Meld. St. 23 (2009–2010)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

2 Utdrag frå oversikt over globaliseringsinitiativ

Utarbeidd av Nordisk Ministerråds sekretariat til statsministranes møte 2010

2.1 Globaliseringsforum

Føremålet med initiativet

Å finne felles nordiske svar på sjansane og utfordringane som globaliseringa fører med seg, med deltaking frå dei nordiske statsministrane og andre inviterte deltakarar frå næringslivet, forsking, politikk og frivillige organisasjonar.

Mandatperiode

Forumet er eit årleg arrangement der det ikkje er fastsett noko sluttidspunkt.

Status for initiativet

Det nordiske globaliseringsforumet har utvikla seg til eit årleg arrangement der dei nordiske statsministrane møtest i uformelle former til drøftingar saman med deltakarane om det nordiske samarbeidet i framtida. Dette har gjeve ny kraft og nytt fokus til det nordiske samarbeidet og ikkje minst til globaliseringsarbeidet. Globaliseringsforumet har òg fungert som ein katalysator for å gje støtte til gjennomføringa av ulike initiativ, t.d. det nordiske toppforskingsinitiativet.

Viktige delar av nordiske medium, saman med ein del internasjonale medium, har vore til stades og rapportert frå forumet, slik at Norden har vorte meir synleg i media.

2.2 Nordisk toppforsking

Føremålet med initiativet

Å utvikle eit overordna initiativ for å fremje nordisk toppforsking, i første omgang på områda klima, energi og miljø og seinare innanfor velferdsforsking og helse.

Mandatperiode

2008–2012.

Status for initiativet

Toppforskingsinitiativet (TFI) starta arbeidet sitt i 2009. Det er ein inkluderande og effektiv organisasjon som har vorte oppretta. Det er etablert eit styre som er sett saman av nasjonale nøkkelaktørar på høgt nivå under leiing av styreformannen, generaldirektør Rolf Annerberg (Sverige). Dei seks programkomiteane for dei ulike delprogramma er oppretta, og dei samlar og integrerer om lag 100 nasjonale ekspertar innanfor forsking og innovasjon. Dei tre nordiske institusjonane NordForsk, Nordisk InnovationsCenter (NICe) og Nordisk energiforskning (NEF) utgjer til saman eit integrert og velfungerande sekretariat. Den samla organisasjonen sameinar innovasjon og forsking og skapar heilt nye føresetnader for eit markant nordisk bidrag til å løyse store samfunnsutfordringar.

Alle delprogramma har offentleggjort utlysingar i 2009 eller i byrjinga av 2010.

Initiativet er presentert i høgnivågruppa i EU for felles programplanlegging (GPC) under CREST som ein kandidat til felles programinitiativ (JPI). Evalueringa av initiativet som ein plattform mot omverda held fram, mellom anna mot EUs Austersjøstrategi. Arbeidet og strategiane i initiativet vert utvikla i samanheng med det 7. rammeprogrammet for forsking i EU og andre relevante forskings- og innovasjonspolitiske instrument i EU.

2.3 Innovasjonsrepresentasjon i Asia

Føremålet med initiativet

Innsatsen skal fremje tilgangen for nordiske aktørar til globalt førande vekstområde og forskingsmiljø i Asia.

Mandatperiode

2008–2010.

Status for initiativet

EK-NE/Næring oppretta i 2008 ei arbeidsgruppe som er sett saman av representantar for eigarane av dei nordiske innovasjonsrepresentasjonane. Gruppa utarbeidde eit forslag til nordisk innsats, som EK-NE/Næring godkjende og bad Nordisk Innovationscenter (NICe) om å implementere.

I 2009 var det sett av 1 100 000 danske kroner til globaliseringsinitiativet «Nordiske Innovationsrepræsentationer i Asien». NICe har løyva i alt 600 000 danske kroner til to prosjekt og er i tett dialog med to andre prosjekt.

NICe hadde i løpet av 2009 informasjonsmøte med Innovasjon Norge, og det er sendt ut informasjon til nordiske innovasjonsaktørar om initiativet. NICe har gjennomført ein målretta informasjonskampanje med besøk til dei viktigaste målgruppene for ordninga i Norden. Informasjonskampanjen vart gjennomført frå oktober 2009 fram til februar 2010.

2.4 Nordisk innovasjonspris

Føremålet med initiativet

Å fremje og skape merksemd i Norden om den viktige rolla innovasjon speler.

Mandatperiode

2008–2010.

Forslaget vart sendt til behandling under sesjonen i Nordisk Råd i 2008, der det vart vedteke å tilrå Nordisk Ministerråd at dei ikkje grunnla prisen. På den bakgrunnen vedtok MR-SAM å ikkje dele ut prisen i 2009.

2.5 Felles nordisk EnergiExpo

Føremålet med initiativet

Å styrke Norden som føregangsregion for nye miljø- og energiteknologiar og å profilere dei nordiske landa eksternt.

Mandatperiode 7

2008–2009.

Relevante erfaringar frå prosjektet vert vidareførte innanfor ramma av initiativ nr. 19, Energi og transport, der mandatet er 2010–2012.

Status foor initiativet

Norden har i to år på rad vore godt representert på utstillinga og konferansen Nordic Climate Solutions. Det har ført til at særleg dei nordiske institusjonane har styrkt nettverket sitt og kjennskapen til produkta sine.

Prosjektet har òg resultert i webplattformen www.nordicenergysolutions.org som i dag er mykje brukt og er på veg inn i den tredje utviklingsfasen, der det venteleg vert inkludert weboverføring av forelesingar osb.

I tillegg har det vore ei rekkje profileringsaktivitetar som tabloidaviser, aktivitetar i samband med COP15 og eit vedlegg i Scientific American, som vart utgjeve i april 2010.

I 2009 gjennomførte Oxford research ei rekkje kvalitative intervju i samband med besøk på standen til Nordisk Ministerråd (NMR). Personane som vart intervjua, svarte på kva kjennskap dei har til klimaaktivitetane til NMR, kva for ny kunnskap dei fekk på standen, kva dei meinte om verdien på standen, og haldninga deira til arbeidet til NMR. Generelt vart den visuelle utforminga av standen vurdert positivt. Ein del meinte at informasjonen burde vere meir målretta mot næringslivet og meir interaktivt. Evalueringa skal brukast i samband med ei eventuell deltaking på World Climate Solutions i 2010, men er òg allereie brukt i samband med aktivitetane på COP15 i desember, der standen til NMR var langt enklare og meir fokusert.

På www.nordicenergysolutions.org vert det ført kontinuerleg statistikk over besøka på sida og kvar dei kjem frå (geografisk). Dette vert brukt som referansegrunnlag for informasjonen som vert lagt ut på sida.

2.6 Verdsutstillinga i Shanghai 2010

Føremålet med initiativet

Å profilere Norden som region og presentere nordiske løysingar, erfaringar og kunnskap i samband med expo-temaet «Better City, Better Life».

Mandatperiode

2008–2010.

Status for initiativet

13. januar 2010 organiserte dei nordiske ambassadane eit samkome i Beijing, i forkant av verdsutstillinga. Representantar frå den kinesiske sentraladministrasjonen var inviterte saman med pressa til ein presentasjon av dei nordiske aktivitetane under Expo Shanghai og dei nordiske paviljongane på verdsutstillinga.

Den norske næringsministeren, Trond Giske, var vert på vegner av Norden.

Dei andre aktivitetane finn stad gjennom heile året. 25. juni vert Nordens dag markert med eit klimaseminar på utstillingsområdet. Dei andre aktivitetane er ei utstilling om landskapsarkitektur, eit seminar om mattryggleik, ei designutstilling om hjelpemiddel, framsyning av nordiske familiefilmar under den internasjonale filmfestivalen i Shanghai i juni og ei rekkje turar for medium og turoperatørar til dei nordiske landa, der den første medieturen fann stad under COP15-møtet og hadde fokus på nordiske klima- og energiløysingar.

2.7 Nordisk engasjement som innspel til klimaforhandlingane

Føremålet med initiativet

Å bidra til eit – frå eit nordisk synspunkt – godt resultat på partsmøtet for klimakonvensjonen (UNFCCC), COP15, i København i desember 2009 og, å bidra til ein – frå eit nordisk synspunkt – god global klimaavtale på grunnlag av det fornya mandatet.

Mandatperiode

2008–2011.

Status for initiativet

Etter COP15-møtet i København er det framleis ei rekkje spørsmål som skal avklarast og forhandlast ferdig. Det vil krevje effektive og intensive forhandlingar for å få fastlagt alle detaljar i tide slik at ein ny klimaavtale kan ta til å gjelde i 2013 og erstatte Kyotoprotokollen som går ut i 2012. COP15-gruppa skal framleis utføre analysar og utgreiingar i aktuelle forhandlingsspørsmål, arrangere møte og seminar med forhandlarar og ekspertar frå heile verda og fokusere arbeidet på eit fåtal sentrale tema.

  • Arbeidet i gruppa har medverka til å synleggjere Norden i det internasjonale klimaarbeidet. Det er publisert fem rapportar og to faktablad, og gruppa har arrangert 12 arbeidsseminar (åtte av dei var i samband med møta i UNFCCC). I tillegg har COP15-gruppa løyva bidrag til det arktiske synleggjeringsprosjektet om klimaendringar.

2.8 Nedbygging av grensehinder i Norden

Føremålet med initiativet

Å gjere det enklare for privatpersonar og føretak som arbeider over grensene i Norden, ved å påverke prosessar og føreslå løysingar for landa i dei tilfella der lover, reglar eller praksis reduserer mobiliteten i Norden på ein negativ måte.

Mandatperiode

Det noverande mandatet går ut 31.12.2010 og er forlenga til 31.12.2013.

Status for initiativet

Grensehinderforum (GF), som vart oppretta for å oppfylle føremålet med initiativet, har vore operativt sidan januar 2008. GF har gått gjennom dei eksisterande listene over grensehinder og gjort prioriteringar. Gjennom tett dialog med Hallo Norden og dei bilaterale informasjonstenestene har lista over saker som GF har valt å arbeide aktivt med, gradvis vorte utvida til ei trettitals konkrete problemstillingar. GF har delvis brukt tid og ressursar på å kartleggje årsakene til og det geografiske omfanget av hindra, og delvis på å forsøkje å skape forståing og endringsvilje i landa gjennom skriftleg og personleg kontakt. GF har halde ca. 6 møte i året og hatt kontakt mellom møta via e-post og telefon. Medlemane i GF har òg samarbeidd i spørsmål av bilateral karakter.

2.9 Overgripande plan for utviklinga av det nordiske forskings- og innovasjonsområdet (NORIA)

Føremålet med initiativet

Å auke den globale konkurranseevna til dei nordiske landa gjennom ei styrkt vidareutvikling av det nordiske forskings- og innovasjonsområdet (NORIA).

Mandatperiode

2008–2011.

Status for initiativet

Programmet er bygd opp rundt konkrete komponentar: vegvisande spydspissprosjekt, langsiktige strategiske innsatsar og satsing på profilering.

Spydspissprosjekt:

  1. Det er utvikla grenseoverskridande forskingsfinansiering.

  2. eScience vert etablert som eit felles forskingsområde. Det er utvikla ein strategi, og den konkrete handlingsplanen som er utarbeidd for eScience, skal realiserast i dialog med dei nasjonale nøkkelaktørane. eScience vert òg utvikla som eit nytt nordisk globaliseringsinitiativ under NORIA.

  3. Det vert vurdert å utvikle ein felles kunnskapsinfrastruktur for den femte fridomen rundt Austersjøen. Det er gjennomført ei forundersøking av om dette kan gjennomførast, der nøkkelaktørane i alle landa rundt Austersjøen deltok, og resultatet var positivt og potensielt banebrytande. Ein vurderer no om dette kan gjennomførast i praksis.

  4. Forskingsprogram for brukardriven innovasjon

    EK-NE/Næring har, med hjelp frå ei arbeidsgruppe, fått utforma eit program som komiteen har godkjent i 2009. Ein representant for EK-U har òg delteke i arbeidsgruppa. Programmet får sekretariatstenester frå Nordisk InnovationsCenter (NICe) og til ein viss grad frå NordForsk. Programmet vert slått saman med eit eksisterande initiativ under NordForsk (LILAN). EK-NE/Næring har i 2008 og 2009 prioritert forskingsprogrammet framfor dei andre aktivitetane under globaliseringsinitiativet NORIA.

2.10 Plan for fremjing av høgare utdanning i Norden

Føremålet med initiativet

Å auke kontakten mellom nordiske lærestader og løfte fram Norden som ein attraktiv studiestad.

Mandatperiode

2008-2011.

Status for initiativet

Når det gjeld profileringsaspektet, kjem det i 2010 til å verte gjennomført ei rekkje aktivitetar for å skape ei betre og meir relevant profilering av høgare utdanning i Norden. Til dømes skal det gjennomførast ei kartlegging av det nordiske institusjonslandskapet innanfor høgare utdanning, som skal koplast til utviklinga av eit meir heildekkjande rankingsystem. Det skal òg gjennomførast ei marknadsføringsundersøking i utvalde europeiske land.

Når det gjeld styrking av synergiane (som har endra namn til Kunnskapstriangelen), skal det lysast ut midlar til nordiske nettverk for kunnskapsutveksling mellom universitet og høgskular og resten av samfunnet, med særleg fokus på kommersialisering og innovasjon. Dessutan skal det setjast i gang ei forundersøking av om prosjektet kan gjennomførast, for å sjå på auka synergiar mellom Nordic Master, NordForsks Nordic Centers of Excellence og ein eventuell framtidig Nordic PhD.

Den første utlysinga av Nordiske masterprogram som vart gjennomført i 2007, fekk svært positiv respons frå dei nordiske lærestadene. Utlysinga førte til at det kom inn 41 felles søknader der seks vart valde ut som vinnarar. Desse grenseoverskridande programma vert sette på som unike innanfor høgare utdanning på verdsbasis, og dei vekkjer stor internasjonal merksemd. Denne utviklinga av dei nordiske masterprogramma er ein direkte konsekvens av at statsministrane har sett fokus på globalisering. Dei seks første programma er alle i gang, og dei hadde gode søkjartal. Den tredje og siste utlysinga vert gjennomført våren 2010. Dessutan skal det setjast i gang ei gjennomgripande evaluering av heile masterinitiativet.

2.11 Prosjektplan for ei god opplæring av ungdomar og vaksne

Føremålet med initiativet

Å få fleire ungdomar enn i dag til å fullføre ei utdanning etter grunnskulen, i tillegg til å fremje kunnskap og kompetanse hos vaksne som grunnlag for personleg utvikling og vidare utvikling av arbeids- og samfunnslivet, i samsvar med prinsippet om livslang læring.

Mandatperiode

2008–2010.

Status for initiativet

Prosjektet er sett saman av fire deltiltak:

Studie- og erfaringsutveksling om arbeid for auka gjennomføring i vidaregåande opplæring: To studiar er sette i verk gjennom prosjektet «Ungdomars väg från skola till arbetsliv – Nordiske erfarenheter» i 2008 og «Frafall i videregående opplæring i Norden» som vert fullført i februar 2010. Med bakgrunn i den førstnemnde studien vart det arrangert ein nordisk konferanse «Från yrkesutbildning till arbetsliv – ett nordisk perspektiv» i Lund, Sverige, i 2008, og det vart halde ein temadiskusjon med dette som tema i MR-U. Det er vedteke å utvikle eit tungt felles nordisk utdanningsforskings- og formidlingsinitiativ, mellom anna med eit forskingsprosjekt om fråfall slik Nordisk Råd har tilrådd.

Eit utviklingsarbeid innanfor entreprenørskap: På MR-U 1/09 vedtok ministrane under ein temadiskusjon om kreativitet, innovasjon og entreprenørskap i ei tid med globalisering at det skal gjennomførast ein nordisk komparativ studie om kreativitet, innovasjon og entreprenørskap i utdanninga. Studien er sett i verk og skal fullførast hausten 2010.

Eit utviklingsarbeid om basiskompetansar hos vaksne: Basale kompetansar innanfor lesing, skriving, talbehandling og IT er ein avgjerande faktor for at menneske i ei stadig meir kunnskapsbasert verd. Ein studie om tilrettelegging av ei effektiv lese- og skriveundervisning for vaksne vart sett i gang i 2009. Resultata frå midtvegsrapporten vil liggje føre i 2010 og vil kunne identifisere behov for ytterlegare tiltak innanfor området.

Opprettinga av eit lære- og dialogforum: I tråd med ønsket frå statsministrane om «ett synligare Norden» skal Lære- og dialogforum bidra til at målsetjinga for og resultata frå prosjektet vert spreidde og profilerte. Det vert arbeidd med nye måtar å leggje til rette møter og konferansar på, som skal bidra til auka læring gjennom dialog og erfaringsutveksling, aktive og engasjerande deltakarar og styrkt fokus på resultat og deling av kunnskap. Første Lære- og dialogforum vart halde på Island hausten 2009 og det andre Lære- og dialogforumet vart halde i desember 2009 på Island. Lære- og dialogforum skal nyttast på ulike konferansar, seminar osb., men det er òg etablert ein interaktiv møteplass via www.dialognorden.org

2.12 Utgreiing av konsekvensane av klimaendringane for naturressursar i Norden

Føremålet med initiativet

Det tematiske nettverksprogrammet dannar grunnlag for ein tilpassings- og tiltakspolitikk for verknadene av klimaendringane på naturressursar og matproduksjon. Programmet fokuserer på vesentlege produksjonssystem innanfor landbruk, skogbruk, fiskeri og matvarer. Forskingsmiljøa bidreg med kunnskap om verknadene klimaendringane har på framtidig produktivitet, utbreiing og utnytting av naturressursar, og utvikling i dialogen mellom forsking og forvaltning står sentralt i programmet. Dei faglege tilrådingane kan danne grunnlag for ein nordisk klimapolitikk på området. Programmet bør bidra til å styrkje forskingsmiljø, nasjonale forskingsprosjekt og nordisk forskingssamarbeid av høg kvalitet og relevans på området.

Mandatperiode

2009–2012.

Status for initiativet

Styringsgruppa vedtok i mai 2009 eit overordna utkast til innhaldet i utlysinga om støtte til programmet. Tittelen på programmet er «Climate Change Impacts, Adaptation and Mitigation in Nordic Primary Industries (Fishery, Agriculture, Food, Forestry)». Styringsgruppa utforma deretter den endelege versjonen av utlysingsteksten for dei fem tematiske tverrsektorielle og sektorspesifikke satsingane. Utlysinga av støtte til tematiske forskingsnettverk innanfor dei fem sentrale tema vart offentleggjord i juni 2009 på den elektroniske søknadsportalen til NordForsk. Dei to tverrgåande tema ser på sjansar og truslar i primærnæringane når det gjeld (i) plante- og dyrehelse og (ii) vern, tilpassing og bruk av genetiske ressursar. Dei tre sektortemaa fokuserer på verknader og tiltak på (i) produksjon av mjølk, kjøt og korn, (ii) utbreiinga og berekrafta til kommersielle fiskebestandar og fiskeproduksjon, og (iii) berekraftig produksjon av trebiomasse og karbonfangst i økosystem på land.

2.13 Harmonisering av den nordiske straummarknaden

Føremålet med initiativet

Å skape effektivitet og konkurranse i marknaden og på denne måten bidra til målsetjinga om ein grenselaus nordisk straummarknad.

Mandatperiode

2008–2009.

Status for initiativet

Straummarknadsgruppa som fekk i oppdrag å utføre analysen, har levert sluttrapporten sin, som var ein del av møtedokumenta for møtet i MR-NER i oktober 2009 i Stockholm.

Prosjektet var eit innspel til debatten om ein fellesnordisk sluttbrukarmarknad, og ministrane har bede straummarknadsgruppa arbeide vidare med spørsmålet.

Straummarknadsgruppa skal avleggje rapport på møtet i MR-NER 23. november 2010.

Arbeidet med straummarknaden held fram i regi av MR-NER.

2.14 Utvikling og profilering av Norden som senter for kreative næringar

Føremålet med initiativet

KreaNord skal bidra til betre koordinering av satsingane i dei nordiske landa innanfor kultur og kreative næringar, med fokus på fire aktivitetsområde: nettverksaktivitetar, profileringsaktivitetar, policyarbeid og utviklingsarbeid.

Mandatperiode

2008–2010.

NSK/MR-SAM sette av 8 millionar danske kroner til aktivitetane i KreaNord for åra 2008, 2009 og 2010.

Status for initiativet

Initiativet «Utveckling och profilering av Norden som center för kreativa industrier» er inne i det siste året sitt, og i september 2010 skal KreaNord overrekkje dei ferdigutvikla policytilrådingane som styringsgruppa har utarbeidd, til ministrane.

Målsetjingane for prosjektet er oppfylte, og dei gode resultata har ført til ei ny satsing på vidare arbeid i KreaNord, under globaliseringsinitiativet Kultur & Kreativitet.

2.15 Nordisk kultur i verda

Føremålet med initiativet

Å profilere nordisk kultur utanfor Norden, styrkje det nordiske kulturelle «varemerket» i eit internasjonalt perspektiv og vise kva den nordiske kulturen kan tilby ei globalisert verd og den globaliserte marknaden.

Mandatperiode

Initiativet er delt inn i tre delprosjekt innanfor ramma av hovudprosjektet og inneheld følgjande komponentar: nordisk film, nordisk arkitektur og nordisk litteratur. Tidsramma for gjennomføringa av dei enkelte prosjekta er 2009–2011,med følgjande etappar som mål: den internasjonale filmfestivalen i Toronto i september 2009, Shanghai Expo i juni 2010 og bokmessa i Paris i mars 2011.

Status for initiativet

Det første delprosjektet innanfor initiativet er realisert gjennom at det nordiske film- og TV-fondet gjennomførte ei stor satsing på nordiske film- og TV-produksjonar på den internasjonale filmfestivalen i Toronto i september 2009.

Dei to resterande delprosjekta skal gjennomførast med følgjande tidsplan:

  • Dei nordiske arkitektursentra skal i samarbeid produsere ei utstilling om nordisk landskapsarkitektur i byar til Shanghai Expo (med tilknyting til expo-temaet «Better City, Better Life»), med ei etterfølgjande vandreutstilling. Utstillingsperioden er frå 1. juni til 15. august 2010.

  • Nettverket til dei nordiske litteraturorganisasjonane (NORDLIT) skal gjere eit framstøyt for nordisk litteratur på bokmessa i Paris i mars 2011, som har nordisk litteratur i fokus dette året.

Globaliseringsinitiativ som er sette i gang i 2010, etter vedtak frå MR-SAM i oktober 2009:

2.16 Kultur og kreativitet

Føremålet med initiativet

Å vidareutvikle det eksisterande globaliseringsinitiativet «Udvikling og profilering af Norden som center for kreative industrier» (KreaNord, sjå initiativ nr. 14) gjennom globaliseringsinitiativet «Kultur og Kreativitet».

Initiativet har som mål å knyte innsatsen på tvers av kultur- og næringssektorane i dei nordiske landa saman gjennom aktivitetar som på ulikt vis kan betre føresetnadene for dei kreative næringane i Norden og dermed bidra til ei vidare positiv utvikling av den kreative økonomien i Norden.

Kultur & Kreativitet er ei vidareføring av mandatet til KreaNord til og med 2012, med sikte på å konsolidere og utvikle arbeidet som er starta, og samtidig eksemplifisere denne innsatsen med to nye spesifikke innsatsområde:

  • Global marknadsføring og digital distribusjon av nordiske filmar

  • Ny nordisk mat og branding

Mandatperiode

2010–2012.

2.17 Helse og velferd

Føremålet med initiativet

Programmet handlar om berekrafta og konkurransekrafta til den nordiske velferdsmodellen med fokus på sentrale nordiske velferdsutfordringar. Landa skal gjennom eit tverrsektorielt nordisk samarbeid utvikle effektive løysingar på utvalde område innanfor helse og velferd, og dermed skape synergi og tilføre nordisk meirverdi.

Programmet er bygd opp rundt to hovudtema som skal forsterke kvarandre gjensidig: (1) «Velfærd – udvidelse og kompetenceudvikling af arbejdsstyrken samt inkludering» og (2) «Sundhed – fremme en sund og arbejdsdygtig befolkning samt livskvalitet». Programmet er sett saman av sju sjølvstendige delprosjekt under dei to hovudtemaa.

Mandatperiode

Programmet skal gjennomførast i perioden 2010–12.

Programmet er tverrsektorielt, og fem ministerråd er involverte: MR-A, MR-FJLS, MR-NER, MR-S og MR-U. Dei respektive ministerråda har hovudansvaret for å utvikle eigne delprosjekt i samspel med relevante interessentar som er utpeikte av dei fem ministerråda.

Status for initiativet

For å sikre eit samanhengande program på tvers av dei sju delprosjekta har generalsekretæren bede dei involverte ministerråda om å melde frå kva delprosjekt dei ønskjer å ta medansvar for som interessent. Dei ansvarlege ministerråda har deretter ansvar for å trekkje inn desse interessentane i den vidare utviklinga av prosjekta. Målet er å fremje eit samarbeid på tvers av sektorar og optimalisere synergi.

2.18 eScience

Føremålet med initiativet

Å vidareføre globaliseringsprosjektet om vidareutvikling av det nordiske forskings- og innovasjonsområdet NORIA gjennom eit spydspissprosjekt på eScience. NORIA er nærare omtalt under initiativ nr. 9.

Mandatperiode

2010–2012.

Status for initiativet

MR-U godkjende i oktober 2009 prosjektforslaget om eScience som globaliseringsinitiativ, basert på frivillig medverknad mellom og eventuell medfinansiering frå dei nasjonale forskingsfinansierande styresmaktene. Målet er at det skal fattast eit endeleg vedtak om forslaget våren 2010. I samsvar med prosjektplanen gjennomfører NordForsk ein dialog med dei nasjonale forskingsfinansierande styresmaktene om medfinansiering av forslaget i 2010.

2.19 Energi og transport

Føremålet med initiativet

Å skape ein prosess som kan vidareutvikle ideen om Norden som «The Green Valley of Europe».

Mandatperiode

2010–2012.

Status for initiativet

I løpet av våren skal det haldast nasjonale arbeidsseminar og eit nordisk arbeidsseminar for å verte samde om kva område arbeidet skal utdjupast på. Ambisjonen er at det på Globaliseringsforum i mai 2010 skal leggjast fram ein programvisjon med konkrete forslag kring elektrifisering av Norden. Det er oppretta eit prosjektsekretariat under leiing av Nordisk Energiforskning (NEF) med deltaking frå Nordiskt InnovationsCenter (NICe).

Initiativet omfattar relevant oppfølging av initiativet EnergiExpo.

2.20 Perspektiv for framtidig handlemåte på CDM- og JI-marknaden

Føremålet med initiativet

Å støtte framferda til dei nordiske landa i samband med dei endringane i mekanismane CDM (Clean development Mechanism – den grøne utviklingsmekanismen) og JI (Joint Implementation – felles gjennomføring) som COP15 kan medføre.

Mandatperiode

2010.

2.21 Klimavennleg byggeverksemd

Føremålet med initiativet

Å analysere føresetnadene for ei eventuell etablering av eit innovasjonsprogram til støtte for fellesnordisk utvikling og demonstrering av energi- og CO2-nøytral byggeverksemd og plussenergibygg.

Mandatperiode

2010.

Status for initiativet

Styringsgruppa har halde det første møtet sitt 15. januar 2010. På styringsgruppas første møtet vart det fatta vedtak om prosessen framover og om målsetjingar og innhald for analysen som skal liggje til grunn for vurderinga av om det trengst eit nordisk innovasjonsprogram på området.

Landa orienterte om det nasjonale arbeidet som er i gang, og såg mange spennande område for samarbeid på nordisk nivå som no skal analyserast grundigare.

Det var semje om at det er eit stort behov for kunnskap for å leve opp til både nasjonale og europeiske målsetjingar i 2020.

2.22 Forhandlingar på kvikksølvområdet

Føremålet med initiativet

Å støtte at det vert vedteke globale tiltak for å handtere miljø- og helsefarar som skuldast kvikksølv, ved at ein kjem fram til eit frå nordisk synsvinkel godt resultat ved dei globale forhandlingane om å få ein bindande kvikksølvavtale på plass i 2013.

Mandatperiode

2010.

Status for initiativet

Det første forhandlingsmøtet (INC1) i dei globale kvikksølvforhandlingane er planlagt til 7.–11. juni 2010 i Stockholm og er finansiert av Nordisk Ministerråd innanfor ramma av globaliseringsinitiativet. Vertslandet Sverige og dei andre nordiske landa har dermed ein eineståande sjanse til å påverke forhandlingane. Målet er ein ambisiøs avtale i 2013 som tek omsyn til at dei nordlege områda er særleg utsette for kvikksølv.

Til forsida