Meld. St. 23 (2009–2010)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

2 Aktuelle saker

2.1 Globalisering

Globaliseringsinitiativet som er lansert av dei nordiske statsministrane, har sidan Punkaharju i 2007 vore retningsgjevande for arbeidet i Nordisk Ministerråd (NMR). Engasjementet til statsministrane har ikkje minst bidrege til ei sterkare fokusering av arbeidet og eit tettare samarbeid mellom dei ulike fagministerråda i NMR. Globaliseringsinitiativet har resultert i at det er utarbeidd ein nordisk profil som har utgangspunkt i visjonen frå Punkaharju om «Eit Norden med potensial – eit svar på utfordringane i globaliseringa». Initiativet har òg vekt interesse i EU og dei baltiske landa. Gjennom globaliseringsinitiativet har Ministerrådet kunna generere medfinansiering òg utanfor det nordiske budsjettet og har slik skapt større gjennomslag.

For samarbeidsministrane (MR-SAM) er det overordna globaliseringsinitiativet sentralt, ikkje minst som eit instrument til hjelp for å gjennomføre nødvendige prioriteringar i verksemda. Dette er nødvendig dersom Norden ønskjer å møte utfordringane frå globaliseringa saman. Det er avgjerande å ha støtte frå statsministrane i dette arbeidet, både for å gje retning og fokus til globaliseringsinitiativet og for å gje legitimitet. Med den noverande situasjonen i verdsøkonomien trengst det større politisk solidaritet i Norden enn nokon sinne. Dei nordiske regjeringane kan gjennom sterke felles innsatsar støtte næringslivet og utvide dei nordiske heimemarknadene, auke flyten av kunnskap og styrkje konkurranseevna til regionen på lang sikt. Ikkje minst innanfor grøn teknologi er det både globale utfordringar og sjansar for Norden. Dette er allereie inne som ein del av globaliseringsinitiativet til Nordisk Ministerråd.

Samarbeidsministrane har ansvaret for det fortløpande arbeidet, medan generalsekretæren i Nordisk Ministerråd skal koordinere og førebu den konkrete innsatsen. Prosessen er no godt forankra i dei ulike ministerråda. Toppforskingsinitiativet vil bli finansiert gjennom synergikoplingar til næringslivet, medan globaliseringsaktivitetane elles i hovudsak skal finansierast innanfor den gjeldande budsjettramma i Nordisk Ministerråd.

Nordisk globaliseringsforum vart under den danske formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2010 halde i Snekkersten i Danmark. Fokuset var på grøn vekst, som fell saman med fleire av dei aktuelle globaliseringsinitiativa. Det var to hovudtema: «Norden som lavenergisamfunn» med vekt på felles strategiar for å auke energieffektiviteten og redusere energiforbruket, i tillegg til erfaringar med omstillinga til grøn økonomi, og «Norden som teknologilaboratorium» med fokus på samarbeid på forsking og innovasjon for å fremje utvikling av ny grøn teknologi. Målet med dette er å styrkje konkurranseevna til Norden og nordiske bedrifter i forhold til andre regionar. Det skal utgreiast og utarbeidast konkrete forslag til korleis ein kan styrkje den nordiske elektrisitetsmarknaden, med sikte på ein statusrapport til statsministermøtet under Nordisk Råds sesjon i november 2010. Statsministrane gav Nordisk Ministerråd i oppgåve å utarbeide mandat til ei innsatsgruppe (task force) som fram til globaliseringsforumet neste år skal kartleggje korleis grøn vekst kan gje retning til forsking på dette området. Finland, som har formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2011, har signalisert at grøn vekst òg vil bli følgt opp på globaliseringsforumet neste år.

Toppforskingsinitiativet (TFI, 2009–2013) innanfor klima, energi og miljø er så langt det største felles forskingsinitiativet i Nordisk Ministerråd, og det byggjer på felles nordiske prioriteringar og finansiering. Det vert koordinert av Kunnskapsdepartementet. TFI er omtalt nærmare under kap. 5.2, Utdanning og forsking.

Globaliseringsstrategien til kulturministrane, Det kreative Norden, omfattar ei rekkje konkrete initiativ som fokuserer på kulturnæringar og promotering av nordisk film, arkitektur og litteratur. Strategien gjeld for perioden 2010–2012 og skal bidra til å synleggjere nordisk kultur utanfor Norden. Hausten 2009 gjennomførte Nordisk film- og TV-fond ei stor satsing på nordiske film- og TV-produksjonar – High Five – på den internasjonale filmfestivalen i Toronto. Denne satsinga synte at det nordiske kultursamarbeidet både har konkret kunstnarisk verdi og kan vekkje internasjonal merksemd og interesse. Expo 2010 i Shanghai vil vere arena for ei utstilling av nordisk landskapsarkitektur, som deretter skal på turné. Det vert no arbeidd med sikte på å presentere nordisk litteratur på bokmessa i Paris i 2011. Prosjektet vert gjennomført av dei nordiske litteratursentralane. Profileringa av Norden som senter for kulturnæringar skal vidareutviklast og styrkjast. Det er definert to nye satsingsområde: (i) global marknadsføring og digital distribusjon av nordisk film og (ii) ny nordisk mat.

Institusjonane i Nordisk Ministerråd på kultur- og medieområdet skal òg bidra til å gjennomføre globaliseringsstrategien til kulturministrane.

Regionalpolitiske utfordringar for det nordiske samarbeidet er globalisering av økonomi og samfunn, klimautfordringar, EU-utvidinga og auka arbeidskraftmobilitet.

Det nordiske regionalpolitiske samarbeidet fokuserer på å skape vekst og betre levevilkår i alle typar regionar ut frå potensialet og behova i kvar enkelt region. Målet er å bidra til å utvikle innovasjonsevna og det økonomiske vekstpotensialet i heile det nordiske territoriet. Det er avgjerande at politikken er territorielt forankra for å kunne kople ulike politikkområde og sektorinteresser strategisk saman. Samtidig er politikken òg retta mot dei distriktspolitiske problema som finst i store delar av Norden, med lange avstandar, utflytting, aldrande befolkning og svak arbeidsmarknad.

For å møte desse utfordringane er det regionalpolitiske fokuset retta mot tiltak for nedbygging av grensehinder, sektorsamvirke og ein differensiert regional utviklingspolitikk, auka fokus på territorial integrasjon og kva rolle og ansvar det regionale nivået skal ha.

Tabell 2.1 Konkrete globaliseringsinitiativ 2010

Globaliseringsforum

Utvikling av det nordiske forskings- og innovasjonsområdet NORIA, mellom anna eScience

Nordisk toppforsking

Fremjing av høgare utdanning

Innovasjonsrepresentasjon i Asia

God opplæring av ungdom og vaksne

Nordisk innovasjonspris (ikkje sett i verk)

Sjå på konsekvensar av klimaendringane for naturressursane i Norden

Verdsutstillinga i Shanghai 2010

Kultur og kreativitet, mellom anna kreative næringar i Norden

Nordisk engasjement som innspel til klimaforhandlingane

Klimavennlege bygg

Nedbygging av grensehinder i Norden

Forhandlingar om kvikksølvavtale

Helse og velferd

Energi og transport, inkludert EnergiExpo

Utdrag frå globaliseringsutgreiinga, utarbeidd av Nordisk Ministerråds sekretariat til statsministranes møte i 2010, er lagt ved (vedlegg 2).

2.2 Grensehinder

Det er lagt ytterlegare vekt på arbeidet med å fjerne grensehinder mellom dei nordiske landa. Samtidig er det svært viktig å unngå at nye grensehinder oppstår gjennom nasjonal lovgjeving eller ved implementering av EU-direktiv. I samarbeidet mellom dei nordiske landa for å møte utfordringane frå den internasjonale globaliseringa står innsatsen mot grensehinder sentralt. Samarbeidsministeren har i møte med politisk leiing i departementa understreka det ansvaret fagdepartementa har både for å bidra til å løyse eksisterande grensehinder og for å unngå at det utilsikta oppstår nye. Dette er ei oppfølging av brevet som i 2008 vart sendt frå justisministeren og nordisk samarbeidsminister til regjeringskollegaer. Samarbeidsministeren vil følgje opp dette i regelmessige møte med departementa, fordi det krev politisk merksemd viss ein skal løyse mange av dei ofte kompliserte sakene.

I Nordisk Ministerråd er det vedteke at alle fagministerråd og embetskomitear skal ha grensehinder på dagsordenen på alle møte. Også her er bakgrunnen at ein ønskjer å halde merksemda på desse sakene, som må løysast av styresmakter innanfor dei ulike fagområda og ofte i samarbeid mellom landa.

Fullstendig nedbygging av grensehinder er verken realistisk eller ønskeleg, fordi dei nordiske landa har ulike lover og regelverk på mange område. Der hinder ikkje kan fjernast, kan ein søkje å få til størst mogeleg grad av harmonisering. På same måten må det sørgjast for lett tilgjengeleg informasjon om dei relevante regelverka og om kvar ein kan vende seg for å få bistand. Føremålet er å gjere kvardagen enklare for næringsverksemd, studiar og jobb over landegrensene i Norden. Hallo Norden har ei viktig rolle i informasjonsarbeidet, og det inngår i mandatet deira at dei skal informere aktuelle interessentar om eksisterande grensehinder i Norden.

Arbeidet med å fjerne grensehinder innanfor høgare utdanning er i hovudsak fullført. Her er no avtalen om tilgang til høgare utdanning forlenga med tre nye år frå 2010. Avtalen sikrar at søkjarar som er busette i eit nordisk land, får tilgang til offentleg høgare utdanning i eit anna nordisk land på same eller likeverdige vilkår med landets eigne søkjarar.

Grensehinderforum

Etter initiativ frå dei nordiske statsministrane etablerte samarbeidsministrane hausten 2007 Grensehinderforum. Det er sett saman av framståande representantar frå landa og dei sjølvstyrte områda (Grønland, Færøyane og Åland). Grensehinderforum møtest med jamne mellomrom og arbeider sjølvstendig og uavhengig for å identifisere, prioritere og finne løysingar på hinder som kjem opp. Dei tek opp enkeltsaker med dei rette styresmaktene, på politisk nivå eller embetsnivå. Grensehinderforum legg stor vekt på arbeidet for å hindre at det oppstår nye grensehinder som følgje av nasjonal lovgjeving eller EU-direktiv. Det vert rapportert årleg til statsministrane om status for arbeidet.

Leiar av Grensehinderforum er den finske ambassadøren Ole Norrback, norsk representant er tidlegare statsråd og nordisk samarbeidsminister Bjarne Mørk-Eidem. Sekretariatet i Nordisk Ministerråd hjelper til med planlegging av møte og annan administrasjon av verksemda i forumet. Det er semje mellom landa om at arbeidet i forumet er svært godt og nødvendig. Mandatet for Grensehinderforum går ut ved utgangen av 2010.

Justisområdet

Som tidlegare nemnt er det stort fokus på å hindre at nye grensehinder oppstår. Der det er nye reglar eller lovar, har samarbeidsministeren og justisministeren i eit felles brev oppfordra departementa om å gjere greie for rettstilstanden i dei nordiske landa på dei områda som forslaga til nye reglar gjeld. I brevet vert det særleg framheva at proposisjonar bør ha med ei vurdering av om forslaget kan tenkjast å skape grensehinder i Norden. Temaet blei følgt opp i Forum for lovførebuing og lovteknikk (eit halvårleg, totimars seminar som Lovavdelinga i Justisdepartementet held for departementa) våren 2010, der eit av innslaga var at professor Niels Fenger ved Københavns Universitet gjorde greie for rapporten «Nordisk samarbejde om gennomførelse af EU- og EØS-lovgivning» som han er medforfattar til.

Kulturområdet

Dei nordiske landa er ein stor og viktig marknad for kunstnarar og produkta deira. Eit av hovudmåla for det nordiske kultur- og mediesamarbeidet er å medverke til opne grenser og mobilitet for kunstnarar og kulturprodukt/-verk. Samarbeidet skal medverke til at nordiske kulturuttrykk får betre gjennomslag hos publikum i regionen. Viktige verkemiddel er kultur- og kunstprogrammet og det nordisk-baltiske mobilitetsprogrammet som det er stor oppslutning om.

Nordisk samferdselssektor

Når det gjeld internasjonal transport på jernbane, er det ingen større grensehinder mellom Noreg og Sverige. Utviklinga av EØS-regelverket vil føre til ytterlegare forenklingar for å lette grensepasseringar vidare mot Danmark og kontinentet, m.a. krav til samtrafikk og felles tekniske løysingar for rullande materiell og infrastruktur.

Gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom Samferdselsdepartementet og Näringsdepartementet i Sverige, saman med underliggjande etatar, har ein vurdert om dagens E16 kan forlengjast. Dagens E16 går mellom Bergen og Oslo, og den aktuelle forlenginga, gjennom omklassifisering av eksisterande veg, går via Hønefoss, Gardermoen, Kongsvinger, Riksgrensa. Ny E16 vil ende i Gävle på austkysten av Sverige. Utgreiinga er nærare omtalt i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010–2019 s. 239.

Samferdselsdepartementet og Näringsdepartementet har på bakgrunn av denne utgreiinga sendt søknad til FN som ansvarleg for den internasjonale avtalen om internasjonale hovudtrafikkårer (AGR-avtalen). Det er venta at søknaden blir endeleg behandla i løpet av 2010. På bakgrunn av dette har Statens vegvesen og Vägverket starta eit samarbeid for å vurdere om det skal setjast i verk eit felles arbeid som skal greie ut behov og løysingar for vidare utvikling av delar av ny E16 i grenseområdet mellom Noreg og Sverige.

Trygdeområdet

Embetsmannskomiteen for arbeidsliv (EK-A) har invitert embetsmannskomiteen for sosial og helse (EK-S) til eit samarbeid for å gå gjennom grensehinder på trygdeområdet og eventuelt peike på mogelege løysingar. Det er planlagt at det skal setjast ned ei ekspertgruppe som skal identifisere grensehinder, sortere dei og drøfte i kva grad dei inneber vesentlege konsekvensar for personar som pendlar eller flyttar mellom nordiske land. Ettersom trygdeordningane og vilkåra for å få ytingar er ulike frå land til land, vil det kunne ha vesentlege konsekvensar å pendle eller flytte. Det viktige er å vurdere om slike konsekvensar synest å vere urimelege. Det er viktig at gruppa vurderer forholdet til EU/EØS-retten som regulerer feltet.

Gruppa skal vere eit supplement til arbeidet som går føre seg gjennom Grensehinderforum. Ho skal raskare kunne sile ut saker som skuldast manglande informasjon og misforståingar, slik at ein kan konsentrere seg om dei viktige sakene.

Tidlegare har ikkje periodar med permittering blitt rekna som arbeidd tid i samband med overføring av arbeids- og trygdetid frå Noreg til Sverige. Dette grensehinderet er frå norsk side teke opp med dei svenske styresmaktene, som stadfester at dei tek sikte på å endre regelverket slik at periodar under permittering vert rekna som arbeidd tid ved søknad om arbeidsløysetrygd i Sverige.

I etterkant av konkursen i Sterling vart det avdekt eit grensehinder som skuldast det norske arbeidskravet i samband med overføring av opptente trygderettar frå andre EØS-land. Etter drøftingar vart det avklart at EU-trygdeforordninga bør tolkast slik at både vanlege grensearbeidarar og «atypiske» grensearbeidarar, når dei vert heilt ledige, vil vere unnatekne frå arbeidskravet ved søknad om norske dagpengar.

2.3 Organisering av det nordiske samarbeidet

Statsministrane

Statsministrane har det overordna ansvaret for det nordiske regjeringssamarbeidet og har regelmessige møte i tillegg til den kontinuerlege kontakten om nordiske og internasjonale spørsmål. Statsministrane møttest mellom anna i samband med Nordisk Råds sesjon i Stockholm i oktober 2009, under globaliseringsforumet i Snekkersten i Danmark 20. mai og det uformelle sommarmøtet i København 21. mai. I samband med sesjonen var det òg møte med Nordisk Råds presidium og med representantar for dei sjølvstyrte områda. Neste statsministermøte vil finne stad i samband med Nordisk Råds sesjon i Reykjavik 2.– 4. november 2010. Generalsekretæren i Nordisk Ministerråd informerer statsministrane om arbeidet i ministerrådet under sommarmøtet og i møtet som finn stad i samband med sesjonen i Nordisk Råd. Under sesjonen informerer òg leiaren av Grensehinderforum statsministrane om verksemda i forumet, med status for arbeidet med å avvikle grensehinder i Norden.

Samarbeidsministrane, budsjett og administrasjon

Samarbeidsministrane møtest fire gonger i året under den aktuelle formannskapen, som i 2010 er Danmark. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud har vore nordisk samarbeidsminister sidan oktober 2009.

Samarbeidsministrane koordinerer det nordiske regjeringssamarbeidet. Eit viktig ansvarsområde er ministerrådsbudsjettet og økonomistyring. Budsjettet til Nordisk Ministerråd var for 2010 899 millionar danske kroner, og vedteke i semje med Nordisk Råd. Den norske delen er 28,1 prosent, basert på ein fordelingsnøkkel som vert rekna ut med utgangspunkt i delen dei respektive landa har av den samla nordiske bruttonasjonalinntekta. 67 millionar er sette av til globaliseringsinitiativ. Også for 2011 er det føreslått å halde budsjettet på same nivået som i 2010. Den norske delen vil bli på 29 prosent. Globaliseringsinitiativa skal etter framlegg frå generalsekretæren vidareførast med 71 millionar danske kroner. Samarbeidsministrane har dei siste to åra prioritert høgt å gje støtte til studentar frå Island og til å sikre islandsk deltaking i nordiske møte, og vil vidareføre støtta i 2011.

Stillinga til dei sjølvstyrte områda i det nordiske samarbeidet.

Ålandsdokumentet inneber at dei sjølvstyrte områda på visse område vert likestilte med dei nordiske landa når det gjeld arbeidet i Nordisk Ministerråd. Ålandsdokumentet vart vedteke av samarbeidsministrane på Åland i 2007, og Nordisk Råd slutta seg til dokumentet på den 59. sesjonen i Nordisk Råd i Oslo i oktober 2007. Helsingforsavtalen vart ikkje endra, men vert tolka slik at sjølvstyre, landsstyre og landskapsregjering, innanfor ramma av den kompetansen dei har, får rett til å vere adressatar for og kan svare på tilråingar og spørsmål frå Nordisk Råd. De sjølvstyrte områda kan leie ministermøte, embetsmannskomitear og arbeidsgrupper. Under det danske formannskapet vert flere møte lagt til Grønland og Færøyane. Ålandsdokumentet gjev dei sjølvstyrte områda rett til å søkje om full medlemskap i nordiske institusjonar og samarbeidsorgan dersom området har ei «særskilt og påviseleg interesse» for institusjonen. Sjølvstyreområda har meldt inn kva institusjonar dei er spesielt interesserte i å delta i med røysterett, og dette vert vurdert i dei enkelte ministerråda.

2.4 Stoltenberg-rapporten

I ei verd i endring er det viktig at også dei nordiske landa underkastar samarbeidet eit granskande blikk. Med dette som utgangspunkt fekk tidlegare utanriks- og forsvarsminister Thorvald Stoltenberg i oppdrag av dei fem nordiske utanriksministrane å skrive ein rapport med konkrete forslag til korleis ein kan styrkje det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet. Han vart utfordra til å gå lengre i forslaga sine enn det i utgangspunktet var realistisk å vente at dei nordiske regjeringane kunne følgje opp. Rapporten vart lagd fram våren 2009 med 13 konkrete forslag til potensielle tettare nordiske samarbeidstiltak dei neste 10–20 åra.

Vi må kunne konstatere at Stoltenberg-rapporten har skapt ny dynamikk i det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet. Rapporten har bidrege til at merksemda vert retta mot Norden som region og nærområda våre, og har utfordra dei nordiske regjeringane til å engasjere kvarandre i ein ny generasjon av tettare samarbeid mellom landa.

I året som har gått, har rapporten vorte grundig behandla. I første omgang har dei nordiske regjeringane fokusert særleg på samarbeid om trening og opplæring av personell innanfor sivil krisehandtering (forslag 1) og på utvikling av samarbeidet mellom dei nordiske utanrikstenestene (forslag10).

Andre forslag må sjåast i eit meir langsiktig perspektiv. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av status for dei sakene som vert følgde opp på kort og mellomlang sikt.

Regjeringa har arbeidd aktivt med oppfølginga av forslag 1 i Stoltenberg-rapporten om krisehandtering og stabilisering, der Noreg har teke på seg eit leiaransvar. Ei nordisk arbeidsgruppe med mandat frå dei nordiske utanriksministrane arbeider med styrkt koordinering av opplæring av personell som eit første steg. På militær side er det allereie eit klart etablert samarbeid om opplæring. Det er behov for å finne fram til praktiske og gode løysingar òg på sivil side som vil kunne styrkje innhaldet og kvaliteten i opplæringa, samtidig som dette kan gje meir effektiv ressursbruk. Som følgje av dette arbeidet er det no etablert tettare kontakt mellom dei ulike organisasjonane i Norden som administrerer beredskapsstyrkar. Målet til regjeringa er at dette samarbeidet skal gje konkrete resultat i form av felles kurstilbod, større grad av samkøyring av innhaldet i opplæringa og, i neste omgang, bidra til å styrkje den fellesnordiske tenkinga rundt krisehandtering.

Dei nordiske landa drøftar i tillegg andre mogelege samarbeidsområde til støtte for den fredsoperative innsatsen i FN. Det vert lagt vekt på å forsterke det allereie gode nordiske samarbeidet som eksisterer både i og utanfor FN. Bidrag gjennom andre organisasjonar, som i sin tur bidreg til FN-målsetjingane, er viktig. Dei nordiske landa har i lang tid samarbeidd innanfor ramma av EU, der Noreg er med i fleire krisehandteringsoperasjonar.

Dei nordiske utanriksministrane vedtok på møtet i Reykjavik i juni 2009 at forslag 10 i Stoltenberg-rapporten om styrkt samarbeid mellom utanrikstenestene skulle følgjast opp med det same, og saka har sidan stått sentralt på dagsordenen i nordiske møte på politisk nivå og på embetsnivå hausten 2009 og i 2010.

Våren 2009 vart det sett i gang eit arbeid på hovudstadsnivå for å operasjonalisere forslag 10. Som ledd i dette arbeidet er det gjennomført ei kartlegging av det utstrakte formelle og uformelle samarbeidet som allereie er etablert mellom nordiske utanriksstasjonar i utlandet, samtidig som det er innhenta innspel til nye tiltak. Dette har resultert i ein omfattande katalog over konkrete samarbeidstiltak på ei rekkje felt – både på dei tradisjonelle administrative og konsulære samarbeidsområda, men òg på saksfelt knytte til utanrikspolitikk og økonomi, bistandspolitikk, kultur, handel og næringsliv osb. Katalogen tener som ein idébank for eit utdjupa og utvida samarbeid mellom dei nordiske representasjonane, som er oppfordra til å initiere nordiske samarbeidstiltak lokalt på dei områda og i det omfanget som synest å vere naturleg på den enkelte tenestestaden. Føresetnaden er at samarbeidet skal vere pragmatisk og gje meirverdi for arbeidet på stasjonane, og det er dermed rom for lokale løysingar og fleksible tilnærmingar, tilpassa tilhøva på staden. Tilbakemeldingar frå stasjonane viser at det allereie vert tenkt breiare når det gjeld mogelege nordiske samarbeidsområde på dei ulike tenestestadene. Ny statusrapport frå utanriksstasjonane skal leggjast fram for det nordiske utanriksministermøtet hausten 2010.

Dei nordiske utanriksministrane gav våren 2010 hovudstadane i oppdrag særleg å vidareutvikle den administrative og konsulære dimensjonen, mellom anna ved å utvikle modellar for aktuelle samarbeidsområde. Det skal leggjast fram ein rapport til utanriksministermøtet i november.

Stoltenberg foreslo i rapporten sin at det vert etablert eit nordisk havovervakingssystem, som i utgangspunktet skal vere sivilt og rettast inn mot overvaking av havmiljø, forureining og sivil trafikk (forslag 3). Stoltenberg foreslo at systemet skulle byggjast på to pilarar, ein for overvaking av det nordlege Atlanterhavet, delar av Polhavet og Barentshavet (BarentsWatch) og ein for overvaking av Austersjøen (BalticWatch). Noreg er leiarnasjon («lead nation») i arbeidet med å følgje opp forslag 3.

Sverige har etablert eit havovervakingssystem (Sjøbasis) som vart operativt i november 2009. Noreg greier ut etableringa av eit liknande system som skal samkøyre havovervakingsdata frå ei rekke norske organ (BarentsWatch). Dette vil bli eit viktig instrument for å få samla oversikt over det som til einkvar tid hender i og på våre enorme havområdar i nord. Kystverket leiar arbeidet med «BarentsWatch» samråd med fleire relevante fagmiljø.

Forslaget i Stoltenberg-rapporten om å etablere eit nordisk satellittsystem i polarbane (forslag 5) vart greidd ut av ei nordisk ekspertgruppe hausten 2009 under finsk leiing. Ekspertgruppa vurderer eit nordisk system basert på eigne satellittar som lite aktuelt, på grunn av høge kostnadar i forhold til forventa nytte. Det vert i staden tilrådd nordisk samarbeid om rominfrastruktur gjennom koordinering på europeisk og internasjonalt plan. Ved planmessig arbeid kan vi hente mykje på samordning av nordiske posisjonar i store europeiske utviklingsprogram. Den beste måten å realisere nordiske ambisjonar innanfor romverksemd på er å føre ein tett dialog om arbeidet innanfor den europeiske romorganisasjonen ESA og i program som Galileo og GMES. Dei nordiske landa bør òg føre vidare dialogen om neste generasjon europeiske polare vérsatellittar, som skal takast opp på ministerkonferansen i ESA i 2012. Det kan vere mykje å vinne på ei felles nordisk haldning for å sikre at slike satellittar vert bygde i samsvar med våre behov.

Noreg har teke eit initiativ overfor dei andre nordiske landa for eit styrkt samarbeid om straffeforfølging av krigsforbrytarar (forslag 9). Tilbakemeldingane har synt at dagens samarbeid i Norden for det meste skjer frå sak til sak. Samarbeidet er fruktbart. Ein antar at det vil bli styrkt om ein etablerer ordningar som sikrar kontinuitet, for eksempel felles tilnærming til opplæring og kunnskapsformidling og ein felles nordisk informasjonsdatabase. Den nordiske embetsmannskomiteen for lovsamarbeid arbeider med å følgje opp saka overfor riksadvokatane i dei respektive landa.

Dei tryggingspolitiske forslaga i Stoltenberg-rapporten vert følgde opp av den nye nordiske forsvarspolitiske samarbeidsstruktur kalla Nordic Defence Cooperation (NORDEFCO), som vart etablert av forsvarsministrane i november 2009. Denne strukturen spenner over heile breidda av det nordiske forsvarssamarbeidet. Ein arbeider såleis med prosjekt innanfor fleire samarbeidsområde som, i tillegg til å fange opp forslaga som kjem fram i Stoltenberg-rapporten, går langt utover desse. Heller enn å sjå på dei enkelte forslaga i rapporten er desse sett inn i ei breiare ramme i forsvarssamarbeidet for å gje større synergi og dermed auka økonomisk og operativ meirverdi.

Noreg har formannskapen i NORDEFCO i 2010. Ei sentral målsetjing for formannskapen er å styrkje det nordiske samarbeidet i operasjonar. På dette området er det allereie gjort store framskritt i ISAF-operasjonen i Afghanistan, og det vert arbeidd kontinuerleg med å finne løysingar som kan redusere kostnadar og gje auka operativ evne. Det er ein ambisjon å styrkje og vidareutvikle nordisk støtte til kapasitetsbygging i Aust-Afrika og nordisk-baltisk samarbeid om tryggingssektorreform.

Den norske formannskapen vil òg arbeide for å styrkje kapasitetsamarbeidet, særleg på land- og luftsida der samarbeidspotensialet er størst. På bakgrunn av erfaringar hausta i det nordiske logistikksamarbeidet i Afghanistan vil det verte sett i gang arbeid med å utvikle framtidige nordiske logistikkapasitetar. Det vil òg bli søkt etter andre måtar å styrkje det allereie omfattande nordiske materiell- og industrisamarbeidet på.

Eit av forslaga i Stoltenberg-rapporten er at Norden bør ta eit ansvar for luftovervakinga og luftpatruljeringa over Island (forslag 2). Som eit første skritt planlegg Sverige og Finland deltaking på øvinga Northern Viking i 2011. Frå før deltek Noreg og Danmark regelmessig i luftpatruljeringa over Island. Sverige og Finland vil i løpet av 2010 knyte seg opp til NATO-systemet for utveksling av luftbilete. Dette gjev ytterlegare gevinstar for nordisk luftoperativt samarbeid.

Erklæringa frå dei nordiske utanriksministrane i Reykjavik av mai 2009 om vidare oppfølging av Stoltenberg-rapporten slår fast at det på grunnlag av felles interesser og geografisk nærleik er naturleg at dei nordiske landa vil samarbeide om å møte utanriks- og tryggingspolitiske utfordringar i ei solidarisk ånd (jf. forslag 13). Vi vil følgje og diskutere utviklinga framover, mellom anna i forhold til fokuset EU har på dette.

  • Klimaendringar i Polhavet kan opne for auka menneskeleg aktivitet i Arktis som

  • skipsfart, turisme, olje- og gassutvinning m.m. Samarbeid med andre land er viktig m.a. innanfor søk- og redning, og ministermøtet i Arktisk råd i Tromsø i april 2009 vedtok å opprette ei arbeidsgruppe som fram til neste ministermøte (2011) skal utvikle ein internasjonal reiskap for samarbeid om søk- og redningsoperasjonar i Arktis. Arbeidet er godt i gang. Det er no semje om at avtalen skal vera juridisk bindande.

Til forsida