Meld. St. 24 (2022–2023)

Fellesskap og meistring— Bu trygt heime

Til innhaldsliste

6 Tryggleik for brukarar og støtte til pårørande

Figur 6.1 

Figur 6.1

Mange eldre har god helse og treng ikkje omfattande hjelp eller tenester. Men med aukande alder får dei fleste ein eller fleire sjukdommar dei treng oppfølging for og hjelp til å meistre. God tilgjengelegheit og kvalitet er derfor viktig for alle. Det er eit mål at alle skal ha likeverdig tilgang til helse- og omsorgstenester, uavhengig av bustad, diagnose, personleg økonomi, kjønn, etnisk bakgrunn og livssituasjon. Regjeringa vil vidareutvikle og styrke den felles helsetenesta vår slik at alle får ein trygg og god alderdom.

Regjeringa vil jobbe for helse- og omsorgstenester som arbeider førebyggande, som er samanhengande og koordinerte. Den viktigaste hjelpa handlar om å gi innbyggarane høve til å klare seg sjølve, og på den måten oppleve meistring, verdigheit og auka livskvalitet. Samtidig skal vi sørge for tilstrekkeleg kapasitet og god hjelp til dei med behov for helse- og omsorgstenester. Talet på personar med demens vil auke. Regjeringa vil ta aktive grep for å styrke tenestene til menneske med demens og utvikle tilbod som også støttar og avlastar dei pårørande.

Det må tenkast nytt om korleis vi innrettar helse- og omsorgstenestene. Som det går fram av kapittel 2 og 5, kan vi ikkje bemanne oss ut av utfordringane. Samtidig peiker Helsepersonellkommisjonen på at innsatsen knytt til personellbehov må bli styrt mot dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Kommunesektoren speler ei viktig rolle i å møte framtidas behov for meir berekraftige løysingar, og det går føre seg mykje godt arbeid lokalt. Det er eit aukande medvit om førebygging og helsefremmande innsats og om behovet for tverrsektoriell og langsiktig planlegging og samanhengande og koordinerte tenester.1 Mange kommunar har innført nye måtar å jobbe på, som kvardagsrehabilitering og auka bruk av digitale løysingar. Nokre har vore med å pilotere ei fleirfagleg fastlegeteneste, og det er fleire døme på godt samarbeid med spesialisthelsetenesta. Regjeringa vil støtte opp under og vidareutvikle denne typen tiltak.

Pårørande er ein viktig ressurs både for sine næraste og for helse- og omsorgstenestene. For at pårørande skal kunne hjelpe sine næraste over tid, må dei bli tilbydde opplæring, støtte og avlasting, slik at dei kan meistre situasjonen og oppgåvene over tid. Pårørande skal ikkje oppleve å vere aleine om å vareta eit aukande omsorgsbehov. Regjeringa vil derfor utvikle pårørandeavtalar og gjere permisjonsrettane til pårørande betre kjend.

6.1 Den nye heimetenesta

Innanfor innsatsområdet tryggleik for brukarar og støtte til pårørande blir den heilskaplege innsatsen til regjeringa for eldre med behov for helse- og omsorgstenester og deira pårørande samla under overskrifta «Den nye heimetenesta». I tillegg inngår tiltak frå andre kapittel i den nye heimetenesta, som faste team og gode vedtak, jf. kapittel 5.

Ambisjonane til regjeringa for den nye heimetenesta blir sortert under tre område som skal bidra til tryggleik og føreseielegheit for brukarar og pårørande:

  • førebyggande og aktivitetsfremmande tenester

  • kvalitet og kapasitet

  • støtte til pårørande

Dei aller fleste mottakarane av helse- og omsorgstenester bur heime. Derfor vil regjeringa rette innsatsen mot heimetenesta. Gode og behovsstyrte tenester i heimen er viktig for auka tryggleik og eit godt liv. Det må bli sett saman gode lag for å vareta behova til den enkelte. Med utgangspunkt i spørsmålet «Kva er viktig for deg?» skal tenestene tilpasse seg ønska og behova til den enkelte, både fysiske, psykiske, sosiale og eksistensielle. På den måten kan den enkelte leve eit liv med meining og meistring og oppleve at dei grunnleggande verdiane og interessene blir varetatt. Kjernen i den nye heimetenesta er at brukarane og pasientane skal få gode tenester i heimen, og at ein set inn rett kompetanse og tiltak, som set dei enkelte i stand til å bu heime så lenge dei kan og vil.

Regjeringa førar ein politikk som bygger på fellesskapsløysingar, og ønsker ikkje ei kommersialisering av helse- og omsorgstenestene. Ei sterk offentleg helse- og omsorgsteneste, styrt og finansiert av fellesskapet, er avgjerande for å handtere aukande sosiale og geografiske forskjellar og for å hindre ei todeling av helsetenesta. Den offentlege helsetenesta skal sørge for beredskap og tryggleik i kvardagen og tilgang på helsehjelp av høg kvalitet ut frå behov.

Tenestene som blir ytte, må i størst mogleg grad vere retta inn mot førebygging, aktivitet og meistring, og dei må samhandle godt med andre tenester. For å lykkast med dette må vi samarbeide og jobbe på tvers av profesjonar, jf. betre oppgåvedeling i kapittel 5.3.1. På denne måten kan vi skape eit meir samanhengande tilbod til eldre og pårørande.

6.2 Førebyggande og aktivitetsfremmande tenester

Dei kommunale helse- og omsorgstenestene skal bidra til at den enkelte får høve til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre. Dette er grunnleggande verdiar som er nedfelte i helse- og omsorgstenestelova, og som kommunane må legge til grunn når dei formar ut tenestetilbodet sitt.

Aktivitet og meistring er sentrale område for å utvikle ei helse- og omsorgsteneste som arbeider førebyggande, og som gjer det trygt for eldre å bu heime. Aktivitet og meistring er særleg viktig for personar med demens og deira pårørande. Å utvikle gode aktivitetstilbod bidrar til tryggleik og føreseielegheit. Omtalen og tiltaka blir sett i samanheng med dei generelle satsingane for å skape eit meir alders- og demensvennleg samfunn, jf. kapittel 3.

Mat og ernæring er ein viktig del av livet og helsa til folk. I tillegg til betydninga maten har for den fysiske helsa, er måltidsglede og måltidsfellesskap viktige førebyggande element i mat- og ernæringsarbeidet i tenestene. Regjeringa vil derfor, som ein del av den nye heimetenesta, auke merksemda på det systematiske arbeidet med mat og ernæring.

Regjeringa vil

  • greie ut korleis ein nasjonal aktivitetsgaranti kan bli forma og innført i løpet av planperioden for reforma

  • bidra til betre psykisk helse og førebygge psykiske plager og einsemd blant eldre, blant anna ved å kartlegge den psykiske helsen og livskvaliteten

  • lage ein vegvisar for folkehelsetiltak mot einsemd

  • ta initiativ til eit samarbeidsprosjekt med kommunesektoren og frivillig sektor om fleksible, varierte og tilpassa aktivitetstilbod til personar med demens

  • stimulere til at fleire kommunar tar i bruk førebyggande heimebesøk

  • sette i verk tiltak som bidrar til at eldre blir tilbydde tilpassa rehabiliteringstilbod, blant anna kvardagsrehabilitering

  • gjennomføre tiltak for auka mat- og ernæringskompetanse i tenestene

  • gjennomføre tiltak for meir systematisk ernæringsarbeid i tenestene

6.2.1 Aktivitet

Meiningsfulle aktivitetar og sosialt fellesskap er viktig for alle menneske gjennom heile livsløpet og har mykje å seie for helse og funksjon.2 Mange eldre er einsame og opplever ofte funksjonsfall, noko som kan vere ein konsekvens av manglande aktivitet. Einsemd og sosial isolasjon er forbunde med ei rekke negative psykiske og fysiske helsekonsekvensar, reduserer livskvaliteten og påverkar evna til meistring.3 Regjeringa legg vekt på at alle skal få moglegheit til å ha eit aktivt og meiningsfullt tilvære i fellesskap med andre.

Tilbod om aktivitet og sosialt fellesskap

Aktiv omsorg har vore eit område for satsing gjennom fleire år, og det er utvikla lokale aktivitetstilbod i kommunane og i samarbeid med frivillige og næringsliv. Samtidig blir sosiale og kulturelle tilbod ofte nedprioriterte på arenaene til helse- og omsorgstenesta, både på sjukeheimar og i heimetenestene. Det er behov for tiltak som førebygger og reduserer einsemd hos heimebuande, tiltak som gir avlasting for pårørande, og tiltak som bidrar til meir livskvalitet for bebuarar på sjukeheimar. Tilbodet om aktivitet og sosialt fellesskap må bli tilpassa individuelle behov hos eldre og pårørande, og representere det same mangfaldet av interesser og bakgrunn som i befolkninga elles. Tilbodet må bli utvikla med bakgrunn i ei forståing av at aktivitet kan femne både fysiske, sosiale, intellektuelle, kulturelle og eksistensielle behov. Aktivitane må også vere tilpassa ønske om å bidra til fellesskapet, til dømes gjennom frivillig aktivitet, og nye måtar å vere aktiv på, til dømes gjennom digitale møteplassar og aktivitetar.

Regjeringa vil greie ut korleis ein nasjonal aktivitetsgaranti kan bli forma ut og innført i løpet av planperioden for Bu trygt heime-reforma. Forslaget blir sett i samanheng med forslaget om dagaktivitetstilbod til personar med demens. Som grunnlag for utgreiinga bør det bli kartlagt kva som fremmer og kva som hemmar utvikling og etablering av gode og tilpassa aktivitetstilbod, der ein blant anna ser på korleis andre sektorar kan bli trekt inn for å skape interessante og gode tilbod. Regjeringa vil derfor be Helsedirektoratet gjennomføre ei slik kartlegging. Kartlegginga bør omfatte tilbod til både heimebuande og bebuarar på sjukeheimar. Vidare vil geografiske omsyn bli inkluderte i kartlegginga.

Aktivitetstiltak for å motverke einsemd og passivitet

For mange vil gode aktivitetstiltak vere godt eigna for å redusere sosial isolasjon og einsemd. Tilskotsordninga aktivitetstiltak for å motverke einsemd og passivitet er etablert for å motverke einsemd og passivitet og skape aktivitet, deltaking, sosialt fellesskap og møteplassar. Målgruppa er vaksne som står i fare for å oppleve einsemd, passivitet og sosial tilbaketrekking.

Ordninga rettar seg mot kommunar og fylkeskommunar, og det blir oppmoda til samarbeid med frivillige. Det er gjennom ordninga oppretta ei rekke tiltak og prosjekt som har bidratt til auka sosialisering og aktivisering av personar som opplever einsemd og passivitet. Det blir jobba med å spreie erfaringane til fleire kommunar. Regjeringa vil bidra til betre psykisk helse og førebygge psykiske plager og einsemd blant eldre, blant anna ved å kartlegge den psykiske helsen og livskvaliteten.

Regjeringa vil lage ein vegvisar for folkehelsetiltak mot einsemd, vurdere einsemd som tema i siste periode av folkehelseprogrammet og fremme pilotstudiar for samarbeid mellom frivilligheita og kommunar, jf. Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga.

Boks 6.1 Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg

Kompetansesenter for kultur, helse og omsorg er eit avtalefesta partnarskap mellom HUNT forskingssenter, Levanger kommune, Trøndelag fylkeskommune, Helse Nord-Trøndelag og Nord universitet. Senteret skal bidra til å utvikle og spreie miljøterapeutiske behandlingstiltak, vidareutvikle samspel og vareta ein innovativ samanheng mellom forsking, utdanning og praksis. Studiar viser at systematisk og integrert bruk av musikk og song i miljøbehandling kan fungere mot uro og depresjon og redusere bruken av psykofarmakum. Nord universitet har sidan 2015 vidareutvikla opplæringsprogram i musikkbasert miljøbehandling (MMB) for tilsette i helse- og omsorgstenestene.

Kjelde: Helsedirektoratet

Særleg om tilbodet til menneske med demens

Aktivitetstilbod bidrar til å halde oppe god livskvalitet for heimebuande personar med demens. Mangel på aktivitet og sosialt samvær kan bidra til at ein demenssjukdom blir forverra raskare. Pårørande til heimebuande eldre med demens treng ofte avlasting for å kunne ta vare på sine næraste. Gode og fleksible avlastingstilbod er nødvendig for at fleire som ønsker det, skal kunne bu trygt heime.

I nasjonal fagleg retningslinje om demens blir det sagt at eit tilrettelagt og tilpassa dagaktivitetstilbod til personar med demens bør innehalde både sosialt, kognitivt og fysisk stimulerande aktivitetar. Tilbodet bør ha meiningsfulle aktivitetar som deltakarane kan meistre, og det bør legge vekt på ressursane og interessene til deltakarane, og dessutan lokal kultur. Tilbodet kan bli gitt for å dekke til dømes behova til deltakaren for aktivisering, tilsyn og omsorg, oppfølging av ernæring og personleg assistanse, eller som avlasting for pårørande.

Kommunane har sidan 2020 hatt plikt etter helse- og omsorgstenestelova til å tilby dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens. Likevel viser nasjonale kvalitetsindikatorar at berre rundt 30 prosent av heimebuande personar med demens har vedtak om dagtilbod. Innspela til reformarbeidet viser at mange opplever dagens aktivitetstilbod som standardiserte, at dei ofte ikkje er forma ut med tanke på interessene og behova til eldre. Og vidare at tilboda manglar fleksibilitet med omsyn til opningstider. Det er eit mål å bidra til at fleire personar med demens blir tilbydde dagaktivitetstilbod.

Samtidig finst det mange gode døme på (dag)aktivitetstilbod til personar med demens rundt omkring i norske kommunar, tilpassa interessene til den enkelte og med fleksible opningstider. Gjennom satsinga Inn på tunet er det utvikla lokale tilbod med dagaktivitetar på gardsbruk og det er gjennomført eit nasjonalt pilotprosjekt om korleis kunnskap og informasjon om Inn på tunet-tilbod kan bli spreidd og vidareutvikla. Nasjonalt senter for aldring og helse skal i løpet av 2023 revidere handboka om Inn på tunet-tilbod.

Regjeringa vurderer at det er behov for tiltak som stimulerer til læring og erfaringsutveksling mellom kommunane både om innhald og om korleis ein kan inkludere nærmiljøet og frivillig sektor i større grad. For å bidra til utvikling av fleksible, varierte og tilpassa aktivitetstilbod til personar med demens vil regjeringa ta initiativ til eit samarbeidsprosjekt med kommunesektoren og frivillig sektor. Der skal ein blant anna sjå nærare på potensial som ligg i samskaping, innbyggarinvolvering og nye måtar å løyse utfordringar på. Tilboda som blir utvikla, bør også kunne omfatte aktivitetar som normalt ikkje blir rekna som dagaktivitetstilbod i tradisjonell forstand. Døme på dette kan vere aktivitetar som blir utvikla i samarbeid med lokalt næringsliv, og som held oppe kontakten mellom tidlegare arbeidstakarar og bedrifta. Det kan også vere kulturaktivitetar som mogleggjer samarbeid med frivillige, slik som til dømes idrettslag, korps- eller kortilbod, eller tilbod som varetar den språklege og kulturelle bakgrunnen til brukaren. Målet er at fleire personar med demens skal få eit godt dagaktivitetstilbod. Tiltaket blir sett i samanheng med forslaget om å greie ut ein aktivitetsgaranti for eldre.

Boks 6.2 Inn på tunet og Ut på vidda

Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel. Eit gardsbruk er ein eigedom som blir nytta til jord-, skog-, eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytte opp til garden, livet og arbeidet der.

Inn på tunet-handboka er eit verktøy for planlegging, etablering og drift av dagaktivitetstilbod for personar med demens på Inn på tunet-gardar. Hovudmålsettinga med handboka er at ho skal vere eit støtteverktøy og oppslagsverk for Inn på tunet-tilbydarane og kommunane. Ho skal også bidra med idear slik at Inn på tunet-tilbydarane og kommunane kan vidareutvikle allereie etablerte Inn på tunet-tilbod. Handboka er utvikla i eit samarbeid mellom Stiftelsen Norsk Mat og Nasjonal kompetanseteneste for aldring og helse.

Det er no etablert Ut på vidda-tilbod innanfor alle dei samiske reinbeiteområda. Ut på vidda rettar seg mot ei rekke ulike brukargrupper. Ei sentral brukargruppe er personar med tidleg demens. Gjennom Ut på vidda får no personar med tidleg demens eit tilbod som bidrar til fysisk aktivitet, sosialt fellesskap, varierte aktivitetar og gjerne også tilhøyrsel til eigen samisk bakgrunn. Gjennom dette tilbodet blir det gitt eit unikt høve til å bruke det samiske språket, smake på tradisjonsmat og få oppleve livet i reindrifta på nytt.

6.2.2 Meistring og mobilisering

Den viktigaste hjelpa handlar om å gi innbyggarane høve til å klare seg sjølve, og på den måten oppleve meistring, verdigheit og auka livskvalitet. Regjeringa vil derfor bidra til at den enkelte kan bu heime så lenge hen ønsker, gjennom førebyggande og helsefremmande tiltak. Det handlar blant anna om helsekompetanse, digitale og praktiske ferdigheiter og tryggleik i heimen.

Førebyggande heimebesøk

Ei rekke kommunar tilbyr i dag ei eller anna form for oppsøkande verksemd retta mot eldre, som førebyggande heimebesøk. Førebyggande heimebesøk er eit oppsøkande, individretta råd- og rettleiingstilbod til heimebuande eldre. Kommunen vel sjølv kva aldersgrupper dei ønsker å rette tilbodet mot, men det er eit poeng å komme i kontakt på eit tidleg nok tidspunkt. Område som ofte blir vurderte, er ernæringsstatus, bustadtilpassing, fysisk funksjon, fallførebygging, brannførebygging og bruk av legemiddel. Tenesta skal bidra til auka meistring og redusere framtidig behov for helse- og omsorgstenester. Dette gjerast gjennom å førebygge sjukdom, skade og einsemd, og dessutan fremme helse, funksjonsevne og deltaking, til dømes innan frivilligheit.

Førebyggande heimebesøk blir rekna som eit konkret og effektivt tiltak som kan føre til at fleire kan leve lengre i eigen bustad, og oppleve større meistring i eigen kvardag og dermed auka livskvalitet. Helsedirektoratet har utarbeidd rettleiingsmateriell om førebyggande heimebesøk, men ei utfordring er at materialet primært tar for seg helsefaglege perspektiv. Det er behov for å utvide og oppdatere materialet med blant anna eit tydelegare bustad- og hjelpemiddelperspektiv.

Heimebesøka kan også vere ein god arena for å mobilisere seniorkrafta, blant anna til frivillig innsats i nærmiljøet. Undersøkingar viser at ei av dei største utfordringane med rekruttering av eldre til frivillig arbeid, er at eldre ikkje blir spurde direkte. Å anerkjenne og utvikle ressursane i dei eldre er viktig for den enkelte og viktig for fellesskapet. Førebyggande heimebesøk kan vidare bli nytta til å involvere og hente tilbakemeldingar frå dei eldre i kommunen. Dette kan gi betre oversikt over livssituasjonen til eldrebefolkninga og kan bli brukt til planlegging og utvikling av kommunale tenester og ulike aktivitetstilbod.

Regjeringa vil stimulere til at fleire kommunar tar i bruk førebyggande heimebesøk og på den måten bidrar til at fleire eldre skal kunne bu trygt heime, blant anna gjennom oppdatering og samordning av rettleiingsmateriell. Tiltaket blir sett i samanheng med forslaget om styrkt bustadrådgiving som ein del av Eldrebustadprogrammet, jf. omtale i kapittel 4.2.3.

Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er eit rehabiliteringstilbod som blir gitt i heimen, og er ei personsentrert, heilskapleg tilnærming som tar utgangspunkt i moglegheitene den enkelte har sjølv til å bidra til å halde oppe funksjonsnivået sitt.4 Brukaren sine eigne ressursar, ønske og personlege mål er utgangspunktet for tenesta som blir levert. Tenesta blir organisert som eit tverrfagleg samarbeid med heimetenestene. Det går fram av forsking og utprøving at kvardagsrehabilitering har god effekt på eldre med omsyn til fysisk funksjon, helserelatert livskvalitet og meistring.5 Evalueringa av Omsorg 2020 viser at tilbodet om kvardagsrehabilitering har hatt ein sterk auke etter 2015, og at tre firedelar av kommunane hadde etablert dette tilbodet eller liknande tenester i 2019.6 Utbreiinga har ført til at eldre med funksjonsfall har fått eit betydeleg utvida heimebasert rehabiliteringstilbod.

Evalueringa av Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering viser at kvardagsrehabilitering har vore eit populært tiltak i planperioden, der mange kommunar har fått tilskot til å etablere eit tilbod.7 Vidare viser evalueringa at tiltaket har bidratt til å styrke rehabiliteringstilbodet retta mot eldre heimebuande med begynnande funksjonssvikt. Samtidig viser evalueringa at det er utfordringar knytte til å vidareføre prosjekter til varig drift. Det bør bli utvikla tiltak for å bidra til at fleire eldre får rehabiliteringstilbod, blant anna kvardagsrehabilitering, i tråd med Hurdalsplattforma.

Det er behov for å støtte opp under den positive dreiinga i tenestetilbodet som kvardagsrehabilitering representerer. Helsedirektoratet har fått i oppdrag å sette i verk tiltak som bidrar til at eldre blir tilbydde tilpassa rehabiliteringstilbod, blant anna kvardagsrehabilitering.

Helsekompetanse

Alle innbyggarar må sikrast høve til å vere aktive deltakarar i eiga helse og behandling. Samtidig viser ei kartlegging frå Helsedirektoratet at kvar tredje person i Noreg har mangelfull helsekompetanse. Mange har problem med å finne fram til, forstå, vurdere og nytte seg av helseinformasjon og helse- og omsorgstenester.8 Rundt halvparten opplyser at dei har problem med å finne informasjon om kvaliteten på bestemde tenester, og med å finne ut av kva rettar dei har som pasient og brukar.

Helsekompetanse er evna ein person har til å få tilgang til, forstå, vurdere og nytte helseinformasjon for å kunne ta kunnskapsbaserte helserelaterte avgjerder i kvardagen. Det handlar om å vurdere både når det er behov for helse- og omsorgstenester, korleis ein skal førebygge sjukdom, og kva helsefremmande tiltak som held oppe eller forbetrar livskvaliteten gjennom livsløpet.9 Befolkninga må ha kunnskap om og høve til å vareta helsa si på best mogleg måte, samtidig som helse- og omsorgstenesta må imøtekomme behov og yte helsekommunikasjon tilpassa pasientar og brukarar med ulik helsekompetanse, ulik digital kompetanse, ulik språkleg og kulturell bakgrunn og ulike kognitive føresetnader. Helsekompetanse bidrar til å betre evna til den enkelte til å ta kunnskapsbaserte helsefremmande og sjukdomsførebyggande val, finne fram til adekvate behandlingar og tenester for eigne eller pårørande sine lidingar eller sjukdommar, og kunne forhindre moglege tilbakefall eller følgesjukdommar.

Det er utvikla ein eigen nasjonal strategi for å auke helsekompetansen til befolkninga. Strategien skal bidra til å auke helsekompetansen i befolkninga generelt og har helse- og omsorgspersonell, avgjerdstakarar og leiarar i helse- og omsorgstenesta og pasient- og brukarorganisasjonar som hovudmålgruppe. Regjeringa ønsker at helsekompetanse skal vere integrert i all planlegging, utvikling, implementering og evaluering av helse- og omsorgstenestene på alle nivå.

Digital helsekompetanse

Digital kontakt med helse- og omsorgstenesta har blitt meir utbreidd, men nokre grupper tar mindre del i det digitale tilbodet, jf. kapittel 2. Samfunnet stiller stadig høgare krav til digital helsekompetanse og evna til å bruke digitale verktøy i kontakt med offentlege verksemder og helsetenester. Digitale løysingar har eit stort potensial i heile spekteret av helsetenester, frå førebygging til samhandling, rehabilitering og meistring av kronisk sjukdom. Gode og tilpassa digitale løysingar kan gjere tenester meir tilgjengelege. Og digitalt støtta forløp kan både vere kostnadseffektive og gi betre resultat. For å møte den auka andelen personar med demens i åra framover må teknologi og digitale hjelpemiddel også vere eigna for og tilpassa menneske med kognitiv svikt. Vidare blir det arbeidd for å tilrettelegge helsenorge.no betre for å drive digital opplæring, som moglegheit for dummy-brukar.

Det må bli lagt betre til rette for å sikre at ikkje eldre blir avskorne frå samfunnsdeltaking, tilgang til tenester og høve til å halde oppe eigen helsekompetanse på grunn av digitalt utanforskap. Strategien Digital hele livet har som mål å motverke dette. Ein rapport om tilskot og støtte til digital kompetanse og deltaking tilrår å samle og koordinere innsatsen til staten i større grad enn i dag. Regjeringa vil følge opp strategien Digital hele livet og vil legge fram ein konkret handlingsplan basert på strategien i 2023.

I Nasjonalt velferdsteknologiprogram er det i dag ei tilskotsordning for å heve den digitale kompetansen blant eldre. Målet med tilskotsordninga er å gi IKT-opplæring og rettleiing som kan heve den digitale kompetansen til eldre, for å

  • motverke einsemd og redusere digitalt utanforskap ved å legge til rette for møteplassar som kan bidra til å halde ved like og styrke moglegheitene til eldre for å halde oppe sosiale nettverk

  • betre den digitale helsekompetansen slik at eldre kan tileigne seg digital helseinformasjon og ta i bruk digitale helsetenester på nett via pc, nettbrett, smarttelefon og anna

  • gjere eldre betre i stand til å få digitale helsetenester (til dømes via videokonsultasjon og e-konsultasjon) gjennom auka meistring og betre brukaroppleving

Målgruppa er eldre som har behov for å styrke den digitale helsekompetansen og den digitale deltakinga. Eldre er i denne samanhengen seniorar som ikkje lengre er yrkesaktive.

Av evalueringsrapporten frå Nasjonalt senter for e-helse om tilskotsordninga går det fram at opplæring i bruk av teknologi kan gjere eldre meir sosiale og mindre einsame.10 Føresetnaden er at dei får oppfølging og rettleiing etter kurset for varig effekt, noko som heng saman med tryggleik i teknologibruk. Med utgangspunkt i tilskotsordninga vil Helsedirektoratet vurdere varige strukturar i kommunane, som skal vere på plass innan utgangen av 2024, der kommunane i samarbeid med frivillige organisasjonar jobbar aktivt for å tilby eldre IKT-opplæring. Vidare vil regjeringa gjennom handlingsplanen for Digital hele livet følge opp dei digitale barrierane som eldre møter, og digitalt utanforskap, jf. kapittel 3.

6.2.3 Mat og ernæring

God og rett mat er grunnleggande for god helse og livskvalitet gjennom heile livet, men med ein aukande andel eldre vil det bli fleire med ernæringsutfordringar. Utfordringsbiletet viser at det framleis er eit stort behov for ein målretta innsats for å auke merksemda på mat og ernæring i helse- og omsorgstenestene. Innsats for betre ernæringsstatus har vist seg å betre livskvaliteten, førebygge sjukdom og redusere behovet for spesialisert helsepersonell. Auka kompetanse og meir systematisk arbeid i kommunane vil også kunne førebygge reinnleggingar på sjukehus. Så langt har mykje av arbeidet i kommunane gått føre seg på sjukeheimar. Regjeringa vil derfor vri innsatsen meir mot den heimebuande delen av befolkninga, i tråd med ambisjonane for den nye heimetenesta.

Auka mat- og ernæringskompetanse i tenestene

Regjeringa følger opp Nasjonal strategi for godt kosthold og ernæring hos eldre i sykehjem og som mottar hjemmetjenester. Blant anna har regjeringa vidareført midlar til eit eige modellutviklingsprogram for kliniske ernæringsfysiologar som ein ressurs for omsorgstenesta. Tilskotet bidrar til å utvikle ulike modellar for korleis kliniske ernæringsfysiologar kan bli nytta som ein ressurs for omsorgstenesta i det systematiske mat- og ernæringsarbeidet. Modellutviklingsprogrammet inkluderer fag- og kvalitetsutviklingsarbeid, kvalitetssikring av mattilbodet og ernæringsoppfølginga, bistand i læringsnettverk, team, strategi- og planarbeid og så vidare. Modellutviklingsprogrammet vektlegg tverrfagleg samarbeid mellom tilsette i kjøkken og tilsette i helse- og omsorgstenestene for å sikre ei mat- og ernæringsoppfølging som er i tråd med både ønska og behova til brukaren, jf. nasjonale tilrådingar. Erfaringa frå tilskotsordninga så langt er at for mange kommunar er ein klinisk ernæringsfysiolog ein etterlengta ressurs, då det er eit stort behov for auka kompetanse og systematikk. Regjeringa vil samle og spreie utprøvde modellar for kliniske ernæringsfysiologar som ein ressurs i kommunale helse- og omsorgstenester, basert på erfaringane frå tilskotsordninga.

Helsepersonellkommisjonen er tydeleg på at vi må arbeide systematisk for å fremme riktig oppgåvedeling, og bruke personell på andre måtar enn før. Dette gjeld også innan mat og ernæring. Det er behov for meir kompetanse om mat og ernæring i tenestene, som ein føresetnad for å kunne utføre eit meir systematisk ernæringsarbeid i tenestene. Gjennom eit meir systematisk og kunnskapsbasert arbeid vil den persontilpassa oppfølginga kunne bli meir målretta etter faktiske og individuelle behov og ønsker. Det trengst kompetanse på fleire nivå, både generell og spesialisert kompetanse. Regjeringa vil bidra til spreiing av kunnskap og rettleiingsressursar om ulike matvertordningar som kan løfte mattilbodet på sjukeheimar og i heimetenestene. Matvertar kan avlaste anna helsepersonell og bidra til at mattilbodet får auka kvalitet, og at rammene for måltida bidrar til auka appetitt hos eldre. Gjennom bruk av matvertar kan det bli auka fokus på det sosiale og kulturelle aspektet ved måltid og måltidsfellesskap. Regjeringa vil også vurdere korleis ein kan bruke samarbeid med frivillig/ideell sektor for å auke bruken av matvertar.

Kunnskap om statusen for mattilbod og ernæringspraksis i kommunane er viktig for å vurdere effektive tiltak og vidare oppfølging. Helsedirektoratet gjennomfører derfor nasjonale kartleggingar av mattilbodet og ernæringsoppfølginga blant leiarar og tilsette i sjukeheimar og heimetenester. Rapportane frå kartleggingane vil ligge føre i 2023/2024. Kartleggingane er ei oppfølging av tiltak i Nasjonal strategi for godt kosthold og ernæring hos eldre i sykehjem og som mottar hjemmetjenester.

Landbruks- og matdepartementet har i samarbeid med statsforvaltarane i fleire år jobba med prosjektet Gylne Måltidsøyeblikk med mål om å motivere til matglede og betre matomsorg for eldre. Arbeidet inkluderer aktivitetar som kåringar av Noregs beste institusjonsmat, gode matleveringsordningar, etablering av nettverk, kurs og inspirasjonsdagar. Som ein del av prosjektet er Matgledekorps etablert fleire stader i landet. Matgledekorpsa består av personar med både mat- og helsefagleg kompetanse. Dei skal inspirere til auka medvit om, forståing for og lyst til å skape mat- og måltidsglede til eldre på institusjon og til dei som får mat servert heime. Matgledekorpsa hjelper tilsette i helse- og omsorgstenesta og lokalpolitikarar til å sjå matomsorg i ein heilskap. Dette inkluderer tema som innkjøp, bruk av tradisjonsråvarer og -rettar, matsvinn, auka brukarinvolvering og valmoglegheiter. Tiltaket skaper møteplassar og gode rutinar for å forbetre mat- og måltidsopplevingane for eldre. Nettsida matgledekorpset.no fungerer som inspirasjonskjelde gjennom å samle, synleggjere og spreie kunnskap om kva som skal til for å gi mat- og måltidsglede hos eldre. Landbruks- og matdepartementet har også utvikla eit enkelt e-læringskurs om mat og måltid for dei utan ernæringsfagleg kompetanse.

Systematisk ernæringsarbeid i tenestene

Gjennom eit meir systematisk ernæringsarbeid på kommunalt nivå kan tenesta bidra til å førebygge og avdekke ernæringsutfordringar på eit tidleg tidspunkt. Regjeringa oppfordrar kommunane til å utvikle og implementere lokale ernæringsstrategiar i tråd med Nasjonal strategi for godt kosthold og ernæring hos eldre i sykehjem og som mottar hjemmetjenester. Eit meir systematisk samarbeid mellom kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta innan ernæring er viktig for trygge overgangar og førebygging av blant anna reinnleggingar, jf. kapittel 2.6.5. Spesielt ved utskriving av pasientar er det viktig at dei kommunale tenestene får god innføring i kva pasienten treng vidare av systematisk ernæringsoppfølging. Målet er å sikre at fleire eldre blir vurderte for feil- og underernæring. Det kan spare samfunnet for store kostnader. Dette vil også bli omtalt i Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Ifølge nasjonal fagleg retningslinje for førebygging og behandling av underernæring, skal alle personar over 18 år som får helsetenester i heimen, bli vurderte for risiko for underernæring. Risikovurderinga bør bli gjennomført innan to veker etter oppstart av tenestene. Personar som ikkje er i risiko, bør bli vurdert på nytt kvar månad dersom dei får heimesjukepleie, og minimum kvar sjette månad ved andre helsetenester i heimen. Undersøkingar viser at dette ikkje alltid blir gjennomført. Gjennom auka bruk av førebyggande heimebesøk vil også systematisk ernæringskartlegging hos heimebuande bli utført i større grad. Regjeringa vil bidra til at nasjonale retningslinjer for å førebygge og behandle underernæring blir gjorde kjende og implementerte i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Frå og med 2017 har det blitt publisert nasjonale kvalitetsindikatorar for å følge opp ernæringa i sjukeheimar og for eldre heimebuande, i tråd med dei nasjonale faglege retningslinjene for å førebygge og behandle underernæring. Formålet med kvalitetsindikatorane er å bidra til kvalitetsforbetring i tenestene og gi eit grunnlag for planlegging og styring. Kvalitetsindikatorane bidrar til openheit om kvalitet og variasjon i tenestene, og bidrar til å styrke det systematiske ernæringsarbeidet i tenestene. Regjeringa vurderer å gi Helsedirektoratet i oppdrag å utarbeide kvalitetsindikatorar for ernæring i sjukehus og spesialisthelsetenesta, i tråd med den nasjonale retningslinja for førebygging og behandling av underernæring.

Helsedirektoratet vil få i oppdrag å foreslå fleire nasjonale kvalitetsindikatorar innan ernæring i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Regjeringa vil også bidra til utvikling av enkle digitale verktøy for meir effektiv ernæringsoppfølging i helse- og omsorgstenesta, blant anna planverktøy for kommunale ernæringsstrategiar. Regjeringa vil undervegs i reformperioden vurdere andre tiltak innan mat og ernæring for eldre.

6.3 Kvalitet og kapasitet

Ein føresetnad for ein god og trygg alderdom er at den enkelte og deira pårørande opplever tryggleik for at eit tenestetilbod med tilstrekkeleg kapasitet, kompetanse og kvalitet er tilgjengeleg når behovet oppstår. Det handlar både om at innbyggarane har enkel tilgang til tenestene, og om at det tilbodet dei får, er forsvarleg og dekker behova den enkelte og pårørande har. På same måte som innbyggarar i andre aldersgrupper har eldre ulike behov og ønsker.

Eit kvalitativt godt helse- og omsorgstenestetilbod til eldre inneber blant anna at tenestene må vere bygde opp rundt eit verdigrunnlag som sikrar integriteten og verdigheita til den enkelte. Det betyr til dømes å kunne behalde retten til eit privatliv, retten til sjølvråderett, rett til individuelt tilpassa tenester og moglegheit for aktiv medverknad – uavhengig av om tenesta blir ytt på sjukeheim, i omsorgsbustad eller i eigen heim. Tenestene må derfor bli innretta slik at retten til den enkelte til tryggleik og moglegheit for eit meiningsfylt liv blir sikra.

Det er vidare behov for å tenke nytt om korleis vi kan samarbeide og nå ut med gode tenester til befolkninga. Det er behov for å involvere fleire i utforminga av tenestene, slik at vi stimulerer til innovasjon og nytenking. Det handlar også om å ta i bruk ny teknologi og gode arbeidsmetodar som bidrar til gode tenester for eldre.

Regjeringa vil

  • vidareutvikle og styrke allmennlegetenestene og utvikle ei fleirfagleg fastlegeteneste

  • bidra til auka kapasitet av heildøgns omsorgsplassar i sjukeheimar og omsorgsbustader

  • følge opp oppfølgingsplanen for lindrande behandling og omsorg og vurdere innretninga og behovet for nye tiltak

  • følge opp Demensplan 2025 og evaluere erfaringane

  • oppmode kommunane til å ha éi dør inn til informasjon om og kontakt med kommunale tenester for eldre

  • etablere ei helseteknologiordning for å avlaste risiko og stimulere til investeringar i ny helse- og velferdsteknologi i kommunane

  • sette ned eit utval som skal greie ut nye moglegheiter og modellar for å skape velferd saman med innbyggarane, dei tilsette, frivilligheita, brukar- og pårørandeorganisasjonar, ideelle leverandørar og næringslivet

6.3.1 Gode og trygge helse- og omsorgstenester

Regjeringas vil vidareutvikle og styrke den felles helsetenesta vår og motverke sosiale og økonomiske helseforskjellar. Regjeringa ønsker ei sterk offentleg helse- og omsorgsteneste, som skal sørge for beredskap og tryggleik i kvardagen til folk. Regjeringa vil utvikle ei berekraftig helse- og omsorgsteneste og ei kommunal teneste som er nær, oppdatert og førebudd på å møte helse- og omsorgsbehovet til ei befolkning i endring.

Allmennlegetenestene

Allmennlegetenesta er grunnmuren i helsetenesta. Det har over lengre tid vore utfordringar med å rekruttere fastlegar, og tilgjengelegheita i fastlegeordninga har gått ned.

I Prop. 1 S (2022–2023) beskriv regjeringa målbiletet for allmennlegetenestene. Regjeringa vil jobbe for sterke fastlegetenester, legevaktordningar og andre kommunale allmennlegetenester. Det skal vere breidde og kvalitet i allmennlegetenestetilbodet, tilstrekkeleg kapasitet og faglege fellesskap som legg til rette for gode tenester og trivsel. Det skal vere tillit til at kommunane leiar og innrettar tenestene ut frå lokale behov.

Eldre innbyggarar er dei som i snitt bruker fastlegen mest. Eldre får også allmennlegetenester ved kommunale institusjonar. Kapasitet og tilgjengelegheit i allmennlegetenester i sjukeheimar, helsehus og ØHD (akutthjelp døgnopphald) heng tett saman med berekraft i fastlegeordninga. Fastlegar har ofte, spesielt i distrikta, kombinerte stillingar, der også bistillingar ved sjukeheimar, helsehus eller kommunal akutt døgneining (KAD) inngår. Den endra demografien og det at meir komplisert behandling og oppfølging av pasientar vil skje utanfor sjukehusa, fordrar tilstrekkeleg kapasitet, kontinuitet og kvalitet i fagutøvinga overfor eldre.

Regjeringa løyvde midlar til ei historisk satsing på allmennlegetenesta i 2023. Midlane blir brukte til å styrke basistilskotet og gjere det pasienttilpassa (sjå under), til ALIS-avtalar for legar som er under spesialisering i allmennmedisin, for å auke rekrutteringa, og til forsking. Tilskotet til legevakt, som blei innført av regjeringa i 2022, er vidareført.

Regjeringa satte også ned eit hurtigarbeidande ekspertutval hausten 2022 som skulle greie ut korleis fastlegeordninga kan bli gjort meir berekraftig. Det skal bidra til at dei samla ressursane i helse- og omsorgstenesta blir brukte på best mogleg måte. Utvalet skulle blant anna vurdere og foreslå tiltak knytta til korleis kapasiteten kan bidra til å rekruttere fleire legar, legge til rette for fleire profesjonar ved allmennlegekontora og ved hjelp av digitalisering. Ekspertutvalet leverte ein utfyllande rapport i april i år med fleire interessante forslag til forbetringar. Utvalet har sett på allmennlegetjenesta samla, inkludert legevakt, kompetanse, organisering og finansiering. Regjeringa vil vurdere tilrådningane nøye og komme tilbake til oppfølginga av desse.

Boks 6.3 Bo trygt hjemme – med integrerte tjenester

Lillehammer kommune har etablert prosjektet Bo trygt hjemme – med integrerte tjenester, der ulike tenester i kommunen, sjukehus og ambulanseteneste samarbeider om felles tenesteutvikling. Prosjektet er forankra i Helsefellesskap Innlandet.

Formålet med prosjektet er at innbyggarane skal kunne kjenne seg trygge med å bu heime så lenge som mogleg. Dette skal ein oppnå ved å auke kvaliteten og tilgjengelegheita på tenester, gjennom blant anna fleire ambulante og integrerte helseressursar, felles kompetanse og digitale løysingar. Sårbare pasientar, som til dømes eldre, skal sleppe unødvendige transportar og oppleve meir samanheng i og mellom tenestene. Innbyggarane skal møte ei samordna helseteneste når det oppstår sjukdom eller forverring av ein kjend tilstand.

Mål med prosjektet:

  • godt samarbeid og opne båsar mellom ulike tenester, med pasienten i fokus

  • betre og meir samhandling i den akuttmedisinske kjeda

  • felles og lik kompetanse på tvers av tenester, med meir samtrening og bygging av kompetanse i fellesskap

  • VI-kjensle i og mellom tenestene, der ein har respekt for og tillit til kvarandre og stolar på kompetansen og vurderingane til dei andre

  • system som underbygger samhandling

  • felles praksis for informasjonsdeling og systemstøtte

  • felles standardar for behandling og tydelege behandlingsplanar

  • flytskjema/forløp som gir rett behandling på alle nivå

I prosjektet inngår legevaktbil og tryggleikspatrulje, som utgjer ambulante ressursar som skal samarbeide om tenester til heimebuande. I tillegg blir det gjennomført felles samtrening og kompetanseheving for fleire tenester som del av ein arbeidspakke. Det er også arbeidspakkar i prosjektet der kommunar og Sjukehuset Innlandet utviklar betre samhandling i den akuttmedisinske kjeda, og betrar pasientforløpet til pasientar som har hyppige innleggingar på sjukehus. Digitale løysingar, som blant anna hovudkamera og digital heimeoppfølging, skal takast i bruk og bli utvikla i prosjektet.

Kjelde: Lillehammer kommune

Pasienttilpassa basistilskot i fastlegeordninga

Sidan fastlegeordninga blei innført i 2001, har det skjedd større endringar i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Meir oppfølging er overført frå spesialisthelsetenesta til kommunen og fastlegen. Fastlegen følger opp pasientar med meir omfattande og samansette behov enn før, samtidig som fastlegen også varetar innbyggarar med lite behov for tenester. Regjeringa har derfor gjort endringar i finansieringa av fastlegane. Finansieringa består av basistilskot, refusjonar og eigenandelar. Basistilskotet er eit per capita-tilskot som inneber at fastlegen får eit fast tilskot per innbyggar på fastlegelista. Regjeringa meiner at basistilskotet må reflektere endringane i innhaldet i tilbodet legane skal levere. Per capita-tilskotet blir derfor differensiert frå mai 2023. Det betyr at tilskotet som følger med kvar pasient/innbyggar, blir gjort avhengig av behovet det er forventa at innbyggaren vil ha for fastlegetenester. Omlegginga vil gi fastlegane eit likeverdig utgangspunkt for å tilby likeverdige helsetenester. Legen får meir tilskot for ein listeinnbyggar med eit større forventa behov for tenester. Det betyr at legen kan sette av meir tid til å følge opp pasientane som treng det mest. Det vil følge med meir tilskot til eldre pasientar, kvinner, pasientar som treng meir tenester på grunn av helsetilstanden, pasientar i desentrale kommunar og til kommunar/bydelar med eit lågt utdanningsnivå, fordi utdanning har noko å seie for behovet for fastlegetenester. Gjennom denne endringa vil fastlegen ha betre kapasitet til å følge opp eldre menneske, noko som kan bidra til at dei kan bu trygt heime, også med eit større tenestebehov.

Rehabilitering

Det er behov for auka merksemd på tidleg innsats og førebyggande tenester. Tenestene bør derfor legge vekt på å greie ut rehabiliteringsbehovet og -potensialet for brukarane sine før det blir sett i verk permanente tiltak som kompenserer for tap av funksjonsevne. Ei slik vurdering vil vere eit viktig grep for å få til ei heilt nødvendig omstilling med større vekt på habilitering og rehabilitering i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Dette er eit bodskap styresmaktene har signalisert ved fleire høve, blant anna i rundskriv I-5/2017 Om å utrede potensialet for rehabilitering.

Det er ei utfordring at rehabiliteringstenestene som blir ytte i den kommunale helse- og omsorgstenesta, er lite beskrivne med tanke på innhald og omfang. Mangelfull tilgang på informasjon og registerdata er element som går igjen i fleire evalueringar, blant anna evalueringane av Omsorg 2020 og Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering. På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet har Helsedirektoratet begynt å jobbe med forbetringar av datakvaliteten innan habilitering og rehabilitering, blant anna ved å greie ut kvalitetsindikatorar for rehabiliteringsfeltet. Regjeringa vil følge nærare opp utviklinga på områda habilitering, rehabilitering og meistring i den kommande Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Boks 6.4 Helsestasjon for eldre

Larvik kommune har i samarbeid med sjukehuset i Vestfold opna helsestasjon for eldre. Utgangspunktet for tilbodet er å ta tak i det som er viktig for pasienten for at han eller ho skal kunne bu heime og føle seg trygg. Tilbodet er eit supplement til andre helse- og omsorgstenester. Helsestasjonen kan kontakte fastlege og andre helsetenester i kommunen, eller gi råd og rettleiing om kva pasienten sjølv kan gjere ved lettare helseproblem.

Dei som søker om rullator eller tryggleiksalarm, blir kontakta av helsestasjon for eldre og får tilbod om ei breiare kartlegging med ein tilsett ved helsestasjonen.

Kjelde: Larvik kommune

Omsorgstenesta

Omsorgstenestene utgjer nesten ein tredel av den samla verksemda til kommunane og omfattar helsetenester i heimen, opphald i institusjon, personleg assistanse eller annan praktisk bistand, støttekontakt, omsorgsstønad, pårørandestøtte og avlasting og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Helsepersonellkommisjonen peiker på at den store veksten i talet på eldre i aukande grad må bli handtert i omsorgstenesta. Dei kommunale helse- og omsorgstenestene er i kontinuerleg utvikling. Kommunane har over tid fått nye oppgåver, og samtidig har dei hatt ein tilvekst av nye brukargrupper med behov for både fysisk, psykisk og sosial omsorg, støtte og bistand. Som det går fram av kapittel 2, har det vore ei dreiing frå tradisjonelle institusjonstenester til heimebaserte tenester.

Mange kommunar har over tid jobba godt med å utvikle modellar for systematisk oppfølging av heimebuande gjennom tverrfaglege og fleirfaglege team. Gjennom å jobbe i team eller liknande kan ein bidra til betre og meir heilskapleg oppfølging. Det kan også bidra til ei betre organisering som gir auka føreseielegheit for mottakaren. I arbeidet har fleire peikt på at ein må forhalde seg til mange tilsette. Regjeringa vil vurdere modellar som støttar opp under meir effektiv bruk av helsepersonell, til dømes betre arbeidsfordeling og bruk av personellsparande teknologi. Dette er omtalt nærare i kapittel 5.

Heimetenester

Dei fleste brukarane til omsorgstenesta får tenester i sin eigen heim. Dei heimebaserte tenestene er heilt avgjerande for om vi skal nå målet om at fleire eldre skal kunne bli buande trygt heime. Trygge og føreseielege heimetenester kan bidra til å utsette eller førebygge behovet for heildøgns omsorgstenester. Det er derfor behov for at ein tenker nytt om korleis ein organiserer heimetenestene. For å legge til rette for gode og trygge tenester og best mogleg bruk av tilgjengeleg personell er det, som det går fram av kapittel 5.3, behov for tenesteutvikling og nye måtar å jobbe på.

For eldre vil det å forhalde seg til få og kjende menneske også vere viktig for tryggleiken til den enkelte og til dei pårørande. Regjeringa ønsker ei dreiing mot faste team og meir kontinuitet og føreseielegheit overfor kvar enkelt brukar. Det bidrar til god kjennskap til brukaren og gode relasjonar over tid og har mykje å seie for kvaliteten på tenesta. Regjeringa vil greie ut modellar for faste team i heimetenesta, jf. kapittel 5.3.

Boks 6.5 Tiltak som støttar opp under den nye heimetenesta

Den nye heimetenesta handlar om at medarbeidarar skal få brukt kompetansen sin slik at vi finn dei gode løysingane for og saman med brukarane. Det blir lagt vekt på helsefremmande tiltak og førebygging, slik at rett kompetanse blir sett inn til rett tid. Den nye heimetenesta blir derfor understøtta av tiltak frå andre kapittel, blant anna desse:

  • greie ut modellar for faste team i heimetenesta

  • vurdere å utvide Tørn-prosjektet i KS til eit program for heile helse- og omsorgstenesta

  • greie ut korleis ein nasjonal aktivitetsgaranti kan bli forma ut

  • gjennomføre tiltak for auka førebygging i tenesta, inkludert fallførebygging

  • vurdere meir fleksible, varierte og tilpassa aktivitetstilbod til personar med demens

  • stimulere til at fleire kommunar tar i bruk førebyggande heimebesøk

  • sette i verk tiltak som bidrar til at eldre blir tilbydde tilpassa rehabiliteringstilbod, blant anna kvardagsrehabilitering

  • gjennomføre tiltak for auka mat- og ernæringskompetanse i tenestene

  • gjennomføre tiltak for meir systematisk ernæringsarbeid i tenestene

  • vidareutvikle og styrke allmennlegetenestene og utvikle ei fleirfagleg fastlegeteneste

  • gi Helsedirektoratet i oppdrag å utarbeide rettleiingsmateriale for gode vedtaksprosessar

  • kartlegge bruken av og erfaringane med tildelingskontor

Tilstrekkeleg kapasitet av heildøgns omsorgsplassar

Utvikling av meir aldersvennlege lokalsamfunn, betre planlegging, nye arbeidsformer og auka vekt på førebygging kan ikkje aleine erstatte det aukande behovet for heildøgns omsorgstenester. Som framskrivingane frå Statistisk sentralbyrå i kapittel 2 viser, vil etterspurnaden etter heildøgns omsorgsplassar auke frå om lag 65 000 plassar i 2017 til om lag 87 000 i 2025 og 133 000 plassar i 2060.

Det vil framleis vere behov for både å sikre tilstrekkeleg kapasitet og å utvikle kvaliteten i tenesta. Å bu heime vil ikkje vere ei løysing for alle, og det vil framleis vere eit stort og aukande behov for sjukeheimsplassar, spesielt for personar med demens og eldre i siste livsfase. Når det ikkje lengre er forsvarleg å vareta behova til ein person heime, må det bli etablert eit anna butilbod. Tryggleiken for at det finst ein omsorgsplass, er viktig for den enkelte og deira pårørande. Eit tilstrekkeleg tilbod om korttids- og avlastingsplassar vil ofte vere avgjerande for om den enkelte kan bu heime lenger. Tilsvarande vil dette gjelde for om og kor lenge pårørande kan stå i langvarige omsorgsoppgåver. Det er derfor nødvendig å ha ein heilskapleg politikk som ser samla på innsatsen i omsorgstrappa, dersom vi skal nå målet om at fleire skal bli buande trygt heime lenger.

Framskrivingane og Kostra-tala frå Statistisk sentralbyrå, jf. kapittel 2, viser at utan opptrapping i investeringane til heildøgns omsorgsplassar vil det bli eit stort udekt behov innan få år. Ein stor andel av dagens sjukeheimar og omsorgsbustader er av eldre årgang og treng rehabilitering eller å bli erstatta med plassar i nye bygg. For å møte framtidas behov for heildøgns omsorgsplassar må kommunane investere i utbygging og rehabilitering av heildøgns omsorgsplassar.

Heildøgns omsorgsplassar og sjukeheimar er heimane til bebuarane, og dette bør komme til uttrykk ved utforminga av både bygga og omgivnadene. Som det går fram av kapittel 2, er det mange bebuarar som opplever lange dagar og som saknar aktivitetar. Tilrådingane om små einingar både i omsorgsbustader og på sjukeheimar gjeld framleis. Det inneber få bebuarar per eining, oversiktleg buareal og lett og trygg tilgang til uteareal, som sansehagar eller liknande. Det er vidare behov for å sjå bygg til helse- og omsorgsformål i samanheng med samfunnet elles. Sambruk av areal bidrar til generasjonsmøte og motverkar alderssegregering.

Investeringstilskotet til heildøgns omsorgsplassar er det øyremerkte verkemiddelet til regjeringa for å stimulere kommunane til å fornye og auke kapasiteten av heildøgns omsorgsplassar i institusjonar og omsorgsbustader. Regjeringa vil følge utviklinga i kommunane nøye og bidra til å auke kapasiteten på heildøgns omsorgsplassar i sjukeheimar og omsorgsbustader gjennom investeringstilskotet til heildøgns omsorgsplassar. Utbygging av heildøgns omsorgsplassar er eit kommunalt ansvar, og regjeringa vil på sikt vurdere ei innretting av ordningar som verkar meir nøytralt på kommunane sine val av bustadtilbod for eldre med pleiebehov.

Smittevern i utforminga av heildøgns omsorgsplassar

Erfaringar frå koronapandemien viser at det er behov for merksemd på smittevern også i planlegginga og utforminga av heildøgns omsorgsplassar. Smittevern i sjukeheimar blir drive etter forskrift om smittevern i helsetenesta, men mange innspel har peikt på at dei fysiske rammevilkåra har mykje å seie for organiseringa og drifta. Fleire rapporterer om at lite tenlege bygg har gjort det vanskeleg å handtere, avgrense og stoppe smitten. Eit døme er delte bad og dobbeltrom.

Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og Husbanken har fått i oppdrag å vurdere behovet for eventuelle krav og råd om smittevern i eit bygningsmessig perspektiv for både rehabiliteringsprosjekt og nye omsorgsbygg med heildøgns omsorgsplassar. Regjeringa vil på grunnlag av dette vurdere behovet for endringar i investeringsordninga for heildøgns omsorgsplassar for å sikre at omsynet til smittevern er tilstrekkeleg varetatt.

Tryggleiksstandard i sjukeheimar

Etter arbeid med utvikling, pilotering og evaluering sidan 2015 blei verktøyet Tryggleiksstandard i sjukeheimar lansert i 2021. Tryggleiksstandarden er eit leiarverktøy som sjukeheimane kan bruke for å forbetre kvaliteten på tenestene. Målgruppa er leiarar på alle nivå i sjukeheimar. Tryggleiksstandarden er tilgjengeleg og gratis for alle. Utviklingssentrene for sykehjem og hjemmetjenester har sidan lanseringa jobba systematisk med å implementere verktøyet i kommunane gjennom ulike opplæringstiltak. Helsedirektoratet jobbar med vidareutvikling av verktøyet og jobbar i 2023 blant anna med eit eige kapittel om vald, overgrep og omsorgssvikt i tryggleiksstandarden. Regjeringa vil be Helsedirektoratet vurdere korleis tryggleiksstandard-verktøyet kan ha overføringsverdi til heimetenesta, og korleis systemet kan bli tatt i bruk i den nye heimetenesta.

Lindrande behandling og omsorg

Regjeringa vil bidra til å legge til rette for at personar som treng lindrende behandling og omsorg får den hjelpa dei treng, og at dei pårørande blir godt ivareteke, uavhengig av kor ein oppheld seg. Mange ønsker meir heimetid med dei næraste i den siste fasen av livet. Dette krev blant anna førebuingar og samtalar, både med pasient og pårørande, om ønske og behov for den siste perioden av livet, trygge tenester og smertelindring. Samarbeid mellom tenestene frå kommunen og spesialisthelsetenesta om pasienten og deira pårørande er viktig for å legge til rette for ei god avslutning på livet, også for dei som skal leve vidare. Regjeringa følger opp St. Meld. 24 (2019–2020) Lindrende behandling og omsorg.

Regjeringa har i 2023 vidareført midlar til eit treårig program for utvikling av ulike modellar for korleis ein kan legge til rette for meir heimetid og heimedød for personar i siste fasen av livet. Tilskotsordninga blei etablert i 2021. Målet med ordninga er å legge til rette for lindrande behandling og omsorg i heimen for døyande pasientar og deira pårørande, for ein verdig død i heimen. Målgruppa for utviklingsprogrammet er blant anna sentrale aktørar i kommunalt palliativt team, inkludert fastlegen, heimesjukepleia og andre aktuelle faggrupper og kommunal eller interkommunal palliativ eining, anten i kommunen eller i spesialisthelsetenesta. Regjeringa vil vurdere korleis resultata frå modellane kan bidra til å legge til rette for meir heimetid og heimedød for dei som ønsker det.

Helsedirektoratet følger opp tiltaka i oppfølgingsplanen og har fått i oppdrag å gi ein status på feltet ved utgangen av 2023, og vurdere behov for vidare arbeid etter at oppfølgingsplanen er gjennomført.

Tilbodet til menneske med demens

Mange kommunar har lagt ned stor innsats for å styrke tilbodet til personar med demens og deira pårørande i løpet av planperiodane for dei norske demensplanane. Men som det går fram av Demensplan 2025, står det framleis att utfordringar for personar med demens og deira pårørande – som at altfor få blir diagnostiserte, eller at ein blir overlaten til seg sjølv etter at diagnosen er stilt. Gjennom Demensplan 2025 rettleiiar utviklingssentrene for sykehjem og hjemmetjenester kommunar i arbeidet med å etablere systematisk oppfølging etter diagnose og gode forløp for personar med demens, slik at dei får tilbod om rette tiltak eller tenester til rett tid i sjukdomsforløpet. Vidare er ei styrkt allmennlegeteneste viktig for at den enkelte skal vere sikra utgreiing og diagnostisering ved mistanke om demens, jf. kapittel 6.2.2.

Personar med demens vil som regel ha stort behov for tenester frå kommunen over lengre tid. Det er behov for både å tilby tilrettelagde tenester og å finne nye måtar å gi støtte og hjelp på, både til kvar enkelt mottakar og til dei pårørande. Sjølv om velferdsteknologi kan bidra til større grad av tryggleik og fridom for personar med demens og deira pårørande, er dette ei brukargruppe som gjennomgåande får eit tiltakande behov for personbistand etter kvart som sjukdommen utviklar seg. Tilboda som blir utvikla, må gi lett tilgang til sosiale arenaer og aktivitetstilbod, både dagaktivitetstilbod der ein blir tildelt plass, og lågterskeltilbod. Tenestetilbodet bør også bli planlagt slik at det kan skalerast opp ved behov, og utan at det krev at personen med demens må flytte.

Det følger av nasjonal fagleg retningslinje for demens at kommunane bør ha eigne eller interkommunale tverrfaglege team som del av tilbodet sitt til personar med demens. Funksjonen til teamet bør vere å hjelpe legen under demensutgreiinga, å sikre at personar med demens og pårørande blir gitt oppfølging etter diagnose, og å sikre eitt fast kontaktpunkt i kommunen vidare i sjukdomsforløpet. Kommunane skal vidare tilby ein koordinator til personar med demens med behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester. Om tenestemottakaren ønsker det, skal ein individuell plan bli utarbeidd.

Å få bevege seg så fritt som mogleg har stor verdi for livskvaliteten til personar med demens. Lokaliseringsteknologi gir auka tryggleik for både personar med demens og pårørande. Det er eit mål at fleire heimebuande med demens skal bli tilbydde lokaliseringsteknologi, som GPS.

Demens er ein sjukdom som gradvis svekker evna til å ta godt gjennomtenkte avgjerder og gi samtykke. Det kan derfor oppstå gråsoner der det er uklart om noko er frivillig, eller om personen viser motstand mot eit tiltak. Dersom personen viser motstand, blir tiltaket rekna som tvang. God kompetanse hos personell er viktig for å redusere tvang. For nokre vil også verjemål vere eit alternativ, jf. omtale under.

For å følge opp Demensplan 2025 skal dei regionale helseføretaka greie ut ei formålstenleg organisering av utgreiing av kognitiv svikt og demens i spesialisthelsetenesta, med modellar/mekanismar for samarbeid med fastlegar og eventuelt andre delar av den kommunale helse- og omsorgstenesta, som hukommelsesteam. Ei meir einsarta organisering av utgreiing av demens vil bidra til å redusere ikkje grunngitt variasjon i spesialisthelsetenesta.

For personar med demens kan det vere utfordrande å orientere seg inne i sjukehusa. Det kan dreie seg om fysiske forhold som kronglete korridorar, forvirrande skilting, utilgjengeleg eller uforståeleg informasjon og så vidare, men også organisering og rutinar i sjukehusa. I tillegg kan manglande bruk av kartleggingsverktøy og generelt manglande kunnskap og kompetanse blant helsepersonell om korleis dei skal forhalde seg til personar med kognitiv svikt, opplevast som krevjande. Dei regionale helseføretaka skal fremme utvikling av demensvennlege sjukehus gjennom auka merksemd på fysisk tilrettelegging, nye rutinar og meir og betre kommunikasjon mellom helsepersonell, pasient og pårørande for å gjere sjukehusopplevinga betre.

Bu trygt heime-reforma bygger på tiltaka i Demensplan 2025. Regjeringa vil følge opp Demensplan 2025 og evaluere erfaringane med planen. Vidare vil gode og tilpassa aktivitetstilbod vere viktige tilbod for personar med demens, jf. omtale i kapittel 6.2.

Boks 6.6 Veiviser demens

Nasjonalt senter for aldring og helse har utarbeidd Veviser demens som gir råd, tips og informasjon om aktuelle tiltak i dei ulike fasane av demenssjukdom. Vegvisaren skal gjere det enklare for helse- og omsorgstenestene å gi gode tenester til personar med demens og deira pårørande. Han gir råd og tips om korleis tenester kan organiserast, og forslag til aktuelle tiltak i dei ulike fasane av demenssjukdommen. Vegvisaren viser korleis tilrådingane i nasjonal fagleg retningslinje om demens kan følgast, og bygger på nasjonale og internasjonale erfaringar og forsking. Vegvisaren er først og fremst retta mot avgjerdstakarar og helse- og omsorgspersonell, men kan også vere aktuell å lese for personar med demens og pårørande.

Kjelde: Nasjonalt senter for aldring og helse

Verjemål

Å få bestemme over sitt eige liv er ein av dei viktigaste føresetnadane for eit godt liv. Derfor må vi sikre at den enkelte i størst mogleg grad beheld sjølvråderetten. Men for enkelte med store bistandsbehov vil det å ta hand om eigne interesser vere krevjande. For desse vil verje vere eit alternativ. Verjemål er eit frivillig hjelpetiltak for personar som på grunn av skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting ikkje kan ta vare på interessene sine sjølve. For dei som ikkje har samtykkekompetanse, må tenesta ha nær kontakt med pårørande eller verje som hjelper brukaren.

Det finst også eit privatrettsleg alternativ til vanleg verjemål, der ein kan opprette ei framtidsfullmakt. Ei framtidsfullmakt er ei fullmakt til éin eller fleire personar om å representere fullmaktsgivaren etter at fullmaktsgivaren på grunn av sjukdom eller andre årsaker ikkje lengre er i stand til å ta vare på interessene sine innan dei områda som blir omfatta av fullmakta. Ei framtidsfullmakt gir deg større grad av sjølvstyre også etter at du ikkje lengre er i stand til å ta stilling til spørsmål på eigne vegner. Dersom framtidsfullmakta dekker behova dine, blir det ikkje nødvendig å peike ut ei verje sjølv om du ein gong i framtida skulle bli så sjuk at du ikkje lenger er i stand til å ta vare på eigne interesser.

Psykisk helse

For å nå målet til regjeringa om at eldre skal kunne bu trygt heime lenger, er det viktig at eldre held oppe god psykisk helse, mellom anna gjennom helsefremmande og førebyggande tiltak. Lågterskeltilbod om fysisk aktivitet i lokalsamfunnet (til dømes på eldresenter, aktivitetssenter og seniorsenter) har vist seg å ha god effekt for trivselen og den psykiske helsa hos eldre. Systematisk førebyggande heimebesøk i kommunane er eit tiltak som kan vareta mange aspekt ved førebygging, også knytte til einsemd og psykisk helse. I tillegg vil ei oppleving av tryggleik i eigen heim kunne bidra til mindre bekymring og uro. Gode aktivitetstilbod og førebyggande heimebesøk vil vere sentrale tiltak for å fange opp psykiske lidingar, men også for å vareta og halde oppe god psykisk helse for eldre.

Regjeringa vil bidra til å utvikle metodar for å fremme god psykisk helse gjennom å gi tilskot til Trøndelag fylkeskommune for å gjennomføre piloten ABC for god psykisk helse – ein folkehelsekampanje. ABC står for Act, Belong, Commit. Det er godt dokumentert at aktivitet, sosial tilhøyrsel og engasjement i meiningsfulle aktivitetar bidrar til å fremme god livskvalitet og psykisk helse. Kampanjen skal fremme aktivitetar og engasjere og motivere folk til å styrke si eiga psykiske helse, og eldre menneske inngår i målgruppa.

Ved mistanke om ei psykisk liding hos eldre skal tilstanden bli følgt opp aktivt, og ikkje berre bli oppfatta som ein del av aldringa i seg sjølv. Fastlegen er den viktigaste aktøren for å avdekke og følge opp psykiske helseutfordringar hos eldre. Førekomsten av psykiske lidingar aukar med alderen og er ulik i ulike grupper av eldre.11 For eldre som har oppfølging av heimesjukepleia, og i mindre grad oppsøker fastlegen sjølv, er eit tett samarbeid med fastlegen viktig. Nokre gongar vil det vere behov for å vise til vidare utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta. Regjeringa vil vidareutvikle og styrke allmennlegetenestene, jf. kapittel 6.2.2. Vidare bør dei nasjonale faglege råda frå Helsedirektoratet om psykiske lidingar hos eldre blir gjorde kjende i tenestene.

Analysar frå dei regionale helseføretaka viser behov for å auke kapasiteten for behandling av eldre. Regjeringa har nyleg lagt fram Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse. Planen omfatter heile befolkninga, medrekna eldre.

Rusmiddelbruk

Generelt er bruk av rusmiddel, og særleg alkohol, knytt til ei rekke somatiske sjukdommar og tap av friske leveår, i tillegg til akutte skadar og ulykker. Dagens eldre drikk meir alkohol enn tidlegare generasjonar. Som det går fram av kapittel 2, aukar sårbarheita for alkohol og andre rusmiddel ved aukande alder. Det er eit potensial for å redusere behovet for helsetenester for eldrebefolkninga ved å førebygge risikofylt og skadeleg rusmiddelbruk.

Førebygging av risikofylt rusmiddelbruk handlar langt på veg om dei same forholda som er beskrivne under avsnittet om psykisk helse og andre helsefremmande innsatsar og tiltak. Heimebaserte tenester og fastlegetenesta er sentrale kommunale tenester som kan identifisere og kartlegge risikofylt eller skadeleg bruk av alkohol eller andre rusmiddel hos eldre.

Hjelpeapparatet må tore å spørje om rusmiddelbruk på lik linje med andre tema det er relevant å snakke om med eldre. Rettleiaren frå Helsedirektoratet om førebyggande heimebesøk nemner bruk av alkohol som eit av samtaleemna som bør bli tatt opp. Det å sette rusmiddelbruk på dagsordenen er viktig i alle tenester og kan bidra til å redusere negative konsekvensar for den enkelte og for barn og andre pårørande.

Rusmiddelbruk gir ulike konsekvensar og påverkar livssituasjonen og funksjonsnivået til den enkelte i ulik grad. Rusmiddelbruk, og samtidig legemiddelbruk og aldring gir komplekse problemstillingar. Helsedirektoratet tilrår at tilbod retta mot eldre med begynnande rusmiddelproblem blir støtta av fagpersonell med både rusfagleg og geriatrisk kompetanse. Fleire av dei regionale kompetansesentera på rusområdet (Korus) tilbyr kompetansehevingsprosjekt om eldre og rus.

Regjeringa vil legge fram ei melding til Stortinget om ei førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet. Meldinga vil omfatte rusproblematikk i heile befolkninga, også blant eldre.

Vald og overgrep

Vald og overgrep er eit alvorleg samfunnsproblem, jf. kapittel 2. Alder er eit av fleire forhold som har noko å seie for kor stor risiko den enkelte har for å bli utsett for vald og overgrep. Ingen skal oppleve frykt for å bli utsett for vald og overgrep, og alle har rett på ei trygg og god alderdom og eldreomsorg. Ei av dei aller viktigaste oppgåvene til samfunnet er å verne borgarane sine, og det at menneske blir utsette for vald og overgrep, vedkjem oss alle. Regjeringa har derfor løyvd midlar til TryggEst. TryggEst er ein modell som er utvikla for å hjelpe kommunar å vareta vaksne innbyggarar som i lita eller inga grad er i stand til å verne seg sjølve, til dømes personar med fysisk eller kognitiv funksjonsnedsetting, høg alder, demens og så vidare. TryggEst skal blant anna sikre at saker blir avdekte, at saker ikkje blir oversett eller gløymde, og at den utsette blir varetatt. Regjeringa har i statsbudsjettet for 2023 styrkt arbeidet med TryggEst, i eit samarbeid mellom Kultur- og likestillingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Helsedirektoratet har fått i oppdrag å gi ei heilskapleg vurdering og prioritering av kva tiltak som bidrar til å styrke innsatsen for å førebygge, avdekke, hindre og handtere eldrevald i omsorgssektoren. Direktoratet er også bedt om å vurdere nasjonale faglege retningslinjer eller andre normerande verkemiddel for å greie ut og handtere eldrevaldssaker. Vidare skal direktoratet gå gjennom dagens verkemiddel og prosedyrar for utgreiing og handtering av saker der det er grunn til å tru at eldre blir utsette for vald og overgrep, og vurdere effektive meldesystem for å ta vare på behovet for oppfølging frå tilsynsstyresmaktene. Oppdraget skal svarast på i løpet av 2023 og er svar på eit oppmodingsvedtak gitt av Stortinget i mai 2021.

Regjeringa skal i 2023 legge fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Opptrappingsplanen omfattar vald i nære relasjonar i heile den vaksne befolkninga, også eldre. Han skal legge til rette for utviklinga av ein heilskapleg og samordna politikk mot vald i nære relasjonar, som involverer relevante sektorar, etatar, institusjonar og organisasjonar. Opptrappingsplanen vil også omfatte vald mot særleg sårbare utført av omsorgs- eller tillitspersonar. Personar som har store omsorgsbehov og er avhengige av andre menneske i dagleglivet, er meir valdsutsette enn andre grupper, og har derfor eit særleg behov for vern mot vald og overgrep.

Tannhelse

Ein aukande del eldre som får helse- og omsorgstenester, har eigne tenner og derfor eit stort behov for førebyggande tiltak og oppfølging og behandling av tannpleiar eller tannlege. Mange har behov for hjelp til dagleg munnstell. Helsedirektoratet har fått i oppdrag å prøve ut ei ordning med kommunal tannpleiar, blant anna basert på eit forsøk med tannpleiar i heimebaserte tenester i Hamar kommune (2015–2017).12 God samhandling har vist seg særleg krevjande å få til rundt heimebuande eldre. Tannpleiarar som er tilsette i kommunen, skal bidra til samanhengande helsetenester, etablering av rutinar for oppfølging av tann- og munnstell og opplæring av personell i kommunal helse- og omsorgsteneste. Regjeringa vil vurdere korleis prosjektet skal bli følgt opp vidare.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal komme med forslag som kan sikre at tannhelsetenestene blir likestilte med andre helsetenester. Utgreiinga kan bidra til å redusere sosiale og geografiske forskjellar i tilgang til og bruk av tannhelsetenester. Dette kan komme grupper med auka risiko for redusert tannhelse til gode og kan bidra til betre tannhelsetenester for heimebuande eldre.

Dårleg oral helse er ein av mange faktorar som kan ha noko å seie for matinntak og ernæringsstatus hos eldre. Tygge- og svelgevanskar, smerter og infeksjonar i munnhòla og munntørrleik kan påverke ernæringstilførselen og matlysta. Ei dårleg varetatt munn- og tannhelse kan gi infeksjonar som kan føre til at ein mistar tenner og tyggefunksjon, som kan gi smerter, og igjen bidra til underernæring.

Nedsett funksjonsevne og redusert evne til eigenomsorg, inkludert nedsett evne til å halde oppe god oral hygiene, er hovudårsaka til orale helseplager hos personar med demens. Eldre med demens har gjennomgåande dårlegare oral helse enn eldre utan demens, blant anna har dei meir karies og færre tannrøter att. Gjennom oppfølginga av den nasjonale ernæringsstrategien for eldre skal Helsedirektoratet samle, vidareutvikle og spreie gode erfaringar frå kommunar som jobbar systematisk med mat og ernæring, inkludert systematisk arbeid med munn- og tannhelse.13

6.3.2 Innovasjon og samhandling

Mange eldre vil ha behov for fleire tenester frå ulike tenesteytarar, på tvers av sektorar og gjerne samtidig. Mange opplever at det glepp i overgangar, eller at tenestene ikkje samhandlar godt nok. Regjeringa ønsker samanhengande og gode tenester som bidrar til heilskaplege og saumlause pasientforløp for kvar enkelt pasient og pårørande.

Helse- og omsorgstenestene har gjennom fleire tiår vore gjenstand for stadig utvikling og innovasjon. Det blir utvikla stadig nye arbeidsmodellar, behandlingsmetodar og teknologi. I møte med ei aldrande befolkning er det behov for å tenke nytt om korleis vi skal sikre berekraftige tenester også for framtidige generasjonar. Regjeringa støttar lokale initiativ som utforskar nye løysingar, og tar i bruk ny teknologi og nye faglege tilnærmingar og metodar.

Brukarmedverknad er viktig av fleire grunnar – både for brukaren sjølv og som eit verkemiddel for å forbetre og kvalitetssikre tenestene. Medråderett og brukarmedverknad er heilt vesentleg for at den enkelte skal få tenester tilpassa behova sine. Reell innverknad og medverknad bidrar også til auka tryggleik og tillit. I tillegg har eldre erfaringar som er viktige for politikkutforming og utvikling av samfunnet.

Samhandling og samarbeid

Mange eldre er sårbare og utsett for å få fleire samtidige sjukdommar, og har ofte behov for behandling, tenester og oppfølging frå fleire aktørar i helse- og omsorgstenesta samtidig. Dette stiller krav til samarbeid og samhandling mellom aktørane. Med fleire eldre og fleire med langvarige helseproblem og samansette behov aukar krava til godt tverrfagleg samarbeid for å sikre gode pasientforløp og gode overgangar internt i og mellom helse- og omsorgstenestene og mellom tenestene og heimen. God samhandling og informasjonsflyt er viktig for at pasientar og brukarar skal oppleve ei samanhengande helse- og omsorgsteneste, og har mykje å seie for om eldre skal kunne bu trygt heime.

Heilskaplege forløp internt og på tvers av nivå

Overgangar, i form av både inn- og utskrivingar, representerer sårbare delar i eit pasientforløp. Pasientar og pårørande som er godt førebudde i forkant av ein overgang, opplever overgangen som betre enn dei som ikkje er førebudde.14 Kontinuitet hos fastlegen, til dømes, har betydning for risikoen for å bli lagd inn på sjukehus.15 Dersom ein grip inn tidleg, kan ein unngå at sjukdom inntreffer og utviklar seg. På denne måten kan vi unngå unødvendige innleggingar eller re-innleggingar. Dette er betre for brukarar og pasientar. For mange eldre vil det vere betre å få helsehjelpa der dei er, enn å bli flytta, så lenge det er forsvarleg. Fleire kommunar har oppretta ambulante tenester, som legevakt på hjul eller liknande, som er effektive tiltak for å tilby tenester nærare brukaren.

Regjeringa har ført vidare samarbeidsavtalen med KS om innføring av 19 helsefellesskap mellom kommunar og helseføretak. Formålet med helsefellesskapa er å skape meir samanhengande, berekraftige helse- og omsorgstenester. Det har blitt peikt på fire pasientgrupper som kommunar og helseføretak skal prioritere å planlegge og utvikle gode tenester til og eldre er ei av gruppene. Felles for desse fire gruppene er at dei har eit særleg behov for heilskaplege og samanhengande tenester frå den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta. For desse gruppene vil også samarbeid med og involvering av pårørande vere viktig.

Mange eldre har stort behov for og forbruk av helse- og omsorgstenester og er sårbare for flyttingar. Blant dei vanlegaste årsakene til innlegging på sjukehus er fall, influensa, lungebetennelse og lidingar i sirkulasjonssystemet. Ved ei sjukehusinnlegging er det auka risiko for biverknader og komplikasjonar. Analysar utførte av Folkehelseinstituttet viser at kvart sjette sjukehusopphald for eldre pasientar resulterer i ei reinnlegging (ny sjukehusinnlegging innan 30 dagar). Betre samarbeid om førebygging av sjukdomsforverring og tidleg innsats og dessutan ein betre utskrivingsprosess bidrar til betre pasientforløp, færre uønskte reinnleggingar og rettare ressursbruk. Pasientsentrert helsetenesteteam er eit godt døme på ei arbeidsform som gir tryggare overgangar, redusert bruk av akutthjelpinnleggingar og stor reduksjon i seksmånaders dødelegheit.

Helse- og omsorgsdepartementet vil legge fram ei melding til Stortinget om Nasjonal helse- og samhandlingsplan. Meldinga vil omhandle samhandling både mellom dei kommunale helse- og omsorgstenestene og spesialisthelsetenesta og internt i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Betre samhandling er sentralt for å kunne gi pasientar og brukarar den hjelpa dei har behov for, til rett tid, på rett stad og med personell som har rett kompetanse. Gode pasientforløp og gode tenester der folk bur, vil vere eit sentralt tema i Nasjonal helse- og samhandlingsplan, der ein blant anna vil vurdere tiltak for å støtte opp under heilskaplege, samanhengande tenester til pasientar med store og samansette behov og gode pasientforløp med trygge overgangar.

Koordinerte tenester

For å legge til rette for at eldre kan bli buande heime lengst mogleg, er det viktig med gode tenester som bidrar til tryggleik og føreseielegheit for den enkelte og deira pårørande. Å skulle ta omsyn til stadig nye tenesteytarar kan vere utfordrande, særleg for personar med demens. Ein koordinator som koordinerer tenestene betre, kan vere éi løysing. Tilsvarande kan til dømes betre arbeidsdeling eller teamorganisering bidra til auka kontinuitet, jf. kapittel 5.3.1.

For brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester har kommunen ei plikt til å tilby koordinator, og brukarane har også ein lovfesta rett til individuell plan (IP). Helsedirektoratet har i innspel til reforma kommentert at det er forskjell mellom målgrupper når det gjeld korleis lovkrav om koordinering blir etterlevde. Direktoratet peiker på at eldre er blant målgruppene med særleg låg etterleving av lovkrav på dette området, men at det kan vere andre ordningar som heilt eller delvis varetar dette. Helsedirektoratet ser det som viktig at det blir prioritert tiltak for implementering og etterleving av lovkrav for alle målgruppene.

Nasjonalt senter for aldring og helse utarbeidde på oppdrag frå Helsedirektoratet ein eigen vegvisar om demens som blei lansert i 2022, med råd og rettleiing blant anna om korleis ein kan legge til rette for koordinerte tenester til personar med demens.

Det har dei seinare åra blitt etablert ei rekke ulike koordinatorordningar. Regjeringa vil i arbeidet med Nasjonal helse- og samhandlingsplan vurdere dei lovregulerte koordineringsordningane i både kommunane og spesialisthelsetenesta.

Digitalisering og velferdsteknologi

Digitalisering gir store moglegheiter for å utvikle helse- og omsorgstenesta til det beste for pasientar, helsepersonell, pårørande og innbyggarar. Dei nasjonale e-helseløysingane, helsenettet, nasjonal kjernejournal, e-resept og helsenorge.no bidrar i dag til samhandling i tenesta. Det skal byggast stegvis vidare på dei nasjonale e-helseløysingane og bli utvikla ny funksjonalitet som kan møte lokale behov og legge til rette for at fleire kan bu heime lenger.

Det er også gjort investeringar i digitale samhandlingsløysingar som éi felles legemiddeloversikt (legemiddellista til pasienten), dokumentdeling, kritisk informasjon og ei nasjonal løysing for deling av laboratorie- og radiologisvar (prøvesvara til pasienten). Dette er løysingar som vil bli viktige for å legge til rette for at fleire pasientar kan bli følgde opp heime.

Det skal etablerast ei helseteknologiordning for å avlaste risiko og stimulere til investeringar i ny helse- og velferdsteknologi i kommunane.

Fleire av dei digitale løysingane og velferdsteknologi som i dag blir nytta for å legge til rette for at folk kan bu heime så lenge som mogleg, er avhengige av tilgjengelege og moderne mobil- og breibandsnett med god kvalitet. Gode og framtidsretta mobil- og breibandsnett i heile landet er derfor ein viktig føresetnad for at eldre skal kunne bu trygt heime. Regjeringa vil legge til rette for dette og har lagt ambisiøse mål for breibandstilbodet i Noreg.

Boks 6.7 Helsevakta – responssenter i Fredrikstad kommune

Helsevakta er ei responssenterteneste for mottak av alarmar frå tryggleiks- og meistringsteknologiar frå heimebuande i fleire kommunar i Viken og Innlandet. Per 2023 inngår 16 kommunar i helsevaktsamarbeidet. Helsevakta er lokalisert i og blir drifta av Fredrikstad kommune. Helsepersonell ved helsevakta responderer på alarmar, vurderer, avklarar, dokumenterer og set i verk nødvendige tiltak. Responstenesta er ei avgjerande brikke i tilnærminga kommunane har til teknologistøtta helse- og omsorgstenester. Kommunesamarbeidet gir stordriftsfordelar i form av eit samla kompetansemiljø med god vurderingskompetanse som kjem brukarar og den oppfølgande tenesta til gode. Tilsette ved helsevakta har dagar i turnus ved tryggleikspatruljen til Fredrikstad kommune. Tryggleikspatruljen følger opp brukarar som har nytta tryggleiksalarmen. Ved å veksle mellom dagar inne ved helsevakta og ute i tryggleikspatruljen blir den kliniske kompetansen halden oppe, noko som synest effektfullt for vurderingskompetansen ved eit responssenter. Helsevaktsamarbeidet omhandlar også samarbeid mellom e- helsemiljøa til kommunane, der tenesteutvikling innanfor velferdsteknologiområdet står sentralt. Fagmiljøet rundt e-helse blir styrkt med regionalt samarbeid ved at kommunane drar veksel på kunnskapane og erfaringane til dei andre kommunane.

Kjelde: Fredrikstad kommune

Velferdsteknologi

Helse- og velferdsteknologi vil spele ei viktig rolle i helse- og omsorgstenesta i framtida og blir sett på som ein føresetnad for å sikre berekrafta i tenesta. Digitalisering og auka bruk av teknologi er sentralt for å legge til rette for at fleire eldre kan bu heime lenger. Det går fram av Hurdalsplattforma at regjeringa vil etablere ei helseteknologiordning som skal bidra til å utløyse investeringar i ny helse- og velferdsteknologi i helsetenestene. Helseteknologiordninga skal stimulere kommunane til å samordne seg i arbeidet med betre journalløysingar og innføring av helse- og velferdsteknologi og digital heimeoppfølging. Etablering av ei helseteknologiordning skal bli sett i samanheng med velferdsteknologiprogrammet og skal kunne byggast ut over tid. Arbeidet skal støtte opp under heilskap og samanheng i tenesta og vil bli nærare konkretisert i Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Nasjonalt velferdsteknologiprogram (NVP) blei etablert i 2014 og er eit samarbeid mellom KS, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet. Gjennom NVP har over 70 prosent av kommunane i landet tatt i bruk éin eller fleire ulike former for velferdsteknologiske løysingar i perioden 2014–2021, som til dømes lokaliseringsteknologi (GPS), elektronisk medisineringsstøtte, elektroniske dørlåsar, digitalt tilsyn og digitale tryggleiksalarmar.16 Volumet er fortsatt lavt totalt sett.

Kommunane som har deltatt i programmet, rapporterer at bruk av velferdsteknologi gir gevinstar, hovudsakleg langs tre aksar: spart tid, unngåtte kostnader og auka kvalitet. Blant gevinstane for brukarane er auka livskvalitet og enklare tilgang på tenestene. Tilsette rapporterer om redusert stress som følge av ei jamnare arbeidsmengd i kvardagen, betre samhandling og rolegare arbeidsmiljø, færre avvik og auka pasienttryggleik. Pårørande svarer at dei opplever auka tryggleikskjensle som følge av mindre stress og bekymring for sine næraste. Fleire kommunar kan vise til unngått ressursbruk og økonomiske gevinstar på aggregert nivå. Tal frå kommunane si gevinstrapportering til Nasjonal velferdsteknologiprogram viser for eksempel at nesten 50 prosent av gevinstane er knytt til frigjort tid som følge av elektronisk medisineringsstøtte. Det har gitt personellet i heimetenesta færre besøk og mindre køyring.17 Samtidig er det fleire mindre og mellomstore kommunar som ikkje har implementert velferdsteknologi. Det er også område innanfor helse- og omsorgstenesta der utviklinga og implementeringa av velferdsteknologi ikkje har begynt, eller har komme kort. Potensialet ved auka bruk av helse- og velferdsteknologi blir framleis vurdert å vere høgt, og det er eit mål at fleire tar det i bruk som ein integrert del av tenesta. Erfaringane frå NVP viser at velferdsteknologi i dei kommunale helse- og omsorgstenestene kan gi resultat i form av spart tid, og dermed vere personellsparande. Helsepersonellkommisjonen viser til at ny teknologi og digitale løysingar har eit stort potensial for å forbetre helse- og omsorgstenesta.

Kommunenettverket for innføring av velferdsteknologi, som er etablert i regi av KS, har som formål å drive aktivt forankrings- og erfaringsdelingsarbeid i kommunane, og å dra nytte av kommunane sine eigne ressursar. Kommunenettverket bidrar med kompetanseoverføring for kommunar som ønsker å implementere ny teknologi, eller som møter på utfordringar ved å gå frå tilskotsfinansiert prosjekt eller utprøving og over i ordinær drift.

Effektiv dataflyt mellom utstyret i heimen og journal- og fagsystem er viktig for at helsepersonell skal unngå manuelle rutinar og dobbeltregistrering av journalverdig informasjon, og for at dei enkelt skal få oversikt over relevante opplysningar. For å ta ut gevinstar i samband med bruk av velferdsteknologi og digital heimeoppfølging (DHO) må data også kunne delast mellom helsepersonell og ulike verksemder i ulike delar av helse- og omsorgstenesta. Gjennom velferdsteknologisk knutepunkt (VKP) er det mogleg å dele informasjon mellom velferdsteknologiske løysingar og journalane til kommunane. Dette er ei etterspurd løysing, og Norsk helsenett SF vil vurdere om kommunar kan kople seg på løysinga i 2023, og eventuelt kor mange. VKP blir rekna som ein komponent i helsenettet og inngår dermed som ei av dei nasjonale e-helseløysingane. Sidan velferdsteknologisk knutepunkt kan sjåast på som ein del av helsenettet, vil det kunne bli gitt føresegner i forskrift om plikt til å ta tenesta i bruk og betaling for forvaltning og drift. Det vil då vere mogleg at fleire kommunar tar i bruk løysinga, som kan sjåast på som eit første steg i eit journalløft for kommunane.

For å bidra til at fleire kommunar tek i bruk helse- og velferdsteknologi, vil regjeringa etablere ein helseteknologiordning med mål om at fleire kommunar tek i bruk velferdsteknologi og annan personellsparande teknologi som ein integrert del av tenestene.

Å skape velferda saman

I innspela til Bu trygt heime-reforma er det peikt på at tenestene ikkje blir tilstrekkeleg samskapte med eldre menneske og pårørande. Og at eldre ikkje blir involverte i lokale planprosessar i tilstrekkeleg grad. Innovasjon og nye løysingar gjennom blant anna medverknad og samskaping skjer ofte for seint i utviklingsløpa. Friskare aldring medfører at fleire eldre er klare til å bidra med kompetanse og ressursar også etter pensjonsalderen. Slike bidrag kan gi lokalsamfunnet viktige ressursar, samtidig som vi veit at den fysiske og psykiske helsa til den enkelte blir betra av aktiv deltaking.

NOU 2011: 11 Innovasjon i omsorg er innstillinga frå eit utval som blei sett ned for å greie ut moglegheiter og foreslå nye innovative grep og løysingar for å møte omsorgsutfordringane i framtida. Meld. St. 29 (2012–2013) Morgendagens omsorg, som bygde på NOU-en, sette ei ny retning for dei kommunale helse- og omsorgstenestene, og det har skjedd ei positiv utvikling i kommunane på fleire område. Samtidig er det behov for å sjå nærare på korleis vi i større grad kan styrke samhandlinga mellom offentleg sektor og sivilsamfunnet, og korleis vi kan legge til rette for innovasjon og utvikling som utviklar løysingar og mogleggjer samspel mellom dei mange og ulike aktørane i lokalsamfunnet. Vidare er det behov for å greie ut nye former for brukarmedverknad og utvikle løysingar som støttar opp under målet om aktiv innbyggardialog og -involvering i utviklinga av dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Ein slik innsats er nødvendig i møtet med ei aldrande befolkning og for å mogleggjere at utfordringane ikkje må bli løyst i helse- og omsorgssektoren aleine, men at ein tar i bruk dei samla ressursane i samfunnet for å sikre trygge og gode velferdstenester til eldre.

Regjeringa vil derfor sette ned eit utval som skal greie ut nye moglegheiter og modellar for å skape velferd saman med innbyggarane, dei tilsette, frivilligheita, brukar- og pårørandeorganisasjonar, ideelle leverandørar og næringslivet. Utvalet skal greie ut barrierar som hindrar utvikling, og finne nye løysingar i mellomromma mellom helse- og omsorgstenestene og dei andre kommunale sektorane, mellom kommunen som forvaltning og kommunen som lokalsamfunn, og mellom kommunar, næringsliv og forskings- og utdanningsmiljø. Utvalet skal bygge på og utvikle målet til regjeringa om å støtte opp om ideell sektor og ideelle tilbydarar i helse- og omsorgssektoren og å sikre frivillige og ideelle tilbydarar gode rammevilkår. Utgreiinga skal vidare legge til grunn arbeidet til regjeringa med tillitsreforma.

Næringsliv

Næringslivet kan bidra med nye løysingar som gjer at eldre kan bu trygt heime lenger. Gjennom det næringsretta verkemiddelapparatet kan føretak søke om tilskot eller lån til prosjekt. Aktuelle verkemiddel er til dømes ulike støtte- og låneordningar i Innovasjon Noreg, som innovasjonskontraktar og innovasjonspartnarskap. Offentlege aktørar innanfor helse og omsorg har også ei rolle i å fremme innovasjon gjennom anskaffingar. Her kan Nasjonalt program for leverandørutvikling (LUP) bidra med kompetanse på korleis offentlege aktørar kan bidra til innovasjon. I tillegg kan føretak søke om frådrag for delar av utgiftene i forskings- og utviklingsprosjekt gjennom Skattefunn.

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad er ein lovfesta rett for alle pasientar, brukarar og pårørande. Tenesta har derfor ei plikt til å involvere dei relevante partane i undersøkingar, behandling og val av tenestetilbod. Samtidig er det mange som opplever å ikkje bli involverte i utforminga av tenester, slik Riksrevisjonen har påpeikt, jf. kapittel 2.18 Samarbeid med pasientar, brukarar og pårørande er grunnleggande for å legge til rette tenestene på ein god måte. Pasientar, brukarar og pårørande har nødvendig informasjon og erfaring som ein må legge meir vekt på.

For å nå målet om auka førebygging og helsefremmande innsats, trengst det samarbeid med dei det gjeld. Gjennom involvering kan vi mobilisere og styrke sjølvstende slik at ein så langt som mogleg blir sett i stand til å halde oppe fungering i kvardagslivet, og til å oppleve tryggleik og kontroll over eige liv. Dette krev god kommunikasjon som er tilpassa føresetnadene til den enkelte, inkludert den kulturelle og språklege bakgrunnen. Det handlar om å vareta det heilskaplege behovet til den enkelte, og ikkje berre sjukdommen eller funksjonsnedsettinga deira. Gjennom ei meir personsentrert tilnærming kan den enkelte også få varetatt psykiske, sosiale og eksistensielle behov, som bidrar til auka tillit og tryggleik.

Gjennom satsinga på Nasjonalt læringsnettverk for Gode pasientforløp har KS og Folkehelseinstituttet sidan 2014 jobba systematisk med å implementere spørsmålet «Kva er viktig for deg?» i helse- og omsorgstenesta. I juni kvart år blir «Kva er viktig for deg?»-dagen markert med aktivitetar over heile landet og i over 40 andre land. Satsinga har bidratt til ei viktig dreiing mot ei meir personsentrert teneste.

Regjeringa ønsker at eldre skal bli tatt meir med på råd, også når det gjeld utviklinga av helse- og omsorgstenestene. Ved å involvere brukarane aukar sjansane for at tenestene svarer til det reelle behovet til brukarane. Det å sikre brukarinvolvering er også sentralt i utviklings- og innovasjonsarbeid.

Éi dør inn til informasjon

For å styrke grunnlaget for meistring er det behov for meir og samla informasjon om relevante tilbod til eldre og pårørande i kommunane, også utover informasjon om det offentlege tenestetilbodet. I dialogmøta til reforma var deltakarane opptatt av at informasjon om tilbod som er nyttige for eldre å vite om, må bli samla og spreidd. Eldre opplever å trenge informasjon om både kommunale tenester, kva dei frivillige kan tilby, kva tilbod ideelle verksemder har, og kva det lokale næringslivet kan bidra med. Mange etterlyste tiltak som bidrar til at det er lett for brukarar og pårørande å få informasjon om og kontakt med relevante tilbod i bustadkommunen. Døme på éi digital dør inn som samlar relevant informasjon for målgruppa, er samlesida til Sandefjord kommune for seniorar eller nettsida til Oslo kommune for tenester til eldre. Tiltaka som blir utvikla, må også vareta behovet for å nå fram med informasjon til ikkje-digitale innbyggarar.

Kommunane er tente med å gi innbyggarane sine god informasjon om tilbod og tenester og bør ha gode nettsider med lett tilgjengeleg informasjon. Regjeringa vil oppmode kommunane til å utvikle gode og oversiktlege nettsider der innbyggarane enkelt kan finne fram til relevant informasjon. Kommunane må også ha system som fangar opp dei som tek kontakt, og sørger for at dei blir sette i kontakt med rett instans. Helse- og omsorgsdepartementet har også gitt Helsedirektoratet i oppdrag å greie ut om og korleis det samla tilbodet frå kommunane kan bli formidla til innbyggarane gjennom éi felles dør inn på kommunenivå.

Regjeringa legg til grunn at helsenorge.no er, og framleis vil vere, hovudinngangen til innbyggarane til offentlege helse- og omsorgstenester på nett. Til dømes er det på helsenorge.no eigne sider med oversikt over rettar, informasjon om tenester, sjølvbeteningsløysingar for informasjon om eiga helse og så vidare.

Boks 6.8 Innbyggartorg som informasjonskanal

Asker kommune har etablert åtte innbyggartorg som er sentralt plasserte over heile kommunen. Dei fungerer som ein open møteplass og kulturarena for alle innbyggarane, på tvers av kulturar og generasjonar. Innbyggartorga gir også informasjon og rettleiing om tenestene og tilboda til kommunen, og fungerer som ein felles informasjonsarena til innbyggarane. Innhaldet på innbyggartorget blir skapt i eit samarbeid mellom lokale initiativ, lag og foreiningar, det frivillige, næringslivet og kommunen. Døme på aktivitetar er turgrupper med DNT, språkkafé, dansekurs, bibliotektenester, trening for eldre og så vidare. Innbyggartorga fungerer også som møteplassar utanom aktivitetane og har erstatta tidlegare seniorsenter i kommunen. Asker kommune gjennomførte brei innbyggarinvolvering gjennom blant anna fokusgrupper då dei utviklinga tilboda.

6.4 Støtte til pårørande

Den norske helse- og omsorgsmodellen er kjenneteikna ved eit nært samspel mellom tenestene og familie og pårørande. I løpet av eit liv vil dei aller fleste av oss vere pårørande for nokon som står oss nær – anten i korte eller lengre periodar. Pårørande er ein viktig ressurs, både for dei næraste og for samfunnet. Berekningar viser at den samla innsatsen frå pårørande er av same omfang som innsatsen frå dei offentlege helse- og omsorgstenestene.19

Mange pårørande ønsker å hjelpe og støtte sine næraste når det er behov for det. Men som det går fram av kapittel 2.5.2, er det mange pårørande som opplever å stå i svært krevjande omsorgssituasjonar over fleire år. Ein gjengangar i pårørandeundersøkingar og innspel til reforma er at pårørande opplever å ikkje bli lytta til, eller at dei bruker mykje ressursar på å finne informasjon, koordinere tenestetilbodet og andre krevjande oppgåver. Det er framleis slik at kvinner tar hovudansvar for mykje av pårørandeomsorga. Kvinnehelseutvalet har vist at denne omsorga ofte får konsekvensar for kvinners eiga helse. Utvalet peiker vidare på at kombinasjonen av å delta i arbeidslivet og yte omsorg for foreldre kan bli sett på som ei ny form for tidsklemme, og påverkar føresetnadene for å delta i arbeidslivet.20

Pårørande gjer ein stor innsats med omsorg for sine nærståande. Hjelp frå pårørande og frivillige er ofte ein føresetnad for at eldre personar med omfattande omsorgsbehov skal kunne bu i sin eigen heim.21

Regjeringa vil

  • greie ut modellar for systematisk oppfølging av brukar- og pårørandeundersøkingar

  • følge opp strategien Vi – de pårørende og evaluere erfaringane

  • utvikle og implementere verktøyet pårørandeavtalar

  • utvikle rettleiingsmateriell om fleksible avlastingstilbod i kommunane for pårørande

  • gjere permisjonsrettane til pårørande betre kjende

6.4.1 Kunnskap om pårørande

Vi har dei seinare år fått auka kunnskap om pårørande gjennom dei nasjonale pårørandeundersøkingane.22 Pårørandeundersøkingane gir verdifull kunnskap om korleis det blir opplevd å vere pårørande, kva utfordringar og behov pårørande har, og korleis dei opplever å bli møtte av helse- og omsorgstenestene. Med ein stadig høgare andel eldre i befolkninga, kombinert med færre i arbeidsfør alder, er det behov for meir kunnskap om pårørande til eldre. I 2023 vil den nasjonale pårørandeundersøkinga sette søkelyset på pårørande til eldre med omfattande tenestebehov. Kvinnehelseutvalet har peikt på behovet for betre samarbeid mellom helse- og omsorgstenestene og pårørande, og at kompetansen blant helsepersonell om pårørande og pårørandesamarbeid bør styrkast.23

Det er behov for meir systematisk oppfølging av resultata av dagens pårørandeundersøkingar og for at kommunane får høve til å følge opp eigne resultat over tid. Regjeringa vil derfor ta initiativ til å greie ut modellar for systematisk oppfølging av lokale og nasjonale brukar- og pårørandeundersøkingar. Arbeidet blir sett i samanheng med og inngå i utviklinga av nye kvalitetsindikatorar.

6.4.2 Støtte og avlasting for pårørande

Dersom omsorgsoppgåvene blir for omfattande eller krevjande, vil dei kunne utgjere ei tung belastning. I dialogmøta til reformarbeidet var mange opptatte av at eit tettare samarbeid med pårørande er nødvendig for at eldre skal kunne bu lengre heime. Forventningsavklaringar og avtalar som tydeleggjer kva pårørande kan og vil gjere, og kva kommunane skal bidra med, blei peikt på som særleg viktig. At tenestene er fleksible nok til å dekke det faktiske behovet til kvar tid, blir også løfta fram. Det er også sentralt at tenestene anerkjenner og støttar dei pårørande i dei sjølvstendige behova deira.

Strategien Vi – de pårørende omfattar mange tiltak som vil bidra til å styrke tilbodet til pårørande. Det er likevel behov for å utvikle nye tiltak som gir fleksible, varierte og tilpassa tilbod til dei pårørande. Regjeringa vil derfor følge opp strategien Vi – de pårørende i planperioden og evaluere erfaringane med strategien.

Pårørandeavtalar

Den nasjonale pårørandeundersøkinga for 2021 viser at pårørande ønsker større grad av pårørandemedverknad og -varetaking, betre informasjon og meir føreseielege tenester.24 Dette behovet blir stadfesta i innspela vi har fått til meldinga og av Kvinnehelseutvalet. Mange pårørande opplever at det er dei sjølve som tar initiativ til samarbeid, og at helse- og omsorgstenestene ikkje alltid imøtekjem kunnskapen til dei pårørande om den dei er pårørande til. Under dei regionale innspelsmøta blei pårørandeavtalar løfta fram som eit tiltak som kan bidra til å redusere belastninga på dei pårørande.

Det er viktig å anerkjenne innsatsen frå dei pårørande. Bruk av pårørandeavtalar kan bidra til ein prosess der pårørande blir trekte inn i samarbeidet med tenesta, og på den måten kjenner seg sett og betre varetatt. Regjeringa har derfor bedd Helsedirektoratet utarbeide eit verktøy i form av ein pårørandeavtale som skal gi grunnlag for gode rutinar for samarbeidet mellom pårørande og helse- og omsorgstenesta. Avtalen skal bidra til strukturering av pårørandesamarbeidet ved å avklare roller og forventningar og gi føreseielegheit og tilstrekkeleg informasjon til dei pårørande. Formålet med ein slik pårørandeavtale skal vere å bidra til:

  • varetaking av pårørande sine rettar til informasjon og medverknad saman med pasienten

  • dialog mellom pårørande og helse- og omsorgstenesta

  • gjensidig informasjonsutveksling mellom partane, med sikte på rolle- og forventningsavklaring

  • oppfylling av behovet til pårørande for å bli sett og varetatt

Ein pårørandeavtale bør angi kva arbeidsoppgåver dei kommunale helse- og omsorgstenestene skal bidra med, og på denne måten bidra til ei tydeleg forventningsavklaring. I tillegg kan andre relevante punkt inkluderast, som blant anna om dei pårørande ønsker å utføre nokre oppgåver, og i kva omfang dette i så fall skal vere.

Pårørandeavtalar bør vere eit tilbod til alle pårørande som har behov for det. Avtalane kan berre brukast der det er avklart med pasienten eller brukaren, eller der det finst heimel for å involvere pårørande utan samtykke frå pasienten. Helsedirektoratet har blitt bedd om å greie ut forholdet mellom pårørandeavtalar, vedtak om helse- og omsorgstenester og individuell plan.

Støtte til pårørande til personar med demens

Verdshelseorganisasjonen (WHO) har utarbeidd eit nettbasert opplæringsprogram for omsorgspersonar og pårørande til personar med demens, iSupport. Formålet er å gi kunnskap om demens og førebygge fysiske og psykiske påkjenningar for personar som er nærkontaktar til personar med demens, i tillegg til å auke livskvaliteten til personar med demens. Helsedirektoratet har fått i oppdrag å tilpasse relevante delar av programmet til norske forhold og vil i løpet av 2023 gjere det tilgjengeleg for pårørande gjennom helsenorge.no. Materiellet omfattar både ei e-læring og ein utskriftsversjon.

Informasjon

Mange pårørande synest det er vanskeleg å vite kva dei har rett på, og kva moglegheiter som finst i hjelpeapparatet, både for personen som er sjuk, og for dei pårørande sjølve. Helse- og omsorgstenesta har ei generell rettleiingsplikt som inneber at pårørande som vender seg til ho, skal få generell informasjon, til dømes om aktuelt regelverk og rettar, og generelt om diagnose, symptom og behandling dersom diagnosen er kjend.

Kommunane har eit særskilt ansvar for pårørande med omfattande omsorgsoppgåver og har plikt til å tilby nødvendig pårørandestøtte, blant anna i form av opplæring, rettleiing og avlasting. Avlasting kan vere ulike ting, som til dømes avlasting i heimen eller på institusjon, korttidsopphald, praktisk bistand eller dagtilbod. Også velferdsteknologi som til dømes varsling og lokaliseringsutstyr kan bli gitt som avlasting for pårørande. I pårørandeundersøkinga svarer 45 prosent av dei pårørande at personen dei er pårørande til, har eitt eller fleire av dei nemnde avlastingstilboda. Men det er også mange som saknar informasjon om eigne rettar som pårørande, og berre to av ti kjenner pårørandeinformasjonen på helsenorge.no.

For å lykkast med god pårørandeomsorg er det nødvendig med tilgjengeleg, forståeleg og tidleg informasjon. Helsenorge.no er innbyggarane sin hovudinngang til offentlege helse- og omsorgstenester på nett, og regjeringa vil bidra til å gjere helsenorge.no betre kjend. Vidare vil tiltaket éi dør inn til informasjon, under kapittel 6.3, vere relevant.

Fleksible avlastingsordningar

Pårørande som yter særleg tyngande omsorgsarbeid, har rett til eit vedtak om tiltak for å lette omsorgsbyrda etter pasient- og brukarrettslova. Men mange erfarer at avlastingstilbodet ofte er prega av standardløysingar og ikkje tar omsyn til behova til den pårørande eller familien med omsyn til tidspunkt, omfang og form.

Behova hos pårørande er svært ulike, og det er viktig at det blir lagt til rette for ulike avlastingsformer slik at tilboda faktisk blir opplevde som avlasting. Manglande eigentid og stress påverkar helsa til pårørande. For at avlastinga skal fungere etter intensjonen, er det viktig at både den sjuke og deira pårørande opplever god kvalitet på tilbodet. Utviklinga av fleksible og varierte aktivitetstilbod, jf. kapittel 6.3, vil bidra til meir fleksibel avlasting for pårørande. Vidare vil støttekontakt eller andre lågterskeltilbod vere aktuelle tilbod, som i større grad bør bli tatt i bruk for eldre mottakarar. Regjeringa vil be Helsedirektoratet om å utvikle rettleiingsmateriell om fleksible avlastingstilbod for pårørande i kommunane.

Avlasting handlar ikkje berre om nødvendige pausar i kvardagen, men også om føreseielegheit i kvardagen, som at ein veit at heimesjukepleia kjem når ho skal. Det har blitt auka bruk av sms- og e-postvarsling som løpande dialog mellom pårørande og helse- og omsorgstenesta i kommunen. På denne måten kan pårørande enkelt halde oversikt over hjelpa brukaren får. For pårørande til menneske som bur aleine og treng hjelp og oppfølging, vil det kunne vere roande å få meldingar om at heimetenesta har vore innom. Desse tenestene har spreidd seg raskt i kommunane og dekker no 40 prosent av befolkninga i Noreg. Det er behov for å gjere desse ordningane betre kjende, slik at fleire pårørande kan oppleve føreseielegheit i kvardagen.

Tilskotsordninga for heilskapleg støtte til pårørande med krevjande omsorgsoppgåver skal bidra til at kommunen utviklar kommunale modellar for å betre situasjonen til pårørande, og til å synleggjere, anerkjenne og støtte pårørande med krevjande omsorgsoppgåver. Erfaring viser at ordninga stimulerer til mykje lokal aktivitet med stor breidde, som til dømes kommunale pårørandesenter med lågterskeltiltak som meistringskurs, rettleiingssamtalar og møteplassar, etablering av pårørandekoordinatorrolle i kommunen og ulike avlastingsordningar. Regjeringa meiner det er viktig å støtte opp under tiltak som legg til rette for utvikling av lokale tilbod nær dei pårørande. Regjeringa har derfor ført vidare tilskotsordninga i 2023.

Boks 6.9 Likepersonstilbodet til Nasjonalforeningen for folkehelsen

Ein likeperson er ein frivillig som sjølv har erfaringar som nær pårørande, og som har fått opplæring i korleis best mogleg vere til støtte for andre pårørande i same situasjon. Å ha nokon å snakke med som forstår situasjonen, er viktig for pårørande, og samtalar med andre pårørande som er i same situasjon, kan bidra til auka meistring av eigen kvardag. Gjennom støtte og anerkjenning kan det leggast til rette for at pårørande kan utnytte eigne ressursar i størst mogleg grad. Likepersonane i Nasjonalforeningen for folkehelsen tilbyr støtte ved at dei som nære pårørande til ein med demens bidrar med erfaringane sine i møte med andre pårørande. Pårørande veit sjølve best korleis kvardagslivet med demens blir opplevd, og likepersonstilbodet er derfor eit viktig supplement til offentlege helsetenester.

Dei frivillige som er likepersonar i Nasjonalforeningen for folkehelsen, har gått gjennom eit helgekurs der det blir fokusert mykje på sjølve samtalen og moglegheita ein har i dette møtet med andre pårørande. Alle likepersonane har underteikna eit tausheitsløfte. Likepersonane får tilbod om eit oppfølgingskurs ein gong i året, der dei får fagleg påfyll og inspirasjon.

I tillegg blir dei inviterte til nettmøte eit par gongar i året for erfaringsutveksling. Dei får jamleg oppfølging og rettleiing av erfarne tilsette med spesialkompetanse innan demens, som fungerer som likepersonskoordinatorar.

Kjelde: Nasjonalforeningen for folkehelsen

Pårørandeskular og samtalegrupper

Å dele erfaringar med andre som er i same situasjon, kan gi støtte og bidrag til eiga meistring av kvardagen. Formålet med samtalegrupper er at menneske som står i ein vanskeleg livssituasjon, skal finne støtte hos kvarandre gjennom å dele erfaringar og opplevingar og på denne måten finne løysingar og måtar å meistre kvardagen og familielivet på. Ei samtalegruppe kan også gi eit nettverk av personar i same situasjon som kan bidra til auka psykologisk tryggleik.25

Brukar- og pårørandeorganisasjonane er sentrale samarbeidspartnarar for helse- og omsorgstenestene ved utvikling og forbetring av tenestene. Dei bidrar til å vareta interessene til medlemmene gjennom å bruke erfaringane sine og dele kunnskapen sin i ulike forum som samtalegrupper, brukar- og pårøranderåd, likepersonsarbeid og så vidare.

Gjennom Demensplan 2025 er det utvikla pårørandetiltak som omfattar blant anna pårørandeskular og samtalegrupper for pårørande til personar med demens. Målet er å gi kunnskap om demens og tilby støtte og rettleiing til pårørande. Regjeringa følger opp Demensplan 2025 og vil føre vidare satsinga på pårørandeskular og samtalegrupper. Før utløpet av demensplanperioden skal innretninga av dagens tiltak bli vurdert og behovet for nye tiltak bli greidd ut. Det er sentralt for både brukarar og pårørande at det blir utvikla nye tiltak som gir fleksible, varierte og tilpassa avlastingstilbod til personar med demens.

Boks 6.10 Kontakt kommunale helse- og omsorgstenester på helsenorge.no

På helsenorge.no kan innbyggarar eller pårørande kontakte eller kommunisere digitalt med den kommunale heimetenesta. Denne digitale tenesta er i dag tilgjengeleg for litt over halvparten av befolkninga i Noreg.

På helsenoreg.no kan innbyggarane kommunisere med helsekontaktane sine, til dømes fastlege, sjukehus eller heimesjukepleie. Det er også mogleg å sjå avtalar med heimetenesta på helsenorge.no, som til dømes besøk frå heimesjukepleia, og ein kan avbestille besøk.

Ein brukar kan også gi andre fullmakt til å bruke tilbodet på vegner av seg. På denne måten kan pårørande få varsel på e-post eller tekstmelding når eit heimebesøk er utført. Det gjer det også enkelt for pårørande å halde oversikt over hjelpa vedkommande får heime.

Kjelde: Helsenorge.no

6.4.3 Rettane til pårørande

Permisjonsrettar i arbeidslivet

Nokre pårørande kan i periodar ha behov for arbeidsfri eller moglegheit for fleksibilitet i eigen arbeidssituasjon for å yte omsorg til eller følge opp nærståande. Arbeidsmiljølova gir rett til permisjonar og redusert arbeidstid for å vareta bestemde omsorgsoppgåver. Arbeidstakarar har rett til fri i inntil ti dagar kvart kalenderår for å yte nødvendig omsorg til foreldre, ektefelle, sambuar eller registrert partnar. Retten til permisjon er avgrensa til ti dagar same kor mange ein har omsorg for. Arbeidstakarar som pleier nærståande i heimen i sluttfasen av livet, har rett til permisjon i 60 dagar for pleie av den enkelte nærståande.

Rett til permisjon eller redusert arbeidstid gir i utgangspunktet ingen samtidig rett til økonomisk kompensasjon. Arbeidstakarar som har permisjon etter reglane i arbeidsmiljølova, kan likevel ha rett til ytingar etter folketrygdlova. Arbeidstakarar som har permisjon, kan vidare ha krav på lønn etter avtale med arbeidsgivaren eller som følge av tariffavtalar.

Personar som pleier ein nærståande i sluttfasen av livet i heimen, kan få pleiepengar i inntil 60 dagar per pasient. Reglane om pleiepengar står i folketrygdlova kapittel 9. For å ha rett til pleiepengar må ein ha vore i arbeid då pleiesituasjonen starta, slik at ein har eit inntektstap. Pårørande som er pensjonistar, eller som av andre grunnar ikkje har vore i arbeid, har ikkje rett til pleiepengar. Regjeringa foreslo nyleg endringar som skal bidra til å gjere ordninga med pleiepengar til personar som pleier nærståande i sluttfasen av livet, meir fleksibel og enklare å bruke, jf. Prop. 7 L (2022–2023). Folketrygdlova § 9-13 er endra slik at det blir gitt rett til at to personar kan ta ut pleiepengar samtidig etter denne ordninga. I tillegg blir det presisert i § 9-16 femte ledd at same legeerklæring kan leggast til grunn for alle som pleier ein nærståande. Lovendringane er vedtatt av Stortinget og tredde i kraft 1. januar 2023. Pleiepengar i sluttfasen av livet er ikkje avgrensa til pårørande, men omfattar alle som har eit så nært forhold til pasienten at dei pleier vedkommande den siste tida.

Pårørande til vaksne med langvarig behov for hjelp, pleie og omsorg er ikkje omfatta av føresegnene om pleiepengar, men kan få omsorgsstønad som beskrive under.

Det er viktig at alle pårørande er godt kjende med kva rettar dei har til både ulønna og lønna permisjonar, og at dei som treng det, bruker desse ordningane. Regjeringa vil derfor sørge for at informasjon om desse rettane blir tydelegare i offentlege kanalar. Arbeidstakarar bør også undersøke om dei har ein tariffavtale som gir betre rettar enn dei som følger av lova. Regjeringa vil også trekke fram dei ressursane som ligg i frivillig innsats frå andre enn dei næraste pårørande. Mange yngre pensjonistar har stor kapasitet og kan bidra med praktisk hjelp og sosialt samvær med eldre.

Rettar i helse- og omsorgslovgivinga

Alle pårørande har rett til generell rettleiing og informasjon når dei vender seg til helse- og omsorgstenesta. Helse- og omsorgstenesta skal ha system og rutinar som legg til rette for informasjon, samtale og dialog med pårørande. Formålet med dagens regulering av rettane til pårørande er blant anna at pårørande skal vere med og bidra til å vareta interessene til pasienten og brukaren i kontakten med tenesta. Pårørande har også rett til å representere brukarar og pasientar som ikkje kan vareta sine eigne interesser.

Den pårørande er den personen som pasienten eller brukaren oppgir som pårørande.26 Det blir altså ikkje stilt krav om noko familie- eller slektskapsforhold mellom pasient/brukar og pårørande. Dersom personen som får tenestene, ikkje er i stand til å oppgi pårørande, skal næraste pårørande som hovudregel vere den som i størst utstrekking har varig og løpande kontakt med pasienten.

Pårørande med særleg tyngande omsorgsoppgåver kan ha rett til tiltak for å lette omsorgsbyrda gjennom blant anna opplæring, rettleiing, avlastingstiltak og omsorgsstønad.27 Avlasting er viktig for å gi pårørande høve til å hente seg inn og vareta jobb, familieliv og andre forpliktingar. Det er behov for meir fleksible avlastingstilbod som møter behova til dei pårørande med omsyn til tidspunkt, varigheit og kvar tilbodet blir gitt. For pårørande med særleg tyngande omsorgsarbeid som kommunen elles ville ha utført, kan omsorgsstønad vere ei moglegheit.

Helsedirektoratet har utarbeidd ein eigen pårøranderettleiar som beskriv rettane til pårørande og pliktene til helse- og omsorgstenesta, og gir tilrådingar om god praksis.

Fotnotar

1.

Zeiner et al. (2022).

2.

Eliassen og Hartviksen (2020).

3.

Courtin og Knapp (2017).

4.

Tuntland og Ness (2021).

5.

Hedlund et. al. (2021).

6.

Tjerbo et al. (2022).

7.

KPMG (2020).

8.

Helsedirektoratet (2021d).

9.

Helsedirektoratet (2021d).

10.

Nasjonalt senter for e-helseforskning (2019).

11.

Rosenvinge og Rosenvinge (2003); Skoog (2011).

12.

Forren et. al. (2018).

13.

Helsedirektoratet (2019a).

14.

Bergh et al. (2017).

15.

Sandvik et al (2022).

16.

Helsedirektoratet (2021e).

17.

Helsedirektoratet (2021e)

18.

Riksrevisjonen (2018b).

19.

Daatland og Veenstra (2012).

20.

NOU 2023: 5.

21.

Blix et al. (2021).

22.

Opinion AS (2021); Opinion AS (2022).

23.

NOU 2023: 5.

24.

Opinion AS (2021).

25.

Nasjonalt senter for aldring og helse. Veiviser demens.

26.

Pasient- og brukarrettslova § 1-3.

27.

Pasient- og brukarrettslova § 2-8.

Til forsida