St.meld. nr. 37 (2000-2001)

Om vasskrafta og kraftbalansen

Til innhaldsliste

3 Om vasskraftutbygginga i Saltfjellet-Svartisen- området

3.1 Regjeringa si vurdering av dei tre utbyggingsprosjekta

Regjeringa legg i denne meldinga fram si vurdering av dei tre utbyggingsprosjekta i Saltfjell-/Svartisenområdet.

Regjeringa har nådd sin konklusjon om å stogga utbyggingane etter ei lang og omfattande handsaming av Beiarn-saka. Saka om planendring for denne utbygginga kom til regjeringa Bondevik i februar 1998, og ho var framleis ikkje løyst då Regjeringa tok over i mars 2000. Det har vore stor interesse frå Stortinget om Beiarn-saka, og representantar for alle opposisjonspartia har teke saka opp med departementet. På denne bakgrunnen har Regjeringa funne det rett å leggja fram ei stortingsmelding om utbyggingane i Saltfjellet-Svartisen-området. Instruksjonen av Statkraft om å stogga utbygginga, var naudsynt for at Stortinget skulle få seia si meining om planane for utbygging. Etter at Stortinget har handsama denne meldinga, vil Olje- og energidepartementet instruera Statkraft om endeleg å leggja bort utbyggingsplanane for desse tre prosjekta.

Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark og Storlia naturreservat vart skipa ved kgl. res. av 08.09.1989. Sjølv om kraftutbyggingsplanane den gongen vart monaleg redusert av omsyn til miljøinteressene, vart fortsatt enkelte viktige naturområde haldne utanfor verneområda i Saltfjell/Svartisen. Desse naturområda har fått auka verdi utover på 90-talet fordi slike område generelt har vorte mindre etter ymse inngrep. Stortinget har dei seinare åra ved ulike høve lagt auka vekt på å hindra meir tap av urørt natur som er viktig for miljøet. Dette framstår i dag som ein sentral politisk målsetting. Etter at Stortinget har handsama denne meldinga, vil Regjeringa vurdera desse naturområda på nytt med tanke på å sikra dei gjennom bruk av naturvernlova.

Statsministeren ga i sin nyttårstale ei vurdering av vasskrafta si framtidige rolle. Samstundes ga han melding om at Regjeringa ville gå inn for å stogga dei planlagte kraftprosjekta i Svartisen-området av omsyn til miljøet:

"I hele det forrige århundret var det å ta i bruk fossekraften et tegn på det norske industrisamfunnets vekst. Vi har bygget ut mye vannkraft i Norge. Den skal vi vedlikeholde og ta vare på.

Men vi har nådd en grense. Derfor vil Regjeringen foreslå at vi ikke gjennomfører de planlagte utbyggingene av vassdragene i Bjøllåga og Melfjord og Beiarn.

Jeg vet at dette er en beslutning som vil vekke strid. Men fordelene ved disse utbyggingene er ikke store nok til at de forsvarer de ugjenkallelige inngrepene i naturen. Uberørt natur får en stadig større verdi. Vi er nå kommet dit at tiden for nye store vannkraftutbygginger i Norge er over."

I slike saker vil det alltid vera motstridande interesser. Forslaget om å gå inn for ikkje å byggja ut dei tre vassdraga i Saltfjellet er framsett etter grundige vurderingar. Regjeringa meiner at nytten av desse utbyggingane ikkje er stor nok til at ein kan forsvara dei endelege inngrepa som vert gjort i naturen. Det spesielle med desse sakene er at konsesjon vart gitt på slutten av 1980-talet. Stortinget ga i si tid samtykkje til alle desse tre prosjekta.

I denne meldinga går ein gjennom historia for desse tre prosjekta.

3.2 Bakgrunn

I 1986-87 vart det lagt fram ei samla sak for Stortinget om kraftutbygging i Saltfjellet/Svartisen. Energi- og industrikomiteen uttalte i den samanhengen, jf. Innst. S. nr. 231 (1986-87):

"Komitèen viser til at den her ikke bare behandler disse to proposisjonene under ett, men at Stortinget samtidig har til behandling St.meld. nr 12 for 1986-87 - Vern av Saltfjellet/Svartisen.

Komitèen vil peke på at den brede behandling, så vel av utbygging som av verneinteressene, som disse dokumentene i sum har tillatt, har gitt Stortinget en allsidig, helhetlig og omfattende belysning av en omfattende sak."

Det vart søkt om ei kraftutbygging som svarer til ein produksjon på om lag 3,8 TWh/år. Stortinget ga samtykke til ei samla utbygging på om lag 2,3 TWh/år. Beiarn-utbygginga var eitt av dei prosjekta som i den samanhengen vart redusert.

I 1987 samtykte Stortinget, etter innstilling frå ein samla komité, i at Statkraft fekk løyve til utbygging av Beiarnvassdraget og Bjøllågavassdraget. Føresegner om regulering og manøvreringsreglement vart fastsette ved kgl.res. 27.01.89. I 1989 gav Stortinget samtykke til utbygging av Melfjordvassdraget. Føresegnene vart gitt ved kgl.res. 23.03.90.

Realiseringa av prosjekta vart utsett på grunn av kraftoverskot og vurderingar om manglande forteneste. Bjøllåga-utbygginga vart utsett på "ubestemt tid". Det går fram av kgl.res. 27.01.89 at grunnen for å forlenga fristen for Bjøllåga på "ubestemt tid", var å få fullt samsvar mellom Bjøllåga- og Beiarn-utbygginga på dette punktet. Som ei oppfølging av omorganiseringa av Statkraft SF, sette departementet ved kgl.res. 26.04.96 ein ny femårsfrist for utnytting av fleire konsesjonar som var gitt tidlegare. I høve til dette har difor departementet meint at frist for å starta opp arbeida for alle desse tre prosjekta er 26.04. 2001.

Søknad om planendring for både Beiarn, Bjøllåga og Melfjord har vore til handsaming. Planendringane betrar økonomien i prosjekta samstundes som naturinngrepa vert reduserte. Etter planendringane er produksjonen i alt ca. 1000 GWh/år - Beiarn 183 GWh/år, Bjøllåga 376 GWh/år og Melfjord 439 GWh/år.

3.3 Beiarnutbygginga

3.3.1 Bakgrunn - opphavleg konsesjon frå 1989

Søknaden

Statskraftverka søkte opphavleg om ei regulering for utbygging av Beiarn som inkluderte inngrep i følgjande vassdrag: Beiarelva med sideelvane Store Gjeddåga, Tollåga, Tyvåga, Tverråga og Klippbekken i Beiarn kommune og Russåga i Saltdal kommune med utspring i Kvitbergvatn. Dei delar av Russåga som inngjekk i planane ligg innafor beiteområdet til reindrifta i Saltfjell/Svartis-området. Området er sentralt når det gjeld flytting, driving og trekk, og inngrepa ville hindra utnytting av beiteområde lenger nord. Hovudstyret for Noregs vassdrags- og elektrisitetsvesen kunne difor ikkje tilrå regulering/overføring av Kvitbergvatn med Russåga. Olje- og energidepartementet og Stortinget slutta seg til denne tilrådinga frå Hovudstyret. Føresegner om regulering og manøvreringsreglement vart som nemnt fastsette ved kgl.res. 27.01.89.

Skadar og ulemper

Ved Ramskjellvatn vert eit areal på ca. 420 daa demt ned og ei forsumpingssone på 1 m over høgaste regulerte vasstand (HRV) vil femna om ytterlegare ca. 60 daa. Med den reguleringshøgda som er planlagd må fisket i vatnet reknast som totalskadd. Elva frå Ramskjellvatn - Store Gjeddåga - vil i stor grad verta tørrlagt, og visse fiskeplassar vil verta øydelagde. Meir om skadar og ulemper ved utbygginga er referert i St.prp. nr. 3 (1986-87) s. 559-561.

3.3.2 Planendring av prosjektet

I 1998 søkte Statkraft om ei planendring. Det vart søkt om at overføringa av Tverråga med Hellebekken, Tellingsbekken og Tyvåga I og II vart sløyfa. Regulerings- og inntaksmagasinet i Tollåga vart sløyfa, og vert erstatta med eit inntaksbasseng litt lengre ned i vassdraget. Installasjon og slukeevne vart redusert i tråd med innskrenkingane. Grensene for minstevassføring i Beiarelva ved utløpet frå kraftstasjonen vart søkt eintydig fastsett.

Planendringa ville minska dei negative verknadene for natur og landskap i høve til den opphavlege planen. Bortfall av Tverrågaoverføringa ville verka positivt inn på naturen og landskapet i dei områda som vart omfatta av planane. Flytting av inntaket i Tollåga med bortfall av reguleringsmagasin vil føra til vesentleg mindre inngrep og færre negative verknader. Dei minstevassføringane ein søkte om ville sikra at vassføringa store deler av året ville vera større enn dei lågvassføringane ein kan ha i dag.

Planendringa ville gi ein reduksjon per år i gjennomsnittleg kraftproduksjon på 25 GWh i høve til opphavleg plan. Etter planendringa ville produksjonen vera på 183 GWh/år.

NVE sende saka om planendring med si innstilling til Olje- og energidepartementet i februar 1999. Den 5. mai 2000 vedtok Kongen i statsråd planendringa.

3.3.3 Krav om konsekvensutgreiingar

I Beiarn kravde eit fleirtal i kommunestyret ny konsesjonshandsaming og nye konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova (KU), med støtte frå fylkeskommunen og fylkesmannen. Det vart hevda at ny kunnskap om tilhøva kring utbygginga kravde nye utgreiingar om miljøkonsekvensane. Nye konsekvensutgreiingar måtte i så fall verte pålagde med heimel i plan- og bygningslova. Styresmaktene har gått grundig gjennom saka for å sjå om det er mogleg å gi pålegg om slike utgreiingar. Gjennomgangen har vist at det ikkje finst lovgrunnlag for slike pålegg. Ein rettsleg gjennomgang av dette spørsmålet vart gjort i foredraget til den kongelege resolusjonen av 5. mai 2000.

Dei aktuelle fagtema som vert kravd utgreidde etter gjeldande føresegner og rettleiar vart omtala i dei utgreiingane som vart gjort som bakgrunn for vedtaket om Beiarnutbygginga. Det er likevel klårt at desse utgreiingane tek utgangspunkt i kunnskap og faktiske forhold på den tida utgreiingane vart utførte. Ei oppsummering av utgreiingane er gjort i St.prp. nr 3 (1986-87) s. 83-108. I tillegg er det òg gjennomført ulike utgreiingar om miljøkonsekvensane etter at konsesjonen vart gitt.

3.3.4 Tilleggsutgreiingar

I brev dagsett 5. september 2000 kravde stortingsrepresentantar frå alle opposisjonspartia "supplerende konsekvensutredninger" med særleg vekt på anadrom laksefisk, kulturminne og samiske spørsmål, og bad departementet ta initiativ til å gjera slike tilleggsutgreiingar. Departementet forstod det slik at representantane ikkje meinte å få utgreiingane gjort med heimel i plan- og bygningslova. Alternativet var i staden at styresmaktene fekk gjort avgrensa tilleggsutgreiingar.

Statkraft har ein relativt omfattande dokumentasjon på tilstanden før utbygging i Beiarn, og det materialet som ligg føre femner om ei rekkje fagfelt. I og med at spørsmåla om tilleggsutgreiingar dukka opp, har Statkraft òg utarbeidd fleire utgreiingar i den seinare tid. Olje- og energidepartementet har fått tilsendt notat om:

  • "Beiarnutbyggingen - Konsekvenser i hydrologiske forhold etter planendringen".

  • "Vanntemperaturenderinger og isforhold i Beiarelva etter Beiarnutbyggingen".

  • "Beiarvassdraget - registreringer, undersøkelser og vurderinger relatert til ferskvannsbiologiske forhold".

Samandrag av rapportane 1. Beiarvassdraget - registreringer, undersøkelser og vurderinger relatert til ferskvannsbiologiske forhold

s. 25 Vurdering av om problemstillinger og konklusjoner fortsatt gjelder

Beiarvassdragets øvre nedbørfelt

Vurderingene knyttet til den foretatte overføringen av øvre del av Beiarelvas og Gråtågas nedbørsfelt til Storglomvatn synes fortsatt å være gjeldende. Reduksjon i tilførsel av kaldt og breblakket vann vurderes som positivt for produksjon av næringsdyr og fisk. Det samme gjelder reduksjon av flomtoppene i forhold til utspyling av organisk materiale. Overføringen synes etter de siste års utvikling i vassdraget ikke å være til hinder for oppgang av laks. I negativ retning, etter de foretatte vurderingene, trekker reduserte produksjonsarealer p.g.a. permanent redusert vannføring. Det er dog ikke nødvendigvis noen klar sammenheng mellom redusert vannføring og reduserte produktive arealer med hensyn på fisk. Her betyr det mye hvordan elveprofilet, substratet, dybdeforholdene og strømhastigheten er.

Ramskjellvatn

Planene om heving og senking av Ramskjellvatn, og bruk av dette som hovedmagasin er uforandret. Det ble påpekt negative konsekvenser, som en var klar over ved konsesjonsbehandlingen.

Tollåga

Tidligere vurderinger som fastslår at Tollåga blir helt ødelagt som lakseelv er gitt under forutsetning av at det ikke skulle slippes minstevannføring, dvs total tørrlegging like nedstrøms inntaket. Forutsetningene er her endret ved at det er pålagt slipp av minstevannføring i tråd med anbefaling fra DVF (nåværende DN). Etter denne endringen kan ikke vannføringen i lavvannføringssituasjoner om vinteren bli lavere enn under uregulerte forhold, situasjoner som ofte er kritiske for anadrom fisk. Minstevannføringene vår, sommer og høst er av DVF/DN vurdert som tilstrekkelige til å sikre oppgangsmuligheter og oppvekstområder for både sjørøye, sjøaure og laks. Det er imidlertid vanskelig å anslå i hvilket omfang laksen vil benytte gyteområdene i nedre del av Tollåga.

Store Gjeddåga

Vannføringen vil bli sterkt redusert, og det ble påpekt negative konsekvenser i 1979. Her er situasjonen lite endret, bortsett fra at elvas betydning som gyteområde for sjørøye trolig blir tillagt større vekt i dag enn i konsekvensvurderingen fra 1979.

Beiarelva

Restriksjonene som er nedfelt i manøvreringsreglementet, og som er basert på vurderinger fra DVF/DN, synes fortsatt å være faglig korrekte. Det gjelder jevn drift av kraftverket, ingen korttidsregulering, at endringer i vannføring skal skje med myke overganger samt etablering av forbislippingsanordning i kraftverket. Det gjelder generelt også kravene om slipp av minstevannføring, men her må det tas forbehold om mulige negative effekter for fisken ved tapping av kaldere vann fra Ramskjellvatn for å opprettholde pålagt minstevannføring i en "tørr" sommer eller høst.

Det blir økt restvannføring på strekningen i Beiarelva fra samløpet med Tollåga ned til utløpet fra kraftstasjonen og videre ned til sjøen siden overføringen av Tverråga m.fl. er sløyfet. (. . .) Bortfall av vekselkjøring mellom fallene fra Tollåga og fra Ramskjellvatn/Store Gjeddåga gjør at en unngår uheldige start/stopp-situasjoner med fare for brå endringer i driftsvannføringen. (. . .)

2. Vanntemperaturendringer og isforhold til Beiarelva etter Beiarnutbyggingen

s. 10 Konklusjon

Temperaturendringen i Beiarelva nedenfor kraftverket synes å bli størst i "varme" år med høy vintertemperatur i Ramskjellmagasinet og hvor det utover sommeren også blir behov for noe tapping av magasinvann. Endringene vil da kunne bli slik at vintertemperaturen øker opptil 1,5°C. Sommertemperaturen synker opptil 1,8°C i perioder med tapping fra Ramskjellvatn. I medianår og i "kalde" år begrenser temperaturendringene seg stort sett til vinterhalvåret hvor økningen blir fra 0,4 til 1,5°C. Temperaturenderingenes størrelse vil alltid være en funksjon av forholdet mellom vannuttaket fra Ramskjellvatnet og fra Tollågainntaket.

I sommerhalvåret vil de naturlige variasjonene i vanntemperatur i Beiarelva mellom en kald og en varm sommer være ganske store, jfr forskjellen mellom årene 1988 og 1989 som for høyeste ukesmiddeltemperaturer var ca. 4,5°C. Temperaturendringene grunnet tapping fra Ramskjellvatn kan bli opptil 1,8°C i en varm sommer. Dette er altså godt innenfor det naturlige variasjonsområdet for temperatur i Beiarelva. Ved tapping fra Ramskjellvatn i en kald sommer som 1989 ble temperaturen bare senket med omkring 0,2°C som er lite i forhold til det naturlige variasjonsområdet.

En faktor som det ikke har vært mulig å ta inn i disse beregningene, er temperatureffektene av å benytte manøvreringsreglementets mulighet til å slippe inntil 5 mill. m3 for å skape kunstige flommer. Dersom dette vannet tas fra Ramskjellmagasinet i juli-september, så kan det forventes en merkbar temperaturnedgang i Beiarelva. Nedgangen blir størst i varme somrer med liten vannføring i elva, når det allerede tappes magasinvann til å holde minstevannføringen. Det antas å være i slike somrer at ønsket om å slippe kunstige flommer kan komme.

Beiarelva vil gå åpen omtrent 4-5 km nedenfor kraftverket under det som antas å bli vanlige drifts- og værforhold. I lengre kuldeperioder kan denne strekning bli redusert til omtrent 1,5-2 km, mens det i spesielt milde vinterperioder kan bli åpen elv helt til fjorden.

3. Beiarnutbyggingen - Konsekvenser i hydrologiske forhold etter planendringen

"Planendringen innebærer en redusert utbygging, der overføringen av Tverråga og fire mindre bekker til Tollåga er sløyfet. Denne rapporten beskriver den endrete Beiarnutbyggingens konsekvenser på vannførings- og vannstandsforholdene i vassdraget. Kraftverket vil nærmest bli kjørt som elvekraftverk fra oppfyllingen av magasinet om våren og fram til tappingen av magasinet begynner i midten av oktober. Nedstrøms kraftstasjonsutløpet sikrer pålegg om minstevannføring en høyere lavvannføring både om vinteren og høsten, sammenlignet med dagens forhold. Tollåga får en stabil vannføring over året gjennom pålegg om slipp av minstevannføringer. Dette sikrer også at de laveste vannføringene ikke reduseres i Tollåga fra inntaket og ned til samløpet med Beiarelva. I Store Gjeddåga er det ikke pålegg om slipp av minstevannføringer. I både Tollåga og Store Gjeddåga vil det bli en del flomtap som vil bidra til vannføringen på de berørte strekningene, men begge elvene vil få betydelig redusert vannføring som følge av utbyggingen.

Magasinet Ramskjellvatn vil tømmes gjennom vinteren og fylles raskt under snøsmeltingen. Om sommeren vil magasinet ligge omtrent fullt, og det vil bare bli tappet fra magasinet i flomdempningsøyemed eller for å sikre minstevannføringen i Beiarelva."

Det er hevda at konsekvensutgreiinga for reindrifta frå 1982 er forelda, og ikkje gir eit riktig bilete av skadeverknadene for reindrifta ved utbygging av Beiarvassdraget. Tilhøvet til reindrifta er grundig handsama i konsesjonssaka. Reguleringsområdet sin plass i det totale driftsmønster for reinbeite-distriktet er omhandla i fleire andre utgreiingar og skjønn.

Tilhøvet til folkeretten er vurdert av UD. UD framhevar at i dei individklagesakene der Menneskerettskomiteen i FN har funne brot på art. 27 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, har inngrepa vore av ein slik alvorleg karakter at dei trugar levevegen til urfolket eller grunnlaget for å drive tradisjonell næring. Art. 27 slår fast at i dei statar der det finst etniske, religiøse eller språklege minoritetar (m.a. urfolk), skal dei som høyrar til slike minoritetar, ikkje verta nekta retten til, saman med andre medlemmer av si gruppe, å dyrka sin eigen kultur, vedkjenna seg til og utøva sin eigen religion, eller nytta sitt eige språk. Følgen av artikkelen er at staten har plikt til å respektera rettane slik artikkelen seier, samt verna mot inngrep frå andre ikkje-statlege aktørar. Terskelen for å konstatera brot synest såleis å vera relativt høg, slik at innverknad på næringsdrift ikkje er nok til å konstatere brot. Olje- og energidepartementet vil peika på at interessene for reindrifta var særs sentrale då det vart fatta vedtak om å kutta ut Saltdalsutbygginga og Stormdalen frå utbygginga i Rana. Beiarnutbygginga vart òg redusert ut frå omsynet til reindrifta ved at Kvitberg-vatnet og Gåsvatnet vart tekne ut av planen. Ut frå den informasjon som ligg føre, er ikkje grunnlaget for å driva reindrift truga gjennom utbygginga. Ein kan ikkje så langt sjå at det ligg føre noko problem med art. 27 når det gjeld reindrifta. Dei ulempene reindrifta ville fått gjennom utbygginga, kunne næringa fått kompensasjon for på skjønnet.

3.4 Bjellåga

3.4.1 Bakgrunn - opphavleg konsesjon frå 1989

I St.prp. nr. 88 (1986-87) la Olje- og energidepartementet fram tilråding om løyve til bygging av Bjøllånes kraftverk i Rana kommune. Departementet hadde i St.prp. nr. 3 (1986-87) gitt avslag på den opphavlege søknaden om regulering av Nord-Ranavassdraget. Departementet la i si vurdering stor vekt på verneinteressene, reindriftsinteressene og dei samiske kulturminna.

Bjøllånes kraftverk gjer nytte av fall i elvane Tespa, med sideelvane Storbekken og Kvitvasselva og Bjøllåga, som er sideelvar til Ranaelva. Hovudvassdraget Ranaelva renn i hovudsak sørvestover frå kjelder ved svenskegrensa sør for Saltfjellet og ut i Ranafjorden. Bjøllånes kraftverk vil ha inntaksbasseng i Bjøllåga ca. 1,5 km nedanfor samløp mellom Bjøllåga og sideelva Raudfjellelva. Herfrå går vatnet til kraftstasjon og utløp i Ranaelva. Nedanfor damstaden vert vassføringa i Bjøllåga sterkt redusert ned til samløpet med Ranaelva. Tespa med sideelvane går inn i driftstunnelen. Nedanfor inntaka for desse elvane vert det òg sterkt redusert vassføring. Utbygginga er eit elvekraftverk utan magasin for årsregulering av driftsvatnet. Det vert berre eit inntaksmagasin i Bjøllåga. Løyve til utbygginga vart gitt ved kongeleg resolusjon 27. januar 1989.

3.4.2 Søknad om planendring

Statkraft søkte om planendring i desember 1998. Endringane var følgjande:

  • installasjon og slukeevne vert redusert i tråd med optimalisering av installasjonen og kapasiteten på eksisterande overføringslinje

  • endra plassering av påhogg for tilkomsttunnel til kraftstasjonen og påhogg for tverrslagstunnel med tilhøyrande tippområde, riggområde og anleggsveg

  • justert høgd på inntaka i Tespa, Kvitvasselva og Storbekken.

Med bakgrunn i fråsegna som vart gitt til søknaden, la Statkraft fram ein justert plan våren 2000. Denne planen inneber at tippen vert lagt til same området som i tidlegare vedteken plan. Dette alternativet vil fjerna dei mest vesentlege negative effektane av planendringssøknaden.

NVE fann at omsøkte endringar i tråd med justert "Plan 2000" gjer større nytte enn ulemper i høve til vedteken plan og tilrådde at Statkraft fekk løyve til planendring. Det er sett fram krav om konsekvensutgreiing når det gjeld flytting av påhogg, tipp, rigg m.m. Dette er inngrep som NVE ikkje finn er av ein slik karakter eller har så uoversiktlege konsekvensar, at det er grunnlag for ny konsekvensutgreiing. Olje- og energidepartementet sende NVE si innstilling på høyring i oktober 2000.

3.4.3 Lokale styresmakter si meining om saka

Eit samrøystes kommunestyre i Rana går i mot Bjøllågautbygginga. I kommunestyret sitt vedtak 19.12.2000 heiter det:

"1. Rana kommune opprettholder tidligere vedtak om at konsesjonen skal omgjøres, om nødvendig ved at saken sendes Stortinget til avgjørelse. Kommunen mener at departementet i 1989/90 ikke kunne gi utsettelse på ubestemt tid, og at konsesjonen derfor må sees på som ugyldig i dag.

2. Rana kommune peker på at det fortsatt er behov for konsekvensutredninger. Det vil være uforsvarlig å foreta utbygging før slike nye utredninger foreligger.

3. Rana kommune påpeker at en utbygging ville være i strid med kommuneplanens arealdel og det vil ikke være aktuelt å gi dispensasjon for kraftutbygging. Rana kommune vil heller ikke tillate regulering for et slikt formål.

4. Som uttrykt i F.sak 124/1999 pkt. 2 motsetter Rana kommune seg fortsatt utbygging etter Statkraft SF's planendringssøknad av 17.12.98.

5. Rana kommune mener at Statkraft SF's nye "Plan 2000" krever utredning og ny høringsrunde, og at den derfor ikke kan vedtas av OED på nåværende tidspunkt.

6. Rana kommune mener at anleggsveien på tvers av Storlia under ingen omstendigheter bør tillates, fordi den vil innebære et vesentlig terrenginngrep og komme i konflikt med den verdi Storlia har som en viktig del av et sammenhengende natur- og viltområde.

7. Kablingsalternativet for 132 kV kraftledning er i NVE´s innstilling lagt til grunn for å tilrå utbygging etter plan 2000. Denne løsningen er ikke vedtatt og Rana kommune godtar ikke at den brukes som grunnlag for å anbefale utbygging etter plan 2000."

Advokat Geir Haugen på vegner av Saltfjell reinbeitedistrikt, har i brev dagsett 13. desember 2000 vist til at området som vert omfatta av kraftutbygginga er sentralt for reindrifta. Anleggstida vil medføra så store vanskar at reindrifta vert umogleg i området. Det vil vera store problem med å få etablert reindrift igjen. Det er eit krav frå Saltfjellet reinbeitedistrikt at det vert gjort ei ny konsekvensutgreiing. Det vert òg sett fram krav om detaljregistrering av kulturminne.

Folkeaksjonen Spar Saltfjellet meiner at konsesjonen for Bjøllåga-utbygginga er ulovleg p.g.a. vilkåret om frist for utbygging. Saltfjell reinbeitedistrikt og Noregs Miljøvernforbund region nord har slutta seg til dette.

Olje- og energidepartementet meiner at konsesjonen er gyldig. Saka vart reist for Sivilombodsmannen. I brev dagsett 26. januar 2001 har Sivilombodsmannen opplyst at saka er avslutta. Saka har ikkje lenger interesse fordi Regjeringa rår til at utbygginga ikkje vert gjennomført.

Når det gjeld krav om nye utgreiingar har Statkraft utarbeidd ein hydrologirapport som departementet mottok i desember 2000:

"Bjellågautbyggingen - Konsekvenser for de hydrologiske forholdene etter planendringen"

Sammendrag

"Statkraft har søkt om planendring for Bjellågautbyggingen. Endringen innebærer noe redusert installasjon, men ellers ingen endringer som har betydning for hydrologiske forhold. Denne rapporten beskriver konsekvensene av utbyggingen på vannføringsforholdene i berørte elver.

Kraftverket blir i praksis et elvekraftverk, med bare et lite inntaksbasseng i Bjellåga og tre inntak i Tespa med sidebekker. Reguleringsgraden blir på 0,3%.

Manøvreringsreglementet krever at vannføringen gjennom kraftstasjonen ikke på noe tidspunkt avviker mer enn +/- 10% fra tilløpet, noe som medfører at vannstanden i inntaksbassenget i liten grad vil variere.

Det blir et betydelig flomtap ved inntakene, ca. 20% årlig i middel. Flomtapet fordeler seg med om lag halvparten på hhv. Bjellåga og Tespa.

Vannføringen vil bli redusert i Bjellåga og Tespa/Stormdalsåga mellom inntakene og Ranaelva. Det vil også bli redusert vannføring i Ranelva fra Bjellåga og ned til kraftstasjonsutløpet, og noe øket vannføring på strekningen fra kraftstasjonsutløpet til Stormdalsåga.

For Ranaelva videre nedover mot Langvatnet, Reinforsen og Ranafjorden vil Bjellågautbyggingen ikke medføre endringer av betydning."

3.5 Melfjord

3.5.1 Bakgrunn - opphavleg konsesjon frå 1990

Den første søknaden om utbygging av Melfjordvassdraget (Melfjord-1) omfatta utbygging og regulering i dei sørvestlege delane av Ranavassdraget og i vassdrag som renn til Melfjorden. Det gjaldt følgjande vassdrag: Glomåga, Svartiselva, midtre del av Blakkåga, Leiråga, Storvassåga og fire bekkar på nordsida av Melfjorden. Det var planlagt magasin i Austerdalsvatnet, Storvatnet og Flatisvatnet i tillegg til ein del overføringar. I St.prp. nr. 3 (1986-87) vart denne søknaden om utbygging av Flatisvatn (Melfjord-1) avslått. Regjeringa ba Statskraftverka om å utarbeida ein ny plan utan Flatisvatnet. Denne planen (Melfjord-2) vart lagt fram i St.prp. nr. 88 (1986-87), men saka vart utsett på grunn av dårleg økonomi. I St.prp. nr. 132 (1987-88) la Olje- og energidepartementet på nytt fram tilråding til bygging av Melfjord kraftverk (Melfjord-3). Samanlikna med Melfjord-2 fell Glåmdalsmagasinet bort, vidare fell òg overføringa av Leiråga, midtre Blakkåga og Bjøllåga til Austerdalsvatn bort. Nytt ved planen var reguleringa av Stelåvatn og Storvikåvatn. Føresegnene for utbygginga vart gitt ved kongeleg resolusjon 23.03.90, jf. Stortingets vedtak av 16.02.89.

3.5.2 Søknad om planendring

Statkraft søkte om planendring i mars 1999. Etter desse planane vil spesielt inngrepa i Glomdalen verta vesentleg reduserte og Fisktjørna naturreservat vil ikkje bli påverka som følgje av utbygginga. Det vert redusert tipp ved Stelåvatnet og bygging av førebels taubane vert fråfalle. Ulempa vil vera større tipp ved kraftstasjonsområdet. Veg til anlegga på fjellet var etter NVE sitt syn eit vesentleg inngrep med store ulemper. Sjølv om Rødøy kommune er positiv til utbygginga, kom det fram stor motstand mot utbygginga generelt i høyringa av søknaden. Det vert spesielt peikt på at dei utgreiingar som ligg føre er for gamle og at dei ikkje dekkjar dei krava som i dag vert stilte til konsekvensutgreiingar. Etter NVE sitt syn var det spesielt konsekvensane ved bygging av anleggsvegen opp på fjellet som i så fall ville vera viktige å få avklart. På grunnlag av motstanden til planendringane, sende Statkraft justert plan til NVE i oktober 2000. Denne justerte planen fører i hovudsak til at vegbygginga til fjells vert skrinlagt.

NVE tilrådde at Statkraft fekk løyve til planendring i høve til justert søknad frå oktober 2000. Olje- og energidepartementet sende NVE si innstilling på høyring 15. november 2000.

3.5.3 Lokale styresmakter si meining om saka

Rødøy kommune, der ein ser dei største konsekvensane ved Melfjordutbygginga, har heile vegen gått sterkt inn for utbygginga. I Rødøy kommune si utsegn dagsett 10.01.2001 heiter det mellom anna:

"Som det framgår i vedlagte NVE-utredning var det mange og kraftige innsigelser mot Statkrafts planer om å bygge det store anleggsvegnettet i uberørt natur. Dette punktet hadde også NVE notert seg. Det ledet igjen til at Statkraft måtte revurdere sitt syn og i oktober 2000 sendte Statkraft justerte planer til NVE. I forhold til disse justerte planene vil rådmannen framheve følgende 2 hovedpunkter:

  • anleggsvegene i høgfjellet er så godt som sløyfet

  • anleggsområdet ved østenden av Storvatnet blir mer omfattende og kompakt, bl.a. med anleggelse av en veldig stor steintipp.

M.h.t. anleggsvegene så er det rådmannens syn at denne justeringen var en meget klok beslutning av Statkraft. Jeg viser til mine merknader om dette i ksak 44/1999. De planlagte anleggsvegene var et stort problem som lett kunne ha blitt prosjektets bane.

[ . . . ]

Rødøy kommune har uttrykt seg positiv til alle de tidligere Melfjord-prosjektene (I-III) og gjort separat-vedtak med ønske om snarlig utbygging. I perioden 1990-96 da det så nokså svart ut for prosjektet p.g.a. lønnsomhet og markedssituasjon, gjorde kommunen hvert år forespørsel til Olje- og energiministeren som generalforsamling i Statkraft SF med beskjed om at en ønsket realisering av prosjektet. Derved kan en si at kommunen har hatt en bestandig mening om at dette kraftutbyggingsprosjektet bør realiseres.

Med de justeringer som Statkraft har kommet med i oktober 2000 vedr. utelatelse av anleggsvegene i høgfjellet, så er prosjektet etter rådmannens syn blitt meget bedre. Uten å gå nøye inn på inngrepene i Rana kommune, så synes også justeringene der å gå i positiv retning.

Til spørsmålet om nye konsekvensutredninger: Rødøy kommune bør for sin del ikke utelukke at de sentrale myndighetene kan ønske ytterligere utredninger av spesielle forhold. Dersom Stortinget skulle velge å pålegge Statkraft noe slikt, så vil det være viktig for Rødøy kommune at dette skjer uten at saken som helhet forsinkes unødig.

Rådmannen fremmer slik innstilling:

1. Rødøy kommune har ved en rekke anledninger gitt tilslutning til utbygging av "Melfjordvassdraget" som et prosjekt i Saltfjellet-Svartisenpakken og det vises bl.a. til kgl res. av 23. mars 1990 som fastsatte nærmere bestemmelser for utbyggingen.

Rødøy kommune fastholder at det er regionaløkonomisk at dette kraftutbyggingsprosjektet realiseres.

2. Til den foreslått planendringssøknad fra Stakraft SF viser Rødøy kommune til sin høringsuttalelse i ksak 44/1999 og vil her påpeke at de mest omstridte punkter nå er fjernet ettersom Statkraft har utelatt det store anleggsvegnettet på høgfjellet.

3. Med bakgrunn i dette vil Rødøy kommune gi støtte til planendringssøknaden."

Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken i formannskap og kommunestyre.

Rana kommune handsama saka i kommunestyret den 27. februar 2001.

"Vedtak:

Rana kommune viser til regjeringens beslutning om ikke å gjennomføre Melfjordutbyggingen.

På bakgrunn av de vurderinger og konklusjoner som er gjort i denne saken støtter Rana kommune dette standpunktet."

Miljø-, plan- og ressursutvalget har følgende uttalelse til søknaden:

1. På grunn av påviste negative konsekvenser ved en evt. gjennomføring av Melfjordutbyggingen, krever Rana kommune at konsesjonen omgjøres, om nødvendig ved at saken sendes Stortinget til avgjørelse. Rana kommune motsetter seg dermed en gjennomføring av Melfjordutbyggingen etter Statkraft SF's planendringssøknad av 26.03.99 og justert planendring jfr. NVE's innstilling av 13.11.2000.

2. Rana kommune påpeker at en utbygging vil være i strid med kommuneplanens arealdel og at det vil ikke være aktuelt å dispensere for kraftutbygging. Rana kommune vil heller ikke tillate regulering for et slikt formål.

3. Dersom konsesjonen ikke blir omgjort, krever Rana kommune at det må gjøres nye konsekvensutredninger før utbygging kan gjennomføres. Det vil være uforsvarlig å foreta utbygging før slike nye utredninger foreligger. Følgende områder/tema innenfor Rana kommune kreves utredet i lys av dagens kunnskap:

  • Glomdalen - Glomåga

  • Tverråga

  • Austerdalsvatnet

  • Glomådeltaet

  • Ranafjorden

  • Inngrepsfrie naturområder

  • Reiseliv/turisme/naturopplevelser

  • Næringsmessige og økonomiske forhold

I formannskapet vart rådmannen si innstilling enstemmig vedtatt".

Nordland fylkeskommune har ikkje komme med fråsegn i saka innan tidsfristen. Fylket bad om utsetjing av fristen, men dette vart ikkje gitt på grunnlag av fristen for arbeidet med stortingsmeldinga. I sin uttale til søknaden tidlegare har fylkeskommunen kravd nye konsekvensutgreiingar.

Folkeaksjonen Spar Saltfjellet ber i si fråsegn om at det vert utført nye konsekvensutgreiingar, eventuelt at Miljøverndepartementet gjer pålegg om det med heimel i pbl § 33-2, 4. ledd.

Advokat Geir Haugen har på vegner av Harodal/Dunderland reinbeitedistrikt i brev dagsett 14. desember 2000 vist til at endra utbyggingsplanar må føra til at reinbeitedistriktet har krav på at det vert utført ei ny konsekvensutgreiing, samt kulturminneregistrering.

3.6 Spørsmålet om utbetalte næringsfond

Næringsfond til kommunar vert utbetalt når konsesjonen vert gitt. Beiarn kommune fekk difor tildelt 8 mill kroner i næringsfond i 1989. Rana kommune fekk tildelt 3 mill kroner for Bjøllåga-utbygginga same år. Rødøy kommune fekk tildelt 3 mill kroner og Rana kommune 2 mill kroner i næringsfond for Melfjord-utbygginga i 1990.

Beiarn kommune sitt forhold til Statkraft byggjer på ei anleggs- og rammeavtale. I 1999 vart det inngått ei tilleggsavtale som inneheld ytingar for ikkje oppført administrasjonsbygg og besøksmesse kr. 2,5 mill. I tillegg inneheld avtala løfte om tilskudd til samfunnshus kr. 1,5 mill. og utgifter til planlegging kr. 1,6 mill. Beiarn kommune har i møte med departementet og i brev dagsett 09.03.01, vedlagt juridisk utgreiing av advokat Stein Erik Stinessen, bedt Olje- og energidepartementet "gi et klart signal til Statkraft SF om å frafalle eventuelle tilbakebetalingskrav mot Beiarn kommune og at kostnadene blir dekket av departementet". Rødøy kommune har òg i møte med departementet fremja krav om økonomisk kompensasjon på grunn av rammeavtaler (ny molo, marina, legebåt etc.) og om å få behalda næringsfondet.

Utbetaling av næringsfond er ein del av konsesjonsvilkåra. Som konsesjonsstyresmakt er det difor departementet si oppgåve å avklara spørsmålet om forholdet til næringsfondet når det ikkje vert utbygging. I samsvar med konsesjonen skal konsesjonæren betala ut eit beløp til næringsfond med ein gong reguleringsløyvet ligg føre. At Statkraft seinare ikkje nyttar konsesjonen, utløyser ikkje plikt til å betala tilbake næringsfondet. Olje- og energidepartementet finn difor at dei tre kommunane kan behalda dei utbetalte næringsfonda. Når det gjeld avtalane som er gjort med kommunane, er dette ei sak mellom avtalepartane som ikkje vedkjem departementet.

Til forsida