Ot.prp. nr. 10 (2000-2001)

Om lov om iverksetjing av visse internasjonale tiltak i samband med vedtak av Den europeiske unionen innanfor Den felles utanriks- og tryggingspolitikken

Til innhaldsliste

3 Norsk praksis om sanksjonar og tiltak mot tredjestatar

Regjeringa legg til grunn at sanksjonar må baserast på vedtak gjorde av Tryggingsrådet i FN. Etter FN-pakta artikkel 25 pliktar Noreg folkerettsleg å gjennomføre sanksjonar som blir vedtekne ved vedtak («decisions») av Tryggingsrådet etter kap. VII i FN-pakta. Tilsvarande tiltak innan EU vil særleg vere aktuelle der eit slikt verkemiddel blir rekna som naudsynt for å nå viktige målsetjingar for Den felles utanriks- og tryggingspolitikken, og der ei avgjerd eller tilråding frå Tryggingsrådet i FN ikkje blir rekna som ein framkomeleg veg.

For gjennomføring av sanksjonar i samsvar med bindande vedtak gjorde av Tryggingsrådet i FN, har ein på norsk side den naudsynte gjennomføringslova, jf. lova til gjennomføring av bindande vedtak av Tryggingsrådet i FN av 7. juni 1968 nr. 4. Det er derfor berre for dei sjølvstendige tiltaka i EU, og eventuelt for tilfelle der Tryggingsrådet har nøgd seg med å vedta ikkje-bindande tilrådingar («recommendations») som EU-statane har vedteke å gjennomføre, at det er naudsynt med ei eiga norsk tilslutningslov.

Noreg har ved fire høve vedteke økonomiske tiltak mot andre statar, utan at det låg føre bindande vedtak av Tryggingsrådet. Tiltak mot Iran blei vedtekne ved lov av 6. juni 1980 nr. 18 som følgje av at iranske styresmakter okkuperte den amerikanske ambassaden i Teheran i 1979 og heldt amerikanske borgarar som gislar. Eit forslag om omfattande sanksjonar mot Iran hadde tidlegare fått fleirtal i Tryggingsrådet, men blei avvist etter eit veto frå Sovjetunionen. Det blei også innført økonomiske tiltak mot Argentina i samband med Falklandskrigen. På grunn av eit venta sovjetisk veto lét Storbritannia vere å kome med forslag om sanksjonar i Tryggingsrådet. I staden innførte ei rekkje nærståande statar, blant desse EF-statane og Noreg, økonomiske tiltak mot Argentina. 7. mai 1982 blei det vedteke ei lov som gav Kongen fullmakt til å setje i verk importforbod, og dessutan andre føresegner om innskrenking av det økonomiske samkvemmet med Argentina. I 1986 og 1987 blei det vedteke to lover om økonomiske tiltak mot Sør-Afrika og Namibia som seinare er vortne oppheva. Tiltak mot Den føderale republikken Jugoslavia (FRJ) er heimla i ei eiga lov av 25. juni 1999 nr. 43.