Meld. St. 23 (2014-2015)

Årsmelding 2014 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Til innhaldsliste

4 Utviklinga i 2014 for pensjonar opptjente som regjeringsmedlemer

Ved utgangen av 2014 fekk totalt 101 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

4.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2014 var det 67 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på fire personar og ein tilgang på sju personar. Per 31. desember 2014 var talet på alderspensjonistar 70 personar. I føregåande stortingsmelding blei det rapportert at talet på alderspensjonistar per 31. desember 2013 utgjorde 65 personar. Avviket skuldast forseinka registrering av to medlemer som skulle vore med i talet for 2013. Tala i årsmeldinga for 2014 kan derfor ikkje direkte jamnførast med tilsvarande tal i årsmeldinga for 2013.

Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for alderspensjon var 10 280 kroner. Kvinner tok imot 11 490 kroner, mens menn tok imot 9 720 kroner.

I 2014 tok sju personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Av desse var fire kvinner og tre menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 66 år for kvinner og 67,3 år for menn. Samla sett var den gjennomsnittlege uttaksalderen 66,6 år.

Gjennomsnittleg uttaksalder for statsrådane varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt. Det var stortingsval i 2013, noko som truleg er årsaka til at såpass mange tok ut alderspensjon i løpet av 2013 og 2014.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 72,8 år for kvinner og 78 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 76,3 år.

4.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2014 var det to uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore nokon tilgang eller avgang av uførepensjonistar i 2014.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2014.

Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for uførepensjon var 25 650 kroner, og gjennomsnittsalderen på uførepensjonistar var 53,9 år.

4.3 Etterlatnepensjon

Ved inngangen til 2014 var det 21 ektefellepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore nokon avgang, men ein tilgang på tre ektefellepensjonistar i løpet av 2014. Per 31. desember 2014 var talet på ektefellepensjonistar 24 personar. I føregåande stortingsmelding blei det rapportert at talet på ektefellepensjonistar per 31. desember 2013 utgjorde 19 personar. Avviket kjem av at at enkelte pensjonar er innvilga med verknad tilbake i tid. Tala i årsmeldinga for 2014 kan derfor ikkje direkte jamnførast med tilsvarande tal i årsmeldinga for 2013.

Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for ektefellepensjonar var 8 660 kroner. Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 80,7 år for kvinner og 62 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 79,8 år.

Ved inngangen til 2014 tok tre personar imot barnepensjon. Det har ikkje vore nokon tilgang eller avgang av personar med barnepensjon i 2014. Gjennomsnittleg månadleg utbetaling for barnepensjon var 5 015 kroner.

4.4 Rekneskap for 2014

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir løyvd under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 13 040 739 kroner til pensjonar og 315 790 kroner til administrasjonskostnader.