Meld. St. 24 (2022–2023)

Fellesskap og meistring— Bu trygt heime

Til innhaldsliste

5 Kompetente og myndiggjorde medarbeidarar

Figur 5.1 

Figur 5.1

Regjeringa ønsker at tenestene skal vere trygge og av god kvalitet. Vi vil jobbe for å sikre nok fagfolk med rett kompetanse i helse- og omsorgstenesta. Personellet er den viktigaste ressursen for å gi trygge og gode helse- og omsorgstenester til befolkninga. Samtidig er det ei erkjenning at helse- og omsorgspersonell er ein avgrensa ressurs.

Helsepersonellkommisjonen har lagt fram utgreiinga si i NOU 2023: 4 Tid for handling – Personellet i en bærekraftig helse- og omsorgsteneste. For å utvikle ei berekraftig helse- og omsorgsteneste foreslår Helsepersonellkommisjonen ei brei tilnærming med tiltak innan områda organisering og samhandling, arbeidsforhold og arbeidstid, utdanning og kompetanseutvikling, prioritering og reduksjon av overbehandling, digitalisering og teknologisk utvikling og oppgåvedeling.

Regjeringa vil ta aktive grep for å satse på eit trygt og godt arbeidsliv for alle tilsette i helse- og omsorgstenestene, og vil at heile og faste stillingar skal vere standarden. Å auke stillingsprosenten for arbeidstakarar som ikkje arbeider i fulle stillingar, utgjer ifølge Helsepersonellkommisjonen ein stor arbeidskraftressurs. Kommisjonen peiker på at det bør vere eit prioritert mål å legge til rette for at fleire arbeidstakarar kan arbeide i fulle stillingar.

Kommisjonen gir uttrykk for at personellbehova i kommunane vil auke, særleg i omsorgstenestene: «Innsatsen fremover må derfor styres mot kommunal omsorg, for å klare å håndtere det økende antallet eldre».1 Regjeringa vil vurdere Helsepersonellkommisjonens forslag til tiltak og kjem tilbake til oppfølging, hovudsakleg gjennom Opptrappingsplan for heltid og god bemanning i omsorgstjenesten og stortingsmeldinga Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Gjennom tillitsreforma vil regjeringa bidra til myndiggjorde medarbeidarar og tenester prega av openheit, falegheit og dialog som bygger oppunder den enkelte sine ressursar. Med utgangspunkt i spørsmålet «Kva er viktig for deg?» skal dei tilsette ta omsyn til dei individuelle ønska og behova til den enkelte. Tillitsreforma skal ligge til grunn for arbeidet, slik at tilnærminga blir nedanfrå og opp. Det handlar om å støtte kommunane med dei rette verkemidla og verktøya, og samtidig gi dei tilsette tid og tillit til å gi brukarane – dei eldre – betre tenester.

Regjeringa ønsker at tenestene i større grad skal jobbe helsefremmande og førebyggande. Det er behov for å tenke nytt om korleis vi samarbeider og løyser oppgåvene, slik at rett kompetanse blir sett inn til rett tid, og bidrar til best mogleg bruk av tilgjengeleg personell. Auka merksemd på innovasjon, omstilling og betre arbeidsdeling krev god leiing. Regjeringa vil støtte opp under tillitsbasert styring og leiing, slik at tenestene i større grad får rom til å drive tenesteutvikling og prøve ut nye måtar å jobbe på.

Meir forsking og tilgang til kunnskap er ein sentral føresetnad for å kunne jobbe kunnskapsbasert. Sjølv om den kommunale helse- og omsorgstenesta er like stor som spesialisthelsetenesta, blir det forska langt mindre på, i og saman med kommunane. Vidare må vi sørge for at kunnskap og forsking blir gjord tilgjengeleg og tatt i bruk. Regjeringa vil legge til rette for meir og betre organisert samarbeid om forsking som er relevant for kunnskapsbehovet til kommunane, blant anna gjennom praksisnær forsking.

Regjeringa er opptatt av å sikre ei desentralisert helse- og omsorgsteneste som yter gode og likeverdige tenester i heile landet. Helse- og omsorgstenesta står overfor store bemanningsutfordringar i åra framover, knytte til den store veksten i talet på eldre og ein framleis vekst i talet på yngre brukarar. For å bidra til ei berekraftig omsorgsteneste med nok årsverk med relevant utdanning har regjeringa lagt fram ein Opptrappingsplan for heltid og god bemanning i omsorgstjenesten. Innhaldet i opptrappingsplanen skal vere dynamisk, og strategiar og tiltak skal vidareutviklast i tråd med ny kunnskap.

Dei fleste tiltaka i innsatsområdet kompetente og myndiggjorde medarbeidarar vil bli følgde opp i Opptrappingsplan for heltid og god bemanning i omsorgstjenesten, og tar dessutan opp i seg andre relevante løp som omhandlar personell og kompetanse. Regjeringa sine ambisjonar for kompetente og myndiggjorde medarbeidarar sorterer under fem hovudområde som skal bidra til tryggleik og føreseielegheit i møte med tenestene, og til at tenestene blir ytte i samråd med brukarane og deira pårørande:

  • tillit

  • kompetanse

  • omstilling og organisering

  • kvalitet og leiing

  • forsking og kunnskapsbasert praksis

5.1 Tillit

Tryggleik for at hjelpa finst om behovet skulle oppstå, er avgjerande for at fleire eldre skal kunne bu trygt heime. Tenestene skal vere trygge, ha høg tillit i befolkninga og vere berekraftige, kunnskapsbaserte og vere ein attraktiv arbeidsstad gjennom heile yrkeslivet.

I dialogmøta til reformarbeidet blei det spelt inn som sentralt for at eldre skal kunne bu trygt heime lengre, at helse- og omsorgstenestene tar i bruk ny kompetanse og jobbar meir tverrfagleg. Fleire påpeiker at det er avgjerande at helsepersonell, brukarar og pårørande jobbar mot felles mål og at tenestene samhandlar betre. Gjennomføring av tillitsreforma blei nemnd som ein viktig del og ein føresetnad for å lykkast med ei Bu trygt heime-reform. Det var fleire som spelte inn behovet for nasjonale satsingar på leiing og rettleiing, kompetanseheving av dei tilsette og tiltak for å sikre rekruttering til tenestene, med særleg fokus på distrikta.

Regjeringa vil

  • gi dei tilsette tid og tillit gjennom ei tillitsreform og invitere kommunar og fylkeskommunar til å søke om forsøk som bidrar til betre offentleg tenesteyting eller betre oppgåvedeling

  • arbeide for ein heiltidskultur og fleire heile stillingar

  • jobbe fram og spreie modellar som stimulerer til auka grunnbemanning og mindre vikarbruk

  • bidra til å rekruttere og behalde tilsette gjennom Jobbvinner og Menn i helse

  • vurdere å etablere rettleiingsordningar for sjukepleiarstudentar og nytilsette i helse- og omsorgstenesta

Tillitsreforma

Tillitsreforma er ein sentral del av arbeidet med å fornye og utvikle offentleg sektor. Formålet med reforma er betre tenester og ein betre offentleg sektor. Innhaldet i reforma skal skapast i tett samspel med brukar- og pårørandeorganisasjonar, tilsette, tillitsvalde og leiarar i offentlege verksemder. Dette er viktig for å skape tillit til offentleg sektor og for å bygge opp under den felles helse- og omsorgstenesta vår, redusere marknadstenkinga og hindre privatisering som kan bidra til å forsterke sosiale forskjellar.

Tillitsreforma skal legge til rette for at stat og kommune kan tenke nytt, prøve ut nye løysingar og jobbe på andre måtar enn før. Pilotar vil vere ein del av reforma, og det vil vere viktig at moglegheita for oppskalering er til stades. Vektlegginga av pilotar i tillitsreforma kan støtte opp under lokale initiativ som gir erfaringar med til dømes ulike turnusordningar eller vedtakspraksis, jf. kapittel 5.3.2 om gode vedtak.

Gjennom meir tillitsbasert styring og leiing er målet å redusere tidkrevjande rapportering, overdriven kontroll og detaljstyring av arbeidsoppgåver. På denne måten vil tillitsreforma kunne bidra til å frigjere tid, slik at personellet får brukt meir av arbeidstida si på brukarane og til utvikling av gode tenester. Fleire kommunar er allereie i gang med å innføre tillitsbasert styring og prøve ut alternative modellar for tenesteyting. Oslo og Bergen var tidleg ute med å innføre dette. Målet er myndiggjorde og motiverte medarbeidarar som gir kunnskapsbaserte tenester, og at dette gir auka trivsel på arbeidsplassen, betre kvalitet i tenestene og betre utnytting av fagleg kompetanse.2

Som ein del av tillitsreforma vil regjeringa gi større fridom til kommunale og regionale styresmakter. Kommunal- og distriktsdepartementet har på vegner av regjeringa invitert kommunar og fylkeskommunar til å søke om å gjennomføre forsøk (frikommuneforsøk) etter gjeldande forsøksregelverk, og med det bli forsøkskommunar. Forsøksordninga er eit av tiltaka som skal bidra til å utvikle kommunesektoren, slik at vi kan nå måla i tillitsreforma. Forsøk er eit verktøy for forvaltningsutvikling der offentleg forvaltning kan få fritak frå lov eller forskrift for å kunne teste ut nye arbeidsformer eller prøve ut endringar i oppgåvefordelinga mellom forvaltningsnivåa. Kommunane og fylkeskommunane er ofte dei næraste til å vurdere kva tiltak som er eigna til å møte utfordringane dei står overfor. Kommunane kan søke om forsøk innan alle sektorar eller på tvers av sektorar. Kommunar som får forsøk godkjende etter forsøksordninga, vil få tilbod om eit opplegg for erfaringsutveksling, og forsøka vil bli evaluerte.

5.1.1 Heiltid og deltid

Heiltid er viktig for moglegheita den enkelte har til å forsørge seg sjølv, og for at arbeidstakarane skal kunne oppleve medverknad, tryggleik og føreseielegheit. Auka omfang av heiltidsstillingar byr på moglegheiter for årsverksvekst og verkar i tillegg positivt på rekruttering til tenestene. Det kan vidare bidra til redusert sjukefråvær og vikarbruk. Deltid kan vere negativt for arbeidsmiljøet og for kvalitet og kontinuitet i arbeidet. Heiltids-/deltidsarbeid og turnusproblematikken er tema som også blir løfta i rapporten frå Helsepersonellkommisjonen. Det finnes fleire døme på prosjekter som jobbar for auka heiltid, jf. boks 5.1. Regjeringa kjem tilbake med oppfølging av Helsepersonellkommisjonen igjennom stortingsmeldinga Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Basert på forslag frå regjeringa har Stortinget vedtatt endringar i arbeidsmiljølova for å styrke retten til heiltid. Endringane tredde i kraft 1. januar 2023 og inneheld ei ny normgivande føresegn om at hovudregelen i arbeidslivet skal vere tilsetting på heiltid, og at behov for deltidstilsetting skal bli dokumentert av arbeidsgivar. Arbeidsgivaren skal drøfte spørsmålet om deltidstilsetting med tillitsvalde, og Arbeidstilsynet har fått mynde til å handheve at dokumentasjons- og drøftingsplikta blir etterlevd.

Lovendringane inkluderer også ei styrking av føreretten til deltidstilsette ved å lovfeste at føreretten til utvida stilling også skal gjelde framfor ny innleige i verksemda, og ved å gi deltidstilsette førerett til «ekstravakter og lignende».

Desse lovendringane er berre ein del av arbeidet til regjeringa for å nå målet om auka bruk av heiltid i arbeidslivet. Framleis samarbeid med og mellom partane i arbeidslivet og innføringa av pensjon frå første krone, som gir deltidstilsette i privat sektor rett på medlemskap i tenestepensjonsordningar uavhengig av stillingsbrøken, er døme på andre viktige bidrag.

Det er også vedtatt ein heiltidspott med midlar ein kan søke på, til gjennomføring av forsøksprosjekt for redusert bruk av deltid og auka bruk av heiltid. Heiltidspotten vil gi verksemder med eit stort omfang av deltidsstillingar høve til å gjennomføre konkrete forsøk som verksemdene sjølve ønsker, og som partane har tru på vil verke. Liknande forsøk som har vore gjennomførte tidlegare, har vist at alternative arbeidstidsordningar kan bidra til å auke stillingsstorleikar og talet på heiltidsstillingar, i tillegg til at det kan bidra til å betre arbeidsmiljøet for dei tilsette.

Boks 5.1 Døme på heiltidsprosjekter

Lambertseterhjemmet

Lambertseterhjemmet er ein ny og moderne sjukeheim i Oslo. Sjukeheimen er klar for innflytting i juni 2023 og skal huse 130 bebuarar. Det er lagt til rette for at Lambertseterhjemmet skal bli drifta med berre heile stillingar. Det vil bidra til at alle bebuarane har få og faste hjelparar som kjenner den enkelte og behova hens. I tillegg vil pårørande oppleve at dei har færre medarbeidarar å forhalde seg til. På denne måten bidrar ein til kontinuitet, med kjende medarbeidarar gjennom heile veka, også i helgar og feriar.1

Årsturnus i Sarpsborg

Sarpsborg kommune har innført eit prosjekt med årsturnus. Målet er auka heiltidsandel og deltidstilsette kan auke stillingsprosenten sin. Dei tilsette kan kome med ønske for arbeidstid og fritid. Det betyr at kjend fråvær blir lagt inn i planen for eit heilt år. Resultata tyder på at innføringa av den nye turnusordninga har ført til at dei tilsette har fått fleire fridagar i løpet av året og at ledige vaktar i større grad blir dekka inn av faste tilsette i deltid, som igjen aukar stillingensstørrelsen deira. På denne måten bidrar dette til å redusere vikarbruken og virker i tillegg positivt på rekruttering, sjukefråværet og kontinuiteten i bemanninga.2

1 Kjelde: Oslo kommune

2 Kjelde: Sykepleien

Grunnbemanning, sjukefråvær og vikarbruk

Dei kommunale helse- og omsorgstenestene er prega av høgt sjukefråvær, jf. kapittel 2. Det medfører at ein stor del av personalet må erstattast av vikarar. Helsedirektoratet har i arbeidet med Kompetanseløft 2020 og Kompetanseløft 2025 peikt på at høgt sjukefråvær er éi av fire hovudutfordringar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Sjukefråvær er ei samansett problemstilling, og det stabilt høge sjukefråværet i helse- og omsorgstenesta viser at det er krevjande å redusere det.

Helsepersonellkommisjonen peiker på at det er behov for styrkt innsats mot sjukefråvær. Tett oppfølging av sjukmelde og tilrettelegging i jobben kan bidra til å redusere sjukefråvær. Trivsel og gode arbeidsforhold, blant anna handterbare arbeidstidsordningar og arbeidsplanar for dei tilsette, er grunnleggande. Tiltak for betre oppgåvedeling, leiing, kompetanseheving og så vidare har også ein positiv innverknad på trivsel og arbeidsforhold.

Høgt sjukefråvær i kombinasjon med vikarbruk svekker kvaliteten og kontinuiteten i tenestene for pasientar og pårørande. Regjeringa vil jobbe fram og spreie modellar som stimulerer til auka grunnbemanning og mindre vikarbruk, som tiltak for å styrke rekrutteringa og redusere sjukefråværet i omsorgstenesta. Dette vil bidra til at fleire eldre kan oppleve føreseielegheit i eigen heim, og vil hjelpe til å redusere talet på tilsette som brukarane må forhalde seg til.

Boks 5.2 Intensjonsavtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA)

Både sjukehus og kommunale omsorgstenester er ein del av bransjeprogramma under intensjonsavtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen).

IA-bransjeprogram for sjukeheimar

IA-bransjeprogrammet for sjukeheimar skal sette i verk og gjennomføre målretta tiltak for å redusere sjukefråvær og fråfall hos tilsette i sjukeheimar i perioden 2019–2024. Bransjeprogrammet er inngått mellom offentlege styresmakter og dei følgande organisasjonane: Fagforbundet, LO, Unio, Delta, Virke, KS, NHO Service og Handel, Sjukepleiarforbundet, Arbeidstilsynet og Nav.

IA-bransjeprogrammet for sjukeheimar blir gjennomført på ein smidig måte for å skape verdi nærast verksemdene. Dette inneber kontinuerleg dialog, testing, læring og utvikling saman med aktørane nærast sjukeheimane. Tenestedesign er brukt som metode for å sikre djup innsikt i dei strukturelle utfordringane knytte til sjukefråværet. Det er 80 sjukeheimar med i bransjeprogrammet, og alle er eller har vore med i minimum to av tiltaka i programmet. I 2023 og 2024 skal ein bygge vidare på erfaringane frå 2021 og 2022. IA-bransjeprogrammet for sjukeheimar skal breidde, tilpasse og tilgjengeleggjere eksisterande tiltak til alle sjukeheimar. Framover vil det bli lagt auka vekt på dialog for å nå ut til sjukeheimar som ikkje deltar i bransjeprogrammet i dag.

Kjelde: Spekter og KS

5.1.2 Rekruttere og behalde tilsette

Regjeringa vil jobbe for å sikre nok fagfolk med rett kompetanse i helse- og omsorgstenesta. Derfor tar regjeringa nokre målretta grep for å rekruttere og behalde tilsette i tenestene gjennom konkrete rekrutteringstiltak som Jobbvinner og Menn i helse. Helsepersonellkommisjonen har i utgreiinga si foreslått ei rekke tiltak for å rekruttere og behalde personell, i det kommisjonen kallar «hus-og-hytte»-stillingar.3 Regjeringa vil vurdere forslaga til tiltak frå Helsepersonellkommisjonen og kjem tilbake til oppfølging i stortingsmeldinga Nasjonal helse- og samhandlingsplan. Regjeringa tar sikte på å legge frem Nasjonal helse- og samhandlingsplan i løpet av 2023.

Jobbvinner

Mange kommunar har utfordringar med å rekruttere og behalde personell. Dette går utover stabiliteten og kontinuiteten i tenestene. Eit tiltak som er sett i gang for å bøte på dette, er Jobbvinner.

Jobbvinner er eit nasjonalt prosjekt for å rekruttere og behalde sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i kommunale helse- og omsorgstenester. KS er prosjektansvarleg, på oppdrag frå Helsedirektoratet. Målet er at kommunen skal vere ein attraktiv arbeidsplass og ein god læringsarena for helsepersonell, studentar og lærlingar. Det blir jobba med å fremme dei attraktive sidene ved å jobbe i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Eit av dei sentrale tiltaka i prosjektet er å etablere samarbeid mellom kommunar og utdanningsinstitusjonar for å utvikle tiltak som styrker praksisopplæringa. Gode praksisopplevingar er avgjerande for val av framtidig arbeidsgivar og for at ein held fram med å jobbe i kommunen etter praksis.

Det er utarbeidd ein eigen rettleiar i Jobbvinner-prosjektet for bruk i studentpraksis.

Boks 5.3 Jobbvinner – praksismodellen Trippel P

Eitt av resultata frå Jobbvinner er praksismodellen Trippel P, som består av følgande tre P-ar:

  1. Praksis i par: To studentar går saman i «tospann» og bruker kvarandre som læringspartnarar.

  2. Profesjonsretta fordjuping: Fag- og fordjupingstid er eit fast møtepunkt kvar veke for studentgruppa på praksisstaden.

  3. Pedagogisk møteplass: Rettleiing, erfaringsdeling og informasjonsutveksling er samlingar for rettleiarar på praksisstaden og for praksislærar.

Kjelde: KS; Helsedirektoratet (2021d).

Rettleiing av studentar og nyutdanna

Rekruttering er krevjande og kostbart, og det er viktig at studentar og nyutdanna blir i yrket. For mange kan det vere eit gap mellom det ein er førebudd på gjennom utdanninga, og det ein møter i praksis. God rettleiing er viktig for å gjere studentar og nyutdanna trygge og hindre fråfall frå yrket. Bruk av mentor til nyutdanna sjukepleiarar har vore testa ut i Trondheim kommune på bakgrunn av at mange sjukepleiarar slutta i jobben før prøvetida var omme. Slike ordningar finst også i andre sektorar, medrekna for nyutdanna barnehagelærarar og lærarar, som eit viktig tiltak for å forhindre fråfall frå yrket. Forsøket i Trondheim inngår i prosjektet Jobbvinner og er eit rekrutteringstiltak forvalta av KS. Helsedirektoratet vurderer at erfaringar frå tiltak som Jobbvinner og mentorordningar har god effekt når det gjeld å rekruttere og behalde nyutdanna helsepersonell i helse- og omsorgstenestene.

På bakgrunn av dei gode erfaringane vil regjeringa vurdere å etablere rettleiingsordningar for sjukepleiarstudentar og nytilsette i helse- og omsorgstenesta. Tiltaket vil særleg rette seg mot heimesjukepleia og heimebaserte tenester. Tiltaket blir sett i samanheng med Jobbvinner, jf. omtalen over.

Ei betre kjønnsfordeling blant tilsette i tenestene

Helse- og omsorgstenesta er ein arena som i all hovudsak har vore og er dominert av kvinner. Mangfald er bra for pasientar og pårørande, og også for faktorar som arbeidsmiljø og sjukefråvær. Det vil også ha betydning for rekrutteringa av den neste generasjonen tilsette i helse- og omsorgstenesta.

Menn utgjer ein låg del av elevane og studentane på helsefagutdanningane og ein tilsvarande låg del av personellet i tenestene. Menn utgjer eit stort rekrutteringspotensial som det tidlegare har vore vanskeleg å realisere. For å bidra til auka rekruttering av menn til omsorgssektoren er Menn i helse lansert som eit eige tiltak. Gjennom tiltaket er det eit mål å rekruttere menn i alderen 25–55 år som har ei eigna yting frå Arbeids- og velferdsetaten. Målet er fagbrev som helsefagarbeidar gjennom eit komprimert utdanningsløp. Menn i helse er eit samarbeid mellom kommunar, Nav, fylkeskommunar, KS og Helsedirektoratet. Prosjektet blir leia av KS og inngår i Kompetanseløft 2025.

Sidan oppstarten i Trondheim i 2010 har Menn i helse vakse i omfang og innhald. Ei evaluering gjennomført av Austlandsforsking konkluderer med at prosjektet bidrar positivt til arbeidsmiljøet, at deltakarane blir verdsette, og at brukarane er positive til å møte både kvinner og menn som tenesteytarar. I tillegg er det økonomiske og samfunnsmessige positive effektar knytte til aktivisering av personar som står langt frå arbeidsmarknaden.

Regjeringa vil føre vidare satsinga på Menn i helse.

Helse- og omsorgstenesta som arena for inkludering

Nav samarbeider med helse- og omsorgstenesta om å rekruttere arbeidskraft. Nav kan blant anna bistå kommunar med å finne rett kompetanse, rekruttere og avklare aktuelle kandidatar. Som ein del av dette blir det også gjennomført samarbeidsprosjekt lokalt, slik som Menn i helse. Andre døme er Trøndelags-modellen og Gloppen-modellen, der fylkeskommunen, Nav og arbeidsgivaren samarbeider om å legge til rette for arbeidstrening og utdanning som fører til fagbrev, gjennom individuell tilpassing og tett oppfølging av den enkelte. Målgruppene er blant anna minoritetsspråklege og ungdom som har brukt opp retten til vidaregåande utdanning. Integreringslova legg stor vekt på formell kvalifisering, og minoritetsspråklege med rett til introduksjonsprogram kan ta fag- og yrkesopplæring innanfor ramma av programmet.

Nav kan tilby ulike arbeidsmarknadstiltak til ledige og personar med nedsett arbeidsevne etter ei individuell vurdering av behova til den enkelte og moglegheitene i arbeidsmarknaden. Dette kan vere aktuelt i tilfelle der arbeidsgivaren er usikker på føresetnadene den enkelte har for å bli tilsett. Flyktningar kan bli tilbydde deltidsarbeid som ein del av introduksjonsprogrammet eller delta i arbeidspraksis. Gjennom dette får dei tilgang til det norske arbeidslivet og til norsk språk, samtidig som dei får vist fram og auka kompetansen sin.

Arbeidstreningstiltaket skal gi moglegheiter for å prøve ut den enkelte, gi relevant arbeidserfaring og bidra til å styrke moglegheitene for å få ordinær tilsetting. Lønnstilskot kan bli ytt i ein avgrensa periode for å kompensere for at arbeidstakaren har lågare produktivitet. Nav kan også gi tilskot til oppfølging og tilrettelegging, som til dømes mentor og inkluderingstilskot, ofte i kombinasjon med andre arbeidsmarknadstiltak.

Nav kan også gi opplæringstiltak i form av fagbrevløp som kvalifiserer til arbeid i helsetenesta. For ledige og personar med nedsett arbeidsevne som ikkje har føresetnader for å starte på eit fagbrevløp, kan Nav arrangere opplæringstiltak i form av AMO-kurs som gir meir kunnskap og betre kompetanse for å arbeide innan helse- og omsorgssektoren, med mål om at deltakarane etter kvart startar på utdanning innan helse og omsorg. Det kan gjennomførast eigne kurs for minoritetsspråklege deltakarar som har behov for å auke norskferdigheitene samtidig. Innhaldet følger læreplanen i vg1 helse- og oppvekstfag og blir tilpassa etterspurnaden frå arbeidsgivarar etter ufaglært kompetanse. Deltakarane får praktisk opplæring hos ein eller fleire relevante arbeidsgivarar, og dei får kursbevis og attest frå arbeidsstaden som har stått for den praktiske opplæringa.

Dei tre første månadene i 2023 formidla Nav 393 personar med yrkesbakgrunn innan helse og omsorg ut i arbeid. I 2022 var det 19 prosent av tiltaksdeltakarane på arbeidstrening og lønnstilskot som hadde tiltak innan næringa helse- og sosialtenester. Det gjer det til ei av næringane der dei nemnde arbeidsmarknadstiltaka blir mest nytta.

5.2 Kompetanse

For å legge til rette for at fleire eldre kan bli buande heime lenger, vil regjeringa hjelpe kommunar med å sikre nok personell med rett kompetanse. Vidare har tiltak knytte til leiing, arbeids- og fagmiljø og kompetanseheving positiv innverknad på rekrutteringa og det å behalde personell i tenestene.

Det er dei heilskaplege behova til brukarane og deira pårørande som er utgangspunktet. Behova deira vil variere, og det er viktig at brukarar og pårørande blir involverte, slik at tenestene blir tilpassa den enkelte. Tenestene bør oppmode til å rekruttere breiare enn dei tradisjonelle utdanningsgruppene. Auka vektlegging av helsefremmande tiltak betyr at det er behov for større fagleg breidde og tverrfagleg samarbeid, med blant anna kompetanse om levevanar, bustadtilpassing, aktivitet, psykisk helse, velferdsteknologi med meir. Andre personellgrupper kan også bli brukt til oppgåver som aktivisering, matlaging, logistikk og så vidare. I tillegg kan tenestene bli nytta som arena for arbeidstrening. Slik blir helsepersonell frigjort og kan bruke tid på kjerneoppgåver som krev helsefagleg kompetanse.

Regjeringa vil

  • bidra til auka kompetanse gjennom gode utdanningar, også desentraliserte utdanningstilbod

  • vurdere om retningslinjene i RETHOS møter behovet til brukarar og pasientar

  • vidareføre arbeidet med å rekruttere lærebedrifter innanfor alle utdanningsprogram

  • følge utviklinga for helsefag i høgare yrkesfagleg utdanning

  • bidra til kvalifisering av tilsette i omsorgstenesta gjennom grunn- og vidareutdanning

  • bidra til opplæring av ufaglærte fram til fagbrev som helsefagarbeidar

  • bidra til auka kvalitet og kapasitet på praksisplassar i kommunane

  • lansere «verktøykasse» for personsentrert omsorg og miljøbehandling for personar med demens

5.2.1 Auka kvalifisering av tilsette gjennom grunn- og vidareutdanning

Regjeringa vil bidra til auka kvalifisering av tilsette gjennom grunn- eller vidareutdanning. Dette er ein viktig måte for kommunane å skaffe seg fagkompetansen dei treng. Det føreset tilgjengeleg utdanningstilbod og ordningar som er tilpassa føresetnadene og behova til vaksne. Dei særskilde behova til distriktskommunane vil bli varetatt gjennom desentraliserte studiar og ved å opprette attraktive praksisplassar i fleire kommunar.

Auka kompetanse gjennom gode utdanningar

Regjeringa ønsker at utdanning ved vidaregåande skular, fagskular, høgskular og universitet skal vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av kvar i landet dei bur, og kva livssituasjon dei er i. På grunn av den demografiske utviklinga må vi i endå større grad enn tidlegare satse på vaksne studentar som ikkje kan flytte til ein sentral campus og studere på fulltid. Regjeringa har derfor satsa på desentraliserte utdanningstilbod gjennom Opptrappingsplan for heltid og god bemanning i omsorgstjenesten og dei søknadsbaserte ordningane for studiesenter og desentralisert og fleksibel utdanning som blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning.

Utdanningsinstitusjonane har ansvar for å dimensjonere studieporteføljen sin og sørge for at dei utdannar kandidatar i tråd med behova for kompetanse i samfunnet. Utdanningskapasiteten for helse- og sosialpersonell og kompetansen deira må vere i samsvar med behova i tenestene og bli innretta etter utviklinga i demografien, sjukdomsbyrda, organiseringa av tenestene og utviklinga av nye, kunnskapsbaserte behandlingsmetodar. Studieplassar innan helsefag er etterspurde av studentane, og mange får ikkje plass sjølv om dei er kvalifiserte. I Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge signaliserte regjeringa at ho forventar at utdanningsinstitusjonane vil prioritere helsefag, blant anna sjukepleiarutdanningane, i dimensjoneringa si.

Regjeringa er opptatt av kvalitet og kapasitet i utdanningane som rettar seg mot helse- og omsorgstenesta. Profesjonsutdanningane er viktige for at tenestene i velferdsstaten skal ha god tilgang på kompetent arbeidskraft. Innhaldet i utdanningane må halde tritt med ei helse- og omsorgsteneste i stor utvikling, slik at studentane får oppdatert og relevant kunnskap. Det er også viktig at utdanningane er inkluderande, ettersom det bidrar til auka representativitet i arbeidslivet. Våren 2024 vil regjeringa legge fram ei melding til Stortinget om profesjonsutdanningane. Meldinga vil ha hovudvekt på helse- og sosial-, lærar-, og ingeniørutdanningane.

Nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane (RETHOS)

Gjennom RETHOS blir det utvikla nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningar. Formålet er at utdanninga skal vere tilpassa behovet til pasientane, brukarane og tenestene. Sidan oppstarten i 2017 er det fastsett nasjonale retningslinjer for 31 utdanningar og ein felles rammeplan for alle helse- og sosialfaglege grunnutdanningar. Målsettinga med RETHOS er at utdanningane skal vere framtidsretta, og at både tenestene og brukarane får auka innverknad på det faglege innhaldet i utdanningane. Det er viktig å sikre at tenestesektoren er representert i programgruppene på ein god måte. Mange av programgruppene i RETHOS har gått over i ein revisjonsfase, og ved revidering av relevante retningslinjer skal det vurderast om dei møter behovet til pasientar og brukarar på ein tilfredsstillande måte.

Implementeringa av RETHOS blir evaluert av NOKUT. Ei evaluering av RETHOS som styringssystem vil ligge føre i 2024.

Fagarbeidarutdanninga

Helsefagarbeid er den største utdanningsgruppa i omsorgstenesta. Helsepersonellkommisjonen peiker på at fagarbeidarutdanningane, som helsefagarbeidarutdanninga, er både tilgjengelege og attraktive for mange, men samla sett er det for låg etterspurnad etter denne arbeidskrafta. Auka merksemd på breidde- og generalistkompetansen til helsefagarbeidaren kan bidra til å gjere yrket meir attraktivt og bidra til auka rekruttering.

Samfunnskontrakt for fleire læreplassar dannar (2022–2026) eit systematisk og målretta grunnlag for samarbeid mellom partane i arbeidslivet og nasjonale styresmakter om læreplassar. Samarbeidet er synleggjort gjennom at det er inngått ein ny samfunnskontrakt for perioden 2022–2026. Det er behov for fleire fagarbeidarar, og arbeidet med å rekruttere lærebedrifter innanfor alle utdanningsprogramma skal derfor vidareførast og styrkast.

Fagskulen som læringsarena

Det er viktig at fagarbeidarar har gode utviklingsmoglegheiter og blir gitt høve til å spisse kompetansen sin i tråd med behova i arbeidslivet. Ei fagskuleutdanning kan vere eit naturleg val for fagarbeidarar. Fagskular tilbyr korte, yrkesretta utdanningar som ofte er lagt til rette slik at ein kan kombinere utdanninga med jobb. Fagskule, eller høgare yrkesfagleg utdanning, er ein utdanningssektor i vekst, som regjeringa satsar på. Fagskulane er sentrale for å svare på det aukande behovet for tilsette med høgare yrkesfagleg utdanning.

Ein kan søke fagskule med relevant fagbrev, fullført vidaregåande skule eller realkompetanse. Det betyr at fagskulen rettar seg mot ein brei studentmasse. Mange av studentane i høgare yrkesfagleg utdanning er først og fremst arbeidstakarar, og dernest studentar. Slik skil dei seg frå studentar ved universitet og høgskular. Til saman er det 6000 fagskulestudentar innan helse og velferd. Helse og velferd er fagområdet med flest utdanningstilbod, til saman 495 tilbod, og gir verdifull kompetanse til tilsette i helse- og omsorgstenestene. Fagskulane har også tilbod retta mot matfag som kan bidra til å førebygge underernæring, der blant anna dei som kan tenke seg arbeid som «matvertar» eller «postvertar», kan ta kortare kurs eller liknande.

Studietilboda ved fagskulen er svært yrkesnære og fleksible. Over 70 prosent av fagskulestudentane studerer på deltid, og utdanning ved fagskular er ofte lagd til rette for å bli kombinert med jobb. Det er eit stort behov for tilsette med høgare yrkesfagleg utdanning, og regjeringa har lagt til rette for 500 nye studieplassar ved fagskulane i 2023.

Kunnskapsdepartementet vil saman med Helse- og omsorgsdepartementet følge utviklinga for helsefaga i høgare yrkesfagleg utdanning gjennom den årlege Tilstandsrapport for høyere yrkesfaglig utdanning, som blir utarbeidd av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Departementa vil vurdere tiltak dersom talet på fagskulestudentar i helsefag ikkje samsvarer med kompetansebehova i arbeidslivet.

Det er behov for meir kunnskap om korleis høgare yrkesfagleg utdanning best kan utnytte potensialet sitt, og korleis utdanningssektoren bør bli utvikla vidare. Regjeringa varsla i Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehov i Norge at helse- og omsorgsfag vil bli prioriterte saman med tekniske fag og område som er særleg viktige for det grøne skiftet, ved framtidige tildelingar av studieplassar til fagskulane. Regjeringa vil også sette i gang arbeidet med ei ny melding til Stortinget om korleis fagskulane kan spele ei endå viktigare rolle i å møte kompetansebehovet i arbeidslivet framover.

Fagbrev på jobb

Mange tilsette i helse- og omsorgstenesta manglar formell kompetanse. For å legge til rette for at fleire kan opparbeide seg formell kompetanse og samtidig stå i jobb, har ein etablert fagbrev på jobb. Dette er ei ordning for vaksne som er i eit arbeidsforhold, som får høve til å få fag- eller sveinebrev på grunnlag av allsidig praksis, realkompetansevurdering og opplæring kombinert med rettleia praksis i vanleg arbeid. I ordninga blir det stilt same krav til kompetanse i faget og til gjennomføring av eksamenar og fag- og sveineprøven som for praksiskandidatar. Målgruppa er vaksne i arbeidslivet som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring. Eit vilkår for å ta i bruk denne ordninga er at den vaksne er i eit arbeidsforhold og har minimum eitt års praksis i faget. Fagbrev på jobb føreset eit samarbeid mellom arbeidsgivaren, den tilsette og fylkeskommunen. Fylkeskommunen har ikkje ei plikt til å tilby fagbrev på jobb. Erfaringane i fylkeskommunane er at fagbrev på jobb har blitt ei populær og etterspurd ordning. Ho gir vaksne høve til å oppnå fag- eller sveinebrev samtidig som dei er i vanleg lønt arbeid, og på den måten er sikra livsopphald under opplæring.

Kvalifisering av ufaglærte

I dei kommunale helse- og omsorgstenestene er andelen tilsette utan relevant fagutdanning høg. Personell utan helse- eller sosialfagleg utdanning er ei samansett gruppe, men er ein viktig ressurs og representerer samla sett eit stort potensial for tenestene. Regjeringa vil bidra til at fleire tilsette utan relevant fagutdanning får høve til å kvalifisere seg til fagbrev eller anna helse- og sosialfagleg utdanning.

Kurspakke for ufaglærte blir tilbydd av Nasjonal kompetanseteneste for aldring og helse. Formålet er opplæring av ufaglærte fram til fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeidar eller kompetansebevis for delar av opplæringa dei har gjennomført. Målgruppa er tilsette i omsorgstenesta utan relevant helse- eller sosialfagleg utdanning, til dømes tilsette med framandspråkleg bakgrunn. Regjeringa vil i det vidare arbeidet med Opptrappingsplan for heltid og god bemanning i omsorgstjenesten legge til rette for opplæring av ufaglærte.

Avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS)

God kompetanse er ein føresetnad for gode, effektive og trygge tenester. Kommunane har behov for personell med høgare og breiare kompetanse enn i dag. På denne bakgrunnen blei det etablert ei masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS) retta mot behova i kommunale helse- og omsorgstenester. Ein avansert klinisk allmennsjukepleiar vil vere ein viktig del av helse- og omsorgstenesta i framtida. Ein AKS er utdanna til å sjå heilskapen, både hos pasienten og i tenestene. Dei gjer systematiske kliniske undersøkingar og vurderingar, fungerer som koordinator og fagleg støtte og rettleiar andre kollegaer. Ein AKS har avansert breiddekompetanse og kliniske ferdigheiter som trengst i møte med pasientar med komplekse, uavklarte og samansette helsetilstandar. Tilgang på personell med masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie bidrar til førebygging og aukar tryggleiken hos pasientar, pårørande og i det faglege miljøet.

Det er innført spesialistgodkjenning for denne gruppa. Vidare er det innført eit eige lønnstilskot, som har til formål å stimulere kommunar til kompetansebygging gjennom å vidareutdanne sjukepleiarar i avansert klinisk sjukepleie.

Auke omfanget av praksis i kommunane

Auka kvalitet og kapasitet på praksisplassar i kommunane er avgjerande for å kunne utdanne tilstrekkeleg mange kvalifiserte tilsette til helse- og velferdstenestene og for å rekruttere til dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Det er utfordrande å få tilstrekkeleg tilgang på praksisplassar for helse- og sosialfagstudentar. For kvar studieplass som blir oppretta, må det følge praksisplassar.

Regjeringa har derfor inngått ein bilateral samarbeidsavtale med KS om kvalitets- og kapasitetsauke i praksis for helse- og sosialfagstudentar. Partane vil vere pådrivarar for å få til meir og betre samarbeid mellom universitet og høgskular og kommunar, for å bidra til meir praksis for helse- og sosialfagstudentar i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Samtidig vil dette kunne bidra til gode overgangar mellom studiar og arbeidsliv, som igjen sikrar nødvendig rekruttering til kommunane i heile landet. Dermed vil dette bidra til kvalitet og kontinuitet for brukarar og pårørande, og dessutan eit styrkt fagmiljø i ein sektor prega av store bemanningsutfordringar.

I 2022 løyvde regjeringa 50 millionar kroner for å dekke bu- og reiseutgifter for helse- og sosialfagstudentar som er i praksis langt unna campus. Tiltaket omfattar meir enn 3500 studentar, og så langt har studentar gjennomført praksis i heile 47 kommunar som er nye tilbydarar av praksisplassar. Dermed blir større delar av landet tatt i bruk som praksisarena, noko som kan bidra til å styrke fagmiljøet og rekrutteringa i mange distriktskommunar.

5.2.2 Særlege kompetansebehov

Til liks med samfunnet elles har befolkninga sitt behov for helse- og omsorgstenester endra seg. Helse- og omsorgstenestene har eit omfattande mandat og møter ei rekke ulike tilstandar, diagnosar og behov. Som følge av dette er det behov for kompetanse på ei rekke ulike område. Uavhengig av kompetanse er det eit gjennomgåande behov for at brukarar og pårørande i større grad blir involverte. Skal vi lykkast med å få fleire til å lære å meistre eigen sjukdom, må det skje i samarbeid med den det gjeld.

Generalistkompetanse

Personell som har generell medisinsk, sjukepleiefagleg og annan fagkompetanse, er viktig for eit velfungerande og berekraftig tenestetilbod i kommunane. Gitt den demografiske utviklinga med stadig fleire eldre og pasientar med samansette behov, er personell med generell medisinsk, sjukepleiefagleg og annan generalistkompetanse grunnleggande for tenestetilbodet i både kommunane og spesialisthelsetenesta. Det gjeld i små og store kommunar, og i distrikta og i sentrale strøk.

I spesialisthelsetenesta er generalistkompetanse viktig for at sjukehus i distrikta skal kunne haldast oppe. Den demografiske utviklinga med stadig fleire eldre og pasientar med samansette behov gjer at slik kompetanse i aukande grad er viktig også for større sjukehus. Generalistane utgjer dessutan ein viktig kanal for samarbeid og samhandling mellom kommunane og helseføretaka.

Varetaking av behovet for generell fagarbeidarkompetanse og sjukepleiefagleg breiddekompetanse i tillegg til styrking av rekrutteringa til spesialiteten generell indremedisin kan bidra til å styrke eit heilskapleg generalisttilbod i helse- og omsorgstenestene. Dette blei tatt opp i rapporten til Helsepersonellkommisjonen, og blir følgd opp i Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Geriatrisk kompetanse er ein generalistkompetanse som inneber ei heilskapleg og tverrfagleg tilnærming til eldre. Denne kompetansen er relevant innanfor dei fleste delane av helse- og omsorgstenesta og omhandlar tematikk som blant anna legemiddel, kognitiv funksjon, psykisk helse, ernæring, aktivitet og fellesskap og mobilitet og fallførebygging.

Kompetanse om demens

Det er anslått at over 100 000 personar i Noreg har demens, og talet er venta å stige kraftig dei neste åra. Fleirtalet av dei med demens bur heime. For å legge til rette for at personar med demens kan bli buande trygt heime, er det viktig med gode tenester som bidrar til tryggleik og føreseielegheit for den enkelte og deira pårørande.

Å fange opp teikn på utvikling av sjukdom er ein føresetnad for å komme tidleg i gang med tiltak. Det er derfor viktig at dei som jobbar i tenestene, har kunnskap og kompetanse, både for å avdekke og diagnostisere sjukdommen og for å kunne planlegge, utvikle, yte og forbetre tenestene til personar med demens. Regjeringa vil som oppfølging av Demensplan 2025 føre vidare kompetansehevande tiltak som Demensomsorgens ABC og Eldreomsorgens ABC, og dessutan arbeidet med utvikling og spreiing av personsentrert omsorg og miljøterapeutiske metodar og arbeidsformer.

Det er framleis altfor få personar med demens som får ein diagnose, jf. kapittel 2. Eit sentralt mål i Demensplan 2025 er å sikre at personar med demens blir diagnostiserte til rett tid. Nasjonal fagleg retningslinje om demens gir føringar for korleis ein bør gjennomføre ei forsvarleg demensutgreiing. For å rettleie legar har Helsedirektoratet fått i oppdrag å utarbeide ei e-læring om basal demensutgreiing for legar og anna helsepersonell, som baserer seg på føringar i demensretningslinja. E-læringsverktøyet vil bli ferdigstilt i løpet av 2023.

Personsentrert omsorg

Personsentrert omsorg er ein omsorgsfilosofi som handlar om å ta omsyn til korleis ein person opplever situasjonen sin og verda rundt seg.4 Personsentrert omsorg bygger på at alle menneske har same verdi, og at utgangspunktet for tenestetilbodet skal vere det som er viktig for den enkelte. Det handlar om å sjå heile mennesket, ikkje berre sjukdommen og funksjonssvikten.

Målet er at kvart enkelt menneske skal ta i bruk ressursane sine og vere sjølvstendig så langt som mogleg. Ein må ta omsyn til behova og situasjonen til den enkelte og skape eit sosialt miljø og ei individuelt tilpassa omsorg. Det inneber også å respektere og ta omsyn til språk, kultur og identitet. For å få til dette må helse- og omsorgstenesta blant anna kartlegge behovet til den enkelte, forme ut ein individuell plan og sørge for jamlege samtalar med brukaren og deira pårørande.

Helsedirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide ei «verktøykasse» for personsentrert omsorg og miljøbehandling for personar med demens. Her vil ein samle ulike verktøy som kan bidra til å skape gode dagar for personar med demens, og førebygge og behandle åtferdsmessige og psykologiske symptom. Materiellet omfattar også tre e-læringsmodular. Regjeringa tar sikte på å lansere verktøykassa i løpet av 2023.

Nasjonal fagleg retningslinje om demens tilrår at det blir etablert rutinar for personsentrert omsorg og behandling for pasientar med demens. Denne omsorgsfilosofien bør også bli nytta i møte med andre pasientar uavhengig av diagnose. Involvering og medverknad er heilt sentralt for å nå målet om at fleire eldre skal kunne bu trygt heime.

Miljøbehandling og integrert bruk av musikk og song

Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg er ansvarleg for opplæringsprogrammet musikkbasert miljøbehandling (MMB). Formålet med programmet er å vidareutvikle og spreie opplæringsprogram om miljøbehandling og integrert bruk av musikk og song til tilsette i helse- og omsorgstenestene. Studiar viser at systematisk og integrert bruk av musikk og song i miljøbehandling kan fungere mot uro og depresjon og redusere bruken av psykofarmakum. Opplæringsprogrammet blei evaluert gjennom ei kvalitativ undersøking i 2019. Resultata viste at song og musikk kan gi ein helsefremmande effekt ved redusert forbruk av legemiddel. Desse funna støttar opp under tidlegare forsking. I 2021 deltok nesten 1500 deltakarar frå alle fylka på dei ulike kursa og vidareutdanningane som blir tilbydde. Regjeringa foreslår å føre vidare løyvinga til opplæringsprogrammet i 2023. Tiltaket inngår i Kompetanseløft 2025.

I arbeidet med å utarbeide ei «verktøykasse» for personsentrert omsorg og miljøbehandling, skal det bli utarbeidd ein e-læringsmodul om miljøbehandling og meiningsfulle aktivitetar. Ein tar sikte på å sluttføre arbeidet med verktøykassa i løpet av 2023.

Kompetanse om rusmiddelbruk og psykisk helse

Eldre menneske har lågare toleranse for alkohol og rusmiddel, jf. kapittel 2. I nasjonal fagleg retningslinje for behandling og rehabilitering av rusmiddelproblem og avhengnad tilrår Helsedirektoratet alderstilpassa utgreiing, tilrettelagde tiltak og spesifikk kompetanse for eldre med rusmiddelproblem. Opplæringsprogrammet Eldreomsorgens ABC tematiserer rus i eldre år og legg til rette for at tilsette i dei kommunale helse- og omsorgstenestene kan drøfte haldningar til rusmiddelbruk hos eldre, ha kunnskap om risikofull bruk av rusmiddel hos eldre og samtidig bevisstgjere og motivere tenestemottakarar til å ta førebyggande og helsefremmande val. Dette tiltaket inngår i Kompetanseløft 2025. Regjeringa vil legge fram ei melding til Stortinget om ei førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet. Meldinga vil omfatte rusproblematikk i heile befolkninga, også blant eldre.

Dei fleste eldre er tilfredse med livet, og dei yngste av dei eldre er meir tilfredse enn yngre aldersgrupper. Men frå 75–80-årsalderen går livskvaliteten ned, og førekomsten av depressive plager og einsemd aukar.5 Vi har minst kunnskap om livskvalitet og psykisk helse blant dei eldste over 80 år. Dette kan komme av at nasjonale målingar av livskvalitet er internettbaserte. I tillegg fell alle personar som bur på institusjon, utanfor målgruppa, slik at det er avgrensa med informasjon om dei sjukaste og om bebuarar på sjukeheimar. Regjeringa vil derfor som del av både Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga og Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplanen for psykisk helse kartlegge den psykiske helsa og livskvaliteten blant eldre. Vidare har Helsedirektoratet utarbeidd nasjonale faglege råd om psykiske lidingar hos eldre.

Fleire og fleire får kontakt med heimetenestene framover. Det er behov for å auke kompetansen om oppfølging av psykiske plager og lidingar hos eldre i dei kommunale helse- og omsorgstenestene, og spesielt i heimetenestene. Fleire studiar viser at førekomsten av psykiske plager og lidingar er høgare blant unge vaksne enn blant eldre, men at symptoma aukar noko i eldre år, og særleg blant dei aller eldste. Rapporten frå Sintef om status innan kommunalt psykisk helse- og rusarbeid for 2022 viser at kommunane i landet i lita grad er førebudde på å møte dei aukande behova knytte til eldre innan psykisk helse‐ og rusarbeid.6 Vidare viser analysar frå dei regionale helseføretaka at det er behov for auka kapasitet for behandling av eldre.

Regjeringa har nyleg lagt fram Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse som omfattar heile befolkninga, også eldre.

Boks 5.4 FACT eldre

Hausten 2018 blei Noregs første FACT-team for eldre oppretta. Målgruppa er personar som er 65 år og eldre, og som har ei psykisk liding og alvorleg svikt i funksjonsnivå. Mange av brukarane har også alvorlege somatiske sjukdommar og kognitiv svikt og bruker rusmiddel. Desse brukarane har behov for samordna hjelp og oppfølging. Derfor har teamet eigen nevropsykolog, og det har etablert tett samarbeid med geriatar.

Teamet er etablert som eit samarbeid mellom Diakonhjemmet sjukehus og bydelane Vestre Aker, Ullern og Frogner. Erfaringar viser at det er heilt essensielt at begge nivåa jobbar med brukaren samtidig og i fellesskap. Teamet klarer å få levert helsetenester i dei vande omgivnadene til personen. Brukarane som tar imot tenester frå FACT-teamet, maktar å bu lengre i eigen bustad, og dei blir heller ikkje lagde inn på sjukehus så ofte. Teamet fungerer som brubyggar til andre tenester og aktivitetar og hjelper brukarane med å bygge sosiale nettverk.

Samisk språk og kunnskap

Samane har rettar som er regulerte i norsk lov og i internasjonale konvensjonar. Den samiske befolkninga bruker helse- og omsorgstenestene i like stor grad som majoritetsbefolkninga, men er mindre tilfreds med hjelpetilbodet. Det er lite som tyder på at det er forskjellar mellom den samiske befolkninga og majoritetsbefolkninga når det gjeld helsetilstand og førekomst av sjukdom, men ein del litteratur fokuserer på at samar har ei anna forståing av helse, sjukdom og behandling enn majoritetsbefolkninga.7 Individuell tilrettelegging og lokal forankring av tiltak er viktig.8

Samiske tenestemottakarar har behov for å bli møtte av ei teneste som har kompetanse på samisk språk og kultur. Spesielt eldre samiske pasientar kan ha vanskar med å uttrykke seg på majoritetsspråket, det gjeld ikkje minst personar med demens. For å styrke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene til brukarar med samisk språk og kulturbakgrunn er det etablert ei eiga tilskotsordning til kompetansehevande tiltak i omsorgstenestene til samiske brukarar. Formålet med ordninga er å styrke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene til brukarar med samisk språk og kulturbakgrunn gjennom fagutvikling og kompetanseheving. Tiltaka skal rettast mot område som omfattar innbyggarar med både sør-, nord- og lulesamisk språk og kultur.

Det er eit mål at samiske personar skal få informasjon på sitt eige språk. I blant anna Demensomsorgens ABC er det utarbeidd informasjonsmateriell retta mot den samiske befolkninga. Regjeringa vil føre vidare arbeidet med informasjon og kunnskapsformidling, og det er eit mål å heve kompetansen blant tilsette i helse- og omsorgstenesta i møte med personar med samisk bakgrunn som utviklar demens.

Velferdsteknologi

Digitale løysingar og auka bruk av teknologi, som digital heimeoppfølging, endrar måten helsefaglege oppgåver blir utførte på. Bruk av teknologi kan bidra til meir effektiv bruk av personell, samtidig som det gir betre tenester til brukarane. Då trengst det samtidig meir digital kompetanse hos helsepersonell. Helsepersonell må kunne forstå og bruke dei teknologiske hjelpemidla, og det er behov for kulturendring og tilpassing i helse- og omsorgssektoren. Det dreier seg både om kompetanse blant leiarar i å integrere, implementere og støtte endringar i arbeidsoppgåver for personellet, om å utvikle ein kultur i tenestene for fleksibilitet og utvikling og om vilje og evne til å ta innovative løysingar i bruk.

Gjennom Nasjonalt velferdsteknologiprogram rapporterer kommunane at manglande kompetanse er ei utfordring for innføring av ny teknologi. Ei utfordring er blant anna kompetanse hos personellet i bruk av teknologi og nye måtar å utøve profesjonen sin på. Helsepersonellkommisjonen peiker blant anna på behovet for digital kompetanse i dei helsefaglege utdanningane og på at det må bli lagt til rette for opplæring av personellet. Sjå kapittel 6.3.2 for nærare omtale av velferdsteknologi.

Boks 5.5 Sårbehandling heime via video

Digital sårteneste er eit samarbeid mellom Vestre Viken HF og tilknytte kommunar. Kongsberg kommune har vore først ut i testfasen. I prosjektet besøker sjukepleiarar i kommunen pasienten i heimen og får rettleiing frå lege ved sårpoliklinikken ved Kongsberg sjukehus via video. Dermed slepp pasienten belastninga med å reise til legekontor eller klinikk. Prosjektet har gode erfaringar, med fornøgde pasientar.

Kjelde: Vestre Viken HF

Pårørandesamarbeid blant helsepersonell

For å sikre betre samarbeid mellom helse- og omsorgstenestene og pårørande tilrår Kvinnehelseutvalet at det blir satsa på å auke kompetansen blant helsepersonell om pårørande og pårørandesamarbeid.9 I tråd med den nasjonale pårøranderettleiaren skal behovet for kompetanseheving bli kartlagt regelmessig, og det skal sikrast nøkkelpersonell som har djupnekunnskap om pårørandeinvolvering. Regjeringa vil gå gjennom innretninga på tiltaka i strategien Vi – de pårørende før planperioden går ut, og greie ut behovet for nye tiltak, jf. kapittel 6.4.

Etikk

Regjeringa har vidareført og løyvd midlar til etikksatsinga i KS i 2023. Satsinga hjelper kommunane med nyttige verktøy for etisk refleksjon og praksisnær oppfølging. Tiltaket bidrar til systematisk kompetanseheving knytt til etisk refleksjon i tenestene. Etisk refleksjon kan styrke dei tilsette si evne til å stå i etisk krevjande situasjonar og samtalar med brukarar, pasientar og pårørande, til dømes knytte til lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet, vald og overgrep, tvangsavgrensing og prioriteringar. Det blir delt ut ein eigen etikkpris i regi av satsinga. KS og Senter for medisinsk etikk har etablert eit formalisert samarbeid om etikksatsinga, slik at dei samla ressursane blir utnytta til det beste for kommunane.

Regjeringa har også vidareført og løyvd midlar til Senter for medisinsk etikk i 2023. Senteret jobbar med medisinsk og helsefagleg etikk gjennom forsking, undervisning og formidling. Senteret skal blant anna bidra til å auke kunnskapsgrunnlaget for avgjerder og prioriteringar i helse- og omsorgstenesta og bidra til å styrke medverknad i tenestene. Senteret skal også koordinere og kvalitetssikre kliniske etikkomitear i helseføretaka og hjelpe kommunar som ønsker å etablere kliniske etikkomitear.

Mangfald og openheit

Målet til regjeringa er at alle eldre, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, etnisk og kulturell tilhøyrsel og sosial status, skal kunne ta i bruk ressursane sine og bli møtte ut frå eigne behov og føresetnader. Utgangspunktet er at kvar enkelt brukar skal få vurdert behovet sitt for nødvendige tenester, og at tenestene skal finne fram til løysingar som er tilpassa dette behovet. Helse- og omsorgstenester til eldre må bli tilpassa det mangfaldet som bakgrunnen, erfaringane, ressursane og behova til innbyggarane representerer.

Eldre skeive blir gamle i eit samfunn med for lite kunnskap om livsløpserfaringane og aldringsvilkåra til skeive. Ofte har dei også møtt negative haldningar gjennom eit heilt liv og har erfaringar som gjer at det er vanskeleg å skulle «komme ut» som skeiv på nytt i møte med helse- og omsorgstenestene.

Kulturelle og sosiale faktorar er med på å påverke helseåtferd og i kva grad brukarane ønsker, evnar og har moglegheit til å oppsøke helse- og omsorgstenestene. Eldre innvandrarar har ikkje nødvendigvis same behov og preferansar for helse- og omsorgstenester som majoritetsbefolkninga, og mykje tyder på at det er eit stort behov for å tilpasse tenestene til ei samansett og heterogen befolkning for å sikre eit likeverdig tilbod til alle.10

Ei inkluderande eldreomsorg må baserast på at samfunnet er mangfaldig, og at tenestene skal tilpassast kvar enkelt brukar og pårørande. Det krevst også openheit og kunnskap om at forventningar og normer som har utgangspunktet sitt i majoritetsbefolkninga, ikkje kan vere grunnlag for å realisere målet om ei helse- og omsorgsteneste som er til for alle.

Boks 5.6 Skeive perspektiv på eldreomsorg

Skeiv kunnskap er kompetansehevingsprogrammet til FRI Oslo og Viken om normer og kjønns- og seksualitetsmangfald. Programmet har utvikla eit nettbasert kurs i normer, kjønn og seksualitet for leiarar og tilsette. Hovudformålet er å skape refleksjon om normer og auke kompetansen om kjønn og seksualitet – og om korleis vi møter tenestemottakarar, brukarar og kvarandre som kollegaer.

Skeiv kunnskap har samarbeidd med Sykehjemsetaten i Oslo og Helseetaten ved Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjeneste om blant anna seminar om personsentrert eldreomsorg og skeive perspektiv i samarbeid. Skeiv kunnskap har også utvikla sertifiseringsordninga Regnbuefyrtårn for arbeidsplassar som har gjennomført kompetanseheving i kjønns- og seksualitetsmangfald, og sett i gang endringsprosessar for å fremme likeverdige tenester og trygt arbeidsmiljø.

5.3 Omstilling og organisering

Regjeringa vil i tråd med Hurdalsplattforma stimulere til tiltak som bidrar til nye måtar å jobbe på som gir god hjelp, behandling og omsorg til befolkninga i heile landet.

For å sikre ei berekraftig helse- og omsorgsteneste med god kvalitet i framtida er det nødvendig med ei sterkare vektlegging av førebygging og helsefremmande arbeid. Gjennom det kan vi støtte opp under og utløyse dei ressursane som ligg hos brukarane sjølve, hos familien og det sosiale nettverket deira og i nærmiljøet. Gode relasjonar og kjennskap til brukaren er avgjerande for å kunne førebygge riktig og kjenne igjen endringar i helsetilstanden. Sentrale stikkord for å lykkast er betre oppgåvedeling, bruk av nye metodar og verktøy, nye samarbeid, auka bruk av teknologi.

Regjeringa vil

  • greie ut modellar for faste team i heimetenesta

  • stimulere til utvikling av ei fleirfagleg fastlegeteneste

  • utvide Tørn-prosjektet i KS til eit program for heile helse- og omsorgstenesta

  • bidra til å auke merksemda rundt behovet for klinisk observasjonskompetanse i dei kommunale helse- og omsorgstenestene

  • gi Helsedirektoratet i oppdrag å utarbeide rettleiingsmateriale for gode vedtaksprosessar

  • kartlegge bruken av og erfaringane med tildelingskontor

5.3.1 Betre oppgåvedeling

For å legge til rette for gode og trygge tenester og best mogleg bruk av tilgjengeleg personell er det viktig at tenestene driv tenesteutvikling og prøver ut nye måtar å jobbe på. Dette kan blant anna handle om nye måtar å samarbeide på, om delte stillingar og om retten til heiltidsjobb.

Som Helsepersonellkommisjonen har peikt på, er det eit stort potensial i betre oppgåvedeling og effektiv organisering. Korleis oppgåver blir fordelte, påverkar kva kompetanse og kva personellgrupper som blir etterspurde. Betre oppgåvedeling blir dessutan ofte peikt på som ein avgjerande faktor for både god samhandling og ei berekraftig bemanning av helse- og omsorgstenestene. Mange som jobbar i helse- og omsorgstenestene, opplever at dei ikkje får brukt kompetansen sin rett.

Det bør vere eit grunnleggande prinsipp at betre oppgåvedeling blir gjord med utgangspunkt i fagarbeidarkompetanse, men med fordeling av personell slik at forsvarlegkravet blir varetatt.

For at betre oppgåvedeling mellom personell i helse- og omsorgstenestene skal gi ønskt effekt, er det ein føresetnad at arbeidet er forankra i leiinga. Dernest må ein ha ei strukturert og metodisk tilnærming til arbeidet med endra oppgåvedeling. Måten ansvar og oppgåver blir fordelte og/eller omfordelte på, må vere basert på strategisk kompetansekartlegging og kompetanseplanlegging.

Auka føreseielegheit og fagleg breidde

Regjeringa ønsker i tråd med Hurdalsplattforma ei dreiing mot faste team og meir kontinuitet og føreseielegheit overfor kvar enkelt brukar. Dette bidrar til god kjennskap til brukaren og gode relasjonar over tid og har mykje å seie for kvaliteten på tenesta. Det kan vere spesielt problematisk for personar med demens å skulle forhalde seg til stadig nye tenesteytarar. Regjeringa vil greie ut modellar for faste team i heimetenesta. Regjeringa vil rette innsatsen mot heimetenesta, og ei dreiing mot faste team er sentrale tiltak i den nye heimetenesta, jf. boks 6.5 i kapittel 6.

Det er eit mål at innsatsen i større grad skal bli retta mot helsefremmande tiltak og førebygging, før behovet for tenester oppstår. Dette kan handle om å bli motivert til å trene, eller at ein får bistand til å vurdere om bustaden er utforma på ein aldersvennleg måte. Her vil fysioterapeutar og ergoterapeutar spele ei sentral rolle ved å bidra til å utløyse ressursane hos den enkelte og dermed kunne redusere eller utsette behovet for helse- og omsorgstenester. Regjeringa vil oppmode helse- og omsorgstenestene til meir fleirfagleg samarbeid, jf. kapittel 6.2, og meir helsefremmande arbeid gjennom tiltak som førebyggande heimebesøk.

For at fleire skal kunne bu trygt heime og få tenester der, må tenestene vere koordinerte og trekke inn rett kompetanse. Behovet for ny kompetanse og nye samarbeidsformer er løfta fram som ei av fem hovudutfordringar i innspelsprosessen til reforma.11 Behovet for fleirfagleg samarbeid er også framheva av Helsepersonellkommisjonen.12 Å ta i bruk større breidde i kompetansen i tenestene, som i heimetenestene, kan bidra til betre samordning og oppfølging av den enkelte, og dessutan betre arbeidsdeling og betre bruk av dei samla ressursane. Betre samarbeid med til dømes frivillige vil også bidra til auka breidde. Dette kan bli gjort gjennom å trekke inn frivillige som «matvertar», «spisevennar» eller «besøksvennar», og på den måten bidra til betre matopplevingar og motverke einsemd.

Boks 5.7 Prosjekt HELTOM

Bergen kommune har prøvd ut tverrfaglege team i heimebaserte tenester gjennom prosjektet HELTOM. Prosjektet har hatt som mål å gi gode tenester til brukarane og avgrense talet på tilsette som brukarane må forhalde seg til. I tillegg har formålet vore å bruke kompetansen til medarbeidarane målretta. Sjukepleiarar jobbar i helsetenesteteam og helsefagarbeidarar og assistentar jobbar i eigne omsorgsteam. Dette medfører at sjukepleiarane får bruke kompetansen sin meir målretta, og helsefagarbeidarane får jobbe meir sjølvstendig. HELTOM skal no bli innført i fleire bydelar og vidareutvikla.

Kjelde: Bergen kommune

Fleirfagleg fastlegeteneste

For å skape større breidde i tilbodet og som oppfølging av primærhelsetenestemeldinga blei det sett i gang eit forsøk med primærhelseteam (PHT) ved fastlegekontor. Pilotprosjektet blei starta i 2018 med 17 fastlegepraksisar med til saman 110 fastlegar i 9 kommunar. Det var blant anna sett som mål å betre tenestene til brukarar med store og samansette behov. Primærhelseteamforsøket har blitt følgeevaluert sidan oppstarten. Evalueringa frå 2023 viser at pasientane opplever ei meir tilgjengeleg fastlegeteneste, større grad av tryggleik og meir regelmessigheit i oppfølginga og kjenner seg betre varetatt. Omtrent halvparten svarer at dei i stor eller svært stor grad opplever betre livskvalitet, betre helse eller meir stabil helse med primærhelseteam. Pasientane får betre oppfølging i form av konsultasjonar, årskontrollar og heimebesøk. Erfaringane frå primærhelseteam og fleirfaglegheit på legekontor blir tatt med vidare i arbeidet med utviklinga av allmennlegetenesta. Teamarbeid og fleirfaglegheit vil også bli behandla i Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Hausten 2018 blei det også sett i gang ein pilot for tverrfagleg strukturert oppfølgingsteam. Formålet med piloten er å styrke den strukturerte og tverrfaglege oppfølginga av brukarar/pasientar med store og samansette behov og dermed fremme meistring og funksjon. Mange eldre vil falle inn under målgruppa for denne piloten. Formålet er også å førebygge og/eller utsette behovet for både kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenester, blant anna ved å legge til rette for at eldre kan halde oppe funksjonsnivået sitt i heimen. Forsøket er eit nasjonalt utviklingsarbeid som skal hauste erfaringar frå pilotkommunane og dokumentere resultat som kan ha nasjonal overføringsverdi. Piloten er vidareført fram til og med 2023 med fire kommunar, og i evalueringa etterpå vil ein kunne hauste nyttige erfaringar frå denne piloten.

Basert på erfaringane frå dei tverrfaglege oppfølgingsteama og primærhelseteama og som oppfølging av rapporten frå ekspertutvalet for gjennomgang av allmennlegetenesta vil regjeringa vurdere korleis ein best kan stimulere til utvikling av ei fleirfagleg fastlegeteneste.

Effektiv organisering og betre oppgåvedeling

I Tørn gjer ein forsøk med nye arbeids- og organisasjonsformer i omsorgstenesta. Formålet med prosjektet er å bidra til omlegging av arbeidsformer og organisering av arbeidet for å auke kontinuiteten i tenestene, gi brukarane og dei tilsette større føreseielegheit og tryggleik og bidra til tenester som er tilpassa kvardagen til brukarane. Det kan dreie seg om å prøve ut alternative turnusordningar som blant anna bidrar til fleire heiltidsstillingar, utvikle verktøy som optimaliserer arbeidslister og oppgåvefordeling, eller utvikle andre arbeids- og organisasjonsformer for å sikre meir føreseielegheit i tenestetilbodet til den enkelte. KS har ansvaret for både modellutprøvinga og spreiinga av erfaringar og kunnskap til kommunane. Det kan vere aktuelt med eit eige løft for fagarbeidarar i helse- og omsorgstenesta.

Regjeringa vil utvide Tørn-prosjektet i KS til å gjelde for heile helse- og omsorgstenesta. Ei utviding av Tørn er også foreslått av Helsepersonellkommisjonen.

5.3.2 Tidleg innsats og tiltak mot funksjonsfall

Dersom ein jobbar helsefremmande og førebyggande, vil fleire bli sette i stand til å klare seg sjølve og på den måten oppleve meistring, verdigheit og auka livskvalitet. Tidleg innsats som bidrar til at rett tiltak blir sett inn til rett tid, støttar opp under dette. Men for å lykkast må ein ha kompetanse eller verktøy for å fange opp endringar i helsetilstanden og vere spesielt merksam på endringar knytte til ernæring, fysisk funksjon, kognisjon, hygiene og så vidare. Tiltak mot funksjonsfall må bli sett i samanheng med andre kompetansehevande tiltak.

Klinisk observasjonskompetanse

Regjeringa meiner det er viktig med eit systematisk arbeid for å auke den kliniske observasjonskompetansen i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Klinisk observasjonskompetanse er viktig for å kunne avdekke sjukdom og funksjonstap, og for å kunne sette i gang dei rette tiltaka til rett tid. Symptom hos eldre kan vere diffuse og atypiske og dermed vanskelege å avdekke. Målet med auka klinisk observasjonskompetanse er å auke pasienttryggleiken i dei kommunale helse- og omsorgstenestene og bidra til trygge og gode tenester. Det kan bidra til at eldre kan bu heime lenger, i tråd med måla i Bu trygt heime-reforma.

Utviklingssentrene for sykehjem og hjemmetjenester jobbar med tiltak som til dømes proACT-verktøy og KlinObsKommune. Dette er godt utprøvde tiltak som har vist svært gode effektar. Helsedirektoratet tilrår bruk av desse tiltaka. Regjeringa vil bidra til å auke merksemda rundt behovet for klinisk observasjonskompetanse i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Utviklingssentrene for sykehjem og hjemmetjenester kan hjelpe kommunane med utdanning av instruktørar, drift av instruktørnettverk, planlegging og gjennomføring av lokale kurs og så vidare.

Ernæringskompetanse

Helsepersonellkommisjonen er tydeleg på at vi må tenke nytt om oppgåvedeling, og bruke personell på andre måtar enn før. Dette gjeld også innan mat og ernæring. Det er behov for meir kompetanse om mat og ernæring i dei kommunale helse- og omsorgstenestene som ein føresetnad for å kunne utføre eit meir systematisk ernæringsarbeid i tenestene. Tiltak innan ernæring blir omtalte samla i kapittel 6.

Fallførebygging

Fallskadar blant eldre er ei stor folkehelseutfordring. Fallskadar som hoftebrot forverrar helsetilstanden og eigenmeistringa til den enkelte. Det er eit stort potensial for å førebygge fall, både i eigen heim og i nærmiljøet.

Helsedirektoratet skal i løpet av 2023 lansere eigne nasjonale faglege råd for helse- og omsorgstenesta for å førebygge fall, både blant heimebuande over 65 år, i sjukeheimar og i sjukehus. Råda omfattar identifisering av eldre med risiko for fall og kartlegging av risikofaktorar for fall, og dessutan handtering og tiltak. Målgruppa er leiarar og helsepersonell i kommunehelsetenesta og helseføretak. Politikken til regjeringa knytt til førebygging av fall i nærmiljøet er omtalt i Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga. Regjeringa vil jobbe vidare med ein nullvisjon for fallulykker, både i uteområde og i eigen heim. Gjennom nullvisjonen kan vi få meir systematisk oversikt over årsaker og utfordringar, som gir betre grunnlag for å sette i verk førebyggande tiltak. Det trengst ei nærare utgreiing av korleis ein skal organisere, lære av og evaluere fallførebyggande innsats i nærmiljøet og i heimen. Fallførebygging vil også bli omtala i Nasjonal helse og samhandlingsplan.

Mange av dei sentrale tiltaka for førebygging av fall er tiltak som er beskrivne i kapittel 3 og 4, som fysisk aktivitet, universell utforming og tilpassing av bustad og så vidare. Arbeidet med fallførebygging i helse- og omsorgstenestene inngår i det ordinære arbeidet til tenestene, som blant anna førebyggande heimebesøk, legemiddeloppfølging og ernæringsoppfølging, som er nærare beskrive under og i kapittel 6.

Boks 5.8 FALLPREVENT – eit prosjekt om fallførebygging

Prosjektet Implementering av kunnskapsbasert fallforebyggende program i helsetjenesten: kvalitet, kompetanse og effekt/effektivitet (FALLPREVENT) får støtte av Forskingsrådet og er ferdig i 2026. Hovudmålet i FALLPREVENT er å utvikle og evaluere innovative forskingsbaserte intervensjonar innan førebygging av fall saman med ulike brukargrupper for å implementere forskingsbasert kunnskap.

Rett legemiddelbruk

Betre kvalitet i legemiddelbruk og -handtering vil gi færre legemiddelrelaterte skadar, betre helse og auka livskvalitet. Storleiken på effekten er vanskeleg å talfeste, men er truleg betydeleg, spesielt for eldre pasientar og pasientar som bruker fleire legemiddel. Legemiddelrelaterte skadar kan oppstå i alle delar av eit pasientforløp og i alle ledd av prosessen, frå legen ordinerer og rekvirerer behandlinga, fram til pasienten har tatt legemiddelet. For å betre kvaliteten i legemiddelbehandlinga vil det derfor vere behov for ulike tiltak retta mot både helsepersonell og pasientar.

Ein føresetnad for å kunne gi best mogleg helsehjelp og redusere risikoen for legemiddelrelaterte skadar er at relevante og nødvendige opplysningar om sjukdomshistorie og legemiddelbruk følger pasienten gjennom heile pasientforløpet. Digitale løysingar skal støtte opp under heilskapleg samhandling mellom helsepersonell og styrke moglegheita pasientar og innbyggarar har til å ta aktivt del i eige behandlingsopplegg. Det er behov for å vidareutvikle dagens nasjonale e-helseløysingar og etablere nye tenester og ny funksjonalitet.

Ei felles legemiddeloversikt er høgt prioritert av aktørane i helse- og omsorgstenesta. Det er forventa at ei slik oversikt vil gi auka effektivitet og betre pasienttryggleik og dermed realisere nytte for både spesialisthelsetenesta, den kommunale helse- og omsorgstenesta, pasientar og innbyggarar. Regjeringa vil legge opp til ei trinnvis utvikling av legemiddellista til pasienten, som gradvis vil gi helsepersonell på tvers av helse- og omsorgstenesta ei samla oversikt over alle legemidla pasienten bruker. Pasientar og pårørande vil få innsyn i legemiddellista gjennom helsenorge.no. Bruk av velferdsteknologi og andre digitale løysingar vil også kunne betre kvaliteten i legemiddelbehandlinga, til dømes ved bruk av teknologi som sikrar at rett legemiddel blir tatt til rett tid. Erfaringar frå Nasjonalt velferdsteknologiprogram viser at der elektronisk medisineringsstøtte gjer brukaren uavhengig av besøk frå heimesjukepleia for å ta medisinane sine, opplever brukaren auka eigenmeistring og betre livskvalitet. I tillegg viser erfaringar færre medisineringsavvik. Digitalisering i helse- og omsorgstenesta vil vere eit sentralt tema i Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Regjeringa er opptatt av å styrke det nasjonale arbeidet med pasienttryggleik og kvalitet for å redusere omfanget av pasientskadar, inkludert feilmedisinering og feil som skjer i samband med legemiddelhandtering. For å unngå skadelege biverknader eller interaksjonar er det viktig at legemiddelbruken hos eldre blir følgd nøye opp. Der er derfor innført krav om at sjukeheimar skal ha regelmessig legemiddelgjennomgang av bebuarar (ved innkomst og minst ein gong i året), der det blant anna skal bli vurdert om det er legemiddel pasienten ikkje treng, og dermed kan slutte å ta. Det er også eit tilsvarande krav for fastlegar om å gjennomføre legemiddelgjennomgangar for pasientar som bruker fire legemiddel eller meir, når dette blir rekna som nødvendig ut frå ei medisinsk vurdering.

Systematisk arbeid med kvalitetsforbetring og pasienttryggleik, blant anna på legemiddelområdet, skal inngå i Nasjonal helse- og samhandlingsplan som blir lagd fram før nyttår.

Gode og tilpassa tenester gjennom individuelle vedtak

Som det går fram av kapittel 2, er det mange som opplever å bli tildelte tenester utan at kommunen har vore i kontakt med dei før vedtaket blei fatta. Tenestetilbodet til kommunen innan helse og omsorg skal dekke eit bistandsbehov basert på ei individuell vurdering av funksjonsevna til brukaren, og som er tilpassa behovet til den enkelte for tenester. Formålet med kriterium for tildeling av tenester er først og fremst å sikre søkarane ei heilskapleg, tverrfagleg og likeverdig vurdering. Målet er at det blir fatta vedtak om tenester som bidrar til å vareta og utvikle evna til den enkelte til å meistre utfordringane i dagleglivet både i og utanfor heimen.

God saksbehandling skal vareta ei rekke omsyn, som at behova til pasienten/brukaren blir tilstrekkeleg grundig greidde ut og kartlagde, og at pasienten/brukaren skal bli gitt moglegheit for medverknad. Vidare skal rettstryggleiken bli vareteke saman med grunnleggande personvernomsyn. Desse omsyna må bli balanserte mot omsynet til ei effektiv forvaltning og rett bruk av offentlege ressursar.

Eit viktig prinsipp for all tildeling av tenester vil vere LEON-prinsippet om at mindre ressurskrevjande tenester skal vere vurderte og om mogleg også freista, før kostnadskrevjande tenester blir innvilga. LEON står for Lågaste Effektive OmsorgsNivå. LEON-prinsippet går ut på at tenestetilbodet blir gitt på eit lågast mogleg omsorgsnivå, med fokus på brukaren sine eigne ressursar. Målet er at innbyggarane skal halde oppe størst mogleg grad av eigenmeistring og livskvalitet. Ein eventuell reduksjon i funksjonsnivået skal bli førebygt og motverka ved først å sette inn tiltak som fremmer eigenmeistring.

Gode vedtak krev gode arbeidsprosessar, beskrivingar og vurderingskriterium for ulike tenester og at brukarar og pårørande deltar og medverkar. Helsedirektoratet vil som ein del av Bu trygt heime-reforma få i oppdrag å utarbeide rettleiingsmateriale for gode vedtaksprosessar som tar vare på behovet for gode vurderingskriterium og medverknad.

Ei rekke kommunar har oppretta tildelingskontor eller liknande for å vurdere søknadar om tenester, med mål om likebehandling, betre koordinering og å ha éin inngang for førespurnadar frå både innbyggarar, sjukehus, fastlegar og så vidare. I evalueringa av tillitsmodellen i heimetenesta i Oslo kjem det fram at nærleiken mellom dei som forvaltar og tildeler tenester, og dei som utøver tenestene, bidrar til betre brukarorientering og tilpassing av tenestene. Samtidig blir det påpeikt at splitting av saksbehandlarar i mindre, geografiske team gir ein viss risiko for at fagmiljø forvitrar, og kan gå på kostnad av likebehandling av brukarar. I evalueringa blir det anbefalt å etablere standardar for tildeling av tenester, som sikrar likebehandling innanfor dei økonomiske rammene ein har til rådigheit.13 Tildeling av tenester må også sikre at den einskildes individuelle behov blir teke vare på. Det er behov for meir kunnskap om erfaringane med tildelingskontor og liknande funksjonar. Helsedirektoratet vil få i oppdrag å kartlegge bruken av og erfaringane med tildelingskontor.

Boks 5.9 Vurderingsteam

Bergen kommune har som ein del av arbeidet sitt med ei tillits- og faglegheitsreform innført vurderingsteam. Vurderingsteamet kartlegg nye personar som søker om tenester. Teamet gir helsetenester til brukarane i inntil fire veker, samtidig som det kartlegg og vurderer behovet hos den som har søkt om tenester. Når teamet er ferdig med vurderinga, gjer ein vedtak om tildeling av konkrete tenester, og ansvaret for brukarane blir overført til tenesteleverandørane som har ansvaret for tenestene dei treng. Brukarane har vore svært fornøgde, og mange blir sjølvhjelpte i løpet av tida vurderingsteamet følger dei opp.

Kjelde: Bergen kommune

5.4 Kvalitet og leiing

For å legge til rette for at fleire eldre kan bli buande heime lenger, er det nødvendig med god leiing og planlegging og systematisk arbeid med kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik. Dette handlar om å bidra til at leiarar har nødvendig formell leiarkompetanse, at dei har gode verktøy og handlingsrom til å vareta oppgåvene sine og ansvaret sitt, og til at kommunar og verksemder driv strategisk kompetanseplanlegging. Det kan også handle om å gi leiarar og kommunar større grad av fridom med omsyn til korleis oppgåver blir løyst.

Ein viktig føresetnad for å lykkast med å kvalifisere, rekruttere og behalde personell i verksemdene er at kommunane prioriterer strategisk kompetanseplanlegging.

Forslaga her blir sett i samanheng med tiltaka knytte til kartlegging og planlegging i Eldrebustadprogrammet, jf. omtale i kapittel 4.2. Leiing er eit tema som også vil bli omtalt nærare i Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Regjeringa vil

  • bidra til å styrke leiingskompetansen i den kommunale helse- og omsorgstenesta

  • vidareføre satsinga på nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta

  • legge til rette for utvikling av ei kort nettbasert leiarutdanning for leiarar i kommunale helse- og omsorgstenester

  • vidareutvikle og spreie gode modellar for tillitsbasert styring og leiing i den kommunale helse- og omsorgstenesta

  • greie ut behovet for å utvikle fleire kvalitetsindikatorar og styrke kvaliteten på dei eksisterande indikatorane

5.4.1 Styrke leiingskompetanse

Utfordringsbiletet er komplekst, og skal vi lykkast med ei omstilling der vi i større grad vektlegg nye arbeidsmetodar, betre oppgåvedeling og nytenking, trengst kompetente leiarar. Det er ei kjensgjerning at leiartettleiken i den kommunale helse- og omsorgstenesta er låg, samtidig som den formelle leiarkompetansen er låg. I innspelsprosessen kom det fram at for mange leiarar går krava til dei administrative og økonomiske oppgåvene dei skal løyse, på kostnad av personalleiing, kvalitetsarbeid og utvikling av eigen leiarkompetanse.14

Målet om betre oppgåvedeling som er omtalt under kapittel 5.3, gjeld også for leiarar. Betre støttefunksjonar kan bidra til å frigjere tid for leiarar, slik at dei i større grad kan drive med leiing og kvalitets- og tenesteutvikling. Regjeringa vil auke leiarkompetansen, både om leiing og om dei tenestene dei skal leie. Det er heilt sentralt med god leiing for å klare å sjå behovet for tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid og at gode helse- og omsorgstenester heng saman med folkehelsearbeidet, planarbeidet, frivilligpolitikken lokalt og så vidare.

Leiarutdanning og verktøy for leiing

Leiarspennet (talet på medarbeidarar per leiar) i helse- og omsorgstenestene er svært høgt, samtidig som den formelle leiarkompetansen er låg. Tenesta er også prega av eit asynkront leiarskap, der folk sjeldan er på jobb samtidig, som gjer tenesta særskilt vanskeleg å leia. Det har store konsekvensar for arbeidsmiljøet, medrekna sjukefråvær og gjennomtrekk, bemanninga og kvaliteten på tenestene. For å bidra til betre leiing av kommunale helse- og omsorgstenester har ein etablert nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta.

Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta er ei leiarutdanning tilpassa mellomleiarar i den kommunale helse- og omsorgstenesta og den fylkeskommunale tannhelsetenesta, der ein vesentleg del jobbar i omsorgstenesta. Utdanninga svarer til 30 studiepoeng på mastergradsnivå og skal bidra til å styrke leiarane i å gjennomføre nødvendig omstilling og utvikling i tenestene framover. Utdanninga bidrar også til at leiarane handterer krysspress dei står i, på ein betre måte. Utdanninga blir tilbydd på tvers av yrkesgrupper og tenesteområde for å oppnå læring, kommunikasjon og samhandling. Regjeringa vil føre vidare satsinga på nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta.

Helse- og omsorgsdepartementet vil legge til rette for utvikling av ei kort nettbasert leiarutdanning for leiarar i kommunale helse- og omsorgstenester, etter modell av ei nettbasert leiarutdanning for fastlegar. Leiarutdanninga bør bli forma ut slik at ho når flest mogleg leiarar, og kan bli gjennomført på ein fleksibel måte. Formålet er å bidra til at fleire leiarar kjem opp på eit litt høgare kompetansenivå. For å legge til rette for at leiarar i kommunale helse- og omsorgstenester lett kan få oversikt over ulike verktøy og kompetansetiltak for leiarar, vil Helsedirektoratet få i oppdrag å utvikle denne leiarutdanninga saman med relevante aktørar.

Vidareutvikle tillitsbasert styring og leiing i den kommunale helse- og omsorgstenesta

Regjeringa vil legge til rette for å vidareutvikle og spreie gode modellar for tillitsbasert styring og leiing, basert på erfaringar frå blant anna Oslo kommune. Formålet med ordninga er å bidra til implementering av gode modellar for tillitsbasert styring og leiing i den kommunale helse- og omsorgstenesta, særleg i distriktskommunar med rekrutteringsutfordringar. Samtidig handlar det om å gi leiarar og kommunar større grad av fridom med omsyn til korleis oppgåver skal løysast, og om å gi dei tilsette tid og tillit til å gi brukarane betre tenester.

Tiltaket vil bygge på evalueringa av tillitsmodellen i heimetenesta i Oslo og innhente nødvendig erfaringar frå dette pilotprosjektet og tilsvarande prosjekter.15 Fleire av tilrådingane frå evalueringa kan vere aktuelle å føre vidare til andre kommunar. Dette kan gi eit godt grunnlag for ei felles forståing og for å finne fram til gode modellar for tillitsbasert styring og leiing i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

5.4.2 Kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik

Kunnskap og kompetanse om, og ikkje minst verktøy og system som legg til rette for, systematisk arbeid med kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik, bidrar til gode og trygge tenester. Kvalitetsforbetring er ein kontinuerleg prosess som handlar om å identifisere svikt og forbetringsområde, teste ut tiltak og justere til resultatet blir som ønskt, og sørge for at forbetringa held fram. Kvalitetsforbetring handlar om å forbetre helse- og omsorgstenesta, men også om å teste ut innovative og nytenkande idear. Forskrift om leiing- og kvalitetsforbetring tydeleggjer ansvaret til verksemdene for den lovfesta plikta til å jobbe systematisk med kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik. Dette er også ein føresetnad for å lykkast i arbeidet med til dømes betre medisinsk oppfølging, ernæring, rett legemiddelbruk og fallførebygging.

Trongare økonomiske rammer og aukande utfordringar med å rekruttere og behalde kompetent personell indikerer eit aukande behov for at tenesta må jobbe kunnskapsbasert og systematisk med kvalitetsforbetring og pasienttryggleik for å få best mogleg helse- og omsorgstenester ut av kvar krone. I tillegg kjem ei rask medisinsk og teknologisk utvikling som stiller nye krav til kompetanse, og skaper forventningar hos pasientar, brukarar og pårørande.

Det er kommunane som er ansvarlege for gode og trygge tenester. Å legge til rette for openheit om kvalitet og pasient- og brukartryggleik, medrekna resultata på kvalitetsindikatorar, og avdekke og førebygge risikoområde er viktig for både brukarane, pasientane, helse- og omsorgstenesta lokalt og nasjonale styresmakter. Det er viktig at brukarar og pasientar har informasjon om kvalitet og pasient- og brukartryggleik i helse- og omsorgstenesta lokalt i kommunen sin, og at den kommunale helse- og omsorgstenesta bruker resultata i forbetringsarbeidet sitt. Det er utvikla ei rekke kvalitetsindikatorar, men det er likevel behov for å vurdere om det bør bli utvikla fleire, og å styrke datakvaliteten på dei eksisterande, og dessutan sjå på korleis uttrekk av data kan bli gjort betre. Dette vil gi betre moglegheit for å måle kvalitet, gi pasientar, brukarar og pårørande innsyn i tenestetilbodet lokalt og styrke moglegheita til å følge opp resultat på både nasjonalt og lokalt nivå. Helsedirektoratet vil få i oppdrag å greie ut behovet for å utvikle fleire kvalitetsindikatorar og styrke kvaliteten på dei eksisterande.

Riksrevisjonen peiker i undersøkinga si av tilgjengelegheit og kvalitet i eldreomsorga på at det manglar nødvendig kunnskap om kvaliteten i eldreomsorga.16 Regjeringa vil gjennom reforma bidra til å svare ut Riksrevisjonens anbefalingar blant anna gjennom arbeidet med kvalitetsindikatorar og auka openheit om kvalitet og pasient- og brukartryggleik. Auka kompetanse og etablering av rutinar for personsentrert omsorg, skal også bidra til betre ivaretaking av eldres behov, jf. kapittel 5.2. I tillegg er tenesteutvikling, gode vedtak og god leiing tiltak som skal bidrar til at fleire eldre får kvalitativt gode tenester, uavhengig av kor dei bur, jf. kapittel 5.3, 6.3 og 6.4.

Alvorlege hendingar der dødsfall eller omfattande skade på pasient er uventa i forhold til kva som kan sjåast på som pårekneleg risiko, skal i dag varslast frå verksemda Statens helsetilsyn (Helsetilsynet) og Statens granskingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (Ukom). Det regjeringsoppnemnde utvalet som skulle gjere ein heilskapleg gjennomgang av varselordningane leverte rapporten sin i april 2023 og er nå på høyring til august 2023. Utvalet meiner det er behov for å gjere endringar i varselordningane og tilrår fleire tiltak som dei vurderer tydeleggjer og underbygger ansvaret til verksemdene.

Det heilskaplege og systematiske arbeidet med kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik, vil bli nærare omtalt i Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

Boks 5.10 SAFE-LEAD

Målet med SAFE-LEAD er å auke kompetansen innan kvalitet og tryggleik hos leiarar i sjukeheimar og heimetenesta. SAFE-LEAD skal utvikle, implementere og evaluere ein forskingsbasert leiarguide for sjukeheimar og heimetenesta. Utvalet består av fire sjukeheimar og fire heimetenester i Noreg. Spørjeskjema, intervju og observasjon blir nytta for å evaluere intervensjonen. Prosjektet vil også gjere ei samanlikning med ein tilsvarande studie av leiarverktøy i Nederland.

Læringsnettverk for gode pasientforløp

KS har sidan 2014 drive nasjonale læringsnettverk for Gode pasientforløp i tett samarbeid med Folkehelseinstituttet. Formålet med læringsnettverka er å støtte kommunane og helseføretaka i arbeidet med å betre overgangane i pasientforløpet og sikre behova til brukarane gjennom heilskaplege, trygge og koordinerte tenester. Gjennom læringsnettverka får kommunar og helseføretak råd og rettleiing om korleis dei kan arbeide systematisk med pasientforløp, og dokumentere effekten på brukarane. Evalueringsrapporten frå 2020 er tydeleg på at Gode pasientforløp har bidratt til drive fram eit nødvendig paradigmeskifte i retning av ei meir personsentrert helse- og omsorgsteneste. Prosjektet går ut 2023, og vidare oppfølging vil bli vurdert nærare.

5.5 Forsking og kunnskapsbasert praksis

Regjeringa ønsker å styrke grunnlaget for kunnskapsbaserte helse- og omsorgstenester og stimulere til innovasjon og næringsutvikling. Ein føresetnad for at fleire skal kunne bu heime lenger, er at dei tilsette har høve til å ta i bruk ny kunnskap og innovasjonar på arbeidsplassen. Helse er eit av dei største tematiske forskingsområda i Noreg og det nest største utdanningsområdet, målt i talet på studentar. Noreg har ei veksande helsenæring og store forskings- og fagmiljø innanfor blant anna nevrovitskap, kreft og livsvitskap. Helseføretaka har forsking som ei av dei fire lovpålagde oppgåvene sine og har dei siste tjue åra hatt ei stor utvikling i forskingsaktiviteten sin. Det er eit mål å få meir forsking i og på dei kommunale og fylkeskommunale tenestene og på forhold som påverkar folkehelsa.

Regjeringa vil

  • støtte utviklinga av kunnskaps- og forskingssystem i dei kommunale helse- og omsorgstenestene

  • legge til rette for auka utvikling og implementering av forskingsresultat i helse- og omsorgstenesta

  • legge til rette for meir og betre organisert samarbeid om forsking som er relevant for kunnskapsbehovet til kommunane

5.5.1 Kunnskaps- og forskingssystem

Endringar i samfunnet gjer at vi må levere tenester på andre måtar enn i dag. Gode kunnskaps- og forskingssystem er viktige føresetnader i møte med morgondagens utfordringar. Endringar i organisering og oppgåvedeling føreset at helse- og sosialpersonell har høve til å delta i utviklings- og innovasjonsarbeid i samarbeid med forskingsmiljø, næringsliv og brukar- og pasientorganisasjonar for blant anna å kunne utvikle og ta i bruk arbeidssparande innovasjonar. Det føreset også at fleire disiplinar blir involverte, frå helsevitskaplege fag til humaniora, teknologiske fag, og samfunnsvitskap. Det bør bli lagt til rette for lokal tilpassing og effektevaluering ved implementering og spreiing av nye innovasjonar, gjennom systematisk bruk av helsedata og helseteneste- og implementeringsforsking.

Nasjonalt kompetansenettverk for behovsdriven innovasjon, InnoMed, skal bidra til berekraftige helsetenester gjennom nyskaping og spreiing av kunnskap i heile landet. Nettverket skal blant anna bidra til koordinerte og samanhengande pasientforløp for dei prioriterte pasientgrupper i Nasjonal helse- og sykehusplan 2020–2023, som eldre. InnoMed bidrar med auka kompetanse om tenesteinnovasjon, bidrar til å spreie innovative tenester på tvers av kommunar og helseføretak og tilbyr prosessrettleiing.

Helse- og omsorgsdepartementet skal i samråd med departementa som det vedkjem, greie ut ei meir samla organisering av kompetansesentera utanfor spesialisthelsetenesta, med mål om å etablere eit meir heilskapleg system for betre og meir koordinert støtte til kommunesektoren. Utgreiinga legg til grunn ein desentralisert struktur med kompetansemiljø nær tenestene. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.

5.5.2 Forsking på berekraftige tenester

Regjeringa har helse som ei av seks tematiske prioriteringar i Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplanen for forskning og høyere utdanning 2023–2032. Det inneber blant anna at regjeringa føreset at universitet, høgskular, helseføretak og forskingsinstitutt som får statlege løyvingar, ser det som sitt ansvar å bidra i utviklinga av kunnskaps- og kompetansebasen vår. Berekraftige helse- og omsorgstenester og forsking i, med og for helse- og omsorgstenestene er blant dei områda regjeringa særleg ønsker å prioritere.

For å legge til rette for auka utvikling og implementering av praksisnær forsking på og i helse- og omsorgstenesta har blant anna Senter for omsorgsforskning blitt etablert. Gjennom Senter for omsorgsforskning er det bygd opp ein forskingsinfrastruktur som er forankra i universitets- og høgskulesektoren, som kan vise til god forskingsproduksjon og eit godt arbeid med å samle inn, samanfatte og formidle kunnskap til kommunane. Forskinga er i all vesentleg grad finansiert gjennom midlar frå vertsinstitusjonane og søknadsbaserte forskingsmidlar frå Forskingsrådet. Senter for omsorgsforskning består av fem senter som er tett integrerte i vertsinstitusjonane sine i ulike delar av landet, og organiserte i eit nettverk. Forskinga som blir produsert ved sentera, er ikkje avgrensa til berre omsorgstenestene, men omfattar også andre helse- og omsorgstenester i kommunane.

Dei kommunale helse- og omsorgstenestene står overfor store berekraftsutfordringar, særleg knytte til mangelen på personell. Samtidig er dette ein sektor der det blir forska for lite i forhold til storleiken og kompleksiteten på sektoren, sjølv om aktiviteten har auka, jf. kapittel 2.5.7. Auka implementering av forsking i tenestene kan bidra til betre bruk av tilgjengelege personellressursar, samtidig som sterke fagmiljø verkar positivt inn på det å rekruttere og behalde personell.

5.5.3 Meir forsking om, i og med kommunane

Det er behov for forsking som bidrar til betre tenester, auka pasienttryggleik og riktig prioritering, slik at tiltak som har ein dokumentert effekt, og der ressursbruken står i forhold til nytta av tiltaket, blir sette i verk framfor tiltak der effekten er meir usikker. Dette føreset blant anna at det blir jobba meir systematisk med forsking og kunnskapsutvikling for kommunal sektor. Kommunane må i tillegg ha kompetanse til å forstå forskingsresultata og omsette dei til den praktiske kvardagen sin, slik at dei kan ta i bruk kunnskapen som blir utvikla, og etablere arenaer for erfaringsutveksling og læring.

Dei siste åra har det vore ein auke i forsking relatert til den kommunale helse- og omsorgstenesta, men satsinga står ikkje i forhold til storleiken på sektoren og den samfunnsmessige betydninga. HelseOmsorg21-rådet viser til at den avgrensa forskingsinnsatsen i kommunane bidrar til at fleire av tiltaka og pilotane som blir gjennomførte, ikkje er gjenstand for systematisk og samordna følgeforsking.17

Gjennom arbeidet med Meld. St. 38 (2020–2021) Nytte, ressurs og alvorlighet – Prioritering i helse- og omsorgstjenesten, fekk Folkehelseinstituttet i oppdrag å foreslå korleis eit kunnskapsstøttesystem for kommunale helse- og omsorgstenester kunne sjå ut. I regjeringas langtidsplan for forsking og høgare utdanning er det varsla at ein som ein del av Nasjonal helse- og samhandlingsplan vil halde fram utviklinga av ein forskingsinfrastruktur for kommunale helse- og omsorgstenester, og dessutan at regjeringa særleg vil prioritere forsking på, i og om den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Helsedirektoratet har, som oppfølging av Meld. St. 38 (2020–2021) Nytte, ressurs og alvorlighet – Prioritering i helse- og omsorgstjenesten, fått i oppdrag å utarbeide ein nasjonal fagleg rettleiar for prioritering i kommunale helse- og omsorgstenester. Rettleiaren skal beskrive korleis prinsippa for prioritering kan operasjonaliserast og bli nytta i den kommunale helse- og omsorgstenesta, på ulike nivå og i ulike avgjerdssituasjonar. Det skal bli utarbeidd ein plan for implementeringa av rettleiaren.

Rapporten frå Kvinnehelseutvalet viser til at det er store kunnskapshol blant anna når det gjeld helsa til eldre kvinner.18 Utvalet viser til at det er behov for auka kunnskap blant anna om kva kjønn har å seie for helse i alderdommen. Utgreiinga frå Kvinnehelseutvalet er send på høyring, og regjeringa tar sikte på å legge fram ein eigen kvinnehelsestrategi i løpet av 2024. Rapporten frå utvalet og høyringa vil vere viktige grunnlag for kvinnehelsestrategien.

Fotnotar

1.

NOU 2023: 4, side 13.

2.

1) Bergen kommune – temaside om tillitsreforma. 2) Oslo kommune – Tillitsmodellen sluttrapport for Prosjekt Tillitsmodellen.

3.

«Helspersonellkommisjonen bruker begrepet hus-og-hytte om stillinger som helsepersonell har, og som gir dem forskjellige arbeidssteder, avdelinger innenfor samme helseforetak, eller der det er forskjellige arbeidsgivere» (NOU 2023: 4 Tid for handling, s.217).

4.

Nasjonalt senter for aldring og helse.

5.

Hansen og Slagvold (2011).

6.

Ose og Kaspersen (2022).

7.

Krane (2021).

8.

Blix (2016).

9.

NOU 2023: 5.

10.

Folkehelseinstituttet (2022b).

11.

Comte Bureau (2022).

12.

NOU 2023: 4.

13.

Agenda Kaupang (2022).

14.

Comte Bureau AS (2022).

15.

Agenda Kaupang (2022).

16.

Riksrevisjonen (2018b).

17.

Innspelet frå HelseOmsorg21-rådet til Nasjonal helse- og samhandlingsplan.

18.

NOU 2023: 5.

Til forsida