St.meld. nr. 37 (2000-2001)

Om vasskrafta og kraftbalansen

Til innhaldsliste

4 Framtida for vasskrafta

4.1 Vasskraftutbyggingar fram til i dag

4.1.1 Vasskraftutbygging fram til 1990. Samla Plan og verneplanane

I 1945 vart det produsert ei energimengd på 10-12 TWh i vasskraftanlegga i Noreg. I 1970 var kapasiteten oppe i 67 TWh. Dei største vasskraftutbyggingane vart gjennomførde i åra frå 1970 til 1985. Gjennom 1970- og 1980-åra vart det ferdigstilt kraftverk med ein gjennomsnittleg produksjon på 2,2 TWh/år. Mot slutten av 1980-talet vart det mindre vasskraftutbygging.

Figur 4-1 Investeringar i produksjonsanlegg i vasskraftsektoren 1960-2000.

Figur 4-1 Investeringar i produksjonsanlegg i vasskraftsektoren 1960-2000.

Kjelde: Kjelde: SSB.

Dei omfattande plansystema som me har i dag vart utvikla på 1970 og 80-talet. Dette er verneplanane for vassdrag (I-IV) og Samla Plan. Ein la då vekt på at den vanlege konsesjonshandsaminga ikkje ga den ønskte samanhangen mellom det einskilde prosjektet og den samla ressurstilgangen. Ut frå ein samla ressursoversikt, vart ein del vassdrag varig verna mot kraftutbygging. Det er i alt fire verneplanar som til saman utgjer ein landsplan for vern av vassdrag.

Stortinget tok allereie i 1960 opp spørsmålet om å utarbeida ein landsplan for vern av vassdrag. Bakgrunnen var eit ønskje om å få ei samla vurdering av eit tal vassdrag som var heilt eller delvis urørte av kraftutbygging. Ein slik landsplan måtte komma mens det framleis var fleire store vassdrag som ikkje var utbygde. Regjeringa gjorde framlegg om å velja vassdrag ut frå følgjande kriterium:

  • "De utvalgte vassdrag med tilstøtende områder bør representere et variert tilbud av verneinteresser og typer av vassdragsområder. Noen av områdene bør være av betydelig størrelse

  • Verneplanen må gi en rimelig fordeling på de ulike landsdeler, dog slik at de vassdragsområder som er sentralt beliggende og som betyr mye for mange mennesker, gis prioriet

  • Planen må ikke gis et slikt omfang at dekning av landets elektrisitetsbehov vil medføre for store økonomiske ofre

  • Andre inngrep i de sikrede områder som kan redusere deres verdi for naturvern- og friluftsformål og vitenskap må søkes unngått."

I Verneplan I vart 95 vassdragsobjekt med eit samla kraftpotensial på 7,1 TWh varig verna, jf. Innst. S. nr. 207 for 1972-73.

I St.prp. nr. 77 for 1979-80 la Regjeringa fram Verneplan II for Stortinget. 51 objekt med eit samla kraftpotensial på 2,6 TWh vart varig verna, jf. Innst. S. nr. 10 for 1980-81.

Ved vedtaking av Verneplan III, jf. St.prp. nr. 89 (1984-85) og Innst. S. nr. 243 (1985-86) vart 46 objekt, om lag 8,7 TWh, verna.

Verneplan IV vart fremja ved St.prp. nr. 118 (1991-92). Regjeringa gjorde framlegg om å verna 127 objekt med eit samla potensiale på 11,6 TWh, men ved Stortinget sitt vedtak, jf. Innst. S., nr. 116 (1992-93) vart 130 vassdrag/delar av vassdrag med eit samla kraftpotensial på 12,7 TWh varig verna.

Forutan Verneplanen for vassdrag har Regjeringa eller Stortinget ved handsaminga av konkrete einskildsaker òg vedteke ikkje å byggja ut vassdrag eller kutta ned på omsøkte utbyggingsplanar. Ved handsaminga av utbygginga av Saltfjell/Svartisen vart store vassdragsområde verna gjennom oppretting av nasjonalpark og landskapsvernområde. Dette tilsvarer eit kraftpotensiale på om lag 1,3 TWh.

Av det totale vasskraftpotensialet, slik det vert målt i det etablerte plansystemet, ligg 35,3 TWh/år i verna vassdrag, og er difor ikkje tilgjengelege for utbygging.

Dei fleste gjenverande vasskraftprosjekta er klassifiserte i stortingsmeldinga om Samla Plan (SP) for vassdrag. Før ein søkjar kan gå i gang med å få løyve til ei vasskraftutbygging, må han få prosjektet avklart i høve til SP. I kategori I i SP finst dei prosjekta som kan konsesjonshandsamast no. Ut frå dei tala som ligg føre i dag utgjer kategori I 15,1 TWh i årleg produksjonspotensiale. At eit prosjekt er plassert i kategori I inneber likevel ikkje anna enn at det kan verta konsesjonshandsama, ikkje at det vil verta gitt konsesjon. I tillegg kan einskilde prosjekt som er fritekne frå SP, handsamast. Prosjekt i SP kategori II og prosjekt som ikkje er handsama i SP, kan ikkje konsesjonshandsamast no (12,2 TWh/år).

4.1.2 Vasskrafttilgangen på 1990-talet. Manglande samsvar mellom godkjent utbygging og opplegget i plansystemet

Frå 1990 til 1999 auka vasskrafttilgangen i Noreg med berre 3,7 TWh. Det var òg særs lite annan ny krafttilgang. Det største kraftverket som vart ferdigstilt på 1990-talet var Svartisen I på om lag 2000 GWh/år. Elles er auken i produksjonskapasitet knytt til opprusting og utviding av eksisterande kraftverk og nokre nye vasskraftprosjekt, til dømes Nytt Skjerka i Vest Agder (570 GWh), Meråker/Tevla (425 GWh) i Nord-Trøndelag, Faulvatn i Nordland (107 GWh) og Hekni i Aust-Agder (240 GWh). Dei tre prosjekta i Saltfjell-Svartisen er blant dei største prosjekta som har fått konsesjon sidan 1989.

På 1990-talet har det vore til dels lite samsvar mellom dei omsøkte prosjekta og dei prosjekta som opphavleg er greidde ut i Samla Plan. Prosjekta endra seg med høve til mellom anna teknikk, miljø og økonomi. Overgangen til ein kraftmarknad gjorde at kraftselskapa måtte setja mykje strengare krav til lønsemda i prosjekta enn tidlegare. Betre anleggsteknikkar og større konkurranse mellom leverandørar medverka òg til at avstanden mellom Samla Plan og dei faktiske prosjekta vart stor. Dersom eit endra prosjekt vert fremja, må ein søkjar få avklara det endra prosjektet i høve til Samla Plan før det er mogleg å gå vidare.

Administrativ handsaming for å klårgjera eit prosjekt i høve til Samla Plan er tidkrevjande. Konfliktgraden aukar når det gjeld utnyttinga av vassdraga, og særleg når det gjeld kraftutbygging. Stadig oftare ser ein at ulike grupper med verneinteresser går i mot søknader om utbyggingsprosjekt som ligg i kategori I, til dømes fordi utbygginga rører ved verdifulle naturområde der det ikkje er gjort tekniske inngrep frå før. På den måten har Samla Plan sin funksjon som prosjektkatalog etter kvart vorte mindre verdfull.

Sakshandsaminga av Øvre Otta er eit døme på eit prosjekt der det godkjende opplegget vil liggja langt unna dei opphavlege planane i Samla Plan. I departementet ligg det no føre eit prosjekt til handsaming som etter Stortinget sitt vedtak er halvert ut frå plansystemet sitt tal, jfr. boks 4.1 i avsnitt 4.3.2.

Regjeringa går inn for ei vesentleg omlegging av Samla Plan i samband med at Verneplanen for vassdrag vert supplert med dei vassdraga der kraftutbygging vil få mest negative verknader og ulemper for miljøet, jf. avsnitt 4.3.4.

4.2 Framtida for vasskrafta

4.2.1 Nye vasskraftutbyggingar

Miljøkonsekvensane av vasskraftutbygging er i første rekkje knytta til inngrep i naturen ved opp- og neddemming av vatn, bygging av vegar, kraftlinjer og -stasjonar og ved at den naturlege vassføringa i vassdraga vert endra. Sjølv om me ved verneplanen, nasjonalparkar og landskapsvernområde har eit til dels omfattande vern av vassdrag i landet, vil Regjeringa likevel leggja auka vekt på miljøomsyn i den framtidige forvaltinga av vasskraftressursane. Synet på vasskraftutbygging har endra seg gjennom dei siste ti åra. Konsesjonshandsaminga har vore prega av dette og mange saker har vore særs tidkrevjande. Gjennom konsesjonshandsaminga gjer vassdragsstyresmaktene ei grundig vurdering mellom nytte og ulemper ved ei kraftutbygging. Omsynet til miljøet har gradvis vorte tillagt større vekt. Det er Regjeringa si haldning at ein skal seia nei til nye store prosjekt der ein grip inn i urørt natur som er viktig for miljøet. Dei beste vasskraftprosjekta er bygde. Dei prosjekta som er att er stort sett mindre og nokre av dei er konfliktfylte. Ny vasskraft kan likevel medverka monaleg til lønsam kraftfornying og til energioppdekking. Det er likevel slik at ein vesentleg del av vasskraftpotensialet i Noreg allereie er utbygd. Det står att nokre store prosjekt som vil verta fremja dersom omsynet til miljøet ikkje gjer det ugjennomførleg. Det er likevel stort sett mindre vasskraftprosjekt som vil verta gjennomførte framover, sjå neste avsnitt.

Regjeringa legg òg vekt på flaumdemping som ein viktig del av nokre vassdragsreguleringar, særleg dei store magasina. Etter flaumen i 1995 tilrådde Flaumtiltaksutvalet 10 prosjekt med stor effekt for flaumdemping. Fem av prosjekta vil verta unntatt frå handsaming etter Samla Plan. Det er då opp til regulantane å søkja om å få byggja ut desse prosjekta. Dei andre fem prosjekta vil verta vurderte under omlegginga av planen. Stortinget ga ved si handsaming av "Flommeldinga" uttrykk for at flaumforholda skal verta tillagt vesentleg større vekt. Dette inneber mellom anna at dei vassmagasina og reguleringar som er viktige i den samanheng, må oppretthaldast og nyttast på høveleg måte.

4.2.2 Nærare om nokre aktuelle vasskraftprosjekt

Det ligg føre ein del meldingar om utbyggingar som ikkje er ferdig handsama og som gjeld både opprusting, nybygging, overføringar og reguleringar. Dei fleste prosjekta har ein årsproduksjon på godt under 100 GWh (i gjennomsnitt 50 GWh). Samla utgjer desse prosjekta eit nytt produksjonspotensial på om lag 1,65 TWh/år. Når ein ser på erfaringane på 90-talet kan den planlagde produksjonen verta redusert gjennom den fastlagde planprosessen. For søknader som ligg inne til handsaming i NVE, utgjer desse eit potensiale på om lag 1,9 TWh/år. Av dette utgjer utbygging, regulering, overføring m. v. i Saudavassdraget 1,13 TWh. Saudaprosjektet er redusert i høve til dei opphavlege planane om å byggja ut om lag 2 TWh.

I Olje- og energidepartementet ligg det òg ein del søknader som er under handsaming. Desse har eit produksjonspotensial på om lag 2,3 TWh/år. Av desse utgjer dei tre stansa prosjekta i Saltfjell/Svartisen om lag 1 TWh. Utbygginga i Øvre Otta utgjer 525 GWh/år og er klår for slutthandsaming i departementet våren 2001. 1

Ein nyttar nemninga mikrokraftverk på kraftstasjonar med installasjon under 100 kW og minikraftverk med installasjon frå 100 kW til 1 000 kW. 2 NVE har erfart ei stor interesse for å byggja slike kraftverk dei siste åra. Berre i 2000 handsama NVE 71 meldingar om slike anlegg. Av desse vart 49 vurdert til ikkje å vera konsesjonspliktige. Desse små kraftverka spelar inga stor rolle for den samla nasjonale krafttilgangen, men for den enkelte gardbrukar og for den lokale energiforsyninga kan mini-/mikrokraftverka ha verdi. NVE har likevel erfart at få av anlegga vert realisert. Regjeringa vil kartleggja kva for hindringar som ligg til grunn for dette og føreslå tiltak som fremjar ei samfunnsnyttig utbygging av slike kraftverk.

4.2.3 Forvaltinga av dei utbygde vasskraftanlegga

Sjølv om vassdraga er av stor verdi for allmenne interesser som naturvern og friluftsliv, er kraftproduksjon den viktigaste økonomiske utnyttinga av vassdraga. Miljømessig har vasskrafta klåre, positive sider. Ein normal årleg produksjon på om lag 118 TWh/år av vasskraft utgjer ein viktig del av nasjonalformuen. Verdien av formuen kan auka vesentleg på grunn av krav om fornybar energi i alle land. Vasskrafta er difor ein særs verdifull ressurs som me må ta godt vare på, og dei verdiane me har i eksisterande anlegg, må utviklast på ein tenleg måte. Som hovudregel bør ein heller ikkje svekkja vassressursgrunnlaget for produksjon.

Eit vasskraftanlegg har ei teknisk og økonomisk levetid på om lag 40 år. Delar av anlegget varer nær evig, andre delar har kortare levetid. Ein god del av dei norske vasskraftanlegga tek til å verte nedslitne. På grunn av dei strenge krava til tryggleik som ligg føre, må ein uansett rekna med ein god del naudsynte investeringar i tida framover. Vasskraftverksemda må difor ha rammevilkår som gjer at vedlikehald og fornying skjer i tide.

Regjeringa vil seia ja til vasskraftprosjekt som gjeld opprusting og utvidingar som ikkje er til nemnande skade for urørt natur. Opprusting av vasskraftverk inneber at allereie eksisterande kraftverk vert moderniserte for å nytta den potensielle energien i vatnet betre og auke tryggleiken ved drifta. Utvidingar er større tiltak - overføringar av vatn, auke av eksisterande eller oppretting av nye reguleringar, auke av fallhøgda og maskininstallasjonar. Olje- og energidepartementet vil leggja fram ei vurdering av rammevilkår for kraftproduksjon i Revidert nasjonalbudsjett for 2001.

Eit døme på eit opprustings- og utvidingsprosjekt er bygginga av eit nytt Tyin Kraftverk der Norsk Hydro er eigar av anlegget. Prosjektet har ein total produksjon på om lag 1460 GWh. Av dette er om lag 240 GWh ny kraft. Frist for å starta opp utbygginga er fem år frå konsesjonen vart gitt, men truleg vil Hydro starta opp allereie til sommaren.

Ved handsaming av både revisjon og fornying av reguleringskonsesjonar vil Regjeringa leggja stor vekt på å halda oppe det eksisterande produksjonsgrunnlaget for vasskraftproduksjonen, jfr. avsnitt 4.3.5.

4.3 Nærare om sakshandsaminga ved vasskraftsaker

4.3.1 Innleiing

Regjeringa si haldning skal følgjast opp på ein måte som gjer sakshandsaminga klårare, enklare og raskare. Departementet vil;

  • gi NVE nye rammer for handsaming av utbyggingssaker i tråd med dei retningslinjene som er gitt ovanfor. Sakene skal fremjast på samme måte som tidlegare

  • gjera Samla Plan om frå eit prosjektorientert plansystem til ein vassdragsbasert ressursoversikt og avgjerdsgrunnlag for forvaltinga

  • leggja fram forslag til supplering av Verneplanen for vassdrag

  • gjera sakshandsaminga raskare.

Desse punkta er omhandla i dei neste avsnitta.

4.3.2 Sakshandsaminga ved vasskraftsaker

Slik systemet er i dag må ein søkjar få avklart eit vasskraftprosjekt med årleg produksjon på 5 GWh eller meir, eller installert effekt på 1 000 kW eller meir, i høve til Samla Plan, før det er mogleg å gå i gang med å søkja om løyve. Avklaring i høve til Samla Plan vil seia at prosjektet enten vert friteke, eller at det vert plassert i kategori I eller II, sjå avsnitt 4.1.1. Når avklaringa etter Samla Plan ligg føre, har ein reglar i plan- og bygningslova kapittel VII-a om at verknader av utbyggingstiltak som har vesentlege konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn skal meldast og utgreiast med omsyn til konsekvensar. Utgreiinga vert lagt fram i form av ei konsekvensutgreiing (KU). NVE er ansvarleg styresmakt for handsaminga etter KU-reglane for tiltak som treng konsesjon etter vassdragslovgivinga. Reglane gjeld generelt alle store utbyggingstiltak. For tiltak innafor vasskraftsektoren gjeld følgjande grenser for tiltak som alltid skal utgreiast:

  • utbygging av vasskraft med årleg produksjon over 40 GWh

  • demningar og andre anlegg for oppdemming eller varig lagring av vatn dersom ei ny eller supplerande mengd oppdemt eller lagra vatn overstig 10 mill. m3.

Innafor vasskraftsektoren gjeld det òg konsekvensutgreiing for saker dersom dei har ein årleg produksjon under 40 GWh, men med investeringskostnad over 50 mill kroner, dersom dei kan få vesentlege konsekvensar for miljøet. Ein tiltakshavar må leggja fram dei opplysningar som er naudsynte for at styresmaktene skal kunna ta stilling til om tiltaket fell innafor KU-reglane. NVE tilrår at melding og KU vert nytta for alle desse sakene der tiltakshavar kan vera i tvil. Vurderinga vert gjort av NVE i samråd med kommunar, fylkesmannen og kulturminneforvaltinga i fylkeskommunen.

Prosessen startar opp med ei melding. Meldinga skal gjera greie for dei tekniske planane og verknadene som er kjende på det tidspunkt melding vert fremja, og innehalda forslag til KU-program for dei tema tiltakshavar sjølv meiner at det er naudsynt å greia ut. Meldinga skal skildra kva slags areal og kva slags arealbruk det er i området for tiltaket. Forholdet til gjeldande planar vert skildra. Dette gjeld kommuneplanar, kommunedelplanar, reguleringsplanar, fylkeskommunale planar, verneplanar etc. Dersom det går føre seg planarbeid som omfattar det aktuelle området, skal dette komme fram i meldinga. Meldinga skal gjera greie for kva slags kontakt tiltakshavar har hatt med offentlege styresmakter om plansituasjonen. NVE sender meldinga på høyring til kommunar, fylkesmenn, fylkeskommunar og statlege forvaltingsorgan som er aktuelle, og ein del sentrale og lokale organisasjonar. Meldinga vert òg lagt ut på eitt eller fleire offentlege kontor. I den tida meldinga er ute på høyring, vert det normalt arrangert eit offentleg møte lokalt der NVE gir informasjon om konsesjonshandsaminga og tiltakshavar om planane. Det kan vera aktuelt å dra på synfaring. Fristen for å komme med fråsegn er minst 6 veker.

Etter at fristen er gått ut fastset NVE eit endeleg KU-program som først vert lagt fram for Miljøverndepartementet som ansvarleg styresmakt for plan- og bygningslova. Tiltakshavar er ansvarleg for å gjennomføra dei tekniske og faglege utgreiingane som er fastsette i KU-programmet. Etter at KU er ferdig og tiltakshavar ønskjer å gå vidare med planane, vert det sendt søknad med KU og fagutgreiingar til NVE. Det skal lagast ein kortversjon av KU som òg skal godkjennast.

NVE sender søknaden/KU og kortversjonen på høyring til dei samme institusjonane og organisasjonane som fekk meldinga. Det vert arrangert nytt folkemøte lokalt. NVE har òg møter med administrasjon/politisk leiing i dei kommunane det gjeld dersom det er ønskjeleg. Det kan vera aktuelt med (ny) synfaring. Fristen for å komma med fråsegn skal etter plan- og bygningslova sine regler vera minst 8 veker, men i høve til vassdragslovgivinga må ein nytta 3 månader. Faginstansar som Direktoratet for naturforvalting (DN), fylkesmannen og kulturminneforvaltinga i fylkeskommunen har spesielt ansvar for å vurdera søknaden/KU. Tiltakshavar har rett til å kommentera fråsegna til slutt.

Når alle dokument ligg føre og er gått gjennom av NVE, tek NVE ei sluttsynfaring til det området søknaden omfattar. Kommune og grunneigarar kan som regel vera med. I større saker kan NVE òg halde ope lokalt møte.

På grunnlag av fastsett KU-program, utført KU, dei fråsegner som ligg føre, tiltakshavar sine kommentarar og NVE si eigen vurdering, tek NVE stilling til om utgreiingsplikta er oppfylt. NVE avgjer om denne er oppfylt og denne avgjerda kan ikkje påklagast. Saksgangen i høve til plan- og bygningslova sine KU-reglar er no avslutta.

Det er først på dette trinnet i prosessen at det er mogleg å gjera ei samla vurdering av søknaden etter vassdragslovgivinga. Når NVE skal gi si innstilling, tek NVE fram dei mest vesentlege forholda i saka, det som er til gagn/nytte og ulempene, og gir råd til Olje- og energidepartementet om konsesjon skal verta gitt eller ikkje, eventuelt om konsesjon skal verta gitt for ei redusert utbygging. NVE si innstilling vert sendt Olje- og energidepartementet for vidare handsaming.

Olje- og energidepartementet sender NVE si innstilling på høyring til dei departementa og dei kommunar saka vedkjem. Departementa sender oftast innstillinga til sine direktorat. Frist for fråsegn vert sett til ca. 6 veker, men det er svært vanleg at instansane må be om utsett frist. Ofte har Olje- og energidepartementet møte med både andre departement, kommunar, ulike miljøvernorganisasjonar og søkjaren i den tida saka er til handsaming. Ofte er det òg eit ønskje - både frå søkjar og kommunane si side - at departementet dreg på synfaring. Store saker ligg difor ofte til handsaming i lengre tid i departementet. Dette skuldast ikkje minst at konfliktane ofte er store mellom dei ulike partane og andre saka kjem ved, og at det difor kan bli vanskelege og tidkrevjande politiske og administrative avgjerder å ta. Ofte må styresmaktene ta standpunkt til vanskelege konsesjonsrettslege spørsmål i saka der organisasjonar, lokalforvalting og grunneigarar i ettertid utførar ein svært kritisk gjennomgang med assistanse frå advokatar og annan ekspertise, for å sjå om det er grunnlag for rettsleg prøving.

Boks 4.1 Øvre Otta - eit døme på handsaminga av eit større vasskraftprosjekt

Rapporten frå Econ Senter for økonomisk analyse om investeringar i kraftproduksjon, frå hausten 2000, tek opp problemet med sakshandsaminga for vasskraftsaker. I rapporten har ein illustrert dei ulike trinn i prosessen for vedtak omkring ny kapasitet for kraftproduksjon, slik det er gjort her i avsnitt 4.3.2. Som eit døme på eit større vasskraftprosjekt - som må gjennom alle trinn i prosessen - har ein i rapporten valt Øvre Otta:

  • 1984: Hovudrapporten for Stortinget si første handsaming av Samla Plan vert utarbeidd. Ulike prosjekt for kraftutbygging i Øvre Otta er med og vert plasserte i ulike kategoriar

  • 1990: Vassdragsrapporten for Øvre Otta-prosjektet vert ferdigstilt. Rapporten inneheld ei teknisk-økonomisk utgreiing og ein førebels konseskvensvurdering

  • 1992, vår: Utbyggjarane sender melding og forslag til program for KU etter plan- og bygningslova (pbl.) til NVE

  • 1993, vår: Prosjektet vert plassert i kategori I ved rulleringa av Samla Plan i Stortinget

  • 1996, vinter: Utbyggjarane søkjar om konsesjon etter vassdragsreguleringslova for ein produksjon på om lag 1070 GWh og sender inn KU - ut på høyring

  • 1997, vår: NVE gir innstilling om at konsesjon skal gis til eit noko redusert prosjekt (70 GWh mindre)

  • 1998, vinter: Olje- og energidepartementet avslår konsesjonssøknaden. Konsesjonssøkjar krev at saka vert lagt fram for Stortinget.

  • 1998, sommar: Regjeringa sender saka til Stortinget og tilrår avslag

  • 1999, sommar: Stortinget opnar for halv utbygging (525 GWh/år)

  • 2000, vinter: Utbyggjarane søkjer om halv utbygging etter vassdragslova og før jul gir NVE innstilling til Olje- og energidepartementet

  • 2001, vår: Endeleg konsesjonshandsaming

I følgje konsesjonshavar kunne ein dra lite nytte av utgreiingane som vart utført i samband med vassdragsrapporten ved utgreiingane etter plan- og bygningslova, jf. Econ-rapporten. Konsekvensvurderingane som vert utført i vassdragsrapporten, er likevel ikkje meint å erstatte seinare utgreiingar. Ingen av Samla Plan-prosjekta vart i denne saka lagt til grunn. Denne saka syner at sjølve sakshandsaminga er særs omfattande og krev mykje ressursar.

4.3.3 Effektivisering ved handsaminga av vasskraftsaker

Regjeringa går inn for ei effektivisering av tida og ressursane som går med til handsaminga av vasskraftsaker. Ein vil sjå nærare på tilhøvet mellom kommunal planlegging og sakshandsaming etter vassdragslovgivinga. Regjeringa vil sjå desse forenklingane i samanheng med handsaminga av utgreiinga frå Planlovutvalet.

Det er sett i gang ein prosess for å vurdera om det kan gjerast forenklingar i metoden for å rekna ut grunnlaget for fastsetjing av konsesjonskraft og konsesjonsavgifter.

Øvre Otta er eit døme på konfliktane i vasskraftsaker og korleis ulike interesser vert vurderte mot kvarandre i både forvaltinga og dei politiske organa si handtering av utbyggingssaker. Konfliktgraden har dei seinare åra auka vesentleg sjølv for små vasskraftprosjekt. Dette gjer at det ofte tek like lang tid å avgjera slike små prosjekt som større prosjekt. Olje- og energidepartementet vil òg sjå på om ein kan få til ei effektivisering av tidsbruken for slike mindre prosjekt.

Med auka vekt på miljøomsyn vil ikkje dei vasskraftprosjekta som vil gi mest ulemper og skadar få konsesjon, dersom dei grip inn i urørt natur som er viktig for miljøet. Dei prosjekta som ikkje vil gje skade på viktig miljø bør i staden få ei raskare handsaming. Kravet til utgreiingar må reduserast for slike prosjekt, samstundes som tidsbruken lokalt og sentralt kan strammast inn. På den måten kan ein få auka effektivitet i handsaminga av vasskraftprosjekta.

4.3.4 Vidare arbeid med Samla Plan, verneplanane og dei nasjonale laksevassdraga

I st.meld. nr. 24 (2000-01) har Regjeringa konkludert med at Samla Plan i si noverande form ikkje lenger er føremålstenleg i sakshandsaminga. Planen er snarare fordyrande og gjer at sakene vert forseinka. Samla Plan kan ikkje binde framtidige storting. Planen har dermed ikkje særleg verdi som rammevilkår framover. Store saker vil verta påverka av skjøn, og det er ofte skjønet som avgjer om konsesjon vil verta gitt eller ikkje. Dette skjønet kjem inn under sjølve konsesjonshandsaminga, og ikkje ved avklaringa i Samla Plan (SP) eller ved meldingsfasen.

Øvre Otta-saka viser at SP-vedtaket om denne utbygginga hadde liten verdi for det endelege utfallet av saka. Plasseringa som Øvre Otta-prosjektet fekk i SP, fungerte ikkje som rammevilkår for vedtaket i konsesjonssaka. Dåverande regjering vurderte prosjektet heilt annleis enn kva fleirtalet på Stortinget gjorde med sitt opphavlege SP-vedtak. Dessutan vedtok Stortinget i 1999 eit heilt anna prosjekt enn SP-prosjektet frå handsaminga i Stortinget i 1993. Dei ulike rulleringane av Samla Plan inneheld ei rekkje ulike alternativ for kraftutbygginga i Øvre Otta. Ingen av desse alternativa er i nærleiken av det alternativet Stortinget til slutt gjorde vedtak om. Dette alternativet vart faktisk fremja i ei fråsegn under høyringsrunden knytt til søknaden og KU.

For å sikra ei heilskapleg forvalting i tråd med Regjeringa sin energi- og miljøpolitikk, er det mellom anna naudsynt med ei vesentleg omlegging av Samla plan for vassdrag og ei supplering av Verneplanen for vassdrag. Ei slik vesentleg omlegging må ta omsyn til Regjeringa sitt arbeid for å få til forenklingar av forvaltingssystema til beste for brukarane.

Det har skjedd viktige endringar i fleire av dei opphavlege føresetnadene for Samla Plan. Mellom anna er føringane for miljøvernpolitikken endra. Ordninga med ei gruppevis sortering av vasskraftprosjekt krev store ressursar i forvaltinga til drift og vedlikehald og verkar kompliserande for utbyggjarane. Samla Plan er i si noverande form ikkje føremålstenleg for sakshandsaminga framover. Regjeringa har difor tilrådd, jf. st.meld. nr. 24 (2000-01), at den noverande planen vert omarbeidd vesentleg.

Føresetnaden for ei slik vesentleg omlegging og forenkling er at Verneplanen for vassdrag vert supplert med ein del av dei vassdraga frå Samla Plan der ulempene og dei negative verknadene vil vera størst med ei vasskraftutbygging. Denne suppleringa opnar for at dei gjenverande vassdraga og vassdragsområda kan konsesjonshandsamast i tråd med Regjeringa sitt syn om at miljøomsyn skal få auka vekt i den framtidige forvaltinga av vasskraftressursane, ut frå dei retningslinjer som er nemnde ovanfor i 4.2.1. Stortinget har òg gitt uttrykk for at flaumforholda skal verta tillagt større vekt, og dette kan få verknad både for vurderinga av aktuelle vassdrag og vassdragsområde og for dei konkrete prosjekta som vert fremja til konsesjonshandsaming.

Olje- og energidepartementet har forvaltingsansvaret for verneplanane. I samråd med Miljøverndepartementet har Olje- og energidepartementet gitt NVE i oppdrag å komme med ei tilråding om supplering av Verneplanen for vassdrag. Oppgåva vil verta utført som eit prosjekt i regi av NVE. Direktoratet for naturforvalting vil òg stå sentralt i arbeidet.

God miljøinformasjon om vassdraga er viktig rettleiing slik at utbyggjarane kan få høve til å velja dei minst konfliktfylte vassdraga for konsesjonshandsaming. Slik informasjon basert på arbeidet som ein no skal gjera med supplering av Verneplanen og med Samla Plan, vil vera til nytte for utbyggjarane av vasskrafta.

For dei vassdraga der ein kan søkja konsesjon, vil det vera viktig å ha god kunnskap om dei ulike miljø- og bruksverdiane for å sikra at den framtidige konsesjonshandsaminga kan gjerast på best mogleg grunnlag. Dette krev at det vert utvikla ein vassdragsbasert ressursoversikt som og vil vera eit nyttig avgjerdsgrunnlag for vassdrags-, energi- og miljøforvaltinga. Eit slikt materiale vil erstatta det prosjektorienterte plansystemet som ein har i dag. Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet vil ha ansvar for dette arbeidet.

Regjeringa tek sikte på at forslag til resultat av omlegginga av Samla Plan for vassdraga, forslag til supplering av Verneplan for vassdrag og andre pulje med nasjonale laksevassdrag skal leggjast fram for Stortinget innan utgangen av 2003.

4.3.5 Revisjon av konsesjonar og krav til minstevassføring

Tidlegare gitte konsesjonar utan tidsavgrensing kan verta reviderte 50 år etter at konsesjonen vart tidfesta. 3 Enno er inga revisjonssak gjennomført. NVE har stor pågang frå både kommunar og andre om å setja i verk revisjon av eldre reguleringskonsesjonar. NVE vil starta revisjonsprosessar for nokre regulerte vassdrag. Revisjon vil i første rekkje gjera det mogleg å setja nye vilkår for å rette opp skadar på miljøet som følgje av utbyggingane. Vilkåra vil òg verta moderniserte og vilkår som ikkje lenger er aktuelle, vert sletta. Det som vil vera naturleg å ta opp i ein revisjon er til dømes vilkår om terskelbygging og andre biotopjusterande tiltak, naturfaglege undersøkingar og minstevassføring. Reguleringar og overføringar er del av sjølve reguleringskonsesjonen og kan ikkje endrast ved ein revisjon.

Manøvreringsreglementet er ein del av vilkåra, og det er difor høve til revisjon for dette. Det knyter seg størst interesse til ytterlegare fylling av magasin og minstevassføring. Ytterlegare magasinfylling kan verta innført, som til dømes høg vasstand om sommaren eller magasin for flaumdemping.

Det har vore ei vesentleg utvikling når det gjeld vilkår om minstevassføring. I dag vert det i praksis mest alltid fastsett føresegner om minstevassføring i nye konsesjonar.

Forslag om minstevassføring kan verta vurderte ved ein revisjon. I Ot.prp. nr. 50 (1991-92) Om lov om endringer i vassdragsreguleringsloven m.fl. er det presisert at ein må visa atterhald med minstevassføringar dersom det førar til tapt produksjon. I forarbeida er det vist til at auka krav til minstevassføring kan få store økonomiske følgjer for regulanten, men i første rekkje at det fører til redusert krafttilgang. Det må òg takast omsyn til at reguleringa har vart i lang tid og at miljøet har tilpassa seg tilhøva.

Fotnotar

1.

Dei ulike stadia i sakshandsaminga er nærare drøfta i avsnitt 4.3.2.

2.

Desse grensene har likevel ingen innverknad med tanke på konsesjonsplikt.

3.

Revisjonstida er 30 år for konsesjonar som er gitt i 1992 og seinare, jf. lovendring i 1992.

Til forsida