St.meld. nr. 37 (2000-2001)

Om vasskrafta og kraftbalansen

Til innhaldsliste

2 Samandrag

Kapittel 3. Om vasskraftutbygginga i Saltfjellet-Svartisen-området

I kapittel 3 gjer ein greie for Regjeringa si vurdering av dei tre utbyggingsprosjekta til Statkraft SF i Saltfjellet-Svartisen-området. Allereie i 1986-87 vart det lagt fram ei samla sak for Stortinget om kraftutbygginga i området, og det vart gitt løyver til utbyggingar av dei tre vassdraga i 1989 og 1990. Etter ei lang og omfattande handsaming av Beiarnsaka, trakk Regjeringa konklusjonen om å stogga utbyggingane i Saltfjellet-Svartisen området.

Kapittel 4. Framtida for vasskrafta

Kapittel 4 inneheld ein gjennomgang av vasskraftutbyggingane fram til i dag og korleis framtida ser ut for nye vasskraftutbyggingar. Ein ser òg på forvaltinga av dei vasskraftanlegga som er bygd ut og på framtida for vasskrafta, mellom anna på handsaminga framover av nye vasskraftsaker. Til slutt i kapitlet går ein gjennom det vidare arbeidet med Samla Plan, suppleringa av Verneplanen for vassdrag og dei nasjonale laksevassdraga. Revisjon av tidlegare gitte reguleringskonsesjonar vert òg omtala.

Vasskrafta har i heile det førre hundreåret spelt ei viktig rolle for det norske industrisamfunnet sin vekst. Ein må ta godt vare på den vasskrafta som er bygd ut. Regjeringa meiner nytta av nye, store vasskraftutbyggingar ikkje er stor nok til å forsvara vidare inngrep i urørt natur som er viktig for miljøet.

Dei største vasskraftutbyggingane i Noreg vart gjennomførde i åra frå 1970 til 1985. Mot slutten av 1980-talet vart det mindre vasskraftutbygging, og på 1990-talet auka vasskrafttilgangen i Noreg lite. Overgangen til ein kraftmarknad gjorde at kraftselskapa måtte setja strengare krav til lønsemda i prosjekta enn tidlegare.

Dei omfattande plansystema som vi har i dag, vart utvikla på 1970 og 80-talet. Dette er verneplanane for vassdrag (I-IV) og Samla Plan. Ut frå ei samla ressursoversikt, vart ein del vassdrag varig verna mot kraftutbygging. Verneplan I-IV utgjer til saman Verneplanen for vassdrag.

Dei fleste gjenverande vasskraftprosjekta er klassifiserte i stortingsmeldinga om Samla Plan (SP) for vassdrag. Før ein søkjar kan gå i gang med å få løyve til ei vasskraftutbygging, må han få prosjektet avklara i høve til SP. Kategori I inneheld dei prosjekta som kan konsesjonshandsamast no. Prosjekt i kategori II og prosjekt som ikkje er handsama i SP, kan ein ikkje konsesjonshandsama no.

Administrativ handsaming for å klårgjera eit prosjekt i høve til Samla Plan er tidkrevjande. Det er mange ulike interesser knytta til vassdraga. Konfliktgraden aukar når det gjeld utnyttinga av vassdraga, ikkje minst i høve til kraftutbygging. Stadig oftare opplever ein sterk motstand frå ulike verneinteresser som går i mot søknader om utbyggingsprosjekt som ligg i kategori I. På den måten har SP etter kvart vorte mindre verdfull. Betre anleggsteknikk og større konkurranse mellom leverandørar har òg medverka til at avstanden mellom dei opprinnelege prosjekta i SP og dei prosjekta ein ønskjer å byggja ut vert stor.

Det ligg føre ein del meldingar om utbyggingar som ikkje er ferdig handsama. Dette gjeld i hovudsak mindre prosjekt og utgjer eit nytt produksjonspotensiale på om lag 1,65 TWh/år. Søknader som ligg inne til handsaming i NVE, utgjer eit potensial på om lag 1,9 TWh/år. I Olje- og energidepartementet ligg det òg ein del søknader til handsaming. Desse har eit produksjonspotensiale på om lag 2,3 TWh/år. Av desse utgjer dei tre stansa prosjekta i Saltfjell/Svartisen om lag 1 TWh.

Kraftproduksjon er den viktigaste økonomiske utnyttinga av vassdraga. Vasskrafta utgjer ein viktig del av nasjonalformuen. Verdien av formuen kan auka vesentleg på grunn av krav om fornybar energi i alle land. Vasskrafta er difor ein særs verdifull ressurs som vi må ta godt vare på, og dei verdiane vi har i eksisterande anlegg må utviklast på ein tenleg måte. Som hovudregel bør ein ikkje svekkja vassressursgrunnlaget for produksjon.

Regjeringa vil seia ja til vasskraftprosjekt som gjeld opprusting og utvidingar som ikkje er til nemnande skade for urørt natur. Ved handsaming av både revisjon og fornying av reguleringskonsesjonar vil ein leggja stor vekt på å halde oppe det eksisterande produksjonsgrunnlaget for vasskraftproduksjonen.

Meldinga omtaler prosessen i høve til handsaminga av vasskraftsaker. Regjeringa går inn for ei effektivisering av tida og ressursane som går med til slike saker. Ein vil sjå nærare på tilhøvet mellom kommunal planlegging og sakshandsaminga etter vassdragslovgivinga. Regjeringa vil sjå desse forenklingane i samanheng med handsaminga av utgreiinga frå Planlovutvalet.

For å sikre ei heilskapleg forvalting i tråd med Regjeringa sin energi- og miljøpolitikk, er det mellom anna naudsynt med ei vesentleg omlegging av Samla Plan for vassdrag. Samla Plan skal ein leggja om frå eit prosjektorientert plansystem til ei vassdragsbasert ressursoversikt. Vidare vil ein òg leggja fram forslag til ei supplering av Verneplanen med dei kraftutbyggingsprosjekta som vil få mest negative verknader og ulemper for miljøet. Ei slik vesentleg omlegging av Samla Plan må ta omsyn til Regjeringa sitt arbeid for å få til forenklingar av forvaltingssystema til beste for brukarane.

Regjeringa tek sikte på at forslag til omlegging av Samla Plan for vassdrag og forslag til supplering av Verneplanen for vassdrag saman med andre pulje med nasjonale laksevassdrag skal leggjast fram for Stortinget innan utgangen av 2003.

Kapittel 5. Økonomisk kompensasjon til Statkraft SF

Kapittel 5 gjennomgår prosessen som stogga utbygginga i Beiarn, Bjøllåga og Melfjord. Vidare vert prinsippa for økonomisk kompensasjon for statsføretak drøfta. Regjeringa går inn for at staten gir kompensasjon til Statkraft for dei økonomiske tapa dei er påført, som følgje av instruksjonane om å stogga desse utbyggingane.

Statkraft vart i føretaksmøte 08.09.2000 instruert om å stogga utbygginga av Beiarn. Det vart vist til brev av 05.09.2000 frå stortingsrepresentantane frå Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre. I brevet ber representantane om at statsråden syter for at det vert gjort supplerande konsekvensutgreiingar med særleg vekt på anadrom laksefisk, kulturminne og sameproblematikk før utbygging av Beiarn-vassdraget vert sett i gang. Føretaksmøtet føresette difor at Statkraft stansa all verksemd i samband med Beiarn-utbygginga inntil Olje- og energiministeren hadde fått avklart desse spørsmåla i forhold til Stortinget. Vidare vart Statkraft i føretaksmøte 29.01.2001 instruert om å avvikla plikter og avtalar i samanheng med dei tre prosjekta i Beiarn, Bjøllåga og Melfjord.

Endeleg instruksjon til Statkraft med omsyn til utbyggingsprosjekta i Bjøllåga, Melfjord og Beiarn vil liggja føre etter at Stortinget har handsama meldinga. Olje- og energidepartementet vil leggja fram forslag til økonomisk kompensasjon over Statsbudsjettet seinare.

Kapittel 6. Om kraftbalansen

I kapittel 6 vert perspektiva for utviklinga i kraftbalansen dei siste og komande åra gjennomgått. Det er lagt særleg vekt på å drøfta risikoen for og konsekvensane av tørrår, det vil seia år med svikt i vasskraftproduksjonen som følgje av lite nedbør og dermed lågt tilsig til vasskraftverka. Til slutt i kapittelet vert det gitt ei gjennomgang av energipolitikken, slik den bør leggjast opp for at ein skal sikra ei miljøvennleg, effektiv og trygg energiforsyning der ein kan redusera konsekvensane av eit år med svikt i vasskraftproduksjonen.

I Noreg står vasskrafta for nær all elektrisitetsproduksjon. Fordi det er store skilnader i nedbøren mellom dei ulike åra, er det òg store variasjonar i tilsiget til vasskraftverka og dermed den årlege kraftproduksjonen her i landet.

Veksten i produksjonskapasiteten har vore låg i mange år. Investeringane både i produksjonsanlegg og overføringsnett har vorte reduserte. Samstundes med at det har vore liten tilvekst i produksjonskapasiteten, har den sterke veksten i bruken av elektrisitet halde fram. Frå 1990 til 2000 auka bruken av elektrisitet med 18 TWh, mens veksten i produksjonskapasiteten i same periode berre var 3,9 TWh.

Den låge auken i produksjonsevna i høve til veksten i bruken av elektrisitet, har ført til at Noreg har gått over frå å vera netto krafteksportør til å verta netto kraftimportør i år med normal nedbør.

Det er vidare grunn til å rekna med at evna til å meistra ein svikt i vasskraftproduksjonen vil verta dårlegare dei næraste åra framover. Utbyggingstida i kraftsektoren er lang, og dei prosjekta som vil verta fullførte i åra framover vil gi liten produksjonstilvekst. Samstundes er det grunn til å rekna med at veksten i straumbruken vil halda fram trass i ei stor satsing på tiltak knytte til omlegging av energibruk og energiproduksjon. Situasjonen vert i tillegg forverra av at dei andre nordiske landa også har ei svak vekst i produksjonen i høve til veksten i bruken av elektrisitet.

Med eit alvorleg tørrår i dei næraste åra må ein rekna med ein kraftig prisauke på elektrisitet både i Noreg og i dei andre nordiske landa. Dette reflekterer at både næringsliv og hushald vurderer kostnadene ved å redusera bruken av elektrisitet som høge. Prisauken i eit tørrår kan koma brått. I ein alvorleg tørrårssituasjon kan ein òg risikere rasjonering.

Å meistra eit tørrår er meir krevjande enn å møta ein gradvis strammare kraftbalanse. Med ei pårekneleg tilstramming er det grunn til å rekna med at også prisane vil auke gradvis. I ein slik situasjon vil ulike brukargrupper få tid til å områ seg og til å gjennomføra ulike effektiviseringstiltak, overgang til andre energikjelder m. v. I tillegg ville produsentane få signal om auka lønsemd i utbygging av ny produksjonskapasitet.

Det er lita meining å leggja vekt på import og eksport av kraft i enkelte år. Det er heller ikkje alvorleg for forsyningstryggleiken at Noreg importerer kraft i eit år med normal nedbør. Det som krev stor merksemd i energipolitikken, er at me i høve til forbruket brått kan ha for liten produksjon og for lita importevne om vasskrafta skulla svikta på grunn av lite nedbør.

Det er viktig å innsjå at ein ikkje kan gjera mykje med kraftbalansen for å dempa konsekvensane av ein svikt i nedbøren i dei næraste åra. Til det er vasskrafta for dominerande som energikjelde og tida som trengst for å få fram nye prosjekt og vesentleg endra forbruksmønsteret, for lang.

Overføringskapasiteten til utlandet avgjer evna til å få kraft frå utlandet når produksjonen sviktar på grunn av lite nedbør. Departementet legg til grunn at dei to kabelprosjekta til Tyskland og Nederland vert gjennomførte. Kablane kan tidlegast vera driftsklare i 2004 og 2005. Fleire kablar kan leggjast, men det tek tid å planleggja nye kablar, slik at det ikkje er realistisk å rekna med å få ferdig nye prosjekt i løpet av dei næraste åra.

Det er difor naudsynt å leggja best mogleg til rette for at ny kraftproduksjon kan koma til. Det vil gi betre balanse mellom produksjon og forbruk og gjera verknadene av tørrår mindre vanskelege. I åra framover vil overføringssambanda til utlandet meir og meir fyllast av import også i år med normal produksjon, dersom det ikkje vert ein betre balanse mellom innanlandsk produksjon og forbruk. Meir produksjon i høve til forbruket vil gi overføringssambanda tilbake meir evne til å sikra mot produksjonssvikt.

Med utgangspunkt i hovudelementa i Regjeringa sin energipolitikk illustrerer framskrivinga av energibruken i Langtidsprogrammet at ein etterkvart får til ei utvikling i energimarknaden som er balansert og mogleg å halda oppe. Framskrivingane gir ei svært sterk omlegging av energimarknaden frå 2005 til 2010. Dei føresetnadene som er lagt til grunn gir ein sterk vekst i produksjonskapasiteten innanlands. Samstundes vert bruken av elektrisitet redusert.

Til forsida