Meld. St. 34 (2011–2012)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

2 Aktuelle saker

2.1 Velferdsstaten i eit nordisk perspektiv

Noreg har i formannskapsperioden valt å setje søkjelyset på velferdsstaten. Velferdsstaten er under press som følgje av den økonomiske krisa i Europa. Dei nordiske landa bør søkje å møte utfordringane saman og vidareutvikle samarbeidet. Det vert sett på korleis velferdsstaten fungerer, og korleis det offentlege kan løyse oppgåvene sine meir effektivt. Dette omfattar òg samarbeidet mellom det offentlege og partane i arbeidslivet, i tillegg til frivillig sektor, for å fremje viktige fellesskapsløysingar.

Arbeid og berekraftig utvikling høyrer saman. Det er viktig å oppretthalde ei høg sysselsetjing for å sikre at alle får ta del i velstandsutviklinga. Fleire større arrangement som handlar om utfordringane knytte til fråfall frå utdanning og arbeidsløyse blant ungdom, skal arrangerast hausten 2012. Her vil samarbeidsministeren og andre ministrar delta. Satsing på eit likestilt samfunn der kvinner deltek på lik linje med menn, er ei sentral kraft i ein berekraftig velferdsstat.

Den norske formannskapen ønskjer å bidra til at Norden held fram å vere ein føregangsregion. Dette gjeld ikkje minst grøn vekst, som inneber at økonomisk vekst og utvikling skjer innanfor tålegrensene til naturen. Dert vert retta særskilt merksemd mot samspelet mellom utdanning, forsking og innovasjon og mellom grøn vekst og berekraftige helse- og velferdsordningar.

På sommarmøtet statsministrane heldt i Lofoten i juni 2012, fremja Noreg tre konkrete forslag til eit styrkt samarbeid på helseområdet. Dette gjeld eit prosjekt om utprøving av nye behandlingsmetodar og legemiddel, samarbeid innanfor høgspesialisert medisin og forsking på helse og velferd. Målet er å forsterke og utvide det gode nordiske samarbeidet innanfor helse, for på sikt å gje betre kvalitet for pasientar og pasienttryggleik.

Eit anna område som statsministrane har lagt vekt på, er grøn vekst. Det vert arbeidd vidare med dei åtte forslaga frå ei fellesnordisk arbeidsgruppe frå 2011, m.a. om grøne tekniske normer og standardar for bygningar og ulike produkttypar og om grøne offentlege innkjøp.

Nordisk ministerråd må heile tida tilpasse seg samfunnsutviklinga. Noreg har i 2012 søkt å bidra til denne prosessen i nært samarbeid med Nordisk råd. Endringane må sjåast i samanheng med at det framleis er behov for eit breitt folkeleg engasjement for det nordiske samarbeidet.

2.2 Prioriteringsbudsjettet

Samarbeidsministrane har under den norske formannskapen vedteke ei endring i budsjettet som inneber at det vert sett av ein pott til særskilde prioriteringsområde for ein avgrensa periode. Prioriteringsbudsjettet skal etablerast frå og med 2013. Føremålet er å gje rom for politiske initiativ frå landa og gjere arbeidet i Nordisk ministerråd meir fleksibelt. Prosjekta skal fortrinnsvis vere tverrsektorielle prioriteringar som involverer fleire nordiske land.

Finansieringa av prioriteringsbudsjettet skjer ved hjelp av tilgjengelege midlar frå det avslutta globaliseringsinitiativet og midlar til formannskapen, og utgjer totalt 80 millionar danske kroner. Prosjekta skal avgrensast til ein periode på tre år. Prioriteringsbudsjettet vert delt opp i ein eigen formannskapsdel på 20 millionar DKK og ein del på dei resterande 60 millionane som går til andre høgt prioriterte initiativ frå landa. Sveriges hovudprioritering for formannskapsdelen i 2013 er mellom anna ungdomsarbeidsløyse og etablering av eit «Network of excellence» innanfor gruve- og mineralnæringa. Den norske formannskapen samarbeider med den påtroppande svenske formannskapen om prosjekt som representerer ei vidareføring av viktige prioriteringar i 2012. Med bakgrunn i eit norsk initiativ utviklar den påtroppande svenske formannskapen eit prosjekt om læring i og gjennom arbeid.

2.3 Grensehinder

Samarbeid på tvers av nasjonale grenser og fjerning av grensehinder er ein viktig del av det nordiske samarbeidet. Halvvegs i formannskapsperioden har Noreg styrkt innsatsen mot grensehinder. Det er sett ned ei arbeidsgruppe i Nordisk ministerråd, under leiing av den norske formannskapen, som har fått i mandat å utarbeide ein handlingsplan for det framtidige grensehinderarbeidet. Arbeidsgruppa vil mellom anna sjå på korleis arbeidet med grensehinder kan organiserast i framtida. Nordisk råd vil bli konsultert i arbeidet. Målsetjinga er å leggje fram eit ministerrådsforslag på Nordisk råds sesjon i 2013. Nasjonalforsamlingane i alle dei nordiske landa, i tillegg til dei sjølvstyrte områda, heldt i løpet av våren 2012 ein debatt om grensehinder. Debatten fann stad på Stortinget i april og resulterte i åtte forslag som er sende til regjeringa til vurdering. Samarbeidsministeren gjorde under debatten greie for grensehinderarbeidet i Nordisk ministerråd. Ho viste til at ei fullstendig nedbygging av grensehinder verken er realistisk eller ønskjeleg sidan dei nordiske landa har ulike lover og regelverk på mange område og har valt ulike velferdspolitiske løysingar for borgarane sine. Der hinder ikkje kan fjernast, kan ein søkje å få til størst mogeleg grad av harmonisering.

I april vart det lagt fram ein grensehinderrapport på arbeids- og sosialområdet som i tillegg til å identifisere grensehinder kjem med forslag til konkrete løysingar. Funna vart presenterte på ein konferanse der samarbeidsministeren deltok. Rapporten har vore på høyring i dei nordiske landa, og det vert vurdert korleis dei enkelte forslaga skal følgjast opp.

Dei åtte forslaga som vart fremja under debatten, er tekne inn i fullstendig versjon i vedlegga til meldinga. Nedanfor er det sett opp ein oversikt frå dei ansvarlege departementa om status for arbeidet med sakene som er omhandla i dei omtalte forslaga.

Forslaga er som følgjer: (1) oppretting av ein nordisk ombodsmann i regi av Nordisk ministerråd, (2) vurdering av nye lovforslag frå om dei skapar grensehinder, (3) forenkla tollklarering av maskiner på korte og tidsavgrensa arbeidsoppdrag, (4) godkjenning av yrkesutdanning frå eige land, (5) rehabilitering etter yrkesskade og sjukdom i bustadslandet, (6) harmonisering av reglar for studiestøtte, (7) rett til vidaregåande opplæring i eit anna nordisk land, og til slutt (8) raskare saksbehandling og betre tilgjenge på skattekontora for nordiske arbeidstakarar som søkjer norsk D-nummer.

Forslag 1 om grensehinderombodsmann: Forslaget skal behandlast av samarbeidsministrane i samband med utarbeidinga av handlingsplanen for grensehinderarbeidet, som skal sluttførast i 2013. Det må klargjerast kva som er føremålet med å opprette og organisere ei slik stilling. Kva juridiske spørsmål som då oppstår, er m.a. avhengig av korleis ein ombodsmann skal organiserast, og kva oppgåver og formell myndigheit ombodsmannen skal få. Ei nærare juridisk vurdering må dermed skje i lys av ordninga som til slutt vert vald.

Forslag 2 om å vurdere nye lovforslag: Ansvarleg departement er Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD). Regjeringa vil understreke at det er svært viktig at sakene skal vere så godt utgreidde som mogeleg før det vert fatta vedtak. Difor har regjeringa vedteke ein eigen instruks som skal vareta dette føremålet, utgreiingsinstruksen.

Denne instruksen gjeld arbeidet med offentlege utgreiingar, forskrifter, reformer og tiltak, i tillegg til proposisjonar og meldingar til Stortinget. Instruksen, som altså også gjeld lovforslag, pålegg mellom anna dei ansvarlege departementa og etatane å vurdere både økonomiske, administrative og andre vesentlege konsekvensar av dei forslaga som vert lagde fram. Kva andre konsekvensar det vil vere naturleg å vurdere, vil variere frå sak til sak. I enkelte saker vil det til dømes vere naturleg å vurdere om forslaga skaper grensehinder, og det er dei enkelte departementa og andre underliggjande verksemder som er ansvarlege for at dette vert gjort.

Ifølgje konkurranselova § 9 bokstav e) skal konkurransestyresmaktene peike på konkurranseregulerande verknader av offentlege tiltak, ev. fremje forslag med sikte på å styrkje konkurransen og gjere det enklare for nye konkurrentar å få tilgang til marknaden. Denne oppgåva utfører konkurransestyresmaktene regelmessig gjennom høyringsfråsegner, påpeikingar, meldingar i media mv. I dette arbeidet er konkurransestyresmaktene særleg opptekne av at det ikkje skal skapast unødige etableringshindringar som reduserer konkurransen, mellom anna grensehinder.

Forslag 3 om forenkla tollklarering av anleggsmaskiner på korte og tidsavgrensa arbeidsoppdrag: Ansvarleg departement er Finansdepartementet (FIN). I Prop. 112 L (2011-2012) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgjevinga kapittel 14 er meirverdiavgift ved midlertidig innførsel av anleggsmaskiner omtalt. Som det går fram der, vurderer Finansdepartementet kva som eventuelt kan gjerast for å bøte på problemstillinga. Ei eventuell endring av regelverket må likevel vurderast nøye. Dette gjeld særleg med omsyn til kva krav til tryggleik for avgiftskravet som må stillast ved innførselen. Departementet vil kome tilbake til saka når dette arbeidet er avslutta.

Forslag 4 om godkjenning av yrkesutdanning: Ansvarleg departement er Kunnskapsdepartementet (KD). I Noreg har fylkeskommunane og faglege råd ansvar for godkjenning og utferding av fag- og sveinebrev. Det er ikkje alle yrkesfag som krev eigen autorisasjon. I tillegg har Noreg realkompetansevurdering og yrkesprøving dersom kompetansen ikkje kan dokumenterast på annan måte. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har ansvar for gjensidig godkjenning av høgare utdanning og kan gje autorisasjon for utøving av visse profesjonar. Så langt har det ikkje vorte sett på som ønskeleg å opprette ein eigen godkjenningsinstans for yrkesutdanna i Noreg. Kunnskapsdepartementet ser på det som naturleg å vente med vurderinga av ein eventuell godkjenningsinstans til det europeiske kvalifikasjonsrammeverket (EQF) er ferdig utarbeidd og eventuelt vedteke.

Forslag 5 om rehabilitering etter yrkesskade og sjukdom i bustadslandet: Ansvarleg departement er Arbeidsdepartementet (AD). Ein ny nordisk konvensjon om trygd vart underteikna på ministermøtet i juni 2012. Konvensjonen, som kan ta til å gjelde tidleg i 2013, er tilpassa dei nye forordningane på området i EU som vart ein del av EØS-avtalen frå 1. juni 2012. Den nye konvensjonen gjev ei sterkare forankring av det nordiske samarbeidet på trygdeområdet, ettersom han føreskriv at aktuelle institusjonar skal samarbeide i grenseoverskridande situasjonar, og bidreg til at arbeidet mot grensehinder vert styrkt.

Det er òg teke inn konkrete føresegner om rehabilitering i bustadslandet for personar som har arbeidd og vore trygdemedlem i eit anna nordisk land. Bustadslandet skal sørgje for tiltaka i samarbeid med arbeidslandet og for arbeidslandets rekning. Konvensjonen legg dermed til rette for at det aktuelle problemet kan løysast i praksis.

Forslag 6 om harmonisering av studiestøtte: Ansvarleg departement er KD. Det er ein lang tradisjon for samarbeid mellom dei nordiske utdanningsdepartementa for å sikre at regelverka er så harmoniserte som mogeleg, mellom anna for å hindre at nordiske statsborgarar vert ståande utan rett til utdanningsstøtte i eit nordisk land. Etter EU/EØS-retten er landa i stor grad forplikta til å behandle alle EU/EØS-borgarar likt. Ut frå EU/EØS-rett er det dermed vanskeleg å gje statsborgarar frå dei nordiske landa lettare tilgang til utdanningsstøtte enn statsborgarar frå andre EU/EØS-land. Det er ulike oppfatningar i Norden om i kva grad dei nordiske avtalane framleis kan gje grunnlag for særlege reglar mellom dei nordiske landa. Noreg vil ta initiativ til å få avklart dette spørsmålet.

Forslag 7 om vidaregåande opplæring i eit anna nordisk land: Ansvarleg departement er KD. Dei fem nordiske landa har inngått ein gjensidig avtale om at ungdom med fast bustad i eit anna nordisk land har dei same rettane til vidaregåande opplæring som statsborgarane i landet. Dersom dei har fullført delar av den vidaregåande opplæringa i eit anna nordisk land, skal opplæringa i prinsippet godkjennast ut frå dei same vilkåra som for elevar som har flytta frå ein skule til ein annan i Noreg. Dette gjeld vidaregåande opplæring både frå det studieførebuande og frå det yrkesfaglege utdanningsprogrammet. Dersom ein tek utdanning i eit anna nordisk land med tanke på å få ho godkjend som likeverdig med ei tilsvarande norsk utdanning, bør det avklarast med inntakskontoret i fylkeskommunen i forkant om dette praktisk lèt seg gjere. Dersom ein skal søkje om å få godkjent ei utdanning frå eit anna nordisk land tilsvarande vidaregåande opplæringsnivå i Noreg, må ein kontakte inntakskontoret i det aktuelle fylket ein søkjer seg til i Noreg, eller rådføre seg med rådgjevaren eller leiinga ved den skulen ein eventuelt planlegg å byrje på etter retur til eige land. Informasjon om høve og rettar til å gjennomføre heile eller delar av vidaregåande opplæring i eit anna land finst på nettstaden www.vilbli.no.

Kunnskapsdepartementet viser til at fylkeskommunane har kompetanse til å kunne svare på spørsmål om ordninga.

Forslag 8 om raskare saksbehandling av ID-kontroll: Ansvarleg departement er FIN. Utanlandske borgarar som skal innvandre eller ha D-nummer ved midlertidig opphald i Noreg, må gjennom ein ID-kontroll. Med verknad frå 1. februar 2012 er arbeidet med slike ID-kontrollar lagt til 41 spesialiserte skattekontor. Arbeidet med ID-kontrollar er viktig for å unngå at utanlandske borgarar kan få fødselsnummer og D-nummer på grunnlag av falske identitetsdokument. Nordiske borgarar er ikkje i noka særstilling når det gjeld behovet for å gjennomføre ID-kontrollar. Det vil vere knytt utfordringar til ein meir lempeleg praksis berre for nordiske borgarar, då dette vil gå mot prinsippet om likebehandling av utanlandske arbeidstakarar. Samtidig vil lågare kontrollnivå auke risikoen for falske identitetar i folkeregisteret. Departementet kan difor ikkje tilrå ein generelt meir lempeleg praksis ved ID-kontrollen for borgarar av nordiske land.

Utfordringane ved personleg oppmøte for nordiske borgarar må difor i utgangspunktet løysast gjennom tiltak som treff generelt for alle, uavhengig av statsborgarskap. Skatteetaten har inngått konkrete avtalar om oppsøkjande verksemd med fleire regionar og kommunar. Skatteetaten har no inngått slike avtalar i alle skatteregioner med unntak av Skatt vest, og samarbeidet med kommunar og næringsliv fungerer godt. Det kan framleis vere lang reiseveg til næraste skattekontor med kompetanse på ID-kontroll for enkelte arbeidstakarar, men gjennom alternative tiltak, mellom anna oppsøkjande verksemd, bidreg Skatteetaten til å redusere byrda som omlegginga av ID-kontrollen inneber for både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar. Tiltaka vil òg gje enklare tilgjenge for nordiske borgarar. Med spesialiserte skattekontor for ID-kontrollar vil saksbehandlinga verte meir effektiv, noko også nordiske borgarar vil vere tente med. Det er ikkje aktuelt å vurdere større endringar i ID-kontrollen før Skatteetaten har hausta erfaringar med den nye ordninga over ein lengre periode.

Ei anna sak det har vore interesse for, er kartlegging av grensehinder for næringslivet. Nordisk Innovasjon (NI) har fått i oppdrag å sjå på dette hausten 2012. Vidare arbeider NI med nedbygging av grensehinder innanfor særleg aktuelle sektorar som el-fagfeltet med utgangspunkt i EU-direktiv 2005/36/EF (kvalifikasjonsdirektivet) og byggenæringa. I november 2011 vart det sett i gang prosjekt om koordinering av byggestandardar med deltaking frå hele Norden.

Grensehinderforum

Etter initiativ frå dei nordiske statsministrane etablerte samarbeidsministrane Grensehinderforum hausten 2007. Mandatet er forlengt ut 2013. Forumet er sett saman av framståande representantar for landa og dei sjølvstyrte områda (Grønland, Færøyane og Åland). Grensehinderforum møtest med jamne mellomrom, og arbeider sjølvstendig og uavhengig for å identifisere, prioritere og finne løysingar på hinder som kjem opp. Dei tek opp enkeltsaker med dei rette styresmaktene, på politisk nivå eller embetsnivå. Det vert årleg rapportert til statsministrane om status for arbeidet. Ole Norrback er leiar av Grensehinderforum, og norsk representant er tidlegare nordisk samarbeidsminister Bjarne Mørk-Eidem.

Til forsida