Meld. St. 19 (2011–2012)

Noregs deltaking i den 66. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 65. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

3 Saker i plenum

3.1 Innleiing

Alle spørsmål som vert behandla i dei seks faste komiteane, endar til slutt i plenum. Det er sjeldan at eit vedtak som vert fatta i komiteane, vert endra i plenum. Under den 65. sesjonen i Generalforsamlinga skjedde dette i behandlinga av resolusjonen om vilkårlege avrettingar. Under 66. sesjon følgde derimot plenum vedtaka i komiteane.

Enkelte spørsmål er ikkje forankra i nokre av komiteane og går direkte til plenum. Dette gjeld først og fremst samarbeidet FN har med internasjonale og regionale organisasjonar, og spørsmål knytte til Midtausten.

3.2 Generaldebatten

Generaldebatten gjev høve for medlemslanda til å presentere prioriteringane sine og kommentere aktuelle saker. I år var det Midtausten og spørsmålet om medlemskap i FN for Palestina som gjekk att, og mange helste Sør-Sudan velkomen som ny medlem av FN. Økonomiske spørsmål, utvikling, miljø og klima var òg tema mange land tok opp i innlegga sine. Det er ein innarbeidd tradisjon at generaldebatten vert innleidd av FNs generalsekretær, etterfølgd av presidentane i Brasil og USA.

Innlegget til generalsekretær Ban Ki-moon kom inn på fleire aktuelle spørsmål, slik som klima, konfliktførebygging, førebygging av naturkatastrofar, global tryggleik og behovet for å støtte opp om dei pågåande politiske endringane i fleire land. Han karakteriserte utviklinga i Midtausten og Nord-Afrika som håpefull, men viste til behovet for konsolidering. Ban stadfesta målet om å avskaffe kjernevåpen og understreka kor viktig det er at kvinner og ungdom vert trekte langt meir aktivt med i politiske prosessar. Ban var oppteken av at FN får dei nødvendige ressursane til å utføre oppgåvene sine, men erkjende at det òg kan sparast inn midlar gjennom måten verdsorganisasjonen arbeider på. Vi må gjere meir med mindre ressursar, var bodskapen hans.

Brasils president Dilma Rousseff gjorde eit poeng av at generaldebatten for første gang vart opna av ei kvinne. Ho var overtydd om at dette hundreåret tilhøyrte kvinner. Ein annan viktig bodskap frå den brasilianske presidenten var behovet for djuptgripande reformer av det globale økonomiske samarbeidet. President Obama framheva rolla FN speler i å sikre freden i ei ufullkomen verd, og la vekt på at utviklinga i Midtausten, Nord-Afrika og Elfenbeinskysten gav grunnlag for håp. Han var krass i kritikken av overgrep i land som Iran og Syria. Obama stadfesta målsetjinga om å få oppretta ein palestinsk stat gjennom forhandlingar. Han åtvara sterkt mot snarvegar og viste til at konflikten mellom Palestina og Israel ikkje ville la seg løyse gjennom ein resolusjon om medlemskap. Obama framheva respekten for grunnleggjande rettar som ytringsfridom og religionsfridom og understreka at desse rettane òg måtte omfatte seksuell orientering.

Statssekretær Eide heldt det norske innlegget, som hadde særskilt fokus på Palestina-spørsmålet, den arabiske våren, klima, likestilling og FNs tusenårsmål. Frå norsk side vart det beklaga at nokre medlemsland misbrukte generaldebatten til ekstreme ytringar. Bakteppet her var talen til Irans president, som hadde ein klar front mot USA og stilte spørsmål omkring kven som stod bak terroranslaget 11. september 2001.

Det er likevel openbert at dei to store spørsmåla som prega generaldebatten i år, var Palestina og omveltingane i den arabiske verda. Når det gjaldt Palestina-spørsmålet, var det brei oppslutning om ei tostatsløysing, men ulike syn på godkjenning av ein palestinsk stat og timeplanen for ein forhandlingsprosess. Dette toppa seg i innlegga til president Abbas og statsminister Netanyahu. Medan begge talte varmt for fred, var bodskapane svært ulike. Abbas reflekterte ein djuptfølt frustrasjon over den israelske okkupasjons- og busetjingspolitikken og annonserte den palestinske søknaden om full FN-medlemskap. Abbas såg ingen motsetning mellom statsdanning og forhandlingar med Israel. Det gjorde derimot Netanyahu og avviste at FN-resolusjonar kunne endre situasjonen på bakken. Han gjentok kravet om tryggleik som føresetnad for fred og oppretting av ein palestinsk stat.

I tillegg til Midtausten var klima og miljø ein gjengangar i mange innlegg. Fleire land frå Latin-Amerika var opptekne av å styrkje det internasjonale økonomiske samarbeidet for å hindre nye finanskriser. Reform av FNs tryggingsråd vart òg kommentert av fleire land, men her var haldningane motstridande, slik at dei gjekk på tvers av dei regionale grupperingane. Sjølv om fleire utviklingsland etterlyste auka bistand og betre tilgang til marknadene i nord, kan det ikkje seiast at debatten var prega av motsetnad mellom nord og sør. Likevel vart det uttrykt frustrasjon over den finansielle arkitekturen vi har i dag. Med unntak av nokre få innlegg var generaldebatten i år lite polarisert, og det var få innlegg med retoriske angrep på andre land. Likevel kunne ein ikkje unngå enkelte bilaterale replikkutvekslingar, noko som følgjer av at generaldebatten fungerer som eit globalt forum.

3.3 Havretts- og fiskerispørsmål

Generalforsamlinga er ein sentral arena for å profilere Noreg som ein ressursnasjon med viktige interesser på det marine området. Dei norske interessene knyter seg på det overordna planet til retten til og behovet for berekraftig ressursutnytting, kamp mot ulovlig, uregulert eller urapportert fiske samt bevaring av naturmangfoldet, og meir spesielt m.a. til kamp mot grenseoverskridande kriminalitet i fiskerisektoren og spørsmål som gjeld botnfiske.

Under forhandlingane om fiskeriresolusjonane i år var kampen mot grenseoverskridande kriminalitet innanfor fiskerisektoren eit sentralt tema for Noreg. Noreg fremja eit forslag om å ta inn ein referanse til ein rapport som er utarbeidd av UNODC om grenseoverskridande kriminalitet. Forslaget fekk ei lunken mottaking. USA og EU uttrykte skepsis, medan enkelte søramerikanske land avviste forslaget. Først etter sterk mobilisering frå norsk side fekk Noreg gjennomslag for forslaget.

I forhandlingane vart det òg gjort ei evaluering av korleis punkta om botnfiske var gjennomførte. I tråd med norsk prioritering fokuserer dei nye punkta om botnfiske som vart vedtekne, på konkret gjennomføring. Det amerikanske forslaget om å redusere bifangsten av sjøpattedyr vart vedteke, men i ei moderert form som er akseptabel for Noreg.

Ei viktig sak for Noreg under behandlinga av havrettsresolusjonen i år var å sikre auka ressursar til FNs havrettskontor (DOALOS), slik at kontoret kan halde fram med å støtte effektivt opp om det viktige arbeidet som vert gjort i Kontinentalsokkelkommisjonen i New York. Avgrensing av kontinentalsokkelen for statar der denne strekkjer seg utover 200 nautiske mil, er eit viktig satsingsområde for Noreg. Ei avklaring av dei ytre grensene for sokkelen er viktig for å få ein klar folkerett, men kan òg ha store positive konsekvensar for utviklinga til ein stat. Difor er det gledeleg at Generalforsamlinga samla seg om eit vedtak som sikrar tilstrekkelege ressursar til FNs havrettskontor.

Ei viktig defensiv sak for Noreg i forhandlingane om havrettsresolusjonen var å unngå tekst om kvalfangst i resolusjonen. Monaco hadde føreslått tekst både i fortalen og i den operative delen som innebar ei oppfordring til å ikkje fange kval på ope hav. På bakgrunn av at kvalspørsmål vert behandla i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC), og på grunn av den tradisjonelle norske politikken om berekraftig forvaltning av naturressursane, kunne Noreg ikkje støtte dette forslaget. Noreg, Russland, Japan og Island arbeidde aktivt mot forslaget frå Monaco. Forslaget fekk støtte frå mange land, og mykje tyda på at eit noko moderert forslag ville verte vedteke. Etter press frå alliansen av motstandarar vart teksten om kval til sjuande og sist ikkje teken inn i resolusjonen.

Kapittelet i havrettsresolusjonen om naturmangfald utanfor nasjonal jurisdiksjon fekk relativt stor merksemd under forhandlingane. Diskusjonane omhandla korleis Generalforsamlinga skulle spegle tilrådingar frå arbeidsgruppa om naturmangfald utanfor nasjonal jurisdiksjon, dvs. ei tilvising til eller gjentaking av tilrådingane. Arbeidsgruppa hadde tilrådd at det vart sett i gang ein prosess for å sikre at det juridiske rammeverket for vern og bruk av marint naturmangfald utanfor nasjonal jurisdiksjon effektivt tek opp problemstillingar som gjeld marine genetiske ressursar, områdebasert forvaltning (mellom anna marine verneområde), konsekvensutgreiingar, kapasitetsbygging og teknologioverføring. Det er knytt relativt stor usemje til utfallet av denne prosessen, og dette var bakgrunnen for at dette meir tekniske spørsmålet fekk så stor plass i diskusjonane. Noreg var fleksibel med omsyn til korleis tilrådingane skulle speglast i resolusjonen. Generalforsamlinga kom til slutt fram til ei kompromissløysing for spegling av tilrådingane.

3.4 Dei internasjonale domstolane

Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) er eit av hovudorgana i FN og gjev ein årleg rapport til Generalforsamlinga om verksemda si. Presidenten for domstolen, Hisashi Owada, understreka det høge aktivitetsnivået i domstolen, noko som stadfestar at domstolen er relevant og viktig for fredeleg løysing av tvistar mellom statar i ei globalisert verd. Det er likevel eit potensial for ytterlegare styrking av denne rolla, sidan fleire land på generelt grunnlag bør akseptere at domstolen har kompetanse til å avgjere dei folkerettslege tvistane deira. Owada viste til at domstolen hadde avsagt tre dommar og tre rettsavgjerder sidan førre generalforsamlinga. Han gjorde òg greie for at domstolen har gjennomgått rutinar og prosedyrar for å kunne behandle innkomande saker meir effektivt.

I den etterfølgjande debatten uttrykte statar brei støtte til domstolen og roste arbeidet han gjer. Statar uttalte at domstolen har sterk legitimitet i kraft av å vere det prinsipale rettsorganet i FN. Domstolen fekk ros for å ha teke tak i etterslepet av saker som har hefta ved domstolen dei seinare åra.

Støtta til den internasjonale straffedomstolen (ICC) aukar stadig, og vedtektene har no 119 statspartar. Presidenten for domstolen, Sang-Hyun Song, la fram rapporten frå domstolen og nemnde kort at sju saker er under etterforsking. Han understreka verdien av det felles målet domstolen og FN har med omsyn til førebygging og straffeforfølging av alvorlege internasjonale brotsverk. Vidare peikte han på at domstolen får stadig meir arbeid, også gjennom at Tryggingsrådet sender saker til domstolen, at ressursane ikkje er tilstrekkjelege, og at ressurssituasjonen på lang sikt kan verte uhaldbar.

I den etterfølgjande debatten viste mange land til at ei lang rekkje land har slutta seg til Roma-vedtektene, og dette talet aukar stadig. Dette indikerer at domstolen har universell tyngde. Vidare var det brei semje om at domstolen utgjer eit viktig bidrag i kampen mot straffridom. I tillegg til å gje full støtte til det arbeidet domstolen gjer, understreka m.a. dei nordiske landa at domstolen er avhengig av samarbeid frå alle land for at personar som er mistenkte for alvorlege brotsverk, vert stilte til ansvar. Dei nordiske landa gjekk inn for å auke ressursane til domstolen i lys av den aukande arbeidsmengda.

Presidenten for den internasjonale straffedomstolen for Rwanda (ICTR) uttrykte at domstolen er i sluttfasen av mange av sakene han har til behandling, men at det trengst vidare internasjonal assistanse for å hindre straffridom for mistenkte som framleis er på frifot. Noreg uttrykte støtte til at mistenkte som ev. vert pågripne, må straffeforfølgjast. Presidenten for den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) framheva suksessen ved at òg dei to høgt profilerte mistenkte krigsforbrytarane Ratko Mladic og Goran Hadžić no sit i arrest ved domstolen. Noreg roste arbeidet domstolane gjer, og særleg innsatsen til serbiske styresmakter som førte til at Mladic og Hadžić vart pågripne.

Noreg uttrykte òg uro over rapportar om at begge domstolane mister erfarne tilsette, då dette kan undergrave avsluttingsstrategiane til dei midlertidige domstolane. Vidare ønskte Noreg velkomen at det var oppretta ein sluttføringsmekanisme for å sluttføre domstolanes arbeid som eit viktig ledd i kampen mot straffridom.

3.5 Midtausten

Midtausten-spørsmålet i brei forstand prega mykje av generaldebatten og arbeidet i dei faste komiteane. Det var i tillegg ein eigen debatt seinare på hausten om palestinsk status i FN, der Noreg peikte på at palestinske styresmakter har utvikla dei nødvendige institusjonane for ei berekraftig statsdanning. Noreg uttrykte vidare uro over at det framleis er israelske busetjingar på okkuperte område, og at det er ein trussel mot ei tostatsløysing når Israel held tilbake palestinske skatteinntekter. Noreg understreka igjen støtte til kvartetten og ei forhandla løysing.

Spørsmålet om palestinsk medlemskap i FN låg i Tryggingsrådet, der det vart klart at søknaden ikkje ville få dei nødvendige ni ja-stemmene. Dermed vart heller ikkje spørsmålet om eit amerikansk veto aktualisert denne gongen. Det vart arbeidd uformelt med ulike utkast til ein mogeleg resolusjon i FNs generalforsamling som m.a. skulle gå ut på å styrkje Palestinas status i FN frå observatør til observatørstat, men Palestina valde å ikkje gå vidare med desse planane i denne omgangen. Parallelt gjekk det føre seg ein prosess i FNs særorganisasjon UNESCO, der Palestina har søkt om full medlemskap ved kvar generalkonferanse sidan 1989. Denne gongen vart spørsmålet realitetsdrøfta etter at styret i organisasjonen tilrådde for generalkonferansen at Palestina skulle takast opp som fullverdig medlem. Den 31. oktober vart spørsmålet om fullverdig palestinsk medlemskap i UNESCO avgjort. 107 land stemte ja, 52 var avståande, og 14 stemte nei. Det var splitting i alle leirar: I Norden stemte tre land ja (blant dei Noreg), eitt avståande og eitt nei; i EU stemte elleve ja, elleve avståande og fem nei.

På same måte som tidlegare år fekk Generalforsamlinga lagt fram for seg ei pakke med faste resolusjonar om situasjonen i okkupert palestinsk område. Nokre av desse vart først behandla i 4. komité, medan andre gjekk direkte i plenum. Ingen av resolusjonane vart endra vesentleg frå føregåande år. Voteringsbiletet for desse resolusjonane vart difor nokså likt det vi har sett tidlegare år, med det unntaket at talet på ja-stemmer gjekk noko opp, medan eitt vestleg land, Canada, denne gongen valde å følgje USA og Israel og stemme mot desse resolusjonane. Noreg stemte for dei fleste av resolusjonane, men avstod på eit par av resolusjonane som har eit for einsidig mandat.

Dei klaraste uttrykka for den arabiske våren kom fram gjennom resolusjonen som fordømde menneskerettsovergrepa som syriske styresmakter har gjort mot si eiga befolkning. Denne resolusjonen samla stor oppslutning både i 3. komité og i plenum, og Noreg var blant pådrivarane for å få han vedteken. Noreg støtta òg opp om vedtaket for å gje dei nye overgangsstyresmaktene i Libya dei nødvendige akkreditiva til FN.

Under haustsesjonen av generalforsamlinga tok Saudi-Arabia initiativet til ein resolusjon der Iran vart beden om å samarbeide for å kome til botns i skuldingane om at Iran stod bak eit attentatforsøk mot Saudi-Arabias ambassadør i Washington. Trass i heftige iranske protestar vart denne resolusjonen vedteken med stort fleirtal. Ei lang rekkje arabiske land var støttespelarar til denne resolusjonen. På same måte som dei fleste av EU-landa teikna Noreg seg som medforslagsstillar.

3.6 Tryggingsrådets rapport og reform

Generalforsamlinga behandla den årlege rapporten til Tryggingsrådet. I den samanhengen helste enkelte velkomen den nye praksisen i Tryggingsrådet, der leiaren for den politiske avdelinga (DPA) i FN-sekretariatet har halde regelmessige oppdateringar. Fleire av FNs medlemsland bad om større openheit om kva saker som vert tekne opp under desse møta. Enkelte land kritiserte bruken av veto i Rådet (USA for israelske busetjingar og Russland/Kina for Syria) og oppfordra Rådet til å bli meir transparent i arbeidsmetodane sine. Enkelte NAM-land, med Venezuela i spissen, kritiserte Tryggingsrådet for å ta opp spørsmål som dei meiner høyrer naturleg heime i Generalforsamlinga eller i ECOSOC. Bakgrunnen for dette var det opne møtet om kva verknader klimaendringar kunne ha for internasjonal fred og tryggleik sommaren 2011.

I debatten om reform av Tryggingsrådet vart det tydeleg at frontane i spørsmålet om utviding framleis er temmeleg fastlåste. Brasil, India, Tyskland og Japan (G4) gjorde eit poeng av at 80 land har støtta initiativa deira til å auke talet på faste medlemer. Dei landa som set seg imot ei utviding (Uniting for Consensus, UFC), med Pakistan og Italia i spissen, peikte på at ei slik utviding aldri vil få kvalifisert fleirtal. Alle dei fem faste medlemslanda uttrykte liten vilje og lite engasjement for reformer, inkludert vetoretten.

Debatten viste at skiljelinjene framleis er fastlåste og går på tvers av etablerte regionale grupperingar. Få land er budde på å endre posisjonane sine. Eitt unntak er New Zealand, som tradisjonelt har lege tett opp til G4, men som no argumenterte for at tida er inne for å tenkje i nye baner.

Ei tredje gruppering som har markert seg i reformspørsmålet, er S5-kretsen (Sveits, Liechtenstein, Singapore, Jordan og Costa Rica) som ivrar for større openheit rundt arbeidsmetodane til Tryggingsrådet. Noreg har i ulike samanhengar flagga posisjonar tett opp til denne gruppa.

I vestgruppa har det i 2011 funne stad konsultasjonar om innføring av ei rotasjonsordning blant medlemslanda i gruppa for å få sete i Tryggingsrådet. Bakteppet har vore dei kostbare kampanjane medlemslanda i gruppa har måtta gjennomføre for å vinne plass i Rådet. Ein annan faktor har vore ønsket frå dei små landa, med San Marino i spissen, om å få høve til å sitje i Rådet. Konsultasjonane viste likevel stor avstand i posisjonar innanfor vestgruppa. Noreg og dei andre nordiske landa peikte på at artikkel 23 i FN-pakta gjev klare føringar for kva omsyn det skal leggjast vekt på når eit land stiller opp som kandidat til Tryggingsrådet (bidra til internasjonal fred og tryggleik og gjennomføring av heile FN-pakta), og understreka at det ikkje var aktuelt å gå inn på ei rotasjonsordning som auka tidsintervallet mellom kvar gong eit av dei nordiske landa kunne sikte på å kome inn i Tryggingsrådet. Dei nordiske landa foreslo derimot at det kunne utviklast ein åtferdskode om gjennomføring av etisk forsvarlege valkampar.

3.7 Val til Tryggingsrådet

Valet av fem nye tryggingsrådsmedlemer kravde denne gongen i alt 17 valomgangar før alle dei fem seta var fordelte. Først vart fire av fem land valde inn: Guatemala, Marokko, Togo og Pakistan, sistnemnde med eit nødskrik (trengte 129 stemmer for å få 2/3 fleirtal, fekk 129 stemmer). Kampen om det siste setet, i austgruppa, stod mellom Aserbajdsjan og Slovenia. Dette vart ikkje avgjort før nokre dagar seinare, og det var Aserbajdsjan som til slutt gjekk av med sigeren. Aserbajdsjan opparbeidde etter kvart eit solid forsprang på Slovenia (opp mot 30 stemmer)etter at Slovenia hadde leiinga under dei første valomgangane. Den fastlåste situasjonen vart først løyst då den slovenske utanriksministeren før 17. valomgang valde å trekkje kandidaturet og viste til den klare leiinga til Aserbajdsjan og til at dei «ikkje likte måten kampanjen og valet hadde gått føre seg på». Ein 17. og siste valomgang måtte likevel til for at Aserbajdsjan skulle oppnå det nødvendige fleirtalet på to tredelar. Aserbajdsjan fekk 155 stemmer i siste runde, 24 land valde å avstå, medan 13 land framleis stemte på Slovenia.

Det slovenske tapet stadfestar ein trend der EU-landa i austgruppa tapar terreng mot ikkje-EU-medlemene. Valresultatet i år kan samtidig gje eit EU-land som Finland ein liten fordel neste år. Valet viste òg at det krevst store ressursar for å vinne eit val i sterk konkurranse med andre land.

3.8 Humanitære spørsmål

Noreg spelte som vanleg ei sentral rolle då Generalforsamlinga behandla humanitære spørsmål. Statssekretær Gry Larsen heldt det norske innlegget og la særleg vekt på at klimaforandring og andre globale utfordringar vil krevje eit sterkare humanitært system, både finansielt og politisk, og dessutan stille større krav til førebygging. Statssekretæren understreka særleg verdien av at fleire land vart engasjerte i og bidrog til FNs humanitære arbeid. Dette reflekterte òg dei norske hovudprioriteringane som formann i gjevarlandsgruppa (ODSG) for FNs humanitære kontor (OCHA) 2011–2012. Noreg fekk gjennomslag for ny omtale av samanhengen mellom klima og humanitære behov i resolusjonen frå Generalforsamlinga om humanitær koordinering (den såkalla omnibusresolusjonen) og markerte seg framleis som ein av dei største og viktigaste bidragsytarane til FNs nødhjelpsfond (CERF).

Vår aktive rolle som støttespelar gav òg Noreg stor innverknad på FNs eigne prioriteringar i inneverande år. Dette gav synlege resultat ved at FN no har intensivert arbeidet for nye partnarskap og dessutan betra samarbeidet mellom dei ulike organa i FN for å sikre meir effektiv bistand i felt. Strategisk arbeid frå norsk side i nært samarbeid med likesinna gjevarland, og ikkje minst FNs humanitære koordinator Valerie Amos, bidrog òg til at generalsekretær Ban Ki-moon identifiserte førebygging og humanitær bistand blant hovudprioriteringane for den andre perioden sin, som vart innleidd i januar 2012. Mellom anna har FNs generalsekretær no teke initiativ til verdas første toppmøte om humanitære spørsmål.

3.9 Handelsblokaden av Cuba

Den årlege resolusjonen om at USAs handelsblokade mot Cuba må opphøyre, fekk som venta enormt fleirtal. Resolusjonen vart vedteken med 186 ja-stemmer, 2 nei (USA og Israel) og 3 avståande(Marshalløyane, Mikronesia, Palau) – tilsvarande stemmemønsteret i tidlegare år. Blant vestlege land var det, i tillegg til USA (som alltid held stemmeforklaring før votering), berre EU som heldt stemmeforklaring. EU viste til fellesposisjonen frå 1996 og ønskte frigjevinga av dei 75 politiske fangane velkomen, men oppfordra kubanske styresmakter til å tiltre dei internasjonale konvensjonane for høvesvis politiske og økonomiske og sosiale rettar. Resten av dei mange stemmeforklaringane gav Cuba einsidig støtte.

Til forsida