Meld. St. 23 (2009–2010)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

3 Norden og nabolanda

3.1 Nordisk Ministerråd og samarbeidet med nabolanda

Nabolandspolitikken til Nordisk Ministerråd omfattar samarbeidet med Nordvest-Russland, Estland, Latvia og Litauen. I tillegg kjem dei regionale råda Barentsrådet, Austersjørådet og Arktisk råd. Samarbeidet omfattar òg innsats overfor Kviterussland. Formålet er å styrkje dialogen mellom dei nordiske landa og nabolanda og å konsentrere det nordiske samarbeidet til område der det kan gje ein meirverdi og samordning i forhold til nasjonale aktivitetar. Frå norsk side legg vi stor vekt på styrkt samarbeid og dialog mellom Nordisk Ministerråd og Nordvest-Russland. Russlandssamarbeidet er tett knytt opp til EU-politikken og støttar opp om Den nordlege dimensjonen, der ministerrådet er partnar. Nordisk Ministerråd deltek aktivt i partnarskapen for helse og livskvalitet og støttar partnarskapen for miljø.

Innanfor lokalforvaltning, kamp mot menneskehandel, utvikling av sosial- og helsevesen og frivillige organisasjonar er det etablert prosjekt der samarbeidet er basert på retningslinjene for perioden 2009–2013, som er godkjende av samarbeidsministrane.

Dei nordiske landa støttar ei demokratisk utvikling i Kviterussland. Nordisk Ministerråd samarbeider aktivt med EU om støtte gjennom eksiluniversitetet European Humanities University (EHU) for kviterussiske studentar i Vilnius. Det er etablert eit internasjonalt fond for EHU for å sikre koordinering av støtta og for å trekkje til seg fleire gjevarar. Fondet vert administrert i ministerrådet i nært samarbeid med EHU. Ministerrådet forvaltar i tillegg eit stipendprogram for unge kviterussarar. Dei nordiske samarbeidsministrane besøkte European Humanities University saman med medlemer av presidiet i Nordisk Råd 18. februar 2010. Både vertslandet Litauen og representantar frå EHU gav uttrykk for at støtta frå Nordisk Ministerråd, i tillegg til den bilaterale støtta frå nordiske land, vart høgt verdsett.

Nordisk-baltisk mobilitetsprogram på næringsområdet

Det vart vedteke å etablere det nordisk-baltiske mobilitetsprogrammet av Nordisk Ministerråd og regjeringane i Estland, Latvia og Litauen 20. januar 2009 innanfor områda offentleg administrasjon, næringsverksemd og kultur. Målsetjinga er å styrkje det politiske samarbeidet mellom dei åtte landa og bidra til å fremje utvikling av ein konkurransedyktig Austersjøregion innanfor desse tre sektorane.

På området næringsverksemd vert det gjeve finansiell støtte til søkjarar til mellom anna studiebesøk, vikariat i bedrifter, nettverksbygging, aktivitetar knytte til etablering av næringsklynger innanfor regionen og teknologioverføring. Det vert lagt vekt på å få søkjarar som har fokus på innovasjon, kreativitet og entreprenørskap.

Styringsgruppa er samansett av medlemer av embetsmannskomiteen for næring i Nordisk Ministerråd og representantar frå dei baltiske landa som er utnemnde av relevante styresmakter i vedkomande land. Kontoret til Nordisk Ministerråd i Riga tek hand om sekretariatsfunksjonen. Formannskapen i styringsgruppa roterer på årsbasis. Noreg har formannskapen i 2010.

BEATA – Barents European Arctic Transport Area

Under den finske formannskapen vart det lagt stor vekt på å konkretisere arbeidet gjennom deltaking i Interreg-prosjektet Sustainable Transport in the Barents Region (STBR). Prosjektet vart leidd av Norrbottens län, og både nasjonale og regionale transportstyresmakter deltok som partnarar. Gjennom prosjektet vart det utarbeidd ei rekkje studium og analysar av transportinfrastrukturen og transportstraumane i Barentsregionen. Noreg har teke initiativ gjennom Nasjonal transportplan 2010–2019 til å utarbeide ei utgreiing av transportsystemet i nordområda, som skal omfatte dei fire landa. Ein tek sikte på å setje i gang utgreiinga i 2010. Både BEATA og STBR-prosjektet kan vere viktige støttespelarar og bidragsytarar til arbeidet. Sverige har formannskapen frå oktober 2009 til oktober 2011. Så overtek Noreg formannskapen i to år.

Partnarskapen for transport og logistikk i Den nordlege dimensjonen (ND PTL)

På utanriksministermøtet i Den nordlege dimensjonen i St. Petersburg oktober 2008 kom ein fram til prinsipiell semje om å etablere ein partnarskap for transport og logistikk innanfor ramma av Den nordlege dimensjonen. Det vart underteikna eit memorandum (MoU) om partnarskapen i 2009 av transportministrane i Noreg, Russland, Kviterussland, Sverige, Finland, Danmark, Polen, Tyskland, Estland, Litauen og Latvia. Island har signalisert at dei eventuelt vil ta del i partnarskapen på eit seinare tidspunkt.

Våren 2010 vart det semje om å etablere eit sekretariat for partnarskapen i Den nordiske investeringsbanken i Helsingfors. Sekretariatsavtalen skal etter planen underteiknast hausten 2010, med sikte på at sekretariatet skal vere operativt frå 1. januar 2011. Føremålet med partnarskapen er å bidra til å forbetre transportsambandet og logistikken mellom partnarlanda på ein slik måte at det stimulerer til berekraftig økonomisk vekst. Utarbeiding og rullering av ein handlingsplan for grensekryssande utbygging av infrastruktur og såkalla horisontale tiltak, mellom anna teknisk og administrativ forenkling og standardisering, er hovudinstrumenta til partnarskapen. Arbeidet med å identifisere infrastrukturprosjekt av felles interesse mellom to eller fleire land i partnarskapen har starta opp. Partnarskapen skal ikkje erstatte eksisterande samarbeidsformer, til dømes BEATA, men kan utgjere ein samlande paraply for samarbeid i eit breiare regionalt perspektiv.

Nordisk-baltisk fråsegn om TEN-T-programmet

I september 2009 sendte dei nordiske og baltiske transportministrane ut ei felles fråsegn om revisjon av EU-programmet for utbygging av transeuropeiske transportnettverk (TEN-T). I fråsegna peikar ein m.a. på kor viktig det er med god tilkomst til marknadene for land med geografisk lange avstandar, at det må leggjast stor vekt på samanheng mellom hovudårane, og at TEN-T-nettverket bør utvidast til naboland. Fråsegna skal følgjast opp i samband med framlegginga av forslaget til reviderte TEN-T-retningslinjer.

Svensk-norsk samarbeid for elektrifisering av vegtransport

Både den norske og den svenske regjeringa ser på elektrifisering av vegtransport som eit viktig tiltak for å redusere CO2-utslipp frå transportsektoren. Etter dialog mellom den norske samferdselsministeren og den svenske infrastrukturministeren etablerte Samferdselsdepartementet og det svenske Näringsdepartementet i 2009 ei felles arbeidsgruppe for å lage ein plan for korleis ein kan utvikle felles infrastruktur for ladbare bilar. Arbeidsgruppa er samansett av Vegdirektoratet, Transnova og NVE frå Noreg og Vägverket, Transportstyrelsen, Energimyndigheten og Energimarknadsinspektionen frå Sverige. Arbeidsgruppa skal levere ein delrapport til Næringsdepartementet. Delrapporten vil gje ei vurdering av kva prosjekt som vil ha størst nytte av eit samarbeid på tvers av landegrensene. Tema som vert vurderte, er mellom anna samordna innsats for uttesting av nye ladeteknologiar, felles skilting og merking av parkeringsplassar og ladeinfrastruktur og felles forskingsprosjekt.

Luftfart

Under det nordisk-baltiske transportministermøtet i Riga i september 2009 underteikna transportministrane ei felles nordisk-baltisk transportministererklæring, «draft declaration on Nordic Baltic co-operation in the Air Transport Area». Erklæringa omhandlar gjennomføringa i statane av plikta til å opprette funksjonelle luftromsblokker (FAB), i samsvar med lovgjevingspakka om Felles europeisk luftrom II. Erklæringa munnar ut i ei oppfordring retta til tilsynsstyresmaktene og utøvarane av flysikringstenester. Erklæringa omhandlar ikkje dei konkrete FAB-prosjekta som dei nordiske og baltiske landa er involverte i.

NEFAB – North European Functional Airspace Block

Lovgjevingspakka Felles europeisk luftrom II medfører at det vil bli fastsett felleseuropeiske ytingskrav til utøvarar av flysikrings- og lufttrafikkteneste. Ytingskrava vil primært dreie seg om krav til tryggleik, kostnadseffektivitet, kapasitet og miljøeffektar. Eit verktøy som medverkar til å oppfylle desse ytingskrava, er funksjonelle luftromsblokker, som inneber grenseoverskridande samling av luftrommet over fleire land. Etablering av ei slik luftromsblokk er eit krav i den nemnde lovgjevingspakka. Noreg samarbeider i denne samanhengen med dei andre nordiske landa, i tillegg til Estland og Latvia, om etablering av ei mogeleg funksjonell luftromsblokk kalla NEFAB (North European Functional Airspace Block). Statane som går inn i ei luftromsblokk, må inngå avtalar om mellom anna utpeiking av operatørar, tilsynsverksemda innanfor blokka, oppgåver i samband med avgiftsspørsmål og forholdet til militære styresmakter.

Bilateral luftfartsavtale

Noreg har ein bilateral luftfartsavtale med Russland frå 1956. Avtalen har vorte supplert med enkelte tillegg, men må framleis karakteriserast som restriktiv og hemmande for utviklinga av luftfarten mellom Noreg og Russland.

Bilateral vegtransportavtale

Noreg og Russland underteikna ein bilateral vegtransportavtale den 20. juni 2005. Avtalen tredde i kraft 16. november 2007. Avtalen regulerer transport av gods og passasjerar mellom Noreg og Russland, og transitt gjennom dei til og frå tredjeland med motorvogn som er registrert i eitt av dei to landa.

Kultur

Nordisk-baltisk mobilitetsprogram har sidan 2009 vore ei felles støtteordning for kunst- og kulturaktørar i Norden og dei baltiske landa. Erfaringar så langt viser at programmet er vellukka; talet på søkjarar aukar, og dei baltiske landa deltek godt i programmet.

Kultursamarbeidet i nordområda er eit viktig satsingsområde for Noreg. Der går det føre seg aktiv satsing på kulturområdet gjennom BarentsKult-programmet som skal bidra til å gjennomføre større kunst- og kulturprosjekt i norsk og russisk del av Barentsregionen. Noreg har òg delteke aktivt i arbeidet til Nordisk Ministerråd med å utvikle kulturpartnarskapen innanfor Den nordlege dimensjonen. Kulturpartnarskapen skal fungere som eit supplement til allereie eksisterande nasjonale og internasjonale organisasjonar og institusjonar som arbeider med kulturnæringar og kultursamarbeid. I mai 2010 vart det arrangert eit nordisk kulturforum i St. Petersburg som markerte etableringa av partnarskapen, der partane underteikna ein intensjonsavtale (Memorandum of Understanding).

Vestnorden er ei viktig bru til samarbeid med nabolanda i vest. Dei nordiske kulturinstitusjonane i Nuuk, Torshavn og Reykjavik speler ei viktig rolle i styrking og koordinering av kultursambandet i den nordatlantiske regionen.

NORA (Nordisk Atlantsamarbeidet)

Nordisk Atlantsamarbeidet (NORA) hadde i 2009 spesielt fokus på klimaendringane og verknadene dette vil ha for den havbaserte økonomien i samarbeidslanda. I samband med COP15 i København lanserte NORA boka Climate Change – and the North Atlantic. Utviklinga av samarbeidet med dei vestlege naboane til Norden er inne i ei positiv utvikling. Ein delegasjon frå NORA besøkte i 2008 to av dei atlantiske provinsane i Canada, Nova Scotia og Newfoundland-Labrador. Dette vart følgt opp ved at generalsekretæren i Ministerrådet gjennomførte ei reise i Canada i desember 2009. Det danske formannskapsprogrammet legg opp til at NORA kan få ei koordinerande rolle i dette samarbeidet vestover. Ei rekkje av aktivitetane til NORA i 2009 har hatt deltakarar frå Canada – m.a. dei to konferansane Challenges By Demography i Alta og Innovation in the Nordic Marine Sector i Reykjavik. I tillegg til konferansane støtta NORA i 2009 ca. 30 prosjekt med til saman 7,8 millionar danske kroner.

NORA vedtok i 2008 å ta initiativ til ein OECD-analyse av NORA-regionen. Analysen skal liggje føre hausten 2010 og skal innehalde ein samla politisk-økonomisk regionsanalyse av Grønland, Færøyane, Island og kyst-Noreg. Målet er at analysen skal medverke til å styrkje samarbeidet. Samtidig ønskjer ein at analysen skal tydeleggjere det særlege potensialet og dei ressursane regionen har.

Interreg

Interreg er eit EU-program for å fremje sosial og økonomisk integrasjon over landegrensene gjennom regionalt samarbeid. Programmet vart etablert i 1991 for å styrkje samarbeidet mellom naboregionar som var delte av nasjonale grenser innanfor og på grensa av EU. Noreg har delteke i Interreg sidan 1996. Inneverande programperiode strekkjer seg til og med 2013. Deltakinga er ikkje ein del av EØS-avtalen.

Interreg IV A handlar om grenseregionalt samarbeid, det vil seie samarbeid mellom regionar som ligger langs eller på kvar si side av ei nasjonalgrense. For Noreg inneber dette samarbeid med Sverige, Finland, Russland og Danmark. Prioriterte innsatsområde er mellom anna næringsutvikling, FoU og grenseoverskridande fellesskap og samhøyr. Eit av måla er å utvikle attraktive regionar og sentra for innbyggjarar og næringsliv på tvers av landegrensene.

Noreg deltek i fire grenseregionale Interreg-program: Nord, Botnia-Atlantica, Sverige-Noreg og Øresund-Kattegat-Skagerrak, i tillegg til eit samarbeidsprogram ved yttergrensene til EU – Kolarctic ENPI CBC.

3.2 Den nordlege dimensjonen

Den nye nordlege dimensjonen vart oppretta under den finske formannskapen i EU i november 2006 i Helsingfors, ved at det vart underteikna ei politisk erklæring og eit politisk rammedokument. EU, Russland, Island og Noreg er likeverdige partnarar, medan dei regionale organisasjonane og IFF (internasjonale finansieringsinstitusjonar) er deltakarar. Den nordlege dimensjonen (ND) skal vere det regionale uttrykket for dei fire samarbeidsromma mellom EU og Russland, der Noreg og Island skal ha fullt innpass. Det første ministermøtet i ND vart halde i St. Petersburg i oktober 2008. Møtet var prega av ei positiv haldning til det arbeidet som går føre seg, og det var ein grunnleggjande konsensus om kva satsingsområda skal vere. Det er lagt vekt på konkrete samarbeidsprosjekt. Desse prosjekta vert sette ut i livet gjennom dei to partnarskapane: partnarskapen for helse og livskvalitet (NDPHS) og miljøpartnarskapen (NDEP). Ministermøtet vedtok at det skal opprettast ein ny partnarskap for transport og logistikk, som etter planen skal verte operativ i år. Ein ny partnarskap for kultur vil òg verte oppretta i år. Andre satsingsområde framover er enøk, grensenært samarbeid og arbeidet med å opprette eit ND-institutt i St. Petersburg. Det er òg i denne regionen av Russland at dei største miljøprosjekta er gjennomførte, innanfor reduksjon av miljøskadelege utslepp til Austersjøen. Finland og Russland har teke initiativ til å opprette eit næringslivsråd for verksemder og selskap i regionen. Fleire store aktørar er allereie involverte.

Den nordlege dimensjonen har ikkje uventa vore prega av stor merksemd mot Austersjøregionen. Frå norsk side har ein peika på at det bør vere ein fornuftig balanse mellom Austersjøregionen, Barentsregionen og Arktis i ND-samarbeidet. Eit positivt trekk i denne samanhengen er at styringsgruppa i ND har vedteke at det arktiske vindauga i ND skal drøftast med jamne mellomrom. Fleire gode miljøprosjekt er sette i verk i Barentsregionen.

Noreg er vertskap for det andre ministermøtet i Den nordlege dimensjonen. Det vert halde i Oslo 2. november i år.

3.3 Austersjørådet

Noreg har vore medlem av Austersjørådet sidan etableringa i 1992 og deltek aktivt i dei forskjellige aktivitetane Rådet har. Norsk deltaking i Austersjørådet utgjer ein viktig del av norsk nærområdepolitikk, og Rådet er eit sentralt forum for politisk dialog og praktisk samarbeid der både Russland og Europakommisjonen er med.

I tråd med ein avtalt rotasjon mellom medlemslanda har Noreg overtatt formannskapen i Austersjørådet for eitt år frå 1. juli 2010. Det vil innebere at utanriksministeren blir formann for Rådet i perioden, og Noreg skal leie ei eiga embetsgruppe som fungerer som styre. Noreg overtok formannskapen etter Litauen, og Tyskland følgjer etter Noreg 1. juli 2011.

Litauen har i formannskapsperioden sin lagt vekt på å setje i verk vedtaket om reform av Austersjørådet som vart gjort i 2008. Det står framleis mykje arbeid att før organisasjonen fungerer tilfredsstillande reint operativt, blir meir synleg og oppfattast som relevant. Det vil ta tid å byggje opp ein prosjektportefølje, særleg å framskaffe finansielle ressursar i ei tid der fleire av medlemslanda er prega av finanskrisa. Det vil vere ei stor utfordring for den norske formannskapen å arbeide vidare med reformarbeidet, med særleg sikte på å identifisere prosjekt, skaffe finansiering til dei og gjennomføre dei. Skal dette lukkast, vil det vere avgjerande å ha eit aktivt samarbeid om prosjekt med andre regionale råd i Nord-Europa som Nordisk Ministerråd, andre samarbeidsstrukturar som Den nordlege dimensjonen med sine partnarskap og EU-strategien for Austersjøregionen.

Det vil vere eit prioritert område for den norske formannskapen å bidra til å gjere Austersjørådet meir operativt og resultatorientert. Eit anna vil vere maritim politikk og menneskehandel.

Maritim politikk er eit viktig fokusområde, fordi Austersjøen allereie i dag har ein stor del av skipstrafikken i verda, og etter prognosane vil denne trafikken auke i monaleg grad i åra framover. At EU har vedteke ein eigen integrert maritim politikk, som vil bli prøvd ut i Austersjøen, understrekar kor viktig det er at også Austersjørådet tek sin del av ansvaret for dette feltet. Sjøverts trafikk har mange fasettar og knyter seg til både økonomisk utvikling, handel, miljø, energi og tryggleik. Den norske formannskapen vil mellom anna arbeide for reduserte utslipp til vann og luft frå skipstrafikken i regionen. Austersjørådet har sett ned ei eiga ekspertgruppe for maritim politikk, og Noreg skal leie denne gruppa under formannskapen.

Austersjørådet har allereie eit sterkt engasjement når det gjeld kamp mot menneskehandel i regionen. Dette engasjementet må sjåast i samanheng med innsatsen for å avgrense den organiserte kriminaliteten meir generelt. Austersjørådet har på plass ei arbeidsgruppe for kamp mot menneskehandel, retta mot vaksne, i tillegg til ei eiga gruppe som tek seg av barn som har vore utsette for slik handel. Arbeid mot menneskehandel med kvinner og barn har vore sterkt fokusert dei seinere åra, og dette må fortsette med full kraft. Samstundes vert det registrer aukande menneskehandel på arbeidsmarknaden i regionen, der arbeidskrafta vert utnytta på ulovleg vis, og der ein ser døme på regelrett tvangsarbeid. Noreg vil under sin formannskap leggje vekt på at Austersjørådet deltek i utviklinga av nye metodar for å identifisere ofre for ulovleg utnytting av arbeidskraft; samarbeidet på justisområdet må betras, og det må utviklas godt og utvida samarbeid mellom politi og offentlege arbeidskraftinstansar for å stoppe denne negative utviklinga.

Noreg vil i formannskapsperioden leie arbeidsgruppa for kamp mot menneskehandel.

I tillegg til å ha særleg fokus på desse tre områda vil den norske formannskapen leggje til grunn dei fem prioriterte felta Austersjørådet sjølv har vedteke: miljø, energi, økonomisk utvikling, utdanning og kultur og sivil tryggleik. På fleire av desse områda vil Noreg ha formannskapen i ekspertgrupper og arbeidsgrupper. Austersjørådet har eit engasjement på alle desse områda, og samarbeidet er viktig for fagdepartementa og dei statlege institusjonane i landa, for det regionale og kommunale nivået, for dei frivillige organisasjonane og sivil sektor generelt, for partane i arbeidslivet og for privat sektor. Samarbeidet i direkte regi av Austersjørådet, eller knytt opp til Rådet, er breitt og går på mange måtar på eigen kjøl. Samarbeidet får ikkje alltid dei store oppslaga i media, men vert oppfatta som relevant og fagleg nyttig og utfordrande for dei som er involverte. Noreg har i samband med den norske formannskapen sett ned ei eiga norsk referansegruppe der fagområda som samarbeider, er med. At dette utgjer om lag 30 område, er ein indikasjon på breidda i samarbeidet.

3.4 Barentsrådet

Utviklinga av Barentssamarbeidet har heilt sidan starten i 1993 hatt to sentrale målsetjingar. Den første er å bidra til at Russland speler ei sterkare rolle i det europeiske samarbeidet, m.a. ved å utvikle og konsolidere dei breie samarbeidsstrukturane mellom dei nordiske landa og Russland innanfor Barentssamarbeidet. Den andre sentrale målsetjinga er knytt til ønsket om å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen. Samarbeidet rettar seg særleg mot Nordvest-Russland, som framleis har store utfordringar når det gjeld økonomisk og sosial utvikling, helse, miljøvern, ressursforvaltning og behovet for å reformere mange samfunnsinstitusjonar. Ein kan definere Barentssamarbeidet som eit samspel mellom fire samarbeidsnivå, på styresmaktnivå og direkte mellom aktørar i regionen:

  • regjeringssamarbeidet (Barentsrådet) der dei fem nordiske landa, Russland og EU-kommisjonen deltek,

  • det regionale styresmaktsamarbeidet (Barents regionråd),

  • urfolkssamarbeidet,

  • direkte næringslivs-, kommune- og grasrotsamarbeid («folk til folk»).

Det gode samspelet mellom sentrale og regionale styresmakter i alle landa og den direkte kontakten over grensene i regionen gjer Barentssamarbeidet til eit politisk instrument som kan handtere ei rekkje spørsmål som er svært viktige for folk i regionen.

Sverige er no formann fram til hausten 2011. Svensk hovudprioritering er miljø og næringsutvikling, «an eco-efficient economy» i Barentsregionen. Etter Sverige tek Noreg over som formann. I regionrådet er Troms formann.

Det er god aktivitet både på regionalt nivå og i dei 16 arbeidsgruppene. Regionrådet har vedteke eit nytt arbeidsprogram for tidsrommet 2009–2013. Det er òg vedteke eit nytt handlingsprogram for urfolk. Vidare er det oppretta ei ny arbeidsgruppe for turisme. Energiarbeidsgruppa er gjort om og skal først og fremst ha fokus på enøk og fornybare energikjelder. Universitetet i Petrozavodsk har teke initiativ til ei ny satsing på høgskule- og universitetssamarbeid i Barentsregionen.

Innanfor ramma av den årlege løyvinga frå Utanriksdepartementet gjev Det norske Barentssekretariatet i Kirkenes støtte til ei rekkje samarbeidsprosjekt på regionalt nivå i Barentsregionen. Det går no føre seg ei særleg aktiv satsing på kulturområdet gjennom BarentsKult-programmet. Det internasjonale Barentssekretariatet (IBS) er no vel etablert og i god drift. Det vert leidd av den russiske ambassadøren Aleksandr Ignatjev. IBS har tre tilsette som har gjort mykje for å støtte opp om arbeidet på alle nivå og sikre det internasjonale kontaktnettet. I 2009 har Utanriksdepartementet og Sametinget i fellesskap sendt ein urfolksmedarbeidar til det internasjonale Barentssekretariatet for ein toårsperiode og ønskjer på denne måten å bidra til å styrkje samarbeidet mellom urfolka i regionen. Sverige vil i år sekondere ein ny medarbeidar til IBS.

I regi av Barentsrådet er det etablert ein komité som handsamar grenseoverskridande redningsfaglege spørsmål i Barentsregionen. Ein multilateral redningsavtale for Barentsregionen vart signert i Moskva 11. desember 2008. Noreg, Russland, Sverige og Finland er partar i avtalen. Føremålet med avtalen er gjensidig bistand over landegrensene i krisesituasjonar og redningsoperasjonar.

Barentsregionen er ein region med store avstandar og få redningsressursar. Næraste redningsressurs kan vere på andre sida av grensa i eit naboland.

I september 2009 vart øvinga Barents Rescue 2009 halden. Øvingsserien Barents Rescue vert gjennomført annakvart år innanfor ramma av Barentsrådet (BEAC – Barents Euro-Arctic Council). Det overordna målet for øvingsrekkja Barents Rescue har vore å forenkle og betre kommunikasjon, koordinering og samarbeid mellom land og sivil-militære einingar som kan bli involverte i kriser i Barentsregionen. Ansvaret for øvingane går på omgang mellom medlemslanda i Barentsrådet. Sverige arrangerte øvinga i 2001, Noreg i 2005 og Finland i 2007. Russland var vert for øvinga i 2009. Finland, Sverige og Noreg deltok i øvinga med redningsressursar. Sverige arrangerer øvinga i 2011.

3.5 Arktisk råd

Den norske formannskapen i Arktisk råd 2006–2009 vart avslutta med ministermøtet i Tromsø 29. april 2009. Danmark har no overteke formannskapen. Sverige skal overta etter Danmark. Dette tyder at vi er inne i ein periode med seks års samanhengande nordiske formannskapar, som sluttar i 2013. Dei tre landa har samordna formannskapsprioriteringane sine. Det er oppretta eit sekretariat for Arktisk råd i Tromsø. Arktisk råd drøftar no om sekretariatet skal gjerast permanent.

Arktisk råd er blitt eit viktig politisk samarbeidsorgan dei siste åra. Dette skuldast dels ein ambisiøs og aktiv norsk formannskap, men i første rekkje skuldast utviklinga auka fokus på Arktis som følgje av klimaendringane. Auka politisk merksemd og effektivisering av arbeidet til rådet har vore nokre av prioriteringane for den norske formannskapen. På ministermøtet vart det mellom anna vedteke at Arktisk råd framover skal møtast på politisk nivå ein gong i året. Det første møtet var i København i år.

Klimaendring er eit hovudtema for arbeidet i Arktisk råd. I samband med ministermøtet i Arktisk råd vart det arrangert ein konferanse om issmelting under leiing av utanriksministeren og tidlegare visepresident Al Gore. Rapporten deira om status/konsekvensar av issmeltinga i verda vart lagd fram på klimamøtet COP15 i København i desember i fjor av Al Gore og utanriksministeren. Hovudelementa i arktisk klimaendring – at havisen trekkjer seg tilbake, Grønlandsisen smeltar, og permafrosten/snødekket vert redusert – har globale konsekvensar i form av sterkare temperaturauke og havnivåstigning. Konferansen la fram ny dokumentasjon om dette og om at partiklar (sot) og kortlevde klimagassar kan forklare opptil halvparten av temperaturauken i Arktis.

Eit anna hovudfokus for arbeidet i rådet er konsekvensane det får for miljø og urfolk at havisen trekkjer seg tilbake, men òg dei perspektiva dette opnar for auka menneskeleg aktivitet. Den største utfordringa i Arktis for rådsmedlemene er å finne balansen mellom vern og bruk av områda som kan bli liggjande opne når havisen har trekt seg tilbake. Arktisk råd samarbeider om m.a. to omfattande status-/konsekvensanalysar av olje-/gassverksemd og skipsfart i Arktis, retningslinjer for petroleumsverksemd offshore, samarbeid om søk og redning, oljevern, miljøvern og retningslinjer for heilskapleg ressursforvaltning. Ministermøtet oppretta ei arbeidsgruppe om søk og redning under leiing av USA og Noreg og vedtok i tillegg eit russisk prosjekt om tryggleik ved økonomisk utvikling i Arktis. Noreg tok på seg ei leiarrolle i dette prosjektet saman med Russland.

Auka ressursutnytting og trafikk i arktiske farvatn gjer det nødvendig å vurdere redningsberedskapen i desse farvatna. Rapporten Arctic Marine Shipping Assessment (AMSA) frå Arktisk råds arbeidsgruppe PAME (Protection of the Arctic Marine Environment) peikar på manglande redningsberedskap i arktiske farvatn og tilrår at det vert utarbeidd ein samarbeidsavtale om søk og redning. Ministermøtet i Tromsø gav mandat til at det vert oppretta ei arbeidsgruppe for å forhandle fram ein avtale om søk og redning i Arktis. Arbeidsgruppa vart leia av USA og Russland.

Ministermøtet vedtok i tillegg eit russisk prosjekt om tryggleik ved økonomisk utvikling i Arktis. Noreg tok på seg ei leiarrolle i dette prosjektet saman med Russland.

3.6 Nordisk samarbeid om europeiske spørsmål

Det er stor grad av nordisk semje i ei rekkje sentrale spørsmål som står på dagsordenen i EU. Dette gjeld m.a. sysselsetjing, demokrati, nærleik, openheit, likestilling, forbrukarvern og miljøvern. Sjølv om dei nordiske landa er knytte til EU på ulike måtar, knyter EØS-avtalen dei nordiske landa saman i ei felles marknadsramme. EØS-avtalen er dermed den viktigaste nordiske samarbeidsavtalen.

Det nordiske samarbeidet gjev ei viktig ramme for å koordinere nordisk europapolitikk, og europaspørsmål er difor eit fast punkt på dagsordenen for nordiske og nordisk-baltiske ministermøte. Noreg deltek òg med jamne mellomrom på nordiske eller nordisk-baltiske formøte før nokre av rådsmøta i EU. Dette gjeld særleg rådsmøte om miljø, energi og samferdsel.

Kontakten mellom dei nordiske hovudstadene, EU og dei nordiske EU-delegasjonane i Brussel er tett og god. Sett frå norsk side er det særleg viktig å sørgje for at europapolitiske saker med relevans for Noreg vert diskuterte i den nordiske kretsen på eit tidleg tidspunkt. Dette gjeld særleg EØSrelaterte spørsmål. Slik kan Noreg få indirekte innverknad på dei interne drøftingane i EU i saker som er viktige for oss. Det er difor viktig at norske styresmakter på alle nivå held fram med arbeidet med å utvide og utdjupe kontaktnettverket i nordiske EU-kretsar.

I spørsmålet om gjennomføringa av ein nordisk europapolitikk finst det ikkje nokon «nordisk blokk» i EU. EU-samarbeidet er ikkje prega av stabile geografiske blokkar. Det vert ført forhandlingar mellom EU-landa, og posisjonar vinn fram, gjennom alliansar av land som skiftar frå sak til sak. Likevel er det eit ganske nært samarbeid i ei «nordgruppe», som primært består av Danmark, Sverige, Storbritannia og Nederland.

Det er viktig å føre vidare det gode samarbeidet som er etablert mellom alle dei nordiske landa, både uformelt og formelt, når det gjeld informasjon og konsultasjonar i viktige spørsmål. Danmark har EU-formannskapen våren 2012. (Noreg har formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2012.) I desse halvårsperiodane vert det nære nordiske samarbeidet ekstra viktig for Noreg. Det er ofte enklare å vinne innpass i sentrale EU-prosessar med eit nordisk naboland ved EU-roret. Dette gjeld både informasjonsflyt og deltaking på møte i interessante EU-forum. Den svenske formannskapen hausten 2009 viste dette på ein god måte.

Den svenske formannskapen i EU arrangerte i desember 2009 ein konferanse i Kiruna om den framtidige samhøyrspolitikken i EU og regionalutviklinga i nord. I forkant av konferansen inviterte Kommunal- og regionaldepartementet dei europeiske regionalrådane som er stasjonerte i Brussel, til ein konferanse i Tromsø. Besøket opna for samtalar med dei fleste av dei 27 medlemslanda i EU. Det vart fokusert på utfordringar i det særprega nordområdet, som spreidd busetjing og klimautfordringar, og det vart høve til å markere regionalpolitikken og nordområdepolitikken til regjeringa, mellom anna overfor arktiske område.

Dei mest konkrete og synlege døma på nordisk samarbeid i EU-samanheng dei siste åra er etableringa av den nordiske militære innsatstyrken (Nordic Battle Group, NBG) som stod i beredskap våren 2008, og den aktive innlemminga av Noreg og Island i det EU-initierte samarbeidet i Den nordlege dimensjonen. Likevel er det framleis slik at Austersjø- og Barents-samarbeida til tider kan vere prega av at mange prosjekt er forankra i EU gjennom naboskapspolitikken (ENP) eller EU-programmet for regionalt samarbeid (Interreg)

Dei nordiske naboane våre er difor opptekne av at sambanda til Brussel er nære, og Kommisjonen deltek òg i Austersjø- og Barents-samarbeida. For Noreg vil det seie auka innsats for – og merksemd om – nordområda. Også på justis- og innanriksområdet er nordisk samarbeid sentralt. For Noreg er det viktig at vi held oppe dei nordiske modellane på område der EU etablerer og vidareutviklar tilsvarande samarbeid. Døme på slike område er det konsulære samarbeidet og visumsamarbeidet. Ved å sikre at det nordiske samarbeidet er velfungerande og attraktivt, kan vi medverke til at dei nordiske EU-medlemslanda vidarefører dette, sjølv når liknande samarbeid vert forsterka på EU-nivå.

Avtalen mellom Noreg, Island og EU om deltaking i Schengen-samarbeidet har gjort det mogeleg å halde oppe den nordiske passunionen. Avtalen inneber òg at alle dei nordiske landa er del av eit større europeisk område med reisefridom og at dei tek del i alle dei kompenserande tiltaka på mellom anna politisamarbeidsfeltet. Det er eit godt samarbeid mellom dei nordiske landa i spørsmål som er relevante for Schengen.

Til forsida