Meld. St. 19 (2011–2012)

Noregs deltaking i den 66. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 65. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

4 Arbeidet i dei seks faste komiteane

4.1 Internasjonal fred og tryggleik (1. komité)

1. komité i FNs generalforsamling arbeider med internasjonal fred og tryggleik, særleg nedrusting og ikkjespreiing. Komiteen dekkjer òg spørsmål knytte til regional stabilitet, mellom anna tillitsskapande tiltak. Komiteen realitetsdrøftar kvart år over 50 resolusjonar og vedtak, der mange er gjengangarar. Nokre resolusjonar, og då gjerne nye, får normalt langt meir politisk merksemd enn dei tradisjonelle som vert behandla kvart år.

Årets sesjon vart i stor grad prega av eit resolusjonsutkast om revitalisering av multilaterale kjernefysiske nedrustingsforhandlingar som Noreg, Austerrike og Mexico stod bak. Sjølv om resolusjonsutkastet til slutt vart trekt rett før realitetsbehandlinga, bidrog det til å setje tonen for årets sesjon. Bakgrunnen for framstøyten var frustrasjon over stillstanden i det regulære mellomstatlege forhandlingsmaskineriet og det faktum at Nedrustingskonferansen i Genève (CD) har vore handlingslamma i 15 år. Bodskapen i resolusjonsutkastet var kort forklart at dersom CD til neste år ikkje makta å kome ut av dvalen, måtte Generalforsamlinga vurdere andre løysingar, som å opprette forhandlingsgrupper som var opne for alle medlemslanda, for å arbeide med ulike sider ved kjernefysisk nedrusting og førebygging av våpenkapplaup i det ytre rommet. Sjølv om mange land hadde sympati med framstøyten, vart det òg mobilisert sterk motstand frå dei etablerte kjernevåpenstatane og tonegjevande land innanfor den alliansefrie rørsla (NAM), slik som Cuba, Iran, Egypt og Algerie. På basis av fleire opne konsultasjonsrundar og ikkje minst mange bilaterale samtalar konkluderte Noreg, Austerrike og Mexico med at tida ikkje var inne for å be om ei avstemming over resolusjonen. Ei votering ville truleg ha ført til at mange sympatisk innstilte land hamna på å avstå frå å stemme. Å få vedteke resolusjonen med svært knapp margin, der teksten eventuelt òg var svekt gjennom endringar i komiteen, ville ha ikkje ha gagna saka. Dersom det heller ikkje kjem framgang i CD i løpet av 2012, vil det vere større vilje til å tenkje i nye baner under den 67. sesjonen i FN-generalforsamlinga.

Debatten om FNs nedrustingsapparat vart ikkje berre knytt til atomvåpen. Noreg var blant dei landa som etterlyste reform av arbeidsmetodane til både 1. komité og nedrustingskommisjonen (UNDC). Denne kommisjonen er meint å vere eit forum for medlemslanda der dei kan drøfte breie nedrustingspolitiske spørsmål og kome med tilrådingar. Heller ikkje UNDC har produsert noko nyttig på meir enn ti år, men her òg merkjer ein at mange land er skeptiske mot djuptgripande reformer.

Medan det etablerte nedrustingsmaskineriet har slite i bratt motbakke dei seinare åra, er det oppnådd viktige resultat innanfor humanitær nedrusting. Både minekonvensjonen og klasevåpenkonvensjonen er framforhandla utanfor FN etter at konvensjonen om inhumane våpen (CCW) ikkje makta å etablere forbod mot våpen som fører til uakseptable humanitære lidingar. Dei seinare åra har land utanfor klasevåpenkonvensjonen gjort eit forsøk på å få framforhandla ein protokoll om klasevåpen innanfor CCW som ville ha vore langt svakare enn sjølve klasevåpenkonvensjonen, og som i praksis ville ha undergrave han. Under årets sesjon av 1. komité var Noreg blant dei landa som tydeleg tok avstand frå ein slik protokoll og fekk hindra at den årlege CCW-resolusjonen uttalte seg positivt om arbeidet med protokollen. Arbeidet i 1. komité var difor viktig for at arbeidet for å få i stand eit alternativt og svakare instrument til klasevåpenkonvensjonen vart endeleg skrinlagt under den tredje CCW-tilsynskonferansen i november 2011.

Årets sesjon av 1. komité stadfesta vidare at det framleis rår ulike syn på korleis ein betre kan få regulert internasjonal våpenhandel og få bukt med ulovleg omsetjing av handvåpen. Det var vanskeleg å verte samde om den generelle resolusjonen om handvåpen og føringane som skal leggjast for tilsynskonferansen for FNs handlingsprogram for kamp mot ulovleg omsetning av handvåpen (PoA). Noreg, Mexico, fleire EU-land og New Zealand ivra for at denne tilsynskonferansen skulle kunne vurdere om sjølve handlingsprogrammet skulle styrkjast ytterlegare, medan andre land (m.a. Iran og Syria) argumenterte for det motsette. Sesjonen synte òg at Iran og fleire arabiske land framleis er djupt skeptiske til å få framforhandla ein internasjonal avtale om våpenhandel (ATT) til sommaren. Sjølv om eit klart fleirtal av medlemslanda uttrykte eit sterkt håp om å få på plass ein robust ATT-avtale, krevst det konsensus for å få ein slik avtale vedteken på diplomatkonferansen i juli 2012.

På same måten som tidlegare år vart det vedteke ei rekkje resolusjonar om atomvåpennedrusting. Resolusjonane til Japan og Ny agenda-koalisjonen (NAC, som er samansett av Sverige, Irland, New Zealand, Mexico, Egypt, Brasil og Sør-Afrika) fekk stor oppslutning. Begge resolusjonane tek på eit breitt grunnlag til orde for ei verd fri for kjernevåpen. Den japanske resolusjonen legg større vekt på ikkjespreiingsforpliktingane, medan NAC-resolusjonen er spissare på nedrustingsbodskapen, sjølv om han ikkje går lenger enn å gje att nedrustingsforpliktingane som vart samrøystes vedtekne på NPT-tilsynskonferansen i 2010. Kjernevåpenstatane fann likevel at han var ubalansert, og dei fleste av dei stemte mot.

Noreg støtta aktivt opp om desse to resolusjonane, men avstod på den tradisjonelle Malaysia-resolusjonen om at det snarast bør framforhandlast ein konvensjon mot kjernevåpen på nedrustingskonferansen i Genève (CD). Noreg støttar aktivt opp om arbeidet om å få avskaffa atomvåpen, men er djupt skeptisk til at CD vil kunne bringe dette arbeidet vidare. Frå norsk side vart vidare dei alvorlige humanitære konsekvensane av atomvåpen understreka, saman med verdien av å trekkje lærdom av erfaringane frå humanitær nedrusting òg på det kjernefysiske området. Noreg støtta vidare aktivt opp om resolusjonar for at prøvestansavtalen endeleg skal tre i kraft, og at det internasjonale samfunnet snarleg skal innleie forhandlingar om ein internasjonal avtale som forbyr framstilling av spaltbart materiale for våpenføremål (FMCT).

Noreg valde å stemme mot det iranske resolusjonsutkastet om kjernefysisk nedrusting. Føremålet med resolusjonen er å avleie merksemda frå dei omstridde iranske kjernefysiske aktivitetane. Nettopp uroa omkring Nord-Korea og Iran og uavklarte spørsmål rundt Syrias tidlegare kjernefysiske aktivitetar prega mykje av debatten om atomvåpen og førte til fleire rundar med hissige replikkutvekslingar. På same måte som andre vestlege land hadde Noreg ein tydeleg bodskap overfor desse tre landa.

Eit positivt aspekt ved sesjonen i år var den breie oppslutninga om regionale kjernevåpenfrie soner. I motsetning til tidlegare år vart resolusjonen om sonen for Søraust-Asia (Bangkok-traktaten) vedteken utan votering. Det var òg brei oppslutning om målet om ein tilsvarande sone for Midtausten, og fleire helste velkomen at Finland har påteke seg oppgåva med å leggje forholda til rette for ein internasjonal Midtausten-konferanse i 2012 (i samsvar med sluttdokumentet frå NPT-tilsynskonferansen i 2010). Noreg støttar FN-sekretariatet i førebuingane til ein slik konferanse, og Noregs Wien-ambassadør leidde IAEA-symposiet om det same temaet i november 2011.

4.2 Økonomiske og sosiale spørsmål (2. komité)

2. komité behandlar eit stort spekter av saker innanfor sosiale og økonomiske spørsmål. Viktige tema står på dagsordenen, men det er ei utfordring å få ein god dynamikk i forhandlingane. FN er ikkje hovudarena for behandling av makroøkonomiske spørsmål og finanspolitikk. FN er snarare ein global arena der overordna syn på økonomiske og sosiale spørsmål vert drøfta, men utan at det vert teke konkrete avgjerder som påverkar verdsøkonomien.

Dessverre er det dei mest steile og i denne samanhengen mest konservative G77-delegasjonene som legg premissa for arbeidet. Det gjev lite handlingsrom for å bringe inn ny tematikk og gjer arbeidet i komiteen føreseieleg og lite relevant. Forsøk frå Noreg og andre på å bringe meir innovativ og moderne makroøkonomisk tenking inn i forhandlingane vann ikkje fram. Då Noreg i forhandlingane om resolusjonen om finansiering for utvikling ikkje fekk gjennomslag for forslaget om å vise til arbeidet som finn stad i mange land om innføring av avgift på finanstransaksjonar til inntekt for utvikling, var dette bakgrunnen, underbygd av ei steil haldning frå nokre vestlege land.

I 2. komité vert oppgåva til dei vestlege landa ofte å avgrense skadeverknadene av forslaga frå G77, som står bak dei aller fleste resolusjonane. Eit nytt resolusjonsforslag om mellominntektsland vart fremja med det føremålet å sikre at også slike land skal behalde bidrag frå FN. Bakgrunnen for forslaget er at nokre mellominntektsland er redde for at dei skal miste støtta frå FN når BNP-et deira per innbyggjar overstig ei viss grense. Resolusjonen enda ikkje opp i votering, men forhandlingane var interessante fordi dei viste teikn til ny dynamikk i G77 der mellominntektsland hevda eigne interesser, noko som gjekk ut over dei minst utvikla landa.

Noreg heldt nasjonale innlegg i generaldebatten i komiteen og under debattane om berekraftig utvikling, innovativ finansiering og UN-HABITAT. Noreg heldt innlegg på vegner av dei nordiske landa om finansiering for utvikling og var tilslutta nordiske innlegg om utviklingsaktivitetane i FN (DK), dei minst utvikla landa (SF) og kampen mot fattigdom (I). Komiteen vedtok 47 resolusjonar. Noreg var medforslagsstillar for fire resolusjonar. I innlegg og i forhandlingane la Noreg særleg vekt på innovativ finansiering, nasjonal skattlegging, nasjonal fordelingspolitikk, ulovleg kapitalflyt, energi for alle, berekraftig utvikling og Rio+20-konferansen, grøn økonomi, mødre- og barnehelse, HIV/AIDS og kvinnerettar. Noreg bidrog òg til at angrep på omtalen av den reproduktive helsa til kvinner ikkje nådde fram.

Alle komiteane i FN skal sjå på arbeidsmetodane sine. Trass i det akutte behovet for modernisering og effektivisering av arbeidet i 2. komité var det i denne sesjonen ikkje sett av tid til komitéreform. Arbeidet i 2. komité neste år vil verte viktigare for Noreg fordi det skal forhandlast om den fireårige rammeresolusjonen om utviklingsaktivitetane i FN, og fordi neste sesjon følgjer etter Rio+20-konferansen.

4.3 Menneskerettar (3. komité)

3. komité i Generalforsamlinga behandlar menneskerettsspørsmål i tillegg til sosiale, humanitære og kulturelle spørsmål. Komiteen realitetsdrøfta i 2011 over 70 resolusjonar, der majoriteten omhandla dagsordenspunktet om menneskerettsspørsmål. Det var lange forhandlingar og voteringar i komiteen om ei rekkje av resolusjonane. Komiteen vier òg kvart år tid til å høyre innlegg og presentasjonar om ei rekkje tema frå spesialrapportørar, uavhengige ekspertar og leiarar for arbeidsgruppene i Menneskerettsrådet. Noreg deltok aktivt i desse interaktive dialogane og heldt, i tillegg til hovudinnlegget om menneskerettar, òg innlegg under dei tematiske debattane i komiteen om m.a. barns rettar, kvinner og likestilling, rettane til funksjonshemma, rettane til urfolk og flyktningar og internt fordrivne.

Den overordna prioriteringa for Noreg under årets sesjon var arbeidet med å leie forhandlingane om dei to resolusjonane om menneskerettsforsvararar og internt fordrivne. I tillegg arbeidde Noreg for auka oppslutning om landresolusjonane om Iran, Myanmar og Nord-Korea, og ikkje minst den nye resolusjonen om Syria. Noreg var òg ein aktiv støttespelar til den danske resolusjonen om kampen mot tortur, den mexicanske resolusjonen om vern av menneskerettane i kampen mot terrorisme og relevante kvinne- og likestillingsrelaterte resolusjonar, mellom anna den nordiske CEDAW-resolusjonen. Noreg deltok òg i forhandlingane om resolusjonar knytte til barns rettar, religion / religiøs intoleranse, ytringsfridom og rasisme. Noreg sørgde for å gjere det klart at seksuell og reproduktiv helse og rettane på dette området må fremjast på ein føremålstenleg og konstruktiv måte.

Sesjonen i 3. komité i år bar sterkt preg av den arabiske våren og pågåande folkelege protestar verda over. Sesjonen var i tillegg kjenneteikna av ei rekkje nye omfattande initiativ, som Thailands resolusjon om koordinering av FN-mekanismane for vern av barn, USAs resolusjonar om val og politisk deltaking for kvinner, OICs og EUs to forskjellige resolusjonar om religiøs intoleranse og ikkje minst resolusjonen om menneskerettssituasjonen i Syria.

Spørsmålet om det ville late seg gjere å framforhandle ein Syria-resolusjon var eit overhengande spørsmål gjennom heile sesjonen. Det vart til slutt mogeleg gjennom at Den arabiske liga endra haldning, og at ein kritisk masse av arabiske land bestemte seg for å ta del i utforminga av resolusjonen og stille som medforslagsstillarar.

Forhandlingsklimaet i 3. komité hadde hardare frontar enn nokon gong før – dette skuldast ikkje minst at komiteen og resolusjonane spegla den arabiske våren. Det var særleg sterk motstand mot forsøk på å få inn referansar til politiske overgangsprosessar og tilgangen til fredelege protestar i resolusjonstekstar, noko som fekk konsekvensar for arbeidet med den norske resolusjonen om menneskerettsforkjemparar.

Den norskleidde resolusjonen om menneskerettsforkjemparar seglde opp til å bli ein av dei mest politiske resolusjonane komiteen behandla, m.a. på grunn av referansen til fredelege protestar og indirekte referansar til den arabiske våren. Noreg som tilretteleggjar arbeidde for ein robust tekst samtidig som vi ønskte å oppnå konsensus, og fann til slutt ein kompromisstekst som inneheldt viktige referansar til fredelege protestar og bruk av informasjonsteknologi for menneskerettsforkjemparar.

Noreg leidde òg forhandlingane om vern av og respekt for menneskerettane til internt fordrivne personar. Denne resolusjonen vert behandla annakvart år. Hausten 2011 hadde vi to konkrete målsetjingar for vidareutvikling av behandlinga av dette viktige spørsmålet i Generalforsamlinga. Vi ønskte eksplisitt omtale av samanhengen mellom klimaendringar, miljøøydeleggingar og internt fordrivne, i tillegg til styrkt omtale av det einaste eksisterande mellomstatlege instrumentet for vern av internt fordrivne, Den afrikanske unionens konvensjon om dette spørsmålet. Etter intense forhandlingar fekk vi gjennomslag for begge desse posisjonane i ein resolusjon som vart vedteken med konsensus. Slik bidrog resolusjonen i år i FNs generalforsamling til å bringe denne saka, som Noreg ser på som svært viktig, vesentlege skritt framover.

Blant dei mange resolusjonane om kvinner og likestilling i Generalforsamlinga valde Noreg denne gongen spesielt å prioritere revitaliseringa av ein resolusjon om politisk deltaking for kvinner, med særleg fokus på land i politisk omvelting. Resolusjonen var motivert av hendingane i Midtausten og Nord-Afrika. Resolusjonen i år var den første Generalforsamlinga behandla på dette området sidan 2003. Denne resolusjonen har ein sterk tekst om CEDAW og eksplisitt omtale av dei politiske rettane til kvinner, og han vil difor verte eit sentralt instrument når vi no skal bidra til at likestilling og kvinners rettar blir respekterte i dei mange landa som gjennomgår politiske omveltingar. Såleis gjev dei resultata vi oppnådde under Generalforsamlinga i år, direkte bidrag til innsatsen for kvinner, fred og tryggleik også på landnivå.

4.4 Politiske spørsmål (4. komité)

4. komité vart tidlegare kalla spesialkomiteen for politiske spørsmål og arbeider med ei rekkje til dels svært ulike saker. Noreg har tradisjonelt fokusert innsatsen på fredsbevarande operasjonar og Midtausten-relaterte spørsmål. 4. komité behandlar i tillegg spørsmål om fredeleg bruk av det ytre rommet og kommunikasjonsteknologi, der det vert vedteke konsensusresolusjonar.

Behandlinga av FNs fredsbevarande operasjonar kan langt på veg føreseiast, ettersom den reelle debatten om desse spørsmåla finn stad i spesialkomiteen for fredsbevarande operasjonar eit halvt år i førevegen. Debatten i 4. komité vart prega av spørsmålet om refusjonssatsen for personell og utstyr i FN-operasjonar. Desse satsane har ikkje blitt auka på ti år, og mange utviklingsland som stiller militære troppar til rådvelde for FN-teneste, har uttrykt veksande frustrasjon over dette. Utviklingslanda dominerer blant dei største militære bidragsytarane til operasjonane. Samtidig er det vestlege land som betaler den største delen av operasjonskostnadene. Spørsmålet om storleiken på refusjonssatsane har difor vorte eit nord-sør-spørsmål. Fleire vestlege land hevdar at det ikkje er objektivt grunnlag for å auke satsane. Den økonomiske krisa i mange vestlege land har forsterka den negative haldninga til å auke refusjonssatsane ytterlegare. Vårens sesjon i spesialkomiteen for fredsbevarande operasjonar vart langt på veg handlingslamma på grunn av spørsmålet om refusjonssatsar. Først sju veker etter at sesjonen formelt var avslutta, lukkast det å verte samde om komitérapporten. Grunnen til dette var at utviklingslanda motsette seg tekst om spørsmål vestlege land var opptekne av, i eit forsøk på å få det dei oppfatta som tilfredsstillande formuleringar om refusjonssatsen. Den vidareførde sesjonen av 5. komité i vår, som skulle vedta budsjetta for dei enkelte fredsbevarande operasjonane, var òg nær full polarisering omkring refusjonssatsane. Løysinga vart ei minneleg ordning med utbetaling av eit eingongsbeløp. I tillegg vart det vedteke å opprette ei rådgjevingsgruppe som skal leggje fram forslag til vidare handtering av spørsmålet om storleiken på refusjonssatsane.

Debatten i 4. komité viste elles semje om fleire sentrale spørsmål, slik som behovet for å leggje større vekt på verdien av konfliktførebyggjande tiltak og av å styrkje samanhengen mellom fredsbevaring og fredsbygging. Mange land frå sør framheva at det var avgjerande at operasjonane ikkje går ut over mandata sine. Sett frå norsk side var det positivt at fleire land tok opp behovet for å styrkje kjønnsperspektivet i den fredsoperative verksemda til FN. Noreg heldt eit innlegg på vegner av dei nordiske landa, som la vekt på tryggleik for FN-personell i felt, vern av sivile, nulltoleranse for seksuelle overgrep utførte av personell i FN-teneste, likestilling og behovet for å vidareføre arbeidet med reform av FNs fredsbevarande operasjonar.

FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA) er eit av hovudspørsmåla 4. komité har til behandling. Den finansielle situasjonen for UNRWA er framleis kritisk, og organisasjonen har gjennomført viktige reformer for å få ned kostnadene samtidig som det vert gjort målretta forsøk på å utvide kretsen av gjevarland. Det er ønskjeleg å få inn utradisjonelle gjevarar, slik som arabiske land og BRICS-gruppa. I tillegg har det òg vorte arbeidd med å få dekt inn ein større del av UNRWA-budsjettet over det regulære FN-budsjettet. Dette er vanskeleg så lenge det regulære budsjettet er under sterkt press, og det er difor positivt at 5. komité til slutt vedtok å auke finansieringa av det internasjonale personellet i UNRWA over FN-budsjettet.

Som forventa vart debatten i 4. komité i stor grad fokusert på den vanskelege økonomiske situasjonen i UNRWA. Leiaren for UNRWA, generalkommissær Filippo Grandi, understreka særleg behovet for å utvide gjevarbasen og oppfordra særleg ikkje-tradisjonelle gjevarar og arabiske land til å bidra meir til det regulære budsjettet til organisasjonen. Grandi forventa òg at medlemslanda i FN ville støtte forslaget frå generalsekretæren om auka finansiering til UNRWA over det regulære FN-budsjettet når forslaget skulle behandlast i 5. komité nokre veker seinare. Noreg understreka at det er nødvendig å sjå samanhengen mellom innsatsen til UNRWA og palestinsk statsbygging, innanfor ramma av UNRWA-mandatet. Noreg oppfordra òg UNRWA til å tenkje innovativt kring betre ressursbruk, ikkje minst betre utnytting av potensialet som finst i palestinske flyktningleirar. Noreg er i tillegg rapportør for komiteen som utarbeider den årlege rapporten frå arbeidsgruppa for finansiering til UNRWA. Trass i at dei fleste medlemslanda verbalt deler det norske standpunktet, er det framleis lang veg til å sikre UNRWA ei berekraftig og føreseieleg finansiering.

4. komité behandla òg ni resolusjonar som omhandlar ulike sider ved Palestina-spørsmålet, der det berre er små endringar i teksten frå år til år. Tradisjonelt har Noreg og EU stemt for alle desse resolusjonane med eitt unntak: resolusjonen om spesialkomiteen som overvaker israelske menneskerettsbrot mot palestinarar. Dette dreier seg om ein ad hoc-komité der Israel ikkje deltek, og som difor har minimal påverknad på det som skjer på bakken. Noreg er kritisk til slike ad hoc-komitear. Noreg støtta dei andre Palestina-resolusjonane, og desse resolusjonane vart igjen gjennomgåande vedtekne mot israelske og amerikanske stemmer, slik tilfellet har vore tidlegare år. Det nye i år var at Canada, som tradisjonelt har stemt for eller avstått på dei fleste av desse resolusjonane, denne gongen valde å følgje USA og Israel. I dei andre faste komiteane såg vi òg at Canada i år skjerpa haldninga si når det gjaldt Midtausten-resolusjonar.

4.5 FN-budsjettet (5. komité)

Arbeidet i 5. komité var prega av økonomiske krisetider og innleiinga til amerikansk valkamp: Budsjettkutt og til dels reform var høgt prioritert av tonegjevande vestlege land i forhandlingane om FNs toårige budsjett, som til slutt vart vedteke på julaftan. FN-reform – «valuta for pengane» – ser ut til å vere eit viktig amerikansk poeng for å behalde oppslutninga til FN i amerikansk opinion. USA er den største bidragsytaren til FN og står for 22 % av det regulære budsjettet.

Kjernebudsjettet for 2012–2013 er på USD 5,15 milliardar. Dette er eit kutt samanlikna med førre budsjettperiode – for første gong sidan 1997. Like fullt ligg det vedtekne budsjettet tett opp til prioriteringane og budsjettforslaga Generalsekretæren har sett opp, og det varetek norske interesser.

FN-sekretariatet, som no har både ny controller og ny budsjettdirektør, innser at sjølve budsjettprosessen må reformerast. Dette får støtte frå Noreg og fleire likesinna, som òg ønskjer å gje Generalsekretæren større handlingsrom til å styre organisasjonen. Slik situasjonen er i dag, er det for stor grad av detaljstyring frå medlemslanda, ikkje minst gjennom arbeidet i 5. komité, og dette gjer organisasjonen mindre effektiv. Det var ikkje mogeleg å få utviklingslanda med på denne typen reformtenking. Dei er opptekne av å behalde mest mogeleg kontroll i Generalforsamlinga. Sidan det ikkje lukkast formelt å verte samde om reform av budsjettprosessar og andre styringsprosessar, vert det frå norsk side framleis lagt vekt på å støtte opp om moderniserande tiltak der det er mogeleg. Mykje kan gjerast utan formelle vedtak, men det er verd å merkje seg den generelle motstanden frå land i sør mot reform og effektivisering.

FNs oppfølging av internrevisjon blir styrkt, som følgje av at komiteen godkjende at det skal opprettast ein ny nestleiarstilling (ASG) for OIOS (FNs kontor for internt ettersyn). Dette resultatet var langt frå gjeve, og frå ein norsk ståstad må det sjåast på som ei klar forbetring. Støtta til palestinske flyktningar (UNRWA) vart auka med USD 5 millionar.

Sjølv om komiteen gjekk inn for ei avgrensa styrking av kontoret til Høgkommissæren for menneskerettar i Genève (OHCHR), rakk han ikkje å behandle spørsmålet om finansiering av hastemandata til Menneskerettsrådet, slik som oppfølging av situasjonar som Libya og Syria. Dette spørsmålet kjem opp til ny behandling våren 2012. Noreg engasjerte seg aktivt i å finne ei løysing til beste for FNs menneskerettsarbeid og vil vidareføre dette.

Delegasjonen leidde forhandlingane om finansiering av domstolane for Rwanda og det tidlegare Jugoslavia, i tillegg til mekanismen (International Residual Mechanism) for å sluttføre arbeidet i dei midlertidige domstolane. Her vart ressursbehova til organisasjonen i all hovudsak møtte, og alle partar var nøgde med utfallet.

Finansieringa av dei politiske FN-operasjonane, som t.d. operasjonane i Libya, Afghanistan og Irak vart behandla, men då komiteen ikkje kunne komme til ei løysing, vart den endelege behandlinga utsett til hausten 2012. Finansieringa av dei politiske operasjonane kjem no frå det regulære budsjettet, som primært skal brukast som FNs «driftsbudsjett». I takt med eit aukande tal på politiske operasjonar og behov for både større operasjonell fleksibilitet og ryddigare finansiering har sekretariatet føreslått ei rekkje grep: Dei ønskjer mellom anna at dei politiske operasjonane får tilgang til fleire av dei same ressursbasane som finst for dei fredsbevarande operasjonane. Dei ønskjer òg å skilje ut budsjettet og gjere det eittårig. Dette vert støtta langt på veg av dei fleste medlemslanda, men er problematisk for dei fem faste medlemene i Tryggingsrådet, som kan ende opp med ei høgare rekning. Når det skal forhandlast på nytt om dette spørsmålet neste haust, vil det falle saman med forhandlingane om FNs bidragsskala. Det kan føre til ein interessant dynamikk.

4.6 Juridiske spørsmål (6. komité)

6. komité har ansvaret for å behandle folkerettslege spørsmål, mellom anna den årlege rapporten frå Folkerettskommisjonen. Komiteen vedtek vanlegvis alle resolusjonar ved konsensus. Viktige tema under denne sesjonen var mellom anna kampen mot terrorisme, universaljurisdiksjon, rettsstatsprinsipp (rule of law) og rapporten frå Folkerettskommisjonen.

Resolusjonsforhandlingane om fremjing av rettsstatsprinsipp var dei mest kompliserte, m.a. på grunn av usemje om korleis høgnivåmøtet om temaet neste år skal gå føre seg. Forhandlingar om resolusjonen om kamp mot terrorisme var òg i år vanskelege på grunn av usemje om korleis det vil vere mogeleg å nå fram til ein heilskapleg antiterrorkonvensjon.

FNs interne rettssystem, rapporten frå FNs kommisjon for internasjonal handelsrett, rapporten frå spesialkomiteen for FN-pakta og rapporten frå komiteen om sambandet med vertslandet stod òg på dagsordenen til komiteen. I tråd med tidlegare praksis vart det halde felles nordiske innlegg på mange av dagsordenspunkta.

Det er semje om at ein generell FN-konvensjon mot internasjonal terrorisme vil kunne effektivisere samarbeidet for å nedkjempe terrorisme ytterlegare. Trass i dette var det heller ikkje i år nokon framgang i arbeidet.

Det viktigaste stridsspørsmålet går på å definere terrorisme. Arabiske land held fast ved å halde handlingar som er utførte i kamp mot ei okkupasjonsmakt, utanfor definisjonen. Samtidig vil dei at definisjonen skal omfatte såkalla statsterrorisme, dvs. valdshandlingar som er utførte av ein stat. Vestlege land kan ikkje akseptere dette. Diskusjonen om terrorismedefinisjonen er nært knytt til konflikten i Midtausten.

Noreg vil styrkje kampen mot terrorisme alle stader, same kven som utfører handlingane, og kva som er motivet. Frå norsk side går vi imot løysingar som rettferdiggjer handlingar ut frå at dei har ein særskilt motivasjon (t.d. kamp mot ulovleg okkupasjon). Vi er òg av den oppfatninga at behandlinga av statshandlingar og statsansvar er betre forankra i andre delar av folkeretten.

Det er usemje om korleis ein skal kome ut av dei fastlåste forhandlingane. Somme ser det som føremålstenleg å ta ein pause, andre gjer ikkje. Kompromisset vart at det ikkje skal haldast møte i forhandlingskomiteen i 2012, men at medlemene forpliktar seg til å samlast att i 2013.

Universaljurisdiksjon er eit strafferettsleg konsept som går på om ein stat skal ha høve til å straffeforfølgje utlendingar for handlingar som er utførte i utlandet. Dagsordenspunktet vart i si tid føreslått av den afrikanske gruppa i kjølvatnet av at europeiske statar arresterte representantar for styresmaktene i enkelte afrikanske land som var mistenkte for alvorlege brotsverk. Gruppa hevdar at jurisdiksjonsgrunnlaget vart misbrukt av politiske årsaker.

Det var særleg viktig for Noreg å påpeike at universaljurisdiksjon er eit viktig verkemiddel i kampen mot straffridom. Samtidig understreka Noreg at prinsippet, som alle andre rettslege prinsipp, sjølvsagt ikkje må misbrukast til politiske føremål.

Det vart for første gong oppretta ei arbeidsgruppe for å diskutere konseptet universaljurisdiksjon. Det er usemje både om Generalforsamlinga (i motsetning til Folkerettskommisjonen) er det rette forumet for å diskutere konseptet, og om det nærare innhaldet i det, dvs. kva brotsverk som er omfatta av universaljurisdiksjon. Arbeidsgruppa kom i år ikkje lenger enn til å verte samd om rammene for den vidare diskusjonen.

Når det gjeld temaet rettsstatsprinsipp (rule of law), er det ei brei godkjenning av grunnleggjande rettslege normer, slik som kunngjering av lover, likskap for lova og fråvær av vilkårlegheit. Den årlege debatten om dette spørsmålet bar preg av at statar har forskjellige prioriteringar. Det går eit skilje mellom dei som fokuserer på rettsstatsprinsipp på internasjonalt nivå, m.a. Tryggingsrådets ansvar for sjølv å overhalde rettsstatsprinsippa, og dei statane som fokuserer på bygging av nasjonale rettsstatar og styrking av justissektoren på nasjonalt plan.

Det var vanskeleg å verte samde om rammene for høgnivåmøtet neste år om rettsstatsprinsippa. Kompromisset vart at det skal haldast eit opningsmøte i plenum og eit rundebord 24. september 2012.

Viktige spørsmål i rapporten frå Folkerettskommisjonen var mellom anna internasjonale organisasjonars ansvar, delte naturressursar, utvising av utlendingar, kva verknader væpna konfliktar har på traktatar, plikta til å utlevere eller straffeforfølgje, reservasjonar til traktatar, vern av individ ved katastrofar og tolking av traktatar over tid. Det vart halde fleire fellesnordiske innlegg under dagsordenspunktet om Folkerettskommisjonens rapport.

Til forsida