Meld. St. 3 (2010–2011)

Statsrekneskapen 2010

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelda 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er ført vidare under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 3 215,7 mrd. kroner ved utgangen av 2010, ein auke på 456,7 mrd. kroner frå utgangen av 2009. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

 

2009

2010

Endring

SPU

2 641 995

3 080 851

438 856

SPN

117 070

134 882

17 812

Statens pensjonsfond

2 759 065

3 215 733

456 668

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene til SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2010 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanspostar (medrekna kjøp og sal av aksjar i Statoil ASA), og avkastninga av formuen i fondet. Utgiftene til fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen ved handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond, vart det etablert som praksis at overføringa svarar til det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Ifølgje handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskotet over tid svara til venta realavkastning av SPU på 4 prosent.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank, og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske verdipapir tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter prinsippet om marknadsverdi. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føra tilsyn med bankens drift, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet nemner opp ekstern revisor for Noregs Bank, inkludert forvaltninga av SPU.

Tabell 3.2 nedanfor syner ei resultatoppstilling for SPU, jf. lov om Statens pensjonsfond si oppramsing av resultatelement som inngår i fondet. Tabell 3.3 syner balansen til fondet.

Resultatoppstillinga i tabell 3.2 syner ein netto auke i verdiane i fondet på 438,9 mrd. kroner i 2010. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 276,0 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2010 vart det overført 109,4 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2010 ikkje finanstransaksjonar, jf. lov om Statens pensjonsfond § 3. Stortinget vedtok 17. desember 2010 å avvikla Statens petroleumsforsikringsfond (SPFF) per 31. desember 2010 og å overføra midlane til SPU.2 Overføringa kom på i alt 19,8 mrd. kroner. Inntekt frå avkastning i fondet var 252,4 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem samla 86,1 mrd. kroner3 frå renter, utbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 35,2 mrd. kroner kjem frå realiserte vinstar på verdipapir, og 139,6 mrd. kroner kjem frå urealiserte vinstar på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein nedgang i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 8,5 mrd. kroner som følgje av noko styrkt kronekurs i 2010. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit resultat før valutakursregulering og forvaltningskostnader på 263,9 mrd. kroner (jf. spesifikasjon i tabell 3.2, note 5.)

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Statoil ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet over statsbudsjettet. For 2010 utgjer dette 166,6 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane frå statskassa til fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før.

For 2010 vart det samla overført 165,4 mrd. kroner5. Overføringane fordelte seg slik (tal i mill. kroner).6

Månad

Overføring

Januar

6 128

Februar

6 113

Mars

10 324

April

10 736

Mai

10 739

Juni

14 006

Juli

13 880

August

13 983

September

20 870

Oktober

21 152

November

37 461

Sum

165 392

I 2009 vart det overført 5 180 mill. kroner mindre frå statskassa til fondet enn netto avsetjing, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2009. Overføringane for 2010 utgjer 160 212 mill. kroner når ein tek omsyn til at det vart overført for lite i 2009. Dei kontante overføringane i 2010 er etter dette 6 390 mill. kroner mindre enn netto avsetjing til SPU etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2010 er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa (tabell 3.3). I tråd med tidlegare praksis vert dette avrekna i overføringane til fondet i det etterfølgjande året.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2010 er bokført til 3 080,9 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarar til marknadsverdien av fondet på 3 074,5 mrd. kroner med tillegg for mellomrekninga på 6,4 mrd. kroner. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.3, der òg bruttotal for balansen til fondet kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Departementet fastsette nytt mandat 8. november 2010, med verknad frå 1. januar 2011. Mandatet kom i staden for forskrifta, tidlegare utdjupande retningsliner frå departementet og forvaltningsavtale med Noregs Bank. Meir om dette står i Meld. St. 15 (2010–2011).

Den 18. mars 2011 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarar til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2010. Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 3 074,5 mrd. kroner ved utgangen av 2010. Avkastninga på dei utanlandske investeringane i fondet vart 9,6 prosent for heile 2010 når ein måler i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansetjinga til referanseporteføljen. Når ein fordeler avkastninga på aksje- og obligasjonsporteføljane, syner tala at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 13,3 prosent, medan avkastninga på obligasjonsinvesteringane utgjorde 4,1 prosent.

Verdien av den norske krona styrkte seg 0,1 prosent mot valutakorga til SPU i 2010. Dermed vart verdien av fondet målt i norske kroner tilsvarande lågare. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdera utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga til fondet i samsvar med forvaltningsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2010 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,11 prosent av kapitalen. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på om lag 1,0 mrd. kroner i 2010, mot 1,4 mrd. i 2009. Samla utgjorde forvaltningsgodtgjersla til Noregs Bank 2 959 mill. kroner i 2010. Dette er nærare spesifisert i note 2 i Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2010.

Noregs Banks årsmelding er utrykt vedlegg til Meld. St. 15 (2010–2011) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2010.

Tabell 3.2 Resultatoppstilling for SPU1) (tal i mill. kroner)

TekstNotar20092010

Statens pensjonsfond utland

 

 

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

279 794

275 957

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

- 2 162

0

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

- 107 221

- 109 356

Netto avsetjing til SPU over statsbudsjettet

170 412

166 602

Overførte midlar frå Statens petroleumsforsikringsfond

4

– 

19 838

Avkastning av plasseringane til fondet

5

191 950

252 416

Samla endring SPU

362 362

438 856

1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Dette talet utgjer netto kontantstraum frå petroleumsverksemda og vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane på statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2009

2010

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

61 501

58 830

72

Særskatt på oljeinntekter

103 733

96 779

74

Arealavgift m.m.

 1 470

1 373

Sum kap 5507

166 704

156 982

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

2 215

2 166

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

47

20

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

98 285

100 258

30

Avskrivingar

15 268

15 720

50

Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond

35

738

80

Renter av statens kapital

6 456

6 528

85

Renter på mellomvære

13

- 1

89

Oppgjer etter garantierklæring

0

875

Sum kap 5440

120 058

124 117

5685

85

Utbyte Statoil ASA

15 489

12 818

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

304 512

296 104

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

23 597

18 470

50

Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond

1 122

1 594

2442

Disponering av innrettingar på kontinentalsokkelen

21

Særskilde driftsutgifter

0

82

Sum utgifter til petroleumsverksemda

24 719

20 146

Sum netto kontantstraum

279 794

275 957

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

279 794

275 957

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

Dette talet utgjer netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda og vert overført til SPU over kapittel 2800, post 96 i statsbudsjettet. Netto finanstransaksjonar utgjer desse postane på statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2009

2010

1811

96

Aksjekjøp i Statoil ASA

2 162

0

Sum finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda

2 162

0

2800

96

Finanspostar overført til fondet

- 2 162

0

Rekneskapsført beløp i 2009 er knytt til overføring frå SPU for å finansiera finanstransaksjonar under Olje- og energidepartementet, jf. Kap. 1811 Statoil ASA, post 96 aksjekjøp.

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2009

2010

5800

50

Overføring frå fondet

107 221

109 356

Note 4 Inntekt ved overføring av midlar frå Statens petroleumsforsikringsfond

Stortinget vedtok 17. desember 2010 å avvikla Statens petroleumsforsikringsfond (SPFF) per 31. desember 2010 og å overføra midlane til SPU, jf. Innst. 144 L (2010–2011) og Prop. 47 LS (2010–2011). Overføringa utgjer 19,8 mrd. kroner og er presentert på ei særskild line i resultatoppstillinga ovanfor. Den tidlegare lova om SPFF vart oppheva same dag som fondet vart avvikla.

Note 5 Inntekter frå avkastning i fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU:

(tal i mill. kroner):

2009

2010

Renteinntekter av innskot i utanlandske bankar

462

377

Renteinntekter av utlån knytte til gjensalsavtalar

696

350

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– Aksjar og andelar

488 082

207 070

– Obligasjonar og andre renteberande verdipapir

118 971

60 316

– Finansielle derivat

7 398

– 3 552

Rentekostnad innlån knytte til gjenkjøpsavtalar

 - 2 571

- 574

Andre rentekostnader

- 60

- 105

Andre kostnader

- 193

- 9

Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar1)

612 785

263 873

Valutakursreguleringar

 - 417 607

- 8 498

Sum resultat

195 178

255 375

Forvaltningskostnad

 - 3 228

- 2 959

Årsresultat

191 950

252 416

1) I note 1 til Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar i 2010 spesifisert slik (tal i mill. kroner):

 

Renter

Utbyte

Inntekt/ kostnad

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Sum

Renteinntekter på innskot i utanlandske bankar

377

377

Renteinntekter på utlån knytte til gjensalsavtalar

350

350

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– Aksjar og andelar

42 775

1 446

30 494

132 355

207 070

– Obligasjonar og andre renteberande verdipapir

47 077

274

5 273

7 692

60 316

– Finansielle derivat

- 2 519

-538

- 495

- 3 552

Rentekostnad innlån

- 574

- 574

Andre rentekostnader

- 105

- 105

Andre kostnader

 

 

- 9

 

 

- 9

Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar

44 606

42 775

1 711

35 229

139 552

263 873

Summen av renteinntekter (44,6 mrd. kroner), aksjeutbyte (42,8 mrd. kroner) og andre nettoinntekter (1,7 mrd. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (3,0 mrd. kroner), utgjer 86,1 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2 kapittel 1.

Tabell 3.3 Balanse for SPU per 31.12.2010 (tal i mill. kroner)

2009

2010

Eigedelar

Konto i Noregs Bank2)

2 636 815

3 074 461

Mellomrekning med statskassa1)

5 180

6 390

Sum eigedelar

2 641 995

3 080 851

Eigenkapital

2 641 995

3 080 851

1) Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til SPU i 2010 vart 6 390 mill. kroner høgare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet. Denne differansen utgjer per 31.12.2010 ei forplikting for statskassa mot fondet, og vert innløyst ved ein auke i overføringa til fondet i 2011. Tilsvarande tal per 31.12.2009 var 5 180 mill. kroner.

2) I samsvar med forskrifta for forvaltning av SPU fastsett 22. desember 2006 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12. (tal i mill. kroner):

Eigedelar

2009

2010

Innskot utanlandske bankar

4 644

6 303

Utlån knytte til gjensalsavtalar

191 473

255 501

Avgjeven kontantsikring

140

0

Aksjar og andelar

1 496 759

1 733 378

Utlånte aksjar

150 847

162 483

Obligasjonar og andre renteberande papir

918 500

1 038 793

Utlånte obligasjonar*)

161 990

215 090

Finansielle derivat**)

2 263

3 068

Uoppgjorde handlar

17 572

4 864

Andre krav

251

1 358

Sum finansielle eigedelar

2 944 439

3 420 838

Gjeld og eigenkapital

 

 

Kortsiktige innlån

6 238

2 939

Innlån knytte til gjenkjøpsavtalar

109 536

132 992

Motteken kontantsikring

154 676

172 309

Obligasjonar og andre renteberande papir*)

10 278

809

Finansielle derivat**)

8 118

9 372

Uoppgjorde handlar

11 925

20 358

Anna gjeld

3 625

4 639

Skuldig forvaltningskostnad

3 228

2 959

Sum finansiell gjeld

307 624

346 377

Eigenkapital

2 636 815

3 074 461

Sum gjeld og eigenkapital

2 944 439

3 420 838

*) Frå og med rekneskapen for 2010 er såkalla short-selde obligasjonar ikkje lenger motrekna mot obligasjonar og andre renteberande papir. Short-selde obligasjonar er presenterte på ei særskild line under gjeld i balansen, som obligasjonar og andre renteberande papir. Tala for 2009 er tilsvarande omarbeidde. Sjå note 5 i Noregs Banks årsmelding om SPU for 2010.

**) Finansielle derivat: Endring i marknadsverdi av finansielle derivat er resultatført og er med i balansen. Slike posisjonar er spesifiserte i note til rekneskapen. Dei ulike derivata er nærare skildra i note 6 i Noregs Banks årsmelding om SPU for 2010. Delar av noten 6 er òg presenterte nedanfor (tal i mill. kroner):

Finansielle derivat per 31.12.2010

Eksponering

 

Verkeleg verdi

Kjøpte

Selde

 

Eigedel

Gjeld

Nettoverdi

Valutahandlar

29 849

0

402

316

86

Børsnoterte futurekontraktar

16 791

17 056

43

22

21

Rentebyteavtalar

25 002

74 689

1 847

7 300

- 5 453

Kredittbyteavtalar

37 092

2 246

41

749

- 708

Aksjebyteavtalar

39

128

21

77

- 56

Sum byteavtalar

62 133

77 063

1 909

8 126

- 6 217

Opsjonar

33 845

15 217

714

908

- 194

Sum finansielle derivat

142 618

109 336

3 068

9 372

- 6 304

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 17. mars 2011 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2010. Eigenkapitalen i SPN var 134,9 mrd. kroner ved utgangen av 2010, jf. tabell 3.5 nedanfor. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet var 87,9 mrd. kroner. Fondet hadde ein urealisert kursvinst på slike verdipapir på 10,3 mrd. kroner. Marknadsverdien av dei samla renteplasseringane var 51,1 mrd. kroner per 31. desember 2010. Det er i balansen elles ført opp krav med 0,5 mrd. kroner og gjeld på i alt 4,6 mrd. kroner, der 4,0 mrd. kroner er knytt til kontantsikring og 0,6 mrd. kroner er anna gjeld (først og fremst repohandlar).

I 2010 var inntektene i SPN (medrekna endring i urealiserte vinstar) på 17,9 mrd. kroner, jf. tabell 3.4 nedanfor.7 Renteinntekter utgjorde 2,4 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 2,4 mrd. kroner. Dei realiserte verdipapirvinstane var på til saman 3,4 mrd. kroner, medan urealiserte verdipapirvinstar var på 10,0 mrd. kroner. Netto andre inntekter var negative med 0,4 mrd. kroner. Samla administrasjons- og forvaltningskostnader var 90,9 mill. kroner.

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2010. Avkastninga i fondet i 2010 var på 15,3 prosent. Avkastninga på plasseringane til fondet i norske renteinstrument var på 7,5 prosent, medan avkastninga på norske aksjar var på 19,1 prosent. Avkastninga av rente- og aksjeplasseringar i resten av Norden var på høvesvis 3,7 og 28,2 prosent.

Folketrygdfondets forvaltning av SPN vart i 2010 revidert av revisjonsselskapet Ernst & Young, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.4 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2009

2010

Renteinntekter

2 731

2 434

Aksjeutbyte

2 004

2 443

Netto realisert verdipapirvinst/tap frå:

– Renteplasseringar m.m.

690

1 256

– Aksjeplasseringar

290

2 119

Netto endring urealisert verdipapirvinst/tap frå:

– Renteplasseringar m.m.

- 727

- 253

– Aksjeplasseringar

24 319

10 277

Netto andre inntekter

103

- 373

Sum resultat før kostnader

29 410

17 903

Administrasjons- og forvaltningskostnader

91

91

Resultat1)

29 319

17 812

1) Summen av renteinntekter (2 434 mill. kroner), aksjeutbyte (2 443 mill. kroner) og netto andre inntekter (-373 mill. kroner), med frådrag for administrasjons- og forvaltningskostnader (91 mill. kroner), utgjer 4 413 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2, kapittel 1.

Tabell 3.5 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12.2010 (tal i mill. kroner)

 

2009

2010

Eigedelar

Aksjar

73 292

87 915

Obligasjonar og sertifikat

42 792

44 894

Valutasikringsinstrument og renteswapar

482

590

Krav

606

472

Bankinnskot

2 107

5 607

Sum eigedelar

119 279

139 478

Gjeld og eigenkapital

Eigenkapital SPN

117 070

134 882

Gjeld knytt til motteken kontantsikring

448

4 024

Anna gjeld

1 761

572

Sum gjeld og eigenkapital

119 279

139 478

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2.

Jf. Innst. 144 L (2010–2011) og Prop. 47 LS (2010–2011).

3.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, på 86,1 mrd. kroner, inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2 kapittel 1. I tabell 3.2, note 5 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

4.

Netto avsetjing til fondet for 2010 (166,6 mrd. kroner) utgjer netto kontantstraum (276,0 mrd. kroner) med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (109,4 mrd. kroner).

5.

I tillegg til kontantoverføringa på 165,4 mrd. kroner vart det overført 19,8 mrd. kroner frå Statens petroleumsforsikringsfond, slik at samla tilført kapital i 2010 var 185,2 mrd. kroner. Sjå òg note 8 om eigars kapital i Noregs Banks årsmelding om SPU for 2010.

6.

Det vert normalt ikkje gjort overføringar til fondet i desember.

7.

Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.4 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.2 i kapittel 1.
Til forsida