Meld. St. 3 (2011–2012)

Statsrekneskapen 2011

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3), hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.

Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i staten sine sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Statens eigedelar auka med 131,5 mrd. kroner i 2011, frå 4 478,0 mrd. kroner til 4 609,6 mrd. kroner. Mykje av endringa kan tilskrivast auken i verdien av Statens pensjonsfond utland (kontogruppe 61). Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein nedgang på 67,3 mrd. kroner i 2011, frå 823,7 mrd. kroner til 756,4 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 198,9 mrd. kroner frå 3 654,3 mrd. kroner til 3 853,2 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtala i notane nedanfor.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.10

31.12.11

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

136 851

81 673

-55 178

61. Spesielle fond og forsikringar

2

3 321 003

3 543 403

222 400

62. Verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder

3

364 181

300 507

-63 674

63. Utlån og uteståande krav

4

305 160

332 422

27 262

64. Ordinære fond

5

132 139

132 661

522

65. Forskot

6

263

285

22

66. Kapital i statsbankane

7

2 859

2 859

0

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

184 598

190 189

5 590

69. Eigenbehaldning statspapir

9

48 227

40 551

-7 676

70–72. Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar

10

-5 876

-4 032

1 845

77. Overkurs/underkurs statspapir

11

-1 381

-2 806

-1 425

78. Kurs- og tryggingselement knytte til obligasjonar med førerett

12

-10 015

-8 157

1 858

Sum eigedelar

4 478 009

4 609 556

131 547

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

13

653 247

557 412

-95 835

81. Kontolån frå ordinære fond

14

140 089

141 625

1 536

82. Verksemder med særskilde fullmakter

15

10 910

12 318

1 408

84. Deposita og avsetjingar

16

8 598

561

-8 037

87. Overførte unytta løyvingar

17

10 832

44 450

33 618

Sum gjeld

823 676

756 366

-67 310

99. Avslutningskonto (eigenkapital)

18

3 654 333

3 853 190

198 857

Sum gjeld og eigenkapital

4 478 009

4 609 556

131 547

1) Det kan vera avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vera i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten var 55,2 mrd. kroner lågare ved utgangen av 2011 enn ved utgangen av 2010. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 222,4 mrd. kroner. Dette kjem for det meste av ein auke i bokført verdi for Statens pensjonsfond utland (SPU) på 227,1 mrd. kroner. Statens pensjonsfond Noreg (SPN) hadde ein nedgang med 5,4 mrd. kroner. Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Pensjonsfondet er nærare omtala i kapittel 3. Bokført verdi for Norfund auka med 0,7 mrd. kroner.

Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder, minka med netto 63,7 mrd. kroner. Dette kjem for det meste av ein nedgang på 63,8 mrd. kroner i obligasjonar med førerett (OMF) under Finansdepartementet. Statens eigenkapitalinnskot i Aerospace Industrial Maintenance Norway SF under Forsvarsdepartementet var på 353 mill. kroner. Tilbakekjøp av aksjar for Telenor ASA førte til ein nedgang på 268 mill. kroner. Tilbakekjøp av aksjar for Yara International ASA førte til ein nedgang på om lag 2 mill. kroner. Sjå tabell 3.6 for oversikt over statens aksjeinteresser.

Note 4. Netto utlån og uteståande krav auka med 27,3 mrd. kroner. Av dette er 6,7 mrd. kroner auka utlån frå Statens Lånekasse for utdanning og 5,2 mrd. kroner frå Husbanken. For bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse auka utlåna med 9,0 mrd. kroner. Innovasjon Noregs ordinære lån og distriktsretta låneordning auka netto med 0,5 mrd. kroner. Lån til førebels eksportfinansieringsordning i statleg regi under NHD er aktivert med om lag 6,7 mrd. kroner i kapitalrekneskapen for 2011. Investeringslåna til helseføretaka auka med om lag 0,1 mrd. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka vart sett ned med 1,98 mrd. kroner. Utlåna til Teknologisenter for CO2-handtering på Mongstad (TCM DA) auka netto med 1,5 mrd. kroner medrekna kapitaliserte renter.

Note 5. Ordinære fond auka med 0,5 mrd. kroner. Fondet for forsking og nyskaping minka med 0,7 mrd. kroner. Inneståande midlar i gåveforsterkingsordninga auka med 348 mill. kroner. Fond under Olje- og energidepartementet auka med 424 mill. kroner, og av dette auka Energifondet med 417 mill. kroner. Inneståande i reguleringsfondet til Norsk pasientskadeerstatning auka med 131 mill. kroner, og tilskotsfond til fylka auka med 125 mill. kroner. Fond for landsdekkjande innovasjonsordning auka med 227 mill. kroner i 2011.

Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 14. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Unnatak frå hovudregelen er Tøyenfondet og Observatoriefondet, som berre er aktiverte i 64-gruppa og ikkje i 81-gruppa. Stiftinga Unifor forvaltar dei finansielle eigedelane til desse to fonda etter avtale med Universitet i Oslo, og midlane er ikkje plasserte i Noregs Bank.

Note 6. Forskot auka netto med 22 mill. kroner. Forskot i Statens vegvesen og Jernbaneverket auka med om lag 31 mill. kroner, medan forskot på rammetilskot til kommunar minka med om lag 9 mill. kroner.

Note 7. Det var inga endring i samla kapital i statsbankane i 2011.

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med om lag 5,6 mrd. kroner. Kapitalen i SDØE auka med 4,3 mrd. kroner, medan kapitalen i Statsbygg auka med 1,1 mrd. kroner. Kapitalen i SPK Forvaltningsbedrift auka med 214 mill. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3.

Note 9. Eigenbehaldning statspapir minka med om lag 7,7 mrd. kroner. Statsobligasjonar minka med om lag 4,8 mrd. kroner, medan statskassevekslar minka med 2,9 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemders mellomvære med statskassa auka med drygt 1,8 mrd. kroner, frå -5,9 mrd. kroner i 2010 til -4,0 mrd. kroner i 2011, slik at verksemdene har 4,0 mrd. kroner til gode per 31.12.2011.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gjeve Finansdepartementet fullmakt til å postera differansar og uoppklarte saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter. Det vart i 2011 postert netto 22,4 mill. kroner til debet kontogruppe 70 og til kredit konto for forskyving i balansen. Dette gjeld desse verksemdene (tal i kroner):

Arbeids- og velferdsetaten (AD)1)

23 847 495,00

Arbeids- og velferdsetaten (AD)1)

-1 431 114,95

Stortinget

-26 963,04

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD)

-18 265,18

Samla

22 371 151,83

1) Prop. 120 S (2010–2011), Innst. 420 S (2010–2011).

Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2011 bokført med -2,8 mrd. kroner. Dette er ein nedgang på 1,4 mrd. kroner frå året før.

Note 12. Kurs- og tryggingselement (konto 780001) er knytte til ordninga med obligasjonar med førerett (OMF), og er per 31.12.2011 bokført med om lag -8,2 mrd. kroner i statens kapitalrekneskap. Dette er ei endring på om lag 1,9 mrd. kroner frå -10,0 mrd. kroner i 2010. Sjå òg kontogruppe 62 og note 3 ovanfor.

Note 13. Statsgjelda gjekk ned med 95,8 mrd. kroner. Statskassevekslar (medrekna vekslar i samband med OMF-ordninga) gjekk ned med 73,0 mrd. kroner. Kortsiktige kontolån auka med om lag 3,3 mrd. kroner, medan faste lån opptekne innanlands gjekk ned med 26,2 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2011 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 14. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponera fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Sjå òg note 5.

Kontogruppe 81 auka med om lag 1,5 mrd. kroner. Fond under Utanriksdepartementet auka med 1,1 mrd. kroner. Fondet for forsking og nyskaping minka med 727 mill. kroner. Inneståande midlar i gåveforsterkingsordninga auka med 348 mill. kroner. Inneståande i reguleringsfondet til Norsk pasientskadeerstatning auka med 131 mill. kroner og tilskotsfond til fylka auka med 125 mill. kroner. Energifondet auka med 417 mill. kroner. Fond for landsdekkjande innovasjonsordning auka med 227 mill. kroner, medan Den allmenne garantiordninga auka med 231 mill. kroner, og Gammal allmenn ordning minka med 196 mill. kroner. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

Note 15. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføra utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og auka med 1,4 mrd. kroner. Midlane utgjer 12,3 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytta denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Ei meir detaljert oversikt over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3.

Note 16. Deposita og avsetjingar minka med 8,0 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland minka med 7,5 mrd. kroner. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) auka med 56 mill. kroner, medan samla avsetjing i Statens vegvesen og Jernbaneverket minka med 577 mill. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) minka med knapt 1 mill. kroner. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 17. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2011 til 2012 utgjer til saman 44,4 mrd. kroner, som er 33,6 mrd. kroner meir enn overført løyving frå 2010 til 2011.

Det er overført ei løyving på90-post på 33,3 mrd. kroner frå 2011 til 2012. Denne overføringa gjeld kapittel, 0934, post 90 Lån til førebels statleg eksportfinansieringsordning for CIRR-kvalifiserte lån, sjå omtale i kapittel 1.

Note 18. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2011 auka med 198,9 mrd. kroner, frå 3 654,3 mrd. kroner til 3 853,2 mrd. kroner, jf. note 1–17 ovanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2011 renteinntekter på 19,1 mrd. kroner og renteutgifter på 17,2 mrd. kroner. Netto renteinntekter vart dermed 1,9 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2010 til 2011 gjekk renteutgiftene ned med 2,7 mrd. kroner, medan renteinntektene auka med 0,9 mrd. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2009

2010

2011

1. Renteinntekter i alt

19 364

18 274

19 127

Renter frå statsbankane og statsføretaka

9 803

7 444

8 079

Renter av kapital i statens forretningsverksemd

41

48

63

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette:

9 519

10 781

10 984

Renter av innskot og andre krav

7 938

9 237

9 207

Renter av lån til helseføretaka

458

522

498

Renter av lån til aksjeselskap

278

275

262

Renter frå folketrygda

16

1

1

Renter overgangsordningar for CIRR-kvalifiserte lån2)

0

0

-16

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

829

745

1 031

2. Renteutgifter i alt1)

20 237

19 939

17 207

Av innanlandsk statsgjeld

20 237

19 939

17 207

Av utanlandsk statsgjeld

0

0

0

Netto renteinntekter/ renteutgifter

-873

-1 665

1 919

1) Renteutgifter for statsgjelda omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81.

2) Renter frå overgangsordningar oppretta i 2011 under NHD, jf. Innst. 138 S (2011-2012).

Renteinntekter av innskot og andre krav på 9,2 mrd. kroner er førte på kapittel 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er om lag 6,0 mrd. kroner renteinntekter på byteavtalar, 1,8 mrd. kroner renteinntekter av innanlandske verdipapir og 918 mill. kroner renteinntekter av foliokontoen i Noregs Bank.

Renteutgiftene på 17,2 mrd. kroner under kapittel 1650 Statsgjelda er mellom anna 4,9 mrd. kroner i renteutgifter på byteordninga, 14,0 mrd. kroner i renteutgifter på obligasjons- og vekselgjeld, 1,6 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå ordinære fond og 0,06 mrd. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassera overskotslikviditet som kontolån til staten. Dessutan er det netto inntektsført 2,0 mrd. kroner på rentebyteavtaler og 1,7 mrd. kroner i overkurs/underkurs.

Stortinget gav 24. oktober 2008 Finansdepartementet fullmakt til utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med førerett innanfor ei samla ramme på 350 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 5 (2008–2009) og Innst. S. nr. 12 (2008–2009) Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med fortrinnsrett. Det er i 2011 bokført om lag 6,0 mrd. kroner i vederlag under ordninga (jf. kapittel 5605, post 85) og 4,9 mrd. kroner i utgifter (bokført som del av kapittel 1650, post 89). I kapitalrekneskapen per 31.12.2011 er mottekne obligasjonar med førerett bokførte på eigedelssida med til saman 159,9 mrd. kroner (kontogruppe 6250). Statskassevekslar knytte til ordninga er bokførte på gjeldssida med 153,2 mrd. kroner (kontogruppe 8055). Kurs- og tryggingselement er bokførte med om lag 8,2 mrd. kroner (kontogruppe 77/78).

Per 31.12.2011 var statsgjelda 557,4 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden og staten som netto kravshavar står i Prop. 1 S Tillegg 4 (2010–2011) Endring av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2011 (Fullmakt til å ta opp statslån o.a., og saldering av statsbudsjettet for 2011).

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føra til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller pliktene sine overfor långjevarar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2010 og 2011. Per 31.12.2011 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 136,6 mrd. kroner. Dette er 27,4 mrd. kroner meir enn i 2010. Under Nærings- og handelsdepartementet auka ansvaret i 2011 med 16,8 mrd. kroner, og det meste gjeld Den allmenne garantiordninga og Gammal allmenn ordning under GIEK. Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet auka med 4,8 mrd. kroner. Garanti for grunnkapitalen i Den nordiske investeringsbanken under Finansdepartementet auka med 4,0 mrd. kroner. Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2011 var på 62,5 mill. kroner. Under Den allmenne garantiordninga og Gammal allmenn ordning er det utbetalt 43,5 mill. kroner på grunn av tap.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane.

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12.2011 (tal i mill. kroner)

Garantiansvar per 31.12.2010

Utbetalt ved tap i 2011

Garantiansvar per 31.12.2011

Utanriksdepartementet

13 441,4

18 232,0

Arbeidsdepartementet

238,8

238,6

Helse- og omsorgsdepartementet

6,4

5,7

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

4,1

3,7

Nærings- og handelsdepartementet

78 774,8

62,5

95 534,7

Samferdselsdepartementet1)

6 048,2

6 038,6

Miljøverndepartementet

1,2

0,0

Finansdepartementet

10 628,5

16 501,7

Sum

109 143,5

62,5

136 554,9

1) Garantiansvaret er endra fordi det vart innrapportert eit beløp som var 300 mill. kroner for høgt per 31.12.2010.

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i tråd med løyvingsvedtak i Stortinget.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalda eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Eit unnatak er Statens pensjonsfond, som nyttar marknadsverdi.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemders mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.3. Brutto finansieringsbehov går fram av kap. 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga.

Til forsida