Ot.prp. nr. 10 (2000-2001)

Om lov om iverksetjing av visse internasjonale tiltak i samband med vedtak av Den europeiske unionen innanfor Den felles utanriks- og tryggingspolitikken

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Nærare om Den felles utanriks- og tryggingspolitikken i EU og kontakten med tredjestatar, medrekna Noreg

Med Amsterdam-traktaten fekk EU to nye utanrikspolitiske verkemiddel, felles strategiar og internasjonale avtaler, i tillegg til dei verkemidla som er fastsette i Maastricht-traktaten, felles haldningar og aksjonar. Ein felles strategi (jf. artikkel 12 og 13 i TEU) fastset hovudmålsetjingar, kor lenge dei skal vare og tilgjengelege verkemiddel på område der medlemsstatane i EU har viktige felles interesser. Den første felles strategien til EU galdt Russland, og blei vedteken i juni 1999 av Det europeiske rådet. Strategi i høve til Ukraina blei vedteken i desember 1999, og for Middelhavsområdet i juni 2000. Strategi for det vestlege Balkan er under utarbeiding.

Ei felles haldning (artiklane 12 og 15), som definerer Fellesskapet si tilnærming til eit geografisk eller tematisk spørsmål, må vanlegvis vedtakast samrøystes av Rådet. Ei felles haldning bind politikken til medlemsstatane på det området han gjeld. Det ligg på den einskilde medlemsstaten å syte for at politikken hans er i samsvar med den felles haldninga. I perioden 1994 til 1998 blei det vedteke 66 felles haldningar. Til dømes kan nemnast den felles haldninga av 25. mai 1998 om menneskerettar, demokratiske prinsipp, rettsstatsprinsippet og godt styresett i Afrika. Felles aksjonar (artiklane 13 og 14) blir vedtekne samrøystes av Rådet i samband med konkrete situasjonar der det blir rekna for påkravd med operative tiltak frå EU-sida. Felles aksjonar som gjennomfører ein tidlegare vedteken felles strategi, kan vedtakast med kvalifisert fleirtal. I åra mellom 1994 og 1998 vedtok Rådet 81 felles aksjonar. I 1998 var halvparten av dei 20 felles aksjonane som blei vedtekne, knytte til det tidlegare Jugoslavia eller Albania. Seks andre handlingar var knytte til ikkjespreiing av atomvåpen.

På bakgrunn av ei brevveksling frå mars 1995 mellom den dåverande norske handelsministeren Grete Knudsen i eigenskap av formann for EFTA og det franske EU-formannskapet ved dåverande utanriksminister Alain Juppé om den politiske dialogen mellom EU og EFTA/EØS-statane, har Noreg når dette har vore rekna for høveleg, blitt invitert til å slutte seg til dei felles aksjonane og haldningane til EU på det utanriks- og tryggingspolitiske området. Frå norsk side blir det jamleg vurdert på sjølvstendig sakleg grunnlag om slik tilslutning skal gjevast.