Meld. St. 24 (2022–2023)

Fellesskap og meistring— Bu trygt heime

Til innhaldsliste

4 Bustadtilpassing og -planlegging

Figur 4.1 

Figur 4.1

Regjeringa vil føre ein aktiv bustadpolitikk som skal bidra til å jamne ut sosiale og geografiske forskjellar i bustadmarknaden. Å auke tilgjengelegheita i og rundt bustader og auke andelen eigna bustader er viktig for å nå målet om at fleire eldre skal kunne bu trygt heime.

Stadig fleire eldre har god helse og meir ressursar, og fleirtalet av dei som nyleg har blitt pensjonistar, har mange gode år framfor seg. For å legge til rette for ein god alderdom er planlegging nøkkelen, som å vurdere om dagens bustad vil vere like eigna i åra som kjem. Det vil ikkje vere éi løysing for alle. For nokre vil det å gjere utbetringar i eigen bustad vere førstevalet. Andre vil flytte til ein mindre og meir lettstelt bustad i sentrumsnære strøk eller søke seg mot sosiale buformer eller liknande. Men ikkje alle har dei same valmoglegheitene. Det kan vere utfordringar knytte til helse, økonomi eller mangel på eigna bustader. Regjeringa ønsker å legge til rette for gode val og løysingar for alle.

Å planlegge for eigen alderdom har mange dimensjonar og må starte tidleg, medan ein har høve til å gjere tiltak. Samtidig skal ein vere trygg på å få gode helse- og omsorgstenester dersom det oppstår behov for det.

Gjennom aldersvennleg stadsutvikling og -planlegging skaper ein gode og levande lokalsamfunn for alle. Ved å auke andelen eigna bustader og auke tilbodet av sosiale buformer i lokalsamfunnet vil vi kunne gjere eldre meir sjølvhjelpte og mindre isolerte og einsame og auke livskvaliteten deira. Det vil også bidra til betre arbeidsforhold for heimebaserte tenester. Det handlar om å tenke nytt om buformer, bustadløysingar og utforminga av omgivnader og lokalmiljø, og om korleis ein kan sikre at dei bustadene som allereie er bygde, kan fungere godt.

4.1 Eldrebustadprogrammet

Regjeringa vil i tråd med Hurdalsplattforma etablere eit Eldrebustadprogram. Kvar du bur, og forhold ved bustaden er avgjerande for å nå målet om at fleire eldre skal bu trygt heime lenger. Bustad er i utgangspunktet ansvaret til den enkelte, men kvar du bur, og om bustaden er eigna for framtidige behov, påverkar dei offentlege tenestene. Det er derfor behov for ein heilskapleg bustadpolitikk som peiker på ansvaret til den enkelte, til bygge- og finansnæringa og til kommune og stat.

Mål for Eldrebustadprogrammet

Det overordna målet med Eldrebustadprogrammet er å bidra til at alle skal ha tilgang til ein eigna bustad i eit aldersvennleg bumiljø. Programmet skal stimulere til at fleire eldre tar ansvar for og blir meir bevisste sin eigen bustadsituasjon, samtidig som at personar som ikkje har midlar til å tilpasse eksisterande bustad eller flytte til ein meir eigna bustad, skal varetakast.

Gjennom Eldrebustadprogrammet ønsker regjeringa å stimulere til fleire eigna bustader for eldre over heile landet og få fleire eldre til å bu i og ha råd til ein eigna bustad, anten ved å tilpasse noverande bustad eller flytte til ein eigna bustad. Eldrebustadprogrammet skal fremme tiltak som gjer det mogleg å bu lengst mogleg heime, og som bidrar til eigenmeistring og deltaking i lokalsamfunnet. Programmet vil innehalde tiltak som støttar opp under god planlegging og utvikling, gjennom rettleiing og samordning av verkemiddel.

Eldrebustadprogrammet er ei samling tiltak som skal støtte opp under målsettingane ovanfor. Programperioden skal gå frå 2024 til og med 2028. Programmet skal vere fleksibelt, og det skal vere høve til å lansere nye tiltak undervegs i verketida. Arbeidet blir koordinert av Helse- og omsorgsdepartementet, og innhaldet i programmet er utforma i tett samarbeid med Kommunal- og distriktsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Tiltaka i programmet er sorterte etter følgande overordna tema:

  • rettleiing og planlegging

  • planlegging av eigen busituasjon

  • fleire sosiale buformer

4.2 Rettleiing og planlegging

Regjeringa er opptatt av å sette kommunane i stand til å utløyse potensialet som ligg i god planlegging, gjennom gode verktøy og samordning av statlege initiativ. Kommunane har eit overordna ansvar for å sikre gode levekår og eit likeverdig tenestetilbod for innbyggarane sine, og skal vere pådrivarar for nærings- og stadsutvikling. Å jobbe heilskapleg er ein del av ei berekraftig samfunnsutvikling og må ligge til grunn for all god samfunns- og arealplanlegging. God og heilskapleg planlegging er ein nøkkel for å nå målet om eit meir aldersvennleg samfunn.

Heilskapleg bustadplanlegging varetar både den sosiale bustadpolitikken og dei kvalitetsmessige omsyna i areal- og samfunnsutviklinga. Bustadplanlegging kan vere eit verkemiddel for å trekke til seg fleire innbyggarar, men kan også bidra til betre livskvalitet for ulike befolkningsgrupper, meir attraktive lokalsamfunn og dessutan eit effektivt kommunalt tenestetilbod.1

Planlegging er eit effektivt og godt styringsverktøy for berekraftig samfunnsutvikling og arealbruk. Regjeringa legg kvart fjerde år fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Frå 2019 er dei 17 FN-måla for sosial, miljømessig og økonomisk berekraft inkluderte i forventningane og dannar dermed ein del av grunnlaget for samfunns- og arealplanlegginga i kommunane. Dei nasjonale forventningane skal bli følgt opp i arbeidet med planstrategiar og planar i fylkeskommunane og kommunane, og blir lagde til grunn for medverknaden til statlege styresmakter i planlegginga. Dei nye nasjonale forventningane gjeld for perioden 2023–2027.

Som del av Eldrebustadprogrammet vil regjeringa,

  • styrke rettleiarrolla til Husbanken overfor kommunane

  • styrke planleggingskompetansen i kommunane

  • greie ut tiltak for styrkt bustadrådgiving i kommunane

  • innhente kunnskap om buformer som er eigna for personar med demens

  • evaluere plankravet for investeringstilskotet for heildøgns omsorgsplassar

4.2.1 Styrke rettleiarrolla til Husbanken overfor kommunane

Husbanken har ei sentral rolle som finansieringskjelde, rådgivar og samarbeidspartnar for kommunane. Husbanken legg også til rette for kunnskapsutvikling og kompetanseoverføring til kommunar, frivillig sektor, byggsektoren og andre.

Regjeringa vil styrke den rettleiarrolla Husbanken har overfor kommunane, knytt til bustader til eldre. Husbanken skal støtte kommunane med data og analysar, stille saman og spreie gode døme og gi kommunane råd om kartlegging og planlegging av bustader til eldre.

4.2.2 Styrke planleggingskompetansen i kommunane

Kommunane er heilt sentrale aktørar i bustadpolitikken, både som tomteeigarar og som ansvarlege for areal- og samfunnsplanlegging. Gjennom dette ansvaret kan dei legge til rette for infrastruktur og stimulere til bustadbygging og varierte bustadområde. Men som det kjem fram i kapittel 2, er det mange kommunar som manglar kapasitet og kompetanse til å ta ei slik rolle. Regjeringa vil styrke planleggingskompetansen i kommunane. Gjennom regjeringa sin handlingsplan Bærekraft og like muligheter – et universelt utformet Norge (2021–2025) er det sett i gang fleire tiltak for å auke plankompetansen i kommunane.2

Bu- og nærmiljø som er universelt forma ut, er avgjerande for at eldre kan bli buande heime. Det er sett i gang fleire kompetansetiltak om universell utforming i planlegging i kommunane. Gjennom handlingsplanen for universell utforming blir det gitt støtte til fylkeskommunane for å auke kompetansen om universell utforming i planlegging i kommunane. Det er også utarbeidd eit kurs- og kompetanseprogram for universell utforming i planlegging for alle som er involverte i planlegging lokalt, og dessutan sett av midlar til Kartverket til kartlegging av tilgjengelegheita i kommunesenter og friområde.

Distriktssenteret leiar prosjektet Distriktskommune 3.0 for kommunar med færre enn 2500 innbyggarar. Formålet er å finne måtar der distriktskommunar kan jobbe godt med planlegging og utvikling med få ressursar, og finne løysingar for korleis planlegging kan bli gjort enkelt og samtidig ha ønskt effekt.

God planlegging er sentralt for å utvikle trygge og gode lokalsamfunn og må bli sett i samanheng med innsatsen i kapittel 3.3.1, og dessutan kapittel 5.2.1 om kompetanseplanlegging.

Boks 4.1 Partnarskapsavtale mellom Huseierne og Senteret for et aldersvennlig Norge

Huseierne og Senteret for et aldersvennlig Norge har i 2023 inngått ein partnarskapsavtale om bustad og alderdom. Saman skal dei jobbe strategisk med utfordringar knytte til kvar og korleis eldre skal bu, og korleis bustadmarknaden kan bli tilpassa behovet til eldre. Formålet med avtalen er å sette bustadsituasjonen for eldre på dagsordenen blant medlemmene til Huseierne. Huseierne er ein landsomfattande forbrukarorganisasjon. Organisasjonen har rundt 270 000 medlemmer som bur i eigen bustad, eller eig bustad gjennom burettslag eller sameige. Partnarskapsavtalen skal styrke pådrivarrolla til Huseierne for å få fleire bustadeigarar til å planlegge busituasjonen sin i alderdommen, gjennom å tilpasse eigen bustad og gjere han meir aldersvennleg eller flytte til ein meir eigna bustad.

Kjelde: Senteret for et aldersvennlig Norge

4.2.3 Bustadrådgiving retta mot enkeltpersonar

Ei rekke kommunar tilbyr i dag ei eller anna form for oppsøkande verksemd retta mot eldre, som førebyggande heimebesøk eller bustadrådgiving.3 Formålet er å hjelpe innbyggarane med ulike bustadrelaterte spørsmål gjennom dialog og rettleiing. Det kan vere både bustadsosial rådgiving retta mot vanskelegstilte på bustadmarknaden og rådgiving av meir teknisk og fysisk karakter, som tilpassingar av bustadene for personar med funksjonsnedsettingar eller eldre. Eit døme kan vere rådgiving for å førebygge fall heime blant eldre eller branntryggleik.

Kommunane har stor fridom til å velje om, og korleis, dei vil utføre bustadrådgiving. Kommunar kan nytte bustadrådgiving som eit førebyggande tiltak og gjerne i kombinasjon med det kommunale tilskotet til bustadtilpassing, jf. kapittel 4.3.6. Tilskotet kan bli tildelt personar med akutte behov for å legge til rette bustaden eller bli brukt som eit førebyggande tiltak retta mot eldre som treng å tilpasse bustaden for å kunne halde fram med å bu heime.

Å ta val om bustadsituasjonen kan vere komplisert, både økonomisk og praktisk. Bustadrådgiving vil bidra til at kvar enkelt innbyggar blir klar over moglegheitene sine og kan ta gode val med tanke på bustad. For å støtte opp under arbeidet i kommunane med bustadrådgiving retta mot enkeltpersonar vil regjeringa i løpet av planperioden greie ut ei nasjonal digital rettleiingsordning for bustadrådgiving. Tiltaket blir sett i samanheng med forslaget om førebyggande heimebesøk, jf. kapittel 6.2.3.

Boks 4.2 Lindås-modellen

Alver kommune (tidlegare Lindås kommune) har etablert ei tverretatleg bustadrådgivingsteneste som samarbeider tett når det er avdekt behov for å tilpasse ein bustad. Rådgivingsgruppa er samansett av ein bustadkonsulent, ein fysioterapeut/ergoterapeut og ein person med byggteknisk bakgrunn. Teamet reiser på heimebesøk og går gjennom heile bustaden for å få oversikt.

Bustadkonsulenten har vidare kontakt med brukaren og vurderer verkemiddel, finansiering og den økonomiske evna til brukaren. Ergoterapeuten og/eller fysioterapeuten har ansvar for funksjonsvurdering, praktiske løysingar og kontakt med pleie- og omsorgssektoren og hjelpemiddelsentralen. Byggeleiaren har ansvar for byggteknisk kostnadsberekning og vurdering av praktiske løysingar. Forankring i leiinga, tverretatleg og tverrfagleg samarbeid og ein kontaktperson er blant suksesskriteria som blir trekte fram.

Kjelde: Husbanken

4.2.4 Auka kunnskap om buformer som er eigna for personar med demens

Regjeringa vil som ein del av Eldrebustadprogrammet innhente kunnskap og erfaringar med ulike buformer for personar med demens. Målet med tiltaket er å få kjennskap til og spreie fleire bukonsept som eignar seg for personar med demens.

Det er anslått at over 100 000 menneske har demens i Noreg i dag, og talet er forventa å stige til nær det dobbelte innan 2040.4 Fleirtalet av personar med demens bur heime, og mange klarer seg godt, men dei fleste vil utvikle eit behov for hjelp og støtte i heimen.

Innan sjukeheimar og heildøgns omsorg har vi god kunnskap om og dokumentasjon av kva som kjenneteiknar eit godt butilbod for personar med demens. Vi har ikkje tilsvarande kunnskap om andre typar buformer, til dømes om sosiale buformer og teknologi kan bidra til auka livskvalitet, deltaking og meistring for heimebuande personar med demens og pårørande. Det er behov for å sjå nærare på korleis ulike bustadløysingar i større grad kan bli spreidd og tatt i bruk.

4.2.5 Evaluere plankravet for investeringstilskotet til heildøgns omsorgsplassar

Frå og med 2021 blei det innført eit plankrav for investeringstilskotet til heildøgns omsorgsplassar. Formålet med plankravet er å stimulere til betre og meir heilskaplege behovsvurderingar frå kommunane knytte til dei mest kostnadskrevjande tilboda, og dermed kunne få auka merksemd om tilbod på eit lågare trinn i det som ofte blir omtalt som bustad- og omsorgstrappa (jf. kapittel 1.3), og auka innsats på førebygging, aldersvennleg samfunn og så vidare.

Formålet med plankravet er å sørge for ei faktabasert langsiktig planlegging i kommunane for å møte den kraftige veksten i talet på eldre i åra som kjem, og at kommunane ikkje berre planlegg for heildøgns omsorgsplassar, men vurderer det i ein heilskapleg kontekst. Det er behov for å hauste erfaringar med plankravet, og regjeringa tar sikte på å evaluere tiltaket i løpet av programperioden.

4.2.6 Brannførebygging

Aukande alder er ein risiko for å omkomme i brann, jf. kapittel 2. I mange kommunar samarbeider helse- og omsorgstenestene med brann- og redningsvesenet om branntryggleik, mellom anna overfor mottakarar av heimebaserte tenester. Enkelte kommunar har til dømes inkludert spørsmål om branntryggleik i sjekklistene sine ved heimebesøk eller ved utmåling av tenester. Fleire kommunar har laga samarbeidsrutinar som er forankra i samarbeidsavtalar mellom helse- og omsorgstenesta og brann- og redningsvesenet.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har i mange år gjennomført kampanjar som har hatt branntryggleik for eldre som tema, mellom anna Kjøkkenpraten og Komfyrvaktkampanjen. DSB har saman med Helsedirektoratet laga ein rettleiar til kommunane, som viser ansvaret og oppgåvene til kommunane, og som inneheld døme på korleis kommunane kan systematisere og organisere branntryggingsarbeidet.5 På dette området har kommunane plikter og oppgåver etter både helse- og brannregelverk med fleire. Direktorata har også laga e-læringskurs og opplæringsfilmar til brann- og helsepersonell, og dei har innført branntryggleik som eit tema i rettleiinga til førebyggande heimebesøk i kommunane.

Mange kommunar gjer ein stor innsats for å vareta branntryggleiken hos dei som er ekstra sårbare for brann, og det er ein auke i talet på kommunar der det er etablert samarbeid mellom helse- og omsorgstenesta og brann- og redningsvesenet. Også frivillige organisasjonar bidrar. Norske Kvinners Sanitetsforening samarbeider til dømes med kommunar om å arrangere tryggleikstreff med fokus på branntryggleik, mellom anna for eldre menneske som ikkje, eller i lita grad, får tenester frå kommunen. Trass i stor innsats mange stader er det framleis mange kommunar som treng å få på plass betre system og meir samarbeid.

Det er derfor behov for å gjere rettleiaren og opplæringsmateriellet betre kjende i kommunane. Sentrale tenester i dette arbeidet er helse- og omsorgstenesta og brann- og redningsvesenet, men også andre tenester er viktige, som til dømes bustadforvaltninga og bustadtildelingstenesta.

Tryggleik i heimen, under dette branntryggleik, er eit viktig tema som vil ha ein sentral plass i Eldrebustadprogrammet. Heilskapleg og tverrfagleg tenking er vesentleg for at eldre skal kunne bu trygt heime. Dei same gruppene som er sårbare for brann, kan til dømes også ha auka risiko for fall. Det kan mellom anna vere tiltak som å fjerne hindringar som kan skape problem under evakuering, eller bruk av verkemiddel for å teste røykvarslaren utan å stå på stol (testhorn). Betre samhandling mellom ulike relevante tenester er sentralt for å kunne gi pasientar og brukarar den hjelpa dei har behov for.

Vidare blir arbeidet sett i samanheng med forslaget om førebyggande heimebesøk, jf. kapittel 6.2.3.

Regjeringa starta hausten 2022 ein heilskapleg gjennomgang av brann- og redningsområdet for å sikre at Noreg har eit brann- og redningsvesen som er i stand til å handtere utfordringane i framtida. Brannførebygging er eit sentralt tema. Gjennomgangen skal munne ut i ei melding til Stortinget som etter planen skal bli lagd fram innan utgangen av 2023.

4.3 Planlegging av eigen busituasjon

Bustad er først og fremst eit privat ansvar. Utgangspunktet er derfor at den enkelte må ta ansvar for å tilpasse bustaden sin eller flytte til ein meir eigna bustad, og at dette må finansierast gjennom eigne, private midlar. Det er likevel inga plikt til å gjere tiltak for å betre eigen busituasjon. Det er ein aukande trend at fleire gjennomfører aldersvennlege grep ved å tilpasse eigen bustad eller flytte, men ikkje alle har den same moglegheita.

For enkelte vil manglande inntekt eller bustadkapital vere ei avgrensing. Mangel på eigna bustader i den ordinære marknaden kan også vere ei utfordring, særleg i distrikta.

Kommunen har ei plikt til å tilby helse- og omsorgstenester når behovet oppstår. Det er derfor behov for tiltak som stimulerer den enkelte til å gjennomføre strategiske val, som til dømes tilpassing av eigen bustad eller flytting. På denne måten kan ein bidra til at den enkelte blir meir sjølvhjelpt, og dermed førebygge eller utsette behov for helse- og omsorgstenester. Nybygging aleine vil ikkje vere tilstrekkeleg for å skaffe nok aldersvennlege bustader. Dei fleste bustader og institusjonar vi skal bu i, er allereie bygde. NOU 2011: 11 Innovasjon i omsorg peiker på at det er store gevinstar ved å rette blikket mot eksisterande bustader og omgivnader, og framhevar dette som det store ombyggingsprosjektet.

Som det går fram av kapittel 2, blir for mange eldre buande i lite eigna bustader i alderdommen. Regjeringa vil gjennom Eldrebustadprogrammet bidra til ombygging til fleire aldersvennlege bustader.

Som del av Eldrebustadprogrammet vil regjeringa,

  • gjennomføre ein informasjonskampanje om bustadplanlegging

  • gjere det enklare for eldre å tilpasse eigen bustad

  • vurdere å opprette ein nasjonal digital «visningsheim» for å synleggjere moglegheiter innan bustadtilpassing, hjelpemiddel, velferdsteknologi med meir

  • gjere startlån betre kjend for eldre med låg inntekt

  • vurdere kriteria for husbanklån til bustadkvalitet, blant anna med mål om å bidra til fleire eigna bustader til eldre

4.3.1 Informasjonskampanje

Det er mange og ulike årsaker til at eldre blir buande i lite eigna bustader i alderdommen, og til at få flyttar eller tilpassar bustaden. Ei årsak kan vere lite kjennskap til moglegheiter, som finansieringsordningar (både private og offentlege), til kva som kjenneteiknar ein eigna bustad og så vidare. Det finst mykje informasjon om bustadtilpassing og økonomiske verkemiddel i ulike kanalar, og det kan vere mange inngangar til rettleiing, søknadsprosessar og så vidare hos kommunen eller andre instansar. Regjeringa vil derfor gjennomføre ein informasjonskampanje om bustadplanlegging.

I sum finst det store mengder informasjon, men det er ei utfordring at han er fragmentert og lite tilpassa, og dermed ukjend for mange. Mykje av informasjonen ligg tilgjengeleg digitalt, men er noko ein sjølv må oppsøke aktivt. Den samla innsatsen kan få større og meir varig effekt dersom informasjonen blir samordna, tilpassa og gjord tilgjengeleg. Det vil i løpet av Eldrebustadprogrammet bli vurdert om informasjon og rettleiingsmateriell retta mot enkeltindivid om bustadtilpassing bør bli samordna.

For å bidra til å gjere samordna informasjon tilgjengeleg vil det i løpet av programperioden bli gjennomført ein informasjonskampanje, slik at vi treffer fleire enn dei som aktivt oppsøker denne typen informasjon. Målet med informasjonskampanjen er å styrke kunnskapen til heimebuande privatpersonar og pårørande om

  • kvifor ein eigna bustad er viktig, og kva som kjenneteiknar ein eigna bustad for alderdommen

  • kva kvalitetar dei skal spørje etter i marknaden

  • korleis ein sjølv kan vurdere funksjonaliteten til sin eigen bustad i lys av framtidige behov

  • kvar ein kan få relevant informasjon, og kven ein kan få rettleiing av

  • kva økonomiske verkemiddel som kan vere aktuelle

Boks 4.3 Planleggelitt.no

«Eit godt liv heile livet handlar ofte om å halde fram med mykje av det du trivst med. Du må berre planlegge litt.» Det er bodskapet i kampanjen planleggelitt.no som Senteret for et aldersvennlig Norge har hatt gåande sidan 2020. Kampanjen rettar seg mot kvar enkelt innbyggar i aldersgruppa 55+ og skal inspirere til å gjere nokre grep tidleg. Her finst artiklar, filmar og råd om kva det er lurt å tenke på for ein best mogleg alderdom. Kampanjen har blitt tatt godt imot og blir brukt av mange kommunar for å inspirere innbyggarane til å planlegge for sin eigen alderdom.

Kjelde: www.planleggelitt.no

4.3.2 Gjere det enklare for eldre å tilpasse eigen bustad

Regjeringa vil gjere det enklare å endre bygg, og sikre meir berekraftig og effektiv gjenbruk av bygg. Frå 1. januar 2023 blei det derfor gjort ei rekke endringar i kapittel 31 i plan- og bygningslova, om eksisterande byggverk. Endringane inneber nye og klarare reglar om kva slags arbeid på byggverk som er omfatta av plan- og bygningslova, og kva krav i lovgivinga som gjeld. Det er også utarbeidd ein digital rettleiar for arbeid på eksisterande bygg, som skal hjelpe brukarane å vurdere om eit arbeid krev søknad, og om krava i byggteknisk forskrift (TEK 17) gjeld. Lovendringane skal også bidra til meir føreseieleg, likare og raskare byggesaksbehandling av tiltak på eksisterande byggverk.

Mange ønsker å gjere enkle grep slik at dei kan bli buande i eigen bustad, men strever med å vite kva dei bør gjere. Det finst ei rekke enkle hjelpemiddel og velferdsteknologi tilgjengeleg som kan bidra til å gjere befolkninga meir sjølvhjelpt. Fleire kommunar har etablert visningsheimar eller liknande, der ein får høve til å teste ut hjelpemiddel, og rettleiing i korleis dei blir brukte. Det kan vere til stor hjelp for å finne fram til rett hjelpemiddel. Regjeringa vil vurdere ein nasjonal digital «visningsheim» for å vise fram smarte løysingar innan bustadtilpassing, hjelpemiddel, velferdsteknologi med meir.

Boks 4.4 KvinaVita

KvinaVita er Kvinesdal kommune si satsing på e-helse og velferdsteknologi og er ein arena som legg til rette og tilpassar teknologi slik at det gir menneske eit meir sjølvstendig liv. Her kan ein teste ut ulike tryggleiks-, varslings- og velferdsteknologiløysingar og få rettleiing og hjelp.

KvinaVita jobbar med innovasjon i helse- og omsorgstenesta og samarbeider med andre kommunar, skular og private bedrifter for nye løysingar innanfor teknologi og helse.

Kjelde: Kvinesdal kommune, www.kvinavita.com

4.3.3 Gjere startlånordninga betre kjend

Regjeringa vil halde fram med å legge til rette for at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem skal kunne kjøpe og behalde ein bustad. Eldre som kan betene eit lån, men ikkje får lån i private bankar, er i målgruppa for startlån. I 2022 blei berre 3 prosent av startlåna gitt til personar over 67 år.

Startlån kan bli brukt til å kjøpe bustad, til å refinansiere dyre lån for å behalde bustaden, eller til å utbetre og tilpasse bustaden. Ordninga er i dag lite brukt til å oppgradere bustader slik at personar kan bli buande heime lenger, i hovudsak fordi mange kommunar ikkje kjenner til denne moglegheita.

Husbanken låner ut midlar til kommunane, som tildeler startlån vidare til søkarar. Søknader om startlån blir behandla av kvar enkelt kommune. Ordninga er frivillig for kommunane, men nesten alle kommunar tilbyr startlån. Husbanken gir råd og rettleiing til kommunane og skal bidra til å gjere moglegheita for å bruke startlån til eldre og til å oppgradere bustader slik at personar kan bli buande heime lenger, betre kjend i kommunane.

4.3.4 Buutgifter og bustøtte

Bustøtte skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein eigna bustad. Det er ei behovsprøvd ordning som omfattar alle personar over 18 år, med unntak av dei fleste studentar og dessutan militære tenestepliktige. Talet på eldre bustøttemottakarar har lege stabilt sidan 2017 og utgjer rundt 10 prosent av alle bustøttemottakarar.

I mai 2022 fekk regjeringa rapporten «Bostøtten – opprydning og forankring» frå ei ekspertgruppe.6 Ho blei nedsett for å evaluere dagens bustøtteordning og foreslå innretning på den framtidige ordninga. Gruppa meiner det er behov for ei opprydding og betre forankring i underliggande prinsipp. I den varsla meldinga til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk vil regjeringa gjere greie for oppfølginga av rapporten, kva tiltak regjeringa har gjort, og kva tiltak som blir viktige framover.

4.3.5 Lån til bustadkvalitet frå Husbanken

Husbanklån til bustadkvalitet bidrar til å sikre fleire eigna bustader for ei aldrande befolkning. Enkeltpersonar, føretak, kommunar og fylkeskommunar kan søke om lån til oppgradering av eksisterande bustad og til oppføring av livsløpsbustader. Målet er å stimulere til oppgraderingsprosjekt som bidrar vesentleg til ein meir energieffektiv og tilgjengeleg bustadmasse. Målet er vidare å stimulere til at det blir bygd livsløpsbustader som legg til rette for at personar, uavhengig av funksjonsnivå, kan bli buande i eigen bustad gjennom heile livsløpet, leve aktive liv og vere mest mogleg sjølvhjelpte. Som ein del av arbeidet med meldinga til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk vil regjeringa vurdere låneordninga og greie ut om det er behov for endringar, slik at ordninga kan bidra til fleire eigna bustader for eldre og auka tilgjengelegheit i bustadmassen.

4.3.6 Tilskot frå kommunane

Ei rekke kommunar tildeler tilskot til bustadtilpassing. Husstandar, enkeltpersonar og eldre med nedsett funksjonsevne som har behov for å tilpasse bustaden sin for å kunne bli buande i bustaden over tid, kan søke tilskot. Det kan dreie seg om enkle tiltak, som å fjerne dørtersklar, større ombyggingar, som å endre romløysing, eller finansiering av profesjonell prosjekterings- og utgreiingsbistand. Tilskotet gjer at kommunane kan ta eit heilskapleg ansvar og sjå bustadpolitikken i samanheng med andre velferdsområde, slik at fleire kan vere i stand til å bu lengre i sin eigen heim.

4.3.7 Buhjelpemiddel og tilpassing av bustad

Nav Hjelpemiddel og tilrettelegging kan via folketrygda bidra med tilrettelegging av bustad for menneske med nedsett funksjonsevne, anten ved utlån av bustadhjelpemiddel eller ved tildeling av tilskot i staden for hjelpemiddel som heis og/eller rampe. Av bustadhjelpemiddel finst det blant anna ramper og trappeheisar, toalett med dusj- og tørkefunksjon, heve- og senkemekanismar til kjøkkeninnreiing og bad, døropnarar og annan omgivnadskontroll. Folketrygda kan også dekke montering og demontering av hjelpemiddel og enkel utbetring etter demontering av hjelpemiddel. Dette er tiltak som kan gjere det enklare for eldre med gradvis nedsett funksjonsevne å bu heime lenger. Hjelpemiddel som folketrygda låner ut, er eigedommen til folketrygda og blir lånte ut til den enkelte medlemmen individuelt. Det inneber at buhjelpemidla må bli levert tilbake til folketrygda når det ikkje lengre er behov for dei. Hjelpemiddel som er utlånte frå folketrygda, kan dermed i prinsippet ikkje bli nytta til å lage varige løysingar i omgivnadene.

Som eit alternativ til utlån av buhjelpemiddel kan Nav Hjelpemiddel og tilrettelegging tilby tilskot. Tilskot kan bli gitt i staden for heis og/eller rampe for å legge til rette for varige løysingar i bustaden. Tilskotet gir høve til å få alle rom på eitt plan eller til å endre inngangspartiet i bustaden slik at det blir meir tilgjengeleg. Dette gir betre og meir varige løysingar enn utlån av hjelpemiddel.

Føresetnaden for å få tilskot i staden for heis og/eller rampe er at heisen eller rampa ikkje blir installert, men at tilskotet blir nytta til å gjennomføre varige endringar som dekker det same behovet. Det blir gitt tilskot tilsvarande kostnadene ved utlån av heis og/eller rampe. Sidan tilskotet ikkje kan overstige denne kostnaden, vil tilskotet vere ei delfinansiering av kostnadene til omlegging av bustad til eitt plan, eller heving av bakkenivå. Det er derfor også ein føresetnad om at tilskotet frå folketrygda må inngå i ein større finansieringsplan med midlar frå Husbanken, kommunen eller privat bank. Riksrevisjonen gjennomførte i 2018 ein gjennomgang av hjelpemiddel til bustadtilpassing for personar med nedsett funksjonsevne og fann at det på landsbasis var få som fekk innvilga tilskot til varig tilpassing av bustaden.7

I 2021 og 2022 var det rundt 100 personar som fekk innvilga tilskot i staden for heis og rampe. For mange kan tilskot vere meir formålstenleg enn å installere rampe eller heis. Betre informasjon og samhandling mellom hjelpemiddelsentralen og Husbanken kan gjere det lettare for fleire å ta i bruk tilskot i staden for heis og rampe.

I løpet av planperioden for Bu trygt heime-reforma vil det bli vurdert om hjelpemiddel og andre tiltak retta mot bustadtilpassing i større grad bør bli samordna slik at ein oppnår betre samhandling og meir effektiv bruk.

I tillegg til bustadhjelpemiddel frå Nav har kommunane ansvar for å formidle hjelpemiddel og legge til rette miljøet rundt den enkelte brukaren. Skadeforebyggende forum peiker i tiltaket Seniorsikker på korleis kommunen og enkeltpersonar kan arbeide førebyggande, til dømes når det gjeld hjelpemiddel. Å kjøpe handtak, sklimatter, nattlys til bad og andre produkt er døme på enkle tiltak den enkelte kan gjere for å førebygge ulykker.

Boks 4.5 Modular med bad og soverom i Kongsvinger kommune

Kongsvinger kommune ønsker å teste ut modular med bad og soverom på same plan, som kan koplast på eksisterande bustader. Modulane opnar for at fleire kan klare seg heime lenger når ein får helseutfordringar. Kommunen skal sjå på moglegheiter for å få med fleire instansar på laget for å produsere ein prototype.

Kongsvinger er ein av tolv kommunar som deltok i prosjektet Aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta, som Husbanken og Distriktssenteret samarbeidde om i perioden 2020–2022.

Kjelde: Kongsvinger kommune

4.4 Fleire sosiale buformer

For å legge til rette for at fleire eldre kan bli buande heime lenger, må det skaffast fleire eigna bustader over heile landet. Regjeringa vil gjennom Eldrebustadprogrammet bidra til fleire aldersvennlege bustader. Dette må skje gjennom både bygging av nye bustader og tilpassing av eksisterande bustader. Det er behov for å utforske moglegheitene for nye og meir sosiale buformer, som kan bidra til auka tryggleik, sosiale nettverk og støtte i kvardagen for den enkelte. Med sosiale buformer meiner vi bustader som har rom for større grad av deling og nabofellesskap enn i vanlege bustader. Det å bu saman med andre kan vere ein god strategi for å hindre einsemd og inaktivitet og er i tråd med FN-måla om sosial berekraft. Det finst mange gode døme på nye buformer og bustadløysingar, og nokre av dei har vore i drift i mange år. Det er behov for å gjere erfaringane betre kjende og ta dei i bruk.

Som del av Eldrebustadprogrammet vil regjeringa,

  • sjå nærare på kva hindringar kommunar og private utbyggarar har i dag for utbygging av eigna bustader for eldre.

  • legge til rette for auka bygging av tryggleiksbustader og andre aldersvennlege bustader

  • vidareføre det distriktsretta arbeidet til Husbanken

  • auke kunnskapen om eigna bustader for eldre

  • ta initiativ til å etablere eit erfaringsnettverk for utvikling av aldersvenlege bustader

4.4.1 Tryggleiksbustader

Regjeringa vil i tråd med Hurdalsplattforma vurdere investeringstilskot til bygging av tryggleiksbustader i kommunane.

Ein tryggleiksbustad er eit bualternativ som ligg mellom ordinære bustader og heildøgns omsorgsplassar. Ein tryggleiksbustad har tilleggsfunksjonar som i lita grad blir tilbydde på den ordinære marknaden, som fellesareal, enklare servicefunksjonar og strengare krav til universell utforming.

Tryggleiksbustader vil vi kunne førebygge noko av veksten i behovet for heildøgns omsorgsplassar og bidra til ei heilskapleg omsorgstrapp og fleire eigna bustader for eldre. For å sikre berekraft og at fleire eldre blir mest mogleg sjølvhjelpte, må det byggast fleire eigna bustader for eldre. Regjeringa vil sjå nærare på kva hindrar kommunar og private utbyggarar har i dag for utbygging av eigna bustader for eldre. Regjeringa vil legge til rette for auka bygging av tryggleiksbustader og andre aldersvennlege bustader.

Tilbodet om denne typen bustader i den ordinære marknaden er i dag avgrensa. Det er derfor nødvendig å få bygd fleire eigna bustader, både i byar og i distrikta. Særleg i distrikta vil det vere utfordrande å få bygd nok bustader gjennom den ordinære bustadmarknaden. I tillegg må vi vere merksame på gruppa eldre som sjølv ikkje har økonomi til å gjennomføre eit skifte frå ein ueigna bustad til ein eigna bustad i den ordinære marknaden.

4.4.2 Vidareføre det distriktsretta arbeidet til Husbanken

Husbanken har fleire verkemiddel for å auke tilgangen på eigna bustader i distrikta. Regjeringa er opptatt av å styrke det distriktsretta arbeidet til Husbanken og har gitt banken i oppdrag å forsterke informasjons- og rettleiingsarbeidet overfor distriktskommunane. Husbanken skal aktivt informere kommunar og private aktørar om moglegheita for å søke lån til bustadkvalitet til oppføring eller oppgradering av bustader og lån til utleigebustader. For å få fart på bustadbygginga i distrikta har regjeringa sagt at Husbanken kan prioritere inntil 1 milliard av låneramma på 21 milliardar kroner til lån til bustadkvalitet og til utleigebustader i distriktskommunar (sentralitet 5 og 6) i 2023.

Frå 2023 kan distriktskommunar få støtte til å teste ut nye bustadkonsept og samarbeidsformer gjennom tilskot til bustadtiltak i distrikta frå Husbanken. Formålet er å bidra til auka tilgang på eigna bustader i distriktskommunar.

Boks 4.6 Aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta (2020–2022)

I det treårige programmet Aldersvennlege bustader og bumiljø i distrikta (2020–2022) samarbeidde Distriktssenteret med Husbanken og tolv distriktskommunar. Målet var å sjå på korleis distriktskommunar kan legge til rette for å utvikle tilbodet av aldersvennlege bustader og bumiljø slik at det gir gevinstar for kvar enkelt bebuar, for kommunen og for lokal samfunnsutvikling.

Kjelde: Husbanken og Distriktssenteret

4.4.3 Auke kunnskapen om eigna bustader for eldre

I møte med ei aldrande befolkning og med færre i arbeidsdyktig alder må samfunnet søke nye, berekraftige bu- og leveformer som stimulerer til eigenmeistring, sosiale møteplassar og livskvalitet, og som på formålstenleg og forsvarleg vis legg til rette for eventuelle tenester. Det finst i dag ei rekke ulike modellar og konsept. Sintef har i rapporten Bo hele livet kartlagt ulike buformer for eldre.8 Kartlegginga viser at erfaringane med ulike sosiale buformer er positive, og at det særleg er fysisk nærleik og samlokalisering som er sentralt for å oppnå at ulike menneske skal møtast og omgåast. Samtidig blir det understreka at det ikkje er éi løysing som er fasiten, men at det er behov for å teste ut ulike konsept. Kartlegginga viser at erfaringane i store trekk er gode, men det finst i lita grad studiar som dokumenterer erfaringane systematisk. Og sjølv om det blir vurdert at fleire av modellane har overføringsverdi til andre stader, blir dei i lita grad reproduserte eller skalerte opp.

Det vil vere behov for ein variasjon av buformer og bustadtypar for at eldre skal kunne bu trygt heime, og det er viktig med ei heilskapleg stadsutvikling. Det må byggast for å legge til rette for fleire friske år og for gode møte på tvers av generasjonar. Ein har gode erfaringar med kollektive buformer i mange europeiske land. Det blir ofte sett i samanheng med ei satsing på sosialt berekraftige samfunn og er tett knytt opp mot berekraftsmåla til FN.9

Det er behov for å sjå nærare på korleis ulike bustadløysingar i større grad kan bli spreidd og tatt i bruk. Regjeringa vil innhente kunnskap om nye buformer for eldre og på grunnlag av dette vurdere tiltak.

Boks 4.7 Iveland og Vegårshei kommunar

Agderkommunane Iveland og Vegårshei har begge satsa på bygging av leilegheiter i sentrum. I Vegårshei auka talet på leilegheiter frå 0 til 60 frå 2007 til 2017.1 Sentrumsnære leilegheiter som er universelt forma ut, betyr mindre køyring og mindre arbeidsbelastning for heimesjukepleia. Det gjer det mogleg å tilby fleire omsorgstenester heime og reduserer behovet for kommunale omsorgsbustader og institusjonsplassar. Sentrumssatsing er med på å motverke sosial isolasjon og einsemd blant anna hos eldre som tidlegare budde utanfor større tettstader.

1 Sørvoll og Løseth (2017).

Kjelde: Husbanken

4.4.4 Samarbeid med bustad- og byggebransjen og finansnæringa

Veldig mange eldre vil ha høve til sjølve å initiere og gjennomføre grep for å få ein aldersvennleg busituasjon, anten gjennom tilpassing eller flytting, ved å kontakte sin eigen bank for finansiering og rettleiing. Det er eit potensial i å få fleire til å gjere dette, og ikkje minst i at bustad- og finansnæringa kan bidra med å gjere moglegheitene som finst i den ordinære marknaden, tydelege.

For at fleire eldre skal kunne bu trygt heime lengst mogleg, er vi avhengige av at fleire bustader er tilgjengelege, og av større variasjon i bustadtypar og buformer, jf. kapittel 2. Det er behov for å sjå nærare på korleis det offentlege kan legge betre til rette for auka privat utbygging av aldersvennlege bustader. Det er mange gode døme på tiltak, modellar og samarbeidsformer som andre kan lære av, slik at fleire kan ta dei i bruk. Kommunal- og distriktsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet vil derfor ta initiativ til å etablere eit erfaringsnettverk der private og offentlege aktørar kan dele erfaringar med utvikling av gode aldersvennlege bustader og bumiljø, som ein kan bygge vidare på.

I partnarskapsprogrammet sitt med organisasjonar og næringsliv bidrar Senteret for et aldersvennlig Norge til å styrke forståinga blant norske aktørar for behova til eldre, blant anna knytte til planlegging av eigen busituasjon. Regjeringa vil føre vidare arbeidet til Senteret for et aldersvennlig Norge med partnarskapsordningane, jf. kapittel 3.

Boks 4.8 Vindmøllebakken i Stavanger

Vindmøllebakken bufellesskap i Stavanger er bygd etter modellen Gaining-by-Sharing. Bebuarane eig mindre bueiningar, men får samtidig tilgang til eit breiare utval av utstyr og areal gjennom deling.

Vindmøllebakken bufellesskap ligg i eit område med tradisjonell trehusbusetnad i Stavanger og er organisert som eit burettslag med 40 bueiningar. Alle bebuarane har ei minimert, privat bueining med eit lite kjøkken og bad. Bufellesskapet deler fellesareal som allrom med kjøkken, eit amfi, verkstader, vaskerom, bibliotek, gjestehybel og uteareal som tre takterrassar, gardsrom, eit veksthus og leikeplass. Ein gammal lagerhall har blitt transformert til eit underjordisk parkeringsanlegg, og eit gammalt fabrikklokale har blitt til restaurant.

Vindmøllebakken vann i 2020 Statens pris for byggkvalitet.

Kjelde: Direktoratet for byggkvalitet

Fotnotar

1.

Sørvoll og Løset (2017).

2.

Kultur- og likestillingsdepartementet (2021).

3.

Holm og Monkerud (2021).

4.

Nasjonalt senter for aldring og helse. Fakta om demens.

5.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Helsedirektoratet (2017).

6.

Kommunal- og distriktsdepartementet (2022).

7.

Riksrevisjonen (2018a).

8.

Høyland et al. (2020).

9.

Høyland et al. (2020).

Til forsida