Meld. St. 34 (2011–2012)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

5 Fagleg samarbeid i ministerrådet

5.1 Kultur

Det nordiske kultursamarbeidet er breitt og spenner frå folkeleg fellesskap til virket til den enkelte kunstnaren. Begge delar skal få utfolde og utvikle seg. Institusjonane og programma til Nordisk ministerråd bidreg til å skape gode og fleksible rammer for kultursamarbeidet.

Formannskapsprogrammet for kulturområdet har som utgangspunkt at ein berekraftig kulturpolitikk må leggje til rette for at alle skal ha like sjansar til å ta del i kulturlivet og samfunnet. Eit anna viktig tema for formannskapen er eit nordisk løft for barne- og ungdomslitteratur, mellom anna ein eigen nordisk pris.

Utforming av det norske formannskapsprogrammet for 2012 var ei sentral oppgåve i 2011. Hovudoppgåvene som formannskapsland i første del av 2012 har dreidd seg om å gjennomføre sektorprogrammet for kulturområdet, vere vertskap for ministerrådet for kultur (MR-K) og leie arbeidet på embetsnivå. Dei nordiske kulturministrane slutta seg på møtet i Oslo i april til satsinga på eit løft for nordisk barne- og ungdomslitteratur, og det vil bli lagt fram eit ministerrådsforslag om satsinga til Nordisk råds sesjon hausten 2012. MR-K gav òg si tilslutning til arbeidet med ein ny strategi for kultursamarbeidet som skal gjelde for åra 2013-2020. Arbeidet vart starta tidleg i 2012 og vil gå fram til ministermøtet 31. oktober 2012. Strategien har fem hovudtema: Det berekraftige Norden, Det kreative Norden, Det interkulturelle Norden, Det unge Norden og Det digitale Norden. Ved hjelp av desse hovudoverskriftene ønskjer kulturministrane å fange opp endringar og utfordringar i dagens samfunn generelt og kulturlivet spesielt. I arbeidet med strategien er det halde fleire seminar med relevante nordiske aktørar og fagmiljø i løpet av våren 2012.

Biblioteket som møtestad og kulturarena i digital tid er eit av fleire tema i formannskapsprogrammet, som vert følgt opp m.a. med ein temadebatt i samband med ministermøtet i april og seinare ein nordisk fagkonferanse i Oslo i mai.

Norden er hovudtema på bokmessa i Göteborg i september 2012. Ministerrådet vil gjennom seminar og andre tiltak setje kultur, mangfald og identitet i Norden på dagsordenen for bokmessa. Det vert i tillegg gjennomført eit arrangement i samarbeid med Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet der ein vil syne korleis personar med nedsett funksjonsevne kan verte meir synlege aktørar i media.

Med eit ønske om å gjere det nordiske kulturtilbodet meir tilgjengeleg for innbyggjarane i alle nordiske land har Nordisk ministerråd for kultur, i samarbeid med Nordisk råd, teke initiativ til ei undersøking for å kartleggje korleis tilgangen til kultur frå nabolanda kan betrast. Resultata av kartlegginga vil bli lagt fram i ein rapport hausten 2012.

Hausten 2012 skal det òg arrangerast eit nordisk symposium i Oslo om samfunnsansvaret arkitekturen har i den nordiske velferdsstaten. Formannskapen arbeider òg for å vidareføre satsinga på kulturnæringar i Norden, m.a. gjennom KreaNord, som er samlingspunktet for utvikling og styrking av kulturnæringar og kreative næringar i regionen. Prioriterte område i 2012 er fremjing av nordisk musikk og film. I arbeidet med å profilere Norden som ein kreativ, levande og dynamisk region vil den nordiske festivalen på Kennedy Center i Washington D.C. i februar 2013 verte ein viktig arena for kunst og kultur frå heile Norden.

Dei tre programma til ministerrådet – kultur- og kunstprogrammet, det nordisk-baltiske mobilitetsprogrammet og det nordiske dataspillprogrammet – gav i 2011 støtte til over 400 prosjekt.

Samarbeidsstrukturen for det nordiske kultursamarbeidet vart evaluert i 2011. Med fokus på dei nye elementa i denne strukturen gav evalueringa ei i hovudsak positiv vurdering. Som ei oppfølging av evalueringa vart Nordens institutt i Finland (Nifin) og Kulturkontakt Nord, forvaltningsorganet til kultur- og kunstprogrammet og det nordisk-baltiske mobilitetsprogrammet, slått saman frå 1. januar 2012. Denne samanslåinga gjev større armslag til å skape nordisk nytte. Institusjonen får større tyngde og breidde, og slik vert Norden og det nordiske kultursamarbeidet synleggjorde. Den nye institusjonen – Kulturkontakt Nord – har tre hovudoppgåver: å forvalte programma til Nordisk ministerråd, å fungere som nordisk møteplass med sikte på å styrkje nordisk språk og kultur i Finland og å vere informasjonspunkt for nordisk kultursamarbeid. Samanslåinga har skapt positive synergiar og bidrege til å skape ein meir interessant og mangfaldig institusjon for kulturlivet i Finland og Norden.

Nordisk kulturfond

Fondet støttar nordisk samarbeid i det profesjonelle kulturlivet og i frivillig sektor. Fondet vil arbeide for å skape nordiske møteplassar i form av arbeidsseminar og nordiske nettverk. Fondet prioriterer aktivitetar som aktivt og konkret gjer det enklare for barn og unge å ta del i det nordiske kultursamarbeidet, og som bidreg til å styrkje den nordiske språkforståinga. Fondet gjev i 2012 ei særleg løyving på 3 millionar DKK til Nordisk kulturfestival for barn og unge, med fokus på kultur som vert utøvd av barn og unge.

5.2 Utdanning og forsking

«Velferd i praksis» er tittelen på programmet for den norske formannskapen i ministerrådet for utdanning og forsking i 2012. Dialogen med dei nordiske landa om kompetansen til velferdsyrka og innovasjon i tenestene tek utgangspunkt i perspektiv frå stortingsmeldinga om utdanning og forsking knytt til velferdsyrke (Meld. St. 13 (2011–2012)) som er relevante for alle dei nordiske landa.

Alle globaliseringsprosjekt i Ministerrådet for utdanning (MR-U) vert gjennomførde og avslutta i løpet av 2012. Ministerrådet for utdanning og forsking vil ta ansvaret for å følgje opp ein del av det føreslåtte nye initiativet for berekraftig nordisk velferd. Tiltak som fremjar utdanning for arbeid og velferd vil verte prioritert i 2013, når det mellom anna skal setjast i gang ein komparativ studie av velferdsutdanningane i Norden og eit nordisk prosjekt om læring i og gjennom arbeid. MR-U vil òg bidra i utdannings- og forskingssamarbeidet innanfor ramma av det nye initiativet NordMin.

Nordplus-rammeprogrammet vert vidareført som eit samlande instrument for den nordiske og nordisk-baltiske satsinga på utdanningssamarbeid og eit felles utdanningsområde, og Nordplus 2012-2016 vart lansert 1. januar 2012. Education for tomorrow er eit nytt nordisk utdanningsforskings- og formidlingsinitiativ som vart etablert i år med eit totalt budsjett på 75 millionar kroner. Dei første vedtaka om prosjektløyvingar er tekne hausten 2012. Neste steg i dette programmet er ei større utlysing av eit «Nordic Centre of Excellence in educational research» hausten 2012.

Organisering og arbeidsmåtar på området til MR-U er i 2012 gjennomgådde av ei intern arbeidsgruppe leidd av Noreg. På grunnlag av tilrådingane frå gruppa skal det utarbeidast framlegg til tiltak som kan bidra til eit meir dynamisk og politisk relevant arbeid i regi av MR-U.

Grunnskule og vidaregåande opplæring

Den norske formannskapen vil bidra til å fremje forståinga for demokratiske verdiar og evner og sjå nærare på korleis dei kjem til uttrykk i opplæringa og i kunnskapen til elevane i Norden. Det skal arrangerast ein konferanse i Oslo om demokratisk beredskap i oktober 2012, med lærarutdannarar som målgruppe.

Andre arrangement under formannskapen er mellom anna nordisk seminar om lesing, skriving og rekning i dei yrkesfaglege studieprogramma som skal arrangerast i månadsskiftet oktober/november 2012, og ein nordisk konferanse om oppfølging av marginalisert ungdom gjennom betre tverretatleg samarbeid.

Det er vedteke å opprette eit nytt og utvida analysearbeid om nordiske resultat i internasjonale studiar, med rapportering kvart anna år.

Det er vurdert om det kan setjast i gang eit nordisk samarbeid om felles utdanningstilbod for små og verneverdige fag / små handverksfag, med utgangspunkt i den nordiske gymnasieavtalen på nivået for vidaregåande skule og mobilitetsprogrammet Nordplus junior. Hausten 2012 vert det sett i verk eit prosjekt der Noreg, Danmark og Island går vidare med å prøve ut samarbeid i faget båtbyggjar/trebåtbyggjar.

Nordens Välfërdssenter utviklar på oppdrag av Nordisk ministerråd ein nettbasert kunnskapsbank for tiltak som kan hindre at ungdom fell utanfor utdanning og arbeid. Prosjektet går i perioden 2012–2014. Målet er at kunnskapsbanken på lengre sikt blir ein felles nordisk idépool for beslutningstakarar i dei nordiske landa og andre aktørar med interesse for temaet.

Hausten 2012 skal det òg arrangerast eit nordisk seminar med erfaringsdeling om tilrettelegging av digitaliserte medieklipp for skulen. Hovudtema er deling av digitalt innhald og erfaringsutveksling for å utvikle betre IKT-tenester. Invitasjonen går til allmennkringkastarar og nordiske utdanningsstyresmakter.

Det er vedteke å lyse ut og gjennomføre ein komparativ studie av rammeplanane for innhaldet i dei nordiske barnehagane.

Grøn vekst

Med bakgrunn i bestillinga frå dei nordiske statsministrene hausten 2011 skal det utarbeidast ein handlingsplan med vekt på korleis både utdanning og forsking kan fremje grøn vekst. Erfaringar frå toppforskingsinitiativet (TFI) for klima, energi og miljø og spørsmål som gjeld grøn IKT, skal takast med i vurderinga av ny innsats.

Det er vedteke at Den nordiske klimadagen ikkje skal vidareførast i si noverande form med særskilte kampanjar og årlege tiltak, sidan han ikkje har hatt tilstrekkeleg oppslutning i dei nordiske skulane. Utvikla materiell skal haldast oppdatert og vere tilgjengeleg.

Læring for vaksne

Noreg brukar òg formannskapen til å arbeide med læring for vaksne. I mars 2012 vart det gjennomført ein nordisk/europeisk konferanse om realkompetanse med presentasjon av gode eksempel og av utfordringane som er knytte til å kome vidare med verdsetjing av ikkje-formell og uformell kompetanse. I juni 2012 arrangerte Noreg ein nordisk konferanse om innovasjon i læring for vaksne og innovasjon og kreativitet i lys av den nordiske velferdsmodellen. I september 2012 skal det arrangerast ein konferanse for lærarar og leiarar som arbeider med språkopplæring for vaksne innvandrarar med svært kort eller ingen formell skulegang frå heimlandet. Deltakarar frå alle dei nordiske landa er inviterte.

Nordisk nettverk for voksnes læring (NVL) har vorte evaluert, og nettverket skal vidareførast for ein fireårsperiode (2013-2016), med Vox som forvaltningsorgan. Alle nordiske land unnateke Island er med i eit nordisk samarbeid som førebuing til at resultata frå den omfattande studien PIAAC vert offentlege i 2013. Den nordiske rapporten skal liggje føre i 2014.

Ved utarbeiding av dei nasjonale kvalifikasjonsrammeverka har dei nordiske landa gått saman i eit nettverk for å utveksle erfaringar og drøfte problemstillingar.

Høgare utdanning

Nordiske universitet og høgskular satsar på kvalitet gjennom samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (SAK). Kunnskapsdepartementet arrangerte i samarbeid med Nordisk ministerråd og Nordisk universitetssamarbeid (NUS) ein nordisk konferanse om SAK. Meirverdien som kan liggje i nordisk SAK, var òg tema på møtet mellom dei nordiske utdannings- og forskingsministrane våren 2012.

På nordisk nivå vert det arbeidd med tilrettelegging for felles bruk av det europeiske klassifiseringsverktøyet U-map for å beskrive høgare utdanningsinstitusjonar i Norden.

Det er utlyst ny søknadsrunde for nordiske masterprogram. Evalueringa viser gode og nyttige erfaringar når det gjeld kvalitet, organisering av fellesgrader,vurdering av grensehinder og marknadsføring av Norden. Endelig organisasjonsform av programmet skal vurderast i løpet av 2012.

Den nordiske avtalen om opptak til høgare utdanning i Norden vert forhandla på nytt i 2012. Det er semje om å fornye avtalen, og det er i gang prosessar for å få til nødvendig forankring, mellom anna parlamentarisk behandling av saka i dei nordiske landa der dette er påkravd.

Forsking og innovasjon

Under den norske formannskapen i 2012 har det vorte arbeidd for å vidareutvikle det nordiske forskings- og innovasjonsområdet. Nordisk samarbeid kan òg vere ein inngang til deltaking i forskingsaktivitetane i EU. Noreg vil arbeide for å utnytte nordisk samarbeid som ein plattform for deltaking i EUs forskingssamarbeid.

Ministerrådet for utdanning og forsking har teke initiativ til ein gjennomgang av det nordiske forskingssamarbeidet. Ei nordisk høgnivågruppe leverte rapporten «Vilja till forskning?» i slutten av 2011. Det vert no arbeidd med å følgje opp tilrådingane i rapporten, som omfattar forslag om betre samspel mellom forsking, høgare utdanning og innovasjon, felles bruk av infrastruktur, opning av nasjonale forskingsprogram for nordiske forskarar, tiltak for å fremje forskarmobilitet og tiltak for å fremje samspelet mellom Norden og EU.

NordForsk gjennomførte i mars 2012 ein konsultasjon om eit nytt nordisk forskingsprogram på helse- og velferdsområdet. Arbeidet skal vidareførast i løpet av hausten 2012 i dialog med dei nasjonale forskingsråda.

I november 2012 arrangerer den norske formannskapen for MR-U eit nordisk ekspertseminar om kjønnsbalanse i forsking, i samarbeid med KIF-komiteen, Noregs forskingsråd, Barne- og likestillingsdepartementet og NordForsk. Ei kartlegging av situasjonen i dei nordiske landa skal leggjast fram og drøftast på seminaret.

Nordiske språk og språkforståing

Språkforståinga hjå barn og unge er høgt prioritert i det nordiske arbeidet. I kultursektoren finn vi sentrale verkemiddel for å fremje nordiske språk og språkforståing. Nordisk ministerråd skal innan utgangen av 2012 avgjere om organiseringa av språkområdet skal vidareførast i noverande eller endra form. På bakgrunn av dette vart det bestilt ei ekstern evaluering av organiseringa av språkområdet. Rapporten skal behandlast hausten 2012, etter høyring i dei evaluerte einingane.

I Noreg har undersøkinga «Spørsmål til Skole-Norge 2012» vist ein auke i talet på skuleeigarar og skular som rapporterer positivt om opplæring i nabospråk, samanlikna med 2010. Gjennom Foreningen Norden vert tiltak som har gjeve god effekt etter den nordiske språkkampanjen i 2011, vidareførte. Forfattarbesøk i skulen er eit eksempel på tiltak som fremjar nabospråkforståing.

IKT

IKT-området er plassert under ministerrådet for utdanning og forsking. På dette feltet er det, som oppfølging av rapporten Nordic Public Sector Cloud Computing, teke til orde for eit tettare nordisk samarbeid. Det omfattar etablering av tre grupper for høvesvis erfaringsutveksling, regelverk og offentlege innkjøp. Noreg er representert i alle tre gruppene, med deltakarar frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Difi, Datatilsynet og NAV.

5.3 Miljø

På miljøområdet har det vorte fokusert på klima og grøn økonomi. Det vart halde ein nordisk konferanse om grøn økonomi våren 2012 som ei oppfølging av rapporten «Norden – ledende i grønn økonomi», og det vert framleis bygd opp meir kunnskap på feltet.

På miljøministermøtet på Svalbard i mars 2012 fokuserte ministrane på utfordringane som er knytte til smeltinga i Arktis, og vedtok ei erklæring om vidare samarbeid for å avgrense utslepp av kortliva klimadrivarar i Norden. Erklæringa vart følgd opp med eit arbeidsseminar om det same temaet i juni 2012.

Rammene for samarbeidet følgjer av det nordiske miljøhandlingsprogrammet. Eit nytt program frå 2013 til 2018 er blitt utvikla under norskformannskap og vil bli vedteke på Nordisk miljøministermøte 31. oktober. Fokuset vil vere grøn samfunnsutvikling, klimaendringar og luftforureining, biologisk mangfald og økosystemtenester, både landbaserte og i havet, og helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

Miljø- og finanssektoren har saman utarbeidd fleire rapportar om grøn økonomi som har vekt stor interesse i og utanfor Norden, mellom anna om miljøskadelege subsidiar, karbonlekkasjar, verdsetjing av økosystemtenester i nordiske vassdrag og rett bruk av miljøindikatorar. For 2011–2012 har samarbeidet mellom miljø og økonomi fokus på «grøn økonomi», med ein rapport om erfaringane, resultata og utfordringane til dei nordiske landa når det gjeld miljøpolitikk og økonomiske verkemiddel.

På klimaområdet er det eit aktivt samarbeid under Nordisk ministerråd. Det er oppretta ei eiga nordisk arbeidsgruppe for dei globale klimaforhandlingane. Gruppa bidreg med relevante analysar i forkant av dei formelle forhandlingane og skapar møteplassar for drøftingar og utvikling av forhandlingsrelevante konsept og idear som er til nytte når landa skal førebu sine forhandlingsposisjonar. Nordic Partnership Initiative i samarbeid med NEFCO og NDF er eit prosjekt under forhandlingsgruppa der ein ser nærare på korleis industriland kan bidra finansielt til å redusere klimagassutslepp i spesielle sektorar i utviklingsland. Det er eit mål at pilotprosjekta i sementsektoren i Vietnam og avfallssektoren i Peru skal starte i 2012. Initiativet er eit eksempel på korleis Norden kan spele ein konstruktiv rolle i det internasjonale klimaarbeidet ved å utvikle nye konsept og idear.

På biomangfaldsområdet er det arbeidd vidare med utviklinga av økosystemtenestetilnærminga (TEEB) som verktøy gjennom eit prosjekt om den økonomiske vurderinga av økosystemtenester og velferd i nordiske kommunar, ei vurdering av biomangfald og binding og lagring av karbon i skog. Verdsetjing av økosystemtenester og naturkapitalen, slik at overforbruket av natur- og miljøressursar kan reduserast, er viktig. Denne tilnærminga vil kunne supplere tradisjonelle velferdsmål som BNP per innbyggjar og bidra til ei betre måling av samla velferd. Det skal haldast eit arbeidsseminar om verdsetjing av økosystemtenester i skog i 2012.

I Noreg skal det ferdigstillast ein heilskapleg forvaltningsplan for Nordsjøen innan 2013, medan Danmark, Sverige og Finland skal utarbeide tilsvarande planar i tråd med EUs havstrategidirektiv innan 2015. Dette gjev gode utsikter for samarbeid om både ei felles framstilling av miljøtilstanden i Nordsjøen og felles tiltak. Vidare samarbeider landa om aktuelle tema, som effektane av havforsuring og marint søppel.

I arbeidet med berekraftig produksjon og forbruk er det m.a. sendt innspel til revideringa av EUs handlingsplan for berekraftig produksjon og forbruk. Det er òg gjennomført diverse prosjekt i samband med gjennomføringa av strategien for «En ny visjon for svanen 2015», og det vert arbeidd for å sikre betre organisering, koordinering og synergieffektar på nordisk nivå i samarbeid med andre sektorar. På avfallsområdet skal det i september haldast eit nordisk seminar om avfall med fokus på auka resirkulering av plast og tekstilar. På avfallsområdet skal det i september haldast eit nordisk seminar om avfall med fokus på auka resirkulering av plast og tekstilar.

5.4 Nærings-, energi- og regionalpolitikk

I formannskapsåret 2012 vidarefører Noreg arbeidet med dei seks fyrtårnsprosjekta og det kontinuerlege arbeidet med m.a. grensehinder, samtidig som vi set fokus på tema som samfunnsansvar og kreative næringar.

Det nordiske samarbeidet innanfor næringsområdet er forankra i Nordisk samarbeidsprogram for innovasjon og næringspolitikk 2011-2013. Visjonen er å styrkje den globale rolla Norden speler som ein leiande region innanfor grøn vekst og velferd. Samarbeidsprogrammet inneheld seks fyrtårnsprosjekt. Noreg har ansvar for eit prosjekt som skal fremje innovasjon gjennom offentlege innkjøp i helsesektoren. Føremålet er å utløyse potensialet som ligg i offentlege innkjøp, for å skape innovative og kostnadseffektive løysingar innanfor helsesektoren og på den måten bidra til betre tenester for innbyggjarane, utvikling av offentleg sektor og ei meir innovativ leverandørnæring.

Målet for dei fem andre prosjekta er oppretting av eit nordisk innovasjonsforum, ein fellesnordisk CSR-strategi, eit kunnskapssenter for entreprenørskap, eit nordisk program for klimavennleg bygging og felles marknadsføring av innovative verksemder. Det er generelt god framdrift i fyrtårnsprosjekta.

Næringsområdet har ansvaret for to område under initiativet frå statsministrane på grøn vekst. Nordisk Innovasjon har på vegner av næringsministrane kartlagt hindringar og potensial på området tekniske standardar innanfor byggnæringa. Arbeidsgruppa for berekraftig utvikling arbeider med området grøne offentlege innkjøp.

Ein fellesnordisk strategi for samfunnsansvar er ferdigstilt, og det er oppretta samarbeid mellom dei nasjonale kontaktpunkta for OECD-retningslinjene i dei ulike landa. Parallelt med næringsministermøtet hausten 2012 skal det arrangerast ein formannskapskonferanse om samfunnsansvar.

Energi

Det nordiske energisamarbeidet byggjer på handlingsplanen for det nordiske energisamarbeidet 2010-2013 med fokus på ein nordisk elektrisitetsmarknad, fornybar energi, energieffektivitet, energi i område med spreidd folkesetnad og Norden i eit globalt perspektiv. I tillegg har forsking og teknologiutvikling hatt høg prioritet på energiområdet gjennom eit nordisk energiforskingsprogram (NEF). Globaliseringsinitiativet og grøn vekst-initiativet har gjeve nye impulsar til det nordiske energisamarbeidet. Energisamarbeidet under NMR har fått ansvar for å gjennomføre ei rekkje av initiativa i rapporten til dei nordiske statsministrane om grøn vekst. Det er sentralt for det nordiske energisamarbeidet å spele ei aktiv rolle i samband med utforminga av energipolitikken i Europa innanfor ramma av EU/EØS.

Ei prioritering av det nordiske elektrisitetssamarbeidet vert rekna som spesielt viktig. Det nordiske samarbeidet på elektrisitetsområdet har styrkt forsyningstryggleiken, betra utnyttinga av dei samla nordiske kraftressursane, auka investeringane i overføringssamband mellom landa og fremja transparens i marknaden. Det blir òg arbeidd med sikte på ein felles nordisk sluttbrukarmarknad. Dette er viktige steg på vegen mot ein integrert nordisk kraftmarknad.

Auka satsing på fornybar energi og energieffektivisering er ein del av den energipolitiske responsen på klimautfordringa. Dei nordiske landa har ei felles interesse av å sjå på korleis dei kan innrette verkemiddelbruken og markere leiarskap på desse områda. Utvikling av rammevilkår for energieffektivisering og fornybar energi blir dermed spesielt interessant for dei nordiske landa i lys av utviklinga av direktiv og nye initiativ i EU og EØS. Det er etablert arbeidsgrupper innanfor fornybar energi og energieffektivisering. Dette arbeidet er vidareført i 2011 og 2012. Gjennomføring av EU-direktivet for å fremje fornybar energi står sentralt som samarbeidsområde i handlingsprogrammet for 2010-2013. Dette omfattar arbeid knytt til korleis samarbeidsmekanismane mellom land som er nedfelte i direktivet, kan utviklast.

Eit prosjekt om nordiske energikommunar har vorte gjennomført i 2010 og 2011. Føremålet var ein konkurranse mellom berekraftige energikommunar. Frå norsk side vart Sunndal og Drammen kommunar nominerte, og nordiske energiløysingar på kommunalt nivå har vorte presenterte på internasjonale konferansar som klimakonferansen (COP) og Rio+20.

Samarbeid i formatet nordisk/baltisk 8-samarbeidet finn òg stad i regi av den norske formannskapen i Nordisk ministerråd. I 2012 vert det arrangert eit seminar om utfordringane i politikken som er knytte til energieffektivisering og fornybar energi i Estland. I forkant av energiministermøta i EU vert det halde ein uformell konsultasjon på ministernivå i NB 8-kretsen om sakene på EUdagsordenen 23 gonger i året. Formannskapen i Nordisk ministerråd inviterer til desse møta.

Dei nordiske energiministrane deltek i Baltic Sea Region Energy Co-operation (BASREC). Dei nordiske landa er pådrivarar i BASREC-samarbeidet. Det vart halde eit ministermøte i BASREC i mai 2012, og BASREC og Nordisk ministerråd har gjennomført felles aktivitetar, m.a. ved Rio+20-konferansen.

Når det gjeld Norden og internasjonalt energisamarbeid elles, er det lagt vekt på samarbeidet med Nordvest-Russland og Austersjøområdet. I samband med Barents Euro Arctic Cooperation har Nordisk ministerråd støtta energieffektiviseringsinitiativ og arbeidsseminar i 2011 og 2012.

Det er etablert eit velfungerande nordisk samarbeid om energiforsking. Nordisk energiforskning (NEF) er ein institusjon under Nordisk ministerråd lokalisert i Oslo. Institusjonen har til føremål å vidareføre og fremje det nordiske samarbeidet på energiforskingsområdet gjennom å leggje til rette for auka kompetanse, konkurranseevne og verdiskaping i energisektoren i Norden. I strategien for 2010-2013 skal det fokuserast på reinare teknologiar og løysingar, til dømes vindkraft, solenergi, bioenergi, havenergi, systemløysingar og intelligente infrastrukturløysingar. Nordisk energiforskning er samfinansiert av dei nordiske landa med ca. 29 millionar kroner årleg.

Regionalpolitisk samarbeid

Ei sentral oppgåve for den norske formannskapen i 2012 er å etablere eit nytt samarbeidsprogram for 2013-2016. Visjonen er at Norden skal vere leiande i utviklinga av ein ny og meir kraftfull regionalpolitikk. I det nye samarbeidsprogrammet skal det leggjast vekt på den konstruktive politiske dialogen mellom dei nordiske landa. Erfaringsutveksling har stor verdi, og det vert vurdert å gje Nordregio ei tydelegare rolle. Nordisk ministerråd delfinansierer Nordregio, som utviklar vitskapleg basert kunnskap om regionalpolitiske problemstillingar. Instituttet arbeider med studiar der den regionale utviklinga og regionalpolitikken i dei nordiske landa vert samanlikna. Arbeidet til Nordregio vert òg brukt aktivt i norsk samanheng.

Nordisk ministerråd gjev økonomiske bidrag til verksemda i tolv grensekomitear, der Noreg deltek i sju. I desse grenseoverskridande samarbeidskomiteane blir det lagt vekt på breie strategiske tiltak som reduserer grenseregionale utfordringar og dannar grunnlag for å utvikle potensialet i grenseregionane. Mykje av innsatsen gjeld auka mobilitet for bedrifter og enkeltpersonar for å redusere grensehinder. Nordisk ministerråd finansierer òg NORA der Nord-Noreg og Vestlandet, som representerer Noreg, samarbeider med Færøyane, Island og Grønland.

5.5 Barn og ungdom

Nordisk ministerråds strategi for barn og unge i Norden frå 2010 er retningsgjevande for den samla aktiviteten ministerrådet driv overfor barn og unge. Nordisk barne- og ungdomskomité (NORDBUK) har under den norske formannskapen i 2012 eit særskilt fokus på ungdom som fell ut av skule og utdanning, ungdom og demokratisk deltaking og ungdom og likestilling. Ungdomsarbeidsløyse vil òg vere eit prioritert område for Nordisk ministerråd i 2013.

I handlingsplanen til NORDBUK for perioden 2010–2013 vil m.a. innsatsen for å styrkje samarbeidet på tvers av sektorane stå sentralt. Komiteen arbeidar strategisk ut mot dei andre fagkomiteane i Nordisk ministerråd og opp mot samarbeidsministeren for å sikre ein heilskapleg og samordna nordisk barne- og ungdomspolitikk på tvers av ulike sektorar. Å leggje til rette for eigenorganisering og nordisk samarbeid blant unge, deltaking og innverknad i demokratiske prosessar, kulturelt mangfald, menneskerettar, internasjonalt samarbeid og koordinering av barne- og ungdomsforsking er viktige oppgåver for NORDBUK.

Dei nordiske landa samarbeider om å handtere internasjonale barnebortføringar. Årleg blir det halde uformelle samarbeidsmøte mellom representantar for dei nordiske landa for å diskutere både generelle problemstillingar og konkrete saker.

5.6 Jord- og skogbruk

Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for ein berekraftig og konkurransekraftig bruk av naturressursar, mellom anna dei genetiske ressursane. Rammeprogrammet (2013–2016) peikar på moglegheiter og utfordringar på området og utgjer saman med dei årlege formannskapsprogramma handlingsprogrammet for samarbeidet.

Under den norske formannskapen vart ministermøtet i MR-FJLS gjennomført i Trondheim i juni 2012. Her vart temaet grøn omsorg, òg kalla «Inn på tunet», introdusert i det nordiske samarbeidet, og det vart utveksla idear og erfaringar på eit eige seminar. På ministermøtet samla ministrane seg om ei erklæring – Nidaros-erklæringa – om ansvaret som ligg hjå primærnæringane og matsektoren for å oppnå grøn vekst. Ministrane poengterte at primærnæringane og foredlingsindustrien er sentrale faktorar for grøn vekst og ønskjer å knyte MR-FJLS opp mot rapporten frå statsministrane kalla «Norden – ledande i grön tillväkst». Erklæringa inneheld ei rekkje tiltak MR-FJLS vil leggje vekt på for å bidra til styrkt grøn verdiskaping.

Ny nordisk mat

Det nordiske samarbeidet om programmet «Ny nordisk mat» har skapt auka interesse for utvikling av lokal og regional mat og matkultur, for regional utvikling og verdiskaping og for profilering av nordisk mat og matkultur både nasjonalt og internasjonalt. Programmet er no inne i sin andre periode gjennom Ny nordisk mat II (2010 – 2014), som arbeider for å styrkje dei nordiske mattradisjonane og dei nordiske fortrinna i matproduksjonen. Frå norsk side legg ein stor vekt på mat til mange og kvardagsmaten, som òg skal fremje helse og velvere. Innsatsen vil bli retta mot heile verdikjeda og skal mellom anna framheve nordisk matkultur for å fremje turisme og eksport av mat.

NordGen

Det nordiske samarbeidet om genressursar for landbruket er samordna og lagt under Nordisk genressurssenter (NordGen). NordGen har ei viktig oppgåve i å bevare genmateriale som kan bli viktig for matproduksjonen og mattryggleiken i framtida, og det er knytt til meir spesifikke forhold, som dei forventa klimaendringane, som fører til at den biologiske produksjon må gå føre seg under andre vekstforhold enn no. NordGen har ansvaret for drifta av frølageret på Svalbard (Svalbard Global Seed Vault) gjennom ein eigen avtale mellom Landbruks- og matdepartementet, Global Crop Diversity og NordGen. Frølageret på Svalbard inneheldt i mai 2012 meir enn 747 000 frøprøvar av jordbruksvekster frå mange land, som er deponerte for sikker langtidslagring i frøkvelvet.

NordGen er òg ansvarleg for sekretariatet for eit internasjonalt råd for frøkvelvet. Rådet har som oppgåve å følgje med på drifta og gje råd til Landbruks- og matdepartementet. Det ligg til rette for auka nordisk innsats i planteforedlingsarbeidet. Eit privat-offentleg partnarskap med nordiske selskap og offentlege lærestader om frøforedlingsprosjekt for utvalde vekstslag er godt i gang, med sekretariat i NordGen. Det starta opp i 2011 med prosjekt innan korn og fôrvekstar, som er prioriterte vekstar sett frå norsk side.

NordGen samarbeider òg med Vavilov-instituttet i St Petersburg, mellom anna om å få tilgang til frøprøvar som instituttet samla inn i førre hundreåret. I 2012 vil NordGen starte eit samarbeid med instituttet om å undersøkje variasjonen i samlingane samanlikna med dei opphavlege naturlege populasjonane.

Skogbruk

Det nordiske samarbeidet om skogbruk har politisk sett vorte viktigare i dei seinare åra. Det er svært god nordisk nytte i samarbeidet om skogbruk. I dei nordiske landa står ein overfor ganske like utfordringar, som mellom anna er knytte til bioenergi og klima.

5.7 Økonomi- og finanspolitikk

Hovudmåla med nordisk samarbeid på det økonomiske og finansielle området er høg og berekraftig vekst i produksjon og sysselsetjing, låg arbeidsløyse og låg og stabil prisstiging. Samarbeidet skal vidare fremje nordiske interesser internasjonalt. EU-saker har høg prioritet. Samarbeid og informasjonsutveksling om skattespørsmål er òg eit fast innslag på finansministermøta. Vidare er det venta at arbeidet med å avvikle grensehinder mellom dei nordiske landa framleis kjem til å utgjere ein viktig del.

I åra framover vil ei aldrande befolkning leggje auka press på offentlege finansar. For å møte denne demografiske utfordringa legg alle dei nordiske landa stor vekt på høg yrkesdeltaking og på å styrkje statens formuesposisjon. Dette speglar seg i ein aktiv arbeidsmarknads- og sysselsetjingspolitikk, pensjonsreformer og målsetjingar om vedvarande budsjettoverskot for offentleg sektor.

Det nordiske samarbeidet mot skatteparadis har vore ein suksess og har resultert i at dei nordiske landa hittil har inngått bilaterale avtalar om informasjonsutveksling med tretti jurisdiksjonar. Det er vedteke at prosjektet skal forlengjast til utgangen av 2012. Prosjektet har fått mykje positiv merksemd, og Norden ligg på toppen når det gjeld inngådde avtalar med land som OECD har klassifisert som skatteparadis.

Det nordiske økonomiske tidsskriftet «Nordic Policy Review» har kome ut sidan 2010. Tidsskriftet kjem to gonger i året og tek opp økonomisk-politiske spørsmål frå eit nordisk perspektiv. I samband med utgjevingane blir det arrangert eit fagseminar om emna som er tekne opp i tidsskriftet. Det er vedteke at den sjuande utgåva skal omhandle ungdomsarbeidsløyse og skal kome ut våren 2013. Nordisk ministerråd dekkjer delar av kostnadene med tidsskriftet. MR-Finans vurderer no framtida til tidsskriftet.

Nedbygging av grensehinder mellom dei nordiske landa er eit prioritert samarbeidsområde. Saker som har vorte drøfta, har m.a. omhandla den nordiske avtalen om dobbel skattlegging og oppfølging av rundebordsamtalen om moms på innførsel av anleggsmaskiner til og frå Noreg.

Samarbeidet på miljøøkonomiområdet blir vareteke av ei felles arbeidsgruppe under embetsmannskomiteen for miljø og embetsmannskomiteen for økonomi- og finanspolitikk. Gruppa er eit forum for faglege diskusjonar og gjev også høve for dei nordiske landa til å koordinere førebuingar til internasjonale møte. Gruppa har avslutta fleire prosjekt i 2011 og har fleire større prosjekt under planlegging og oppstart.

Dei nordiske finansministrane oppnemnde i februar 2012 ei arbeidsgruppe for mellom anna å vurdere ulike forhold ved dei komande kapital- og likviditetskrava for finansinstitusjonar, Basel III/CRD IV-regelverket, innføringa av dette i nasjonal rett og utsiktene for samarbeid mellom dei nordiske landa om gjennomføringa av det nye regelverket. Rapporten vart overlevert til dei nordiske finansministrane 13. juni 2012. Arbeidsgruppa viser til at finansmarknadene i Norden er svært integrerte, og at det både er mogeleg og ønskeleg å etablere eit nordisk samarbeid om dei nye kapital- og likviditetskrava i CRD IV.

Dei nordiske finansministrane handsama rapporten på eit nordisk finansministermøte i Oslo 2. juli 2012. Finansministrane slutta seg til anbefalingane frå arbeidsgruppa, og vart samde om å invitere dei nasjonale tilsynsmyndigheitene til å følgje opp rapporten.

Verksemda i Den nordiske investeringsbanken i 2011

Banken er eigd av dei nordiske og baltiske landa. Noreg eig 21,5 % av banken. Banken har til oppgåve å gje lån og stille garantiar til prosjekt som er av interesse for medlemslanda og andre land som tek imot slike finansielle tenester. Lån og garantiar skal gjevast på bankmessige vilkår og vere i samsvar med samfunnsøkonomiske omsyn. Låneaktivitetane omfattar m.a. investeringslån til verksemder i to eller fleire medlemsland, finansiering av miljø- og infrastrukturinvesteringar, lån til regionalpolitiske kredittinstitusjonar, ordinære investeringslån utanfor Norden og prosjektinvesteringslån til kredittverdige utviklingsland og land i Sentral- og Aust-Europa. Forvaltningskapitalen til banken var ved utgangen av 2011 på 23,8 milliardar euro eller om lag 180 milliardar kroner.

Banken hadde eit overskot på 194 millionar euro eller om lag 1,5 milliardar kroner for rekneskapsåret 2011, mot eit overskot på 211 millionar euro året før. Overskotet har samanheng med auka internasjonale renter og høgare marknadsverdi på bankens handelsportefølje. I 2011 vart det ikkje utbetalt utbyte til eigarane.

NIBs samla utlån og garantiar var ved utgangen av 2011 på 14,2 milliardar euro eller om lag 107 milliardar kroner, og av dette var utbetalingane i 2011 på 1,3 milliardar euro.

Banken har eit formelt samarbeid med 38 land utanfor Norden og dei baltiske landa. Banken deltek òg i miljøfinansiering. I 2011 gjekk 31 % av innvilga lån til miljøprosjekt.

5.8 Sosial og helse

Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk har i samarbeid med ministerrådet for arbeidsmarknad og arbeidsmiljø under formannskapsåret i 2012 lagt vekt på å kaste lys over ulike utfordringar dei nordiske velferdsstatane står overfor, og korleis ein kan møte desse utfordringane, gjennom å sjå på berekrafta til velferdsstaten og på korleis han fungerer, mellom anna korleis det offentlege kan løyse oppgåvene sine meir effektivt.

Den norske formannskapen ønskjer å styrkje det nordiske samarbeidet innanfor helse og velferd. Nordisk helsesamarbeid vart løfta fram under det nordiske statsministermøtet i juni 2012. Dei fem nordiske statsministrane vart samde om å samarbeide tettare innanfor helse og mellom anna sjå på samarbeidet innanfor utprøving av nye behandlingsmetodar og legemiddel, samarbeid om høgspesialisert medisin og forsking på helse og velferd. Helseministrane i dei nordiske landa vil førebu konkrete forslag til vidareutvikling av helsesamarbeidet og rapportere om dette på det neste nordiske statsministermøtet i oktober 2012.

Nordisk samarbeid om testing av behandlingsmetodar og medisinar (kliniske multisenterstudiar)

Det er eit aukande press på innføring av nye, ofte dyre behandlingsmetodar og medikament i helsetenesta. Enkelte gonger ligg det ikkje føre tilstrekkeleg vitskapleg dokumentasjon om effekt, tryggleik og kostnadseffektivitet av behandlinga til å ta avgjerder om kva behandling pasientane bør få tilbod om. Den beste måten å få testa ut om ein ny behandlingsmetode er effektiv og sikker, er å gjennomføre ein vitskapleg studie på store pasientpopulasjonar. For mange sjukdommar vil det ta mange år å rekruttere nok pasientar til ein klinisk studie i eitt land, og difor vert kliniske studiar køyrde parallelt på mange sjukehus og i fleire land – såkalla kliniske multisenterstudiar.

Det er særskilt behov for å auke omfanget av studiar på områder som ikkje er prioriterte av industrien (sjeldne sjukdommar, samanlikning av ulike behandlingsalternativ, dyre medikament mv.). I tillegg er det behov for å leggje betre til rette for industrifinansierte studiar i Norden, både for å sikre pasientane tilgang til ny behandling og for næringsutvikling.

Eit nordisk samarbeid, basert på eit befolkningsgrunnlag på 25 millionar, vil gje raskare og sikrare grunnlag på kortare tid. Samarbeidet vil gje betre kvalitet, pasienttryggleik og helse og vil gjere det mogeleg å gjennomføre studiar på sjeldne sjukdommar og bidra til å auke talet på kliniske studiar i Norden.

Forslag om samarbeid om slik testing er behandla fleire gonger i embetsmannskomiteen for sosial- og helsespørsmål under Nordisk ministerråd, og det vart formelt vedteke på ministerrådsmøtet for helseministrane i juni i år.

Nordisk samarbeid om høgspesialisert medisin

Føremålet med eit nordisk samarbeid om høgspesialisert medisin er å sikre høgare kvalitet i høgspesialiserte tenester enn det det enkelte landet kan oppnå kvar for seg. Dette er spesielt viktig ved nye og kostnadskrevjande behandlingsformer der pasientgrunnlaget er lite i kvart land, der det er behov for høgspesialisert kompetanse, og der investeringane ofte er svært store.

Kunnskap og erfaring må delast for å sikre at pasientar i Norden oppnår best mogeleg høgspesialisert behandling. Viktige tiltak kan vere hospiteringsordningar mellom nasjonale tenester i dei nordiske landa, forpliktande samarbeid om planlegging, innføring av nye høgspesialiserte tenester og eit system for fornya vurdering i eit anna nordisk land. Samarbeidet kan utviklast til også å omfatte enkelte høgspesialiserte behandlingstilbad på nordisk nivå, slik at ein kan sikre god kvalitet, pasienttryggleik og kostnadseffektivitet.

Det er allereie etablert ei eiga arbeidsgruppe under embetsmannskomiteen for sosial- og helsespørsmål for å sjå på om det kan organiserast eit tettare samarbeid i Norden om høgspesialisert medisin.

Innovasjon i helse- og omsorgstenesta

Den demografiske utviklinga fører til at det i åra framover blir relativt fleire eldre og færre i arbeidsfør alder til å pleie dei. Lik tilgang til likeverdige helse-, omsorgs- og velferdstenester må framleis vere ein av berebjelkane i den nordiske velferdsmodellen. Hjelpemiddel og ny teknologi kan gje nye utsikter til eit meir sjølvstendig og meiningsfylt liv for personar med nedsett funksjonsevne. Det er behov for eit nærmare samarbeid mellom offentlege styresmakter, næringsliv, forsking og utvikling når det gjeld å finne nye løysingar på omsorgs- og velferdsutfordringane i framtida. Vi viser til NOU 2011: 11 Innovasjon i omsorg, der det vert kartlagt eit behov for å tenkje nytt om organisering og samarbeid mellom ulike sektorar for å møte omsorgsutfordringane i framtida. Nye innovative løysingar oppstår ofte i eit samarbeid mellom ulike faggrupper og på tvers av ulike sektorar. Samarbeid mellom offentlege styresmakter, næringsliv, forsking og utvikling for å finne nye løysingar på omsorgsutfordringar i framtida vil vere eit av temaa som skal behandlast i stortingsmeldinga om innovasjon i omsorg, som skal leggjast fram våren 2013. Vidare er IKT eit sentralt verktøy for å oppnå betre kvalitet i helse-, velferds- og omsorgssektoren. Noreg har under formannskapen sin føreslått eit nordisk samarbeid for å drøfte løysingar på omsorgs- og velferdsutfordringane i framtida.

Nordisk samarbeid om demensforsking

Eit NordForsk-støtta forskarnettverk, «The Nordic Network in Dementia Diagnostics», arbeider for å auke kunnskapen om årsakene til demens. Ei multidisiplinær gruppe som er sett saman av ni forskargrupper frå fem nordiske land og Litauen, samarbeider om å harmonisere diagnostiske arbeidsmetodar og bidra til tidlegare og betre diagnostisering av sjukdommen. Noreg har òg ein nasjonal plan for demensomsorg, Demensplan 2015 «Den gode dagen». I regi av Demensplan 2015 er det mellom anna sett i gang eit nordisk samarbeidsprosjekt om utvikling av teknologiske hjelpemiddel for yngre personar med demens.

Kvalitetsindikatorer

Noreg har delteke i arbeidet med å utarbeide felles nordiske kvalitetsindikatorar for helsesektoren og teke initiativ til å vidareføre det nordiske samarbeidet om pasienttryggleik og kvalitet. Noreg har òg føreslått eit samarbeid om tiltak som kan fremje pasienttryggleikskultur og læringskultur både i og utanfor sjukehus. I tillegg vil vi føreslå tiltak for å rekruttere og behalde tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

E-helse

Nordisk ministerråd bad i 2010 dei nordiske helsedepartementa om å utnemne deltakarar til ei felles arbeidsgruppe innanfor e-helse, Nordisk e-helseforum. Sekretariatet for mandatperioden fram til mai 2013 er lagt til Helsedirektoratet i Noreg. Forumet skal vere ein arena for utveksling av felles utfordringar og strategiar blant landa og har lagt spesiell vekt på arbeid for å kartleggje og samanlikne bruk av IT i helsesektoren i landa.

Alkohol

Dei nordiske sosial- og helseministrane samarbeider om alkoholpolitiske spørsmål i internasjonale organ. Det er særleg overfor Verdas helseorganisasjon og EU det er etablert eit slikt samarbeid. Det er sett ned ei nordisk tenestemannsgruppe for alkoholpolitisk samarbeid til å organisere det praktiske samarbeidet.

Det er sett i gang eit omfattande arbeid rundt oppfølginga av EUs alkoholstrategi, og det blir arbeidd på nordisk plan for å sikre oppfølging også etter at strategien vert avslutta i 2012. Verdas helseforsamling vedtok i 2010 ein global strategi for å redusere skadeleg bruk av alkohol. Det nordiske samarbeidet var viktig i framkant av dette vedtaket, og det er òg ein viktig kanal i oppfølginga av strategien. Vidare knyter det seg eit kontinuerleg samarbeid til partnarskapen for helse og livskvalitet under Den nordlege dimensjonen, der det mellom anna er ei eiga ekspertgruppe for alkoholskadar.

Narkotika

Nordisk narkotikaforum, eit uformelt nordisk samarbeid på embetsnivå, vart arrangert i Helsingfors august 2011. Nordisk narkotikaforum vil òg framover ha fokus på å utvikle den erfaringsutvekslinga og dialogen som finn stad på det årlege møtet i forumet og mellom møta. I august 2012 er Noreg vertskap for Nordisk narkotikaforum. Utfordringar knytte til Internett, grensekontroll, doping og overdosar er tema.

Helseberedskapssamarbeid

Dei nordiske landa har lang tradisjon for samarbeid om helseberedskap. Den nordiske helseberedskapsavtalen frå 2002 dannar den formelle ramma. Dette nabosamarbeidet har vore til god nytte ved fleire høve, seinast 22. juli 2011 og i tida etter. Det vert samarbeidd om førebygging, varsling, gjennomføring av redningsarbeid og andre tiltak, rapportering, evaluering, kommunikasjon og informasjonsutveksling. Det er utarbeidd retningslinjer med rutinar og samarbeidsprosedyrar.

22. juli 2011 vart det nordiske helseberedskapssamarbeidet sett på prøve. Noreg fikk tilbod om hjelp frå fleire nordiske land i den akutte fasen, og då norske ambulanseressursar vart flytta frå Østfold inn mot Oslo, vart Østfold dekka opp frå Sverige med ambulansar frå Bohuslän. Ekspertar frå dei nordiske landa har òg delteke i evalueringa av innsatsen til helsesektoren 22. juli 2011 og i tida etter. Det vart øvd på samarbeidet hausten 2011 i to store feltøvingar, Skag Ex 11 og Barents Rescue 11.

Utsette barn og unge

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet medverkar til at barneperspektivet vert vareteke gjennom det nordiske samarbeidsprogrammet på området. Det nordiske ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) vedtok i juni 2010 at prosjektmidlane i sektoren i 20112012 særleg skulle brukast på området tidleg førebyggjande innsats for familiar med risiko for sosial marginalisering. Det skal arrangerast ein sluttkonferanse for prosjektet 3. og 4. desember 2012 i Stockholm.

Under den norske formannskapen vert det i år, innanfor ramma av MR-S, sett i gang eit nytt prosjekt, «Robuste familiar i Norden». Føremålet er å utarbeide ein kunnskapsstatus og å kartleggje tiltak i Norden som kan førebyggje og løyse konfliktar i familiar mellom anna i samband med samlivsbrot, slik at barna ikkje tek skade.

Internnordiske trygdespørsmål

Nye forordningar på trygdeområdet tok til å gjelde i EU frå 1. mai 2010 og i EØS frå 1. juni 2012. Det vart difor nødvendig med ein ny nordisk konvensjon om trygd som var tilpassa dei nye forordningane. Sjølv om hovuddelen av det nordiske trygdesamarbeidet er direkte regulert av EØS-reglane, er konvensjonen svært viktig for å få med Færøyane og Grønland, som ikkje er med i EU eller EØS, i det nordiske trygdesamarbeidet.

Konvensjonen vart underteikna av dei nordiske sosial- og helseministrane på ministermøtet i juni 2012 og skal godkjennast av Stortinget og parlamenta i dei andre nordiske landa. Det er venta at konvensjonen kan tre i kraft i 2013.

Universell utforming

I tråd med det norske formannskapsprogrammet for 2012 har Noreg sett i gang arbeidet med å utarbeide og fremje ein strategi for universell utforming for Nordisk ministerråd. Arbeidet skal sjåast i samband med revideringa av NMR-strategien for berekraftig utvikling og ny strategi for sosial- og helseområdet.

Familienettverk

Nordisk familiepolitisk nettverk (NOFAM) hadde sitt første møte våren 2012 i Stockholm. Familiepolitikken er ein sentral del av den nordiske velferdsmodellen som i dei seinare åra har fått aukande internasjonal merksemd. Forskjellane mellom dei nordiske landa er ikkje større enn at det gjev stort utbytte å lære på tvers av landa og å drøfte ulike utformingar av tiltak forholdsvis konkret. Hausten 2012 planlegg nettverket å arrangere eit forskar- og debattmøte under Nordisk råds sesjon i Helsingfors om politikken når det gjelder kontantstøtte/ «vårdnadsbidrag» til familiar med små barn.

Nordens velferdssenter

Nordens velferdssenter (NVC) med hovudkontor i Stockholm og dotterinstitusjonar i Danmark (utdanningssenter for døvblindepersonale) og i Finland (nordisk senter for alkohol- og narkotikaforsking) er ein institusjon under Nordisk ministerråd, sosial- og helsesektoren. NVC er eit hovudorgan for ministerrådet for å fremje det velferdspolitiske området i Norden og nærområda. NVC samlar og samanliknar erfaringar frå dei nordiske landa om velferdspolitikk og arbeider for å framstille ulike sider og stimulere utviklinga av velferdsmodellane i dei nordiske landa. Særleg viktig er arbeidet for å fremje inkludering av utsette grupper, likestilling, sosial solidaritet og tilgjenge og kvalitet i tenesteproduksjonen på velferdsområdet.

Frå januar 2012 har NVC teke over ansvaret for Norden i Fokus, som styrkjer informasjons- og formidlingsdelen i NVC.

I 2012 er det eit særleg fokus på familiepolitikk og oppvekstvilkår innanfor velferdspolitikken, på FN-konvensjonen, sekretariatsfunksjonen for Nordisk handikappolitisk råd innanfor funksjonshemmaområdet, mellom anna døvblinde, auka bruk av velferdsteknologi for inkludering av funksjonshemma og arbeidsinkludering av unge, funksjonshemma og eldre. Nordisk handikappolitisk råd vart evaluert i 2009, med oppfølging av ei arbeidsgruppe for å konkretisere tiltak. Forslaga er no vurderte, og det vert lagt opp til visse endringar som inneber at rådet blir eit fagleg råd, medan NVC fortsatt vil fungere som sekretariat.

Nordisk samarbeid om sosial- og helsestatistikk

Nordisk sosialstatistisk komité (NOSOSKO) og Nordisk medisinalstatistisk komité (NOMESKO) samlar inn viktig statistikk på det helse- og velferdspolitiske området for dei nordiske landa. NOSOSKO har dei siste åra òg arbeidd med tema som ungdomsarbeidsløyse og velferdsindikatorar for å kaste lys over viktige sider ved den nordiske velferdsmodellen. I 2012 er sekretariatet for NOSOSKO og NOMESKO flytt til Statens serumsinstitut i København.

5.9 Arbeidsmarknad og arbeidsmiljø

Utvikling av helse og velferd i dei nordiske landa handlar òg om verdiskaping og fordeling. Det er lagt vekt på å fokusere på aktiv aldring og nedbygging av grensehinder og på å legge forholda til rette slik at flest mogeleg får både høve og motivasjon til å bli verande i arbeid, i tillegg til at dei som er i ferd med å falle ut av arbeidslivet, vert trekte inn att, og at dei som ikkje er i arbeid, får seg jobb.

Ministerrådet for arbeidsliv har òg i 2012 arbeidd med utgangspunkt i programmet for samarbeidet i Nordisk ministerråd på arbeidslivsområdet 20092012. Med basis i samarbeidsprogrammet har sektorprogrammet for arbeidsliv for 2012 som vart lagt fram av den norske formannskapen, prioritert arbeidet med eit inkluderande arbeidsliv og innsatsen i dei nordiske landa for å sikre høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse. Eit meir inkluderande arbeidsliv skal tilby arbeid for dei som kan og vil arbeide, og bidra til sosial inkludering. Formannskapsprogrammet har òg fokus på å bidra til å styrkje yrkesaktiviteten blant eldre.

Ein viktig føresetnad for å nå målet om eit inkluderande arbeidsliv er at arbeidsforhold og arbeidsmiljø bidreg til god helse og arbeidsevne for den enkelte gjennom heile yrkeslivet. Den norske formannskapen skal hausten 2012 arrangere ein nordisk konferanse som skal bidra til erfaringsutveksling mellom dei nordiske landa om kva tiltak som gjev god effekt for å sikre eit meir inkluderande arbeidsliv og motverke utstøyting av vanskelegstilte og utsette grupper i arbeidslivet. Arrangementet skal gjennomførast som eit samarbeid mellom ministerrådet for arbeidsliv og ministerrådet for sosial- og helsepolitikk og som ledd i det norske trepartssamarbeidet i samband med avtalen om eit inkluderande arbeidsliv.

2012 har vore EU-året for aktiv aldring. For å rette auka fokus på eldres deltaking i arbeidslivet også i Norden skal den norske formannskapen arrangere ein nordisk konferanse hausten 2012 som skal bidra til den samla kunnskapsutvekslinga på dette området. Arrangementet skal gjennomførast som eit samarbeid mellom ministerrådet for arbeidsliv og ministerrådet for sosial- og helsepolitikk.

Ministerrådet for arbeidsliv har ansvaret for to globaliseringsprosjekt knytte til helse og velferd som vil bli avslutta i andre halvdel av 2012. Det eine prosjektet ser på mønster for migrasjon, arbeidsvilkår og rekrutteringspraksis for arbeidsinnvandrarar frå Sentral- og Aust-Europa til dei nordiske landa. Det andre prosjektet tek opp spørsmålet om korleis arbeidslivspolitikken kan bidra til å styrkje utsiktene til at dei nordiske landa kan dra nytte av nye økonomiske vekstområde.

Som formannskapsland har Noreg i 2012 leidd arbeidet med revisjon og utarbeiding av eit forslag til nytt fireårsprogram for Nordisk ministerråds samarbeid på arbeidslivsområdet for 2013–2016. Samarbeidsprogrammet skal ferdigbehandlast i organa i ministerrådet og leggjast fram på sesjonen i Nordisk råd hausten 2012.

Den norske formannskapen har hatt eit godt samarbeid med «partane i Norden», Nordens Faglige Samorganisasjon (NFS) og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). Sistnemnde har under den norske formannskapen koordinert arbeidsgjevarorganisasjonane i dei nordiske landa inn mot ministerrådet. Dei fleste konferansane og arrangementa som er haldne eller skal haldast, vert gjennomførte i samarbeid med dei to organisasjonane. Forslag til nytt fireårig samarbeidsprogram er òg lagt fram for dei to organisasjonane til uttale.

Arbeidskraftmobilitet i Norden

Det er ein lang tradisjon for nordisk samarbeid på arbeidslivsområdet. Dette omfattar både det formelle samarbeidet i Nordisk ministerråd og i Nordisk råd, og det uformelle samarbeidet mellom landa. Eit viktig mål med dette samarbeidet er å leggje til rette for gode forhold for arbeidskraftmobilitet i Norden. Høg mobilitet er i første rekkje eit gode for den enkelte som er på leiting etter ny jobb, og for arbeidsgjevaren som kan nyttiggjere seg arbeidstakaren. Men det vil òg vere til nytte for landa, både dei som opplever høg arbeidsløyse, og dei som opplever mangel på arbeidskraft.

I Noreg har etterspørselen etter arbeidskraft gjennomgåande halde seg høgare enn i dei andre nordiske landa etter finanskrisa. Den høge etterspørselen etter arbeidskraft har bidrege til store straumar av arbeidskraft til Noreg. Desse straumane kjem først og fremst frå Polen, Litauen og Sverige.

I 2011 var det ei nettoinnvandring frå nordiske land til Noreg på moderate 4 600 personar. Det utgjorde knappe 10 prosent av den samla nettoinnvandringa det året. Blant dei nordiske landa kom mange frå Sverige (62 %) og Island (24 %), medan det kom færre frå Danmark og få frå Finland. Bruttostraumane er langt større, då nordiske borgarar ofte har kortare opphald enn personar som kjem frå fjernare land. Vel 15 % av den samla brutto innvandringa i 2011 kom frå dei nordiske landa.

Pendling og korttidsopphald utgjer ein stor del av arbeidskraftstraumen mellom nordiske land. Ved utgangen av 2011 var det 28 000 sysselsette frå nordiske land på korttidsopphald i Noreg. Omfanget er redusert med 1 prosent det siste året. Sysselsette på korttidsopphald frå nordiske land utgjer berre 1 prosent av den samla sysselsetjinga, men 40 prosent av alle på korttidsopphald.

5.10 Ernæring og mattryggleik

Ministerrådet for fiskeri, havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) og ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) sin handlingsplan for betre helse og livskvalitet gjennom mat og fysisk aktivitet inneheld visjonar fram til 2021.

Eit viktig tiltak i handlingsplanen er å utvikle eit felles nordisk system for å monitorere kostvanar, fysisk aktivitet og overvekt i Norden. Dette er viktig for å kunne følgje utviklinga over tid og samanlikne stoda i dei nordiske landa. Det er gjennomført ei nullpunktmåling blant barn og vaksne i alle land i 2011. Ei rekkje resultat frå denne målinga vart lagde fram på den nordiske ernæringskongressen på Island i juni 2012 og på sommarmøtet for MR-FJLS 2012. Resultat frå dette systemet skal m.a. brukast til å vurdere effekten av politiske tiltak opp mot mål og visjonar i handlingsplanen. Ein felles nordisk monitoreringsmetode kan gje eit viktig bidrag til arbeidet i EU og WHO og påverke planlegginga i EU på området.

Noreg, Sverige og Danmark innførte den felles nordiske ernæringsmerkeordninga «Nøkkelholet» som ei felles frivillig merkeordning for sunne matvarer i 2009. Denne ordninga var ei vidareutvikling av den svenske merkeordninga som hadde vore i bruk i Sverige sidan 1989. Det er utarbeidd felles kriterium for bruk av merket. Dei tre landa har samarbeida tett om mellom anna kommunikasjon rundt ordninga: bodskap, brosjyremateriell og undersøkingar om kjennskap til ordninga. Arbeidet med revidering av kriteria starta opp i 2011. Det er sett i gang eit arbeid for å vurdere om nøkkelholordninga kan innførast i serveringsmarknaden her i Noreg. I Danmark og Sverige fins det allereie slike ordningar. Island vurderer no å slutte seg til ordninga.

Arbeidet med å revidere dei nordiske næringsstofftilrådingane (NNR) frå 2004 vart sett i gang i 2008 og er no i ein sluttfase. NNR dannar grunnlag for arbeidet med ernæringsspørsmål i Norden. Forslag til nye tilrådingar vart presenterte ved den tiande nordiske ernæringskonferansen i Reykjavik i juni 2012, og etter ein høyringsrunde er planen å ferdigstille tilrådingane i løpet av hausten 2012.

Det felles veterinære beredskapssamarbeidet i Norden har framleis høg prioritet. Målsetjinga er å styrkje beredskapen i dei nordiske og baltiske landa på dyrehelseområdet. Samarbeidet har brei deltaking frå dei nordiske og dei baltiske landa. I 2010 vart arbeidet utvida til å femne om Austersjøregionen innanfor rammene av EUs austersjøstrategi, og hausten 2011 vart det gjennomført ei nordisk-baltisk beredskapsøving med deltaking frå veterinærstyresmaktene i Norden og dei baltiske landa. Målet med øvinga var å teste og trene beredskapen ved utbrot av alvorlege smittsame husdyrsjukdomar.

Nordisk samarbeid om tilsyn på matområdet er eit område med stor nordisk nytte. Den tiande tilsynskonferansen med ca. 250 deltakarar frå dei nordiske tilsynsstyresmaktene vart gjennomførd i Finland i februar 2012 med temaet «Hygienpaketet och flexibilitet». Den norske formannskapen i 2012 har òg satt tilsyn med dyrevelferd på dagsordenen, og det skal gjennomførast ein nordisk konferanse om dette temaet i løpet av hausten 2012.

Gjennom EØS-avtalen er det etablert eit omfattande harmonisert regelverk på matområdet, blant anna for mat, dyr og innsatsvarer. Mattryggleiksområdet er omfatta av EØS-avtalen, og det er etablert omfattande EØS-regelverk for mellom anna for næringsmiddelhygiene, merking av mat, tilsetjingsstoff og grenseverdiar av ei rekkje uønskte stoff i mat. Det nordiske samarbeidet kan vere ein viktig samarbeidskanal når det gjeld både utvikling av regelverk og tilsyn og handheving av regelverket.

5.11 Likestilling mellom kjønna

Noreg har som formannskapsland for det likestillingspolitiske samarbeidet i Norden i 2012 lagt fram ein omfattande tiltaksplan som er ei konkretisering av det fleirårige nordiske samarbeidsprogrammet «Likestilling skaper eit berekraftig samfunn 20112014». Samarbeidsprogrammet prioriterer for det første integreringa av eit kjønns- og likestillingsperspektiv i dei ulike aktivitetane i Nordisk ministerråd og for det andre aktiv involvering av gutar og menn i innsatsen for eit meir likestilt samfunn.

  • Kjønnsintegrering: For å fremje kjønnsintegrering har formannskapen mellom anna etablert eit samarbeid med utdannings- og forskingssektoren. Det er sett i gang ei kartlegging av kjønnsbalanse i nordisk forsking, og resultata skal leggjast fram på eit seminar i 2012.

  • Involvering av gutar og menn i eit likestilt Norden: Universitetet i Oslo var i slutten av mai 2012 vert for ein vellukka nordisk konferanse om menn, likestilling og livskvalitet med 170 deltakarar. Denne femte nordiske konferansen om menn og maskulinitet bidrog til å styrkje forskingsfeltet og den nordiske debatten. Det vart arrangert ein paneldebatt med representantar for regjeringane i dei nordiske landa om menn og likestilling. Som grunnlag for debatten vart det offentleggjort ei policyoversikt over tiltak i Norden om likestilling med særleg relevans for menn.

NIKK (Nordisk institutt for kunnskap om kjønn) vart ved inngangen til 2012 lagt ned som sjølvstendig nordisk institusjon. Omorganiseringa frigjer midlar til ei sterkare satsing på utviklingsprosjekt innanfor det nordiske likestillingssamarbeidet. Delar av funksjonane som låg under NIKK, vil bli vidareførte, og det er i denne samanhengen gjennomført ein tilbodsrunde for å finne ein vertsinstitusjon som kan drifte desse funksjonane. Det er venta at det nye NIKK skal starte opp hausten 2012.

Behovet for å utvikle eit nordisk samarbeid om mangfaldspolitikk står sentralt i det norske formannskapsprogrammet. Det same ønsket har òg kome frå Nordisk råd i form av ei tilråding. Noreg har i 2012 lagt til rette for ein diskusjon om desse spørsmåla i Nordisk ministerråd.

Den norske formannskapen har som ledd i det nordisk-baltiske samarbeidet på likestillingsområdet arrangert ein rundebordskonferanse om kjønn og media i samarbeid med Litauen. På konferansen vart det òg gjort greie for europeiske tiltak ved European Institute for Gender Equality i relasjon til dei nordiske og baltiske erfaringane.

Internasjonalt har det nordiske samarbeidet for likestilling markert seg med nordiske sidearrangement i samband med møte i FNs kvinnekommisjon i New York og på FN-konferansen Rio+20 om berekraftig utvikling i Brasil.

5.12 Justissektoren

Det nordiske lovsamarbeidet blir drive fram gjennom kontinuerleg innsats for å utveksle informasjon og erfaringar om lovgjevingsarbeid og for å tilpasse og revidere lovgjevinga med sikte på størst mogeleg samanfall. Som ledd i arbeidet med å fremje nordisk rettslikskap i samband med gjennomføringa av fellesskapsrettsakter er det utarbeid ein promemoria som gjer greie for korleis og i kva samanhengar det vert samarbeidd for å få til like reglar i Norden.

Også når det gjeld utlevering av lovbrytarar, er det eit tett samarbeid mellom dei nordiske landa. Utlevering av lovbrytarar mellom dei nordiske landa er i dag regulert av felles nordisk lovgjeving. Lov om pågriping og overlevering for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre vart vedteken som lov januar 2012. Lova er m.a. basert på konvensjon om nordisk arrestordre. Ho vil bli sett delvis i kraft 16. oktober 2012 og vil då avløyse den felles nordiske utleveringslovgjevinga.

Det er gjort ei utgreiing om overføring av personar som er dømde til samfunnsstraff, til soning i eit anna nordisk land, og Justis- og beredskapsdepartementet jobbar vidare med råda frå denne utgreiinga.

Det nordiske politisamarbeidet er under utvikling og vert til ein viss grad påverka av prosessar og initiativ i EU. Det er ein naturleg konsekvens av at tre av dei nordiske landa er medlemer i EU, medan Island og Noreg står utanfor. Mellom anna vil den såkalla Prüm-avtalen, som no er ein del av EU-regelverket, vere grunnlaget for nye tiltak innanfor nordisk politisamarbeid.

I kampen mot organisert kriminalitet i dei nordiske landa, ikkje minst tjuverikriminalitet og narkotikalovbrot som er knytte til kriminelle grupperingar frå andre europeiske land, står det nordiske politisamarbeidet sentralt. Rikspolitisjefane rapporterte om forslaga sine til det nordiske justisministermøtet i juni 2012. Forslaga er konsentrerte rundt fem punkt som, når dei er sette ut i livet, vil bidra til å styrkje samarbeidet mellom politiet i dei nordiske landa i kampen mot organisert kriminalitet. Dette samarbeidet gjer dessutan dei nordiske landa betre i stand til å oppfylle pliktene som følgjer av EU-regelverket om politisamarbeid og kamp mot kriminalitet.

Samfunnstryggleik

Det er aukande politisk merksemd om nordisk samarbeid på samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Haga-erklæringa har til føremål å finne felles overordna område av interesse som kan utviklast og styrkjast, eller område som ein kan gå saman om innanfor det internasjonale beredskapssamarbeidet i EU, NATO eller FN. Dei nordiske landa har felles og overgripande mål, som styrking av evna i dei nordiske landa til å førebyggje og redusere konsekvensar av større ulykker, naturkatastrofar og andre samfunnskriser. Denne målsetjinga vert konkretisert gjennom fellesnordiske prosjekt og fokusområde innan beredskap. Prosessen med utvikling av det nordiske samarbeidet innanfor samfunnstryggleik og beredskap har med Haga-erklæringa vore positiv og ført til større merksemd rundt nordisk samarbeid på beredskapsområdet. Samarbeidet er styrkt, mellom anna på områda redningsteneste, øving og utdanning, kriseportalar og bruk av frivillige.

Noreg har sidan juni 2009 hatt formannskapen i det nordiske redningssamarbeidet NORDRED. NORDRED byggjer på ein rammeavtale mellom Danmark, Finland, Sverige, Island og Noreg om samarbeid over territorialgrensene for å hindre eller avgrense skader på menneske, eigedom eller miljøet ved ulykker. Avtalen skal komplettere andre nordiske multilaterale eller bilaterale avtalar på området. Noreg har i formannskapsperioden(20092012) mellom anna følgt opp avgjerda frå ministermøtet i april 2009 om at det skal vurderast alternativ for vidareutvikling av NORDRED-arbeidet, mellom anna spørsmålet om dette arbeidet kan utvidast til å omfatte samfunnstryggleik og beredskap i vidare forstand. Arbeidet var gjennomført i tilknyting til prosjektet EU-Cross Border. Noreg arrangerer NORDRED-konferansen, som er lagd til Stavanger i september 2012. Sverige overtek formannskapen i NORDRED for perioden 20122015.

5.13 Flyktningar og migrasjon

Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) er eit uformelt diskusjonsforum for flyktning-, innvandrings- og integreringsspørsmål. Justis- og beredskapsdepartementet har hovudansvaret for denne gruppa på norsk side. Det finst for tida to arbeidsgrupper under NSHF: ei om retur og tilbakevending og ei om gjenbusetjing. Det nordiske samarbeidet er viktig for norske innvandringsstyresmakter. Det opnar for informasjonsutveksling og for å diskutere problemstillingar som er av felles interesse for dei nordiske landa, og byr i tillegg på uformell informasjon om møte og prosessar i EU som Noreg elles ikkje har tilgang til. Det er jamleg diskusjon om spørsmål knytte til EU-regelverket.

Det eksisterer òg eit uformelt samarbeid på lågare nivå om integreringspolitikk. Frå Noregs side er det Integrerings- og mangfaldsdirektoratet som administrerer dette samarbeidet. Frå 1968 har det vore eit nordisk samarbeid om felles statsborgarreglar for nordiske borgarar. Kvart år er det nordiske embetsmannsmøte der Barne- og likestillingsdepartementet deltek.

I Nordisk utlendingsutval deltek toppleiarane for utlendingsdirektorata i dei nordiske landa. Gruppa har historisk bakgrunn i den nordiske passkontrollavtalen og skal ta opp praktiske spørsmål av felles nordisk interesse. Utlendingsdirektoratet (UDI) har hovudansvaret på norsk side.

5.14 Administrasjon og forvaltning

I Nordisk forvaltningspolitisk forum har departementa med ansvar for forvaltningspolitikken i dei nordiske landa årlege møte for å utveksle erfaringar og diskutere aktuelle saker. Leiinga av forumet følgjer formannskapen i Nordisk ministerråd, og i 2012 går vervet altså til Noreg.

Datatilsynet deltek årleg på møte på saksbehandlarnivå mellom dei nordiske landa for å få innspel om kva styresmaktene i dei andre nordiske landa er opptekne av, i tillegg til erfaringsutveksling. Møta er òg gode arenaer for å utvikle kontaktnett.

Statsbygg deltek i eit samarbeid mellom dei ulike statlege byggherrane og eigedomsforvaltarane i Norden. Tema som har vorte diskuterte i den seinare tida, er mellom anna organisering av den statlege byggje- og eigedomsverksemda, bruk av bygningsinformasjonsmodellar (BIM) og utvikling av internasjonale standardar for desse modellane, risikostyring, forvaltning av kulturhistoriske eigedommar og kulturmiljø og universell utforming.

Det er oppretta ei nordisk arbeidsgruppe som skal samarbeide om energispørsmål og energibruk. Det er òg etablert eit eige nordisk kontaktutval for utanlandseigedomar i nært samarbeid med utanrikstenesta i dei nordiske landa. I dette kontaktutvalet vert det utveksla erfaringar med bygging og forvaltning av utanlandseigedomane, mellom anna eventuell samlokalisering av ambassadar for dei nordiske landa, tryggleik, etikk, miljø- og energispørsmål mv.

5.15 Fiskeri og fangst

Det norske formannskapsprogrammet innanfor fiskeri og havbruk har som ambisjon å vise fram nordiske samarbeidstradisjonar, grunnlaget for samarbeid om havressursforvaltning og nyskapande industriell verksemd og å bidra til nordiske plattformar for profilering av sjømatnæringa i Norden. Vi ønskjer òg å utvikle det nordiske nettverket som kanal for dialog og utvikling av verdiskaping, forsking, utdanning og kultur.

Formannskapsprogrammet er lagt opp med stor tematisk breidde.

  • Marin innovasjon og nyskaping (Oslo 26. januar). Det marine innovasjonsprogrammet vert gjennomført av Nordisk Innovasjon i samarbeid med nasjonale finansieringsinstitusjonar for å støtte opp om nordiske innovasjonsprosjekt i marin sektor. Den norske formannskapen var medarrangør av oppstartskonferansen.

    I samband med Austersjøstrategien gjennomførte Nordisk ministerråd 20-21. mars 2012 ein konferanse med tittelen «Sustainable production and use of biomass for bioenergy». Føremålet med konferansen var å skape tverrsektoriell forankring og eigarskap for det vidare arbeidet og engasjere relevante aktørar frå styresmakter, forskingsmiljøet og næringsliv.

  • Levande kystkultur (Bergen 7-8. juni). Kystkulturen er viktig for å utvikle næringsverksemd som turisme, utelivsnæring og opplevingsindustri. Programmet har fokus på kystkultur og fisk, sjømattradisjonar og ny nordisk mat.

  • Langesund-konferansen (3. august). Arrangement om samarbeid i Skagerrak for forvaltarar, forskarar og private organisasjonar med felles interesser i området.

  • Samarbeid om marin infrastruktur og datamateriale (Bergen, september). Samarbeidet om utnytting av kostbar infrastruktur (m.a. forskingsfartøy) må aukast, og tilgangen må gjerast attraktiv for internasjonale toppforskarar. Det skal arrangerast eit seminar i tilknyting til den årlege vitskapskonferansen i Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) 17-19. september.

  • Seminar om grøn vekst – også på havet (Trondheim, 27-28. juni). Arrangert i tilknyting til det årlege møtet mellom dei nordiske ministrane for fiskeri, jordbruk, næringsmidlar og skogbruk. Berekraftig utvikling, mattryggleik og grøn vekst er nokre av dei mest presserande globale utfordringane dei nordiske landa står overfor. Seminaret var basert på initiativet frå statsministrane om grøn vekst.

  • Journalistseminar på Hurtigruta (19-21. oktober) om havrelaterte problemstillingar og fiskeri- og havbruksspørsmål. Innhaldet er sentrert om tema i formannskapsprogrammet.

  • Fiskeripolitikk i endring – kva skjer i Norden (Tromsø 22-24. oktober). Konferansen er hovudarrangementet under formannskapen og skal gjere greie for korleis endringar i rammevilkåra for næringsverksemd påverkar grunnlaget for dialog og samarbeid mellom dei nordiske landa.

  • Fiskeripolitikk og sjøtryggleik (Tromsø 24-25. oktober). Konferansen skal ha fokus på status for tryggleik i fiskeflåten, nasjonale strategiar for sikkerhet i fiskeflåten, rammevilkår for HMS-arbeid og resultat frå forskingsprosjekt. Konferansen vert arrangert i samband med konferansen om fiskeripolitikk i endring.

5.16 Frivillig sektor

Nyare forsking om sosial kapital viser at dei nordiske landa skårar høgt i internasjonale samanlikningar. Kjenneteikn ved Noreg og Norden er sterke og levande sivilsamfunn, høg grad av tillit til samfunnsinstitusjonane og høg grad av tillit mellom menneske. Forsking viser vidare at Noreg har fått større grad av tillit dei siste 30 åra. Dette skjer parallelt med urbanisering, sekularisering og auka etnisk mangfald. Forskinga viser òg at innvandrarbefolkninga i Noreg deltek aktivt i dugnad og frivillig innsats.

Å styrkje kunnskap og forsking om frivillig sektor er ein av hovudstrategiane til regjeringa i politikken for det frivillige arbeidet. Forskingsprogrammet «Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor» må sjåast i denne samanhengen. Måla for forskingsprogrammet er å auke kunnskapen om verdien frivillig sektor har for samfunnet, bidra til å utvikle ein heilskapleg statleg politikk for det frivillige arbeidet og å styrkje frivillig sektor gjennom auka forskingsbasert kunnskap. Det finn stad eit nordisk forskingssamarbeid på området frivillig samarbeid. Aktuelle tema er å sjå nærare på likskapar og forskjellar mellom dei nordiske landa.

5.17 Forbrukarpolitikk

I samband med at ministerrådet for forbrukarspørsmål vart lagt ned frå 1. januar 2006, vedtok forbrukarministrane å vidareføre samarbeidet på uformelt plan og å etablere embetsmannsgruppa for nordisk samarbeid på forbrukarområdet (NordKons). Samarbeidet i NordKons er avgrensa til informasjons- og erfaringsutveksling. I tillegg finst det eit nettverk for informasjonsutveksling mellom ulike aktørar som arbeider med forbrukarspørsmål.

Noreg har sidan 2010 delteke i eit samarbeid mellom nordiske land og Estland om å gjennomføre eit måldokument om forbrukarundervising (TemaNord 2010: 567).

5.18 Samferdsel

Transportsektoren er ikkje med i det formaliserte nordiske regjeringssamarbeidet, men det er framleis viktig å diskutere aktuelle transportpolitiske problemstillingar og å ta vare på det gode nettverket som er etablert mellom dei nordiske landa. Det nordiske regjeringssamarbeidet i transportsektoren legg vekt på å fremje effektiv, konkurransekraftig, sikker og miljøvennleg transport og trafikk i Norden og nærområda. Det er særleg fokus på område der landa har felles problemstillingar. I tillegg er det lagt vekt på at samarbeidet skal fremje den politiske debatten og vere eit forum for erfaringsutveksling. Samarbeidet har medverka til ei positiv utvikling i dei nordiske landa.

EØS-spørsmål har fått stadig større merksemd, og samarbeidet har mellom anna teke sikte på å påverke transportpolitikken i EU i retning av Den nordlege dimensjonen. Dei seinare åra har det vore lagt vekt på auka samarbeid med dei baltiske landa. Innanfor ramma av den noverande samarbeidsmodellen skal det haldast eitt møte i året mellom dei nordisk-baltiske transportministrane. I tillegg møtest dei nordiske og baltiske transportministrane før transportrådsmøta i EU.

EasyGo

EasyGo er eit samarbeid om bompengeinnkreving mellom Noreg, Sverige og Danmark. EasyGo gjer det mogeleg for både privatbilistar og yrkestransportørar å køyre med ei og same brikke (t.d. AutoPASS-brikka) gjennom alle bompengeanlegg i Skandinavia, i tillegg til mange ferjesamband mellom Danmark, Sverige og Tyskland. Denne løysinga er teken godt imot blant trafikantane og har samtidig gjort innkrevjinga frå utanlandske trafikantar meir effektiv. Bruken av tenesta har auka jamt sidan oppstarten i 2007, og samla er det sendt over ein milliard kroner i grensekryssandetransaksjonar. Månadleg går det om lag 150 000 passeringar gjennom dette systemet. Det vert no arbeidd med å innlemme Austerrike i EasyGo-samarbeidet. Suksessen med EasyGo og den føreståande utvidinga gjer dette til eit referanseprosjekt i europeisk samanheng.

Prosjektet Svinesundsambandet

Ved riksgrensa mellom Noreg og Sverige på Svinesund er det skapt eit svært godt samarbeid over landegrensene gjennom prosjektet «Svinesundsambandet». Svinesundsambandet strekkjer seg frå Nordby i Sverige til Svingenskogen i Noreg. Det omfattar to kilometer ny motorveg på svensk side, 4,3 kilometer ny motorveg på norsk side og ei 700 meter lang bru mellom dei. Riksgrensa er òg EU-grense, og det er bygd tollstasjonar på begge sider. I tillegg er det betalingsstasjonar ved både ny og gammal bru. Prosjektet er finansiert med bompengar på både svensk og norsk side. Det har vore ein jamn auke i trafikken sidan oppstarten. I 2011 var det 6,9 millionar køyretøy som passerte bomstasjonane, dvs. ein årsdøgntrafikk på rundt 18 900.

Programmet for transeuropeiske transportnettverk (TEN-T)

I september 2010 leverte dei nordiske og baltiske transportministrane ei felleserklæring om tilslutning til EU-forslaget om innretting av ny politikk for nettverket, med innspel til kva sentrale infrastrukturelement som bør vere ein del av dette. Hovudtrekket i den nye politikken er at det vert innført eit prioritert nettverk, eit såkalla basisnettverk. Erklæringa var ei vidareføring av tidlegare felles fråsegner der hovudbodskapen har vore mellom anna kor viktig det er for land med store avstandar, som ligg i utkanten av Europa å ha god tilgang til marknadene, at det bør leggjast stor vekt på tilførselen til, og samanhengen mellom, hovudårane i kjernenettet, og at TEN-T bør utvidast til naboland.

Barents European-Arctic Transport Area (BEATA)

Noreg har formannskapen i arbeidsgruppa for transport under Barentssamarbeidet fram til hausten 2013. Det viktigaste tiltaket i arbeidsplanen er å utarbeide ein felles plan for utviklinga av transportinfrastruktur i Barentsområdet. Noreg og Sverige har nyleg gjennomført studiar av transportbehova i nordområda, og Finland skal gjennomføre ein tilsvarande studie i 2013. På russisk side er det òg føderale planar for transportsystemet som er relevante. Det ligg likevel ikkje føre noko felles dokument som samanliknar aktuelle planar på tvers av landegrensene i nord. I regi av BEATA er det difor føreslått å setje ned ei ekspertarbeidsgruppe, med representantar frå transportetatane i Noreg, Sverige, Finland og Russland, som skal utarbeide eit forslag til felles plan i Barentsområdet. Planen skal omhandle alle transportformene. Gjennom planarbeidet skal det klarleggjast kva transportbehovet er på mellomlang (10–15 år) og lang (30 år) sikt. Ein felles plan skal leggjast fram i løpet av første halvår 2013.

Samarbeidet med nabolanda våre, og deira behov og prioriteringar, betyr mykje også for utviklinga av transportsystemet på norsk side. For å sjå nasjonale og internasjonale behov og optimalisere moglegheitene er nær kontakt med styresmakter og transportbrukarar i desse landa nødvendig i det vidare arbeidet. I alle tre nabolanda er det utvikla strategiar eller konkrete planar for satsing i transportsektoren i nord.

Prioriteringar i nabolanda betyr òg mykje for utviklinga av transportsystemet på norsk side. For å sjå nasjonale og internasjonale planar i samanheng er det behov for nær kontakt med styresmakter og transportbrukarar i desse landa framover. I alle tre nabolanda ligg det føre strategiar eller konkrete planar for satsingar i nord, og dette vil bli ein viktig del av ein felles transportplan for Barentsområdet, jf. kap. 3.4.

Svensk-norsk samarbeid for elektrifisering av vegtransport

I 2009 sette den norske og den svenske regjeringa ned ei felles arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å leggje til rette for felles ladeinfrastruktur for ladbare bilar i Noreg og Sverige. Arbeidsgruppa består av svenske og norske etatar som Vegdirektoratet med Transnova, NVE, DSB, Trafikverket, Transportstyrelsen, Energimarknadsinspektionen og Energimyndigheten. Arbeidsgruppa arbeider mellom anna med felles skilting/merking av ladepunkt, overvaking av teknologiutvikling, standardiserings- og tryggleiksspørsmål og felles utrulling av ladepunkt.

Marknadstilgang for vegtransport mellom dei nordiske landa er dekt opp av EØS-avtalen når det gjeld buss og lastebil. For drosje er det inngått ein bilateral avtale mellom Noreg og Sverige som opnar for grensekryssande drosjetransport på gjensidig basis. Avtalen tredde i kraft 5. november 2010.

Beredskap

Det går føre seg eit nordisk samarbeid om beredskap og krisehandtering på området veg og vegtransport. Sverige, Finland, Færøyane og Noreg er med. Det blir arrangert ein serie fellesøvingar, «Bordercrossing», mellom Statens vegvesen og det svenske Trafikverket. Desse øvingane dekkjer heile riksgrensa frå Østfold til Finnmark.

Luftfart

Rapport om framtida for det skandinaviske luftfartssamarbeidet

Ei arbeidsgruppe har utarbeidd ein rapport om framtida for det skandinaviske luftfartssamarbeidet på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, det svenske Näringsdepartementet og den danske Trafikstyrelsen.

Bakgrunnen for rapporten var at føresetnadene for samarbeidet har endra seg i lys av den liberaliseringa av luftfartspolitikken som har funne stad, i tillegg til at SAS ikkje lenger har fortrinnsrett og monopolstilling. Tradisjonelt har det skandinaviske samarbeidet vore basert på like luftfartsrettar og moglegheiter for flyselskapa i dei tre landa, men utviklinga i EU på luftfartsområdet, saman med at dei tre skandinaviske landa har hatt ulik tilknyting til EU, har påverka samarbeidet. Danske og svenske styresmakter har i stadig større grad brukt ressursane sine på saksområdet på EU-samarbeidet, samtidig som dei i stor grad får dekt behova sine ved at EU forhandlar internasjonale avtalar på vegner av EU-landa. Norge må difor søkje å etablere tilsvarande avtalar på eiga hand. Dette gjev ulike konkurranseforhold for flyselskap frå dei tre landa inntil Noreg sikrar seg tilsvarande rettar.

Ein førebels rapport har vore på høyring hjå skandinaviske flyselskap. Høyringsfråsegnene gjev brei støtte til det skandinaviske luftfartssamarbeidet og støttar òg opp om at forskjellane i konkurransevilkåra må jamnast ut. Føremålet med rapporten er å leggje fram konkrete forslag til tiltak som kan bidra til effektivisering av samarbeidet ved å sikre ei raskare harmonisering av avtalesituasjonen etter kvart som EU forhandlar fram avtalar med tredjeland.

Gjennomføringa av «Eit felles europeisk luftrom» – North European Functional Airspace Block (NEFAB)

Lovgjevingspakka «Felles europeisk luftrom I» medfører at det vert fastsett felleseuropeiske ytingskrav til utøvarar av flysikrings- og lufttrafikktenester. Det vil særleg dreie seg om krav til tryggleik, kostnadseffektivitet, kapasitet og miljøeffektar. Eit av verktøya som skal bidra til å oppfylle desse ytingskrava, er opprettinga av såkalla funksjonelle luftromsblokker. Det vil seie grenseoverskridande samarbeid om bruken og organiseringa av luftrommet over fleire land.

Noreg samarbeider med Estland, Finland og Latvia om å opprette ei slik luftromsblokk – North European Functional Airspace Block (NEFAB). Avtalen om å opprette NEFAB vart underteikna 4. juni 2012. Luftromsblokka vert etter forholda vurdert som fordelaktig, og ho ser ut til å oppfylle dei formelle krava i lovgjevingspakka «Felles europeisk luftrom II» i ein innleiande fase. Men det er sterkt ønskeleg å integrere denne luftromsblokka og den dansk-svenske luftromsblokka. I fortalen til avtalen vert det mellom anna framheva kor viktig det er å oppretthalde det tette samarbeidet med Island, Danmark og Sverige, i tillegg til ein visjon om ei mogeleg framtidig konsolidering av det nordisk-baltiske luftrommet. NEFAB-avtalen skal leggjast fram for Stortinget som ei eiga sak.

Opphavleg deltok òg Danmark, Island og Sverige i NEFAB-samarbeidet. Ein forsøkjer inntil vidare å løyse samarbeidsbehovet med desse landa mellom anna gjennom ein avtale mellom dei statlege utøvarane av flysikringstenester i alle dei sju landa. Det er òg etablert eit nærare samarbeid mellom dei statlege tilsynsstyresmaktene i dei sju landa. Danmark og Sverige har oppretta ei separat luftromsblokk.

5.19 Samar og nasjonale minoritetar

Ministrane med ansvar for samiske saker i Finland, Noreg og Sverige og sametingspresidentane i desse landa har sidan 2000 hatt årlege møte. Føremålet er å styrkje og utvikle samefolkets språk, kultur, næringar og samfunnsliv.

Nordisk samisk språkpris, Gollegiella, skal delast ut for femte gongen hausten 2012. Prisen har som føremål å bidra til å fremje, utvikle og bevare det samiske språket i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Språkprisen er på 15 000 euro og vert delt ut annakvart år.

Arbeidet med nordisk samekonvensjon har vorte førebudd gjennom det nordiske samarbeidet om samiske saker. På fellesmøtet mellom sametingspresidentane og ministrane for samiske saker i Stockholm hausten 2010 vart det vedteke å gå i gang med forhandlingar om ein nordisk samekonvensjon. Forhandlingane vart starta i mars 2011, og målsetjinga er at forhandlingane skal vere sluttførte innan fem år. Den norske forhandlingsdelegasjonen har fem medlemer. Leiaren og to medlemer er utnemnde av regjeringa, medan to medlemer er utnemnde etter forslag frå Sametinget. Sametinget skal konsulterast undervegs i forhandlingane. Utkastet til nordisk samekonvensjon vil danne ramma for forhandlingane. Konvensjonsutkastet vart utarbeidd av ei nordisk ekspertgruppe på bakgrunn av dei internasjonale instrumenta dei tre landa er bundne av, og tek utgangspunkt i at samane er urfolk i Finland, Sverige og Noreg.

Samisk parlamentarisk råd (SPR) er samarbeidsorganet mellom sametinga i Finland, Noreg og Sverige. Samane i Russland har permanent deltaking i rådet. Rådet er viktig for å utvikle det grenseoverskridande samarbeidet og for å styrkje det internasjonale samarbeidet urfolk imellom og mellom urfolk og styresmaktene og andre aktørar. Samekonferansen og Samerådet har spela ei viktig rolle i den samepolitiske utviklinga sidan dei vart oppretta. Neste samekonferanse skal haldast i 2013.

Nordisk arbeidsgruppe for nasjonale minoritetar blei oppretta på embetsmannsnivå mellom departementa i Sverige, Finland og Noreg som har ansvaret for gjennomføringa av Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar og Europarådspakta for region- og minoritetsspråk.

5.20 Nordisk strategi for berekraftig utvikling

Den nordiske strategien for berekraftig utvikling er eit tverrsektorielt styringsdokument for Nordisk ministerråd. Nordisk ministerråd skal gjennom nordisk samarbeid prioritere tema, prosessar og prosjekt som fremjar ei berekraftig utvikling.

Den første nordiske strategien for berekraftig utvikling tredde i kraft i 2001. Erklæringa har vorte revidert kvart fjerde år, sist i 2008. Den fjerde samnordiske strategien for berekraftig utvikling skal truleg vedtakast innan utgangen av 2012. Strategien legg vekt på område der Norden har felles interesser og utfordringar, der det finst særleg gode føresetnader for å bidra til berekraftig utvikling, og der det nordiske samarbeidet skaper en meirverdi gjennom kompetanseutvikling og meir effektiv ressursbruk.

Måla for strategien innanfor prioriterte område er i tråd med initiativet frå dei nordiske statsministrane om grøn vekst. Den nordiske strategien kan òg fungere som utgangspunkt for felles innspel i internasjonale fora innanfor berekraftig utvikling.

Til forsida