Meld. St. 34 (2011–2012)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

4 Utanriks-, forsvars- og utviklingspolitisk samarbeid

4.1 Nordisk samarbeid – ein integrert del av europapolitikken

Noreg, Norden og EU står overfor mange av dei same utfordringane knytte til auka global konkurranse og til klima, energi og demografi. På det utanriks- og tryggingspolitiske området er det i aukande grad eit nordisk samarbeid. Stoltenberg-rapporten er eit viktig uttrykk for korleis Europa og breiare globale forhold gjev grobotn for eit dynamisk nordisk samarbeid. I både EU og NATO er det ei aukande interesse for regionalt samarbeid mellom medlemsland og ikkje-medlemsland. Dette ser vi gjennom at alle dei nordiske landa og EU møtest i regionale samarbeidsfora som Barentsrådet, Austersjørådet, Arktisk råd og Den nordlege dimensjonen. Dei ulike fagministerråda under nordiske ministerrådsmøte fungerer òg som ein viktig møteplass for å diskutere EU/EØS-spørsmål og utviklinga av europeisk politikk innanfor dei ulike fagområda.

Det er mange eksempel på korleis det nordiske samarbeidet har bidrege i det europeiske samarbeidet og sett fotavtrykk på dei løysingane som er utvikla i ei europeisk ramme. Dette gjeld ikkje minst i sosiale spørsmål, innanfor likestilling, arbeidsmiljø, miljøvern og spørsmål om openheit og innsyn. For å møte utfordringane har EU som mål å gjere økonomien smart, inkluderande og berekraftig. Den nordiske modellen, der ein har lukkast i å kombinere vekstøkonomi med miljøreguleringer, høg grad av velferd og evne til omstilling med godt vern for arbeidstakarar, har fått ny merksemd i Europa i lys av den økonomiske krisa. Dette gjev dei nordiske landa, mellom dei Noreg, høve til å påverke EU. Vi har størst sjanse til å påverke situasjonen på område der dei nordiske landa utmerkjer seg, og/eller der EU har ei særleg interesse. På næringsområdet kan det vere berekraftig byggeskikk, strategisk bruk av offentlege innkjøp, gruve- og mineralnæring og kreative næringar. Dei nordiske landa kan bringe erfaringar og politiske løysingar over landegrensene inn i det europeiske samarbeidet som konkrete bidrag til politikkutforminga i Europa. Slik vert nordisk og europeisk politikkutvikling vevd tettare saman i ein prosess der dialog og erfaringsutveksling står sentralt.

Norden og Europa. Perspektiv og moglegheiter

Det er ei prioritert oppgåve å styrkje dei kontaktane og den informasjonsutvekslinga som skjer gjennom det nordiske samarbeidet på eit breitt spekter av saksområde når det gjeld EU og europeisk samarbeid. Regjeringa ønskjer å bidra til nært og fortruleg nordisk samarbeid om aktuelle europeiske spørsmål i framtida og vil her òg aktivt bruke bilaterale relasjonar og nettverk. Frå norsk side har vi for eksempel dratt særleg nytte av eit nært samarbeid med EU-formannskapa når desse har vore nordiske, seinast den danske formannskapen våren 2012. Det er her viktig at saker som er til behandling i EU og EØS, og som er av fellesnordisk betyding, blir drøfta i ei nordisk ramme på eit tidleg tidspunkt. Samtidig er det òg viktig med tidleg varsling i saker der dei nordiske landa ikkje har felles interesser.

Nordiske bidrag til europeisk politikkutvikling

Regjeringa meiner at Norden har mykje god politikk og erfaring å bringe inn i det europeiske samarbeidet. Ikkje minst gjeld dette grøn vekst, noko som inneber at økonomisk vekst og utvikling skjer innanfor tålegrensene til naturen. Som formannskap i det nordiske regjeringssamarbeidet i Nordisk ministerråd er Regjeringa oppteken av å rette særleg fokus mot eit styrkt samspel mellom kultur, utdanning, forsking og innovasjon, grøn vekst og berekraftige helse- og velferdsordningar. Ved å kople kultur, klima, energi og miljøinnsatsen tettare opp til utdanning, forsking og innovasjon vil Norden kunne gje viktige bidrag i form av kunnskap og kompetanse i den europeiske innsatsen på veg mot auka grøn vekst og berekraft.

Målsetjinga for Noregs miljøsamarbeid med EU er å vareta norske miljøinteresser, medverke til ein god miljøpolitikk i Europa og bidra til at EU er ein pådrivar i utviklinga av internasjonal miljøpolitikk. Noreg deltek difor aktivt og breitt i utviklinga av felles ambisiøse miljøreglar i EU. Når dei nordiske miljøvernministrane møtest to gonger i året, er EU/EØS-saker eit fast punkt på dagsordenen. Store delar av det omfattande nordiske ekspertsamarbeidet er retta mot kva Norden kan bidra med i form av innspel og fagleg dokumentasjon til regelverksutviklinga i EU, og mot arbeidet med globale miljøkonvensjonar.

Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg i EU-program innanfor kultur, media, sikrare Internett, utdanning og forsking. Dei europeiske utfordringane og dei prioriterte områda samsvarer godt med norske og nordiske prioriteringar, som vern og fremjing av kulturelt mangfald og europeisk kulturarv, fremjing av sikker bruk av Internett og annan kommunikasjonsteknologi hos barn og unge, kamp mot ulovleg og skadeleg innhald, styrking av grunnforsking og fokus på samfunnsutfordringar i forskingspolitikken, i tillegg til arbeid for å redusere skulefråfall og innsats for betre lesedugleik i utdanningspolitikken. Dei nordiske landa har i mange år hatt eit meir omfattande lovsamarbeid på immaterialrettsfeltet enn på mange andre kulturområde.

Det går føre seg informasjonsutveksling og samarbeid mellom dei nordiske landa når det gjeld studiefinansiering og forholdet til EU/EØS-retten. Landa yter kvarandre etter vurdering støtte i saker som kjem opp for EU- og EFTA-domstolane. Nordisk arbeid på realkompetansefeltet har vore ein modell for EU-kommunikeet om modernisering av høgare utdanning frå 2011. Vidare har EU-kommisjonen i forslaget til nytt integrert program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus for All, føreslått ei studiefinansieringsordning som er inspirert av dei nordiske ordningane.

Norden kan, på område der det ligg til rette for det, utvikle samarbeidsmodellar og løysingar som seinare kan gjennomførast i EU og i EØS-området. På energiområdet har for eksempel dei nordiske landa avregulert marknadene lenge før dei andre europeiske landa og har utvikla Nordpool. På bakgrunn av dei rammene for energipolitikken som blir utvikla gjennom EU/EØS, er det behov for eit nordisk samarbeid i alle fasar av politikk- og regelverksutforminga. Utvikling av rammevilkår for energieffektivisering og fornybar energi blir dermed spesielt interessant for dei nordiske landa i lys av utviklinga av direktiv og nye initiativ i EU/EØS. Gjennomføring av EU-direktivet for å fremje fornybar energi står sentralt som samarbeidsområde i handlingsprogrammet for energi i 2010-2013.

Noreg er gjennom EØS-avtalen kopla til EUs «sosiale dimensjon», som er tufta på felles minimumsreglar for arbeidsmiljø og arbeidstakarrettar. Det inneber at Noreg stort sett er forplikta gjennom EØS-avtalen til å gjennomføre det same regelverket for arbeidslivet som dei andre nordiske landa. Det nordiske samarbeidet, mellom anna gjennom Nordisk arbeidslivs- og arbeidsrettsutval (NAU) og Nordisk arbeidsmiljøutval, har vist seg som ein svært nyttig arena for Noreg når det gjeld informasjon og diskusjon om vedtak av og forslag til EU-regelverk. På dei halvårlege møta i utvala står EU-saker fast på dagsordenen, i tillegg til at saker med EU-relevans ofte vert behandla som temadrøftingar. I utvala kan deltakarane utveksle synspunkt og informasjon og knyte gode kontaktar. Sjølv om dei nordiske landa har ein del forskjellar i den nasjonale lovgjevinga på arbeidslivsfeltet, finst det mange felles plattformar. Det gjeld ikkje minst det veletablerte trepartssamarbeidet som jo kjenneteiknar den nordiske modellen, og som alle dei nordiske landa er opptekne av å behalde i møtet med den europeiske arbeidslivsreguleringa.

Gjennom ministerrådet underbyggjer ein ofte arbeid som vert gjort i EU/EØS, diskuterer gjennomføring og erfaringar og kjem med innspel på område der Norden ligg i forkant av utviklinga i EU. Som ein del av EU-direktivet om grensekryssande helsetenester artikkel 12 er det no etablert eit arbeid i EU-kommisjonen for å definere kriterium og sjukdomsgrupper som skal inkluderast i eit europeisk referansenettverk (ERN). ERN kan bli eit kompetanse- og ressursnettverk for høgspesialisert medisin i Europa. Eit av måla er å dele kunnskap om behandling av sjeldne sjukdommar, til dømes nye kreftformer med ein førekomst på < 6 per 100 000 innbyggjarar. Ambisjonen er å setje i gang eit slikt nettverk frå 2015. Representantar frå den nordiske arbeidsgruppa for høgspesialisert medisin følgjer arbeidet med ERN i EU-kommisjonen. Det vert sett på som viktig å bidra i utviklinga av ERN med ein felles nordisk posisjon, ettersom høgspesialiserte tenester i Norden er relativt likt organiserte og finansierte.

EU-direktivet om grensekryssande helsetenester artikkel 11 omtalar IT-tiltak som må koordinerast mellom landa for å understøtte direktivet. Elektronisk ID for både helsepersonell og innbyggjarar, i tillegg til ny personvernregulering, er tema som er prioriterte i første fase, der det nordiske forumet fungerer som ein koordinerande arena mellom dei nordiske helsedepartementa. Utveksling av elektroniske reseptar i heile Norden (og på lang sikt heile Europa) er eit samarbeidsprosjekt i regi av EU (epSOS-prosjektet) og eit hovudtiltak for å understøtte direktivet.

Eit sentralt tema i det regionalpolitiske samarbeidet i 2011 og 2012 har vore EUs framtidige regionalpolitikk og konkurransepolitikk. Dei nordiske landa har gjennom arbeidsgrupper og dialogmøte drøfta politikkutviklinga i EU og samordna innspel til EU-kommisjonen på område der dei nordiske interessene er samanfallande.

4.2 Det utanrikspolitiske samarbeid, oppfølging av Stoltenberg-rapporten

Det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet er i rask utvikling. Oppfølginga av rapporten frå Thorvald Stoltenberg om styrking av det nordiske utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet (2009) er framleis ei viktig kjelde til politisk dynamikk og konkrete tiltak.

Den nordiske solidaritetserklæringa våren 2011 har forsterka dynamikken i det utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet ytterlegare. Erklæringa utgjer ein politisk overbygning for at vi skal samarbeide i ei solidarisk ånd for å møte utfordringar på det utanriks- og tryggingspolitiske området og hjelpe kvarandre dersom eit nordisk land skulle bli ramma av natur- og menneskeskapte katastrofar, digitale angrep og terroristangrep.

Digital tryggleik

Digitale angrep utgjer ei stadig meir alvorleg tryggingspolitisk utfordring for alle nordiske land. Eit digitalt angrep i eitt nordisk land vil kunne ramme kritiske system òg i andre nordiske land. Dei nordiske utanriksministrane er samde om kor viktig det er å styrkje nordisk samarbeid om digital tryggleik. Dette er ei konkret oppfølging av den nordiske solidaritetserklæringa. Etableringa av eit gradert kommunikasjonsnettverk mellom dei nordiske nasjonale styresmaktene, Governmental Cyber Emergency Response Team (GovCERT), er eit første skritt i retning av nordisk samarbeid om digital tryggleik.

Føremålet med eit nordisk gradert kommunikasjonsnettverk er å kunne varsle, analysere og respondere på ein sikker og effektiv måte ved digitale angrep. Ambisjonen er at kommunikasjonsnettverket skal vere på plass innan utgangen av 2012. Landa vil då ha eit viktig instrument for å kunne vidareutvikle det praktiske nordiske samarbeidet om digital tryggleik.

Det er etablert kontakt mellom dei nordiske utanriksministeria for å sjå nærare på nordiske utanriks- og tryggingspolitiske avvegingar som er relaterte til digital tryggleik.

Forsvars- og tryggingspolitisk samarbeid

Det nordiske forsvars- og tryggingspolitiske samarbeidet vert heile tida vidareutvikla basert på felles interesser og nytteverdi, og i fleksible format av to til fem land avhengig av sakens karakter.

Dei åpne samarbeidsformene som EU og særleg NATO har med ikkje-medlemer, gjev godt rom for eit nordisk samarbeid også innanfor desse organisasjonane, både politisk og operativt. Dei nordiske landa bidreg på den måten til å byggje bru mellom NATO og EU. Det nære forsvarspolitiske samarbeidet i Norden har vorte ein modell for styrkt forsvarssamarbeid, mellom anna såkalla «Smart Defence».

Mange av dei faktorane som tidlegare var til hinder for tett nordisk tryggingspolitisk samarbeid, er i dag borte. Vi deltek i felles operasjonar, samarbeider om forsvarsmateriell, deltek i felles militære øvingar og utvekslar synspunkt i ein open og fortruleg dialog. Det stadig tettare samarbeidet endrar strukturar og haldningar og gjev oss nye moglegheiter. Vi har ein klar felles ambisjon om å fortsetje å styrkje samarbeidet.

Samtidig har dei nordiske landa til tider ulike prioriteringar, blant anna for kva operasjonar dei deltek i, og kva rammeverk det skjer innanfor. Når det gjeld sivile bidrag, prioriterer Sverige, Finland og Danmark EU-leidde operasjoner. Den norske regjeringa arbeider for å styrkje det nordiske samarbeidet til støtte for FNs fredsoperative innsats, noko det er klar interesse for hjå våre nordiske naboar. Hausten 2011 stod dei nordiske landa saman i FN om fleire innlegg om FNs fredsbevarande operasjoner i FN. Saman kan dei nordiske landa bidra til utvikling av politikk og praktiske retningslinjer i FN og til meir effektive fredsoperasjonar.

Island har oppmoda Finland og Sverige om å ta del i den regulære luftovervakinga NATO gjennomfører over Island. Det ville vere eit tydeleg uttrykk for det nære nordiske samarbeidet om tryggleik i nærområda og styrkje partnarskap og forsvarssamarbeid i NATO (jf. kap. 4.4.).

Sverige og Finland utviklar heile tida sitt forhold til NATO gjennom eit stadig tettare partnarskapssamarbeid. Nordisk tryggingspolitisk samarbeid, både i og utanfor NATO, bidreg positivt til vår eigen tryggleik og til den samla relevansen og evna til alliansen.

Det nordiske tryggingspolitiske samarbeidet i Afghanistan er òg svært viktig (jf. kap. 4.4.).

Den svenske Riksdagen har vedteke at Sverige kan ta på seg å leie EUs Nordic Battle Group i første halvdel av 2015. Noreg vil i eit heilskapsperspektiv vurdere eit eventuelt bidrag.

Havovervaking

Dei nordiske landa er inviterte til å bruke den informasjonen som er tilgjengeleg gjennom det norske havovervakingssystemet BarentsWatch. Noreg jobbar for at dei ulike systema for havovervaking som er etablerte i Norden, kan trekkje på kvarandre, og at det gode samarbeidet som er etablert, skal styrkjast i tida framover.

Fredsmeklingsnettverk

Dei nordiske utanriksministrane vart hausten 2011 samde om å etablere eit nordisk fredsmeklingsnettverk. Finland arrangerte eit første møte i januar 2012. Føremålet med nettverket er å bidra til styrkt informasjonsutveksling og på sikt bidra til praktisk samarbeid.

Nordisk ambassadesamarbeid

Samarbeidet mellom dei nordiske utanrikstenestene er behovsstyrt og skal gje meirverdi og innsparingar for alle partar. Det er semje om at det nordiske ambassadesamarbeidet skal byggjast ut og styrkjast. I tillegg til å sikre ei betre ressursutnytting vil eit tettare nordisk samarbeid vere verdifullt for å fremje felles nordiske utanrikspolitiske prioriteringar, samtidig som det gjer Norden meir synleg.

Tettast er samarbeidet der fysisk samlokalisering er eit faktum. I dag har vi ulike former for nordisk samlokalisering på rundt 30 stader verda over. Det vert no arbeidd vidare med samlokaliseringar for fleire nordiske land i Asia, Afrika, Amerika og Europa. Det vert lagt opp til at dei nordiske landa skal kunne gjere vedtak om ytterlegare nordisk samlokalisering på neste nordiske utanriksministermøte 31. oktober i år.

Andre viktige samarbeidsområde er konsulære saker, samarbeid innanfor migrasjon/utlendingsfeltet, kriseberedskap, tryggleik for utanriksstasjonane og dei tilsette og felles administrative støttefunksjonar.

Dei fleste nordiske landa er inne i ein periode med nedskjeringar i utanrikstenestene. Nordiske løysingar kan gje konkrete innsparingar og god synergi. Noreg vil framleis vere ein pådrivar for å bidra til eit stadig tettare, betre og meir effektivt samarbeid mellom dei nordiske utanrikstenestene.

Nordisk-baltisk samarbeid

Litauen leier det uformelle nordisk-baltiske utanrikspolitiske samarbeidet (NB 8) i 2012, og Noreg deltek aktivt i dette. I NB 8-samarbeidet vert det halde årlege møte både for utanriksministrane og statssekretærane i tillegg til møte på høgt embetsnivå. Tilrådingane i Birkavs-Gade-rapporten om styrkt nordisk-baltisk samarbeid vert følgde opp der dette gjev meirverdi.

Både det nordiske samarbeidet, arbeidet Nordisk ministerråd gjer i dei baltiske landa, samarbeidet i Austersjørådet, NB 8-samarbeidet under utanriksministrane og det vidare austersjøsamarbeidet er sentrale samarbeidsfora for fremjing av norske interesser i nærområda våre og bør vidareutviklast parallelt.

Nordisk FN-samarbeid

Det nordiske samarbeidet i FN er nært og femnar vidt. Det er utstrekt informasjonsutveksling mellom dei nordiske FN-delegasjonane, og det vert ofte halde fellesnordiske innlegg, både i Tryggingsrådet og i andre fora.

Det nordiske valsamarbeidet i FN omfattar interne nordiske rotasjonsordningar innanfor gruppa av vestlege land (WEOG). Slike rotasjonsordningar finst mellom anna for Tryggingsrådet, Menneskerettsrådet og andre sentrale FN-organ. Føremålet er å sikre at minst eitt nordisk land er representert i dei ulike organa så ofte som mogeleg. Finland er kandidat til ein ikkje-fast plass i FNs tryggingsråd for perioden 2013-14, og frå norsk side bidreg vi til å løfte kandidaturet i samanhengar der dette er naturlag. Generelt er det tett og fortløpande nordisk kontakt om alle valspørsmål i FN, mellom anna i form av jamlege møte mellom dei nordiske valmedarbeidarane.

Det er nært samarbeid mellom nordiske land i styrande organ for FNs største fond og program, mellom dei utviklingsprogrammet UNDP, barnefondet UNICEF og befolkningsfondet UNFPA.

4.3 Utanrikshandel

Det utanrikshandelspolitiske samarbeidet mellom dei nordiske landa er i dag meir uformelt enn tidlegare. Sidan Kommisjonen har ansvar for den ytre handelspolitikken i EU, er det ikkje aktuelt med eit formelt samarbeid mellom dei nordiske landa om felles posisjonar i WTO. Det er likevel god uformell kontakt i WTO-spørsmål mellom dei nordiske delegasjonane i Genève og mellom dei nordiske deltakarane i handelskomiteen i OECD. På denne måten får Noreg informasjon om drøftingane i EU, og dei andre nordiske landa kan dra nytte av at Noreg deltek i grupperingar der EU berre er representert ved Kommisjonen. Det er jamlege nordiske konsultasjonar om handelsretta utviklingssamarbeid.

Det er brei kontakt mellom dei nordiske hovudstadene, mellom delegasjonane/ representasjonane i Brussel og mellom dei nordiske ambassadane i utanrikshandelspolitiske spørsmål. Nordisk ministerråd er òg ein arena for regelmessig nordisk dialog om aktuelle EU- og EØS-saker. Dei nordiske utanrikshandelsministrane møtast årleg til uformelt samråd om aktuelle utanrikshandelspolitiske saker. På dagsordenen står mellom anna finanskrisa og konsekvensane av ho, den nye vekst- og sysselsettingsstrategien i EU (Europa 2020), samarbeid på den indre marknaden, EU/EØS-spørsmål, ulike grensehinderspørsmål og tilhøvet mellom handel/utvikling og handel/klima. Regjeringa legg vekt på at det utanrikshandelspolitiske samarbeidet skal dyrkast og utviklast vidare.

Den tette kontakten med dei nordiske landa i spørsmål om EØS og den indre marknaden er viktig for å oppfylle ambisjonen regjeringa har om ein aktiv europapolitikk og om å arbeide målretta for å vareta norske interesser opp mot EU. Kommisjonens handlingsplan for den indre marknaden (Single Market Act) har vore drøfta under den danske formannskapen i første halvår 2012 og vil verte følgd opp i komande drøftingar mellom dei nordiske landa.

Samarbeidet med nærområda til Norden på det økonomiske og handelspolitiske området har òg vorte viktigare.

4.4 Forsvar

Fleirnasjonalt forsvarssamarbeid vert sett på som eit stadig viktigare verkemiddel for å løyse felles grunnleggjande utfordringar i forsvars- og tryggingspolitikken. Reduserte forsvarsbudsjett som følgje av finans- og gjeldskrisa, prisstiging på høgteknologisk forsvarsmateriell og grenseoverskridande tryggingsutfordringar gjer det nødvendig å styrkje forsvarssamarbeidet og finne fleirnasjonale løysingar, òg på tvers av ulike tryggingspolitiske tilknytingar. Det er på bakgrunn av at både NATO og EU har fleksible samarbeidsrammer med ikkje-medlemer, noko som gjer det mogeleg å styrkje det nordiske samarbeidet innanfor desse organisasjonane, at ein må sjå utviklinga av det nordiske forsvarssamarbeidet, NORDEFCO, både på militært og politisk nivå.

Den nordiske verdifellesskapen og den geografiske nærleiken gjer det naturleg å samarbeide tett om felles tryggings- og forsvarspolitiske utfordringar i Norden. Det er ein stadig tettare politisk dialog om dette.

Sverige og Finland er nært knytte til NATO gjennom eit velutvikla partnarskapssamarbeid, og Noreg har brei politisk og militær kontaktflate med EU. Mellom anna har Noreg to gonger delteke i EUs stridsgrupper. Vi deltek aktivt i kapabilitetssamarbeidet som forsvarsbyrået i EU (EDA) driv.

Regjeringa legg stor vekt på at den breie politiske tilslutninga i dei nordiske landa vert følgd opp gjennom praktiske sikkerhets- og forsvarspolitiske samarbeidstiltak. At ein stadig opnar opp for nye samarbeidsområde, vitnar om at satsingane frå dei nordiske regjeringane på nordisk samarbeid tilfører ein merkbar tilleggs- og nytteverdi.

Vi har vidareført det tryggingspolitiske samarbeidet med Island som kom i stand etter at USA trekte tilbake det militære nærværet sitt i 2006. Støtta frå Noreg vert høgt verdsett av islandske styresmakter.

Det praktiske militære samarbeidet i Norden er styrkt ytterlegare det siste året og har vekt interesse også utanfor Norden. Det overordna føremålet med samarbeidet er å finne fram til løysingar som kan redusere kostnader og auke den operative evna. Rasjonaliseringseffektane av eit sterkare nordisk samarbeid kan leggje til rette for at Noreg kan verkeleggjere eit høgare forsvarspolitisk ambisjonsnivå det enn det ein kunne oppnå utan eit slikt samarbeid.

Samarbeid om operasjonar står sentralt. I tillegg til det nemnde samarbeidet om EU-stridsgruppene blir det arbeidd med å styrkje samarbeidet i Afghanistan. Noreg vil etter oppmoding frå ISAF avvikle den norskleidde Transition Support Group i Faryab-provinsen hausten 2012. Noreg, Finland, Sverige og Latvia skal i samarbeid lære opp og gje råd til afghansk politi i Mazar-e Sharif nord i landet. Det norske bidraget vil verte utplassert frå årsskiftet 2012/2013 og vil til å byrje med omfatte om lag 80 personell frå Forsvaret, for deretter å verte gradvis redusert til 60 fram mot sommaren 2013. I tillegg ser ein på korleis det kan samarbeidast innanfor ei nordisk ramme om heimtransporten frå Afghanistan og bidrag til NATO-operasjonen etter 2014. Denne operasjonen vil ha fokus på rådgjeving, opplæring og støtte og vil ikkje innebere kampoppdrag.

Dei nordiske landa vurderer fortløpande om det lèt seg gjere å stille eit felles bidrag til ein FN- leidd operasjon. Dette vil verte meir aktuelt etter kvart som operasjonen i Afghanistan vert trappa ned og frigjer ressursar til andre innsatsområde. Våren 2012 tok Noreg eit nytt initiativ for å leggje til rette for gjennomføring av denne mangeårige nordiske ambisjonen om å stille eit felles militært bidrag i ein FN-operasjon. Det første konsultasjonsmøtet i Oslo i mai skal følgjast opp med eit nytt møte i København hausten 2012. Eit nordisk samarbeid om støtte til afrikansk kapasitetsbygging i Aust-Afrika går ut på å medverke til at Den afrikanske unionen sjølv kan handtere kriser på det afrikanske kontinentet.

Samarbeidet om trening og øving aukar. Særleg gjeld dette for kampfly. Kvar veke er det samtrening organisert av luftvingane i Bodø, Kallax og Rovaniemi. Dette gjev svært nyttig trening til redusert kostnad, ettersom dei korte avstandane gjer at ein slepp å deployere luftstyrkane. Tilgjengelege nordiske trenings- og øvingsområde for land- og luftstyrkar utgjer eit område på storleik med Tyskland, noko som gjev eit unikt grunnlag for eit kostnadseffektivt operativt samarbeid. Island har oppmoda Sverige og Finland om å delta i luftovervakinga NATO gjennomfører av det islandske luftrommet. Eit vidare nordisk samarbeid på dette området vil følgje naturleg av det kampflysamarbeidet som allereie er godt utvikla. Noreg stiller seg positiv til å støtte Sverige og Finland dersom dette skulle verte ein realitet.

Kapabilitetssamarbeidet vert òg styrkt fortløpande. Dei nordiske landa har identifisert nokre prioriterte område der behova er samanfallande. Blant desse områda er motmiddel mot improviserte bomber, langtrekkjande presisjonsvåpen, ubemanna system, luftovervaking, bakkebasert luftforsvar, framtidas bataljonsystem og felles logistikkløysingar. Samtidig vert det arbeidd med å styrkje og vidareutvikle nordisk materiell- og industrisamarbeid. Eksempel på dette er det norsk-svenske innkjøpet av nytt rørartillerisystem (Archer), det pågåande norsk-svenske fellesinnkjøpet av nye transportkøyretøy og nyinnkjøpet og oppgraderinga av den svenske stormpanservogna CV90 i Hæren. Det pågåande finske innkjøpet av det norskutvikla bakkebaserte luftvernsystemet NASAMS II gjev gode utsikter til langsiktig militært og industrielt samarbeid.

Ein studie er i ferd med å vurdere om det kan setjast i gang eit nordisk samarbeid om taktisk lufttransport. Gruppa har fått eit vidt mandat, der ulike grader av integrasjon av transportflyflåtane i dei nordiske landa skal utgreiast.

Som ein konsekvens av det aktive engasjementet i internasjonale operasjonar samarbeider dei nordiske landa om løysingar for å vareta behova til veteranane. Samarbeidet omfattar mellom anna erfaringsutveksling, forsking og utvikling og tiltak for å styrkje statusen til veteranane.

Ein nordisk tryggingsavtale gjer det mogeleg å utveksle gradert nasjonal informasjon mellom dei nordiske landa. Det er inngått ein avtale som skal regulere informasjonsutveksling og varetaking av opphavsrettar i samband med nordisk kapabilitetssamarbeid. Arbeidet med å forenkle prosedyrane for grensekryssing av militært personell og materiell mellom dei nordiske landa held fram.

4.5 Utviklingssamarbeid

Noreg er ein pådrivar for å styrkje det nære samarbeidet med dei andre nordiske landa. Hovudformålet er å leggje til rette for meir effektiv bistand, i tillegg til å bruke bistanden meir strategisk for å utløyse andre og mykje større pengestraumar. Dette skjer primært gjennom Nordic Plus-samarbeidet, der også Irland, Nederland og Storbritannia deltek. Siste møtet mellom utviklingsleiarane i dei respektive landa stadfesta at det er brei semje om at bistanden kan gjerast meir effektiv, både gjennom bilaterale og multilaterale kanalar. Målsetjinga er å intensivere den globale kampen mot fattigdom i ei tid med fleire store globale kriser. I tillegg diskuterer gruppa andre dagsaktuelle politiske tema der ei samordna tilnærming kan gje meirverdi. Gruppa har ein positiv innverknad på politikkutforminga i EU når det gjeld bistand, men òg andre politiske tema. Ein studie gjort av Norad om arbeidsdeling (2010) viser at det i fleire av samarbeidslanda er etablert eit godt samarbeid mellom Nordic Plus-landa, mellom anna eit delegert samarbeid for å redusere overføringskostnader og for å rasjonalisere samarbeidet på landnivå.

Samarbeidet med Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane er formalisert gjennom ein omfattande nordisk koordineringsprosess og ei rotasjonsordning for representasjon i dei styrande organa. I Verdsbanken og dei regionale utviklingsbankane har Noreg i dei fleste sakene samanfallande interesser med dei andre nordiske landa, og i styra i institusjonane er det tett nordisk samarbeid. Felles posisjonar vert utforma heile tida, og det vert halde felles innlegg under årsmøte og møte i utviklingskomiteen i Verdsbanken, Det internasjonale valutafondet (IMF) og under årsmøta i dei regionale utviklingsbankane. Det er òg møte på ministernivå og statssekretærnivå der den meir overordna politikken overfor Verdsbanken vert drøfta. Dei nordiske landa legg i det daglege arbeidet sitt vekt på å sikre at den overordna målsetjinga om fattigdomsreduksjon vert styrande for utforminga og gjennomføringa av verksemda i utviklingsbankane.

Nordisk utviklingsfond (NDF) fekk i 2009 eit endra mandat med fokus på klimatiltak i fattige land og overgang frå utlån til gåvebistand. Ei fersk evaluering konkluderer at NDF har klart omstillinga godt og leverer gode resultat med eit lite, men effektivt administrativt oppsett. Innsatsen til NDF er godt koordinert med verksemda i andre nordiske institusjonar som NIB og miljøfinansieringsselskapet NEFCO, og bidreg til integrering av miljø i utviklingssamarbeidet.

Til forsida