Meld. St. 19 (2011–2012)

Noregs deltaking i den 66. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 65. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

2 Høgnivåveke og sidearrangement

2.1 Verdas største politiske møteplass

I starten av FNs generalforsamling vert politiske leiarar frå heile verda samla i éi hektisk veke. I tillegg til generaldebatten vert det halde politiske møte om utvalde problemstillingar, og hovudtemaet i år var ikkje-smittsame sjukdomar. Andre viktige spørsmål var knytte til berekraftig utvikling, kampen mot terror og openheit og kamp mot korrupsjon. I tillegg vart det halde høgnivåkonferansar om aktuelle landsituasjonar som Libya og Haiti. På same måten som tidlegare år var Noreg vertskap for møtet i den internasjonale støttegruppa for palestinske styresmakter (AHLC) og for Trygve Lie-symposiet om dei grunnleggjande fridomane, der temaet denne gongen var sosiale media og demokrati.

2.2 Høgnivåmøtet om ikkje-smittsame sjukdomar

Høgnivåmøtet om ikkje-smittsame sjukdomar vart halde i perioden 19.–20. september. FNs generalsekretær opna møtet og peikte på at ikkje-smittsame sjukdomar er ein trussel mot utvikling. Han minte om kva som må til for å redusere framveksten: mosjon, sunt kosthald, røykeslutt og mindre alkohol. Han understreka vidare at privat sektor må ta sin del av ansvaret. Generaldirektør i WHO Margaret Chan omtalte veksten i ikkje-smittsame sjukdomar som «a slow motion disaster» som vil koste verdsøkonomien dyrt dersom vi ikkje handlar no. Chan peikte på førebygging av bruk av tobakk, mellom anna gjennom skattar og avgifter, som det mest effektive verkemiddelet mot kreft, diabetes, hjertesjukdomar og luftvegssjukdomar. Hun gjekk kraftig ut mot tobakksindustrien og angrepet deira på tobakkskonvensjonen. Helse- og omsorgsminister Strøm-Erichsen heldt Noregs hovudinnlegg, der ho la vekt på førebygging, behovet for tverrsektoriell innsats og resultatfokus. Hun understreka kor viktig det er å involvere frivillige organisasjonar. Vidare framheva ho at det er heilt uakseptabelt at tobakksindustrien har saksøkt Noreg, og at vi ikkje vil la oss hindre i å gjennomføre politikk for å fremje folkehelse.

Andre innlegg omtalte nasjonale erfaringar med å redusere ikkje-smittsame sjukdomar. På same måten som Noreg la mange vekt på førebygging, verdien av politisk leiarskap og tverrsektoriell innsats. Behovet for bistand og internasjonalt samarbeid vart framheva av ein del land, men var ikkje eit gjennomgåande tema. Tilgang til medisinar vart omtalt av enkelte land, og var det vanskelegaste spørsmålet under forhandlingane om erklæringa frå høgnivåmøtet. I denne samanhengen viste fleire land til fleksibiliteten i WTO-avtalen om handelsrelaterte sider ved immaterielle rettar (TRIPS-avtalen). Somme tok til orde for å opprette globale ordningar og peikte på at problemstillinga fortente bistandsmidlar, men dette var ikkje eit gjennomgåande tema. WHO og Verdsbanken vart trekte fram som internasjonale organisasjonar som kan hjelpe land med å møte problemstillinga, mellom anna gjennom å styrkje arbeidet med helsestatistikk.

Høgnivåmøtet vedtok ei erklæring som balanserte mellom behovet for styrkt nasjonal innsats mot livsstilssjukdomar og behovet i utviklingslanda for auka internasjonal støtte og betre rammevilkår for å få tilgang til legemiddel.

2.3 Global kampanje for kvinne- og barnehelse

Som ledd i kampanjen for kvinne- og barnehelse arrangerte generalsekretær Ban Ki-moon eit møte der statsminister Stoltenberg deltok i ei sentral rolle. Barne- og mødredødstal er dei av tusenårsmåla til FN som har vist seg vanskelegast å nå. Dette var bakgrunnen for at Ban Ki-moon i 2010 starta ein global kampanje for kvinne- og barnehelse. Gjevarland har gjeve tilsegner om å bidra med 40 milliardar USD. Aldri tidlegare har så mange slutta opp om ein felles plan for helse i fattige land på så kort tid.

Statsminister Jens Stoltenberg samarbeider tett med generalsekretæren og andre globale leiarar om å mobilisere for barne- og kvinnehelse gjennom den globale kampanjen. Han understreka at det må fokuserast på resultat, og peikte på den auka satsinga på resultatbasert finansiering innanfor bistanden som ei hovudårsak til at framgangen er så gledeleg når det gjeld reduserte barnedødstal. Han understreka at Noreg vil vidareføre den sterke støtta til kampanjen til generalsekretæren. «Det finst ikkje noko viktigare enn å redde livet til kvinner og barn,» avslutta Stoltenberg.

2.4 Dialogmøte i regi av Clintons globale initiativ, Mexico og Sør-Afrika

Statsminister Stoltenberg deltok i ein paneldebatt i regi av Clinton Global Initiative (CGI) saman med m.a. Sør-Afrikas president Zuma og Mexicos president Calderon. Klimadialogen vart innleidd av Mexico, og tidlegare president Clinton leidde debatten. Bakgrunnen for dialogen var FNs klimakonferanse i Durban som fann stad på slutten av året. Statsminister Stoltenberg sa at vi på klimakonferansen i Durban måtte få på plass ei felles plattform som gjer at vi kjem vidare på nokre konkrete område. I Durban måtte 1) det grøne klimafondet verte ein realitet, 2) arbeidet for redusert avskoging og skogøydelegging få plass i ein framtidig avtale som det mest effektive tiltaket og 3) pris på karbon innførast som eit insentiv for å redusere utslepp og samtidig auke inntektene til statane.

Arrangementet lukkast i å setje fokus på klimasaka under den viktige høgnivåveka i FN. Clinton roste Noreg og statsminister Stoltenberg for å vise leiarskap og gå føre som eit godt eksempel, også ved å gje økonomisk støtte til utviklingsland. I tillegg til Sør-Afrika, Mexico og Noreg deltok statsleiarar frå Bangladesh, Mali, Slovenia og Grenada, i tillegg til EU-kommisjonen ved EU-kommisjonens president Barroso.

2.5 Globalt antiterrorismesamarbeid

Etter initiativ av FNs generalsekretær Ban Ki-moon vart det gjennomført eit høgnivåmøte om rolla FN speler i kampen mot terrorisme. Generalsekretæren la vekt på det omfattande internasjonale samarbeidet som er oppnådd det siste tiåret. Hovudbodskapen frå utanriksminister Støre var at FN synte seg frå si beste side i leiinga av det globale antiterrorismesamarbeidet mellom 193 land. Støre viste til at terrorisme er kriminalitet av verste sort og må nedkjempast som dette. Formuleringar som «krig mot terrorisme» var difor lite nyttige og dessutan eigna til å skape inntrykk av at terrorisme var noko ein kunne nedkjempe ein gong for alle.

Debatten viste brei semje om FN som samlingspunkt for det internasjonale antiterrorismesamarbeidet og understreka at det var eit viktig gjennombrot at landa i 2006 vart samde om ein heilskapleg strategi mot terrorisme. Strategien inkluderer tett koordinering mellom 31 FN-institusjonar og Interpol, globalt og regionalt samarbeid om tryggleik og lov og orden-spørsmål og menneskerettar i tillegg til tettare dialog om økonomiske, sosiale og kulturelle spørsmål. Ingen land er immune mot terrorisme, og fleire viste til 22. juli i Noreg som eit døme på at også land som er kjende for fred, tryggleik, rettferd og likskap, kan rammast.

Oppfølginga vidare vil mellom anna vere knytt til arbeidet med å sluttføre forhandlingane om ein heilskapleg konvensjon mot terrorisme. Dette arbeidet vert òg støtta og prioritert av Noreg.

2.6 Høgnivåmøtet om Libya

Statsminister Stoltenberg deltok på høgnivåmøtet om Libya, saman med eit førtitals stats- og regjeringssjefar. Generalsekretær Ban Ki-moon la innleiingsvis vekt på at FNs tryggingsråd nyleg hadde vedteke mandatet for ein ny FN-operasjon (UNSMIL) og framheva tryggleik og forsoning som dei fremste utfordringane framover. Han var oppmuntra over at dei nye styresmaktene i Libya hadde forplikta seg til demokratiske reformer og respekt for menneskerettane.

Statsminister Stoltenberg la på si side vekt på at kvinner må ta del i forsoning i og gjenreising av Libya, og tilbaud norsk assistanse og rådgjeving innanfor forvaltning av petroleumssektoren. President Obama la i sitt innlegg vekt på at omveltingane i Libya kom som følgje av ein effektiv og målretta internasjonal koalisjon. Når det gjaldt innsatsen frå NATO, viste han spesielt til fire land: Frankrike, Storbritannia, Danmark og Noreg. Men det var det libyske folket sjølv, menn, kvinner og barn, som hadde synt det nødvendige motet for å få til endring. Det libyske folket måtte no ta eit ansvar for gjenreising av landet sitt. Det internasjonale samfunnet må støtte Libya på tryggingsområdet, i den demokratiske overgangsprosessen og med å løyse humanitære utfordringar.

I oppsummeringa av møtet understreka generalsekretæren at det er viktig med sterk libysk eigarskap for den vidare prosessen, og at libyske prioriteringar og behov låg til grunn for internasjonal bistand.

2.7 Høgnivåmøtet om Haiti

Haitis nye president Michel Martelly leidde sjølv eit høgnivåmøte for dei største gjevarlanda, FN og andre internasjonale organisasjonar (Verdsbanken, IMF, OAS osb.), der han presenterte prioriteringane sine og ambisjonane om betre styresett og om å få lagt forholda til rette for private investeringar, sikre utdanning til alle og skaffe bustader til dei fleire hundre tusen som framleis bur i leirar. Bill Clinton, FNs spesialutsending til Haiti, og USAs utanriksminister Hillary Clinton deltok på møtet og uttrykte sterk støtte til den nye haitiske presidenten og planane hans.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim slutta seg til denne positive bodskapen og formidla at Noreg vidarefører støtta til institusjonsbygging, men understreka at større kompromissvilje og politiske reformer vil være avgjerande for å lukkast – ein bodskap som særleg var retta til dei mange haitiske parlamentsmedlemene i salen.

2.8 Initiativet for openheit i offentleg sektor (Open Government Partnership)

Noreg er ein av åtte initiativtakarar til Open Government Partnership (OGP). Den 20. september vart det halde eit møte om OGP som samla i alt 46 land. Møtet vart leidd av president Obama og Brasils president Rousseff. OGP vart lansert av Obama i FN året i førevegen. Siktemålet var eit internasjonalt krafttak for ein open, tilgjengeleg og velfungerande offentleg sektor i alle land for å styrkje deltaking og demokrati i tillegg til økonomisk og sosial utvikling. OGP-landa sluttar seg til ei prinsipperklæring og forpliktar seg til å følgje opp med konkrete tiltak.

Statsminister Stoltenberg viste til norske erfaringar og til «den norske modellen», der samarbeid med sivilt samfunn, tilrettelegging for medverking, openheit i forvaltninga og likestilling står sentralt. Statsministeren viste òg til oppfølging frå norsk side av «Extractive Industries Transparency Initiative» (EITI), som arbeider for openheit i pengestrømmar frå petroleums- og gruveverksemd til det offentlege, til openheita kring norske petroleumsinntekter og til openheit og etiske retningslinjer for Statens pensjonsfond utland (SPU).

2.9 Energi for alle

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim deltok på høgnivåmøtet som gav startskotet til initiativet frå Generalsekretæren om energi for alle. Blant deltakarane var statsleiarar, ministrar med ansvar for energi og næringslivsrepresentantar, mellom dei konsernsjefen i Statoil.

Solheim stadfesta at Noreg var forplikta til energi- og klimaagendaen og til initiativet frå generalsekretæren om berekraftig energi. Han understreka at energi var plassert midt i miljø- og utviklingspolitikken. Rio-konferansen i 2012 måtte sikre ein plan for energi for alle. I dette måtte det òg liggje ei satsing på energieffektivisering og fornybar energi og på at fossile energikjelder vert brukte så effektivt som råd er. Finansiering vart trekt fram som eit sentralt dilemma. Private investeringar har behov for avkastning, og dette kan føre til manglande investering i nye og nødvendige tiltak. Frå norsk side vart det vist til at spørsmåla knytte til finansiering stod sentralt i den nye energi- og klimasatsinga som regjeringa skulle lansere i Oslo i oktober, og at Noreg ville jobbe saman med generalsekretæren for å sikre at Rio+20 produserer resultat og viser veg framover på energiområdet. Til slutt framheva Solheim dei positive erfaringane med resultatbasert tilnærming frå skogprosjektet, og at denne framgangsmåten òg ville bli brukt på energisatsinga og som prinsipp for utvikling av modellar for offentleg-privat finansiering.

2.10 Trygve Lie Symposium 2011

Noreg har sidan 2008 arrangert Trygve Lie Symposium on Fundamental Freedoms under høgnivåveka av FNs generalforsamling. Symposiet er no etablert som ein strategisk norskinitiert arena for å skape debatt om sentrale problemstillingar knytte til menneskerettar.

Temaet for årets symposium var bruk av sosiale medium i arbeidet med å styrkje menneskerettane og fremje demokratiske prosessar. Temaet er nært knytte til Noregs innsats på felta ytringsfridom og menneskerettsforkjemparar. Demokratiseringsprosessar, mellom anna i Midtausten, har gjort dette særleg aktuelt.

Utanriksminister Støre leidde paneldiskusjonen. I panelet deltok utanriksminister Carl Bildt frå Sverige og viseutanriksminister Maria Otero frå USA, dei to kjende menneskerettsaktivistane Nora Younis og Wissam Tarif, med omfattande erfaring frå bruk av sosiale medium under hendingane den siste tida i Egypt og i Syria, og Claire Diaz Ortiz frå Twitter, som er forfattar av boka «Twitter for Good: Change the World One Tweet at a Time».

Debatten tok opp dilemma knytte til bruken av sosiale medium. Forholdet mellom sosiale medium som verktøy for ytringsfridom og spørsmål knytte til Internett-tryggleik vart drøfta grundig. Det vart understreka at styrken til sosiale medium ikkje berre ligg i dokumentasjon, men òg i mobilisering. Det var ikkje Facebook eller Twitter som styrta Ben Ali og Mubarak. Det var folket som styrta dei. Men effektiviteten i sosiale medium utløyste eit behov hos undertrykkjande regime til å hindre og sensurere bruken og kontrollere opposisjonelle og menneskerettsforkjemparar. Ein annan viktig bodskap var at vi må slå ring om ytringsfridomen og andre rettar, og at dette gjeld like mykje offline som online. Det vart vidare åtvara mot å innleie politiske prosessar i europeiske land som kan føre til at ytringsfridomen på nettet vert innskrenka, noko som vil sende svært negative signal til andre delar av verden.

2.11 Biologisk mangfald

Sekretariata for konvensjonen for biologisk mangfald og den internasjonale plantetraktaten arrangerte eit ministermøte for å auke merksemda om Nagoya-protokollen. Denne protokollen regulerer tilgang til og rettferdig fordeling av godar som er avleidde av genressursar. Noreg leier ei arbeidsgruppe for plantetraktaten og spelte ei sentral rolle under då Nagoya-protokollen vart framforhandla. Denne protokollen styrkjer det viktige arbeidet med å bevare det biologiske mangfaldet og er eit bidrag til å nå FNs tusenårsmål.

Bevaring av biologisk mangfald er av fundamental verdi for berekraftig utvikling. God genressursforvaltning vil sikre at frøsortar kan gje oss avlingar i framtida, også under eit endra klima. Det er likevel ulike syn internasjonalt på korleis genressursane skal sikrast. Somme legg vekt på innsatsen til den enkelte bonden, medan andre heller vil satse på genbankar. Under møtet la Noreg vekt på at desse to tilnærmingane bør kunne utfylle kvarandre. Noreg tilbyr gratis bruk av frøkvelvet på Svalbard, samtidig som dei opphavlege frøbankane framleis opprettheld full eigedomsrett.

2.12 Høgnivåmøtet om kjernefysisk tryggleik

Ulykka på det japanske atomkraftverket Fukushima våren 2011 har ført til ny merksemd omkring tryggleiken ved atomanlegg. FNs generalsekretær ønskte å løfte spørsmålet politisk og inviterte difor til eit høgnivåmøte. I tillegg til opningsinnlegget av presidentane frå Frankrike, Brasil og Sør-Korea og statsministeren i Japan heldt òg den amerikanske utanriksministeren Hillary Clinton og den britiske utanriksministeren William Hague innlegg.

Det var brei semje om at det var behov for å styrkje tryggleiken og beredskapen ved drift av kjernekraftanlegg. Det måtte takast lærdom av det som skjedde i Japan. Ei lang rekkje land uttrykte likevel klart at dei ikkje hadde planar om å trappe ned satsinga på atomkraft, medan andre heldt fast ved planane om å skaffe seg denne energikjelda. Sjølv om tryggingstiltak er eit nasjonalt ansvar, var det brei semje om å styrkje det internasjonale regelverket og samarbeidet og om at Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) må ha hovudrolla i dette arbeidet. Ei atomulykke vil alltid ha følgjer for andre land, også om ho ikkje er fysisk grenseoverskridande. Det internasjonale regelverket tek i dag ikkje høgde for det. Noreg la òg vekt på at arbeidet med kjernefysisk tryggleik og beredskap måtte sjåast i samanheng med innsatsen for å motvirke spreiing av atomvåpen og arbeidet for ei verd fri for atomvåpen.

2.13 Venner av fredsmekling

Finland og Tyrkia tok i 2010 initiativet til å opprette ei vennegruppe for fredsmekling som hadde som mål å leggje fram ein resolusjon om fredsmekling i FNs generalforsamling. Under høgnivåveka vart det halde eit utanriksministermøte i vennegruppa, der føremålet var å utveksle erfaringar og gje råd til FN-sekretariatet som arbeider med å utforme retningslinjer for effektiv fredsmekling.

Gjennomgåande vart det lagt vekt på styrking av kapasiteten innanfor fredsmekling, styrking av partnarskapen med regionale og sub-regionale institusjonar og sivilt samfunn. Somme la stor vekt på at meklarane må vere nøytrale, men nobelprisvinnar Ahtisaari åtvara mot at dette kunne føre til at dei vart handlingslamma, og peikte på at meklarar skal vere aktive og heller framstå som «honest brokers». Utanriksminister Støre understreka at førebyggjande diplomati er ei sentral oppgåve for FN. Han peikte vidare på at vellukka fredsmekling krev denne rette blandinga av fleksibilitet og samordning. Utanriksministeren la òg stor vekt på at kvinner må delta i fredsprosessar, og viste her til pliktene som følgjer av tryggingsrådsresolusjon 1325.

2.14 Gjevarlandsmøte for det palestinske området (AHLC)

Utanriksministeren leidde 18. september eit vellukka møte i gjevarlandsgruppa for palestinarane (AHLC), som slo fast at palestinske styresmakter har nådd dei måla dei sette seg for institusjonsbygginga for ein levedyktig stat. Men møtet peikte òg på dei store utfordringane den palestinske regjeringa står overfor, med svekt økonomisk vekst, utsikter til mindre overføringar frå gjevarar og framleis store økonomiske hindringar som følgje av det israelske stengingsregimet på Vestbreidda og i Gaza. Gjevarane vart samde om å bidra til å sikre stabilitet gjennom å vidareføre støtta til palestinske styresmakter. Bidraga erstattar likevel ikkje behovet for ein berekraftig økonomisk vekst i privat sektor. Israelske restriksjonar på tilgang til ressursar og marknader må lettast i langt større omfang enn tidlegare for at veksten skal styrkjast, ifølgje rapportane frå FN, Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet.

2.15 Iverksetjing av avtalen mot prøvesprenging av atomvåpen

Annakvart år vert det halde ein konferanse om iverksetjing av avtalen mot prøvesprenging av atomvåpen (CTBT). Avtalen er 14 år gamal, og 154 land har slutta seg til han. Avtalen vert likevel ikkje sett i verk før alle land som er definerte som kjernevåpenkapable, har ratifisert han. Etter at Indonesia ratifiserte avtalen i 2011, står følgjande land att: Kina, USA, India, Pakistan, Iran, Israel, Egypt og Nord-Korea. Konferansen oppfordra desse landa til å slutte seg til så snart som mogeleg. I den påfølgjande debatten vart det understreka at CTBT er ein viktig reiskap for å hindre spreiing av atomvåpen og ein føresetnad for å nå målet om ei verd utan atomvåpen. Kontrollsystemet som er utvikla for å overvake at det ikkje vert gjennomført prøvesprengingar, er dessutan nyttig i andre samanhengar, m.a. for varsling av jordskjelv. USA viste til at målet framleis var å ratifisere avtalen, men at det kunne ta tid. Statssekretær Eide understreka at Noreg støttar CTBT og overvakingsmekanismen fullt ut. Han beklaga at nokre få land hindra ein avtale med brei oppslutning i å tre i kraft. Noreg og Storbritannia omtalte det norsk-britiske samarbeidsprosjektet om verifikasjon av nedrusting. Føremålet er å vise korleis ikkje-kjernevåpenstatar kan kontrollere at atomvåpenstatane lever opp til pliktene sine.

2.16 Minitoppmøtet om Somalia

Som i 2010 arrangerte Generalsekretæren eit høgnivåmøte om Somalia, men bakteppet denne gongen var sveltekatastrofen som ramma den somaliske sivilbefolkninga hardt. På den andre sida vart den politiske prosessen for å nå eit meir stabilt Somalia vurdert som meir lovnadsrik. Det er etablert eit vegkart for fred, den islamistiske opprørsgruppa har trekt seg ut av hovudstaden Mogadishu, og innsatsstyrken til Den afrikanske unionen (AU) i Somalia (AMISOM) har teke sterkare grep om situasjonen. I løpet av det siste året har FNs tryggingsråd vedteke å styrkje AMISOM. Likevel står det att viktige utfordringar, mellom anna for å motverke den interne striden i det somaliske overgangsstyret (TFG). Deltakarane på høgnivåmøtet var gjennomgåande nøgde med framgangen både i den politiske prosessen og på det militære området. Medan afrikanske land var opptekne av å sikre nok ressursar til AMISOM, fokuserte vestlege land på at TFG måtte levere på den politiske sida. USAs utanriksminister åtvara om at oppmøtet ikkje ville bli like godt på neste års møte dersom ikkje TFG leverte.

Eit stabilt Somalia er nødvendig for å skape auka tryggleik og betre levekår for den somaliske befolkninga, motstandskraft mot tørke og andre naturgjevne utfordringar. Eit stabilt Somalia er samtidig ein nøkkel til å nedkjempe terrorisme og sjørøvarverksemd.

2.17 Høgnivåmøtet om sveltekatastrofen på Afrikas Horn

Under ein konferanse om sveltekatastrofen på Afrikas Horn annonserte statssekretær Espen Barth Eide eit ekstraordinært norsk bidrag på 300 millionar kroner til det internasjonale hjelpearbeidet. Sjølv om katastrofen djupast sett har årsaker som krev politiske svar, kan vi ikkje sjå på at tusen barn risikerer sveltedøden kvar einaste dag. I det norske innlegget vart det lagt vekt på humanitær tilgang og behovet for å leggje forholda til rette for at FN og frivillige organisasjonar kan vere til stades på bakken, og på behovet for betre koordinering. Vegkartet for ei politisk løysing vart framheva som ein nøkkel til løysing, også på den humanitære krisa.

2.18 FNs 10-års minnemarkering av verdskonferansen mot rasisme (Durban)

Tiårsmarkeringa av verdskonferansen mot rasisme (Durban 1) i New York vart halden 22. september. Utanriksministeren deltok under opningssesjonen der generalsekretæren, presidenten for generalforsamlinga, høgkommissæren for menneskerettar, Sør-Afrikas president Zuma og dei regionale gruppene heldt opningsinnlegg. Statssekretær Espen Barth Eide heldt Noregs nasjonale innlegg under den påfølgjande rundebordssesjonen med fokus på ofra for rasisme.

Det norske innlegget la vekt på kor viktig kampen mot rasisme og diskriminering er, både globalt og nasjonalt. Noreg støtta både Durban I (2001), som resulterte i den første handlingsplanen mot rasisme, og tilsynskonferansen (Genève 2009) der Noreg spelte ei sentral rolle i forhandlingane om sluttdokumentet, i tillegg til den internasjonale rasismekonvensjonen (CERD). Noreg la vidare vekt på at det òg er viktig å kjempe mot diskriminering basert på religiøs tilknyting, nasjonalitet, kjønn og seksuell orientering. Statssekretæren trekte fram 22. juli som eksempel på eit angrep på eit demokratisk samfunn og på verdiar baserte på likeverd, ikkje-diskriminering og grunnleggjande menneskerettar og fridomar. Vidare understreka han at den norske responsen var å møte dette med meir demokrati, større openheit og auka inkludering.

Det var knytt stor spenning til spørsmålet om den framforhandla politiske erklæringa til minnemarkeringa ville verte vedteken ved konsensus eller votering under avsluttingssesjonen på arrangementet, sidan fleire vestlege land hadde teke avstand frå prosessen som har vore prega av sterk polarisering grunna spørsmål knytte til konflikten i Midtausten. Landa som hadde forlate Durban-prosessen, deltok likevel ikkje under møtet og kravde ikkje votering. Erklæringa vart vedteken ved konsensus allereie under opningssesjonen etter forslag frå president Zuma.

Okkupasjonen av Det palestinske området og slavehandelen vart nemnde av ei rekkje delegasjonar frå den arabiske og afrikanske verda. Samtidig vart nye former for diskriminering på grunnlag av kjønn og seksuell orientering nemnde av ei rekkje vestlege og latinamerikanske land. Av europeiske land deltok Finland, Belgia, Irland, Luxemburg, Slovenia, Portugal, Spania og Ungarn på ministernivå i tillegg til Noreg.

Til forsida