Meld. St. 23 (2014-2015)

Årsmelding 2014 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

5 Sentrale hendingar i 2014

  • Ved lov 7. mars 2014 nr. 5 blei reglane om uførepensjon for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer endra med verknad frå 1. januar 2015 og tilpassa nye reglar som samstundes blei vedtekne for Statens pensjonskasse. Endringane inneber mellom anna at også uførepensjonen er lagt om til ei nettoyting. Pensjonen blir gitt som eit tillegg til uføretrygda frå folketrygda og skal ikkje samordnast med andre pensjonar og trygder. Det er òg gitt nye reglar om avkorting av uførepensjon mot arbeidsinntekt. Det blei vedteke at dei som hadde uførepensjonar under utbetaling skulle overførast til nytt regelverk frå 1. januar 2015. I samband med omlegginga av uførepensjonen blei det i 2014 sendt ut eit generelt informasjonsbrev til mottakarar av uførepensjon. Desse fekk òg brev med ei nærmare orientering om den nye ytinga før nye reglar tok til å gjelde.

  • Det er utført inntektskontroll på alle som tek imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir moglegheit til å ta ut pensjon før 65 år for stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar. Breva om dette blei sende ut i byrjinga av 2014 og gjaldt kontroll for inntektsåret 2012. Alle som blei kontrollert var innanfor gjeldande inntektsgrense.

  • I 2014 blei det sendt informasjonsbrev til alle som blei melde inn og ut av pensjonsordninga etter valet i 2013.

  • Alle som er fødde før 1949, og som kan ha opparbeidd seg ein oppsett rett til pensjon frå pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer, fekk brev med informasjon om mogleg pensjonsrett.

  • Det blei og laga eit nytt søknadsskjema for dei som skal søkje om pensjon frå pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer.