St.meld. nr. 23 (2006-2007)

Kredittmeldinga 2006

Til innhaldsliste

3 Regelverksutvikling og løyve i større saker på finansmarknadsområdet

3.1 Regelverksutvikling

Nedanfor følgjer ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for 2006. Vidare i avsnitt 3.2 følgjer ein omtale av sentrale løyve som blei gitt same år, der dei einskilde sakene blir kort omtala.

3.1.1 Bank- og finansverksemd

Stortinget fastsette på bakgrunn av forslag i Ot.prp. nr. 44 (2005–2006) nye lovreglar om likviditetskrav for finansinstitusjonar. Lovendringane inneber at det tidlegare kvantitative likviditetskravet blei erstatta med eit kvalitativt krav i tråd med Bank for International Settlements (BIS) tilråding frå 2000 om god praksis for likviditetsstyring i bankar. Likviditetskravet blei gjort gjeldande for alle finansinstitusjonar, og blei sett i kraft med verknad frå 1. juli 2006, jf. lov 30. juni 2006 nr. 38.

Som ei følgje av fastsetjinga av dei nye lovreglane om kvalitative likviditetskrav for finansinstitusjonar blei «forskrift om minstekrav til likvider for forretningsbanker» av 16. desember 1988 nr. 1222 oppheva ved forskrift 22. august 2006 nr. 985. Denne forskrifta trådde i kraft med ein gong.

Stortinget fastsette ved «lov om endringer i finansieringsvirksomhetsloven, verdipapirhandelloven og i enkelte andre lover (nytt kapitaldekningsregelverk)» av 30. juni 2006 nr. 39 nye lovreglar om kapitalkrav. Lovreglane gjennomfører EØS-reglar som svarer til direktiv 2006/48/EF (det konsoliderte bankdirektivet) og direktiv 2006/49/EF (om investeringsføretak og kredittinstitusjonars kapitaldekningsgrad). I dei nye reglane om kapitalkrav held ein fast på definisjonen av ansvarleg kapital og minstekravet om åtte prosent kapitaldekning, men berekningsgrunnlaget som den ansvarlege kapitalen skal stå i forhold til, er endra. Nye reglar om kredittrisiko erstattar i stor grad dei eksisterande, og det er gjennomført endringar i berekningsgrunnlaget for marknadsrisiko. Det er i tillegg innført eit eksplisitt kapitalkrav for operasjonell risiko. Finansdepartementet fastsette 14. desember 2006 «forskrift om kapitalkrav for forretningsbankar, sparebankar, finansieringsføretak, holdingselskap i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskap for verdipapirfond mv. (kapitalkravsforskriften)». I tilknyting til det nye kapitaldekningsregelverket er det også gjennomført endringar i følgjande forskrifter: «forskrift om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak» av 1. juni 1990 nr. 435, «forskrift om anvendelse av soliditetsregler på konsolidert basis mv.» av 25. mars 1991 nr. 214, «forskrift om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak» av 22. juni 2000 nr. 632, og «forskrift om tilsyn og kontroll med kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer» av 23. april 1997 nr. 367.

Stortinget har på bakgrunn av forslag frå Finansdepartementet i Ot.prp. nr. 11 (2006–2007) vedteke forslag om å lovfeste eit forbod mot at banksjef (dagleg leiar) er medlem av styret i ein sparebank eller ein forretningsbank. Det blei samstundes vedteke lovreglar om at styret skal tilsetje dagleg leiar, og ikkje fellesmøte i styre/forstandarskap (sparebankar) eller styre/representantskap (forretningsbankar), slik dei gjeldande reglane seier. Dei nye reglane vil styrkje skiljet mellom styret og den daglege leiinga i bankar, og er i samsvar med prinsipp for god føretaksstyring. Lovendringar i samsvar med forslaget blei vedtekne av Odelstinget 1. februar 2007, jf. Besl.O. nr. 55 (2006–2007), som Lagtinget slutta seg til 8. februar 2007.

Stortinget har etter forslag i Ot.prp. nr. 11 (2006–2007) òg vedteke ein lovheimel for å innhente politiattest for personar som skal tilsetjast i Noregs Bank, og andre som skal ha teneste for banken. Bakgrunnen for forslaget er ei oppmoding frå Noregs Bank om å fastsetje ein slik lovheimel. Forslaget går ut på at det berre kan innhentast politiattest dersom forsvarsomsyn tilseier det, og politiattesten skal berre vise einskilde typar lovbrot. Politiattesten skal ikkje vere avgrensa tilbake i tid, noko som inneber at alle brot på relevante straffebod vil gå fram av politiattesten. Lovendringar i samsvar med forslaget er vedtekne av Stortinget, jf. ovanfor.

Stortinget vedtok på bakgrunn av forslag i Ot.prp. nr. 11 (2006–2007) også lovreglar om obligasjonar med fortrinnsrett. Dei nye reglane skal erstatte reglane i finansieringsverksemdslova kapittel 2 underkapittel IV om obligasjonslån med pantetrygd i utlånsportefølje. Forslaget inneber at obligasjonseigarane sine krav blir sikra gjennom ein lovbestemt fortrinnsrett til dekning i det ein sikringsmasse utbringar ved likvidasjon av kredittføretaket. Sikringsmassen kan berre bestå av nærmare oppgitte fordringar, mellom anna utlån frå kredittføretaket sikra med pant i bustad og anna fast eigedom. Ein forventar at lovendringa vil hjelpe på dei problema som er blitt avdekte i samanheng med sikringa av panteretten etter gjeldande regelverk, samtidig som obligasjonseigarane framleis får ei preferert stilling som kan gi grunnlag for lågare innlånskostnader. Finanskomiteen understreka i si innstilling at lovendringane har mykje å seie for konkurransekrafta til norske bankar ved at dei sikrar tilgjenge til billig kapital i kapitalmarknadene. Dessutan bør konkurransen kunne føre til at lågare innlånskostnader for bustadlån kan redusere renta for bustadlån, jf. Innst.O. nr. 41 (2006–2007) side 13. Dei nye reglane krev utfyllande forskrift. Finansdepartementet tek sikte på at slike nødvendige forskrifter kan bli fastsette raskt, slik at lovreglane kan setjast i kraft.

«Forskrift om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak» av 22. oktober 1990 nr. 875 blei endra ved forskrift 28. september 2006 nr. 1101. Endringa inneber at institusjonar som nyttar interne risikostyringsmodellar («Value at Risk»-modellar) til å berekne kapitalkravet for posisjonsrisiko, kan bli pålagde eit høgare kapitalkrav, basert på korleis institusjonen etterlever dei kvalitative krava til den interne modellen. Samstundes blei «forskrift om minstekrav til kapitaldekning for markedsrisiko i kredittinstitusjoner» av 22. juni 2000 nr. 632 endra slik at fordringar på og fordringar garanterte av motpartar som er lokaliserte i alle land innafor EØS-området, ikkje berre medlemsland i OECD, kan bli gitt redusert vekting i berekninga av kapitaldekningskravet.

«Forskrift om autoriserte markedsplasser for omsettelige verdipapirer» av 20. desember 2006 nr. 1561 gir reglar om handel med omsetjelege verdipapir på autoriserte marknadsplassar. Forskrifta blei gitt samstundes med at Oslo Børs fekk løyve til å etablere verksemd som autorisert marknadsplass. Forskrifta gjer at børsforskrifta, med unnatak av reglane i §§ 1-1 og 1-3, kapittel 2, 3, 8 9, 11, 12, og 27, blir gjort tilsvarande gjeldande for autoriserte marknadsplassar. Vidare blir mellom anna også flagge- og tilbodsreglane i verdipapirhandellova §§ 3-2, 3-3 andre ledd og kapittel 4 gjort gjeldande for handel på autoriserte marknadsplassar. Forskrifta trådde i kraft 1. januar 2007.

3.1.2 Forsikringsverksemd og pensjons­ordningar

«Lov om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet mv. (forsikringsloven)» av 10. juni 2005 nr. 44 blei sett i kraft 1. juli 2006. Den nye lova erstattar forsikringsverksemdslova av 10. juni 1988 nr. 39. Lova inneheld nye verksemdsreglar for kollektiv og individuell livsforsikring og nye lovreglar for pensjonsføretak. I tillegg er det gjennomført ei generell teknisk oppdatering og konsolidering av forsikringsverksemdslova med seinare endringar.

Finansdepartementet fastsette 30. juni 2006 «forskrift til forsikringsloven (livsforsikring mv.)». Forskrifta utfyller og presiserer dei nye verksemdsreglane i forsikringslova. Det blei samstundes gitt overgangsreglar, jf. «forskrift om overgangsregler til lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet (forsikringsloven)». Livsforsikringsselskapa og pensjonskassene skal samla gå over til dei nye verksemdsreglane for livsforsikring 1. januar 2008. Fram til dette tidspunktet skal verksemdene følgje reglane i forsikringsverksemdslova med tilhøyrande forskrifter. Det er gitt overgangsreglar om retten til overskotsdeling i ein periode på tre år rekna frå 1. januar 2008. Kravet om skilje mellom fondsforsikringsselskap og vanlege livsforsikringsselskap blei oppheva 1. juli 2006. Dette inneber at livsforsikringsselskapa kan utvide verksemda si til å tilby livsforsikring med investeringsval, mens fondsforsikringsselskapa kan utvide verksemda si til ordinær livsforsikring.

Finansdepartementet fastsette 30. juni 2006 «forskrift om innskuddspensjonsordninger som skal oppfylle minstekravene i lov om obligatorisk tjenestepensjon». Forskrifta fastset visse fellesreglar for alle pensjonsleverandørar som tilbyr dette produktet. Det følgjer av § 4 i lov om obligatorisk tenestepensjon at føretaket skal dekkje kostnadene ved administrasjon av ei innskotspensjonsordning i tillegg til innskotet. I forskrifta blir det presisert at dette også omfattar forvaltningskostnader.

Finansdepartementet endra 30. juni 2006 «forskrift til lov av 24. mars 2000 nr. 16 om foretakspensjon» av 1. desember 2000 nr. 1212 og «forskrift til lov av 24. november 2000 nr. 81 om innskuddspensjon i arbeidsforhold (innskuddspensjonsloven)» av 22. desember 2000 nr. 1413. Endringa fastsette eit unnatak frå kravet om at pensjonsordninga skal omfatte alle arbeidstakarar i føretaket som har fylt 20 år og fyller krava til stillingsandel mv. Unnataket inneber at arbeidstakar som er medlem av ei anna pensjonsordning utanfor innskotspensjonslova eller føretakspensjonslova, ikkje samtidig skal vere medlem av innskotspensjonsordninga eller føretakspensjonsordninga. Unnataket skal forhindre at arbeidsgivarføretak må finansiere dobbelt pensjonsdekning, fordi same arbeidstakar må vere medlem i fleire pensjonsordningar.

«Forskrift om norske forsikringsselskapers forsikringstjenesteytelser og etablering av filial i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde» av 11. oktober 1995 nr. 854 blei endra 30. juni 2006. Samstundes blei også «forskrift om forsikringstjenesteytelser og etablering av filial av forsikringsselskap og pensjonsforetak med hovedsete i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde m.m.» av 22. september 1995 nr. 827 og «forskrift om tilsyn med finansinstitusjoner og forvaltningsselskap som har hovedsete i annen EØS-stat og som driver virksomhet i Norge mv.» av 28. desember 1993 nr. 1257 endra. Endringane i dei tre forskriftene gjennomfører EØS-reglar som svarer til reglar i direktiv 2003/41/EF (pensjonskassedirektivet) om den grenseoverskridande verksemda til pensjonsføretak.

Stortinget fastsette ved «lov om endringer i forsikringsloven (utlikning i fellesordninger for premieberegning)» av 30. juni 2006 nr. 40 eit nytt kapittel 10 A «Fellesordning for premieberegning for pensjonsordninger med ytelsesbasert foretakspensjon» i forsikringslova. Lovreglane i forsikringslova kapittel 10 A legg til rette for at pensjonsinnretningar kan tilby fellesordningar som jamnar ut premieforskjellar som kjem av ulik kjønns- og alderssamansetjing, på ein slik måte at dette ikkje truar vernet for forsikringskrava. Lovreglane gir rett til å tilby kjønns- og aldersnøytrale premiar i ytingsbaserte tenestepensjonsordningar i privat sektor på same måte som i kommunal sektor. Premieutjamning skal vere frivillig både for pensjonsleverandør og føretak.

Stortinget vedtok etter forslag i Ot.prp. nr. 11 (2006–2007) lovreglar om at frilansarar kan opprette innskotspensjonsordning med rett til skattefrådrag. Lovreglane gir frilansarar dei same rettane som sjølvstendig næringsdrivande har til skattefrådrag for pensjonssparing.

«Forskrift til lov 24. november 2000 nr. 81 om innskuddspensjon i arbeidsforhold (innskuddspensjonsloven)» av 22. desember 2000 nr. 1413 blei endra ved forskrift 8. februar 2006 nr. 124. Det blei teke inn ein ny overgangsregel i forskrifta som inneber at forskriftsregelen om innskotsgrenser ikkje er til hinder for at dei innskotsgrensene som gjaldt før 1. januar 2006, kan førast vidare inntil tidspunktet pensjonsordninga må vere tilpassa lov om obligatorisk tenestepensjon (seinast 31. desember 2006 med økonomisk verknad frå 1. juli 2006).

«Forskrift om behandling av godtgjørelse til fiskere i forhold til lov om obligatorisk tjenestepensjon» av 20. desember 2006 nr. 1521 fastset at hyre og anna godtgjering som er utbetalt frå føretak i fiskerisektoren, også skal bli behandla som lønn i forhold til regelverket om obligatorisk tenestepensjon, i den grad godtgjeringa likningsmessig blir behandla som lønn.

Finansdepartementet sette 22. desember 2006 i kraft kapittel 2A i banksikringslova, og fastsette samstundes «forskrift om garantiordning for skadeforsikring» av 22. desember 2006 nr. 1617. Garantiordninga kjem i staden for den tidlegare «Skadeforsikringsselskapenes garantiordning», jf. forskrift 8. september 1989 nr. 929. Den nye garantiordninga inneber ein garanti som er meir spesifikt retta mot å gi forbrukarar vern mot tap som følgje av at eit forsikringsselskap ikkje er betalingsdyktig. Garantiordninga er samstundes innretta slik at ho omfattar filialar av forsikringsselskap med hovudsete i ein annan EØS-stat.

«Forskrift om minstekrav til kapitaldekning i forsikringsselskaper, pensjonskasser, innskuddspensjonsforetak og holdningsselskap i forsikringskonsern» av 22. desember 2006 nr. 1616 trådde i kraft 1. januar 2007. Forskrifta utgjer ei tilpassing i kapitaldekningsreglar for forsikringsselskap og pensjonskasser til den nye kapitalkravsforskrifta for bankar o.a. av 14. desember 2006.

Kredittilsynet fastsette 15. mars 2006 «forskrift om aksessorisk forsikringsagentvirksomhet». Forskrifta inneber ei lemping av kvalifikasjonskrava i lov om forsikringsformidling når det gjeld kompetanse og praksis for aksessoriske forsikringsagentar.

Kredittilsynet fastsette 16. mars 2006 «forskrift om medlemskap i pensjonsordning for personer som ikke er pliktig medlem i folketrygden». Den viktigaste forskjellen frå tidlegare regelverk er at utanlandsopphaldet no kan vare opp til ti år, mot fem i det tidlegare regelverket.

3.1.3 Verdipapirhandel

Stortinget vedtok etter forslag i Ot.prp. nr. 11 (2006–2007) at utanlandske investorar kan registrere eiga si av aksjar i norske aksjeselskap gjennom forvaltar. Dette er ei vidareføring av gjeldande rett. Gjeldande krav om at innanlandske eigarar av aksjar i norske selskap skal vere direkteregistrerte, slik at reell eigar står oppført i aksjeeigarregisteret, blei ført vidare. Departementet har fått heimel til å påleggje forvaltarar å rapportere eigarforhold til offentleg styringsmakt eller andre.

Finansdepartementet fastsette 23. mars 2006 «forskrift om endring i børsforskrift» av 17. januar 1994 nr. 30. Forskrifta fastset at medlemmene og varamedlemmene i børsklagenemnda blir oppnemnde av departementet for ein periode på fire eller to år. Endringsforskrifta bestemmer vidare at varamedlemmene prinsipalt skal vere personlege, men at dei ved behov også kan møte for dei andre medlemmene i børsklagenemnda.

«Forskrift om forvalterregistrering i verdipapirfonds andelseierregister» av 18. desember 2003 nr. 1638 blei endra ved forskrift av 19. juni 2006 nr. 649. Endringa inneber ei fjerning av hinder for eksport av norske fondsprodukt.

Det følgjer av kredittilsynslova § 7 at styremedlemmer og tenestemenn i Kredittilsynet ikkje kan eige aksjar eller andre partar som er utskrivne av institusjonar som er under tilsyn. Etter forslag i Ot.prp. nr. 12 (2004–2005) blei det ved lovendring 4. mars 2005 teke inn heimel i kredittilsynslova § 7 femte ledd til å gi forskrifter om forbod eller andre innskrenkingar for handel i børsnoterte aksjar eller andre eigenkapitalinstrument som er noterte på norsk børs eller autorisert marknadsplass, for tilsette i Kredittilsynet. Det blei også gitt heimel til å fastsetje reglar om plikt til rapportering av transaksjonar i finansielle instrument for tilsette. Finansdepartementet fastsette 15. september 2006 forskrift nr. 1067 «om forbod mot handel i aksjer mv. og rapporteringsplikt for handel i finansielle instrumenter for tjenestemenn i Kredittilsynet».

I samband med at Oslo Børs fekk løyve til å drive verksemd som autorisert marknadsplass for finansielle instrument, blei børsforskrifta av 17. januar 1994 nr. 30 endra ved forskrift av 20. desember 2006 nr. 1562.

«Forskrift om Verdipapirforetakenes sikringsfond» av 22. desember 2005 nr. 1672 blei endra ved forskrift 7. juli 2006 nr. 892. Endringa inneber at Kredittilsynet, utan hindring av teiingsplikta si, kan utveksle informasjon til fondet som fondet sjølv har rett til å få frå medlemmene. Finansdepartementet godkjende også vedtektene til fondet ved brev 26. juni 2006, jf. forskrifta § 3 tredje ledd.

«Forskrift om opplysningsplikt ved tilbud om kjøp av sammensatte produkter» av 25. september 2006 nr. 1317 blei fastsett av Kredittilsynet. Forskrifta trådde i kraft 1. januar 2007 og gjeld finansinstitusjonar som tilbyr samansette produkt.

Finansdepartementet fastsette 22. desember 2006 forskrift nr. 1615 «om kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer». Forskrifta trådde i kraft 1. januar 2007. Frå same tidspunkt blei «forskrift om tilsyn og kontroll med kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer» av 23. april 1997 nr. 376 oppheva. Den nye forskrifta er tilpassa kapitalkravsforskrifta av 14. desember 2006. Forskrifta fører stort sett vidare krava i forskrift 23. april 1997 nr. 376.

3.1.4 Eigedomsmekling

Stortinget vedtok etter forslag i Ot.prp. nr. 11 (2006–2007) endringar i eigedomsmeklingslova som legg til rette for at eigedomsmeklarar med yrkeskvalifikasjonar frå andre EØS-statar kan bli godkjende i Noreg. Forslaget blei fremma på bakgrunn av ein merknad frå ESA om at EØS-reglane om gjensidig godkjenning av eigedomsmeklarar ikkje er tilfredsstillande gjennomført i norsk rett.

Finansdepartementet la 15. desember 2006 fram forslag til ny lov om eigedomsmekling (Ot.prp. nr. 16 (2006–2007)). Formålet med lova skal vere å leggje til rette for at omsetning av fast eigedom ved bruk av mellommann skjer på ein sikker, ordna og effektiv måte. Forslaget inneheld ei vidareføring av dei sentrale delane i konsesjonssystemet. Det vil seie at eigedomsmekling berre kan drivast i medhald av konsesjon.

Finansdepartementet foreslår ei rekkje tiltak med sikte på å auke tryggleiken for forbrukarar og andre i samband med omsetning av eigedom. I denne samanhengen blir det i større grad enn tidlegare lagt vekt på å skjerpe ansvaret som styret og dagleg leiar i verksemda har for kvaliteten på dei tenestene verksemda tilbyr. Ansvaret for å sikre kvaliteten på eigedomsmeklinga blir også skjerpa for dei som utfører dei enkelte oppdraga. Forslaget inneheld vidare ei rekkje endringar som vil innebere ei styrking av det overordna kravet til meklaren sitt sjølvstende. Når det gjeld forholdet mellom oppdragsgivar og eigedomsmeklar, inneber forslaget ei styrking av rettane til oppdragsgivaren. Det blir òg foreslått at eigedomsmeklars plikter ved gjennomføring av oppdrag blir skjerpa, og det blir foreslått viktige endringar i reglane om tilsyn, sanksjonar og klageordningar.

Kredittilsynet fastsette 16. februar 2006 «forskrift om endring i forskrift om eiendomsmegling». Endringa inneber at unnataka frå eigenhandelsforbodet i lova er innskrenka for meklaren sjølv og den nærmaste familien hans. Forskrifta trådde i kraft 1. mars 2006.

«Forskrift om eiendomsmegling» av 20. mars 1990 nr. 177 blei endra av Finansdepartementet ved forskrift 10. november 2006 nr. 1226. Endringa inneber at forskrifta er gitt ein ny § 8-6 om «Meglers plikter ved budgivning». Dei nye reglane inneber i hovudsak ei kodifisering av eigedomsmeklaren si plikt til å arbeide for ei forsvarleg avvikling av bodrundar. Det blei innført forbod for eigedomsmeklaren mot å vidareformidle bod viss bodet har ein akseptfrist som er kortare enn 24 timar frå siste annonserte vising. Endringa blei sett i verk 1. januar 2007.

3.1.5 Rekneskap og revisjon

Stortinget vedtok etter forslag i Ot.prp. nr. 44 (2005–2006) endringar i «lov 18. juni 1993 nr. 109 om autorisasjon av regnskapsførere (regnskapsførerloven)», i «lov 15. januar 1999 nr. 2 om revisjon og revisorer (revisorloven)», i «lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (finansieringsvirksomhetsloven)», og i enkelte andre lover. Det blei mellom anna vedteke endringar i reglane i rekneskapsførarlova om vilkår for autorisasjon som rekneskapsførar. Vidare blei ordninga med fornying av autorisasjon for rekneskapsførarar kvart femte år oppheva. I proposisjonen blei det også foreslått at Kredittilsynet kan påleggje rekneskapsføraren sin oppdragsgivar å gi Kredittilsynet innsynsrett i rekneskapsmateriale som rekneskapsføraren har handtert i samband med oppdraget, dersom det er nødvendig for å få gjennomført eit forsvarleg tilsyn. Det blei vidare foreslått endringar i lovreglane om godkjenning av utanlandske yrkeskvalifikasjonar for rekneskapsførarar og revisorar. Departementet foreslo reglar i rekneskapsførarlova og revisorlova som gir departementet heimel til å fastsetje reglar om slik godkjenning. Lovendringar i samsvar med forslaget blei fastsette ved lov 30. juni 2006 nr. 38, som trådde i kraft 1. juli 2006. Med heimel i rekneskapsførarlova har Kredittilsynet fastsett forskrift 30. juni 2006 nr. 871 om godkjenning av rekneskapsførarar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar. Departementet har fastsett ein tilsvarande regel for revisorar i forskrift 15. desember 2006 nr. 1420. Båe desse forskriftene trådde i kraft 1. januar 2007.

«Forskrift om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder» av 17. desember 2004 nr. 1852 blei endra ved forskrift 13. januar 2006 nr. 36. Endringa inneber at forordning (EF) nr. 1751/2005, forordning (EF) nr. 1864/2005, forordning (EF) nr. 1910/2005 og forordning (EF) nr. 2106/2005 gjeld som forskrift. Forskrifta blei på nytt endra ved forskrift 6. februar 2006 nr. 110, og forordning (EF) nr. 108/2006 blei gjord gjeldande som forskrift. Ved forskrift 9. juni 2006 nr. 601 blei forskrifta endra slik at forordning (EF) nr. 708/2006 gjeld som forskrift, og ved forskrift 19. september 2006 nr. 1083 blei forskrifta endra slik at forordning (EF) nr. 1329/2006 gjeld som forskrift.

Det har vore behov for å gjere endringar i årsrekneskapsforskriftene for finansinstitusjonar og andre tilsynspliktige einingar som følgje av endringar i rekneskapslova som blei vedtekne i 2004 og 2005. Rekneskapslova blei endra i to rundar i 2004 og 2005; ved lov 10. desember 2004 nr. 81 (etter forslag i Ot.prp. nr. 89 (2003–2004)) og ved lov 10. juni 2005 nr. 46 (etter forslag i Ot.prp. nr. 39 (2004–2005)). Den første runden gjaldt i hovudsak gjennomføringa av EØS-reglar som krev at børsnoterte føretak utarbeider konsernrekneskap i samsvar med internasjonale rekneskapsstandardar (IFRS). Lova tillèt bruk av IFRS også i andre konsernrekneskapar og i alle selskapsrekneskapar. Den andre runden gjaldt endringar etter evalueringa av rekneskapslova. Ei hovudsak ved evalueringa var tilpassing av rekneskapslova til IFRS utanfor området til dei nemnde EØS-reglane.

I Ot.prp. nr. 89 (2003–2004) (s. 26) blei det varsla at departementet ville vurdere

«om særskilte forhold knyttet til soliditetsreguleringen av og tilsynet med finansinstitusjonene gjør det nødvendig å avskjære eller begrense adgangen til å utarbeide selskapsregnskap i samsvar med vedtatte IFRS for disse».

20. desember 2005 fastsette departementet endringar i årsrekneskapsforskriftene for finansinstitusjonar om at bankar og forsikringsselskap ikkje kunne nytte det nye høvet etter rekneskapslova til å føre selskapsrekneskap i samsvar med IFRS. Det blei lagt vekt på at det var nødvendig med tilpassingar i årsrekneskapsforskriftene før det var forsvarleg å opne for dette. Departementet vurderer for tida eit forslag frå Kredittilsynet om slike tilpassingar.

Samstundes har det vore nødvendig med visse endringar i årsrekneskapsforskriftene på bakgrunn av dei nemnde endringane i rekneskapslova frå 2005. Det har også vore nødvendig med visse endringar på bakgrunn av endringar i pensjonslovene og skattelova. Verkeområdet for årsrekneskapsforskriftene for bank og forsikring, og utlånsforskrifta, blei utvida til å omfatte filialar. Elles har endringane i hovudsak vore av meir teknisk karakter.

Finansdepartementet fastsette på denne bakgrunnen 21. februar 2006 «forskrift om endring av forskrift av 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike», «forskrift om endring av forskrift av 16. desember 1998 nr. 1241 om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper», «forskrift om endring av forskrift av 23. august 1999 nr. 957 om årsregnskap m.m. verdipapirforetak», «forskrift om endring av forskrift av 27. februar 2001 nr. 188 om årsregnskap m.m. for pensjonskasser», «forskrift om endring av forskrift 28. mai 1999 nr. 655 om årsregnskap m.m. for inkassovirksomhet» og «forskrift om endring av forskrift 21. desember 2004 nr. 1740 om regnskapsmessig behandling av utlån og garantier i finansinstitusjoner».

«Forskrift om innsending av årsregnskap m.v. til Regnskapsregisteret og rett til innsyn i årsregnskapet m.v.» av 16. desember 1998 nr. 1234 blei endra ved forskrift 27. februar 2006 nr. 251. Endringa inneber at ordninga med utsett frist for forseinkingsgebyr for rekneskapspliktige som leverer årsrekneskap o.l. elektronisk gjennom Altinn-portalen, blei forlengd med verknad for rekneskapsåret 2005.

«Forskrift om autorisasjon av regnskapsførere m.v.» av 8. februar 1999 nr. 196 blei endra av Kredittilsynet ved forskrift 30. juni 2006 nr. 871 som trådde i kraft 1. juli 2006. Endringane er mellom anna knytte til vilkåra for autorisasjon av personar og selskap og til skjerpa krav til etterutdanning. Utdanningskravet er no ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon med profilering i fag av særleg relevans for rekneskapsførarar. Det er gitt nærmare reglar om unnatak frå kravet om at eit autorisert rekneskapsførarselskap skal ha ein dagleg leiar som er autorisert rekneskapsførar. Det er teke inn krav til dokumentasjon av kva som er utført for kvar einskild oppdragsgivar, og den tidlegare rekneskapsføraren er gitt opplysningsplikt til ein ny rekneskapsførar som har teke seg av oppdraget. Unnatak for autorisasjonsplikt for rekneskapsføring basert på sedvane er opphøyrt.

«Forskrift om bokføring» av 1. desember 2004 nr. 1158 blei endra ved forskrift av 18. august 2006 nr. 982. Endringa trådde i kraft 1. september 2006 og var ei følgje av at det frå og med 1. september 2006 blei innført plikt til å betale meirverdiavgift ved utleige av rom i hotellverksemd o.l.

«Forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven av 17. juli 1998 nr. 56» blei fastsett av departementet 7. september 2006. I alt 11 ulike forskrifter blei samla i den nye forskrifta. I tillegg blei det fastsett reglar for å lette overgangen for dei føretaka som går over frå å nytte rekneskapsreglane for små føretak, til å nytte reglane for andre føretak. Forskrifta trådde i kraft 1. januar 2007 med verknad frå rekneskapsår som starta 1. januar 2006 og seinare.

Finansdepartementet endra 20. desember 2006 «forskrift om bokføring» av 1. desember 2004 nr. 1558. Endringa inneber ei utviding av tilgjenget ein formidlar av tenester har til å registrere leverandørane sine kunde- og leverandørspesifikasjonar (reskontro) og skrive ut samla salsdokument for fleire leverandørar, frå berre å omfatte formidlarar av tenester til også å omfatte formidlarar av varer. Endringa inneber vidare ei utviding av unnataket frå kravet om at seljar skal skrive ut dokumentasjon på sal. Endringane følgjer opp eit forslag frå Skattedirektoratet.

Finansdepartementet fastsette 22. desember 2006 «forskrift om forenklet anvendelse av internasjonale regnskapsstandarder». Forskrifta er i hovudsak ei vidareføring av den mellombels heimelen i rekneskapslova for selskap i børsnoterte konsern til å nytte ein forenkla versjon av internasjonale rekneskapsstandardar, såkalla IFRS, i selskapsrekneskapane sine. Forskrifta krev mellom anna at selskap som nyttar forenkla IFRS, utarbeider notar til rekneskapane som svarer til krava i rekneskapslova § 7-1 andre ledd og «Internasjonal standard for finansiell rapportering 7» eller «Internasjonal regnskapsstandard 32».

3.1.6 Anna

«Forskrift om tiltak mot hvitvasking av utbytte av straffbare handlingar mv.» av 10. desember 2003 nr. 1487 blei endra ved forskrift 23. juni 2006 nr. 700. Endringa inneber ei tilføying til reglane om legitimasjonskontroll.

Finansdepartementet fastset i samsvar med lov om renter ved forseinka betaling § 3 ein forseinkingsrentesats for kvart komande halvår. Satsen skal vere styringsrenta til Noregs Bank med eit tillegg på 7 prosentpoeng. 30. juni 2006 blei forseinkingsrenta fastsett til 9,75 prosent, jf. forskrift 30. juni 2006 nr. 752. 18 desember 2006 blei forseinkingsrenta fastsett til 10,5 prosent, jf. forskrift 18. desember 2006 nr. 1457.

Kongen i statsråd nemnde 10. november 2006 opp eit lovutval som skal vurdere tiltak mot kvitvasking av pengar og terrorfinansiering og tiltak mot manipulering av finansiell informasjon. Utvalet skal innan 1. juni 2007 greie ut korleis EØS-reglar som svarer til det såkalla tredje kvitvaskingsdirektivet (direktiv 2005/60/EF), og andre internasjonale skyldnader og anbefalingar på området, særleg anbefalingane frå organisasjonen Financial Action Task Force (FATF), bør gjennomførast i norsk rett. Utvalet skal også vurdere reglar som forsvarleg legg til rette for elektronisk kundeidentifikasjon, og kan vidare greie ut andre tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering som har nær samanheng med kvitvaskingsdirektivet. Innan 1. mars 2008 skal utvalet vurdere tiltak som kan forhindre manipulering av rekneskapar og annan finansiell informasjon. Utvalet skal mellom anna greie ut og foreslå endringar i selskaps-, rekneskaps- og revisorlovgivinga.

3.1.7 Oversikt over forskrifter som er fastsette av Finansdepartementet på finansmarknadsområdet i 2006

Forskrift 13. januar 2006 nr. 36: Forskrift om endring av forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder

Forskrift 6. februar 2006 nr. 110: Forskrift om endring av forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder

Forskrift 8. februar 2006 nr. 124: Forskrift om endring av forskrift 22. desember 2000 nr. 1413 til lov 24. november 2000 nr. 81 om innskuddspensjon i arbeidsforhold (innskuddspensjonsloven)

Forskrift 21. februar 2006 nr. 232: Forskrift om endring av forskrift av 16. desember 1998 nr. 1240 om årsregnskap m.m. for banker, finansieringsforetak og morselskap for slike

Forskrift 21. februar 2006 nr. 233: Forskrift om endring av forskrift av 16. desember 1998 nr. 1241 om årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper

Forskrift 21. februar 2006 nr. 235: Forskrift om endring av forskrift av 27. februar 2001 nr. 188 om årsregnskap m.m. for pensjonskasser

Forskrift 21. februar 2006 nr. 245: Forskrift om endring av forskrift av 23. august 1999 nr. 957 om årsregnskap m.m. for verdipapirforetak

Forskrift 21. februar 2006 nr. 234: Forskrift om endring av forskrift av 28. mai 1999 nr. 655 om årsregnskap m.m. for inkassovirksomhet

Forskrift 21. februar 2006 nr. 246: Forskrift om endring av forskrift 21. desember 2004 nr. 1740 om regnskapsmessig behandling av utlån og garantier i finansinstitusjoner

Forskrift 27. februar 2006 nr. 251: Forskrift om endring av forskrift 16. desember 1998 nr. 1234 om innsending av årsregnskap m.v. til Regnskapsregisteret og rett til innsyn i årsregnskap m.v.

Forskrift 23. mars 2006 nr. 348: Forskrift av 23. mars 2006 om endring i forskrift av 17. januar 1994 nr. 30 (børsforskriften)

Forskrift 9. juni 2006 nr. 601: Forskrift om endring i forskrift om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder.

Forskrift 19. juni 2006 nr. 649: Forskrift om endring av forskrift 18. desember 2003 nr. 1638 om forvalterregistrering i verdipapirfonds andelseierregister

Forskrift 23. juni 2006 nr. 700: Forskrift om endring i forskrift 10. desember 2003 nr. 1487 om tiltak mot hvitvasking av utbytte av straffbare handlinger mv.

Forskrift 30. juni 2006 nr. 752: Forskrift om renter ved forsinket betaling

Forskrift 30. juni 2006 nr. 863: Forskrift om endring av forskrift 11. oktober 1995 nr. 854 om norske forsikringsselskapers forsikringstjenesteytelser og etablering av filial i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde

Forskrift 30. juni 2006 nr. 862: Forskrift om endring av forskrift 22. september 1995 nr. 827 om forsikringstjenesteytelser og etablering av filial av forsikringsselskap med hovedsete i annen stat i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde m.m.

Forskrift 30. juni 2006 nr. 860: Forskrift om endring av forskrift 1. desember 2000 nr. 1212 til lov av 24. mars 2000 nr. 16 om foretakspensjon

Forskrift 30. juni 2006 nr. 861: Forskrift om endring av forskrift 22. desember 2000 nr. 1413 til lov av 24. november 2000 nr. 81 om innskuddspensjon i arbeidsforhold (innskuddspensjonsloven)

Forskrift 30. juni 2006 nr. 870: Forskrift om innskuddspensjonsordninger som skal oppfylle minstekravene i lov om obligatorisk tjenestepensjon

Forskrift 30. juni 2006 nr. 868: Forskrift om overgangsregler til lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikringsselskaper, pensjonsforetak og deres virksomhet (forsikringsloven)

Forskrift 30. juni 2006 nr. 864: Forskrift om endring av forskrift 28. desember 1993 nr. 1257 om tilsyn med finansinstitusjoner og forvaltningsselskap som har hovedsete i annen EØS-stat og som driver virksomhet i Norge mv.

Forskrift 30. juni 2006 nr. 869: Forskrift til forsikringsloven (livsforsikring mv.)

Forskrift 7. juli 2006 nr. 892: Forskrift om endring av forskrift 22. desember 2005 nr. 1672 om Verdipapirforetakenes sikringsfond

Forskrift 18. august 2006 nr. 982: Forskrift om endring av forskrift 1. desember 2004 nr. 1158 om bokføring

Forskrift 22. august 2006 nr. 985: Forskrift om opphevelse av forskrift om minstekrav til likvider for forretnings- og sparebanker.

Forskrift 7. september 2006 nr. 1062: Forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven av 17. juli 1998 nr. 56

Forskrift 15. september 2006 nr. 1067: Forskrift om forbud mot handel i aksjer mv. og rapporteringsplikt for handel i finansielle instrumenter for tjenestemenn i Kredittilsynet

Forskrift 19. september 2006 nr. 1083: Forskrift om endring av forskrift 17. desember 2004 nr. 1852 om gjennomføring av EØS-regler om vedtatte internasjonale regnskapsstandarder

Forskrift 28. september 2006 nr. 1101: Forskrift om endring av forskrift av 22. oktober 1990 nr. 875 om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak

Forskrift 28. september 2006 nr. 1102: Forskrift om endring av forskrift av 22. juni 2000 nr. 632 om minstekrav til kapitaldekning for markedsrisiko i kredittinstitusjoner og verdipapirforetak

Forskrift 11. oktober 2006 nr. 1146: Forskrift om opphevelse av forskrift om beregning av avgift til Bankenes sikringsfond for 2004 og 2005.

Forskrift 10. november 2006 nr. 1226: Forskrift om endring av forskrift 20. mars 1990 nr. 177 om eiendomsmegling

Forskrift 15. november 2006 nr. 1258: Forskrift om endring i forskrift til utfylling og gjennomføring mv. av regnskapsloven av 17. juli 1998 nr. 56.

Forskrift 14. desember 2006 nr. 1507: Forskrift om endring av forskrift 1. juni 1990 nr. 435 om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak.

Forskrift 14. desember 2006 nr. 1506: Forskrift om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskaper for verdipapirfond m.v. (kapitalkravsforskriften)

Forskrift 15. desember 2006 nr. 1420: Forskrift om endring av forskrift 25. juni 1999 nr. 712 om revisjon og revisorer

Forskrift 18. desember 2006 nr. 1457: Forskrift om renter ved forsinket betaling

Forskrift 20. desember 2006 nr. 1516: Forskrift om endring av forskrift 1. desember 2004 nr. 1558 om bokføring

Forskrift 20. desember 2006 nr. 1521: Forskrift om behandling av godtgjørelse til fiskere i forhold til lov om obligatorisk tjenestepensjon

Forskrift 20. desember 2006 nr. 1561: Forskrift om autoriserte markedsplasser for omsettelige verdipapirer

Forskrift 20. desember 2006 nr. 1562: Forskrift om endringer i forskrift 17. januar 1994 nr. 30 (børsforskriften)

Forskrift 22. desember 2006 nr. 1582: Forskrift om forenklet anvendelse av internasjonale regnskapsstandarder

Forskrift 22. desember 2006 nr. 1616: Forskrift om minstekrav til kapitaldekning i forsikringsselskaper, pensjonskasser, innskuddspensjonsforetak og holdingsselskap i forsikringskonsern

Forskrift 22. desember 2006 nr. 1649: Forskrift om endring av forskrift 22. oktober 1990 nr. 875 om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak og forskrift 14. desember 2006 om kapitalkrav for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak, holdingselskaper i finanskonsern, verdipapirforetak og forvaltningsselskap for verdipapirfond mv. (kapitalkravsforskriften)

Forskrift 22. desember 2006 nr. 1615: Forskrift om kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer

Forskrift 22. desember 2006 nr. 1584: Ikraftsetting av lov 10. juni 2005 nr. 43 om endringer i lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner (finansieringsvirksomhetsloven), lov 6. desember 1996 nr. 75 om sikringsordninger for banker og offentlig administrasjon mv. av finansinstitusjoner og i enkelte andre lover (finansgrupper, obligasjoner med pant i utlånsportefølje og skadeforsikringsselskapenes garantiordning) del VI.

Forskrift 22. desember 2006 nr. 1617: Forskrift om garantiordning for skadeforsikring

Forskrift 22. desember 2006 nr. 1637: Forskrift om endring av forskrift 1. juni 1990 nr. 434 om aktuar

3.2 Oversikt over løyve i større forvaltningssaker

Finansdepartementet godkjende 18. januar 2006 Gard AS sin søknad om å nytte Northern Trust som depotbank i staden for JP Morgan Chase Bank. I samsvar med godkjenninga blei det gjort ei endring i vilkåra som blei stilte i Finansdepartementet sitt vedtak 22. januar 2005, der Gard Marine & Energy Limited, i medhald av forsikringsverksemdslova § 13-8 tredje ledd, jf. kgl.res. 25. august 1989 nr. 825, fekk unnatak frå krava i forsikringsverksemdslova § 12-4 om innehaving av kapital her i riket, § 12-6 første ledd om deponering i norsk bank og § 12-6 første ledd om at vedkomande bank er ansvarleg for at kapitalen ikkje blir frigitt utan samtykke frå Kredittilsynet.

Finansdepartementet gav 16. januar 2006 DnB NOR ASA godkjenning til å erverve ca. 97,3 prosent av aksjane i den russiske banken Monchebank. Departementet gav også godkjenning til å erverve dei resterande aksjane i Monchebank i den utstrekning DnB NOR ASA får aksept på tilbod om å kjøpe desse. Departementet godkjende søknaden om endring i konsernstrukturen som følgje av ervervet av Monchebank. Det blei gitt vilkår for godkjenninga.

I medhald av børslova § 2-5 gav Finansdepartementet 23. januar 2006 Imarex ASA løyve til å opprette dotterselskap i USA og til å drive verksemd i USA gjennom dotterselskapet. Imarex ASA har tidlegare fått løyve til å etablere dotterselskap i Singapore.

Finansdepartementet gav 14. mars 2006 Gjensidige NOR Kredittforsikring AS løyve, med heimel i forsikringsverksemdslova § 10-1 første ledd første punktum, til å avvikle verksemda som forsikringsselskap. Konsesjonen til selskapet blei sletta. Med heimel i same lov § 13-8 tredje ledd fekk Gjensidige Forsikring dispensasjon frå § 1-2 tredje ledd første punktum slik at selskapet kunne overta det resterande garantiansvaret i Gjensidige NOR Kredittforsikring AS.

Finansdepartementet godkjende 31. mars 2006 Gjensidige Forsikring sin søknad om å erverve alle aksjar i Fair Financial Ireland Limited. Godkjenninga blei gitt med vilkår om at Gjensidige Forsikring ervervar alle aksjar i Fair Financial Ireland Limited innan 12 månader rekna frå datoen for godkjenninga. Departementet godkjende samstundes søknad om å endre konsernstrukturen som følgje av ervervet.

Finansdepartementet gav 28. juni 2006 Gjensidige Forsikring løyve til å erverve alle aksjar i det latviske forsikringsselskapet JSC Parex Insurance Company under føresetnad av at aksjane blei erverva innan 31. desember 2006. Departementet gav samstundes løyve til endring av konsernstrukturen som følgje av ervervet.

Med heimel i forsikringslova § 13-1 godkjende Finansdepartementet 7. juli 2006 vedtak om oppløysing av Sjøtrygdgruppen Gjensidig Skadeforsikringsselskap. Det blei sett som vilkår for godkjenninga at varsel etter forsikringslova § 13-1 andre ledd blei sende ut før 1. september 2006.

Ofoten Sparebank fekk 24. juli 2006 løyve til å slutte seg saman med Tjeldsund Sparebank, med Ofoten Sparebank som overtakande bank. Det blei stilt vilkår for vedtaket.

VPS Clearing ASA fekk 29. august 2006 i medhald av verdipapirhandellova § 6-1 fyrste ledd løyve til å drive verksemd som oppgjerssentral for derivat og plikter i samband med lån av finansielle instrument, likevel unnateke derivat som har varer som underliggjande. Det blei stilt vilkår for løyvet.

International Maritime Exchange ASA fekk 29. august 2006, i medhald av børslova § 2-1 fyrste ledd, løyve til å drive autorisert marknadsplass for varederivat med maritime fraktkontraktar som underliggjande. Det blei stilt vilkår for løyvet. Im­arex NOS ASA fekk same dag løyve til å eige NOS Clearing ASA som heileigd dotterselskap med heimel i verdipapirhandellova § 6-1 sjuande ledd.

Finansdepartementet gav 5. september 2006 Pareto Securities ASA dispensasjon til å drive valutaverksemd når det skjer i samanheng med yting av finansieringstenester. Departementet la i si vurdering vekt på at Pareto Securities ASA er eit verdipapirføretak som allereie er dekt av reglar om tilsyn og eigarkontroll og reglane om kvitvasking. Departementet viste også til verdipapirhandellova § 8-1 første ledd nr. 6 om «tilknyttede tjenester».

Med heimel i finansieringsverksemdslova § 2a-3 fjerde ledd gav Finansdepartementet 19. september 2006 Santander Consumer Bank AS løyve til å opprette dotterselskap i Finland, Santander Finland. Finansdepartementet godkjende samstundes endring i konsernstrukturen som følgje av opprettinga av det nemnde selskapet i Finland. Det blei sett vilkår for løyvet.

Finansdepartementet gav 29. september 2006 Kommunal Landspensjonskasse Innskudds- og Foretakspensjon AS (seinare endra til KLP Pensjonsforsikring AS) løyve til å drive livsforsikringsverksemd innafor forsikringsklasse I og II, jf. forskrift 18. september 1995 nr. 797 «om inndeling i forsikringsklasser som grunnlag for konsesjonstildeling» § 1. Kommunal Landspensjonskasse gjensidig forsikring (KLP) blei samstundes gitt løyve til å eige 100 prosent av aksjane i Kommunal Landspensjonskasse Innskudds- og Foretakspensjon AS. Finansdepartementet godkjende også endringane i KLP-konsernet sin struktur. Departementet samtykte i at KLP og KLP Innskudds- og Foretakspensjon AS har identisk kontrollkomité.

Ved Finansdepartementet sitt vedtak 2. oktober 2006 blei det gitt løyve til etablering av Gjensidige Bank Holding AS som morselskap med dotterselskapet Gjensidige Bank AS. Det blei vidare gitt løyve til etablering av blanda konsern med Gjensidige Bank Holding AS som holdingselskap og konsernselskapet Gjensidige Bank AS som 100 prosent eigd dotterselskap. Gjensidige Forsikring blei gitt løyve til å gjere dei endringane i organiseringa av konsernet som følgjer av etableringa av Gjensidige Bank Holding AS og Gjensidige Bank AS. Det blei gitt vilkår for løyvet.

Landkreditt fekk 13. oktober 2006 delvis medhald i søknad om endring av konsesjonsvilkåra. Eitt vilkår blei endra med heimel i finansieringsverksemdslova § 2-3.

Ved Finansdepartementet sitt vedtak 20. oktober 2006 fekk Oslo Pensjonsforsikring AS, med heimel i finansieringsverksemdslova § 2a-3 fjerde ledd, løyve til å opprette dotterselskap i Irland, Sector UCITS Funds plc., i samsvar med søknaden. Finansdepartementet godkjende samstundes endring i konsernstrukturen som følgje av opprettinga av det nemnde selskapet i Irland. Det blei sett vilkår for løyvet.

Finansdepartementet gav Grong Sparebank og Verran Sparebank 1. november 2006, med heimel i sparebanklova § 47, løyve til å slutte seg saman med Grong Sparebank som overtakande bank.

Finansdepartementet gav 8. november 2006 Nordenfjeldske Personforsikring AS løyve til å gjere om verksemda til livsforsikringsverksemd med heimel i forsikringslova § 2-1. Nordenfjeldske fekk samstundes løyve til samanslåing med systerselskapet Danica Fondsforsikring AS med heimel i lov 10. juni 2005 nr. 44 om forsikring § 3-6 og lov om finansieringsverksemd § 2a-7. Det nye føretaket kan drive livsforsikringsverksemd etter forskrift om forsikringsklasser § 1 klasse I «Alminnelig livsforsikring og tilleggsforsikring» og klasse III «Livsforsikring med investeringsvalg», og kan overta forsikringar etter forskrifta § 2 i klassene 1. «Ulykke (personforsikring)» og 2. «Sykdom (personforsikring)». Det blei stilt vilkår for løyvet, mellom anna at selskapet må bruke eit namn som inneheld ordet «forsikring» eller ord med same innhald.

Finansdepartementet gav 15. desember 2006 Vesta Forsikring AS løyve til å avhende verksemda i Vesta Forsikring AS til norsk filial av det danske forsikringsselskapet Tryg Forsikring A/S. Tryg Forsikring A/S fekk, med heimel i forsikringslova § 3-6 andre ledd og finansieringsverksemdslova § 2-3, løyve til å erverve 100 prosent av aksjane i Enter Forsikring AS. Endringane i organiseringa av konsernet blei godkjende, jf. finansieringsverksemdslova § 2a-7. Det blei stilt vilkår for løyvet. Det blei gitt høve til at namnet Vesta Forsikring AS blir nytta inntil vidare, dersom det går klart fram at Vesta Forsikring AS er ein filial av Tryg Forsikring A/S. Kredittilsynet fekk fullmakt til å godkjenne retningslinjer for bruk av namnet.

Fokus Bank ASA fekk 19. desember 2006 løyve etter forretningsbanklova § 31 og finansieringsverksemdslova § 2-7 andre ledd til å overdra verksemda til Danske Bank A/S ved den norske filialen deira. Det blei stilt vilkår for løyvet. Det blei gitt høve til at namnet Fokus Bank blir nytta inntil vidare, dersom det går klart fram at Fokus Bank er ein filial av Danske Bank-konsernet. Kredittilsynet fekk fullmakt til å godkjenne retningslinjer for bruk av namnet.

Ved Finansdepartementet sitt vedtak 20. desember 2006 fekk Oslo Børs løyve til å drive verksemd som autorisert marknadsplass for finansielle instrument etter børslova § 2-1. Den autoriserte marknadsplassen har som formål å vere ein alternativ marknadsplass for finansielle instrument som ikkje oppfyller krava til børsnotering, ved at opptaksvilkåra til marknadsplassen er lempelegare. Det blei gitt vilkår om at Oslo Børs si verksemd som autorisert marknadsplass på ein klar og tydeleg måte blir halden skilt frå børsverksemda, mellom anna blei det gitt vilkår om at ordet «børs» ikkje kan nyttast i namnet på marknadsplassen.

Finansdepartementet gav 22. desember 2006 OBOS løyve til å etablere dotterselskapet Hammersborg Forsikring AS med Hammersborg Holding AS som morselskap i delkonsern. Hammersborg Forsikring AS fekk løyve til å drive forsikringsverksemd. Løyvet blei gitt i medhald av forsikringslova § 2-1. Departementet hadde tidlegare avslått ein søknad frå OBOS om løyve til å etablere eigenforsikringsverksemd i medhald av forsikringslova § 15-8 første ledd. Departementet fann at den verksemda som blei beskriven i søknaden om eigenforsikringsverksemd, ikkje var i samsvar med eigenforsikringsverksemd etter lova. Departementet fann etter ei særskild vurdering å kunne gi løyve til etablering av allmenn forsikringsverksemd, men slik at forsikringsverksemda blei avgrensa til å gjelde forsikringar for OBOS, dotterselskap av OBOS, og dei bustadselskapa som OBOS med dotterselskap er forretningsførar for. Finansdepartementet godkjende samstundes endring i konsernstrukturen som følgje av opprettinga av holdingselskapet og forsikringsselskapet.

Kredittilsynet har sidan september 2005 behandla søknader frå seks norske bankar om løyve til å nytte internrating-metodar ved berekning av minstekravet til kapitaldekning. Søknadene blei utarbeidde på bakgrunn av ein førebels versjon av nye kapitaldekningsdirektiv og Kredittilsynet sitt utkast til nye forskrifter om kapitaldekning frå mai 2005. Kredittilsynet har behandla dei fem fyrste søknadene parallelt. Som ein del av vurderingane har det vore gjennomført eigne inspeksjonar i sparebankane. I februar 2007 fekk DnB NOR, Sparebanken Vest, Sparebanken Rogaland, Sparebanken Midt-Norge og Sparebanken Nord-Norge løyve til å nytte grunnleggjande intern­rating-metode ved berekning av minstekravet til kapitaldekning. Dei nye kapitaldekningsreglane er nærmare omtala ovanfor i kapittel 2, sjå boks 2.1, og i kapittel 3.1.

Med heimel i reglane i finansieringsverksemdslova om eigarkontroll i finansinstitusjonar gav Kredittilsynet i 2006 løyve til Sparebanken Nord-Norge sitt erverv av grunnfondsbevis i Helgeland Sparebank med inntil 20 prosent. Løyve blei også gitt til Folketrygdfondet sitt erverv av inntil 15 prosent i Storebrand ASA, til Sparebanken Hedmark sitt erverv av inntil 12 prosent i Sparebank 1 Gruppen AS, og til Tryggingamidstödin Hf sitt erverv av 100 prosent i NEMI Forsikring ASA.

Kredittilsynet behandla i 2006 også einskilde konsesjonssøknader der eigarprøving var ein del av saksbehandlinga. Dette gjaldt mellom anna søknad om konsesjon frå kredittføretaket SpareBank1 Boligkreditt AS, kredittføretaket Terra Kort AS og finansieringsføretaket Sportmann Finans AS.

Til forsida