Meld. St. 12 (2013–2014)

Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2011 og 2012

Til innhaldsliste

4 Gjennomføring av fiskeeksportlova

Fiskeeksportlova tredde i kraft 1. juli 1991 og avløyste den dåverande fiskeeksportlova frå 1955. Lova regulerer ei rekkje spørsmål knytt til eksporten av fisk og fiskevarer. Det vart gjort få endringar i lova fram til 2005, men då kom ei omfattande endring gjennom Ot.prp. nr. 88 (2004–2005). I perioden 2011 og 2012 har det ikkje vorte gjennomført endringar i lova.

Fiskeeksportlova omfattar mellom anna Noregs sjømatråd AS. Sjømatrådet er sjømatnæringa sitt felles marknadsføringsorgan og endra namn frå Eksportutvalet for fisk AS til Noregs Sjømatråd AS 1. januar 2012. Dette vart gjort fordi namnet Eksportutvalet for fisk ikkje fortalde godt nok kva som er verkeområda til selskapet, og det nye namnet blir sett på som meir dekkjande.

Tilknytingsforma til Fiskeri- og kystdepartementet, og selskapet si organisatoriske oppbygging, vart evaluert av Statskonsult (no Difi) i 2002. Rapporten førte til at selskapet vart omdanna til eit statsaksjeselskap. Stortinget vedtok difor ved lovendring 17. juni 2005 å omdanne Sjømatrådet frå forvaltningsorgan underlagt departementet til statleg aksjeselskap. Omdanninga vart gjennomført 1. september 2005. I lys av at dette no er åtte år sidan er det tenleg å gjennomføre ei ekstern evaluering av selskapet. Evalueringa vil byggje på dei evalueringane av marknadsføringsarbeidet som selskapet sjølv utfører. Oppdraget blir lagt ut til offentleg anbod tidleg i 2014.

Det er registrert om lag 452 eksportørar i eksportørregisteret som Noregs sjømatråd har ansvaret for. Terskelen for å bli registrert er låg. Ein fyller ut eit skjema og betaler ei årsavgift på 15 000 kroner. Ved førstegangs registrering må ein betale avgift for to år. Behandlingstida for registrering er om lag ei veke. Registrering og vedlikehald av registeret er ei offentleg forvaltningsoppgåve for Noregs sjømatråd.

Sjømatrådet si verksemd blir finansiert av norske sjømateksportørar gjennom årsavgifta på 15 000 kroner og ei marknadsavgift på eksporten av fisk og fiskevarer. Marknadsavgifta er heimla i fiskeeksportlova og blir fastsett av departementet i fiskeeksportforskrifta. Avgifta varierte tidlegare mellom 2 og 7,5 promille av eksportverdien, avhengig av art og produkt. I 2009 vart det bestemt at avgifta skulle harmoniserast til 7,5 promille på alle sjømatprodukt, for å styrke marknadsarbeidet for norsk sjømat i inn- og utland. Dette førte til ein auke i avgifta på kvitfisk, pelagisk fisk og reker. Unnataket var hermetikkprodukt, som framleis svarte ei marknadsavgift på 2 promille fram til 1. januar 2012, då hermetikkavgiftslova vart oppheva og avgifta vart avvikla. Avgifta på sjømatprodukt vart auka i to omgangar, først til fem promille av fob-verdien (FOB – Free on Board. Verdien ved utskiping av vara) frå og med 1. april 2010, og deretter til 7,5 promille frå og med 1. januar 2011. Auken av marknadsavgifta førde til auka inntekter for Sjømatrådet, og følgjeleg auka ressursar til marknadsføringa av norsk sjømat. Sjømatrådet sine totale inntekter utgjorde 389 mill. kroner i 2011 og 385 mill. kroner i 2012.

Toll- og avgiftsdirektoratet krev inn midlane og kanaliserer dei etterskotsvis Noregs sjømatråd. Sjømatrådet gjennomfører felles marknadskampanjar, analysar av marknadsland og konsumtrendar, dei hentar inn eksportstatistikk og er rådgivar for eksportørane og styresmaktene i markedssprøsmål for sjømat. Det ligg føre vedtekter for verksemda til Sjømatrådet.

4.1 Sjømateksporten i 2011 og 2012

Noreg er verdas nest største eksportør av sjømat (målt i verdi) etter Kina. Verdiutviklinga i sjømateksporten har auka jamt dei siste åra. I 2011 og 2012 vart det eksportert norsk sjømat for høvesvis 53 og 52 mrd. kroner. Dei viktigaste artane er laks, torsk, sild og makrell, men det blir òg eksportert mykje aure, sei og hyse. Verdien av lakseeksporten var den desidert største og utgjorde i underkant av 60 prosent av den totale verdien begge år.

Figur 4.1 Norsk eksportverdi av sjømat i 2012 etter fiskeartar

Figur 4.1 Norsk eksportverdi av sjømat i 2012 etter fiskeartar

Kjelde: Noregs sjømatråd

Sjømatrådet har berekna at det vart servert 33 mill. måltid av norsk sjømat kvar dag i 2011. Noreg eksporterte sjømat til over 130 land i heile verda, men dei viktigaste marknadene er EU (særleg Frankrike, Polen og Danmark) og Russland. Den norske marknaden er også viktig. Den norske marknaden er i vekst og på storleik med Russland og Frankrike.

Figur 4.2 Norsk eksportverdi av sjømat i 2012 fordelt på marknader

Figur 4.2 Norsk eksportverdi av sjømat i 2012 fordelt på marknader

Kjelde: Noregs sjømatråd

Eksporten av sjømat frå oppdrett hadde i 2012 ein verdi på 31,5 mrd. kroner, ein oppgang på 560 mill. kroner eller 2 prosent frå 2011. Den totale eksportverdien frå dei tradisjonelle fiskeria var 20,6 mrd. kroner, som er ein nedgang på 1,9 mrd. kroner eller 8 prosent frå rekordåret 2011.

Figur 4.3 Utvikling i norsk eksportverdi dei siste 25 åra

Figur 4.3 Utvikling i norsk eksportverdi dei siste 25 åra

Kjelde: Noregs sjømatråd

Til forsida