Meld. St. 3 (2011–2012)

Statsrekneskapen 2011

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelda 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er ført vidare under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 3 437,4 mrd. kroner ved utgangen av 2011, ein auke på 221,7 mrd. kroner frå utgangen av 2010. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

2010

2011

Endring

SPU

3 080 851

3 307 915

227 064

SPN

134 882

129 483

-5 399

Statens pensjonsfond

3 215 733

3 437 398

221 664

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene til SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2011 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanspostar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Statoil ASA), og avkastninga av formuen i fondet. Utgiftene til fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen ved handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarar til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskotet over tid svara til venta realavkastning av SPU på 4 prosent.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske verdipapir tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter prinsippet om marknadsverdi. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føra tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank, inkludert forvaltninga av SPU.

Tabell 3.2 nedanfor syner ei resultatoppstilling for SPU, jf. lov om Statens pensjonsfond si opprekning av resultatelement som inngår i fondet. Tabell 3.3 syner balansen til fondet.

Resultatoppstillinga i tabell 3.2 syner ein netto auke i verdiane i fondet på 227,1 mrd. kroner i 2011. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 350,8 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2011 vart det overført 84,2 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2011 ikkje finanstransaksjonar, jf. lov om Statens pensjonsfond § 3. Inntekt frå avkastning av fondet var –39,6 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 97,0 mrd. kroner2 frå renter, utbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 25,3 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og –211,1 kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ei auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 49,2 mrd. kroner som følgje av noko svekt kronekurs i 2011. Sist kjem ein mindre valutakurseffekt ved omrekning av verksemd i utlandet på 2,8 mill. kroner.3 Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit negativt resultat frå forvaltning før valutakursregulering og forvaltningskostnader på 86,2 mrd. kroner (jf. spesifikasjon i tabell 3.2, note 5).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Statoil ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2011 utgjer dette 266,6 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane frå statskassa til fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før.

For 2011 vart det til saman overført 274,2 mrd. kroner. Overføringane fordelte seg slik (tal i mill. kroner).5

Månad

Overføring

Januar

13 921

Februar

13 784

Mars

13 749

April

15 551

Mai

15 637

Juni

21 704

Juli

21 586

August

22 342

September

33 858

Oktober

34 123

November

67 899

Sum

274 155

I 2010 vart det overført 6 390 mill. kroner mindre frå statskassa til fondet enn netto avsetjing, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2010. Overføringane for 2011 utgjer 267 765 mill. kroner når ein tek omsyn til at det vart overført for lite i 2010. Dei kontante overføringane i 2011 er etter dette 1 119 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2011 er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa (tabell 3.3). I tråd med tidlegare praksis vert dette avrekna i overføringane til fondet året etter.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2011 er bokført til 3 307,9 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarar til marknadsverdien av fondet på 3 309,0 mrd. kroner med frådrag for mellomrekninga på 1,1 mrd. kroner i statskassas favør. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.3, der òg bruttotal for balansen til fondet kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet er nærare omtala i Meld. St. 17 (2011–2012).

Den 16. mars 2012 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarar til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2011. I tråd med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.6 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 3 309,0 mrd. kroner ved utgangen av 2011. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på -2,5 prosent for heile 2011 målt i fondets valutakorg. Valutakorga er ei vekta samansetting av valutaene i fondets referanseindeksar for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, syner tala at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på -8,8 prosent, medan avkastninga av obligasjonsinvesteringane utgjorde 7,0 prosent og avkastninga av eigedomsinvesteringane -4,4 prosent. Aktivaklassa eigedom er ny sidan rapporteringa for 2010.7

Verdien av den norske krona svekka seg 1,2 prosent mot valutakorga til SPU i 2011. Dermed vart verdien av fondet målt i norske kroner tilsvarande høgare. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdera utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga til fondet i samsvar med forvaltningsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2011 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,081 prosent av kapitalen. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på om lag 0,5 mrd. kroner i 2011, mot 1,0 mrd. i 2010. Samla utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank 2 539 mill. kroner i 2011. Forvaltingskostnadene er nærare spesifisert i note 5 i Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2011, og kostnadsutviklinga er nærare omtala i Meld. St. 17 (2011–2012).

Årsmeldinga til Noregs Bank er utrykt vedlegg til Meld. St. 17 (2011–2012) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2011.

Tabell 3.2 Resultatoppstilling for SPU1) (tal i mill. kroner)

Tekst

Notar

2010

2011

Statens pensjonsfond utland

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

275 957

350 804

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

0

0

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

- 109 356

-84 158

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

166 602

266 646

Overførte midlar frå Statens petroleumsforsikringsfond

4

19 838

0

Avkastning av plasseringane til fondet

5

252 416

- 39 583

Samla endring SPU

438 856

227 064

1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Dette talet utgjer netto kontantstraum frå petroleumsverksemda og vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2010

2011

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

58 830

78 243

72

Særskatt på oljeinntekter

96 779

127 693

74

Arealavgift m.m.

1 373

1 517

Sum kap 5507

156 982

207 453

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

2 166

2 189

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

20

36

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

100 258

125 820

30

Avskrivingar

15 720

16 862

50

Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond

738

0

80

Renter av statens kapital

6 528

6 541

85

Renter på mellomvære

- 1

-11

89

Oppgjer etter garantierklæring

875

0

Sum kap 5440

124 117

149 212

5685

85

Utbyte Statoil ASA

12 818

13 352

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

296 104

372 242

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

18 470

21 437

50

Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond

1 594

0

2442

Disponering av innrettingar på kontinentalsokkelen

21

Særskilde driftsutgifter

82

2

Sum utgifter til petroleumsverksemda

20 146

21 439

Sum netto kontantstraum

275 957

350 804

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

275 957

350 804

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

Det har ikkje vore finanstransaksjonar som påverkar resultatoppstillinga for SPU i 2010 og 2011.

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

Tekst

2010

2011

5800

50

Overføring frå fondet

109 356

84 158

Note 4 Inntekt ved overføring av midlar frå Statens petroleumsforsikringsfond

Stortinget vedtok i 2010 å avvikla Statens petroleumsforsikringsfond (SPFF) per 31. desember 2010 og å overføra midlane til SPU, jf. Innst. 144 L (2010–2011) og Prop. 47 LS (2010–2011). Overføringa utgjorde 19,8 mrd. kroner og vart presentert på ei særskild line i resultatoppstillinga for SPU. Overføringa var ei eingongsinntekt for SPU i 2010.

Note 5 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU:

(tal i mill. kroner):

2010

2011

Renteinntekter av innskot i bankar

377

162

Renteinntekter av utlån knytte til gjensalsavtalar

350

1 004

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar og andelar

207 070

- 173 099

– obligasjonar og andre renteberande verdipapir

60 316

92 346

– finansielle derivat

- 3 552

- 5 693

– finansielle eigedelar eigedom1)

86

– investeringseigedommar1)

- 130

Resultat frå felleskontrollerte verksemder eigedom1)

- 31

Rentekostnad innlån knytte til gjenkjøpsavtalar

- 574

- 629

Andre rentekostnader

- 105

- 286

Andre kostnader

- 9

24

Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar4)

263 873

- 86 246

Valutakursreguleringar

- 8 498

49 205

Sum resultat

255 375

- 37 041

Forvaltningskostnad

- 2 959

- 2 539

Årsresultat

252 416

- 39 580

Valutakurseffekt ved omrekning av utanlandsk verksemd2)

0

- 3

Totalresultat3)

252 416

- 39 583

1) Aktivaklassa eigedom har kome til etter rapporteringa for 2010. Investeringane er ikkje-børsnoterte og er i resultatrekneskapen klassifiserte som netto inntekt/kostnad fråhøvesvis gruppene finansielle eigedelar eigedom og investeringseigedommar og resultat frå felleskontrollerte verksemder eigedom.

2) Utanlandske dotterverksemder som inngår i rekneskapsrapporteringa frå investeringsporteføljen, og som har ein anna funksjonell valuta enn Noregs Bank, er omrekna til norske kroner. Resultatrekneskapen er omrekna til gjennomsnittskurs for perioden, og balansen er omrekna til kurs ved sluttdatoane for rapporteringsperiodane. Eventuelle omrekningsdifferansar er rekna med i totalresultatet som valutakurseffekt ved omrekning av utanlandsk verksemd.

3) Totalresultat er den endringa i eigenkapital i ein periode som er resultatet av transaksjonar og andre hendingar, bortsett frå dei endringane som følgjer av transaksjonar med eigarar i deira eigenskap av å vera eigarar. Totalresultatet kjem fram etter omrekning av utanlandske verksemder til norske kroner på rapporteringstidspunktet. Omrekninga følgjer krava i IFRS / IAS 1 Presentasjon av finansrekneskap. Sjå note 1 i Noregs Banks rekneskapsrapportering for SPU.

4) I note 3 til Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar i 2011 spesifisert slik (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Inntekt/ kostnad

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Sum

Renteinntekter på innskot i bankar

162

162

Renteinntekter på utlån knytte til gjensalsavtalar

1 004

1 004

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar og andelar

49 793

1 869

27 067

-251 827

-173 099

– obligasjonar og andre renteberande verdipapir

48 691

349

4 600

38 706

92 346

– finansielle derivat

-1 407

-6 358

2 072

-5 693

– finansielle eigedelar eigedom

-52

138

86

– investeringseigedommar

60

-190

-130

Resultat frå felleskontrollerte verksemder eigedom

-31

-31

Rentekostnad innlån knytte til gjenkjøpsavtalar

-629

-629

Andre rentekostnader

-286

-286

Andre kostnader

24

24

Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar

47 534

49 793

2 250

25 309

-211 132

-86 246

Summen av renteinntekter (47,5 mrd. kroner), aksjeutbyte (49,8 mrd. kroner) og andre nettoinntekter (knapt 2,3 mrd. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (2,5 mrd. kroner), utgjer 97,0 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2 kapittel 1.

Tabell 3.3 Balanse for SPU per 31.12.2011 (tal i mill. kroner)

2010

2011

Eigedelar

Mellomrekning med statskassa1)

6 390

-1 119

Konto i Noregs Bank2)

3 074 461

3 309 033

Sum eigedelar

3 080 851

3 307 915

Eigenkapital

3 080 851

3 307 915

1) Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til SPU i 2011 vart 1 119 mill. kroner lågare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet. Denne differansen utgjer per 31.12.2011 eit krav for statskassa mot fondet, og vert innløyst med nedsett overføring til fondet i 2012. Tilsvarande tal per 31.12.2010 var ein skyldnad på 6 390 mill. kroner som vart innløyst med ein auke i overføringa i 2011.

2) I samsvar med forskrifta for forvaltning av SPU fastsett 22. desember 2006 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12. (tal i mill. kroner):

Eigedelar

2010

2011

Finansielle eigedelar

Innskot i bankar

6 303

7 276

Utlån knytte til gjensalsavtalar

255 501

79 820

Avgjeven kontantsikring

0

0

Uoppgjorde handlar

4 864

2 272

Aksjar og andelar

1 733 378

1 806 798

Utlånte aksjar

162 483

137 130

Obligasjonar og andre renteberande papir

1 038 793

1 324 255

Utlånte obligasjonar

215 090

3 256

Finansielle derivat)*

3 068

2 227

Finansielle eigedelar eigedom

0

4 415

Felleskontrollerte verksemder eigedom

0

2 546

Andre krav

1 358

3 244

Sum finansielle eigedelar

3 420 838

3 373 239

Ikkje-finansielle eigedelar

Investeringseigedommar

0

4 062

Andre ikkje-finansielle eigedelar

0

6

Sum ikkje-finansielle eigedelar

0

4 068

Sum eigedelar

3 420 838

3 377 307

Gjeld og eigenkapital

Kortsiktige innlån

2 939

11

Innlån knytte til gjenkjøpsavtalar

132 992

19 280

Motteken kontantsikring

172 309

36 926

Obligasjonar og andre renteberande papir

809

0

Finansielle derivat*)

9 372

5 957

Uoppgjorde handlar

20 358

3 310

Anna gjeld

4 639

251

Skuldig forvaltningskostnad

2 959

2 539

Sum finansiell gjeld

346 377

68 274

Eigenkapital

3 074 461

3 309 033

Sum gjeld og eigenkapital

3 420 838

3 377 307

*) Finansielle derivat: Endring i marknadsverdi av finansielle derivat er resultatført og er med i balansen. Slike posisjonar er spesifiserte i note til rekneskapen. Dei ulike derivata er nærare skildra i note 9 i Noregs Banks årsmelding om SPU for 2011. Delar av note 6 er òg presenterte nedanfor (tal i mill. kroner):

Finansielle derivat per 31.12.2011

Eksponering

 

Verkeleg verdi

Kjøpte

Selde

 

Eigedel

Gjeld

Nettoverdi

Valutahandlar

132 848

0

1 603

964

639

Børsnoterte futurekontraktar

1

14 682

5

224

-219

Rentebyteavtalar

8 163

18 956

463

4 639

-4 176

Kredittbyteavtalar

1 645

12

2

0

2

Aksjebyteavtalar

30

335

154

130

24

Sum byteavtalar

9 838

19 303

619

4 769

-4 150

Opsjonar

0

0

0

0

0

Sum finansielle derivat

142 687

33 985

2 227

5 957

-3 730

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 28. mars 2012 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2011. Eigenkapitalen i SPN var 129,5 mrd. kroner ved utgangen av 2011, jf. tabell 3.5 nedanfor. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet var 78,3 mrd. kroner. Marknadsverdien av dei samla renteplasseringane var 58,1 mrd. kroner per 31. desember 2011. Det er i balansen elles ført opp gjeld på i alt 6,9 mrd. kroner, der 4,8 mrd. kroner er knytt til kontantsikring og 2,1 mrd. kroner er anna gjeld (fyrst og fremst repohandlar). Det er òg ført opp nokre mindre krav i balansen med 15 mill. kroner.

I 2011 syner resultatet til SPN (medrekna endring i urealiserte vinstar/tap) eit underskot på 5,4 mrd. kroner, jf. tabell 3.4 nedanfor.8 Renteinntekter utgjorde 3,0 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 3,4 mrd. kroner. Dei realiserte verdipapirvinstane var på til saman 2,3 mrd. kroner. Dei urealiserte verdipapirtapa var på 13,7 mrd. kroner, med 14,6 mrd. kroner i urealisert kurstap på eigenkapitalplasseringar og 0,9 mrd. kroner i vinst på renteplasseringar. Netto andre inntekter var negative med 0,3 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 110 mill. kroner, som er 0,083 prosent av forvalta kapital i 2011. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i Folketrygdfondets årsrekneskap for SPN og kostnadsutviklinga nærare omtala i Meld St. 17 (2011–2012) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2011.

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2011. Avkastninga av fondet i 2011 var på –3,9 prosent. Avkastninga av plasseringane i norske renteinstrument var på 7,9 prosent, medan avkastninga av norske aksjar var på –10,9 prosent. Avkastninga av rente- og aksjeplasseringar i resten av Norden var på høvesvis 8,0 og –17,5 prosent.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2011 revidert av revisjonsselskapet Ernst & Young, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.4 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2010

2011

Renteinntekter

2 434

2 959

Aksjeutbyte

2 443

3 437

Realisert vinst/tap frå:

– aksjeplasseringar

2 119

1 720

– obligasjonar og sertifikat

190

227

– finansielle derivat

1 066

348

Netto endring urealisert kursvinst/-tap frå:

– aksjeplasseringar

10 277

-14 574

– obligasjonar og sertifikat

-295

49

– finansielle derivat

42

864

Andre porteføljeinntekter

-373

-319

Porteføljeresultat

17 903

-5 289

Forvaltningskostnader

91

110

Resultat SPN1)

17 812

-5 399

1) Summen av renteinntekter (2 959 mill. kroner), aksjeutbyte (3 437 mill. kroner) og netto andre inntekter (–320 mill. kroner), med frådrag for administrasjons- og forvaltningskostnader (110 mill. kroner), utgjer 5 966 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2, kapittel 1.

Tabell 3.5 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12.2011 (tal i mill. kroner)

2010

2011

Eigedelar

Aksjar

87 915

78 342

Obligasjonar og sertifikat

44 894

51 104

Valutasikringsinstrument og rentebyteavtalar

590

1 514

Krav

472

15

Bankinnskot

5 607

5 456

Sum eigedelar

139 478

136 431

Gjeld og eigenkapital

Eigenkapital SPN

134 882

129 483

Gjeld knytt til motteken kontantsikring

4 024

4 814

Finansielle derivat

0

9

Anna gjeld

572

2 125

Sum gjeld og eigenkapital

139 478

136 431

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, på 97,0 mrd. kroner, inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2 kapittel 1. I tabell 3.2, note 5 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

3.

Sjå note 5 til tabell 3.2 Resultatoppstilling for SPU om krav etter IFRS.

4.

Sjå tabell 3.2 Resultatoppstilling for SPU. Netto avsetjing til fondet for 2011 (266 646 mill. kroner) utgjer netto kontantstraum (350 804 mill. kroner) med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (84 158 mill. kroner).

5.

Det vert normalt ikkje gjort overføringar til fondet i desember.

6.

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og tilpassing til IFRS står i note 1 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU. Der går det fram at overgangen til IFRS ikkje medførar større endringar i innrekning, måling eller klassifisering av eigedelar eller gjeld. Overgangen medførar heller ikkje større endringar i resultatrekneskapen etter IFRS for investeringsporteføljen i SPU for samanlikningsperioden 2010. Særskilde tilpassingar vert berre forklarte i statsrekneskapen i dei tilfella det påverkar tal eller rekneskapsliner som er gjevne att her.

7.

Det negative resultatet kjem stort sett av offentlege eingongsavgifter knytte til eigedomskjøpa. Den bokførte verdien av eigedomsinvesteringane skal spegla den antatte marknadsverdien.

8.

Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.4 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.2 i kapittel 1.
Til forsida