Meld. St. 24 (2022–2023)

Fellesskap og meistring— Bu trygt heime

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Figur 7.1 

Figur 7.1

Bu trygt heime-reforma gir retning og rammer for utviklinga av eit meir alders- og demensvennleg samfunn som skal legge til rette for at eldre som kan og vil, skal kunne bu lengre heime. Det er også eit mål å sikre berekraft gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester.

Dei store samfunnsendringane vi står overfor med ei aldrande befolkning, vil prege heile samfunnet og krev at vi tenker nytt og ikkje minst møter dette i fellesskap på tvers av sektorar. Vi må tenke nytt og i fellesskap, slik at vi saman kan skape eit meir berekraftig samfunn. Fleire av dei foreslåtte tiltaka vil endre korleis vi jobbar, og kunne bidra til meir effektiv ressursbruk og redusert tenestebehov.

Kommunane har ei nøkkelrolle i å bidra til eit meir alders- og demensvennleg samfunn. Det er eit mål at tenester og tiltak blir utvikla som ein integrert del av det samla ansvaret til kommunane, og ikkje sektor for sektor. Regjeringa legg til grunn at dette bør skje ut frå lokale forhold, med utgangspunkt i behovet til innbyggarane, og vidare at finansiering i hovudsak skjer gjennom rammetilskotet til kommunesektoren.

Nasjonale kvalitetsindikatorer skal bli nytta for å følge utviklinga. For dei områda som manglar data skal det bli utvikla indikatorar, som for helsefremmande og førebyggande tiltak, inkludert for tiltak som blir greidde ut i reformperioden

Regjeringa vil komme tilbake til gjennomføringa av reforma i budsjetta for dei enkelte åra, og det blir tatt atterhald om at enkelttiltak først kan bli gjennomførte når det er budsjettmessig dekning. Gjennomføringa av reforma skal skje innanfor dei budsjettrammene som til kvar tid gjeld for kommunane, helseføretaka, departementa (Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Samferdselsdepartementet) og dei underliggande etatane til departementa.

Nye tiltak kan komme til i perioden dersom ny kunnskap og utvikling tilseier det. Eventuelle behov for endringar eller omdisponeringar som følge av dette vil bli behandla i ordinære Heile samfunnet blir endra budsjettprosessar. Eventuelle forslag til auke i løyvingane på budsjettområdet til departementet vil bli fremma i den ordinære budsjettprosessen.

Til forsida