Meld. St. 20 (2022–2023)

Regulering av pensjonar i 2023 og inntektstilhøve for pensjonistar

Til innhaldsliste

5 Minste pensjonsnivå og låginntekt blant alderspensjonistane

Dette punktet rapporterer om utviklinga i talet på mottakarar av minste pensjonsnivå og om utviklinga i låginntekt blant alderspensjonistane.

Ved utgangen av 2022 var det 134 523 minstepensjonistar blant alderspensjonistane. Den langsiktige trenden er at talet på personar som får minste pensjonsnivå, er fallande. Frå 2011 til 2022 har prosentdelen av minstepensjonistar blant alle alderspensjonistar falle frå 24,8 til 13,2. Tabell 5.1 viser utviklinga i tal på og prosentdel minstepensjonistar dei siste fem åra. Det var 12 000 færre minstepensjonistar ved utgangen av året 2022 enn i 2021. Det er ein nedgang på 8,2 prosent. At talet på minstepensjonistar har auka i 2019 og 2021, heng saman med heving av satsane for minste pensjonsnivå. Når minstesatsane vert heva, vert fleire alderspensjonistar omfatta av det nye minstenivået. Dette er typisk alderspensjonistar med alderspensjon som tidlegare har vore litt høgare enn minste pensjonsnivå. Minstepensjon kan ikkje takast ut før fylte 67 år. For å kunne ta ut alderspensjon før fylte 67 år krevst det at oppteninga er tilstrekkeleg høg for at pensjonsnivået ved 67 år minst svarer til minste pensjonsnivå for einslege. Høve til uttak av alderspensjon frå fylte 62 år har gjeve fleire pensjonistar og difor isolert sett bidrege til ein lågare prosentdel med minstepensjon slik det vert målt her, dei første åra etter 2011.

Tabell 5.1 illustrerer den fallande prosentdelen som får minste pensjonsnivå. Han viser også at det er store kjønnsskilnader blant mottakarane av minste pensjonsnivå. Den fallande prosentdelen kan dels forklarast med at yngre årskull har høgare opptening til alderspensjon. I den nye oppteningsmodellen vert ikkje garantipensjonen fullt ut avkorta mot opptent inntektspensjon, og dei aller fleste som har jobba noko, motteke pensjonsgjevande ytingar eller fått omsorgsopptening, vil få ein pensjon som er høgare enn garantipensjonsnivået.

Tabell 5.1 Tal på og prosentdel minstepensjonistar ved utgangen av året

2018

2019

2020

2021

2022

Antall

Kvinner

124 456

125 901

118 083

123 994

113 459

Menn

20 193

20 938

20 164

22 529

21 064

Totalt

144 649

146 839

138 247

146 523

134 523

Andel

Kvinner

25,9

25,36

23,5

24,2

21,8

Menn

4,4

4,5

4,2

4,6

4,2

Totalt

15,4

15,3

14,1

14,6

13,2

Med minstepensjonistar siktar ein her til alderspensjonistar over 67 år som får den garanterte minste alderspensjonsytinga frå folketrygda, såkalla minste pensjonsnivå. For mottakarar av AFP i privat sektor reknar ein med den livsvarige delen av AFP-ytinga i den samla pensjonen når ein vurderer om den einskilde skal reknast som minstepensjonist. For alderspensjon som er utrekna etter nye oppteningsreglar, har berekna minste pensjonsnivå bytt namn til garantipensjon. Dette gjeld delvis for årskulla 1954–1962 og fullt ut for årskull fødde etter 1962 som får ei minsteyting frå 2021 og seinare.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Kvinner utgjer fleirtalet av dei som får minste pensjonsnivå. I 2011 hadde 39,8 prosent av kvinnelege alderspensjonistar minste pensjonsnivå, medan prosentdelen hadde gått ned til 21,8 i 2022. Prosentdelen av mannlege alderspensjonistar med minste pensjonsnivå har også falle sidan 2011, men nedgangen har ikkje vore like stor sidan utgangsnivået var vesentleg lågare enn for kvinner. I 2022 hadde 4,2 prosent av mannlege alderspensjonistar minste pensjonsnivå. Det er ein nedgang på 2,6 prosentpoeng sidan 2011.

Reduksjonen i talet på mottakarar av minste pensjonsnivå kjem primært av at yngre kvinnelege alderspensjonistar har meir opptening til pensjon samanlikna med dei eldre årskulla. Det ser ein tydeleg når ein undersøkjer skilnaden mellom yngre og eldre årskull.

Blant kvinnelege alderspensjonistar som var 85 år og eldre, fell 44,6 prosent inn under definisjonen minstepensjonist. For menn i tilsvarande aldersgruppe var prosentdelen 9,2. For kvinnelege alderspensjonistar i aldersgruppa 67–69 år var den same prosentdelen 4,6, sjå figur 5.1.

Figur 5.1 Prosentdel minstepensjonistar av alle alderspensjonistar. Kjønn og alder. Desember 2022

Figur 5.1 Prosentdel minstepensjonistar av alle alderspensjonistar. Kjønn og alder. Desember 2022

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Dersom utrekna alderspensjon er lågare enn satsen for minste pensjonsnivå, vert det gjeve ulike tillegg i alderspensjonen, og ein mottakar kan få fleire tillegg. Tillegga som vert ytte, er «pensjonstillegg», «særtillegg», «individuelt minstenivåtillegg» og «minstenivåtillegg for pensjonistpar». Figur 5.2 viser utviklinga i talet på mottakarar av dei ulike tillegga til alderspensjonen.

Figur 5.2 Tillegg med utgangspunkt i minste pensjonsnivå. Tal. Desember 2011–2022

Figur 5.2 Tillegg med utgangspunkt i minste pensjonsnivå. Tal. Desember 2011–2022

Dei aller fleste mottakarane av tillegga inngår som minstepensjonistar i statistikken, men det er nokre unntak. Alderspensjonistar som berre får tillegg for pensjonistpar, er ikkje medrekna. Somme mottakarar av pensjonstillegg kan få ein alderspensjon som overstig minstenivået, på grunn av uttakstidspunkt og regulering. I slike tilfelle vert dei ikkje rekna som minstepensjonistar. Ei anna årsak kan vere mottak av AFP i privat sektor, ettersom det er summen av alderspensjon og AFP i privat sektor (utanom kompensasjonstillegg) som avgjer om den einskilde vert rekna som minstepensjonist.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Særtillegget vert ytt til mottakarar som er fødde i 1943 eller tidlegare, og som er omfatta av den gamle ordninga. Det var 53 586 som fekk dette tillegget i 2022. Talet på mottakarar av særtillegget har sidan 2011 og fram til utgangen av 2022 gått ned med om lag 70 prosent.

Pensjonstillegg vert gjeve ved førstegongshandsaming av alderspensjonen, avhengig av sivilstatus og eventuell pensjon til ektefelle. I perioden har det vore ein auke i talet på mottakarar, og ved utgangen av 2022 var det 74 347 personar som fekk pensjonstillegg.

Individuelt minstenivåtillegg vert ytt dersom nivået på alderspensjonen fell under minstenivået etter førstegongshandsaminga, til dømes ved regulering av pensjonar eller ved endringar av sats. Utviklinga i talet på mottakarar av individuelt minstenivåtillegg har hatt ei varierande utvikling i perioden, men hovudtrenden er at talet på mottakarar er fallande. Stigningane kan forklarast med hevingane av satsane i 2015, 2016, 2019 og 2021. Individuelt minstenivåtillegg er det tillegget som vert ytt til flest mottakarar av minste pensjonsnivå.

Talet på mottakarar av minstenivåtillegg for pensjonistpar har hatt ein svak nedgang og har elles halde seg stabilt gjennom perioden. Ytinga vert gjeven for å oppfylle garantien om at pensjonistpar samla sett ikkje skal ha ei pensjonsutbetaling under dobbel såkalla ordinær sats.

Figur 5.3 viser utviklinga i låginntekt blant alderspensjonistane. Låginntekt er her målt på den såkalla EU-skalaen, der låginntekt er definert som eit beløp som svarer til 60 prosent av medianinntekta til heile befolkninga. Nivået på minstepensjonane har lege under låginntektsgrensa i heile perioden. Når prosentdelen med låginntekt, også blant einslege minstepensjonistar, er lågare enn 100, kjem det av at ein del har andre inntekter og/eller overføringar.

Figur 5.3 Prosentdel med låginntekt blant alderspensjonistane1 2010 til 2021. Prosent

Figur 5.3 Prosentdel med låginntekt blant alderspensjonistane1 2010 til 2021. Prosent

1 Frå 2021 endra SSB definisjonen av minstepensjonist. Fram til 2020 vart minstepensjonistar definerte som personar som får pensjon på minste pensjonsnivå, eller som får særtillegg eller pensjonstillegg. Frå 2021 er definisjonen i utgangspunktet den same som NAV bruker, men SSB ekskluderer mottakarar som er busett i utlandet og mottakarar på institusjon. Ein må minst være 67 år for å kunne defineres som minstepensjonist. Berre alderspensjonistar 67 år og eldre er inkludert for å samanlikne same aldersgruppe som minstepensjonistane.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Prosentdelen med låginntekt blant alderspensjonistar over 67 år har vore svakt fallande sidan pensjonsreforma. I 2021 var 11,2 prosent av alderspensjonistane over 67 år definerte som å ha låginntekt. Prosentdelen med låginntekt er som venta høgare blant minstepensjonistane enn blant andre alderspensjonistar i same aldersgruppe. 41 prosent av minstepensjonistane er definerte som å ha låginntekt. Statistisk sentralbyrå har frå 2021 endra definisjonen av minstepensjonist. Auka i prosentdelen med låginntekt frå 2020 til 2021 er derfor vanskeleg å tolke. Prosentdelen med låginntekt er klart høgare blant åleinebuande enn blant dei som bur saman med nokon. Dette gjeld pensjonistar generelt, men særleg minstepensjonistane. Blant åleinebuande minstepensjonistar er det omtrent 78 prosent som har låginntekt i 2021. Den tilsvarande prosentdelen med låginntekt for åleinebuande alderspensjonistar var om lag 26 prosent.

Prosentdelen med låginntekt blant minstepensjonistane fall frå 2010 til 2011, men har vore svakt aukande etter 2011. Prosentdelen med låginntekt blant minstepensjonistane fall også i perioden før 2010, særleg i perioden 2006–2010. Dette kjem av at gode trygdeoppgjer og opptrapping av minstepensjonane har gjort at veksten i minstepensjonen har auka meir enn medianinntekta i samfunnet. Prosentdelen med låginntekt for einslege minstepensjonistar auka i perioden 2011–2015, men frå 2015 til 2021 har prosentdelen med låginntekt for einslege minstepensjonistar vore relativt stabil.