Meld. St. 3 (2020–2021)

Statsrekneskapen 2020

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelde 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 11 199,3 mrd. kroner ved utgangen av 2020, tilsvarande ein auke på 844,3 mrd. kroner frå utgangen av 2019. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

2019

2020

Endring

SPU

10 086 229

10 907 094

820 864

SPN

268 740

292 197

23 457

Statens pensjonsfond

10 354 969

11 199 290

844 321

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2020 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Equinor ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle, oljekorrigerte underskotet over tid svare til venta realavkastning av SPU.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føre tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank.

Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane frå fondet til statskassa spesifiserte.

Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein auke i verdiane i SPU på 820,9 mrd. kroner i 2020. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 106,8 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2020 vart det overført 417,4 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2020 netto finanstransaksjonar2, jf. lov om Statens pensjonsfond § 4, på 9,1 mrd. kroner etter sal av aksjar i Equinor. Avkastninga av plasseringane til fondet var 1 122,4 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 217,3 mrd. kroner3 frå renter, utbyte, og netto andre postar inkludert skattekostnad, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 169,7 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 677,4 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 57,9 mrd. kroner som følgje av svekka kronekurs i 2020. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 1 069,7 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Equinor ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2020 er netto avsetjing -301,5 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane mellom statskassa og fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Kontantoverføringar SPU (tal i mill. kroner)

Overføring til SPU

2019

2020

Januar

4 400

330

Februar

1 700

-1 800

Mars

1 700

-61 000

April

1 700

-30 000

Mai

2 000

-36 000

Juni

2 000

-39 000

Juli

2 000

-39 000

August

-3 600

-39 000

September

-3 600

-27 000

Oktober

-3 600

-24 000

November

-3 600

-5 000

Desember

16 800

3 800

Sum kontantoverføringar til/frå(-) SPU*)

17 900

-297 670

+ Oppgjer av mellomrekninga frå i fjor

7 992

-2 458

- Netto avsetjing til SPU i år, inkl. finanspostar

28 350

-301 492

For lite (-) /mykje overført til SPU i år

-2 458

1 363

*) For 2020 vart det til saman overført 297,7 mrd. kroner fra fondet. I 2019 vart det overført 2 458 mill. kroner for lite til fondet frå statskassa, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2019. Dei kontante overføringane frå SPU til statskassa i 2020 enda opp med å vere 1 363 mill. kroner lågare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2019 skulle tilseie, slik at statskassa har ei fordring på SPU. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane mellom fondet og staten året etter.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2020 er bokført til 10 907,1 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarer til marknadsverdien av fondet på 10 908,5 mrd. kroner og mellomrekninga på 1,4 mrd. kroner i favør av statskassa. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i eigedom. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet vert nærare omtalt i Meld. St. 24 (2020–2021) Statens pensjonsfond 2021.

Den 25. februar 2021 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarer til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2020. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.5 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 10 908,5 mrd. kroner ved utgangen av 2020. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 10,9 prosent for heile 2020 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 12,1 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 7,5 prosent og dei unoterte eigedomsinvesteringane -0,1 prosent.

Verdien av den norske krona svekka seg i 2020 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 57,9 mrd. kroner høgare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2020 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,05 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på 1 282 mill. kroner i 2020 mot 291 mill. kroner i 2019. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank, medrekna eksterne forvaltarar, 5 305 mill. kroner i 2020, mot 4 312 mill. kroner i 2019. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 11 i Noregs Bank si årsmelding om SPU for 2020, og kostnadsutviklinga vert nærare omtalt i Meld. St. 24 (2020–2021) Statens pensjonsfond 2021, der årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg.

Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)

Notar

2019

2020

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

256 915

106 825

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

0

9 110

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

-228 564

-417 426

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

28 350

-301 492

Avkastning av plasseringane til fondet

4

1 814 470

1 122 356

Samla endring SPU

1 842 820

820 864

1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2019

2020

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

43 011

16 725

72

Særskatt på oljeinntekter

90 490

11 663

74

Arealavgift m.m.

1 505

1 418

Sum kap. 5507

135 006

29 805

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

5 371

5 602

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

2

1

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

97 376

59 075

30

Avskrivingar

22 674

22 439

80

Renter av statens kapital

2 791

2 483

85

Renter på mellomvære

-32

-9

Sum kap. 5440

122 809

83 988

5685

85

Utbyte frå Equinor ASA

20 057

15 030

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

283 245

134 425

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

26 331

27 601

Sum utgifter til petroleumsverksemda

26 331

27 601

Sum netto kontantstraum

256 915

106 825

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

256 915

106 825

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

Det var ikkje finanstransaksjonar som påverkar resultatoppsettet for SPU i 2019. I 2020 vart det seld aksjar i Equinor for 9 110 mill. kroner.

Kap.

Post

2019

2020

4811

Equinor ASA

96

Aksjar

0

9 110

Sum finanstransaksjonar

0

9 110

2800

Statens pensjonsfond utland

96

Finanspostar overført til fondet

0

9 110

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2019

2020

5800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring frå fondet

228 564

417 426

Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):

2019

2020

Resultat frå porteføljen før vinst/tap valuta

Inntekt/kostnad frå:

– aksjar

1 486 909

883 788

– obligasjonar

192 820

198 080

– unotert eigedom

16 175

-1 017

– finansielle derivat

353

-6 891

– utlån med sikkerhetsstillelse

4 529

4 028

– innlån med sikkerhetsstillelse

-1 926

-751

Skattekostnad1)

-6 827

-7 513

Renteinntekt/kostnad

77

25

Annan inntekt/kostnad

-8

-35

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta2)

1 692 103

1 069 713

Vinst/tap valuta

126 679

57 948

Porteføljeresultat

1 818 782

1 127 661

Forvaltningskostnad

-4 312

-5 305

Resultat og totalresultat

1 814 470

1 122 356

1) Sjå note 9 Skattekostnad i Noregs Banks årsrapport for SPU.

2) I Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er porteføljeresultat før vinst/tap valuta spesifisert nærare i notane 4, 6, 9 og 12. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Andre postar

Sum

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar (4.1)

157 477

103 946

622 365

883 788

– obligasjonar (4.2)

62 213

71 432

64 436

198 080

– eigedom (6.1)

8 3751)

-9 392

-1 017

– finansielle derivat (4.3)

-1 186

-5 702

-3

-6 891

Inntekt/kostnad frå utlån med sikkerhetsstillelse (12.1)

4 028

4 028

Inntekt/kostnad frå innlån med sikkerhetsstillelse (12.1)

-751

-751

Renteinntekt/kostnad

25

25

Skattekostnad (9.1)

-7 513

-7 513

Annan inntekt/kostnad

-35

-35

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta

69 427

157 477

169 675

677 406

-4 272

1 069 713

Summen av renteinntekter (69,4 mrd. kroner), aksjeutbyte (157,5 mrd. kroner) og netto andre postar inkludert skattekostnad (-4,3 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (5,3 mrd. kroner) utgjer 217,327 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

1) Talet inkluderer renter og utbyte som ikkje er fordelte.

Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)

Eigedelar

2019

2020

Mellomrekning med statskassa1)

2 458

0

Konto i Noregs Bank2)

10 083 771

10 908 457

Sum eigedelar

10 086 229

10 908 457

Gjeld og eigenkapital

Mellomrekning med statskassa1)

0

1 363

Eigenkapital

10 086 229

10 907 094

Sum gjeld og eigenkapital

10 086 229

10 908 457

1) Dei kontante overføringane frå SPU til statskassa i 2020 vart 1 363 mill. kroner lågare enn netto avsetjing til SPU og mellomrekninga per 31.12.2019 skulle tilseie. Denne differansen utgjer per 31.12.2020 ei fording som statskassa har på fondet, og som vert avrekna i overføringane mellom fondet og statskassa i 2021. Tilsvarande tal per 31.12.2019 var eit krav på 2 458 mill. kroner i favør av SPU som vart avrekna i overføringane i 2020.

2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12:

Tal i mill. kroner

2019

2020

Eigedelar

Innskot i bankar

14 476

18 258

Utlån med sikkerhetsstillelse

222 946

192 526

Avgiven kontantsikkerhet

1 090

5 715

Uoppgjorde handlar

3 169

4 460

Aksjar

6 714 195

7 538 156

Utlånte aksjar

426 623

438 353

Obligasjonar

2 316 823

2 343 362

Utlånte obligasjonar

479 852

520 978

Finansielle derivat

3 335

2 551

Unotert eigedom

264 538

272 507

Andre eigedelar

3 737

3 574

Sum eigedelar

10 450 786

11 340 440

Gjeld og eigenkapital

Innlån med sikkerhetsstillelse

338 266

390 380

Motteken kontantsikring

6 754

6 004

Uoppgjorde handlar

13 894

20 326

Finansielle derivat

3 294

7 619

Anna gjeld

495

2 350

Skuldig forvaltningskostnad

4 312

5 305

Sum gjeld

367 015

431 983

Eigenkapital SPU

10 083 771

10 908 457

Sum gjeld og eigenkapital

10 450 786

11 340 440

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 23. februar 2021 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2020.

Aksje- og obligasjonsplasseringane vert førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. Eigenkapitalen i SPN var ved utgangen av 2020 292,2 mrd. kroner, mot 268,7 mrd. kroner året før. I årsmeldinga til Folketrygdfondet vert dei ulike eigedels- og gjeldspostane fordelte til høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen. Sjå note 5 Porteføljeområde i Folketrygdfondet sin rekneskap for SPN. Fordelinga syner at bokført verdi av SPNs aksjeportefølje ved utgangen av 2020 var 190,3 mrd. kroner, og bokført verdi av renteporteføljen var 101,9 mrd. kroner. Tilsvarande tal for 2019 var høvesvis 166,6 mrd. kroner og 102,2 mrd. kroner.

I 2020 syner resultatet til SPN eit overskot på 23,5 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.6 Renteinntekter utgjorde 2,7 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 5,1 mrd. kroner. Verdipapirvinstane var på 16,3 mrd. kroner, med 11,1 mrd. kroner i vinst på eigenkapitalplasseringar, 3,6 mrd. kroner i vinst på renteplasseringar og 1,5 mrd. kroner i vinst på finansielle derivat. Netto andre inntekter var på -0,5 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 164 mill. kroner, som er 0,06 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2020. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld. St. 24 (2020–2021) Statens pensjonsfond 2021.

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2020. Avkastninga av fondet i 2020 var på 8,8 prosent. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på 7,4 prosent, medan avkastninga av aksjar var på 8,1 prosent.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2020 revidert av revisjonsselskapet KPMG, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2019

2020

Vinst og tap på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet:

– aksjar

19 657

11 135

– obligasjonar og andre renteberande papir

416

3 642

– finansielle derivat

901

1 531

Renteinntekter

2 706

2 741

Utbyte

5 977

5 086

Andre porteføljeinntekter/-kostnader

75

-480

Transaksjonskostnader

-23

-34

Porteføljeresultat

29 709

23 621

Forvaltningskostnader

-170

-164

Totalresultat SPN1)

29 539

23 457

1) Summen av renteinntekter (2 741 mill. kroner), aksjeutbyte (5 086 mill. kroner) og netto andre inntekter (-480 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (164 mill. kroner), utgjer 7 184 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12. (tal i mill. kroner)

2019

2020

Eigedelar

Bankinnskot

6 590

5 770

Krav knytte til attsalsavtalar

2 267

2 197

Stilt kontantsikring

30

13

Uoppgjorde handlar

18

170

Aksjar

153 471

181 782

Utlånte aksjar

13 023

8 303

Obligasjonar og andre renteberande papir

99 099

98 747

Utlånte obligasjonar og andre renteberande papir

9 576

6 003

Finansielle derivat

2 478

3 879

Krav

89

93

Sum eigedelar

286 641

306 957

Gjeld og eigenkapital

Innlån knytt til attkjøpsavtalar

2 814

2 623

Motteken kontantsikring

14 580

11 367

Uoppgjorde handlar

17

157

Finansielle derivat

470

603

Skuldig forvaltningsgodtgjersle

20

10

Sum gjeld

17 901

14 760

Eigenkapital SPN

268 740

292 197

Sum gjeld og eigenkapital

286 641

306 957

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2.

Sjå omtale i note 2 til tabell 3.3.

3.

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, utgjer 217,3 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

4.

Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til SPU i 2020 (-301 492 mill. kroner) er netto kontantstraum (106 825 mill. kroner) og netto finanstransaksjonar (9 110 mill. kroner) med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (417 426 mill. kroner).

5.

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i notane 1 og 2 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.

6.

Sjå fotnote til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Til forsida