Meld. St. 20 (2022–2023)

Regulering av pensjonar i 2023 og inntektstilhøve for pensjonistar

Til innhaldsliste

4 Inntektsutvikling blant den eldre delen av befolkninga

Dette punktet presenterer statistikk som klargjer utviklinga i samla inntekt for den eldre delen av befolkninga i perioden 2011–2021. 2021 er siste tilgjengelege år for tal for inntekt. Tala i dette punktet kjem også fram i rapporten «Arbeid, pensjon og inntekt i den eldre befolkningen. Rapport fra Pensjonspolitisk arbeidsgruppe 2023».

Mange i aldersgruppa over 62 år står framleis i arbeid, og mange kombinerer arbeid med pensjonsuttak. Samtidig er det ei gruppe som berre får alderspensjon, og ein del får andre ytingar frå det offentlege. Det er difor viktig å sjå på samla inntekt, ikkje berre alderspensjon frå folketrygda.

Ved utgangen av 2021 var det 1 173 832 personar som var 62 år eller eldre. Figur 4.1 illustrerer samansetjinga av samla inntekt for alle som var 62 år eller eldre i 2021, fordelt etter alder. Samla inntekt er stort sett fallande med auka alder. 62-åringane hadde ei gjennomsnittleg inntekt på rundt 720 000 kroner før skatt, medan tilsvarande nivå for 75-åringane var rundt 439 000 kroner. Skattereglane handsamar pensjonsinntekt lempelegare enn yrkesinntekt, og dette kombinert med eit progressivt skattesystem gjer at inntektsskilnadene mellom aldersgruppene er mindre når vi måler etter skatt. Yrkesinntekt er summen av lønnsinntekter og netto næringsinntekter i løpet av kalenderåret. Inntekta til 62-åringane etter skatt utgjorde 71 prosent av samla inntekt før skatt i 2021, medan tilsvarande del for 75-åringane var 80 prosent.

Yrkesinntekta utgjer den viktigaste inntektskomponenten fram til fylte 67 år. For 67-åringane utgjer yrkesinntekt og alderspensjon om lag like stor del av samla inntekt, rundt 30 prosent kvar. Alderspensjon omfattar berre alderspensjon frå folketrygda.

Figur 4.1 Samansetjing av gjennomsnittleg samla inntekt for personar 62–85 år i 2021. Tusen kroner

Figur 4.1 Samansetjing av gjennomsnittleg samla inntekt for personar 62–85 år i 2021. Tusen kroner

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Viss ein samanliknar den eldre befolkninga med den yngre, så ser ein at inntektsnivået er høgare blant den yngre delen av befolkninga enn blant den eldre delen, sjå figur 4.2, som viser median av samla inntekt etter skatt for ulike aldersgrupper i 2021. Median av samla inntekt etter skatt seier noko om korleis kjøpekrafta er for medianen i kvar aldersgruppe, det vil seie den personen som ligg midt i inntektsfordelinga for den aktuelle aldersgruppa. Medianinntekta er jamt minkande med alder, og det er størst relativ endring frå 62–66 år til 67–69 år sidan mange går ut av arbeidslivet i denne perioden. Medan arbeidsinntekt er hovudinntekta for dei som er under 62 år, er pensjon hovudinntekta for dei som er 67 år og eldre.

Figur 4.2 Median av samla inntekt etter skatt i 2021. Tusen kroner

Figur 4.2 Median av samla inntekt etter skatt i 2021. Tusen kroner

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Ved å samanlikne utviklinga i kjøpekraft for den eldre delen av befolkninga med utviklinga for resten av befolkninga får ein eit bilete av korleis utviklinga for den eldre delen av befolkninga har vore relativt til andre aldersgrupper. Figur 4.3 viser realveksten i median av samla inntekt etter skatt for utvalde aldersgrupper i perioden 2011–2021. Realveksten i medianinntekt etter skatt har vore sterkast i aldersgruppa 62–66 år. Aldersgruppene 75 år og eldre har hatt ein sterkare auke i kjøpekrafta dei siste ti åra enn den yngre befolkninga, men for aldersgruppene 67–69 år og 70–74 år er veksten lågare. Dette må sjåast i samanheng med at årskulla 1944–1949, som fekk høve til tidleg uttak av alderspensjon frå 2011, no i stor grad har hatt avgang frå arbeid. Uttaksmønsteret for desse årskulla medfører isolert sett lågare inntekt når ein samanliknar med inntektsnivået for dei som er fødde 10 år tidlegare, og som ikkje hadde høve til uttak av alderspensjon før fylte 67 år.

Figur 4.3 Realvekst i median av samla inntekt etter skatt frå 2011 til 2021. Prosent

Figur 4.3 Realvekst i median av samla inntekt etter skatt frå 2011 til 2021. Prosent

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Også når vi berre ser på perioden 2016–2021, har realveksten i inntekt for den eldre delen av befolkninga vore høg for mange av aldersgruppene. Aldersgruppa 96 år og eldre har hatt den sterkaste veksten i inntekt før og etter skatt, sjå figur 4.4. Denne aldersgruppa inneheldt 7 779 personar, og ein stor prosentdel var minstepensjonistar. Den sterke veksten for denne gruppa heng saman med at Stortinget fleire gonger etter 2015 har gjort vedtak som har påverka satsane for minste pensjonsnivå, utover reguleringa. Frå 2016 vart det vedteke at minste pensjonsnivå for einslege skulle aukast med 4000 kroner, og at grunnpensjonen for gifte og sambuande skulle hevast. I 2017 vart den særskilde satsen for einslege auka med 4 000 kroner, medan resten av satsane for minste pensjonsnivå auka med 1 000 kroner, og frå 2019 vart det vedteke ein ytterlegare auke av den særskilde satsen for einslege med 4 000 kroner. I 2021 vart det vedteke to ytterlegare auke av den særskilde satsen for einslege med 4 000 kroner og 5 000 kroner.

Figur 4.4 Realvekst i median av samla inntekt før og etter skatt frå 2016 til 2021. Prosent

Figur 4.4 Realvekst i median av samla inntekt før og etter skatt frå 2016 til 2021. Prosent

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

I aldersgruppene 60–61 og 62–66 år er arbeid hovudinntektskjelda. Skilnaden mellom realvekst i inntekt før og etter skatt er liten for desse gruppene. Også dei eldste aldersgruppene har hatt vekst i inntekt før skatt. Høgare inntekt før skatt gjer at fleire betaler skatt av inntekta, og at gjennomsnittsskatten er høgare. Realveksten i inntekt etter skatt vert då relativt sett noko lågare. Realveksten i inntekt etter skatt vil også vere påverka av skatteendringar i perioden. For aldersgruppa 67–69 år har det vore ein låg vekst og for aldersgruppa 70–74 år har det i perioden vore ein negativ realvekst i samla inntekt, både før og etter skatt. Den negative realveksten for denne gruppa kjem av at tidleguttak av alderspensjon gjev ei lågare årleg yting, og mange har valt å ta ut alderspensjonen før fylte 67 år.

Sjølv om realveksten i perioden 2011–2021 har vore god for mange aldersgrupper, har den årlege veksten vore varierande. Figur 4.5 viser årleg realvekst i medianinntekt etter skatt frå 2016 til 2021. For perioden 2016–2017 var realveksten positiv for alle aldersgrupper over 60 år. For perioden 2017–2018 var realveksten marginalt positiv for einskilde aldersgrupper over 60 år, medan han var negativ for aldersgruppene 67–69 år og 70–74 år. For perioden 2018–2019 var realveksten igjen positiv. For perioden 2019–2020 var realveksten positiv for einskilde aldersgrupper over 60 år, medan han var negativ for aldersgruppene 67–69 år og 70–74 år. For perioden 2020–2021 var realveksten marginalt positiv for aldersgruppene under 67 år, og negativ for aldersgruppene 67 år og eldre, som vist i figur 4.5.

Figur 4.5 Årleg realvekst i median av samla inntekt etter skatt. Prosent

Figur 4.5 Årleg realvekst i median av samla inntekt etter skatt. Prosent

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Innfasinga av høvet til uttak av pensjon før fylte 67 år har bidrege til lågare årleg vekst i alderspensjon frå folketrygda. Det tekniske utrekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) viser i rapporten sin for 2023 (NOU 2023: 12) at utviklinga i gjennomsnittleg alderspensjon sidan 2011 har vore svak for aldersgruppa 62–66 år. Eit fleirtal i denne aldersgruppa har likevel hatt yrkesinntekt ved sida av alderspensjonen slik at utviklinga i samla inntekt har vore god. Dei som tek ut alderspensjon før fylte 67 år, får likevel lågare årleg alderspensjon resten av livet enn om dei hadde venta med uttak til 67 år. Innfasing av dei som har høve til uttak frå fylte 62 år, gjev difor utslag i særleg låg årleg vekst i gjennomsnittleg alderspensjon for aldersgruppene 67–69 år og 70–74 år dei seinaste åra. SSB-rapporten «Kombinasjon av tidligpensjon og arbeid» (SSB, 2020) har følgt 1949-kullet og sett på utviklinga deira i inntekt og formue i perioden 2012 til 2018. I 2012 kombinerte nesten ein av fem 63-åringar yrkesaktivitet med alderspensjon, og fleirtalet var menn. Rapporten viser at personar som kombinerte yrkesaktivitet og alderspensjon i 2012, i utgangspunktet hadde eit mykje høgare inntektsnivå enn andre, også samanlikna med yrkesaktive utan alderspensjon i 2012. Denne skilnaden heldt seg fram til 67 års alder før han stort sett vart utlikna då dei aller fleste gjekk ut av arbeidslivet og fekk alderspensjon som viktigaste inntektskjelde. Yrkesinntektene i dei to gruppene av yrkesaktive var relativt like i perioden, så skilnaden mellom dei kom i all hovudsak frå uttaket av alderspensjon. Valet mellom å ta ut tidleg alderspensjon ved sida av yrkesaktivitet eller ikkje i 2012 ser ikkje ut til å ha skapt skilnader i formuessituasjonen, sjølv om dei som har kombinert arbeid og pensjon, har hatt eit høgare inntektsnivå i den aktuelle perioden.

SSB-rapporten «Høy inntektsvekst for eldre» (SSB, 2019) viser også at den eldre befolkninga har hatt god inntektsvekst. I tillegg til å samanlikne inntekta blant den eldre befolkninga på tvers av årskull ser rapporten også på korleis inntektssamansetjinga og samla inntekt endrar seg med alder for det same årskullet (1947-kullet). Rapporten viser at median av samla inntekt etter skatt held seg meir eller mindre rundt 300 000 over heile aldersløpet frå 60 til 70 år.

Inntektsutviklinga fordelt på grupper med ulikt inntektsnivå er vist i figur 4.6. Figuren viser auken i kjøpekraft for den eldre befolkninga fordelt på ulike desil. Ei desilfordeling for samla inntekt betyr at populasjonen er delt i 10 intervall på ein slik måte at kvart intervall inneheld like mange personar. Desil 1 referer til dei 10 prosentane som har lågast inntekt, desil 2 til dei 10 prosentane som har nest lågast inntekt, osv.

Figur 4.6 Realvekst i median av samla inntekt før og etter skatt frå 2011 til 2021 for personar som er 62 år eller eldre, fordelt på desil. Prosent

Figur 4.6 Realvekst i median av samla inntekt før og etter skatt frå 2011 til 2021 for personar som er 62 år eller eldre, fordelt på desil. Prosent

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Realveksten i inntekt etter skatt har vore høg for alle desil. Auken i kjøpekraft har vore sterkast blant dei 10 prosentane som har høgast samla inntekt. Realinntektsveksten har også vore høg blant dei som har lågast samla inntekt. Dei tre lågaste desila, dvs. dei 30 prosentane som har lågast samla inntekt, har hatt ein realvekst i median av samla inntekt etter skatt på om lag 12–14 prosent i perioden 2011–2021, medan desil 4–8 har hatt en realvekst på om lag 8–10 prosent.

At realveksten i samla inntekt har vore sterkast blant dei som har høgast samla inntekt, kan fange opp at ein del høgtlønte kombinerer full jobb og full pensjon, noko som ikkje var mogleg i perioden før pensjonsreforma. At realveksten også har vore god for dei som har lågast samla inntekt, reflekterer truleg auken i minstepensjonen i perioden.