal handtere dei internasjonale økonomiske tilhøva, særleg dei som kan true eller skape vanskar for stabiliteten i det internasjonale finansielle systemet. På dei halvårlege møta utformar IMFC også eit kommuniké som samanfattar dei aktuelle økonomiske utfordringane i verdsøkonomien og gir tilrådingar om korleis ein skal møte desse. Kommunikea er mellom anna grunnlaget for dei konkrete råda IMF gir i kvart einskilt tilfelle. I eit møteinnlegg framfører representanten frå den nordisk-baltisk krinsen kva medlemsland i krinsen meiner at IMF bør prioritere i tida framover. Innlegget blir gjort offentleg.

Røystevekta til kvart medlemsland, både i Guvernørrådet og i styret, er avhengig av kor stor kapital landet har skote inn i IMF. Storleiken på kapitalen, eller kvoten, reflekterer i første rekkje kor viktig landet er i verdsøkonomien. USA er den største medlemmen i IMF, og har ei røystevekt på 16,83 prosent. USA kan dermed blokkere vedtak som krev 85 prosent tilslutning. Noreg har ei røystevekt på 0,77 prosent, og den nordisk-baltiske valkrinsen representerer 3,45 prosent av røystene. Hausten 2006 blei det gjennomført ein kvoteauke for fire land som hadde for låg kvote i forhold til den økonomiske storleiken. Dette førte til at dei andre medlemmene fekk noko lågare stemmevekt. Sjå avsnitt 6.4.2 for nærare omtale.

6.2.2 Organisatorisk samarbeid med FN og Verdsbanken

Utviklingskomiteen (Development Committee, eller The Joint Ministerial Committee of the Boards of Governors of the Bank and Fund on the Transfer of Real Resources to Developing Countries) er ein felles rådgivande ministerkomité for IMF og Verdsbanken. Komiteen er organisert på same måte som IMFC, det vil seie at dei nordiske og baltiske landa har ein felles representant. Komiteen har møte i samband med vår- og årsmøta, og medlemmene er i hovudsak finansministrar eller utviklingsministrar. I 2006–2007 representerer Island valkrinsen. Når Noreg representerer valkrinsen, er det utviklingsministeren som møter. Mandatet til komiteen er å gi IMF og Verdsbanken råd i viktige utviklingsspørsmål, mellom anna i kampen mot fattigdom, og om dei finansielle ressursane som trengst for å fremje økonomisk utvikling i utviklingslanda.

IMF, Verdsbanken og FN møtest jamleg i ECOSOC. IMF har ein permanent utsending til FN med sete i FN. Hovudoppgåva er å betre kommunikasjonen og samarbeidet mellom IMF og FN.

FN (UN og UNCTAD) har til liks med ei rekkje andre internasjonale organisasjonar og institusjonar observatørstatus på møta i IMFC.

6.2.3 Norsk og nordisk-baltisk samordning

Det er staten som er medlem av IMF. Finansdepartementet har ansvaret for saker som gjeld Noregs medlemskap i IMF. Noregs Bank forvaltar etter § 25 i sentralbanklova det finansielle mellomværet med IMF. På oppdrag frå Finansdepartementet har Noregs Bank ansvaret for det daglege arbeidet med IMF i Noreg. I samråd med departementet lagar banken forslag til norske synspunkt i saker som skal opp i IMFs styre. Desse forslaga blir alltid diskuterte med Finansdepartementet, som tek den endelege avgjerda om kva slags syn Noreg skal fremje overfor dei andre landa i valkrinsen og IMF. Arbeidsdelinga mellom departementet og banken er nedfelt i ei skriftleg forståing. Arbeidet er organisert om lag på same måten i dei andre landa i valkrinsen.

Utanriksdepartementet, som har ansvaret for regjeringa si behandling av verdsbanksaker, blir òg trekt inn i arbeidet. Det skjer gjennom jamleg samordning av einskilde saker og møte mellom representantar for institusjonane. Det er etablert ei uformell konsultasjonsgruppe mellom Finansdepartementet, Utanriksdepartementet og Noregs Bank om internasjonale økonomiske, finansielle og utviklingspolitiske spørsmål i samband med verksemda til IMF og Verdsbanken. I den grad det har innverknad på verksemda til desse to institusjonane, kan gruppa ta opp spørsmål som er til drøfting i andre internasjonale organisasjonar. Gruppa er eit forum for å utveksle informasjon og for å diskutere spørsmål som har felles interesse. Gruppa møtest til vanleg før møta i IMFC og Utviklingskomiteen.

Noreg praktiserer auka openheit om vår rolle i IMF og har vore pådrivar for auka openheit generelt i IMF. Finansdepartementet legg vekt på å ha god dialog med det sivile samfunnet om IMF-spørsmål. Som eit ledd i dette deltek Finansdepartementet og Noregs Bank saman med Utanriksdepartementet i eit konsultasjonsforum med Forum for utvikling og miljø 1 om multilaterale bank- og finansspørsmål. Formålet med forumet er å bidra til auka innsyn og kunnskap om Noreg si rolle i dei multilaterale finansinstitusjonane. Konsultasjonsforumet planlegg å ha møte to gonger i året, i framkant av vår- og haustmøta til IMF og Verdsbanken.

Landa i nordisk-baltisk valkrins samordnar synspunkta sine på viktige IMF-saker i første rekkje gjennom Den nordisk-baltiske monetære og finansielle komiteen (Nordic-Baltic Monetary and Financial Committee, NBMFC). Dei norske medlemmene er finansråden og visesentralbanksjefen. Dei andre landa er representerte på eit tilsvarande nivå. NBMFC har til vanleg møte to gonger i året. Komiteen blir i 2006–2007 leidd av Martti Hetemäki, assisterande departementsråd i det finske finansdepartementet.

Det er etablert ei førebuande gruppe for NBMFC (Alternates-gruppa) som er sett saman av representantar for finansdepartementa og sentralbankane i alle landa i den nordiske baltiske valkrinsen. Hovudoppgåva er å førebu sakene som NBMFC skal diskutere. NBMFC kan òg setje ned særskilde arbeidsgrupper for å greie ut spesielle spørsmål.

I samordninga mellom landa i valkrinsen prøver ein å kome fram til felles standpunkt som styremedlemmen frå gruppa legg fram i IMFs styre. I dei aller fleste sakene blir landa samde. For å bli samde må Noreg, som dei andre landa i valkrinsen, somme gonger vere med på kompromiss. Dersom landa ikkje blir samde, er det fleirtalssynet som blir framført i styret. I slike høve kan mindretalet, dersom «nasjonale interesser» tilseier det, be om at styrerepresentanten framfører også deira syn. Terskelen er høg for å be om dette. Dersom eit land i valkrinsen ikkje aksepterer denne prosedyren, må styrerepresentanten frå nordisk-baltisk valkrins avstå frå å stemme når saka blir behandla i IMFs styre.

Dei halvårlege rapportane som eksekutivdirektøren for dei nordisk-baltiske landa i IMFs styre utarbeider, blir drøfta i NBMFC som del av førebuingane til møta i IMFC. Rapportane tek føre seg verksemda i IMF, der dei viktigaste sakene og dei nordisk-baltiske synspunkta blir presenterte. Rapportane blir publiserte, i Noreg av Finansdepartementet (http://www.regjeringen.no/nb/dep/fin) og Noregs Bank (www.norges-bank.no).

6.3 Oppgåvene til IMF

6.3.1 Utforming av ein mellomlangsiktig strategi for IMF

Arbeidet med utforminga av ein mellomlangsiktig strategi for IMF blei starta i 2004. På årsmøtet i 2005 la administrerande direktør fram ein sluttrapport om den mellomlangsiktige strategien som bygde vidare på dei tidlegare grunntankane for organisasjonen. Ein viktig premiss for strategien var dei særskilde opningane og utfordringane som følgjer av ei aukande globalisering, både gjennom auka internasjonal handel med varer og tenester, stadig meir samanvovne internasjonale finansmarknader og auka internasjonal migrasjon. Vektlegging av kjerneområde og kjerneoppgåver blei stadfesta. IMFC slutta seg til den overordna strategien og peika blant anna på at:

  • Overvaking av den økonomiske utviklinga bør gjerast meir effektiv, med vekt på selektivitet og djupare analyse innanfor IMFs ansvarsområde.

  • Låneordningane må tilpassast dei skiftande behova i medlemslanda etter kvart som den innanlandske økonomien utviklar seg og landa blir meir integrerte i den globale økonomien.

  • IMFs rolle i låginntektsland må utviklast vidare innanfor ramma av FNs tusenårsmål 2 (Millennium Development Goals). Ei vidare klargjering av ansvarsdelinga overfor Verdsbanken vil gjere det mogleg for begge institusjonane å gjere ein endå betre innsats på kjerneområda sine.

  • Teknisk assistanse må i aukande grad konsentrerast om dei grunnleggjande institusjonelle forholda som er viktige for at økonomiane skal fungere godt.

  • Den mellomlangsiktige budsjettstyringa i IMF må styrkjast.

  • Representasjonen frå medlemslanda og innverknad på avgjerdene i dei styrande organa i IMF erog ein del av strategidiskusjonen.

Nordisk-baltisk valkrins deler langt på veg dei grunntankane som har vore styrande for utarbeidinga av den mellomlangsiktige strategien for IMF. Rolla til IMF kan bli endå meir relevant i ei globalisert verd, der landa blir stadig meir gjensidig avhengige av kvarandre. IMFs vektlegging av regional og global økonomisk overvaking vil i denne samanhengen bli endå viktigare. Noreg støttar IMFs planar om å konsentrere seg om kjerneområda og kjerneoppgåvene sine, og meiner at ein klarare grenseoppgang til andre institusjonar – særleg Verdsbanken – vil lette dette.

Styret har ved fleire høve diskutert ulike sider ved overvakingspolitikken i fondet. Dette er nærare omtala i avsnitt 6.3.2.1.

IMFC støtta våren 2006 eit forslag frå administrerande direktør om å etablere ei ny beredskapslåneordning for land som kan bli utsette for finansielle kriser. Ei slik ordning har vore ønskt av framveksande økonomiar i Latin-Amerika og Asia, sjå avsnitt 6.3.3.1.

IMFs administrerande direktør og presidenten for Verdsbanken oppnemnde våren 2006 ein ekstern komité, den såkalla Malan-komiteen, for å vurdere samarbeidet mellom fondet og banken. Komiteen skulle blant anna sjå på ansvars- og arbeidsdelinga når det gjeld rådgiving, långiving og annan assistanse til medlemslanda. Ei klar arbeidsdeling er viktig for å unngå dobbeltarbeid. Komiteen la fram rapporten sin i februar 2007. Der peika ein på at det er mogleg å betre samarbeidet på ei rekkje område. Ein styrkt kontakt mellom avgjerdsorgana og leiinga i dei to institusjonane er viktig for å betre samarbeidskulturen mellom administrasjonane. Ei uklar arbeidsdeling kjem delvis av at IMF ikkje har avklart kva rolle fondet skal ha i låginntektslanda. Gruppa meinte at IMF gradvis burde avvikle dei meir langsiktige låna sine til desse landa, men halde på kortsiktige lån knytte til problem med betalingsbalansen. Fondet burde i første rekkje arbeide med makroøkonomiske vurderingar og rådgiving, og teknisk assistanse. Dette inneber ikkje ei nedprioritering av IMFs arbeid i desse landa, men heller at fondet må konsentrere innsatsen på område der det har særlege fortrinn i forhold til Verdsbanken.

IMFs samla utlån er blitt kraftig redusert dei siste åra. Renter på utlån er den viktigaste inntektskjelda for IMF. Nedgangen i utlåna har dermed leidd til eit stort inntektsbortfall. Administrerande direktør sette i mai 2006 ned ei ekstern gruppe som skulle kome med forslag til eit inntektssystem som vil sikre langsiktige stabile inntekter for IMF. Gruppa la fram rapporten sin i januar 2007, sjå avsnitt 6.4.1.3.

Frå fleire hald er det teke til orde for at medlemslandas innverknad i IMFs styre betre må reflektere dei endringane som har skjedd i verds­økonomien dei siste tiåra. Dei framveksande økonomiane har hatt ein sterk økonomisk vekst, noko som skulle tilseie auka stemmevekt i IMF. Samtidig er det viktig å sikre at låginntektslanda får meir innverknad og høgare stemmevekt. IMFs guvernørråd vedtok på årsmøtet i september 2006 visse prinsipp for endringar i styresettet. Nokre av forslaga krev endringar i IMFs vedtekter. Dette vil ta noko tid, då slike endringar i mange av medlemslanda må godkjennast av nasjonalforsamlinga. Det er lagt opp til at endringane skal ta til å gjelde seinast ved IMFs årsmøte i 2008. Dette er nærare omtala i avsnitt 6.4.2.

6.3.2 Førebygging av kriser

6.3.2.1 Økonomisk overvaking

Grunnlaget for overvakingssystemet er fastsett i vedtektene, og dei gir IMF fullmakt til å konsultere alle medlemmene jamleg. Statuttane slår fast at medlemslanda har ei omfattande informasjonsplikt om økonomiske spørsmål.

Overvakinga byggjer på ein omfattande analyse av penge- og finanspolitikken, finanssektoren og dei strukturelle forholda i medlemslanda. Overvakinga har gradvis blitt utvida som følgje av veksande økonomisk integrasjon gjennom handel og finansstraumar. Integrasjonen har gitt medlemslanda eit betre grunnlag for økonomisk vekst, men samtidig gjort dei meir utsette for alvorlege tilbakeslag.

Overvakingsarbeidet legg vekt på å identifisere dei moglege kjeldene til veikskapar i medlemslanda, særleg som følgje av auka handel og finansiell integrasjon med omverda. Ei sentral oppgåve er å vurdere kva dei enkelte landa kan gjere for å kunne møte ulike former for uro på ein betre måte.

Fleire sider ved overvakingspolitikken er blitt vurderte det siste året i samband med implementeringa av den mellomlangsiktige strategien. IMFC støtta på vårmøtet i 2006 eit forslag frå administrerande direktør om ein særskild prosedyre for multilaterale konsultasjonar. Konsultasjonane kjem til å vere konsentrerte om problemstillingar som pregar verdsøkonomien på ein gjennomgripande måte, og der samordning av politikktiltak frå fleire land/regionar blir nødvendig. Utvalet av land vil variere med valet av problemstilling. Den første runden blei starta sommaren 2006 og omhandlar dei globale ubalansane – dvs. handelsunderskotet i USA og handelsoverskotet i ein del andre land, særleg framveksande økonomiar i Asia og blant oljeeksporterande land. Landa som er med i denne runden, er USA, Japan, euroområdet, Kina og Saudi-Arabia. Etter planen vil rapporten frå denne første runden bli lagd fram før IMFCs vårmøte 2007.

Den nordisk-baltiske valkrinsen støttar initiativet om multilaterale konsultasjonar. Ei styrkt global rolle for IMF er viktig for å fremje samordna løysingar på globale utfordringar. Samtidig må det erkjennast at konsultasjonane er frivillige, og resultatet av dei kjem til å vere avhengig av viljen og evna deltakarane har til å forplikte seg til samordna løysingar. Diskusjonane i dei styrande organa i fondet vil vere eit nyttig supplement til dei regelmessige rapportane om utviklinga i verdsøkonomien, som blir lagde fram to gonger i året.

På vårmøtet i 2006 oppfordra IMFC òg til ein gjennomgang av reglane for den bilaterale overvakinga av medlemslanda – dei såkalla artikkel IV-konsultasjonane. Det formelle grunnlaget er fastsett i vedtektene, ytterlegare spesifisert i eit særskilt vedtak i styret i 1977 om overvakingspolitikken og seinare supplert i samband med dei regelmessige toårige gjennomgangane av politikken. Innrettinga og omfanget av overvakinga har utvikla seg gjennom åra med endringane i dei økonomiske utfordringane til medlemslanda, særleg i samband med auka handels- og finanssamkvem over landegrensene. Praksisen har endra seg, utan at dette fullt ut har resultert i ei samla og einskapleg oppdatering av det formelle regelverket. Administrasjonen i IMF har såleis føreslått at ein klargjer det formelle grunnlaget i forholdet mellom dagens praksis og det formelle regelverket, kodifiserer praksisen som har utvikla seg over lang tid, og kommuniserer klarare til omverda kva formålet med overvakingspolitikken er.

Ein førebels diskusjon i styret sommaren 2006 avdekte at revisjonen av regelverket var meir omstridd enn opphavleg venta. Representantane for utviklingslanda og framveksande økonomiar var skeptiske til at revisjonen kunne resultere i meir regelstyrt overvaking. Dei frykta òg auka plikter vis-à-vis IMF som kunne gi opphav til krav om endra politikk, dersom han ikkje er i samsvar med tilrådingane. Dei framheva at erfaringane dei seinare åra viste at dagens ordning hadde vore tilpassingsdyktig og fleksibel, og at det dermed ikkje var nødvendig med ein revisjon. Representantane for industrilanda såg klare fordelar med ein revisjon fordi endra regelverk betre vil avgrense overvakingspolitikken si rolle. Overvakinga skal fremje dialog med medlemslanda og konsentrere seg om samanhengen mellom dei økonomiske måla landa har, politikken og den eksterne stabiliteten. Ho skal framleis ha ei fleksibel innretting som tek omsyn til landa sine eigne føresetnader og økonomisk-politiske avvegingar.

På haustmøtet 2006 oppfordra IMFC til fornya innsats for å nå ei felles forståing og semje om revidering av overvakingspolitikken. Administrasjonen kom med eit omarbeidd forslag i februar 2007. I forslaget prøvde ein å imøtekome fleire av innvendingane frå førre diskusjon, særleg ved at endringane som blir føreslått, ikkje er utvidingar, men snarare er avgrensingar i dagens praksis. Igjen blei det presisert at tilrådingane frå IMF om den økonomiske politikken ikkje er bindande for landa.

Den nordisk-baltiske valkrinsen støtta forslaget frå administrasjonen i store trekk. Valkrinsen understreka at revisjonen vil fremje grunnleggjande prinsipp som valkrinsen heile tida har argumentert for i samband med den mellomlangsiktige strategien. Noreg framheva at revisjonen vil bety at overvakinga blir betre forankra i IMFs formål om å fremje den eksterne stabiliteten i medlemslanda, at ho får eit klarare fokus, og at ho blir meir open. Ei meir open overvaking med omsyn til grunnlag, innhald og tilrådingar vil styrkje effektiviteten og legitimiteten ikkje berre til sjølve overvakinga, men òg til IMF meir generelt.

IMFC bad på vårmøtet 2006 om at det blir utarbeidd ein treårig rullerande plan for både den bilaterale og multilaterale overvakinga. Ein slik plan skal omhandle prioriteringane for overvakinga og vil komplementere arbeidet med å revidere det formelle regelverket. Han kan dermed styrkje den samla effektiviteten og legitimiteten kring overvakinga. At styret presiserer prioriteringane nærare, kan òg vere ein reiskap for å vurdere om måla for overvakinga blir nådde. Styret og administrasjonen vil derfor kunne stillast til rekneskap for kvaliteten på overvakingspolitikken.

Styret hadde fleire uformelle seminar om dette sommaren 2006. Diskusjonane viste at mange ulike reiskapar allereie dekkjer liknande behov. Oppsummeringane av diskusjonen i styret i samband med dei toårige gjennomgangane av overvakingspolitikken gir signal om forbetringar og omprioriteringar. Administrasjonen utarbeider òg tidvis etter behov særskilde rettleiingar for staben på avgrensa område. Prioriteringar i overvakinga blir i tillegg føreslått i dei halvårlege diskusjonane om arbeidsprogrammet for styret. Styret gir føringar eller fremjar forslag også om nye innfallsvinklar i dei enkelte konkrete styrediskusjonane om land eller verdsøkonomien.

Ein førebels styrediskusjon i august 2006 avdekte at fleire i styret var skeptiske til om ein eigen plan ville bringe noko nytt eller betre enn dagens praksis. Mange av dei ulike metodiske utfordringane blei heller ikkje fullgodt utgreidde, spesielt korleis effektiviteten av overvakinga kunne vurderast. Derfor var det brei semje om at det var for tidleg å trekkje nokon sikre konklusjonar. Samtidig blei det ikkje utelukka at ein slik plan kunne bli ein god styringsreiskap med tida.

Den nordisk-baltiske valkrinsen uttala seg forsiktig positivt til ein slik plan, særleg om han kunne auke effektiviteten og legitimiteten til overvakinga. Ein samla plan kan òg styrkje interessa for overvakinga i breiare lag og kan dermed utfordrast og utviklast vidare. Noreg delte dei same reservasjonane som styret elles om at mange sider ved forslaget enno trong meir utgreiing.

På haustmøtet 2006 uttrykte IMFC at arbeidet måtte vidareførast, og at komiteen skulle gå gjennom status på det neste møtet sitt. Styret diskuterte saka på nytt i februar 2007. Administrasjonen presiserte at ein slik plan i første rekkje inneber at styret kan gi administrasjonen klarare retningslinjer for overvakingspolitikken, samtidig som han blir eit grunnlag for å vurdere kor effektiv denne politikken er. Styret kunne likevel ikkje bli samd om saka, som vil bli teken opp att ved eit seinare høve.

6.3.2.2 Etterleving av standardar og kodar

I samarbeid med Verdsbanken og andre internasjonale organ har IMF utarbeidd standardar og kodar på til saman tolv ulike område 3 som til dømes finansmarknadsområdet. Etterleving av internasjonalt aksepterte standardar og kodar for såkalla beste praksis er ein viktig faktor for å sikre det økonomiske og finansielle systemet i eit land, og ein føresetnad for eit velordna internasjonalt finansielt system. Det er opp til kvart enkelt land om dei vil følgje desse standardane, men IMF oppfordrar landa sterkt til å ta dei i bruk. Om lag tre firedelar av medlemslanda har fått gjennomført ei vurdering av IMF og Verdsbanken om korleis dei etterlever ein eller fleire av desse standardane (såkalla ROSCs – Report on Standard and Codes). Mange industriland og framveksande økonomiar har gjennomført ei slik vurdering. I dei seinare åra har også ein aukande del av utviklingslanda gjennomført slike vurderingar.

IMF og Verdsbanken har etablert eit særskilt system for vurdering av den finansielle sektoren i medlemslanda, Financial Sector Assessment Program (FSAP). Ein FSAP-prosess omfattar blant anna ei vurdering av implementeringa av ulike standardar innanfor finansmarknadsområdet. Det er frivillig for medlemslanda om dei vil gjennomføre FSAP. Om lag to tredelar av medlemslanda har gjennomført eller sagt seg villige til å gjennomføre FSAP.

6.3.2.3 Openheit og informasjon om IMFs aktivitetar

Overvakinga av dei einskilde medlemslanda skjer regelmessig gjennom dei såkalla artikkel IV-konsultasjonane. IMF utarbeider ein rapport som inneholder vurderingar av den økonomiske situasjonen i det aktuelle landet og råd om innrettinga av den økonomiske politikken. IMF har i fleire år oppfordra medlemslanda til å offentleggjere desse landrapportane frivillig. Frå juli 2004 er overvakinga blitt meir open ved at det no blir forventa at medlemslanda offentleggjer desse rapportane. Leiinga i IMF vil heretter ikkje tilrå overfor styret at IMF gir nye lån utover dei normale lånegrensene (såkalla «eksepsjonelle lån») med mindre låntakarlandet samtidig samtykkjer i at dokumenta blir offentleggjorde. Medlemslandet må innan 30 dagar etter styrediskusjonen gi melding om at rapporten kan publiserast. Alle landa i nordisk-baltisk valkrins offentleggjer sine landrapportar.

Noreg og dei øvrige landa i nordisk-baltisk valkrins har vore pådrivarar for at IMF skal utgi ein rapport med oversikt over land som motsett seg offentleggjering av sine landrapportar. I 2005 blei det bestemt at staben i IMF skulle utarbeide regelmessige oversikter over utviklinga i kvar for land som offentleggjer rapportane sine, og status for rapportar der offentleggjering er signalisert, men forseinkingar har oppstått. Den første oversikta blei offentleggjord i februar 2006, den neste i januar 2007.

Ei meir open haldning både frå IMF og frå medlemslanda er med på å styrkje gjennomføringa av den økonomiske politikken og gjere landa mindre utsette for kriser. Det gjer også regjeringar meir ansvarlege og politikken meir truverdig, og verkar til auka forståing av IMFs rolle og politikk overfor medlemslanda.

IMF har varsla at dei vil gjennomføre ei vurdering av kommunikasjonsstrategien sin. I vurderinga vil ein sjå på kva kanalar IMF bruker for å informere om verksemda si, og kven som er målgruppene. Ikkje minst er IMF interessert i nærare kontakt med parlamentarikarar og sivile interesseorganisasjonar.

6.3.3 Program og vilkår

6.3.3.1 IMFs låneordningar

Finansieringsfunksjonen til IMF er nær knytt til overvakingsfunksjonen. Dei ulike finansieringsordningane må sjåast i samanheng med dei oppgåvene institusjonen er pålagd for å fremje økonomisk vekst og stabilitet i valuta- og finansmarknadene.

Medlemsland skal ha tilgang til finansieringsordningar slik at dei kan korrigere mellombels vanskar i betalingsbalansen utan å måtte gripe til tiltak som kan ha uheldige økonomiske konsekvensar for landet sjølv eller for andre land.

IMF gir mellombels finansiering til land med betalingsbalanseproblem dersom landet samtidig går inn i eit økonomisk tilpassings- og reformprogram. Eit slikt program inneheld mellom anna krav – kondisjonalitet – til utforminga av den makroøkonomiske politikken, som skal leggje tilhøva til rette for ei gunstigare økonomisk utvikling og for at kreditorane skal få fornya tillit til landet.

Krava som blir stilte for å få lån, skal medverke til ei berekraftig økonomisk utvikling slik at bruken av IMFs ressursar berre blir mellombels. Låna frå IMF er ikkje sikra utover dei krava som IMF stiller.

Det finansielle ressursgrunnlaget for denne verksemda i IMF er kvotane til medlemslanda. Kor mykje kreditt IMF vil yte til eit land, blir avgjort med utgangspunkt i kvoten landet har i IMF. Styrken i omlegginga av den økonomiske politikken er særleg sentral i vurderingane. Kvotane er grunn­laget for størstedelen av finansieringa.

IMF har ikkje gjort endringar i låneordningane sine det siste året. Styret hadde i august 2006 ein førebels diskusjon om etablering av ei ny låneordning for land som kan få problem med betalingsbalansen som følgje av store kapitalrørsler. Fleire framveksande økonomiar har ønskt ei slik beredskapsordning. Tanken er at land kan få førehandstilsegn om finansiering frå IMF før ei krise oppstår, noko som kan bidra til å redusere risikoen for ei krise. IMF etablerte ei liknande beredskapsordning i 1999 (Contingent Credit Lines, CCL), men den blei avvikla i 2003 utan nokon gong å ha vore brukt. Eit problem med denne ordninga var at landa ikkje fekk utbetalt noko lån før etter at IMFs styre hadde vurdert om det låg føre eit reelt lånebehov. Dette blei vurdert som lite tilfredsstillande når det faktisk var ei krise. Det er føreslått at landa ved den nye ordninga – Reserve Augmentation Line, RAL – automatisk skal kunne trekkje det løyvde beløpet gitt at visse førehandskrav er oppfylte. Dette inneber at finansiering kan mobiliserast mykje raskare enn under CCL.

Nordisk-baltisk valkrins var i utgangspunktet skeptisk til å etablere endå ei låneordning. Valkrinsen meinte at det ville vere mogleg å tilpasse dei eksisterande ordningane. Vi har likevel stilt oss opne for å etablere RAL, gitt at dei landa som er i målgruppa, verkeleg ønskjer ei slik ordning. Det er viktig for IMFs legitimitet at IMF etablerer ordningar som er etterspurde av medlemslanda. Noreg har understreka at dersom landa får høve til å trekkje på eit innvilga lån utan ei konkret vurdering av styret, så må det leggjast opp til system som sikrar at landa heile tida oppfyller førehandskrava. Styret diskuterte saka på nytt i mars 2007, men fatta ikkje noko vedtak. Frå vår valkrins blei det igjen understreka at ordninga må innehalde reglar som gjer at IMF når som helst kan vurdere om landa oppfyller krava til å få lån.

IMF har etablert særskilde låneordningar for land som får problem med betalingsbalansen i samband med naturkatastrofar, borgarkrig eller væpna konfliktar internasjonalt.

Poverty Reduction and Growth Facility (PRGF) er ei låneordning spesielt retta mot dei aller fattigaste landa. Ordninga er ikkje finansiert ved dei ordinære ressursane til IMF, men er basert på at fondet har teke opp lån frå einskilde medlemsland, og at bistandskjelder subsidierer renta. Renta er særskilt låg (0,5 prosent). For å få lån må landet utforme ein særskild strategi for å redusere fattigdom og fremje økonomisk vekst. Denne ordninga blei i 2005 supplert med ei særskild ordning for land som blir ramma av økonomiske sjokk utanfor deira eigen kontroll, den såkalla Exogenous Shocks Facility (sjå avsnitt 6.3.5.2).

Tabell 6.1. gir ein oversikt over låneordningane innanfor IMF.

Tabell 6.1 Oversikt over låneordningane til IMF

LåneordningLånegrense (i pst. av kvoten landet har)RenteTilbakebetalingFormål
Ordinære ordningar
Stand-By Arrangement (SBA) (Etablert 1952)Årleg grense – normalt 100 pst. Kumulativ grense over løpetida er 300 pst., men kan vere høgareGrunnrente1 + 100–200 ­rentepunkt2Forventa innan 2–4 år, og maks. 5 årKortsiktige problem med betalingsbalansen
Extended Fund Facility (EFF) (1974)Som for SBASom for SBAForventa innan 4–7 år, og maks. 10 årMeir langsiktige betalingsbalanse­behov som hovud­sakleg kjem av strukturelle forhold
Spesielle ord­ningar
Supplemental Reserve Facility (SRF) (1997)Inga definert grenseGrunnrente +300–500 rentepunkt3Forventa innan 1–2 år, og maks. 3 årUventa store betalingsbalansebehov som følgje av tillitssvikt på dei internasjonale lånemarknadene
Compensatory Financing Facility (CFF) (1963)45–55 pst.GrunnrenteForventa innan 2–4 år, og maks. 5 årMellombels eksportproblem pga. fall i råvare­prisar, eller auka importkostnader for korn
Emergency Assistance for natural disasters (ENDA) (1962)Normalt 25 pst. av kvoten, men kan vere større i spesielle høveGrunnrente, men kan subsi­dierast ned til 0,5 pst.3–5 årBetalingsbalanse­problem i samband med naturkatastrofar
Emergency Assistance for post-conflict countries (EPCA) (1995)Som for ENDASom for ENDASom for ENDABetalingsbalanseproblem i samband med etterverknad av borgarkrig, politisk uro, internasjonale væpna konfliktar
Ordningar for låginntektsland
Poverty Reduction and Growth Facility (PRGF)4 (1999)Første gong eit land nyttar ordninga, er grensa normalt 90 pst., for andre land 65 pst. Maks. er 140 pst., som i særlege høve kan aukast til 185 pst.0,5 pst.5–10 årSubsidierte lån til land med særleg låg inntekt som følgje av langvarige problem med betalingsbalansen. Skal fremje auka økonomisk vekst og redusere fattigdom
Exogenous Shocks Facility5 (2006)Årleg grense normalt 25 pst., og samla ikkje over 50 pst. (utan i særskilde høve)Som for PRGFSom for PRGFFor låginntektsland utan PRGF-lån som blir ramma av eksogene sjokk

1 IMFs ordinære utlånsrente (grunnrente, rate of charge) er ei kortsiktig SDR-rente (eit vege gjennomsnitt av ei tremånadersrente for dei valutaene som er med i SDR: amerikanske dollar, euro, britiske pund og japanske yen), med eit påslag som skal dekkje mellom anna administrative utgifter og oppbygging av reservar. Grunnrenta var om lag 4,2 pst. tidleg i 2007.

2 Det er eit rentepåslag på 100 punkt for den delen av lånet som overstig 200 pst. av kvoten, og 200 punkt på den delen som overstig 300 pst. av kvoten.

3 Rentepåslaget startar med 300 punkt og aukar med 50 punkt etter eitt år og deretter med 50 punkt kvar sjette månad inntil det når 500 rentepunkt.

4 Rentepåslaget startar med 150 punkt og aukar med 50 punkt etter eitt år og deretter med 50 punkt kvar sjette månad inntil det når 350 rentepunkt.

5 PRGF og ESF er låneordningar som berre blir administrerte av IMF. Utlåna blir ikkje finansierte over dei ordinære ressursane til IMF, men gjennom bilaterale tilskot frå medlemslanda og spesielle IMF-ressursar.

6.3.3.2 Vilkår for utlån

Det har vore vanleg å knytte vilkår, såkalla kondisjonalitet, til utlån frå IMF. Desse vilkåra tek sikte på å rette opp dei økonomiske ubalansane og sette landet i stand til å betale tilbake lånet.

I tidlegare kredittmeldingar har ein omtala arbeidet i IMF med å forenkle og konsentrere innhaldet i lånevilkåra. Det var ønskjeleg at desse i sterkare grad la vekt på dei makroøkonomiske omsyna IMF særleg skal ivareta. Krav som var knytte til strukturelle forhold, skulle berre inn i programmet dersom dette var avgjerande for å oppnå dei makroøkonomiske måla. Forenklingane skulle gi medlemslanda eit sterkare eigarforhold til dei nødvendige tilpassingane og auke det eksterne innsynet på området. Ein viktig føresetnad for arbeidet har heile tida vore at endringane ikkje rammar kvaliteten og styrken i programma.

Regjeringspartia uttala i Soria Moria-erklæringa at dei ikkje ville støtte låneprogram frå IMF og Verdsbanken som inneheldt krav om privatisering og liberalisering. Regjeringa er ikkje prinsipielt imot enhver privatisering og liberalisering, men gjennomføring av slike tiltak må ha rot i eit ønske frå landa sjølv og ikkje kome som følgje av krav frå dei internasjonale finansinstitusjonane.

I november 2006 arrangerte Utanriksdepartementet i samarbeid med Finansdepartementet ein internasjonal konferanse om bruken av lånevilkår i IMF og Verdsbanken. På konferansen blei det presentert ein studie om dette, gjennomført av Universitetet i Oslo. Den første dagen deltok representantar frå låntakarland, givarland, sivile interesseorganisasjonar frå Noreg og utlandet og Verdsbanken.

På andre dag av konferansen kom givarrepresentantar frå Danmark, Finland, Nederland, Storbritannia, Sverige, Tyskland og Noreg saman for å diskutere om det var mogleg å etablere ei felles haldning til krav som blir sette i samband med utlånsprogram. Det var semje om at IMF og Verdsbanken i nokon grad har forenkla krava. Det er likevel framleis rom for forbetringar, blant anna når det gjeld desse punkta:

  • Krava må utarbeidast i forståing med låntakarlanda og ikkje tvingast på dei. Det vil seie at landa sjølv må ta eigarskap for å gjennomføre dei økonomiske programma.

  • Landa må få politisk rom til å formulere ein politikk som er tilpassa deira spesielle situasjon, også når det gjeld å utvikle og vurdere ulike alternativ for den økonomiske politikken.

  • Krava må avgrensast til det som er absolutt nødvendig for å sikre ei vellukka gjennomføring av programmet.

  • Det må vere ein brei debatt i låntakarlanda, som involverer nasjonalforsamlinga og det sivile samfunnet, om den økonomiske politikken.

Konferansen medverka til å gi eit klarare bilete av kva som i dag er situasjonen for bruken av lånevilkår i IMF og Verdsbanken, og dermed til eit betre grunnlag for den vidare oppfølginga av Regjeringas politikk på dette området.

Dokumenta frå konferansen er oversende til IMF og Verdsbanken, og er offentleggjorde på: http://www.regjeringen.no

6.3.3.3 Utviklinga i utlåna

Samla utlån frå IMF varierer i all hovudsak med omfanget av kriser i framveksande økonomiar. Låna nådde eit toppnivå i 2003 på 65 milliardar SDR. 4 Utlåna var samla på nokre få land. I 2003 stod dei fem største låntakarane – Brasil, Tyrkia, Argentina, Indonesia og Russland – for 86 prosent av samla utlån. Til samanlikning utgjorde samla utlån 60 milliardar SDR etter Asia-krisa i 1998. Dei fem største låntakarane var då Russland, Korea, Indonesia, Mexico og Argentina.

I dei seinare åra har det ikkje vore nye finansielle kriser i framveksande økonomiar. Høg global økonomisk vekst og oppgang i råvareprisar har resultert i auka eksport og god vekst også i desse landa. Ekspansiv pengepolitikk i industrilanda og låge langsiktige renter internasjonalt har gitt gunstige finansieringsforhold. Betring i statsfinansar og moderat inflasjon har støtta opp om den positive makroøkonomiske utviklinga i framveksande økonomiar.

IMF har ikkje gitt nye store lån sidan 2003. Argentina, Brasil og Russland betalte tilbake sine lån til IMF i 2005 og tidleg i 2006. I løpet av 2006 betalte mellom anna Indonesia og Uruguay tilbake sine lån, og Tyrkia betalte store avdrag.

Samla utlån utanom PRGF-lån var ved utgangen av januar 2007 9,5 milliardar SDR. Av dette var 6,9 milliardar SDR lån til Tyrkia, mens resten var delt på 26 andre land. Som figur 6.1 viser er samla netto utlån frå IMF, omsyn tatt til både dei ordinære låna og lågrentelån, nå på det lågaste nivået sidan tidleg på 1980-talet.

Figur 6.1 Utvikling i netto utlån frå IMF. 
 April 1976 – april 2006.

Figur 6.1 Utvikling i netto utlån frå IMF. April 1976 – april 2006.

6.3.4 Teknisk assistanse

Teknisk assistanse til medlemslanda har auka i omfang dei siste åra. Om lag ein firedel av IMFs budsjett er knytt til teknisk assistanse og opplæring.

Om lag to tredelar av den tekniske assistansen går til dei såkalla PRGF-landa, det vil seie dei 78 landa som har rett på lågrentelån frå IMF. Dei fleste av desse landa har utilstrekkelege og sårbare institusjonar og treng meir fagleg hjelp for å kunne forme og gjennomføre ein berekraftig økonomisk politikk. Den tekniske assistansen blir i hovudsak gitt innanfor tre område: (a) utforming og gjennomføring av penge- og finanspolitikken, (b) hjelp til å byggje opp institusjonar, og (c) lovgiving for økonomisk verksemd og for finanssektoren. Assistansen tek såleis sikte på å betre det institusjonelle grunnlaget for gjennomføring av dei økonomiske tilrådingane. Det er behov for tett og konstruktiv koordinering og samarbeid mellom IMF og andre institusjonar, med ei klar ansvarsfordeling slik at ein får ei sterkast mogleg forankring av assistansen på kjerneområdet.

Den tekniske assistansen blir i aukande omfang gitt gjennom regionale senter. IMF har etablert slike senter i Fiji (Stillehavsområdet), Barbados (Karibia), Tanzania (Aust-Afrika), Mali (Vest-Afrika), Gabon (Sentral-Afrika) og Libanon (Midtausten). Tanken er at slike senter som er etablerte ute i medlemslanda, vil ha ei betre forståing for korleis assistansen bør utformast. Assistanse kan også ytast raskare ved akutte behov. Figur 6.2 viser korleis den tekniske assistansen til IMF var fordelt på regionar i 2006.

Figur 6.2 Teknisk assistanse i 2006 etter regionar

Figur 6.2 Teknisk assistanse i 2006 etter regionar

Den nordisk-baltiske valkrinsen har vore positiv til etablering av slike regionale senter. Valkrinsen har spesielt peika på at desse sentra og bruken av regionale ekspertar kan vere med på å styrkje den institusjonelle kapasiteten i medlemslanda.

Teknisk assistanse er gratis for mottakarland. Noreg er med på å finansiere teknisk assistanse gjennom ein eigen konto i IMF, «Technical Assistance Subaccount to Support Macroeconomic and Financial Policy Formulation and Management». Utanriksdepartementet løyvde i 2004 3,5 millionar kroner til denne kontoen. I 2007 løyvde Utanriksdepartementet eit ekstratilskot på ca. 1,3 millionar kroner. Utanriksdepartementet har også støtta dei afrikanske regionale sentra med 3 millionar kroner årleg sidan 2002.

I september 2006 inngjekk Utanriksdepartementet og IMF ein avtale som innebar at Noreg tek ansvar for å utføre hovudtyngda av den faglege hjelpa som var avtala mellom sentralbanken i Malawi og IMF. Avtalen omfattar i første omgang perioden frå september 2006 til januar 2008. Noregs Bank vil stille inntil to årsverk pr. år til disposisjon for sentralbanken i Malawi. Formelt sett vil den faglege assistansen frå Noregs Bank bli administrert av IMF, men han blir finansiert av midlar frå Utanriksdepartementet.

6.3.5 IMFs arbeid i låginntektsland

6.3.5.1 Generelt

IMF speler ei viktig rolle i innsatsen det internasjonale samfunnet gjer for å fremje økonomisk vekst og redusere fattigdom. Over 40 prosent av medlemslanda er definerte som låginntektsland. IMFs viktigaste bidrag er å fremje makroøkonomisk og finansiell stabilitet.

IMF har ei klar rolle når det gjeld arbeidet med å oppnå tusenårsmåla. Høgnivå-konferansen i Monterrey i mars 2002 om finansiering av utvikling etablerte ein partnarskap mellom utviklingsland og utvikla land og definerer eit sett med mål og ansvar. Det blei slått fast at varig betring er avhengig av at utviklingslanda sjølve heile tida fører ein sunn økonomisk politikk. Oppgåva for industrilanda blir å gi vesentleg meir utviklingshjelp og gjennomføre fleire handelsliberaliseringar. Oppgåva til IMF blir å stå for overvaking og teknisk assistanse, men også å fremje tilpassing og institusjonsoppbygging gjennom program- og utlånsverksemda si.

6.3.5.2 Instrument og finansiering

Lån til låginntektsland blir gitt på gåvevilkår, det vil seie med ei sterkt subsidiert rente gjennom PRGF-ordninga (Poverty Reduction and Growth Facility) eller ESF-ordninga (Exogenous Shocks Facility).

Land som søkjer om lån under PRGF , må utarbeide ein strategi for å redusere fattigdom, Poverty Reduction Strategy (PRS). Strategien skal utarbeidast i samarbeid mellom nasjonale styresmakter og det sivile samfunnet for å sikre eigarskap. Også bilaterale givarland, IMF og Verdsbanken bidreg ved utforminga. Eit særskilt problem er knytt til kva evne landa har til å absorbere den finansielle assistansen som blir gitt, anten i form av gåver eller lån. Slik kapitalinngang kan leie til styrking av valutakursen og svekkje konkurranseevna. Dette kan føre til problem for ein utsett eksportsektor. Det er derfor viktig at landa har gode planar for korleis slike ressursar skal nyttast til å byggje opp infrastruktur, styrkje helse- og utdanningssektoren mv. Samtidig må landa ha institusjonell kapasitet til å utnytte ressursane på ein effektiv måte. Manglar denne, kan det lett føre til feilbruk og misbruk av midlane.

IMF stiller krav til låntakarlanda om å styrkje den institusjonelle kapasiteten og betre styresettet. IMF har eit særskilt ansvar for å utvikle gode system for budsjettstyring. Landa må vise evne og vilje til å føre ein stabiliseringspolitikk som legg forholda godt til rette for auka økonomisk vekst, og ein politikk som er retta inn mot å redusere fattigdom. Frå norsk side blir det understreka at kamp mot korrupsjon må ha høg prioritet.

Ved utgangen av januar 2007 hadde IMF uteståande 3,9 milliardar SDR, tilsvarande 36 milliardar kroner, under PRGF til 58 land. Figur 6.3 viser dei største låntakarlanda i denne ordninga ved utgangen av januar 2007.

Exogenous Shocks Facility blei etablert i november 2005 som ei eiga låneordning for land som blir råka av plutselege og eksterne økonomiske sjokk. Dette er hendingar som ligg utanfor landet sin eigen kontroll, men som vil ha stor verknad på den økonomiske utviklinga og kampen mot fattigdom. Slike sjokk kan til dømes vere ein kraftig auke i energiprisar, fall i prisen på eller bortfall av etterspurnaden etter viktige eksportvarer, eller konfliktar i naboland. Låna har tilnærma same vilkår som PRGF-lån. Løpetida er noko kortare sidan ein ventar at sjokket ikkje vil vere særleg langvarig. Det er ein føresetnad at landet har utarbeidd ein strategi for fattigdomsreduksjon. Berre land som ikkje har PRGF-lån, vil ha rett til å låne under ESF. PRGF-land som blir ramma av sjokk, kan få ei utvida låneramme i IMF.

Ingen land har så langt søkt om lån under denne ordninga. Utanriksdepartementet støtta ESF med 50 millionar kronar i 2006.

IMF etablerte hausten 2005 eit nytt instrument – utan finansiering – for tettare overvaking av land enn det som følgjer av ein vanleg årleg konsultasjon. Policy Support Instrument (PSI) vil byggje på strategien landet sjølv har for reduksjon av fattigdom. Formålet er å kunne signalisere til omverda ei vurdering av den økonomiske politikken desse landa fører, utan samtidig å gi lån. Slike signal kan vere særleg viktige for at donorar skal vere villige til å yte finansiell assistanse og å få investeringar til landet. PSI blir berre nytta dersom eit land ber om det. PSI kan i einskilde tilfelle utløyse gjeldsavtalar med kreditorlanda fordi det borgar for ein sunn økonomisk politikk med målretta reformer.

Det er fire land som til no har fått program under PSI.

6.3.5.3 Gjeldsinitiativet

I 1996 lanserte IMF og Verdsbanken eit felles initiativ for å løyse gjeldsproblemet for fattige land ( Heavily Indebted Poor Countries, HIPC ). Programmet blei kraftig forsterka i 1999. Det skulle vere med på å bringe gjelda for dei fattige, hardt gjeldstyngde landa ned på eit berekraftig nivå. Dette skjer dels ved at landa gjennomfører ein stor eigeninnsats gjennom ei omlegging av den økonomiske politikken, og dels gjennom ein innsats frå det internasjonale samfunnet i form av diverse gjeldslettetiltak. Ein stiller krav om at slike land bruker dei frigjorde midlane frå gjeldslette til utviklingsfremjande og fattigdomsreduserande tiltak.

HIPC-initiativet var meint å vere ei mellombels ordning for gjeldslette. Gjeldsproblema har likevel vist seg å vere større og meir langvarige enn det ein opphavleg såg føre seg. Dette førte mellom anna til at programmet blei forlengt med to år i 1998, revidert og utvida i 1999 og igjen forlengt med to nye år både i 2000, 2002 og 2004. Ifølgje den såkalla «solnedgangsklausulen» skulle ordninga avsluttast ved utgangen av 2006.

I september 2006 vedtok styret at ordninga skulle avsluttast. Det blei vedteke at alle land som ved utgangen av 2004 oppfylte kriteria for HIPC-initiativet, framleis skal ha rett til gjeldslette så snart dei oppfyller krava for dette. Men gjeldsinitiativet er lukka for andre land.

40 land er definerte som HIPC-land, dvs. fattige og gjeldstyngde land. Blant desse er Liberia, Somalia og Sudan. Desse tre landa har i lang tid berre delvis betalt låna sine til IMF og har ikkje rett til HIPC-assistanse før dei har klarert desse låna. 30 av HIPC-landa har nådd avgjerdsstadiet («decision point») og har gjennomført den innleiande tilpassinga, mens sju land (i tillegg til dei tre restanselanda) har vanskar med å kome inn under programmet. Fleire av desse er i eller har nettopp arbeidd seg ut av ein konfliktsituasjon og har store lån til IMF og Verdsbanken. Av dei 30 landa har 21 nådd sluttstadiet («completion point»), mens ni land er i mellomstadiet under gjeldsprogrammet og gjennomfører tilpassinga av den økonomiske politikken.

I juni 2005 gjorde G8 framlegg om auka gjeldslette for HIPC-landa. Forslaget innebar at desse landa si gjeld til Det afrikanske utviklingsfondet, Valutafondet og International Development Association (IDA, som er ein del av Verdsbankgruppa) fullt ut skulle slettast. Formålet med forslaget var å frigjere ressursar, som elles ville ha gått til å betale gjeld i HIPC-landa, slik at landa betre kunne nå dei såkalla tusenårsmåla. Til forskjell frå HIPC-initiativet var ikkje forslaget knytt til ein føresetnad om parallell gjeldssanering verken frå andre private eller offentlege kreditorar eller andre multilaterale finansinstitusjonar.

Gjeldsletteinitiativet ( Multilateral Debt Relief Initiative, MDRI ) blei vedteke av IMFs styre i november 2005. Det er dei 40 HIPC-landa som vil ha krav på sanering av gjeld når dei oppfyller krava. I tillegg kjem Kambodsja og Tadsjikistan.

Noreg har vore pådrivar for å gjennomføre gjeldssletteinitiativet. Noreg argumenterte for at nordisk-baltisk valkrins i IMF burde støtte flertalet i IMFs styre om å sanere gjelda til 19 av dei då 20 aktuelle landa i januar 2006. Noreg kom i mindretal i nordisk-baltisk valkrins, men styret i IMF blei gjort merksam på Noregs syn.

I januar 2006 fekk 19 av desse landa sletta heile gjelda si til IMF under MDRI. I løpet av året kvalifiserte ytterlegare fire land seg for 100 prosent gjeldssletting. Dei andre 19 landa vil få gjeldssletting under MDRI så snart dei har nådd sluttstadiet under HIPC-initiativet.

Figur 6.3 Dei største låntakerlanda under PRGF ved
 utgangen av januar 2007

Figur 6.3 Dei største låntakerlanda under PRGF ved utgangen av januar 2007

IMF og Verdsbanken har utvikla ein særskild analyse for å vurdere gjeldsutviklinga i medlemslanda, Debt Sustainability Framework . I november 2006 diskuterte styra i dei to institusjonane korleis dette verktøyet kunne styrkjast for å unngå at dei låginntektslanda som har fått gjeldsslette, på nytt byggjer opp ei gjeld som ikkje er berekraftig.

Nordisk-baltisk valkrins understreka at sjølv om landa sjølv har hovudansvaret for gjeldsutviklinga, ligg det også eit stort ansvar på långivarane. Den seinare tida har det vore ein kraftig auke i utlån frå enkelte land, særleg til Afrika. Det er viktig at desse låna blir gitt på vilkår som låntakarane kan betene. Frå norsk side blei det særleg peika på at det er viktig å styrkje låntakarane si evne til sjølv å vurdere gjeldsutviklinga.

6.4 Styresett

6.4.1 Finansielle ressursar

6.4.1.1 Tilgang og bruk av ressursar

Ressursane til IMF er for det meste midlar som medlemslanda har betalt inn i samband med tildeling av kvotar. Kapitalen, eller kvotane, som medlemslanda har skote inn, er hovudsakleg rekna ut frå den økonomiske storleiken deira.

Dei samla ressursane til IMF ved utgangen av 2006 utgjorde 224 milliardar SDR (om lag 2110 milliardar kroner). Av dette beløpet var vel ein firedel rekna som ikkje tilgjengeleg. Som ikkje-tilgjengelege midlar reknar ein midlar frå land som anten er på IMF-program (og som derfor per definisjon har ein svak utanriksøkonomisk situasjon), eller land som blir vurderte til å ha ein svak betalingsbalansesituasjon. Fråtrekt ein nødvendig arbeidsbalanse og allereie lova beløp stod det att om lag 157 milliardar SDR som kan nyttast til nye utlån.

IMF har òg to spesielle ordningar der somme medlemsland, mellom dei Noreg, har lova å gi organisasjonen kortsiktige lån for å styrkje likviditeten i fondet i krisesituasjonar. Desse er GAB (General Arrangements to Borrow) og NAB (New Arrangements to Borrow). Ordningane sikrar at IMF i tillegg kan mobilisere 34 milliardar SDR. NAB-ordninga blei etablert i 1998 med ei løpetid på fem år. Ordninga blei fornya for fem nye år i november 2002. IMF nytta ikkje desse ordningane i 2006.

Likviditeten i IMF er sterkt betra dei siste åra som følgje av at store lån er innfridde, sjå avsnitt 6.3.3.

6.4.1.2 Restansar på utlån

Dei totale restansane utgjorde om lag 1,9 milliardar SDR per utgangen av 2006. Dette fordeler seg med 1,7 milliardar SDR på ordinære lån og 0,2 milliardar til spesielle utlånsordningar, som hovudsakleg er finansierte med bilaterale midlar. Det er fire land som ikkje har klart å halde dei finansielle pliktene overfor IMF. Restansane var om lag uendra gjennom 2006. Meir enn halvparten av restansane knyter seg til Sudan, mens om lag ein firedel er knytt til Liberia. Dei to andre landa er Somalia og Zimbabwe.

I fleire år betalte Zimbabwe berre delar av rentene og avdraga som forfall. Dette førte til at landet blei suspendert frå stemmerett i IMF i 2003. Styret har ved fleire høve diskutert om landet skal ekskluderast frå IMF. Tidleg i 2006 betalte Zimbabwe ned resten av dei ordinære låna sine i IMF. Dette medførte at spørsmålet om å ekskludere landet frå IMF ikkje lenger var aktuelt. Leiinga i IMF foreslo i mars 2006 at landet skulle få tilbake stemmeretten sin i fondet. Fleirtalet i den nordisk-baltiske valkrinsen, inklusive Noreg, støtta forslaget, men det fekk ikkje det nødvendige fleirtalet i styret. Zimbabwe har framleis restansar til den spesielle utlånsordninga PRGF. I februar 2007 diskuterte styret kva tiltak Zimbabwe må gjennomføre for at landet skal kunne seiast å overhalde dei pliktene som følgjer av medlemskapen. Styret fatta ikkje noko vedtak og vil diskutere saka på nytt ved eit seinare høve. Landet vil ikkje få nye lån frå IMF før det har fått tilbake stemmeretten.

Liberia har ikkje overhalde betalingspliktene sine overfor IMF sidan 1984. Dette har medført at rentene som er lagde til, no er høgare enn det opphavlege lånebeløpet. I 1990 definerte styret Liberia som «ikkje-samarbeidande». Landet miste stemmeretten i IMF i 2003. Liberia tok delvis opp att betalingane sine i 2004. Liberia har dei seinare åra fått betrakteleg teknisk assistanse frå IMF. Landet har vist vilje til å leggje om den økonomiske politikken, særleg etter at det kom ei ny regjering i januar 2006. Dei betra forholda førte til at IMFs styre i oktober 2006 oppheva vedtaket sitt om Liberia som «ikkje-samarbeidande». Dette var første steg for å normalisere forholda og gjenopprette stemmeretten. I IMF og Verdsbanken blir det arbeidd med å finne ordningar som gjer at Liberia kan klarere restansane sine til institusjonane og dermed ha rett til gjeldslette og nye lån.

6.4.1.3 Finansiering av verksemda til IMF

IMF fungerer som ein kredittunion der enkelte medlemsland (kreditorar) stiller midlar til disposisjon for utlån til andre medlemsland (debitorar).

Fondet får inntektene sine hovudsakleg gjennom renter på utlån. I tillegg har fondet fleire reservekonti. Midlane på desse er plasserte i ulike finansielle instrument som gir avkastning.

Den største utgiftsposten er renter til kreditorane. Noregs Bank får ei rente på innskota sine i IMF som er basert på marknadsrentene. I praksis reknar Noregs Bank med at ein får noko mindre avkastning på desse midlane enn på tilsvarande plasseringar av den vanlege valutareserven.

Om lag 45 prosent av utgiftene er knytte til den jamne drifta av IMF. Fråtrekt kostnadene til intern administrasjon går om lag halvparten av utgiftene til ulike aktivitetar knytte til overvaking, mens resten er likeleg fordelt på program/utlån og teknisk assistanse/kapasitetsbygging.

Den sterke nedbetalinga av lån i 2005 og 2006 har svekt inntektspotensialet for IMF. For å kompensere for dei låge renteinntektene vedtok styret at IMF kunne investere delar av midlane sine på ein meir aktiv måte. Styret vedtok òg at behovet for ytterlegare avsetnader til reservar no var mindre på kort sikt fordi den største utfordringa var sviktande inntekter og ikkje risikoen for tap på utlån. Styret understreka samtidig at utsikter til låge utlån i åra som kjem, gjer det nødvendig å finne meir varige løysingar på IMFs finansar. Derfor blei det i mai 2006 sett ned ei ekstern ekspertgruppe, den såkalle Crockett-gruppa, for å vurdere inntektskjelder som er stabile over lengre tid.

Gruppa la fram rapporten sin i januar 2007. Ho føreslo fleire moglege vegar for å auke inntektene. IMF kan spreie investeringane av kapitalen sin på fleire instrument på linje med kva andre tilsvarande institusjonar, som til dømes Verdsbanken, gjer. Fondet kan òg selje ein avgrensa del av gullbehaldninga si og investere salssummen i renteberande papir. Ein føresetnad er at salet ikkje verkar negativt inn på soliditeten til IMF eller på den globale gullmarknaden. Salet må derfor gjennomførast innanfor forsvarlege rammer og innordnast den ordninga andre sentralbankar har praktisert dei siste åra. Endeleg kan fondet krevje betaling for nokre av dei tenestene det yter overfor medlemslanda, til dømes den tekniske assistansen. Gruppa peika i tillegg på ein del andre kjelder, slik som årlege avgifter eller frivillig støtte frå medlemslanda. Gruppa meinte dette ville vere tungvinte og usikre inntekter, men at dette kunne bidra til betre prioritering og meir effektiv drift.

Gruppa peika på at berre somme eller avkorta løysingar neppe vil vere nok til å betre IMFs inntekter på ein varig basis. Forslaga burde derfor sjåast på som ei pakke. Gruppa understreka òg at ho ikkje var beden om å vurdere utgiftsida, men minte om at det er viktig at budsjettdisiplinen held fram.

Styret hadde ein uformell diskusjon av forslaga i februar. Den nordisk-baltiske valkrinsen ønskte forslaga velkomne. Valkrinsen åtvara likevel mot å ta betaling for tenester fondet yter overfor medlemslanda, fordi tenestene blir mest brukte av dei fattigaste landa. Valkrinsen argumenterte for at salet av gull må vere ekstraordinært og derfor omsluttast av nødvendige legale skrankar som sikrar dette. Frå norsk side blei det argumentert med at IMF burde utvide investeringsverksemda, både fordi det truleg vil gi høgare avkastning, og fordi det vil spreie risikoen på fleire instrument. Men sjølv om ei meir aktiv investeringsverksemd er ønskeleg, må IMF gå forsiktig fram slik at variasjonane i kapitalinntektene ikkje blir for store. Det blei òg mint om at utfordringane for IMFs finansar heile tida har vore eit sentralt tema for valkrinsen og såleis er ein integrert del av diskusjonen om den mellomlangsiktige strategien. Meir robuste inntekter er ein viktig del, men ikkje heile biletet. Styrkt styring, betre budsjettsystem og auka kostnadsdisiplin må prioriterast like høgt.

6.4.2 Kvotar og representasjon i dei styrande organa

Det er kvoten eit medlemsland har som avgjer dei finansielle relasjonane til IMF. Kvart medlemsland yter eit innskot i IMF som er lik kvoten landet har. Kvoten set vidare ramma for kor mykje landet sjølv kan låne i IMF dersom det kjem i betalingsvanskar, og kor mykje valuta eit land må stille til rådvelde når andre land får slike vanskar. Både bruttonasjonalproduktet i eit land, utanrikshandelen, valutareservane og variasjonar i eksporten og importen er med i kvoteformelen som avgjer kor stor kvote eit land får.

I samsvar med vedtektene i IMF går ein gjennom behovet for justeringar av den samla kvotestorleiken kvart femte år. Det blir kravd 85 prosent majoritet i styret og samtykke frå minst 60 prosent av medlemslanda for at kvotane skal kunne endrast.

IMF avslutta drøftingane av den 12. revisjonen i slutten av januar 2003. Han blei fullført utan kvoteendringar. Arbeidet med den 13. kvoterevisjonen er formelt sett i gang, men har enno ikkje starta i praksis. Revisjonen må avsluttast seinast i januar 2008.

Likviditetssituasjonen i IMF kjem til å vere god dei næraste åra. Det er derfor ikkje behov for ein generell auke i kvotane for å styrkje dei finansielle ressursane.

Stemmevekta landa har i IMF er basert på kvoten og såkalla basisstemmer. Kvar 100 000 SDR i kvote gir ei stemme. Kvart land har dessutan 250 basisstemmer uavhengig av kvotestorleik. Då IMF blei etablert, utgjorde basisstemmene over 11 prosent av samla stemmevekt. Kvoteaukar har medført at basisstemmene no utgjer berre 2 prosent av stemmevekta.

Sterk økonomisk vekst over fleire år har medført at mange framveksande økonomiar har ein kvote som er mindre enn det kvoteformelen tilseier. Desse landa kan derfor seiast å vere underrepresenterte i IMF. Det er frå fleire hald teke til orde for at desse landa bør få ein særskild kvoteauke.

Målt ved økonomiske storleikar er låginntektslanda overrepresenterte når det gjeld kvotar. Utviklingslanda kan få auka stemmevekt gjennom at ein aukar talet på basisstemmer. Ein auke i basisstemmene vil generelt kome dei mindre landa til gode. Dei fleste låginntektslanda er i denne kategorien.

I samband med vurderinga av IMFs mellomlangsiktige strategi sette administrerande direktør hausten 2005 ned ei gruppe som skulle vurdere kvotar og representasjon i styret. Til IMFCs møte våren 2006 føreslo administrerande direktør ein to-trinnsprosess:

  • Ein snarleg kvoteauke for dei landa som var mest underrepresenterte, målt ved den eksisterande kvoteformelen;

  • Ei revurdering av kvoteformelen og deretter ein ny kvoteauke for å tilpasse kvotane til den nye formelen.

Dessutan føreslo han at talet på basisstemmer skulle aukast. IMFC gav tilslutning til desse forslaga og bad om at eit konkret forslag blei lagt fram før årsmøtet i september.

Styret diskuterte saka fleire gonger sommaren 2006 og fremja ei reformpakke til Guvernørrådet. Rådet vedtok forslaget under årsmøtet i Singapore:

  • Dei fire mest underrepresenterte landa – Kina, Mexico, Sør-Korea og Tyrkia – skulle få ein ad hoc-kvoteauke.

  • Det skulle setjast i gang eit arbeid med å revidere kvoteformelen. Det var semje om at bruttonasjonalproduktet skal ha større innverknad enn ved den noverande formelen.

  • Når den nye kvoteformelen er vedteken, blir det gjennomført ein kvoteauke til dei landa som ifølgje den nye formelen er mest underrepresenterte.

  • Framtidige kvoteaukar skal spesielt ta omsyn til dei landa som er blitt underrepresenterte som følgje av endringar i verdsøkonomien.

  • Basisstemmene skal minst doblast. Dette krev endringar i vedtektene for IMF og kan derfor ta noko tid å få gjennomført.

  • Systemet for basisstemmer blir endra slik at dei skal utgjere ein viss andel av samla stemmevekt. Dermed unngår ein at innverknaden frå basisstemmene blir vatna ut ved framtidige kvoteaukar. Også dette forslaget krev endringar i vedtektene.

  • Bemanninga ved kontora i IMF til dei store valkrinsane blir styrkt. Dette vil i praksis seie kontora til dei afrikanske eksekutivdirektørane, som begge har om lag 20 land i valkrinsane sine.

  • Det skal vurderast om dei største valkrinsane skal få høve til å ha to nestleiande eksekutivdirektørar. Forslaget krev endringar i vedtektene.

Mens det truleg er dei framveksande økonomiane som vil få auka stemmevekt ved ein revidert kvoteformel, er det låginntektslanda som vil ha størst fordel av ein auke i basisstemmene. Guvernørrådet vedtok derfor at desse to elementa av pakka skal sjåast i samanheng: Kvoteauken etter at kvoteformelen er revidert vil ikkje bli gjennomført før systemet med basisstemmene er endra. Guvernørrådet bad styret om å fremje konkrete forslag til endringar til årsmøtet i 2007 og seinast til årsmøtet i 2008. Noreg , saman med dei andre landa i nordisk-baltisk valkrins, støtta forslaget. Noreg har særleg peika på kor viktig det er å styrkje låginntektslanda sin innverknad i IMF, både ved ein formell auke i stemmevekt, ved minst å doble basisstemmene, men også ved ei styrkt bemanning som vil setje dei betre i stand til å førebu saker til styret. Dei afrikanske eksekutivdirektørane har ei særleg stor arbeidsbør, både fordi dei representerer store valkrinsar, og fordi mange av medlemslanda er på låneprogram i IMF, noko som krev spesiell oppfølging.

Ad hoc-kvoteauken til Kina, Mexico, Sør-Korea og Tyrkia blei gjennomført hausten 2006. Dette medførte at Noreg sin kvote fall frå 0,782 til 0,768 prosent av samla kvote. Samtidig fall stemmevekta frå 0,777 prosent til 0,768 prosent.

Verknaden for Noreg av steg to i prosessen er usikker. Det er avhengig av kva endringar som blir gjorde i kvoteformelen, korleis nye kvoteaukar blir gjennomførte, og kor mykje basisstemmene aukar. Truleg vil Noreg få ein noko lågare kvotedel, men auken i basisstemmene vil isolert sett gi Noreg auka stemmevekt. Det kan ikkje utelukkast at den samla verknaden er at Noreg får redusert stemmevekt i IMF.

6.5 Evaluering av verksemda til IMF

IMFs Independent Evaluation Office (IEO) blei etablert i 2000. Kontoret rapporterer direkte til styret og er uavhengig av administrasjonen. Formålet med IEO er å stimulere lærekulturen innanfor IMF, styrkje truverdet til institusjonen, auke forståinga for det arbeidet IMF gjer, og støtte styret i arbeidet med å leie og overvake institusjonen. IEO har tre ulike tilnærmingar: 1) systematiske evalueringar av IMFs ulike politikkområde, 2) samanliknande analyse av kva erfaringar ulike land har med IMFs rådgiving både i overvakings- og utlånspolitikken, og 3) inngåande evalueringar av erfaringane med enkeltland. IEO har gode føresetnader for å gjennomføre og følgje opp evalueringar. Kontoret har uavgrensa tilgang til interne dokument i IMF og nær kjennskap til korleis IMF fungerer. Kontoret er også alltid til rådvelde for styret i oppfølginga av dei tilrådingane styret fremjar.

Styret diskuterte i mars 2006 ein rapport frå IEO om den multilaterale overvakinga. Denne overvakinga kjem særleg til uttrykk i dei halvårlege rapportane om utviklinga i verdsøkonomien (World Economic Outlook) og om den globale finansielle stabiliteten (Global Financial Stability Report). IEO var generelt svært positiv til kvaliteten på denne kjerneoppgåva for IMF og slo fast at den breie og store interessa for dei halvårlege rapportane understreka dette. IEO peika likevel på potensial for forbetringar. Rapportane kunne bli kortare i den skildrande delen og grundigare i analysen av korleis den økonomiske politikken i ulike land gjensidig påverka kvarandre. Ei viktig utfordring var å identifisere og føreslå område der ulike lands økonomiske politikk burde samordnast, på ein klarare måte. Færre og skarpare tilrådingar på dei områda som var mest sentrale, ville òg hjelpe til å fokusere debatten i ulike forum som IMFC, G20 og G7. IEO understreka i tillegg kor viktig det er å sjå rapportane i samanheng, fordi den økonomiske og den finansielle utviklinga er så sterkt samanvovne. Nytta av regional overvaking blei i tillegg gjenteken.

Styret slutta seg i stor grad til desse tilrådingane. Styret var meir negativt til behovet for organisatoriske endringar i fondet for å implementere endringane, fordi det såg det som unødig byråkratisk. Det var dessutan bekymra for at ei oppsplitting av ansvar ville skade den overordna koordineringa av arbeidet.

Den nordisk-baltiske valkrinsen delte òg dette synet. Valkrinsen støtta ein meir aktiv påverknad av til dømes G7 og G20, men understreka samstundes at styret i IMF og IMFC var dei sentrale organa for å diskutere dei globale økonomiske utfordringane. Det blei i tillegg understreka at når staben i IMF lagar særskilde rapportar til G7 og G20, så må heile styret vere orientert om dette arbeidet.

Styret diskuterte i mars og april 2006 ein rapport frå eit eksternt ekspertutval som hadde vurdert arbeidet til IEO sidan etableringa i 2000. Styret slutta seg til hovudkonklusjonen i rapporten om at IEO hadde oppfylt formålet sitt. Samstundes la styret vekt på å følgje opp dei råda utvalet fremja om å utnytte arbeidet til IEO betre. Det burde vurderast å lage færre, men grundigare rapportar. Dei burde i større grad konsentrere seg om substansielle forhold, slik som ei kritisk vurdering av det teoretiske og empiriske grunnlaget for IMF sine råd. For å gjere rapportane meir tilgjengelege burde dei bli kortare og vurderingane og råda meir fokuserte og skarpare. Arbeidet burde òg for det meste konsentrere seg om politikkområda. I den grad landrapportar blei laga, burde dette først skje i god tid etter at dei konkrete programma var avslutta.

Særleg om dei sistnemnde punkta blei det ein intens diskusjon om administrasjonen i IMF hadde prøvd å påverke vurderingane til IEO. Utvalet indikerte at dette hadde skjedd i rapporten om krisa i Argentina, som blei lagd fram sommaren 2004. Utvalet peika konkret på at administrasjonen i vurderingane hadde prøvd å tone ned fondet si eiga rolle – spesielt det at IMF ikkje tidlegare prøvde sterkare å påverke Argentina til å leggje om politikken for å unngå krisa – då dei hadde rapporten til intern kommentar. Slike interne kommentarrundar blir brukte for å rette opp faktiske feil og misforståingar, men hadde i dette tilfellet òg gått vidare, ifølgje utvalet.

Administrasjonen med administrerande direktør i spissen nekta for at det var grunnlag for påstandane frå utvalet. Den tidlegare leiaren av IEO argumenterte likeins for at slik påverknad ikkje hadde innverka på sjølvstendet og vurderingane til IEO. Styret meinte at rapporten om Argentina hadde vore ganske kritisk også om IMF si rolle, og at oppsummeringa frå diskusjonen den gongen hadde reflektert dette.

Den nordisk-baltiske valkrinsen slutta seg til hovudkonklusjonane frå utvalet. Valkrinsen var særleg oppteken av å sikre IEO sitt sjølvstende. Han argumenterte derfor i første omgang for at meir informasjon om forholda rundt Argentina-rapporten var ønskeleg for å avdekkje kva som faktisk hadde gått føre seg. Då styret likevel valde ikkje å følgje dette, slutta valkrinsen seg til konklusjonen på dette punktet. Vi la vekt på at saka hadde styrkt IEO sitt sjølvstende ved at utilbørleg påverknad ikkje ville skje i framtida. Valkrinsen la i tillegg vekt på at ei meir aktiv oppfølging av rapportane frå IEO var nødvendig, og at dette ville bli enklare med skarpare og meir selektive tilrådingar.

Styret diskuterte i mars 2007 ein rapport om IMFs verksemd i perioden 1999–2005 i 29 afrikanske land sør for Sahara. IEO har studert kva for rolle IMF har hatt når det gjeld å mobilisere utviklingsassistanse og utarbeide ulike scenario for bruk av denne assistansen, med tanke på å fremme vekst og redusere fattigdom.

IEO konkluderte med at IMFs politikk har vore tvitydig og uklar, noko som har ført til ei ulik tilnærming overfor dei ulike landa. Dette galdt for eksempel råd med tanke på kor mykje utviklingsassistanse eit land kan «absorbere» før det fører til styrkt valutakurs, høgare inflasjon og svekt effektivitet. IEO meinte at IMFs styre ikkje har hatt ei einskapleg haldning til kva fondet si rolle i låginntektsland skal vere, og at det har ført til uklare retningslinjer til administrasjonen. IEO rådde til at styret må klargjere kva som er IMFs politikk i desse landa, og at dette blir kommunisert klart til administrasjonen, medlemslanda og offentlegheita. Vidare må det etablerast rutinar som sikrar at desse retningslinjene blir følgde opp.

Styret slutta seg i hovudsak til desse tilrådingane. Det er viktig å klargjere kva for rolle IMF skal spele i meir utviklingspolitiske saker, og korleis fondet skal samarbeide med andre institusjonar, ikkje minst Verdsbanken, om slike spørsmål. Nordisk-­baltisk valkrins var samd i IEOs tilrådingar og understreka at fondet si verksemd må avgrensast til makroøkonomiske spørsmål. IMF har inga oppgåve når det gjeld å mobilisere utviklingsassistanse frå andre institusjonar eller givarland, men skal analysere verknadene av slik assistanse.

IEO offentleggjer kvart år arbeidsprogrammet sitt. Dei komande rapportane vil ta for seg:

  • I MFs verksemd i Afrika sør for Sahara.

  • Bruken av kondisjonalitet i IMFs låneprogram

  • IMFs råd om valutakurspolitikk.

Det er venta rapportane vil bli offentleggjorde våren 2007. Alle rapportane frå IEO blir offentleggjorde. Sjå heimesida til IMF på www.imf.org.

6.6 Særskilde forhold som gjeld Noreg

6.6.1 Deltaking i PRGF

Noregs Bank inngjekk i 1988 og 1994 avtalar med IMF om å finansiere ein del av kapitaldelen av PRGF-låneordninga. Sentralbanken ytte kapitalinnskot på til saman 150 millionar SDR (90 millionar SDR i 1988 og 60 millionar SDR i 1994). Kapitalmidlane blei betalte tilbake til Noregs Bank i takt med at låntakarane betalte ned lånet til IMF. Ved utgangen av 2006 var alle midlane tilbakebetalte. Siden 1988 har Utanriksdepartementet løyvd subsidiemidlar på til saman 401 millionar kroner. Siste utbetaling var i 2004.

6.6.2 Artikkel IV-konsultasjon

IMF analyserer jamleg norsk økonomi. Den såkalla artikkel IV-konsultasjonen blir gjennomført ved at ein delegasjon frå IMF har møte med Finansdepartementet, Noregs Bank, andre offentlege styresmakter og representantar for partane i arbeidslivet, akademia og den finansielle sektoren.

Noreg har samtykt i at rapportane som blir utarbeidde i samband med artikkel IV-konsultasjon, kan offentleggjerast. Det gjeld både den mellombels vurderinga som delegasjonen skriv ved avslutninga av konsultasjonen i Noreg, og den meir omfattande stabsrapporten som ligg til grunn for diskusjonen i styret.

På bakgrunn av dei stabile økonomiske og finansielle forholda i Noreg og omsynet til ein effektiv bruk av ressursane til IMF har norske styresmakter uttrykt at artikkel IV-konsultasjonane kan gjennomførast med ein noko lågare frekvens. I 2006 blei det derfor gjennomført berre eit kortare besøk av IMF tidleg i juni. Vurderingane til delegasjonen blei offentleggjorde 12. juni.

Ein full artikkel IV-konsultasjon blei gjennomført i mars 2007. Dei mellombels vurderingane blei offentleggjorde 26. mars. Det er venta at den endelege rapporten blir kjend før sommaren.

Informasjon om IMF finn ein på internettsida til IMF, www.imf.org. Rapportar og innlegg frå nordisk-baltisk valkrins ligg på nettsidene til Finansdepartementet, www.regjeringen.no/nb/dep/fin og Noregs Bank, www.norges-bank.no.

6.6.3 Særskild rapport om nordisk-baltisk valkrins

IMF gjennomførte i 2006 ein studie av den finansielle integrasjonen i Norden og styremaktene sin politikk for å møte denne utfordringa. Alle landa i valkrinsen har vore med i dette arbeidet. Rapporten vil mellom anna drøfte den kraftige kredittveksten i dei nordiske landa, framveksten av store grensekryssande finanskonsern og spørsmål knytte til behandling av finansielle kriser. Det er venta at rapporten blir lagd fram for styret våren 2007.

Fotnotar

1.

Forum for utvikling og miljø (ForUM) er ein offentleg støtta paraplyorganisasjon for norske frivillige organisasjonar med interesse for miljø- og utviklingsspørsmål. ForUM har som overordna mål å bidra til å fremje arbeid for berekraftig utvikling globalt og nasjonalt, og skal vere eit kontaktpunkt mellom norske og internasjonale frivillige organisasjonar.

2.

FNs tusenårsmål for nedkjemping av fattigdom, sjukdom og miljø-øydelegging blei vedteke av 147 statsleiarar og 191 land i september 2000. Eitt av måla er å halvere ekstrem fattigdom innan 2015. I mars 2002 heldt FN ein stats- og regjeringssjefkonferanse i Monterrey i Mexico med tema Finansiering for utvikling (FfD). Utgangspunktet for konferansen var erkjenninga av at tilgjengelege finansielle ressursar var langt under det som trengst for å realisere tusenårsmåla, og at auka politisk støtte var naudsynt for å få tak i dei ressursane som er nødvendige for å realisere måla.

3.

For meir informasjon om standardane på dei ulike områda, sjå http://www.imf.org/external/standards/index.htm

4.

Per 9. mars 2007 var 1 SDR = 9,27 norske kroner.

Til forsida