Meld. St. 3 (2011–2012)

Statsrekneskapen 2011

Til innhaldsliste

2 Departementsvise omtalar

Dette kapittelet har ein kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og overgangsordninga for eksportfinansiering. Kapittelet syner utviklinga på utgiftsområda dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2009, 2010 og 2011 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2011. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei eiga rad i tabellen.

Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. Overføringar frå eit år til det neste vert avgjorde på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde og gjev ei oversikt over samla inntekter frå refusjonar og andre meirinntekter knytte til områda.

Det kan vera avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vera i samsvar med rekneskapen.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

00.10

Kongehuset

186,1

176,3

185,6

185,4

00.30

Regjeringa

286,2

297,5

322,2

321,9

00.40

Stortinget og underliggjande institusjonar

1 389,5

1 401,7

1 492,2

1 432,0

Sum før lånetransaksjonar

1 861,8

1 875,5

1 999,9

1 939,3

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Konstitusjonelle institusjonar

1 861,8

1 875,5

1 999,9

1 939,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 60,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 45,6 mill. kroner, frå 1 999,9 mill. kroner til 2 045,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 106,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 15,0 mill. kroner. Det er overført til saman 78,3 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar auka nominelt med 77,5 mill. kroner, frå knapt 1,9 mrd. kroner i 2009 til drygt 1,9 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 0,7 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 3,4 prosent.

På programkategori 00.10 Kongehuset har utgiftene minka med 0,7 mill. kroner, frå 186,1 mill. kroner i 2009 til 185,4 mill. kroner i 2011. Utgiftene minka med 5,3 prosent frå 2009 til 2010 og auka med 5,2 prosent frå 2010 til 2011. Netto nedgang over perioden må sjåast på bakgrunn av rehabiliteringa av Oscarshall, som vart sluttført i 2009.

På programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene auka med 35,7 mill. kroner, frå 286,2 mill. kroner i 2009 til 321,9 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 3,9 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 8,2 prosent. Auken i 2011 må ein òg sjå i samanheng med meirbehov som følgje av angrepa mot regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli.

På programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar auka utgiftene med 42,5 mill. kroner, frå 1 389,5 mill. kroner i 2009 til 1 432,0 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 0,9 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 2,2 prosent.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp (den offisielle utviklingshjelpa, ODA).

Programområde 02 Utanriksforvaltning

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

02.00

Administrasjon av utanrikstenesta

1 841,2

1 852,3

1 821,4

1 888,7

02.10

Utanriksføremål

3 650,6

4 401,0

4 359,6

4 210,7

Sum før lånetransaksjonar

5 491,9

6 253,3

6 181,0

6 099,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,1

0,4

0,1

Sum Utanriksforvaltning

5 491,9

6 253,3

6 181,3

6 099,5

Programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp

03.00

Administrasjon av utviklingshjelpa

1 275,0

1 329,4

1 333,3

1 350,1

03.10

Bilateral hjelp

4 586,6

4 366,5

4 215,4

4 288,3

03.20

Globale ordningar

13 188,4

15 106,2

14 108,2

14 057,4

03.30

Multilateral hjelp

6 523,4

6 374,9

6 635,6

6 595,6

Sum før lånetransaksjonar

25 573,4

27 177,0

26 292,6

26 291,4

Lånetransaksjonar

441,3

474,3

757,3

757,3

Sum Internasjonal bistand

26 014,7

27 651,3

27 049,8

27 048,6

Sum Utanriksdepartementet

31 506,5

33 904,6

33 231,2

33 148,2

Programområde 02 Utanriksforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett 2011 og rekneskap 2011 før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 81,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 500,6 mill. kroner, frå 6 181,0 mill. kroner til 6 681,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 582,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 85,7 mill. kroner. Det er overført til saman 619,5 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Mesteparten av overførte beløp er knytt til kap. 100 Utanriksdepartementet (81,1 mill. kroner) og kap. 117 EØS-finansieringsordningane (426,3 mill. kroner).

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,3 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene før lånetransaksjonar på programområde 02 Utanriksforvaltning auka nominelt med 0,6 mrd. kroner, frå knapt 5,5 mrd. kroner i 2009 til 6,1 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 13,9 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 2,5 prosent, for det meste på grunn av endra utbetalingar til EØS-finansieringsordningane på programkategori 02.10.

På programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikstenesta har utgiftene auka med 47,5 mill. kroner, frå 1,84 mrd. kroner i 2009 til 1,89 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 0,6 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 2,0 prosent.

På programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene auka med 0,56 mrd. kroner, frå 3,65 mrd. kroner i 2009 til 4,21 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 20,6 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 4,3 prosent, for det meste på grunn av endra utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.

Programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 557,5 mill. kroner, frå 26 292,6 mill. kroner til 26 850,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 558,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 15,2 mill. kroner. Det er overført til saman 555,8 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene før lånetransaksjonar på programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp auka nominelt med 0,7 mrd. kroner, frå 25,6 mrd. kroner i 2009 til 26,3 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 6,3 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 3,3 prosent.

På programkategori 03.00 Administrasjon av utviklingshjelpa har utgiftene auka med 75 mill. kroner, frå 1 275 mill. kroner i 2009 til 1 350 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 4,3 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 1,6 prosent.

På programkategori 03.10 Bilateral hjelp har utgiftene minka med 0,3 mrd. kroner, frå 4,6 mrd. kroner i 2009 til 4,3 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 4,8 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 1,8 prosent.

På programkategori 03.20 Globale ordningar (ekskl. lånetransaksjon til Norfund) har utgiftene auka med 0,9 mrd. kroner, frå 13,2 mrd. kroner i 2009 til 14,1 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 14,5 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 6,9 prosent.

Overføringar knytte til lånetransaksjonar har auka i perioden, frå 441 mill. kroner i 2009 til 474 mill. kroner i 2010 og til 757 mill. kroner i 2011. Lånetransaksjonane gjeld i hovudsak Norfund.

På programkategori 03.30 Multilateral hjelp har utgiftene auka med 72 mill. kroner, frå drygt 6,5 mrd. kroner i 2009 til knapt 6,6 mrd. kroner i 2011. Utgiftene minka med 2,3 prosent frå 2009 til 2010 og auka med 3,5 prosent frå 2010 til 2011.

Utbetalingar av utviklingshjelp i perioden 2007–2011

Ved framlegginga av budsjettforslaget for 2011, jf. Prop 1 S (2010–2011) utgjorde budsjettframlegget på programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp 27,05 mrd. kroner, tilsvarande 1,02 prosent av venta bruttonasjonalinntekt (BNI) for 2011.

Rekneskapen for 2011 syner at det er utbetalt 27,05 mrd. kroner i utviklingshjelp, tilsvarande 0,98 prosent av BNI for 2011, slik BNI for 2011 er forventa no.

Oversikta nedanfor syner utbetalingar av offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2007–2011:

År

Utbetalt i mill. kroner

Utbetalt i prosent av BNI*

Unytta løyving overført til neste termin ( i mill. kroner)

Ubrukt løyving overført neste budsjettermin, i prosent av budsjett

2007

20 778

0,90

282

1,3

2008

22 555

0,89

404

1,8

2009

26 015

1,10

1 027

3,9

2010

27 651

1,08

557

2,0

2011

27 049

0,98

556

2,0

* Tal for BNI frå nasjonalrekneskapen per 7. mars 2012. Tal for BNI i 2010 og 2011 er førebels.

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsdepartementet

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

07.10

Administrasjon

230,9

246,5

259,3

266,6

07.20

Grunnopplæring

5 853,6

6 326,4

6 737,9

6 746,3

07.30

Barnehagar1)

24 059,2

26 198,9

467,7

447,9

07.50

Vaksenopplæring m.m.

1 226,9

1 264,8

1 325,1

1 306,6

07.60

Høgare utdanning og fagskuleutdanning

24 373,1

24 658,1

26 170,4

26 143,2

07.70

Forsking

4 390,7

4 592,7

4 706,2

4 713,2

07.80

Utdanningsfinansiering

9 856,7

8 432,8

10 409,3

10 361,0

Sum før lånetransaksjonar

69 991,0

71 720,2

50 076,0

49 984,7

Lånetransaksjonar

31 232,2

22 578,4

21 706,4

21 888,9

Sum Kunnskapsdepartementet

101 223,2

94 298,7

71 782,4

71 873,6

1) Tilskota til drift av barnehagar vart frå 2011 lagde over i rammetilskotet til kommunane, jf. programkategori 13.70 under Kommunal- og regionaldepartementet.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 91,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 324,5 mill. kroner, frå 50 076,0 mill. kroner til 50 400,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 415,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 59,6 mill. kroner. Det er overført til saman 408,8 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 182,5 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene før lånetransaksjonar på programområde 07 Kunnskapsdepartementet minka nominelt med 20,0 mrd. kroner, frå 70,0 mrd. kroner i 2009 til 50,0 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 2,5 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 30,3 prosent. Nedgangen i utgiftene har kome på programkategori 07.30, fordi finansieringa av barnehagane er flytta over i rammetilskotet til kommunane. Lånetransaksjonar på programområde 07 minka med 27,7 prosent frå 2009 til 2010 og med 3,1 prosent frå 2010 til 2011. Nedgangen frå 2009 til 2010 kjem stort sett av lågare kapitalinnskot til forskingsfonda i 2010 enn i 2009.

På programkategori 07.20 Grunnopplæring har utgiftene auka med 0,9 mrd. kroner, frå knapt 5,9 mrd. kroner i 2009 til drygt 6,7 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 8,1 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 6,6 prosent. Grunnopplæringa og den vidaregåande opplæringa vert stort sett finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Løyvinga over programkategori 07.20 går til særskilde tiltak i grunnopplæringa. Ein stor del av løyvinga går til tilskot til private skular. Utgiftsauken kjem mellom anna av at det er vorte fleire elevar i dei private skulane.

Utgiftene på programkategori 07.30 Barnehagar minka med 98,3 prosent frå 2010 til 2011 fordi barnehagefinansieringa vart lagd over i rammetilskotet til kommunane. Utgiftene på denne programkategorien i 2011 har gått til særskilde tiltak i barnehagesektoren.

På programkategori 07.60 Høgare utdanning og fagskuleutdanning har utgiftene auka med 1,8 mrd. kroner, frå 24,4 mrd. kroner i 2009 til drygt 26,1 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 1,2 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 6,0 prosent. Utgiftsauken frå 2010 til 2011 heng saman med etablering av nye studieplassar. Dessutan vart ein del av fagskuletilskotet, som i 2010 vart lagt over i rammetilskotet til fylkeskommunane, ført inn att på kategori 07.60 i 2011.

På programkategori 07.70 Forsking har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 4,4 mrd. kroner i 2009 til 4,7 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 4,6 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 2,6 prosent. Ein grunn til utgiftsauken i 2010 er at dette var fyrste året med avkastning frå dei regionale forskingsfonda, og denne avkastninga vart brukt til forskingstilskot. Dessutan gav auka avkastning frå Fondet for forsking og nyskaping auka løyvingar.

På programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering minka utgiftene med 1,4 mrd. kroner frå 2009 til 2010, ein nedgang på 14,4 prosent. Det meste av denne nedgangen kjem av ei eingongsnedjustering av avsetjinga til konverteringsfondet. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 22,9 prosent, det vil seia om lag 1,9 mrd. kroner. Det meste av denne auken kjem av at avsetjinga til konverteringsfondet er auka til eit normalt nivå att etter nedjusteringa i 2011.

Utgiftene under lånetransaksjonar minka med 8,7 mrd. kroner frå 2009 til 2010, og minka vidare med 0,7 mrd. til 21,9 mrd. i 2011. Det meste av nedgangen frå 2009 til 2010 skriv seg frå eit innskot av fondskapital med 6,0 mrd. kroner i Regionale forskingsfond i 2009. Det vart ikkje gjort tilsvarande innskot i 2010. Dessutan var kapitalauken i Fondet for forsking og nyskaping 1,0 mrd. mindre i 2010 enn i 2009, og 2,0 mrd. kroner mindre i 2011 enn i 2010. Nye utlån i Lånekassa auka med om lag 1,3 mrd. kroner. Sjå òg kap. 2.19, der detaljar kring utlåna frå Lånekassa er nærare spesifiserte.

2.4 Kulturdepartementet

Programområde 08 Kulturføremål

(i mill. kr)

Programkategori1)

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

08.10

Administrasjon m.m.

195,4

182,8

114,4

116,5

08.15

Samfunns- og frivilligheitsføremål

800,5

794,0

1 156,4

1 131,7

08.20

Kulturføremål

5 536,8

5 942,8

6 214,8

6 220,3

08.30

Film- og medieføremål

946,8

990,8

1 107,2

1 097,6

Sum før lånetransaksjonar

7 479,5

7 910,4

8 592,8

8 566,1

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Kulturdepartementet

7 479,5

7 910,4

8 592,8

8 566,1

1) Den tidlegare programkategorien 08.40 Den norske kyrkja er frå 2010 flytta til programkategori 01.90 under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Tala for 2009 er omklassifiserte tilsvarande.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 26,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 102,5 mill. kroner, frå 8 592,8 mill. kroner til 8 695,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 129,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 35,0 mill. kroner. Det er overført til saman 116,3 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 08 Kulturføremål auka nominelt med 1,1 mrd. kroner, frå 7,5 mrd. kroner i 2009 til 8,6 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 5,8 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 8,3 prosent.

På programkategori 08.15 Samfunns- og frivilligheitsføremål har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 0,8 mrd. kroner i 2009 til 1,1 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 0,8 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 42,5 prosent. Den samla auken kjem for det meste av kompensasjonsordninga for meirverdiavgift for frivillige organisasjonar. I 2010 og 2011 vart løyvingane auka med om lag 200 mill. kroner kvart år til dette føremålet.

På programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene auka med 0,7 mrd. kroner, frå 5,5 mrd. kroner i 2009 til 6,2 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 7,3 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 4,7 prosent. Størst auke i 2011 hadde scenekunstfeltet, med 109,8 mill. kroner.

På programkategori 08.30 Film- og medieføremål har utgiftene auka med 151 mill. kroner, frå 947 mill. kroner i 2009 til 1 098 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 10,8 prosent. Storparten av auken, om lag 70 mill. kroner, kjem av at utgiftene til Lotteri- og stiftelsestilsynet frå 2011 vart flytta frå programkategori 08.10 Administrasjon m.m.

Kulturløftet har som mål at 1 prosent av utgiftene i statsbudsjettet skal gå til kulturføremål innan 2014. Utgiftsauken i 2011 utanom utgiftene til trussamfunn m.m. under kapittel 310 og meirverdikompensasjon til bygging av idrettsanlegg under kapittel 315 er knytt til oppfølging av Kulturløftet. Auken i Kulturløftet under Kulturdepartementet i perioden 2010–2011 utgjorde 584,8 mill. kroner. Det meste av utgiftsauken har gått til frivillig verksemd, allmenne kulturføremål, museum, biletkunst, musikk, scenekunst, språk, litteratur, bibliotek, arkiv og film- og medieføremål. Områda med størst auke var scenekunst, særleg Den Norske Opera & Ballett.

2.5 Justis- og politidepartementet

Programområde 06 Justissektoren

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

06.10

Administrasjon

277,6

333,8

372,8

384,8

06.20

Rettsstell

2 027,1

2 126,4

2 222,7

2 254,4

06.30

Kriminalomsorg

3 476,5

3 698,2

3 724,6

3 845,1

06.40

Politi- og påtalemakt

11 289,5

12 301,8

12 438,7

12 841,4

06.50

Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap

1 734,4

1 775,1

1 843,5

1 949,1

06.60

Andre verksemder

1 044,1

952,6

1 018,9

1 008,7

06.70

Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m.

1 064,4

1 185,6

1 241,3

1 208,0

06.80

Svalbardbudsjettet

-297,8

-94,9

88,6

-543,6

06.90

Beskyttelse og innvandring1)

3 826,0

4 206,2

3 828,8

3 784,4

Sum før lånetransaksjonar

24 441,7

26 484,7

26 779,8

26 732,3

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Justis- og politidepartementet

24 441,7

26 484,7

26 779,8

26 732,3

1) Programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring vart flytta frå Arbeidsdepartementet (AD) i 2010. Samanliknbare tal for 2009 var tidlegare klassifiserte i kategori 09.90 under AD.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 47,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 546,4 mill. kroner, frå 26 779,8 mill. kroner til 27 326,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 593,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 725,7 mill. kroner. Det er overført til saman 578,3 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 06 Justissektoren auka nominelt med 2,3 mrd. kroner, frå 24,4 mrd. kroner i 2009 til 26,7 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 8,4 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 0,9 prosent.

På programkategori 06.10 Administrasjon har utgiftene auka med 107 mill. kroner, frå 278 mill. kroner i 2009 til 385 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 20,2 prosent, mellom anna fordi ansvaret for innvandringsfeltet vart flytta frå det som då var Arbeids- og inkluderingsdepartementet, til Justisdepartementet. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 15,3 prosent, det meste kjem av utgifter etter angrepa 22. juli.

På programkategori 06.20 Rettsstell har utgiftene auka med 227 mill. kroner, frå 2,0 mrd. kroner i 2009 til knapt 2,3 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 4,9 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 6,0 prosent. I perioden er løyvinga til jordskiftedomstolane auka og bemanninga i domstolane elles styrkt.

På programkategori 06.30 Kriminalomsorg har utgiftene auka med 369 mill. kroner, frå 3,5 mrd. kroner i 2009 til 3,8 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 6,4 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 4,0 prosent. Utgiftsauken heng saman med kapasitetsutvidande tiltak og etablering av straffegjennomføring med elektronisk kontroll.

På programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene auka med 1,6 mrd. kroner, frå 11,3 mrd. kroner i 2009 til 12,8 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 9,0 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 4,4 prosent. Hovudgrunnen er auka bemanning gjennom tilsetjing av nyutdanna politifolk frå Politihøgskulen.

På programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene auka med 215 mill. kroner, frå drygt 1,7 mrd. kroner i 2009 til drygt 1,9 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 2,3 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 9,8 prosent. Auken heng saman med auking av løyvingane til Naudnett trinn 2, til redningshelikoptertenesta og til utgifter etter angrepa 22. juli, mellom anna investeringar i sivilforsvarsmateriell, fleire minnemarkeringar på Utøya og erstatning av utstyr til Krisestøtteeininga.

Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet syner netto inntekter på 543,6 mill. kroner for 2011. Rekneskapen synte òg netto inntekter i 2009 og 2010. Tilskotet til Svalbardbudsjettet kjem fram av kapittel 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot som òg inneheld skatteinntekter til Svalbard. Dei siste tre åra har det vore høgare skatteinntekter enn lagt til grunn ved budsjetteringa, og netto utgifter vart dermed negative.

På programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring har utgiftene minka med 42 mill. kroner frå 2009 til 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 9,9 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 10,0 prosent. Hovudgrunnen til endringane er variasjonar i talet på asylsøkjarar.

2.6 Kommunal- og regionaldepartementet

Programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

13.10

Administrasjon m.m.

207,2

187,7

175,1

183,2

13.50

Distrikts- og regionalpolitikk

2 545,3

2 691,2

2 812,6

2 768,7

13.70

Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m.1)

80 776,1

86 931,4

131 875,6

131 868,3

13.80

Bustad, bustadmiljø og bygg

6 355,5

6 683,2

8 064,5

7 442,6

Sum før lånetransaksjonar

89 884,1

96 493,6

142 927,8

142 262,7

Lånetransaksjonar

13 259,0

12 905,6

14 400,0

14 368,5

Sum Kommunal- og regionaldepartementet

103 143,1

109 399,2

157 327,8

156 631,2

1)Tilskota til drift av barnehagar på til saman om lag 28 mrd. kroner vart frå 2011 lagde over i rammetilskotet til kommunane, jf. programkategori 07.30 under Kunnskapsdepartementet.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 665,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 488,0 mill. kroner, frå 142 927,8 mill. kroner til 143 415,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 153,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 11,7 mill. kroner. Det er overført til saman 1 094,6 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 31,5 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet før lånetransaksjonar auka nominelt med 52,4 mrd. kroner, frå 89,9 mrd. kroner i 2009 til 142,3 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 7,4 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 47,4 prosent. Hovudgrunnen er at utgiftene på programkategori 13.70 Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m. har auka.

På programkategori 13.10 Administrasjon m.m. har utgiftene minka med 24 mill. kroner, frå 207 mill. kroner i 2009 til 183 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 9,4 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 2,4 prosent. Nedgangen frå 2009 til 2010 har samanheng med at 2010 ikkje var noko valår. Nedgangen i 2011 har samanheng med at val er flytta til programkategori 13.70 Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m.

På programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene auka med 223 mill. kroner, frå drygt 2,5 mrd. kroner i 2009 til knapt 2,8 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 5,7 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 2,9 prosent. Rekneskapen syner eit mindreforbruk på 128,9 mill. kroner når ein tek omsyn til overføringane frå 2010. Det gjeld stort sett prosjekt som ikkje vart ferdigstilte.

På programkategori 13.70 Rammeoverføringar til kommunesektoren har utgiftene auka med 51,1 mrd. kroner, frå 80,8 mrd. kroner i 2009 til 131,9 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 7,6 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 51,7 prosent. Utgiftene innanfor denne programkategorien må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet. Auken frå 2010 til 2011 på om lag 44,9 mrd. kroner skriv seg mellom anna frå innlemming av øyremerkte tilskot til barnehagar i rammetilskotet til kommunar og endra fordeling av kommunesektorens inntekter mellom skatt og rammetilskot.

På programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå knapt 6,4 mrd. kroner i 2009 til drygt 7,4 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 5,2 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 11,4 prosent. Det er særleg løyvingane til investeringstilskotet til heildøgns omsorgsbustader og sjukeheimsplassar og til rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg som har auka. Det samla mindreforbruket i 2011 var på 621,9 mill. kroner i høve til budsjettet, om ein held Husbanken sine låneordningar utanfor. Når ein tek omsyn til overførte midlar frå 2010, er mindreforbruket på 1,0 mrd. kroner. Av dette er 773 mill. kroner knytt til investeringstilskotet og kjem av at færre prosjekt enn føresett vart ferdige til årsskiftet.

Lånetransaksjonane syner ein auke på 1,1 mrd. kroner frå 13,3 mrd. kroner i 2009 til 14,4 mrd. kroner i 2011. Det var ein nedgang på 2,7 prosent frå 2009 til 2010 og ein auke på 11,3 prosent frå 2010 til 2011. Den auka løyvinga på låneposten til Husbanken er knytt til auka låneramme og til endring av budsjettering og rekneskapsføring av lånepostane frå 2010. Heile låneramma på 20 mrd. kroner vart disponert i 2011. Sjå og kapittel 2.19, der detaljar kring utlåna frå Husbanken er nærare spesifiserte.

2.7 Arbeidsdepartementet

Arbeidsdepartementet hadde i 2011 ansvaret for tre programområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

(i mill. kr)

Programkategori2)

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

09.00

Administrasjon1)

462,4

369,4

414,5

409,6

09.10

Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken1)

11 505,3

11 405,2

10 329,4

10 980,8

09.20

Tiltak for betra levekår m.m.

808,3

1 008,4

278,9

333,4

09.30

Arbeidsmarknad

6 951,1

8 021,8

7 046,4

7 057,3

09.40

Arbeidsmiljø og tryggleik

783,9

785,2

793,8

830,1

09.50

Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse3)

9 112,3

9 204,1

11 039,2

10 953,4

09.60

Kontantytingar

2 602,6

3 019,7

3 440,6

3 414,9

Sum før lånetransaksjonar

32 225,9

33 813,8

33 342,8

33 979,5

Lånetransaksjonar3)

5 736,5

12 124,2

15 200,0

16 343,5

Sum Arbeid og sosiale føremål

37 962,3

45 938,0

48 542,8

50 322,9

Programområde 29 Sosiale føremål, folletrygda

29.20

Einslege forsørgjarar

3 792,0

3 833,4

3 847,2

3 809,6

29.50

Inntektssikring ved sjukdom og uførleik

118 139,3

122 339,4

128 260,4

127 738,3

29.60

Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.

8 543,9

8 669,3

8 452,0

8 491,6

29.70

Alderdom

112 844,7

121 088,2

135 386,0

135 496,5

29.80

Forsørgjartap og eineomsorg for barn m.m.

2 630,0

2 642,7

2 695,5

2 672,7

29.90

Diverse utgifter

408,4

331,4

400,0

568,5

Sum før lånetransaksjonar

246 358,4

258 904,4

279 041,1

278 777,2

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Sosiale føremål, folketrygda

246 358,4

258 904,4

279 041,1

278 777,2

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

33.30

Arbeidsliv

10 683,9

12 857,2

12 090,0

11 835,4

Sum før lånetransaksjonar

10 683,9

12 857,2

12 090,0

11 835,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, folketrygda

10 683,9

12 857,2

12 090,0

11 835,4

Sum Arbeidsdepartementet

295 004,6

317 699,6

339 673,8

340 935,6

1) Programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken er oppretta som eigen kategori frå 2010. Samanliknbare rekneskapstal for 2009 er omklassifiserte frå kategori 09.00 Administrasjon.

2) Dei tidlegare programkategoriane 09.70 Nasjonale minoritetar og 09.80 Samiske føremål, er frå 2010 flytta til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet under høvesvis kategoriane 01.40 og 01.33. Tidlegare programkategori 09.50 Integrering og mangfald er flytta til Justis- og politidepartementet under kategori 11.05.

3) Programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse vart frå 2010 flytta frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD).Tal for 2009 var tidlegare klassifiserte i kategori 01.40 og som lånetransaksjonar under FAD.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 636,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 830,9 mill. kroner, frå 33 342,8 mill. kroner til 34 173,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 194,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 452,0 mill. kroner. Det er overført til saman 550,3 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 143,5 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 09 Arbeid og sosiale føremål før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,8 mrd. kroner frå 32,2 mrd. kroner i 2009 til 34,0 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 4,9 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 0,5 prosent.

Auken frå 2009 til 2010 kjem mellom anna av auka utgifter til arbeidsmarknadstiltak. Auken frå 2010 til 2011 kjem stort sett av auka utgifter til pensjonar under Statens pensjonskasse, sjå omtale under programkategori 09.50.

Programkategori 9.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken

På programkategori 9.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken har utgiftene minka med drygt 0,5 mrd. kroner, frå 11,5 mrd. kroner i 2009 til 11,0 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 0,9 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 3,7 prosent. Hovudårsaka til nedgangen frå 2010 til 2011 er at både IKT-pensjonsprogrammet og den organisatoriske delen av NAV-reforma var inne i ein sluttfase.

Programkategori 9.20 Tiltak for betra levekår m.m.

På programkategori 9.20 Tiltak for betra levekår m.m. har utgiftene minka med 0,5 mrd. kroner, frå 0,8 mrd. kroner i 2009 til 0,3 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 24,8 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 66,9 prosent. Det meste av auken frå 2009 til 2010 skriv seg frå utgifter til kvalifiseringsprogrammet og kvalifiseringsstønaden, som vart fasa inn i takt med etableringa av NAV-kontor i kommunane. Tilskot til kommunane for å dekkja meirkostnader som gjeld kvalifiseringsprogrammet, vart før løyvde over kapittel 621, post 62. Frå og med 2011 vart midlane løyvde over rammetilskotet til kommunane. Dette er hovudårsaka til nedgangen frå 2010 til 2011.

Programkategori 09.30 Arbeidsmarknad

På programkategori 09.30 Arbeidsmarknad har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 7,0 mrd. kroner i 2009 til 7,1 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 15,4 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 12,0 prosent.

Når ein tek omsyn til overføringar på 35 mill. kroner frå 2010, er det ei mindreutgift på programkategorien på 24 mill. kroner. Denne mindreutgifta kjem fyrst og fremst av lågare gjennomsnittleg pris på arbeidsmarknadstiltak enn det som vart lagt til grunn for løyvinga.

Programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse

På programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse har utgiftene auka med drygt 1,8 mrd. kroner i perioden 2009 til 2011, frå 9,1 mrd. kroner i 2009 til knapt 11,0 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 0,1 mrd. kroner, og frå 2010 til 2011 auka dei med drygt 1,7 mrd. kroner. Det svarar til ein auke på høvesvis 1,0 prosent og 19,0 prosent.

Auken i pensjonsutbetaling skriv seg frå ein vekst i talet på mottakarar med 4 prosent samanlikna med 2010. Auken i mottakartalet har vore størst for alderspensjon.

Brutto utlån for bustadlånsordninga (lånetransaksjonar) på kapittel 614 har auka frå 5,7 mrd. kroner i 2009 til 16,3 mrd. kroner i 2011. Dette utgjer ein årleg gjennomsnittleg vekst i brutto utlån på 69 prosent. Auken kjem stort sett av større etterspurnad etter lån og av vekst i gjennomsnittleg utbetalt beløp pr. lån. Netto auke i utlån for bustadlånsordninga er mindre enn auken i brutto utlån fordi mykje av auken i nye lån vert motsvara av innfriing av gamle lån. Samla utlån i bustadlånsordninga per 31.12.2011 er 42,6 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.19, der detaljar kring utlåna frå bustadlånsordninga i SPK er nærare spesifiserte.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 263,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 90,5 mill. kroner, frå 279 041,1 mill. kroner til 279 131,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 354,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

Det er ikkje meirinntekter eller refusjonar knytte til programområdet, sidan det stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er overført til saman 96,4 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 29 Sosiale føremål auka nominelt med 32,4 mrd. kroner, frå 246,4 mrd. kroner i 2009 til 278,8 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 5,1 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 7,7 prosent.

Programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom og uførleik

På programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom og uførleik har utgiftene auka med 9,6 mrd. kroner, frå 118,1 mrd. kroner i 2009 til 127,7 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 3,6 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 4,4 prosent. Programkategorien omfattar mellom anna sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og uføreytingar.

Utgiftene til sjukepengar for arbeidstakarar var på 30,7 mrd. kroner i 2011, ein nedgang på 1,4 mrd. kroner frå 2009. Utgiftene til uførepensjon var på 56,7 mrd. kroner i 2011, ein auke på 5,4 mrd. kroner frå 2009.1 Utgiftene til arbeidsavklaringspengar var på 35,5 mrd. kroner i 2011, ein auke på 5,7 mrd. kroner frå 2009.2

Det har vore nedgang i talet på sjukedagar som folketrygda har betalt for, og auke i betalinga for kvar sjukedag. Hovudgrunnen til at utgiftene til sjukepengar i 2011 vart lågare enn i budsjettet, er at sjukefråværet gjekk ned. Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar som folketrygda har betalt for (korrigert for sjukmeldingsgradering), gjekk i gjennomsnitt ned frå 10 arbeidsdagar i 2010 til 9,5 arbeidsdagar i 2011.

Frå 1. mars 2010 kom ordninga med arbeidsavklaringspengar i staden for rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad. Ettersom nokre mottakarar kunne få fleire ytingar samstundes, kan ein ikkje jamføra talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar for 2011 med tal for dei andre ordningane tidlegare år. Per desember 2011 var det 171 800 mottakarar av arbeidsavklaringspengar, og i 2011 var det gjennomsnittleg 174 400 mottakarar.

Utbetalingane til uføreytingar frå 1. mars 2010 galdt (varige) uførepensjonistar. Talet på uførepensjonistar har vore nokså stabilt dei siste åra. Per desember 2011 var det 306 500 mottakarar av uførepensjon, og gjennomsnittet for 2011 var 303 000 mottakarar.

Programkategori 29.70 Alderdom

Programkategori 29.70 Alderdom syner ein auke i utgiftene på 22,7 mrd. kroner, frå 112,8 mrd. kroner i 2009 til 135,5 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 7,3 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 11,9 prosent.

Auken frå 2009 til 2010 målt i fast grunnbeløp var på 3,4 prosent, medan auken frå 2010 til 2011 var på 7,2 prosent. Hovudgrunnen til auken er at det blir fleire alderspensjonistar. Auken var særleg sterk frå 2010 til 2011 fordi det vart høve til å starta uttak av alderspensjon frå 62 år frå 1. januar 2011. Ved utgangen av 2011 hadde 35 845 personar i aldersgruppa 62–66 år teke ut alderspensjon.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 254,6 mill. kroner av ei samla løyving på 12,1 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller refusjonar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 33 Arbeidsliv auka nominelt med knapt 1,2 mrd. kroner, frå 10,7 mrd. kroner i 2009 til 11,8 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 20,3 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 8,0 prosent.

Hovudgrunnen til nedgangen er færre dagpengemottakarar og lågare gjennomsnittlege ytingar.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og programområde 30 Stønad ved helsetenester.

Programområde 10 Helse og omsorg

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

10.00

Helse- og omsorgsdepartementet m.m.

609,8

234,8

273,5

278,6

10.10

Folkehelse

1 877,7

1 895,7

1 678,0

1 769,0

10.20

Helseforvaltning

2 100,7

1 486,4

1 490,5

1 635,2

10.30

Spesialisthelsetenester

103 644,4

98 744,6

104 882,4

105 166,7

10.40

Psykisk helse2)

954,8

0,0

0,0

0,0

10.50

Legemiddel

271,7

290,2

281,7

295,0

10.60

Helse- og omsorgstenester i kommunane

1 979,8

3 209,0

3 501,1

3 494,3

10.70

Tannhelsetenester1)

77,2

100,1

99,8

10.80

Kunnskap og kompetanse1)

588,8

617,2

622,3

Sum før lånetransaksjonar

111 439,0

106 526,6

112 824,6

113 361,1

Lånetransaksjonar

47,7

7,6

8,5

8,2

Sum Helse og omsorg

111 486,7

106 534,2

112 833,1

113 369,3

Programområde 30 Stønad ved helsetenester

30.10

Spesialisthelsetenester m.m.

3 114,0

3 343,0

3 542,0

3 531,1

30.50

Legehjelp, legemiddel m.m.

17 589,8

18 983,8

19 153,0

18 981,3

30.90

Andre helsetiltak

275,9

223,8

225,0

222,8

Sum før lånetransaksjonar

20 979,7

22 550,6

22 920,0

22 735,2

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Stønad ved helsetenester

20 979,7

22 550,6

22 920,0

22 735,2

Sum Helse- og omsorgsdepartementet

132 466,4

129 084,8

135 753,1

136 104,5

1) Programkategoriane 10.70 Tannhelseteneste og 10.80 Kunnskap og kompetanse vart oppretta i 2010.

2) Opptrappingsplanen for psykisk helse på programkategori 10.40 vart frå og med 2009 innlemma i kommuneramma og i basisløyvinga til dei regionale helseføretaka.

Programområde 10 Helse og omsorg

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 536,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 438,6 mill. kroner, frå 112 824,6 mill. kroner til 113 263,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 97,9 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 249,9 mill. kroner. Det er overført til saman 179,3 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,3 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene før lånetransaksjonar på programområde 10 Helse og omsorg auka nominelt med 1,9 mrd. kroner, frå drygt 111,4 mrd. kroner i 2009 til knapt 113,4 mrd. kroner i 2011. Det meste av endringane på programområdet kjem av at utgiftene på programkategoriane 10.30 Spesialisthelsetenester og 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har auka, og at løyvingane på programkategori 10.40 Psykisk helse er avslutta.

På programkategori 10.00 Helse- og omsorgsdepartementet m.m. har utgiftene minka med 0,3 mrd. kroner, frå 0,6 mrd. kroner i 2009 til 0,3 mrd. kroner i 2011. Nedgangen kjem av ny budsjettstruktur i 2010, som mellom anna førte til at 224 mill. kroner til forsking vart flytta til ny programkategori 10.80.

På programkategori 10.10 Folkehelse har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,9 mrd. kroner i 2009 til 1,8 mrd. kroner i 2011. Utgiftene auka med 1,0 prosent frå 2009 til 2010 og minka med 6,7 prosent frå 2010 til 2011. Dette kjem mellom anna av ei særskild løyving til pandemivaksine i 2010, som ikkje er ført vidare i statsbudsjettet for 2011.

På programkategori 10.20 Helseforvaltning har utgiftene minka med 0,5 mrd. kroner, frå 2,1 mrd. kroner i 2009 til 1,6 mrd. kroner i 2011. Nedgangen kjem av ny budsjettstruktur, der mellom anna utgifter til turnusteneste er flytta til programkategori 10.80. Utgifter under kapittel 729 Pasient- og brukarombod er flytta til kategori 10.30 og 10.60, og utgifter under kapittel 726 Statens helsepersonellnemnd vart flytta til kategori 10.30 og 10.80.

På programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med drygt 1,5 mrd. kroner, frå 103,6 mrd. kroner i 2009 til 105,2 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 6,5 prosent. I alle åra 2009, 2010 og 2011 er løyvingane til drifta av helseføretaka auka, men i 2009 vart det i tillegg løyvd 7,3 mrd. kroner som ei eingongsløyving som følgje av at driftskreditt som dei regionale helseføretaka hadde teke opp, vart omgjort frå lån i private bankar til lån i staten.

På programkategori 10.40 Psykisk helse har utgiftene minka med 955 mill. kroner frå 2009 til 2011. Opptrappingsplanen for psykisk helse på programkategori 10.40 vart avslutta i 2008, og i 2009 vart berre nokre statlege stimuleringstiltak vidareførte. Tilskota under opptrappingsplanen vart innlemma i kommuneramma, i programkategori 10.30 og 10.60.

På programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har utgiftene auka med 1,5 mrd. kroner, frå 2,0 mrd. kroner i 2009 til 3,5 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 62,1 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 8,9 prosent. Sjå elles merknader om ny budsjettstruktur under tabellen i innleiinga. Grunnen til den store auken i perioden er at vertskommunetilskotet frå 2009 vart innlemma i løyvinga att. Det innebar ei styrking av programkategori 10.60 med om lag 463 mill. kroner, mot ein tilsvarande nedgang på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. Andre årsaker til auken er større løyvingar til Omsorgsplan 2015, Opptrappingsplanen for rusfeltet og oppfølging av Samhandlingsreforma.

Programområde 30 Stønader ved helsetenester

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 184,8 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld løyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 30 Stønad ved helsetenester auka nominelt med knapt 1,8 mrd. kroner, frå 21,0 mrd. kroner i 2009 til 22,7 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 7,5 prosent. Ein viktig grunn til auken var at utgiftene til refusjon av eigenbetaling (eigenandelstak 1) i 2010 auka med om lag 365 mill. kroner etter innføring av automatisk frikortordning. Hyppigare innsending av rekningar frå behandlarar utgjorde om lag 220 mill. kroner i auka utgifter i 2010. Frå 2010 til 2011 auka utgiftene med 0,8 prosent. Det tyder på at auken etter innføring av automatisk frikortordning og hyppigare innsending av rekningar i 2010 var ein eingongseffekt, og at endringane elles er om lag på same nivå som tidlegare år.

2.9 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk og programområde 28 Foreldrepengar.

Programområde 11 Born, likestilling og inkludering

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

11.00

Administrasjon

120,2

151,0

162,4

166,1

11.05

Integrering og mangfald 1)

5 186,0

5 766,2

6 562,4

6 547,3

11.10

Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

17 222,8

17 268,5

17 038,6

17 054,4

11.20

Tiltak for born og ungdom

6 617,9

7 118,8

7 343,5

7 517,1

11.30

Forbrukarpolitikk

175,3

183,2

184,6

184,9

Sum før lånetransaksjonar

29 322,0

30 487,7

31 291,5

31 469,7

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Born, likestilling og inkludering

29 322,0

30 487,7

31 291,5

31 469,7

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

28.50

Stønad ved fødsel og adopsjon

13 850,3

14 813,9

15 757,0

15 783,3

Sum før lånetransaksjonar

13 850,3

14 813,9

15 757,0

15 783,3

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Foreldrepengar, folketrygda

13 850,3

14 813,9

15 757,0

15 783,3

Sum Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet

43 172,3

45 301,6

47 048,5

47 253,0

1) Kategori 11.05 Integrering og mangfald vart flytta frå Arbeidsdepartementet i 2010. Tal for 2009 var tidlegare klassifiserte under kategori 09.50.

Programområde 11 Born, likestilling og inkludering

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 178,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 103,7 mill. kroner, frå 31 291,5 mill. kroner til 31 395,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 74,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 171,4 mill. kroner. Det er overført til saman 128,4 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk auka nominelt med drygt 2,1 mrd. kroner, frå 29,3 mrd. kroner i 2009 til 31,5 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 4,0 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 3,2 prosent. Det meste av auken kjem frå programkategoriane 11.05 Integrering og mangfald og 11.20 Tiltak for born og ungdom.

På programkategori 11.05 Integrering og mangfald har utgiftene auka med knapt 1,4 mrd. kroner, frå 5,2 mrd. kroner i 2009 til 6,5 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 11,2 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 13,5 prosent. Auken kjem mellom anna av at talet på busette med rett til integreringstilskot har auka, og at det er vorte fleire vaksne innvandrarar som utløyser tilskot til norskopplæring.

På programkategori 11.10 Tiltak for familie og likestilling har utgiftene minka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå 17,2 mrd. kroner i 2009 til 17,1 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 0,3 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 1,2 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen er at tilskotet til krisesenter vart innlemma i rammetilskotet for kommunane i 2011.

På programkategori 11.20 Tiltak for barn og ungdom har utgiftene auka med 0,9 mrd. kroner, frå 6,6 mrd. kroner i 2009 til 7,5 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 7,6 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 5,6 prosent. Hovudgrunnen er auka utgifter til kommunalt og statleg barnevern og auke i refusjonar av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 26,3 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagslagsløyvingar på tilskotspostar. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 26,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 28 Foreldrepengar auka nominelt med 1,9 mrd. kroner, frå 13,9 mrd. kroner i 2009 til 15,8 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 7,0 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 6,5 prosent. Dei viktigaste grunnane er fleire fødslar, inntektsauke blant stønadsmottakarane og verknaden av utvida foreldrepermisjon og fedrekvote. Det har òg vore auke i talet på fedrar som tek ut foreldrepermisjon.

2.10 Nærings- og handelsdepartementet

Programområde 17 Nærings- og handelsføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

17.00

Administrasjon

263,9

253,9

277,1

270,1

17.10

Infrastruktur og rammevilkår

3 143,9

3 086,2

2 979,4

3 056,5

17.20

Forsking, innovasjon og internasjonalisering

4 464,5

4 320,0

4 027,4

3 987,3

17.30

Statleg eigarskap

70,6

67,3

148,2

146,3

Sum før lånetransaksjonar

7 942,8

7 727,4

7 432,0

7 460,2

Lånetransaksjonar

49 996,4

61 913,8

84 855,0

51 813,4

Sum Nærings- og handelsdepartementet

57 939,2

69 641,2

92 287,0

59 273,6

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 28,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 auka disponibel løyving med 669,2 mill. kroner, frå 7 432,0 mill. kroner til 8 101,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 641,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 69,5 mill. kroner. Det er samla overført 704,1 mill. kroner til 2012 på ordinære postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. I tillegg kjem ei overføring på 33,3 mrd. kroner i lånemidlar (90-post) som vart løyvd med 40 mrd. kroner til ei mellombels statleg eksportfinansieringsordning.

Lånetransaksjonar syner samla ei mindreutgift på 33,0 mrd. kroner som heng saman med den nemnde overføringa knytt til den mellombelse eksportfinansieringsordninga. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

Programområde 17 Nærings- og handelsføremål omfattar midlar til forvalting og tilrettelegging av tiltak for nærings-, handels- og skipsfartspolitikk.

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområdet 17, utanom lånetransaksjonar og andre kapitalpostar (90-postar) minka nominelt med knapt 0,5 mrd. kroner (6,1 prosent), frå drygt 7,9 mrd. kroner i 2009 til knapt 7,5 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 2,7 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 3,5 prosent.

På programkategori 17.10 Infrastruktur og rammevilkår minka utgiftene med 87 mill. kroner, frå 3 144 mill. kroner i 2009 til 3 057 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 1,8 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 1,0 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen er lågare utbetalingar av tilskot til sysselsetjing av sjøfolk.

På programkategori 17.20 Forsking, innovasjon og internasjonalisering minka utgiftene med 477 mill. kroner, frå 4 465 mill. kroner i 2009 til 3 987 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 3,2 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 7,7 prosent. Hovudgrunnen er at det vart løyvd ekstra midlar til tiltak og ordningar under Innovasjon Noreg, Noregs forskingsråd, GIEK og SIVA for å motverka finanskrisa i 2009 og dels i 2010.

På programkategori 17.30 Statleg eigarskap auka utgiftene med 76 mill. kroner, frå knapt 71 mill. kroner i 2009 til 146 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 4,6 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 117 prosent. Grunnen til auken er at det i 2011 vart gjeve ei løyving på 106,4 mill. kroner til utbetaling under garantiordninga for Eksportfinans ASA (kap. 950, post 70).

Utgiftene under Lånetransaksjonar har svinga i perioden 2009–2011. Endringane skriv seg mellom anna frå finansieringa av innlånsordningane under Innovasjon Noreg og er knytt til skifte mellom korte og langsiktige lån. Dessutan har det vore svingingar i utgiftene til kjøp av aksjar, lån og innskot av eigenkapital til statlege selskap, mellom anna Statkraft, Hydro, SAS, SIVA og Argentum. Det store avviket mellom rekneskap og budsjett 2011 kjem av at berre ein mindre del (6,7 mrd. kroner) av den overførbare løyvinga på 40 mrd. kroner til lån til den mellombelse statlege eksportfinansieringsordninga vart nytta (utbetalt) i 2011, jf. ovanfor. Sjå òg kapittel 2.19, der detaljar kring utlåna frå Innovasjon Noreg og frå den mellombelse statlege eksportfinansieringsordninga er nærare spesifiserte.

2.11 Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for programområde 16 Fiskeri, havbruks- og kystforvaltning. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 16 Fiskeri, havbruks- og kystforvaltning

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

16.10

Administrasjon

129,8

139,0

135,1

135,5

16.20

Forsking og innovasjon

1 523,7

1 651,4

1 515,0

1 621,4

16.30

Fiskeri- og havbruksforvaltning

616,6

451,3

418,6

445,8

16.60

Kystforvaltning

2 143,6

2 274,1

2 654,2

2 419,3

Sum før lånetransaksjonar

4 413,7

4 515,8

4 722,9

4 622,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Fiskeri, havbruks- og kystforvaltning

4 413,7

4 515,8

4 722,9

4 622,0

Programområde 33 Arbeidsliv, Folketrygda

33.40

Arbeidsliv

28,0

24,0

39,6

42,0

Sum før lånetransaksjonar

28,0

24,0

39,6

42,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, Folketrygda

28,0

24,0

39,6

42,0

Sum Fiskeri- og kystdepartementet

4 441,7

4 539,8

4 762,5

4 664,0

Programområde 16 Fiskeri, havbruks- og kystforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap.

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 100,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 611,9 mill. kroner, frå 4 722,9 mill. kroner til 5 334,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 712,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 237,1 mill. kroner. Det er overført til saman 880,3 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 16 Fiskeri- havbruks- og kystforvaltning auka nominelt med 0,2 mrd. kroner, frå 4,4 mrd. kroner i 2009 til 4,6 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 2,3 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 2,4 prosent. Hovudgrunnen er auka utgifter på programkategori 16.20 og 16.60 og rammeoverførte midlar frå programkategori 16.30.

På programkategori 16.20 Forsking og innovasjon har utgiftene auka med 98 mill. kroner, frå 1 524 mill. kroner i 2009 til 1 621 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 8,4 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 1,8 prosent. Forskingsinnsatsen i 2011 vart vidareført på om lag same nivå som i 2010. Løyvinga til Marint verdiskapingsprogram vart sett litt ned, medan løyvinga til Havforskingsinstituttet auka noko.

På programkategori 16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning har utgiftene minka med 171 mill. kroner, frå 617 mill. kroner i 2009 til 446 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 26,8 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 1,2 prosent. Nedgangen frå 2009 til 2010 kjem av at det i 2009 vart løyvd 195 mill. kroner til fylkeskommunane i samband med utlysing av nye laksekonsesjonar. Dessutan vart det i 2010 rammeoverført midlar frå Fiskeridirektoratet til fylkeskommunane etter overføring av oppgåver frå staten til fylkeskommunane.

På programkategori 16.60 Kystforvaltning har utgiftene auka med 276 mill. kroner, frå om lag 2 144 mill. kroner i 2009 til 2 419 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 6,1 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 6,4 prosent. Det vart i 2011 gjeve auka løyvingar til hamner og farleier og handtering av vrak, og det vart løyvd midlar til handtering av ubåten U-864 og vraket Murmansk.

Programområde 33 Arbeidsliv, Folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap syner ei meirutgift på 2,4 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan området omfattar overslagsløyvingar og tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programkategori 33.40 Arbeidsliv auka nominelt med 14,0 mill. kroner, frå 28,0 mill. kroner i 2009 til 42,0 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 14,3 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 75,0 prosent.

Endringa over perioden må sjåast i samanheng med at utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, og at løyvinga er ei overslagsløyving. Endringa frå 2010 til 2011 kjem av at ordninga frå 1. juli 2011 vart lagd om til å vera inntektsbasert. Stønad under arbeidsløyse for fiskarar og fangstmenn vert finansiert innanfor det beløpet som fiskarar betaler i produktavgift ved fyrstehandsomsetning av fisk og fiskevarer.

2.12 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

15.00

Landbruks- og matforvaltning m.m.

143,2

142,2

144,3

145,5

15.10

Matpolitikk

1 392,8

1 407,2

1 347,5

1 389,1

15.20

Forsking og innovasjon

382,2

409,8

402,8

402,8

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

13 296,4

13 764,4

14 260,6

14 166,3

Sum før lånetransaksjonar

15 214,6

15 723,5

16 155,2

16 103,7

Lånetransaksjonar

0,0

1 714,9

0,0

0,0

Sum Landbruks- og matdepartementet

15 214,6

17 438,4

16 155,2

16 103,7

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avviket mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 51,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 239,5 mill. kroner, frå 16 155,2 mill. kroner til 16 394,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 291,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 50,0 mill. kroner. Det er overført til saman 193,9 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 15 Landbruk og mat før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,9 mrd. kroner, frå 15,2 mrd. kroner i 2009 til 16,1 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 3,3 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 2,4 prosent. Det har ikkje vore lånetransaksjonar på programområde 15 i 2011, medan det i 2010 vart løyvd kapital og statleg lån til Statskog SF, jf. Prop. 11 S (2010–2011).

På programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene vore nominelt jamne på om lag 1,4 mrd. kroner i perioden 2009 til 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 1,0 prosent. Auken ville vore større om ein korrigerte for dei ekstraordinære løyvingane som vart gjevne til Bioforsk i samband med tiltakspakka mot finanskrisa i 2009. Frå 2010 til 2011 har utgiftene minka med 1,3 posent på grunn av krav om større effektivitet i matforvaltninga.

På programkategori 15.20 Forsking og innovasjon har utgiftene auka med knapt 21 mill. kroner, frå 382 mill. kroner i 2009 til 403 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 7,2 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 1,7 prosent.

På programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med 870 mill. kroner, frå 13,3 mrd. kroner i 2009 til 14,2 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 2,9 prosent. Det meste av auken kjem av auka tilskot over jordbruksavtalen.

2.13 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Post- og telekommunikasjonar.

Programområde 21 Innanlands transport

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

21.10

Administrasjon m.m.

363,3

469,8

434,8

407,6

21.20

Luftfartsføremål

1 000,9

972,0

957,7

976,7

21.30

Vegføremål

18 935,1

14 969,0

15 522,1

15 746,3

21.40

Særskilde transporttiltak

686,2

702,4

804,7

787,7

21.50

Jernbaneføremål

9 512,7

11 018,7

11 702,5

12 384,1

Sum før lånetransaksjonar

30 498,1

28 131,9

29 421,8

30 302,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Innanlands transport

30 498,1

28 131,9

29 421,8

30 302,4

Programområde 22, Post og telekommunikasjonar

22.10

Post og telekommunikasjonar

723,8

697,0

549,0

540,5

Sum før lånetransaksjonar

723,8

697,0

549,0

540,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum utgifter Post og telekommunikasjonar

723,8

697,0

549,0

540,5

Sum Samferdselsdepartementet

31 221,9

28 828,9

29 970,8

30 842,9

Programområde 21 Innanlands transport

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 880,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 1 246,3 mill. kroner, frå 29 421,8 mill. kroner til 30 668,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 365,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 352,4 mill. kroner. Det er overført til saman 881,9 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene før lånetransaksjonar på programområde 21 Innanlands transport minka nominelt med 0,2 mrd. kroner, frå 30,5 mrd. kroner i 2009 til 30,3 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 7,8 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 7,7 prosent. Hovudårsaka til den nominelle nedgangen er at løyvingane på programkategori 21.30 Vegføremål minka frå 2009 til 2010 som følgje av forvaltningsreforma, medan utgiftene auka frå 2010 til 2011. På programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka jamt over perioden.

På programkategori 21.30 Vegføremål minka utgiftene med 3,2 mrd. kroner, frå 18,9 mrd. kroner i 2009 til 15,7 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 20,9 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 5,2 prosent. Frå 1. januar 2010 vart ansvaret for om lag 17 000 km av riksvegane («øvrige riksvegar») og riksvegferjesamband overførte frå staten til fylkeskommunane og Oslo kommune. Løyvingane til Statens vegvesen gjekk difor monaleg ned. Budsjett- og rekneskapstala for 2009 kan såleis ikkje samanliknast direkte med 2010 og 2011.

På programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka med 2,9 mrd. kroner, frå 9,5 mrd. kroner i 2009 til 12,4 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 15,8 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 12,4 prosent. Auken kjem av satsinga på jernbane dei siste åra gjennom auka løyvingar til Jernbaneverket. Frå 2010 til 2011 auka dessutan løyvingane til statleg kjøp av persontransport med tog med 27 prosent, frå 1,7 mrd. kroner til 2,2 mrd. kroner.

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 8,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 0,8 mill. kroner, frå 549,0 mill. kroner til 549,8 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 9,3 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar på i alt 3,2 mill. kroner. Det er overført til saman 0,9 mill. kroner til 2012 på post merkte «kan overførast». Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 22 Post og telekommunikasjonar (programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar) minka med 0,2 mrd. kroner, frå 0,7 mrd. kroner i 2009 til 0,5 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 3,7 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 22,5 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen er at behovet for statleg kjøp av bedriftsøkonomisk ulønsame post- og banktenester frå Posten Noreg AS har minka.

2.14 Miljøverndepartementet

Programområde 12 Miljøvern og regional planlegging

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

12.10

Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

1 081,9

1 071,7

1 099,7

1 104,8

12.20

Naturmangfald og friluftsliv

1 360,2

1 385,8

1 470,0

1 489,4

12.30

Kulturminne og kulturmiljø

672,7

497,1

538,4

501,4

12.40

Klima og forureining

600,9

663,4

681,0

707,5

12.50

Kart, geodata og eigedomsinformasjon

407,5

596,7

651,9

657,5

12.60

Nord- og polarområda

263,2

284,6

297,0

307,7

Sum før lånetransaksjonar

4 386,5

4 499,3

4 738,1

4 768,3

Lånetransaksjonar

400,0

0,0

0,0

0,0

Sum Miljøverndepartementet

4 786,5

4 499,3

4 738,1

4 768,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 30,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 409,2 mill. kroner, frå 4 738,1 mill. kroner til 5 147,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 379,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 45,6 mill. kroner. Det er overført til saman 442,3 mill. kroner til 2012 på vanlege driftspostar og postar merkte «kan overførast». Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 12 Miljøvern og regional planlegging før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,4 mrd. kroner, frå 4,4 mrd. kroner i 2009 til 4,8 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 6,0 prosent. Den største veksten i treårsperioden kom i programkategori 12.50 Kart, geodata og eigedomsinformasjon med 61,3 prosent.

På programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene auka med 23 mill. kroner, frå 1 082 mill. kroner i 2009 til 1 105 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 0,9 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 3,1 prosent. Programkategorien 12.10 syner eit meirforbruk på 0,5 prosent.

På programkategori 12.20 Naturmangfald og friluftsliv har utgiftene auka med 129 mill. kroner, frå 1 360 mill. kroner i 2009 til 1 489 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 7,5 prosent. Programkategorien 12.20 syner eit meirforbruk på 1,3 prosent, det meste av det er på overslagsløyvinga rovvilterstatningar.

På programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene minka med 171 mill. kroner, frå 673 mill. kroner i 2009 til 501 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 26,1 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 0,9 prosent. Programkategorien syner eit mindreforbruk i høve til budsjett. Årsaka er at vernearbeidet i kulturminnesaker i regelen tek lang tid, og fleire store verneprosjekt i 2011 vart ikkje ferdigstilte som planlagt. Til dømes er den store løyvinga til vernearbeidet for Bryggen i Bergen ikkje komen til utbetaling i 2011. Programkategorien 12.30 Kulturminne og kulturmiljø er kategorien med det største budsjettavviket i 2011, med 6,9 prosent i mindreforbruk.

På programkategori 12.40 Klima og forureining har utgiftene auka med 107 mill. kroner, frå 601 mill. kroner i 2009 til 708 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 10,4 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 6,6 prosent. Programkategorien 12.40 har i 2011 eit meirforbruk i høve til budsjett på 3,9 prosent. Hovudgrunnane er oppryddingstiltak etter forureining til jord og vatn og overslagsløyvinga til utbetaling av vrakpant for kondemnerte bilar.

På programkategori 12,50 Kart, geodata og eigedomsinformasjon har utgiftene auka med 250 mill. kroner, frå 408 mill. kroner i 2009 til 658 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 46,4 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 10,2 prosent. Auken heng saman med at det i 2010 vart overført om lag 190 mill. kroner frå Justis- og politidepartementet då Miljøverndepartementet overtok ansvaret for tinglysinga.

På programkategori 12.60 Nord- og polarområda har utgiftene auka med 45 mill. kroner, frå 263 mill. kroner i 2009 til 308 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 8,2 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 8,1 prosent. Programkategorien har i 2011 eit meirforbruk i høve til budsjett på 3,6 prosent. Årsaka er generelt høgare felleskostnader og meirforbruk av administrative utgifter som mellom anna kjem av auka oppdragsinntekter av ymse slag i 2011.

2.15 Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Programområde 01 Fellesadministrasjon

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

01.00

Administrasjon

366,1

778,7

650,7

677,9

01.10

Fylkesmannembeta

1 547,3

1 522,6

1 484,4

1 574,0

01.20

Fellestenester i regjeringskvartalet

813,1

535,0

616,8

622,4

01.30

Partistøtte

336,0

346,8

358,8

357,3

01.33

Samiske føremål1)

234,2

247,5

255,1

261,0

01.40

Nasjonale minoritetar2)

14,1

15,0

15,0

13,6

01.50

Konkurransepolitikk

92,1

90,7

91,9

95,1

01.60

Forvaltningsutvikling og IKT-politikk

48,5

359,5

341,1

352,6

01.70

Personvern

35,3

34,2

34,3

35,3

01.80

Byggje- og eigedomspolitikk

2 698,9

2 053,3

3 015,2

2 993,0

01.90

Den norske kyrkja3)

1 569,5

1 524,9

1 628,0

1 672,0

Sum før lånetransaksjonar

7 755,2

7 508,1

8 491,3

8 654,3

Lånetransaksjonar 4)

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

7 755,2

7 508,1

8 491,3

8 654,3

1) Programkategori 01.33 Samiske føremål vart flytta frå Arbeidsdepartementet (AD) i 2010. Samanliknbare tal for 2009 var tidlegare klassifiserte i kategori 09.80 under AD.

2) Programkategori 01.40 Nasjonale minoritetar vart flytta frå Arbeidsdepartementet (AD) i 2010. Samanliknbare tal for 2009 var tidlegare klassifiserte i kategori 09.70 under AD.

3) Den norske kyrkja vart flytta frå Kulturdepartementet (KUD) i 2010. Samanliknbare tal for 2009 var tidligare klassifiserte i kategori 08.40 under KUD.

4) Den tidlegare programkategorien 01.40 Pensjonar m.m. og lånetransaksjonar knytte til bustadlånsordninga i Statens Pensjonskasse vart frå 2010 flytta til programkategori 09.50 under Arbeidsdepartementet. Samanliknbare tal for 2009 er omklassifiserte tilsvarande.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 163,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 395,4 mill. kroner, frå 8 491,3 mill. kroner til 8 886,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 232,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 258,2 mill. kroner. Det er overført til saman 483,5 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene før lånetransaksjonar på programområde 01 Fellesadministrasjon auka nominelt med 0,9 mrd. kroner, frå 7,8 mrd. kroner i 2009 til 8,7 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 3,2 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 15,3 prosent. Det meste av endringane kjem av auka utgifter på programkategoriane 01.00 Administrasjon, 01.60 Forvaltningsutvikling og IKT-politikk og 01.80 Byggje- og eigedomspolitikk.

På programkategori 01.00 Administrasjon har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 0,4 mrd. kroner i 2009 til 0,7 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 113 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 12,9 prosent. Det vart i 2010 gjeve ei eingongsløyving på 0,3 mrd. kroner som kompensasjon til Opplysningsvesenets fond i samband med saka om tomtefesteinstruksen.

Programkategori 01.10 Fylkesmannsembeta syner små endringar over rekneskapsperioden. Meirutgiftene heng saman med om lag tilsvarande meirinntekter på inntektsområda til embeta, jf. særskilde fullmakter.

På programkategori 01.20 Fellestenester i regjeringskvartalet har utgiftene minka med 0,2 mrd. kroner, frå 0,8 mrd. kroner i 2009 til 0,6 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 34,2 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 16,3 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen er at utgiftene til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) vart flytta frå programkategori 01.20 til programkategori 01.60 frå 2010. Auken frå 2010 til 2011 heng saman med auka løyvingar etter angrepet mot regjeringskvartalet 22. juli.

På programkategori 01.60 Forvaltningsutvikling og IKT-politikk har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 0,05 mrd. kroner i 2009 til 0,35 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 641 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 1,9 prosent. Grunnen til auken frå 2009 til 2010 er at utgiftene til Difi frå 2010 inngår i programkategori 01.60.

På programkategori 01.80 Byggje- og eigedomspolitikk har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 2,7 mrd. kroner i 2009 til 3,0 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 23,9 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 45,8 prosent. Det meste av auken kjem av ekstraordinære avskrivingar og stor byggjeaktivitet. Post 24 på kapittel 2445 Statsbygg vart auka med 353 mill. kroner som følgje av nedskriving av balanseført verdi av bygningane i regjeringskvartalet som vart øydelagde 22. juli. I tillegg var det stor aktivitet i pågåande byggjeverksemd, mellom anna ved Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Bergen, Regjeringskvartalet R6, og i prosjekteringa av nytt nasjonalmuseum på Vestbanen.

På programkategori 01.90 Den norske kyrkja har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,6 mrd. kroner i 2009 til 1,7 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 2,8 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 9,7 prosent. Det meste av auken kjem av løyving til dekking av utgifter ved kyrkjevalet og opptrapping av løyvingar til gjennomføring av trusopplæringsreforma i Den norske kyrkja. Meirutgiftene heng saman med om lag tilsvarande meirinntekter, jf. særskilde fullmakter.

2.16 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

23.10

Finansadministrasjon

925,9

1 012,3

1 031,8

1 040,8

23.20

Skatte- og avgiftsadministrasjon

5 824,2

6 259,5

6 195,6

6 479,2

23.30

Offisiell statistikk

695,9

710,3

706,5

731,5

23.40

Andre føremål

15 299,2

16 516,3

17 042,0

16 697,1

Sum før lånetransaksjonar

22 745,2

24 498,4

24 975,8

24 948,6

Lånetransaksjonar

100 000,0

0,0

0,0

0,0

Sum Finansdepartementet

122 745,2

24 498,4

24 975,8

24 948,6

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 27,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 592,8 mill. kroner, frå 24 975,8 mill. kroner til 25 568,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 620,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 298,5 mill. kroner. Det er overført til saman 704,1 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene før lånetransaksjonar på programområde 23 Finansadministrasjon auka nominelt med 2,2 mrd. kroner, frå drygt 22,7 mrd. kroner i 2009 til drygt 24,9 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 7,7 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med berre 1,8 prosent. Utbetalingar under ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon til kommunar o.a. utgjer om lag 65 prosent av utgiftene på programområde 23. Grunnen til at den samla utgiftsauken var så liten i 2011, er at desse utbetalingane var om lag like store i 2011 som i 2010.

På programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene auka med 115 mill. kroner, frå 926 mill. kroner i 2009 til 1 041 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 9,3 prosent, mest på grunn av Finansdepartementet sitt arbeid med Statens pensjonsfond og Direktoratet for økonomistyring sitt utviklingsarbeid på rekneskaps- og e-handelsområdet. Auken frå 2010 til 2011 var på 2,8 prosent og er meir på nivå med den generelle kostnadsutviklinga.

På programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon har utgiftene auka med 655 mill. kroner, frå drygt 5,8 mrd. kroner i 2009 til nærmare 6,5 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 7,5 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 3,5 prosent. Hovudgrunnen til auken er styrking av grensekontrollen og innsatsen mot skatte- og avgiftskriminalitet.

På programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene auka med 1,4 mrd. kroner, frå 15,3 mrd. kroner i 2009 til 16,7 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 8,0 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 1,1 prosent. Den store auken i 2010 heng særleg saman med styrkinga av kommuneøkonomien, som igjen gav høgare utbetalingar i ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon. I 2011 var utbetalingane her om lag som i 2010.

I 2010 og 2011 hadde ein ikkje utgifter under lånetransaksjonar, medan utgiftene i 2009 var på 100 mrd. kroner. Utgiftene galdt kapitalinnskot på 50 mrd. kroner i Statens obligasjonsfond og 50 mrd. kroner i Statens finansfond i samband med tiltak mot finanskrisa.

2.17 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

04.10

Militært forsvar

34 665,1

35 862,3

40 234,8

40 517,7

Sum før lånetransaksjonar

34 665,1

35 862,3

40 234,8

40 517,7

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

388,0

353,0

Sum Forsvarsdepartementet

34 665,1

35 862,3

40 622,8

40 870,7

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 282,9 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 1 591,1 mill. kroner, frå 40 234,8 mill. kroner til 41 825,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 308,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 738,0 mill. kroner. Det er overført til saman 2 045,7 mill. kroner til 2012 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 35,0 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene utanom lånetransaksjonar på programområdet 04 Militært forsvar auka nominelt med 5,9 mrd. kroner, frå 34,7 mrd. kroner i 2009 til 40,5 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 3,5 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 13,0 prosent. Hovudgrunnen til auken frå 2010 til 2011 er overgangen frå nettobudsjettering til bruttobudsjettering av Forsvarsbyggs verksemd frå og med budsjettåret 2011.

Driftskostnadene har nominelt auka med om lag 27 prosent, frå om lag 25,1 mrd. kroner i 2009 til 31,8 mrd. kroner i 2011. Grunnen er fyrst og fremst overgang frå nettobudsjettering til bruttobudsjettering av Forsvarsbyggs verksemd, men òg at regjeringa har følgt opp løyvingsføretsetnadene i gjeldande langtidsplan.

Utgifter til investeringar i materiell minka med om lag 8 prosent, frå drygt 7,5 mrd. kroner i 2009 til 6,9 mrd. kroner i 2011, medan utgifter til nasjonale investeringar i eigedom, bygg og anlegg minka med 8 prosent, frå drygt 1,6 mrd. kroner i 2009 til om lag 1,5 mrd. kroner i 2011.

Grunnen til mindreforbruket i 2011 er mellom anna forseinka framdrift på nokre større investeringsprosjekt i 2011, i hovudsak som følgje av forseinkingar frå leverandørar. Rekneskapen for 2011 syner elles at verksemda i Forsvaret vart gjennomført innanfor dei tildelte rammene.

Lånetransaksjonar under Forsvarsdepartementet i 2011 kjem frå skipinga av nytt statsføretak, Aerospace Industrial Maintenance Norway SF, som har sitt utspring i Luftforsvarets hovudverkstad på Kjeller. Statens eigenkapitalinnskot i føretaket var på 353 mill. kroner.

2011 var det tredje året i forsvarssektorens langtidsplan for perioden 2009–2012, «Et forsvar til vern om Norges sikkerhet, interesser og verdier», jf. Innst. S. nr. 318 (2007–2008) til St.prp. nr. 48 (2007–2008). Planen legg grunnlaget for ein meir berekraftig balanse mellom oppgåver, struktur og ressursar i Forsvaret gjennom eit økonomisk løft og intern kostnadseffektivisering og ressursfrigjering. Proposisjonen set hovudmål og rammer for Forsvaret for perioden 2009–2012.

Forsvaret har i 2011 vidareført betydelege bidrag til internasjonal fred og stabilitet gjennom deltaking i operasjonar i utlandet, mest i Afghanistan og Libya. I perioden 2009 til 2011 syner rekneskapen at utgifter til norsk deltaking i operasjonar i utlandet auka nominelt med 8 prosent, frå 1 573 mill. kroner til 1 699 mill. kroner.

2.18 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2009

Rekneskap 2010

Budsjett 2011

Rekneskap 2011

18.00

Administrasjon

203,0

193,0

230,7

214,7

18.10

Petroleum

534,7

337,2

438,4

465,7

18.20

Energi- og vassressursar

684,6

726,3

750,9

809,2

18.25

Energiomlegging

1 879,3

1 061,6

1 133,1

1 163,4

18.30

Teknologi og internasjonalisering

1 959,2

2 994,4

2 137,2

2 638,8

18.70

Statleg petroleumsverksemd

24 970,7

20 406,2

21 265,6

21 702,5

Sum før lånetransaksjonar

30 231,5

25 718,5

25 955,9

26 994,3

Lånetransaksjonar

12 161,5

5 000,0

0,0

0,0

Sum Olje- og energiføremål

42 393,0

30 718,5

25 955,9

26 994,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 038,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2010 aukar disponibel løyving med 1 045,4 mill. kroner, frå 25 955,9 mill. kroner til 27 001,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 7,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 55,5 mill. kroner. Det er overført til saman 398,4 mill. kroner til 2012 under postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2009–2011 har utgiftene på programområde 18 Olje- og energiføremål før lånetransaksjonar minka nominelt med om lag 3,2 mrd. kroner, frå om lag 30,2 mrd. kroner i 2009 til 27,0 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 14,9 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 5,0 prosent. Hovudgrunnen til endringane er endra utgiftsnivå under programkategoriane 18.25 Energiomlegging, 18.30 Teknologi og internasjonalisering og 18.70 Statleg petroleumsverksemd.

På programkategori 18.00 Administrasjon har utgiftene auka med 12 mill. kroner, frå 203 mill. kroner i 2009 til 215 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 4,9 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 11,3 prosent. Det meste av auken skriv seg frå igangsetjinga av opningsprosessen i området ved Jan Mayen og meir arbeid mellom anna i energiutvalet og sjøkabelutvala.

På programkategori 18.10 Petroleum har utgiftene minka med 69 mill. kroner, frå 535 mill. kroner i 2009 til 466 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 36,9 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 38,1 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen frå 2009 til 2010 er at Oljedirektoratet i 2008 og 2009 fekk auka løyvingar til geologisk kartlegging av områda Nordland IV og Troms II. Kartlegginga var ferdig i 2009. Hovudgrunnen til auken frå 2010 til 2011 er at Oljedirektoratet i 2011 fekk nye løyvingar til geologisk kartlegging i nordlege havområde.

På programkategori 18.20 Energi og vassressursar har utgiftene auka med 125 mill. kroner, frå 685 mill. kroner i 2009 til 809 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 6,1 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 11,4 prosent. Grunnane er mellom anna auka løyvingar til NVE sitt arbeid med flaum- og skredførebygging, oppfølging av EU-direktiv, handsaming av konsesjonar og tilsyn. Dessutan vart det gjeve tilskot til undersjøisk strømkabel til Træna, Værøy og Røst.

På programkategori 18.25 Energiomlegging har utgiftene minka med 716 mill. kroner, frå 1 879 mill. kroner i 2009 til 1 163 mill. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 43,5 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 9,6 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen frå 2009 til 2010 er at det i 2009 vart gjeve ei ekstraordinær eingongsløyving på om lag 1,2 mrd. kroner under Energifondet i samband med tiltakspakka mot finanskrisa. Hovudgrunnen til auken frå 2010 til 2011 er ei ekstraordinær løyving til tilskot til elektrisitetsparing i hushald i 2011.

På programkategori 18.30 Teknologi og internasjonalisering har utgiftene auka med 0,7 mrd. kroner, frå knapt 2,0 mrd. kroner i 2009 til 2,6 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 auka utgiftene med 52,8 prosent, og frå 2010 til 2011 minka dei med 11,9 prosent. Det meste av auken er knytt til CO2-handteringsprosjekta på Mongstad. Det gjeld planlegging og førebuing av fullskala CO2-handtering, planlegging og førebuing av transport og lagring av CO2 og investering i teknologisenter for CO2-handtering på Mongstad (TCM). Dessutan vart det i 2010 gjeve auka løyvingar til Noregs Forskingsråd.

På programkategori 18.70 Statleg petroleumsverksemd har utgiftene minka med om lag 3,3 mrd. kroner, frå om lag 25,0 mrd. kroner i 2009 til om lag 21,7 mrd. kroner i 2011. Frå 2009 til 2010 minka utgiftene med 18,3 prosent, og frå 2010 til 2011 auka dei med 6,4 prosent. Nedgangen frå 2009 til 2010 kjem fyrst og fremst av lågare investeringsnivå, mellom anna som følgje av utsette boreaktivitetar og utbyggingsinvesteringar på fleire felt. Auken frå 2010 til 2011 kjem fyrst og fremst av høgare investeringsnivå som følgje av høg aktivitet og god framdrift på fleire prosjekt.

Under lånetransaksjonar vart Grunnfondet auka med 10 mrd. kroner i 2009, og det vart kjøpt aksjar i Statoil ASA for om lag 2,2 mrd. kroner. I 2010 vart Grunnfondet auka med nye 5 mrd. kroner. I 2011 er det ikkje lånetransaksjonar på programområde 18 Olje og energiføremål.

2.19 Statlege utlån

Dette avsnittet gjev ei oversikt over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån. Detaljar kring utlåna er basert på opplysningar frå departementa.

Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten administrerer dei statlege utlån etter regler og føresetnader fastsette av Stortinget.

Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike slags lån med høg eller låg risiko. Overgangsordninga for eksportfinansiering er kort omtala til slutt i avsnittet.

Renteinntekter på dei statlege utlåna vert tilførte staten sentralt på eigne kapittel i statsbudsjettet og statsrekneskapen.

Frå 2010 vart det teke i bruk eit meir einskapleg system for bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Verksemdene skal no bokføra alle renteinntekter i statsrekneskapen ut frå prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret.3 Det inneber òg at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen, skal innehalda opptente, men enno ikkje betalte renter.4 Forvaltningseiningane har òg frå 2010 særskilde løyvingar på 70-postar for å dekkja tap/kostnader ved manglande tilbakebetaling av statlege utlån. Sjå omtale av kvar forvaltningseining nedanfor.

Husbanken

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Husbankens utlån:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2009

2010

2011

Inngåande behaldning

Konto 630005

100 922

104 824

109 196

Regulering, jf. fullmakt

Fullmakt i 20101)

-

315

-

Sum utlån etter regulering

Konto 630005

105 139

Utlån i året

Kap. 2412 / 90

12 586

12 896

14 367

Tilbakebetalingar i året

Kap. 5312 / 90

-8 684

-8 839

-9 130

Sum utlån

Konto 630005

104 824

109 196

114 433

Renteinntekter

Kap. 5615 / 80

4 531

3 674

3 862

1) Sjå fullmakt vedteken i Stortinget 11.desember 2009, jf. punkt 7 under Kommunal- og regionaldepartementet i saldert budsjett 2010 (Blå bok).

Samla uteståande krav i Husbanken var på 114,4 mrd. kroner ved utgangen av 2011. Det er om lag 5,2 mrd. kroner meir enn året før. Av dei uteståande krava var 72,4 mrd. kroner fastrentelån og 42,0 mrd. kroner var lån med flytande rente. Overkurs per 31.12.2011 på fastrentelåna har Husbanken rekna til om lag 3,6 mrd. kroner.

Husbanken hadde om lag 59 400 registrerte låntakarar (dellån) ved utgangen av 2011. Av dei hadde 24 700 lån med fast rente, 33 600 lån med flytande rente, medan dei resterande 1 100 låntakarar hadde lån på særvilkår. Lån til stiftingar, burettslag og liknande utgjorde 49,0 prosent, lån til kommunar 30,9 prosent og lån til personlege låntakarar 20,1 prosent.

Husbanken inntektsførte i 2011 renter med 3,9 mrd. kroner under kapittel 5615, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2010 var 3,7 mrd. kroner.

Husbanken hadde i 2011 eit brutto tap på utlån på 15,2 mill. kroner. Tilsvarande tal for 2010 var 17,2 mill. kroner. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar eller inngåtte avtalar, var netto tap på utlån 13,9 mill. kroner. Av det samla brutto tapet er om lag 5,2 mill. kroner knytt til personlege låntakarar, 4,2 mill. kroner mindre enn i 2010. Tapa knytt til ikkje-personlege låntakarar var 9,8 mill. kroner i 2011, 2,1 mill. kroner meir enn i 2010. Tap på rentestønad var 0,2 mill. kroner i 2011. Tapa for Husbanken vert frå 2010 dekte med ei særskild løyving på kapittel 2412, post 71 Tap på utlånsverksemd, og omfattar tap på hovudstol, tap på opptente ikkje betalte renter ved inngangen til året og årets renter knytt til avskrivne tap.

Sjå òg omtale av Husbanken under kapittel 2.6 Kommunal- og regionaldepartementet.

Statens lånekasse for utdanning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2009

2010

2011

Inngåande behaldning

Konto 630002

101 455

106 781

112 381

Regulering inngåande behaldning

Fullmakt i 20101)

-

-79

-

Sum utlån etter regulering

Konto 630002

-

106 702

-

Utlån i året2)

Kap. 2410 / 90

19 232

17 578

18 889

Tilbakebetalingar i året2)

Kap. 5310 / 90 (913))

-9 795

-7 407

-7 381

Konvertering til stipend

Kap. 5310 / 93

-4 111

-4 492

-4 822

Sum utlån

Konto 630002

106 781

112 381

119 068

Renteinntekter4)

Kap. 5617 / 80

4 959

3 411

3 866

1) Sjå fullmakt vedteken i Stortinget 9. desember 2009, jf. punkt 3.5 under Kunnskapsdepartementet i saldert budsjett 2010 (Blå bok).

2) Lånekassa har frå 2010 endra klassifiseringa ved rapportering av utlån og tilbakebetalingar til statsrekneskapen. Tala for 2010 og 2011 kan difor ikkje samanliknast direkte med bruttotala frå tidlegare år.

3) Tap og avskrivingar løyvde over kapittel 2410 postane 73 og 74 vart tidlegare førte på kapittel 5310, post 91, men vert frå 2010 førte samla på post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 302 mill. kroner i 2011 og i 2010 og 2009 høvesvis 420 mill. kroner og 257 mill. kroner. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.

4) Renteinntekter inneheld òg rentestønad som i 2011 vart løyvd og utgiftsført med 974 mill. kroner på Lånekassa sitt kapittel 2410 post 72. Rentestønadsbeløpa for 2010 og 2009 var høvesvis 810 mill. kroner og 1 388 mill. kroner.

Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 119,1 mrd. kroner ved utgangen av 2011, 6,7 mrd. kroner meir enn året før. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen òg tillagde renter. 32,4 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Andre ikkje renteberande krav er opptente, ikkje betalte renter på om lag 619 mill. kroner og ikkje betalte gebyr på om lag 70 mill. kroner. Uteståande renteberande rente er om lag 1,7 mrd. kroner. Lån med fast rente i Lånekassa utgjer om lag 36,0 mrd. kroner. Overkurs per 31.12.2011 på fastrentelåna har Lånekassa rekna til om lag 192 mill. kroner. Lånekassa hadde om lag 758 700 registrerte låntakarar ved utgangen av 2011. Av dei hadde om lag 198 700 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen), medan om lag 178 800 har lån med fast rente. Resten av låntakarane hadde lån med flytande rente.

Lånekassa inntektsførte i 2011 renter med om lag 3,9 mrd. kroner på kapittel 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2010 var om lag 3,4 mrd. kroner. Det vart utgiftsført 323 mill. kroner i tap på utlån i 2011 på kapittel 2410, post 74. Det er om lag det same som i 2009 og i 2010. Statens innkrevjingssentral inntektsførte 269 mill. kroner i 2011 (kapittel 4634, post 85) innkrevjing av misleghaldne lån i Lånekassa. Tilsvarande tal for 2010 og 2009 var høvesvis 251 mill. kroner og 207 mill. kroner.

Konverteringsordninga i Lånekassa

Frå undervisningsåret 2004–2005 betaler Lånekassa ut heile basisstønaden som lån for dei som er omfatta av stønadsordninga for høgare utdanning m.m. Opp til 40 prosent av stønadsbeløpet kan konverterast til stipend når stønadsmottakaren har gjennomført utdanninga vedkomande har fått stønad til. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvd midlar til å dekkja framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner utlån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.

Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. Skal ein få oversyn over samla netto utgifter til stipend, må lån som er konverterte til stipend, leggjast til stipendutgiftene. Denne summen kjem fram om ein ser kapittel 2410, postane 70 og 71 og kapittel 5310, post 93 i samanheng. For 2011 betalte Lånekassa ut om lag 3,5 mrd. kroner som stipend. Om lag 4,8 mrd. kroner vart konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla netto utgiftene til stipend i 2011 var dermed om lag 8,3 mrd. kroner.

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2009

2010

2011

Inngåande behaldning

Konto 6351062)

21 113

26 849

33 563

Regulering inngåande behaldning

Fullmakt i 20103)

-

47

-

Sum utlån etter regulering

Konto 6351062)

-

26 896

-

Utlån i året

Kap. 0614 / 90

-

12 124

16 343

Tilbakebetalingar i året

Kap. 3614 / 90

-

-5 457

-7 350

Netto utlån

Kap. 1544 / 901)

5 736

-

-

Sum utlån

Konto 635106

26 849

33 563

42 556

Renteinntekter

Kap. 5607 / 80

829

745

1 031

1) Løyvinga til bustadlånsordninga var til og med budsjettåret 2009 fastsett netto på det tidlegare kapittel 1544, post 90 under dåverande Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Frå 2010 er det lagt til grunn bruttobudsjettering av låneordninga.

2) Ved overføringa av låneordninga i Statens pensjonskasse til Arbeidsdepartementet frå 2010 vart kapitalrekneskapskontoen for føring av bustadlåna endra frå konto 635115, under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, til konto 635106 Andre utlån under Arbeidsdepartementet. Sistnemnde konto inneheld òg nokre andre mindre krav, og samla saldo på kontoen er 42 578 mill. kroner per 31.12.2011.

3) Sjå fullmakt vedteken i Stortinget 11. desember 2009, jf. punkt 8 under Arbeidsdepartementet i saldert budsjett 2010 (Blå bok).

Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 42,6 mrd. kroner ved utgangen av 2011. Det er om lag 9,0 mrd. kroner meir enn året før. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyd ikkje lån med fast rente. Ved utgangen av 2011 var det om lag 46 800 lån i ordninga, mot 41 200 året før.

Statens pensjonskasse inntektsførte i 2011 renter med 1 031 mill. kroner under kapittel 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2010 var 745 mill. kroner.

Statens pensjonskasse hadde i 2011 eit brutto tap på utlån på 0,2 mill. kroner, om lag det same som året før. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar på tidlegare avskrivne lån, var netto tap på utlån i 2011 på –0,2 mill. kroner.

Det var ei meirutgift på Statens pensjonskasses lånekapittel 0614, post 90 på 1 143 mill. kroner. Det kjem av at talet på utbetalte lån og gjennomsnittleg utbetaling per lån auka monaleg i siste delen av året. Statens pensjonskasse hadde dessutan ei meirinntekt på lånekapittel 3614, post 90 på 550 mill. kroner. Grunnen er at talet på innfridde lån auka i siste delen av året. Innbetalte avdrag auka òg, mellom anna fordi lånekundar valde å redusera avdragstida og betaler låna raskare ned i periodar med låg rente. Netto meirutgift på dei to lånekapitla utgjorde 593 mill. kroner.

Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse i kapittel 2.7 Arbeidsdepartementet.

Innovasjon Noreg

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noregs innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiera utlån. Det er difor ikkje nokon eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til låntakarar.

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2009

2010

2011

Inngåande behaldning

Konto 630009

9 815

12 555

15 372

Netto auke

2 740

2 817

478

Utgåande behaldning

Konto 6300091)

12 555

15 372

15 850

Renteinntekter

Kap. 5625/80

312

304

315

1) På konto 63.00.09 i kapitalrekneskapen, Utlån til statsbankar under Nærings- og handelsdepartementet, inngår i tillegg til Innovasjon Noreg òg SIVA SF med eit mindre beløp. Samla bokført beløp på konto 63.00.09 per 31.12.2011 var 16 509,7 mill. kroner.

Innovasjon Noregs samla innlån frå statskassa per 31.12.2011 var på 15,85 mrd. kroner. Av dette utgjorde ordinære innlån 13,9 mrd. kroner og lån til såkorn- og investeringsfond drygt 1,9 mrd. kroner.

Innovasjon Noregs samla ordinære netto utlån per 31.12.2011 utgjorde 14,7 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 1,2 mrd. kroner, mot 14,0 mrd. kroner per 31.12.2010. Netto auke utgjer 0,7 mrd. kroner.

Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med 12,1 mrd. kroner på lågrisikolån (om lag 12 300 lån), til saman 2,9 mrd. kroner på ordinære risikolån, distriktsretta låneordning og Miljøfondet (om lag 1 400 lån), og 0,9 mrd. kroner til andre utlån, som omfattar ansvarlege lån til såkornfond og bygdeutviklingslån til landbruket. Den sistnemnde ordninga utgjer om lag 7 700 lån og vert forvalta av Innovasjon Noreg for Landbrukets utviklingsfond.

Det vart inntektsført 315 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kapittel 5625, post 80 i statsrekneskapen 2011. Tilsvarande tal for 2010 var 304 mill. kroner.

Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2011 syner eit netto utlånstap på 41 mill. kroner, som er på nivå med 2010. Brutto bokført tap på utlån og garantiar i 2011 utgjer 184 mill. kroner, mot 229 mill. kroner i 2010.

Utlån frå staten i samband med overgangsordninga for eksportfinansiering

Stortinget handsama den 14. desember 2011 Innst. 138 S (2011–2012), jf. Prop. 34 S (2011–2012) Eksportfinansiering og Prop. 42 S (2011–2012) Endringer i Prop. 34 S (2011–2012) Eksportfinansiering. I proposisjonane gjorde regjeringa framlegg om at forvaltninga av offentleg stønad til eksportkredittar skulle førast vidare i statleg regi, fyrst gjennom ei overgangsordning og sidan gjennom ei ny statleg eining for eksportfinansiering som skal skipast innan 1. juli 2012. Stortinget ga Nærings- og handelsdepartementet fullmakt til å gjera ein avtale med Eksportfinans ASA om forvaltning av overgangsordninga fram til den statlege eininga vert operativ.

Samla utlån frå den førebelse eksportfinansieringsordninga var per 31. desember 2011 aktivert med 6 693 mill. kroner i konto 635109 i kapitalrekneskapen, Andre utlån under Nærings- og handelsdepartementet. Utlåna er utgiftsførte i løyvingsrekneskapen under kapittel 934, post 90 Lån til førebels statleg eksportfinansieringsordning for CIRR-kvalifiserte lån.

Det er ved utgangen av 2011 ikkje ført renteinntekter frå utlåna i løyvingsrekneskapen. Det er på konto 3934, post 80 Renter frå overgangsordningar for CIRR-kvalifiserte lån, utgiftsført renter med 16,2 mill. kroner.

Fotnotar

1.

Talet for uførepensjon i 2009 er summen av kap. 2655 fråtrekt utgiftene til tidsavgrensa uførestønad.

2.

Talet for 2009 er summen av rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad.

3.

Andre inntekter enn renter og kostnader ved forvaltningseiningane skal framleis handsamast etter kontantprinsippet.

4.

Verksemdene fekk i 2010 fullmakter til å handsama inngåande balanse i rekneskapsåret 2010 i tråd med dei nye prinsippa.
Til forsida