Meld. St. 20 (2022–2023)

Regulering av pensjonar i 2023 og inntektstilhøve for pensjonistar

Til innhaldsliste

3 Faktorar som påverkar realinntektsutviklinga og kjøpekrafta til pensjonistar

3.1 Innleiing

Gjennom reguleringa av pensjonane vert den nominelle inntektsutviklinga til pensjonistane bestemt. For å finne realveksten må ein ta omsyn til prisutviklinga. Både den nominelle og den reelle inntektsutviklinga vert også påverka av endringar i pensjonsreglane. Når ein også tek omsyn til skatt, kjem utviklinga i kjøpekrafta til pensjonistane til syne.

Dette punktet gjer greie for realvekst i alderspensjon der ein berre tek omsyn til konsekvensane for realveksten av reguleringa etter dei ordinære reglane, jf. punkt 3.2. Punkt 3.3 gjer greie for endringar i skattereglane for pensjonistane. Punkt 3.4 gjer greie for den samla verknaden på kjøpekrafta til pensjonistane.

3.2 Realvekst i alderspensjon

Etter fleire år med høg reallønnsauke minka veksten i 2014 og 2015, og i 2016 fekk lønnstakarane ein stor reallønnsnedgang, sjå tabell 3.1. Mellom 2017 og 2019 var reallønnsaukinga igjen svakt positiv. Reallønnsaukinga i 2020 var på 1,8 prosent, og i 2021 var det nullvekst. I revidert nasjonalbudsjett 2023 vert det anslått ein reallønnsnedgang i 2022 på 1,4 prosent og 0,1 prosent i 2023. Den gjennomsnittlege årlege reallønnsaukinga sett under eitt vert anslått til 0,8 prosent for perioden 2011–2023.

Realveksten i alderspensjonen har fram til 2021 følgt lønnsveksten, men med eit fråtrekk på 0,75 prosent. Anslaget for gjennomsnittleg årslønnsvekst i revidert nasjonalbudsjett vart lagt til grunn, justert for eventuelle avvik mellom forventa og faktisk lønnsvekst dei siste to åra. Samla lønnsvekst som er lagd til grunn i reguleringa, avvik difor frå den faktiske lønnsveksten, og det gjer at det ikkje berre er fråtrekket på 0,75 prosent som påverkar skilnaden i realveksten i lønningar og pensjonar.

Realveksten i pensjonane var positiv i perioden 2011–2014 og i 2019, men har vore negativ i 2015–2018, då også realveksten i lønningane var svak eller negativ. Det var nullvekst i 2020. Det var ein svakt positiv realvekst i alderspensjon for 2021, og negativ realvekst i 2022. Det vert pårekna realvekst på 1,4 prosent i 2023. På bakgrunn av anslaga for 2022 og 2023 er den gjennomsnittlege realveksten i alderspensjon i perioden 2011–2023 anslått til 0,3 prosent.

Tabell 3.1 Utvikling i prisar, lønningar og alderspensjon 2011–2023. Prosent

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

2020

2021

2022

2023

Gjennomsnitt 2011–2023

Nominell lønnsvekst1

4,2

4,0

3,9

3,1

2,8

1,7

2,3

2,8

3,5

3,1

3,5

4,3

5,25

3,4

Prisvekst2

1,2

0,8

2,1

2,0

2,1

3,6

1,8

2,7

2,2

1,3

3,5

5,8

5,4

2,6

Reallønnsvekst

3,0

3,2

1,8

1,1

0,7

-1,8

0,5

0,1

1,3

1,8

0,0

-1,4

-0,1

0,8

Realvekst i alderspensjon3

2,7

2,4

0,9

0,9

-0,4

-1,8

-0,9

-0,8

0,2

0,0

0,3

-1,6

1,4

0,3

1 Historiske tal 2011–2022. Lønnsveksten for 2022 kan verte revidert. Anslag frå Revidert nasjonalbudsjett 2023 for 2023.

2 Historiske tal 2011–2022. Brot i serien mellom 2015 og 2016. Anslag frå Revidert nasjonalbudsjett 2023 for 2023.

3 Realvekst i alderspensjon gjeld alderspensjon utover minstenivået og vert i reguleringa justert for avvik mellom anslått og faktisk vekst i tidlegare år.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Finansdepartementet.

3.3 Endring av skatt i 2023

I statsbudsjettet for 2023 vart det vedteke generelle endringar i personskattlegginga som også gjeld alderspensjonistar. Mellom anna vart personfrådraget auka frå 58 250 i 2022 til 79 600 kroner i 2023, inkludert ei delvis veksling frå minstefrådraget. Skatten på aksjeutbyte m.m. og trinnskatten i trinn 3 til 5 vart auka. I formuesskatten vart botnfrådraget ført vidare, mens satsen i trinn 1 og verdsetjinga av primærbustader over 10 mill. kroner, sekundærbustader og aksjar vart auka. Verdsetjinga av direkteeigde driftsmiddel vart redusert.

Maksimalt beløp for det særskilde skattefrådraget for pensjonsinntekt vart sett til 32 825 kroner. Innslagspunkta for nedtrapping av pensjonsskattefrådraget vart auka med pårekna pensjonsvekst frå 210 950 til 219 950 kroner i trinn 1 og frå 318 000 til 331 750 kroner i trinn 2. Nedtrappingssatsane vart førte vidare uendra på høvesvis 16,7 pst. og 6,0 pst.

Slik pensjonistar er definerte som sosioøkonomisk gruppe i Statistisk sentralbyrås skattemodell LOTTE-Skatt, vart det anslått at pensjonistar med låg og middels bruttoinntekt (under om lag 700 000 kroner) fekk ein lette i inntektsskatten på om lag 225 mill. kroner, mens pensjonistar med høg samla bruttoinntekt fekk ein auke på om lag 390 mill. kroner samanlikna med 2023-referansen. For formuesskatten vart det anslått ein samla auke på om lag 755 mill. kroner.

I revidert budsjett for 2023 foreslår regjeringa å redusere skatten på pensjon med om lag 1 375 mill. kroner samanlikna med det vedtekne budsjettet. Forslaget inneber at innslagspunkta for nedtrapping av pensjonsskattefrådraget aukar frå 219 950 til 246 800 kroner i trinn 1 og frå 331 750 til 373 650 kroner i trinn 2. Forslaget gjeld berre skatt på pensjon og er særleg retta mot dei lågaste pensjonane. Slik sosioøkonomisk gruppe pensjonistar er definert teknisk i LOTTE-Skatt, er letten for gruppa pensjonistar likevel anslått til 1 190 mill. kroner. Resten av den samla letten er rekna på andre sosioøkonomiske grupper, som mellom anna omfattar lønnstakarar som kombinerer lønn med noko pensjon.

3.4 Vekst i utbetalt pensjon for ulike hushaldstypar

Tabell 3.2 viser utrekna vekst i utbetalt pensjon og realvekst før og etter skatt for einslege og ektepar med minsteyting og for einskilde utvalde hushaldstypar for 2022 og 2023. Ein føreset at hushalda berre har inntekt i form av pensjon og trygd, berre har standard frådrag og ikkje har skattepliktig formue.

Tabell 3.2 Berekna årleg vekst i pensjon og trygd for utvalde hushaldstypar1. Prosent

2022

20232

Pensjon/trygd

Nominell vekst

Realvekst før skatt

Realvekst etter skatt

Nominell vekst

Realvekst før skatt

Realvekst etter skatt

Einsleg, alderspensjon, minsteyting

5,3

-0,5

-0,5

8,7

3,2

3,2

Ektepar, alderspensjon, begge minsteyting

4,1

-1,6

-1,6

6,9

1,4

1,4

Einsleg, 300 000 kr

4,1

-1,6

-1,9

6,9

1,4

2,1

Einsleg, 600 000 kr

4,1

-1,6

-1,6

6,9

1,4

1,5

Ektepar, 400 000 + 250 000 kr

4,1

-1,6

-1,5

6,9

1,4

1,5

Ektepar, 550 000 + 300 000 kr

4,1

-1,6

-1,7

6,9

1,4

1,4

Einsleg ufør, minsteyting3

4,8

-0,9

-0,6

5,9

0,5

1,1

Ektepar ufør, begge minsteyting3

4,8

-0,9

-0,6

5,9

0,5

1,1

1 Det er føresett at hushalda berre har inntekt i form av pensjon og trygd, berre har standard frådrag og ikkje har skattepliktig formue. Det siste inneber at endringar i formuesskatten ikkje påverkar berekna realvekst etter skatt. For minsteytingane i alderspensjon er minste pensjonsnivå (gammal alderspensjon) lagt til grunn.

2 Utrekningane er baserte på vekstfaktorane og forslaget til skattereglar i revidert budsjett 2023, jf. Meld. St. 2 (2022–2023) og Prop. 117 LS (2022–2023).

3 Uføre som mottek minstesats i januar 2023 fekk ei skattefri eingongsutbetaling på 3 000 kroner i 2023. Denne eingongsutbetalinga er ikkje medrekna i tala og kjem i tillegg.

Kjelde: Finansdepartementet.

Nominell auke i minste pensjonsnivå for 2022 er 5,3 prosent for einslege og 4,1 prosent for ektepar der begge har minsteyting. At auken for einslege er høgare, kjem av auka minstepensjon for einslege alderspensjonistar i 2021. Nominell vekst i andre alderspensjonar for 2022 er 4,1 prosent.

Berekna realvekst før og etter skatt for einslege og ektepar med minsteyting for 2022 er på høvesvis -0,5 prosent og -1,6 prosent.

Tabell 3.2 inneheld også utrekningar for einslege alderspensjonistar med ein pensjon på høvesvis 300 000 kroner og 600 000 kroner og for pensjonistektepar med ei samla inntekt på høvesvis 650 000 kroner og 850 000 kroner. Berekna realvekst etter skatt i 2022 er -1,9 prosent for einslege med ei inntekt på 300 000 kroner og -1,6 prosent for einslege med ei inntekt på 600 000 kroner. Ektepar med ei samla inntekt på 650 000 har ein berekna realvekst etter skatt i 2022 på -1,5 prosent, og ektepar med ei samla inntekt på 850 000 kroner har ein berekna realvekst etter skatt i 2022 på -1,7 prosent.

I 2023 vert det pårekna ein nominell vekst i minste pensjonsnivå for einslege på 8,7 prosent. For andre alderspensjonar vert det pårekna ein nominell vekst på 6,9 prosent. Anslaget for minsteytingane gjeld minste pensjonsnivå i den gamle oppteningsmodellen. Veksten i uføretrygda vert anslått til 5,9 prosent.

Realvekst før skatt vert anslått til 3,2 prosent for minste pensjonsnivå for einslege. For andre alderspensjonistar vert det anslått ein realvekst før skatt på 1,4 prosent.