Meld. St. 19 (2011–2012)

Noregs deltaking i den 66. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 65. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

1 Noregs hovudinnlegg i generaldebatten under FNs 66. generalforsamling

President, eksellensar, meddelegatar,

Sidan vi sist møttest her, har verda opplevd store endringar.

Vi har vore vitne til den arabiske våren. Folk reiser seg mot autoritære styreformer og krev respekt for dei grunnleggjande rettane som dannar grunnlaget for sjølve FN-institusjonen. Despotar som ikkje kunne tilby folket eit godt og verdig liv i fridom, er kasta ut. I dag vert folkekravet om reformer i Syria møtte med vald. Vi oppmodar det syriske regimet om å respektere det legitime kravet frå folket om demokrati og grunnleggjande menneskerettar.

I juli vart det heist eit nytt flagg i Juba då vi feira at ein ny stat vart fødd. Førre fredag talte Sør-Sudans president Salva Kiir til oss frå denne talarstolen som leiar for den nyaste medlemsstaten i FN. Dette kan vi først og fremst takke folket og leiarane i Sudan og det som no er Republikken Sør-Sudan, for, som hadde både visjonar og viljekraft. Med det hadde ikkje vore mogeleg dersom verdssamfunnet ikkje hadde støtta prosessen aktivt. Dette viser kor viktig det er å mekle og løyse tvistar med fredelege middel.

Vi veit likevel at freden er skøyr. Verdssamfunnet må samordne bistanden og slutte seg til prioriteringane til den sørsudanske regjeringa. Uavklarte spørsmål må løysast gjennom forhandlingar. Vi må bidra til å leggje grunnlaget for to levedyktige statar slik at dei kan leve i fred.

I Elfenbeinskysten og Libya har FN nok ein gong synt kor verdifull organisasjonen er gjennom å gå inn i nokre av dei mest krevjande situasjonane i verda. Handlekrafta Tryggingsrådet synte i Libya, har stadfesta den sentrale rolla Rådet spelar i global styring og internasjonal tryggleik – den rolla medlemsstatane gav Rådet gjennom FN-pakta. Nokre gonger finst det ikkje noko alternativ til maktbruk. Når Tryggingsrådet handlar, er det opp til oss – medlemsstatane – å setje vedtaka ut i livet. Den aktive norske deltakinga i den militære kampanjen i Libya var først og fremst eit uttrykk for at vi trur på ein FN-leidd verdsorden og på prinsippet om ansvar for å beskytte.

Innsatsen i Libya var òg ein milestolpe innanfor internasjonal lov og rett. For aller første gong valde Tryggingsrådet samrøystes å prøve mogelege brotsverk mot menneskeslekta for den internasjonale straffedomstolen. Det er heilt avgjerande å kjempe mot straffridom og fremje rettsstaten og grunnleggjande menneskerettar for å førebyggje konfliktar og verne sivilbefolkninga.

Det er eit felles ansvar å fremje og styrkje menneskerettar og likestilling. Det er ganske enkelt ikkje akseptabelt å ikkje slutte seg heilt og fullt til universelt godtekne prinsipp på dette området. Det er òg viktig for den økonomiske veksten og velstanden å investere i og styrkje stillinga til jenter og kvinner slik at dei kan delta fullt ut i det politiske og økonomiske livet i landet. Det finst overtydande dokumentasjon på at statar som ikkje lukkast på desse områda, og som held fram med å føre ein undertrykkjande og diskrimerande likestillingspolitikk, vil verte verande fattige.

President,

I fjor stadfesta vi alle at vi framleis forpliktar oss til tusenårsmåla. Vi vart samde om å styrkje innsatsen. I førre veke fekk vi ny dokumentasjon på eit dramatisk gjennombrot i arbeidet for å redusere dødstala blant barn og mødrer.

Sterk politisk leiarskap, nye partnarskap og nyskapande arbeidsmetodar har ført til reell framgang.

Den globale strategien for kvinne- og barnehelse som vart lansert av generalsekretæren, har bidrege sterkt på dette området.

Men vi kan ikkje ta for gitt at framskrittet held fram. Noreg vil framleis ha fokus på kvinners rettar og fremje rolla kvinner speler innanfor utvikling. Vi vil gå sterkt imot alle forsøk på å snu framskrittet. Vi må stå fast på at plattforma for handling frå Beijing skal gjennomførast.

Tusenårsmåla har vist seg å vere eit eineståande verktøy som kan forbetre livet til millionar av menneske. Likevel står mykje att ugjort. Det finst store ubrukte ressursar i mange av landa som strevar for å nå tusenårsmåla. Skattegrunnlaget må utvidast, skatteinnkrevjinga gjerast meir effektiv, ulovlege kapitalstrømmar stansast, og korrupsjon må nedkjempast. Alle desse tiltaka må nyttast fullt ut i kampen mot fattigdom. Dersom dette vert gjort riktig, vil det òg styrkje samfunnskontrakten i land som er på veg ut av fattigdom eller konflikt.

Dette er eit ansvar som klart ligg hjå kvar enkelt stat.

President,

Når det no berre er to månader til klimakonferansen i Durban, må vi alle gjere vårt for at konferansen skal bli vellukka. Det er svært viktig at Cancun-avtalane vert gjennomførte. Det grøne klimafondet må kome i drift. I Durban må vi kome fram til eit vegkart som kan leie oss frå Kyoto-avtalen til ei ny og meir ambisiøs klimaordning som omfattar alle land med store utslepp.

I dag manglar 1,4 milliardar menneske tilgang til ei rimeleg og påliteleg straumforsyning. Vi må kjempe mot klimaendringane samtidig som vi fremjar utvikling. Vi ser difor svært positivt på oppmodinga frå generalsekretæren om berekraftig energi for alle.

Saman med samarbeidsland skal Noreg lansere eit nytt energiinitiativ denne hausten. Føremålet er å auke den berekraftige straumproduksjonen og få fortgang i arbeidet med energieffektivisering. Nye finansieringskjelder skal fremje insentiv i energisektoren i samarbeidslanda. Slike insentiv vil i sin tur tiltrekkje seg ny kapital som kan brukast på energiprosjekt. Vi er fast bestemde på å sikre framgang i Rio på området tilgang til energi.

20 år etter den første FN-konferansen om berekraftig utvikling må nasjonane i verda på nytt stadfeste viljen til å samarbeide for berekraftig utvikling. I denne samanhengen spelar sivilsamfunnet og privat sektor ei sentral rolle. Noreg arbeider aktivt for at Rio 2012 skal få eit positivt utfall.

President,

I 1947 stemte Noreg i denne forsamlinga for at det skulle opprettast to statar i det tidlegare mandatområdet Palestina.

I 1949 følgde vi oppfordringa i resolusjon 181 (II) om å gje velvillig behandling til søknader frå begge land om medlemskap i FN. Vi stemte for å ta opp Israel som medlemsland. Den gongen baserte vi avgjerda på erklæringane og forklaringane som vart gjevne av den israelske delegasjonen. Israel forklarte på overtydande vis kvifor godkjenning og medlemskap ikkje kunne vente på at dei uavklarte spørsmåla om grenser, flyktningar, Jerusalem og fred med nabolanda vart løyste. Då denne forsamlinga tok opp Israel som medlemsland, viste ho til desse erklæringane og forklaringane.

Sidan den gongen har den norske politikken vore bygd på visjonen om to statar, Israel og Palestina, som lever side og side i fred og tryggleik.

Noreg har heile tida støtta Israel og den ibuande retten landet har til sjølvforsvar, i samsvar med folkeretten. Vi har òg støtta retten palestinarane har til ein sjølvstendig stat og til å byggje opp dei palestinske styresmaktene.

Den palestinske kampen for godkjenning har vore eit av dei store debattemaa før denne generalforsamlinga.

Det er rimeleg at det palestinske folket vender seg til FN i den aktuelle situasjonen. Dette er korkje i strid med ein forhandlingsprosess eller eit uttrykk for unilateralisme.

Noreg ser positivt på oppmodinga frå kvartetten om forhandlingar om ein heilskapleg avtale om dei uløyste spørsmåla om endeleg status, som skal gjennomførast i løpet av eit år.

Men situasjonen på bakken endrar seg på fleire måtar.

For nokre dagar sidan stadfesta gjevarstøttegruppa for dei palestinske styresmaktene at den lokale institusjonsbygginga var vellukka. Resultata som er oppnådde av dei offentlege palestinske institusjonane, vart granska av Verdsbanken, Det internasjonale pengefondet og FN. Deira felles konklusjon var at palestinarane er fullt i stand til å styre ein stat.

President Abbas stadfesta på fredag at han forpliktar seg til å løyse spørsmåla om endeleg status gjennom forhandlingar. Han forsikra oss òg om at dei palestinske styresmaktene forpliktar seg til å overhalde FN-pakta, relevante FN-resolusjonar og prinsippa om demokrati, rettsstaten og menneskerettane.

Den viktigaste hindringa for full institusjonsbygging er framleis okkupasjonen. Tiltaka som følgjer av okkupasjonen, endrar utforminga av territoriet på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem på ein måte som undergrev forhandlingane og snart kan gjere det fysisk umogeleg å realisere visjonen om to statar. Tryggingsrådet, Generalforsamlinga og Den internasjonale domstolen har alle avvist at slike einsidige endringar er lovlege.

Det bør no anerkjennast både at palestinarane er klare for sjølvstende, og at dei har kome med ei rekkje erklæringar og forpliktingar. Noreg ser fram til å ønskje Palestina velkomen som fullverdig medlem av FN.

President,

Det er viktig at vi held fram med å forbetre og styrkje FN slik at organisasjonen kan arbeide effektivt for oss i ei tid fylt av endring. Medlemsstatane har ikkje sørgt for at reformene er omfattande nok. Vi har ikkje gjeve FN ressursane organisasjonen treng for å utføre mandata vi vedtek. Vi definerer edle mål for deretter å underfinansiere dei i budsjettprosessen. Vi ber FN gjere stadig meir med stadig færre midlar. Dersom det er dette vi ønskjer, må vi gje generalsekretæren større handlingsrom.

I ei tid med store geopolitiske endringar må FN-systemet spegle nye økonomiske og politiske realitetar. Som generalsekretæren minte oss om på onsdag: Med makt følgjer ansvar.

Medlemsstatane speler ei sentral rolle i arbeidet med å oppnå betre samordning i systemet. Til tider vert visjonen om eit FN som «leverer som éin organisasjon», undergreven av oss sjølve, då vi blandar oss inn og insisterer på eigne kjepphestar, øyremerking av midlar og horisontale, upraktiske og til tider motstridande krav til økonomisk rapportering. Fragmenteringa byrjar ikkje i FN. Ho er eit resultat av prioriteringane og tiltaka til medlemsstatane.

Før eg avsluttar, vil eg få kome med ein siste kommentar. Vi beklagar på det sterkaste at denne talarstolen nok ein gong har vorte misbrukt til å fremje ekstreme synspunkt og ugrunna påstandar. Dette bidreg berre til å skape konflikt i staden for å byggje bru over forskjellane mellom oss. Vi vil ikkje gje avkall på å vere til stades i denne salen, men heller gå imot slike haldningar frå denne talarstolen. Føremålet med hovuddebatten er å setje lyset på aktuelle utfordringar, uttrykkje og dele synspunkt og leggje grunnlaget for konstruktiv dialog.

President, meddelegatar,

I ei verd i rask endring må FN vere i stand til å tilpasse seg til nye utfordringar, nye aktørar og nye geopolitiske realitetar.

FN er berre så godt som resultata organisasjonen leverer. Vi vert ikkje vurderte ut frå orda våre, men frå handlingane.

Takk, president.

Til forsida