Meld. St. 23 (2014-2015)

Årsmelding 2014 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

3 Utviklinga i 2014 for pensjonar opptjente som stortings- representantar

Totalt 386 personar fekk ved utgangen av 2014 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

3.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2014 var det 245 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på 23 personar og ein tilgang på 35 personar. Per 31. desember 2014 var talet på alderspensjonistar 257 personar. I føregåande stortingsmelding blei det rapportert at talet på alderspensjonistar per 31. desember 2013 utgjorde 242 personar. Avviket skuldast at enkelte pensjonar er innvilga med verknad tilbake i tid. Tala i årsmeldinga for 2014 kan derfor ikkje direkte jamnførast med tilsvarande tal i årsmeldinga for 2013.

Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for alderspensjon var 14 560 kroner. Kvinner tok imot 16 020 kroner, mens menn tok imot 13 830 kroner.

I 2014 tok 35 personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Av desse var sju kvinner og 28 menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 66,8 år for kvinner og 66,2 år for menn. Samla sett var den gjennomsnittlege uttaksalderen 66,3 år.

Gjennomsnittleg uttaksalder for stortingsrepresentantar varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt. Det var stortingsval i 2013, noko som truleg er årsaka til at såpass mange tok ut alderspensjon i 2013 og 2014.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 73,9 år for kvinner og 75,2 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 74,7 år.

3.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2014 var det sju uførepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på fire personar. Ein person har fått innvilga uførepensjon med tilbakevirkande kraft. Per 31. desember 2014 var talet på uførepensjonistar fire personar.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2014.

Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for uførepensjon var 18 720 kroner, og gjennomsnittsalderen for uførepensjonistane var 62,3 år.

3.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2014 var det 121 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året var det fem avgangar og fem tilgangar. I tillegg har ein person i løpet av året fått innvilga ektefellepensjon med verknad tilbake i tid. Per 31. desember 2014 var talet på ektefellepensjonistar 122 personar.

Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for ektefellepensjon var 9 620 kroner. Kvinner tok imot 8 560 kroner, mens menn tok imot 10 690 kroner.

I 2014 blei fem personar innvilga ektefellepensjon. Alle var kvinner, og gjennomsnittsalderen deira var 77,6 år. Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 81,7 år for kvinner og 81,3 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 81,7 år.

Ved inngangen til 2014 tok tre personar imot barnepensjon. Det har ikkje vore nokon tilgang eller avgang av personar med barnepensjon i 2014. Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for barnepensjon utgjorde 10 450 kroner.

3.4 Rekneskap for 2014

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 67 445 351 kroner til pensjonar og 1 588 755 kroner til administrasjonskostnader.